Prop. 116 LS (2010–2011)

Endringar i skatte- og avgiftsreglane mv.

Til innhaldsliste

12 CO2-avgift på naturgass og LPG

CO2-avgifta på naturgass og LPG blei vedteken i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2010 og innført 1. september 2010. Mellom anna gass til gods- og passasjertransport i innanriks sjøfart blei fritatt for avgift. Fritaket omfatta ikkje offshorefartøy. Departementet meinte at også slike fartøy burde fritas og ga dispensasjon frå avgiftsplikta i januar 2011 med verknad frå 1. september 2010. Departementet gjer nå framlegg om at fritaket for offshorefartøy tas inn i Stortingets vedtak om CO2-avgift på mineralske produkter § 5 ny bokstav i. Nærare reglar om fritaket skal gis i forskrift.

Fritaket er anslått å gi eit provenytap på om lag 6 mill. kroner på årsbasis og på statsbudsjettet for 2011.

Til forsida