Ot.prp. nr. 40 (2007-2008)

Om lov om endringar i opplæringslova og privatskolelova

Til innhaldsliste

6 Forslag om å utvide mandatet til Foreldreutvalet for grunnskolen

6.1 Bakgrunnen for lovforslaget

Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) er etter dagens regelverk eit rådgivande organ for departementet i saker om samarbeid mellom grunnskolen og heimen. Utvalet skal vareta foreldra sine interesser i skolesaker. Med sikte på å styrkje samarbeidet mellom skole og heim varsla Kunnskapsdepartementet i St.meld. nr. 16 (2006-2007) ei utviding av mandatet for FUG, slik at det ville omfatte første året i vidaregåande opplæring. Dette lovforslaget er ei oppfølging av stortingsmeldinga.

6.2 Gjeldande rett

Mandatet for arbeidet i FUG er heimla i opplæringslova § 11-9. Det følgjer av overskrifta og første punktum i lovføresegna at utvalet berre kan ha oppgåver knytte til grunnskolen. I lovføresegna er det uttalt at Kongen i statsråd nemner opp FUG, at utvalet skal ha leiar, nestleiar og fem andre medlemmer, og at funksjonstida er fire år. Når det gjeld det konkrete arbeidet i utvalet, gir lovteksten departementet heimel for å gi nærmare forskrifter om arbeidet i utvalet. Slik regulering er gitt i forskrifta til opplæringslova kapittel 20.

Formålsføresegna i opplæringslova § 1-2 sjette ledd understrekar at det i all opplæring, både i grunnskole og i vidaregåande opplæring, skal leggjast vekt på gode samarbeidsforhold mellom skole og heim. Når det gjeld grunnskolen, er dette ytterlegare understreka i § 3-2 i forskrifta til opplæringslova. Her er m.a. nemnt at skolen har ansvar for å halde god kontakt med foreldra eller dei føresette.

6.3 Høringa

6.3.1 Høringsforslaget frå departementet

I høringsnotatet vart mandatet for FUG foreslått utvida til også å gjelde første året i vidaregåande opplæring. Opplæringslova § 11-9 vart foreslått endra i overskrift og innhald for å synleggjere utvidinga. Det vart i tillegg uttalt at departementet i etterkant av lovendringa ville gjere nødvendige endringar i forskrifta til opplæringslova kapittel 20.

6.3.2 Synspunkta frå høringsinstansane

44 høringsinstansar har uttalt seg om forslaget, og heile 43 instansar har slutta seg til det. Det er berre KS av dei som har uttalt seg, som ikkje støttar forslaget. Alle høringsinstansane uttrykkjer at godt samarbeid mellom heim og skole er svært viktig, og at dette ikkje minst gjeld det første året i vidaregåande opplæring. Det er semje mellom instansane om at overgangen frå grunnskole til vidaregåande opplæring bør søkjast gjort så smidig som mogleg for den enkelte.

Somme høringsinstansar har kommentarar utover berre å støtte forslaget. Elevorganisasjonen, Vestfold fylkeskommune og Sortland kommune uttaler at forslaget må følgjast opp med auka økonomiske tildelingar til FUG. Saman med FUG sjølv uttaler Buskerud fylkeskommune, Utdanningsforbundet, Elevorganisasjonen, Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon og Norsk Forbund for Funksjonshemmede at forslaget utløyser behov for endring i dagens lovregulering av samansetninga av utvalet.

Elevorganisasjonen uttaler seg både om økonomiske midlar og samansetninga av FUG:

«Dersom utvalet sitt mandat skal utvidast bør medlemmane auke kompetansen på vidaregåande opplæring. Dei får og fleire oppgåver dersom dei på ein god måte skal ivareta den nye oppgåva. Elevorganisasjonen meiner difor det er naturlig å utvide utvalet sitt antal medlemmar og auke dei finansielle rammene.»

FUG meiner at det må utarbeidast nærmare reglar om samarbeidet mellom heim og vidaregåande skole. I høringsfråsegna uttaler utvalet:

«FUG mener at lovverket må forplikte den enkelte videregående skole på samarbeid mellom hjem og skole, men at lovbestemmelsen må gi den enkelte skole/lærebedrift frihet til å organisere og strukturere samarbeidet etter lokale forhold. FUG foreslår at det snarest utarbeides forslag til bestemmelser som forplikter videregående skole til foreldresamarbeid.»

Barneombudet, Landsorganisasjonen i Norge (LO), Seljord kommune og Møller kompetansesenter går lenger enn forslaget og uttaler at FUGs mandat bør omfatte heile den vidaregåande opplæringa, ikkje vere avgrensa til det første året. LO seier i høringsfråsegna:

«LO er enig i forslaget, men ønsker at mandatet også omfatter de neste to årene. Foreldres innsats kan også bidra i arbeidet for å forebygge frafallet i videregående skole. Skole - hjem samarbeidet bør vektlegges i videregående på samme måte som i grunnskole og videregående skole.»

KS er aleine om ikkje å støtte høringsforslaget, og grunngir standpunktet sitt slik:

«KS støtter ikke forslaget om å utvide mandatet for Foreldreutvalget i grunnskolen (FUG) til også å omfatte første året i videregående opplæring. Overgangen mellom grunnskole og videregående opplæring er en milepæl for både elever og foreldre. Elever over 15 år søker selv videregående opplæring. Denne myndiggjøringen understøttes av at det er elevene og ikke foreldrene som er medlemmer i skoleutvalgene og av at det er elevene som har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder. KS mener at en endring av FUGs mandat kan bidra til å svekke denne myndiggjøringsprosessen. KS ser at det kan være behov for et bedre samarbeid mellom skole og hjem i forbindelse med overgang mellom grunnskole og videregående opplæring, og at foreldre har behov for informasjon om sine barns skolegang. KS mener at gode overgangsordninger må skapes lokalt og regionalt, og kan vanskelig se at et statlig organ som FUG kan ha noen sentral rolle i dette arbeidet. Foreldres behov for informasjon må være skoleeiers ansvar og et forhold mellom den enkelte skole, elevene og deres foreldre.»

Vidare heiter det:

«KS forutsetter at samtlige kostnader forbundet med lovforslagene fullfinansieres av staten dersom lovforslagene realiseres.»

6.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Høringsforslaget om å utvide mandatet for FUG til også å omfatte det første året i vidaregåande opplæring har utspring i St.meld. nr. 16 (2006-2007). I meldinga er det grunngitt med eit ønske om ytterlegare å utvide samarbeidet mellom skole og heim. Det blir vist til at overgangen frå grunnskole til vidaregåande opplæring er viktig og kan kjennast utfordrande for alle elevar, men kan opplevast som særleg vanskeleg for ressurssvake elevar. I overgangen til vidaregåande opplæring skal det gjerast mange val, noko som stiller store krav til eleven. Det er derfor viktig at elevane får bistand og hjelp frå foreldra. Forsking viser at slik hjelp har mykje å seie for elevane, både sosialt og fagleg. I mandatet for FUG ligg eit sterkt ønske om å støtte dei elevane som har størst behov for det. FUG har ei viktig rolle i å gi foreldra informasjon og støtte, slik at dei kan vere gode samarbeidspartnarar for eigne barn. Dette kan medverke til at rette val blir gjorde i denne viktige fasen av livet. Departementet understrekar at bistand frå FUG ikkje er tenkt å skulle erstatte den rådgivingsfunksjonen skolen har, men å vere eit nødvendig supplement til denne.

Høringsforslaget har fått tilslutning frå alle høringsinstansane så nær som ein. Departementet er samd med dei høringsinstansane som peikar på behovet for endra samansetning av kompetansen i FUG. Departementet understrekar at det ved oppnemninga av nye medlemmer f.o.m. 1. januar 2008 er lagt til grunn at det mellom medlemmene i FUG skal finnast kompetanse knytt til det første året av vidaregåande opplæring i tråd med forslaget. Samtidig meiner departementet at forslaget ikkje gjer det nødvendig å utvide talet på medlemmer.

Frå høringsfråsegnene har departementet merka seg at det blir peika på at foreldre til barn med nedsett funksjonsevne i dag føler at det ikkje finst noko organ der dei kan gjere sine synspunkt gjeldande etter at barna er komne over i vidaregåande opplæring, og at forslaget av den grunn vil gagne desse foreldra spesielt.

Ein høringsinstans har uttalt at forslaget vil svekkje den myndiggjeringsprosessen som m.a. ligg i at elevar over 15 år sjølv vel vidaregåande opplæring. Til dette vil departementet seie at å utvide FUGs ansvar for informasjon til foreldra ikkje innskrenkar den rett eleven har til sjølv å velje utdanning, men skal setje foreldra betre i stand til å støtte og rettleie barna sine i samband med dette valet og i tilhøvet til skolen.

Departementet ser ikkje no noko behov for ytterlegare å lovfeste foreldresamarbeid som plikt for dei vidaregåande skolane. Gjeldande regelverk på området, m.a. opplæringslova § 1-2 og kapittel 11, er vurdert som tilstrekkeleg. Departementet meiner likevel at det vil vere viktig å sjå korleis utvidinga av mandatet for FUG viser seg å fungere, og å vurdere - i dialog med FUG - om det er behov for å regulere foreldresamarbeidet nærmare i regelverket.

Ei innvending som har komme i samband med høringa, er at gode overgangsordningar må skapast lokalt og regionalt, og at eit statleg organ neppe bør ha noka framståande rolle i dette. At FUG har ein rådgivande funksjon for departementet i saker om samarbeid mellom skole og heim, hindrar etter departementet sitt syn ikkje at dei behov foreldre har for informasjon i den enkelte saka, først og fremst blir eit sakstilhøve som gjeld skolen, foreldra og elevane. Den foreslåtte utvidinga vil ikkje innebere noka endring i dette, men snarare vere eit nyttig supplement.

På bakgrunn av det ovannemnde foreslår departementet å utvide mandatet for FUG i samsvar med det forslaget som har vore til høring. Utvidinga vil gå fram av endringar i opplæringslova § 11-9. Departementet vil leggje fram forslag til korresponderande endringar i forskrifta til opplæringslova kapittel 20.

Departementet viser elles til lovutkastet og merknadene i kapittel 10.

Til forsida av dokumentet