Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 116 LS (2010–2011)

Endringar i skatte- og avgiftsreglane mv.

Til innhaldsliste

9 Arveavgift og utdelingar frå uskiftebu

9.1 Innleiing

Utdeling frå uskiftebu til barnebarn reknast i dag som gåve frå den lengstlevande besteforelderen og gir rett til berre eitt fribeløp, som for 2011 er på 470 000 kroner. (I tillegg kan ein person før sin død gi ei årleg gåve innafor eit fribeløp på eit halvt grunnbeløp i folketrygda (1/2 G)). Unntak gjeld ved formelt arveavkall frå mellomgenerasjonen. Departementet gjer framlegg om at utdelingar frå uskiftebu til felles livsarvingar skal reknast å komme frå begge ektemakane, og dermed gi rett til to fribeløp. Denne retten blir da ikkje lenger avhengig av at partane sørgjer for formelt arveavkall.

Vidare vert det foreslått at fordelinga av utdelingar frå sambuar i uskifte til sambuarane sine felles livsarvingar, arvingar berre av lengstlevande eller arvingar berre etter førstavdøde, blir tilsvarande som for utdelingar frå ein ektemake i uskifte. Det vil seie at utdelingar frå uskiftebu til felles livsarvingar reknast som gåve frå lengstlevande og arv frå førstavdøde, utdelingar til arvingar berre etter gjenlevande reknast som gåve frå denne, og utdelingar til arvingar berre av førstavdøde reknast som arv etter denne.

Utdelingar frå ektemakeuskifte til felles livsarvingar reknast å komme med ein halvpart frå kvar, som gåve frå lengstlevande og som arv etter førstavdøde. For sambuaruskifte blir det foreslått at fordelinga mellom arv og gåve skal følgje den fordelinga som følgjer av arvelova sine reglar om sambuaruskifte.

9.2 Gjeldande rett

Utdeling til barnebarn frå ektemake som sit i uskifte

Utdelingar frå attlevande ektemakes uskiftebu, reknast som gåve frå denne, jf. lov om avgift på arv og visse gaver av 19. juni 1964 nr. 14 § 7 første ledd første punktum, og gir derfor berre rett til eitt fribeløp for mottakaren. For utdelingar frå uskiftebuet til ektemakane sine ”felles arvinger”, gjer arveavgiftslova eit unntak frå denne regelen. Da reknast utdelinga å komme med ein halvpart frå kvar av ektemakane, jf. arveavgiftslova § 7 andre ledd første punktum. Mottakaren får dermed rett til to fribeløp. ”Felles arvinger” er etter fast praksis tolka til berre å gjelde personar som ved utdelinga er næraste arving etter lova. Om ”felles arvinger” dvs. barnet, ikkje lever, blir barnet sitt barn (barnebarnet) ektemakanes felles arving, og får dermed rett til to fribeløp. Regelen har ført til mange mistydingar og mange klagesaker vedrørande arveavgifta.

Er forholdet derimot at ei utdeling frå uskiftebu skjer direkte til barnebarnet frå lengstlevande, reknast dette ikkje som felles arving til ektemakane, og barnebarnet får såleis berre eitt fribeløp fordi utdelinga etter arveavgiftslova § 7 første ledd, da heilt ut reknast som gåve frå lengstlevande.

Arveavgiftslova § 8 tredje ledd første punktum opnar for at ein arving kan fråfalle arv, men i praksis er det opna høve til gjennom avkall på ventande arv å oppnå to fribeløp for barnebarn. I gåvemeldingsskjema og rettleiing frå Skattedirektoratet er det lagt til grunn at attlevandes barn kan gje avkall på ”ventande arv” etter arvelova § 45. Barnet kan da sjåast som ”ektefellenes felles arving” etter arveavgiftslova § 7 andre ledd første punktum. På bakgrunn av notoritetskrav og arveavgiftslova sine eigne formalkrav må mellomgenerasjonen sitt arveavkall påførast barnebarnet si gåvemelding for å ha gyldig verknad for arveavgiftsrekning med to fribeløp. Avkallet skal gjevast seinast samtidig med utdelinga av midlane og innan fristen for innsendinga av gåvemeldinga. Dei familiar som ikkje tilpassar seg desse formelle krava om arveavkall, går derfor glipp av det eine av dei to fribeløpa som meir innsiktsfulle familiar får ved uskifteutdeling til barnebarn.

Gjeldande rett for utdeling frå sambuaruskiftebu

Attlevande sambuar har med verknad frå 1. januar 2009 rett til å sitje i uskifte med nokre eigedelar som den avdøde eigde. Etter arvelova § 28 c kan person som var sambuar med avdøde ved dødsfallet og som har, har hatt eller ventar barn med avdøde, ta over følgjande eigedelar som den avdøde eigde, uskift med den avdøde sine arvingar etter lova:

  • Felles bustad og innbu

  • Bil og fritidseigedom med innbu som tente til felles bruk for sambuarane

Den attlevande kan på same vis ta over andre eigedelar dersom det er fastsett i testament eller arvingane samtykker.

Ved skifte skal buet delast i samsvar med arvelova § 28 e. Etter denne paragrafen skal uskiftebuet som hovudregel ved skifte mellom arvingane til den førstavdøde og den lengstlevande eller arvingane til den lengstlevande delast i høve til verdien av kvar av sambuarane sine eigedelar i uskiftebuet på den tida da uskiftet tok til. Det er nettoverde som skal leggjast til grunn. Er førstavdøde sine verdiar til dømes 900 000 kroner, mens lengstlevande sine verdiar er 100 000 kroner, så vil førstavdøde sine arvingar på skiftet få 9/10 av buet, uavhengig av eventuelle endringar av det innbyrdes høvet mellom avdøde og lengstlevande sine verdiar i uskifteperioden.

I Skattedirektoratet si ”Håndbok i arveavgift” er det uttalt at delingsreglane for skifte av sambuaruskiftebu også skal følgjast for utdelingar frå gjeldande uskiftebu. Dette inneber at om lengstlevande delar ut ein eigedel til nokon som er arving etter både avdøde og lengstlevande, reknast eigedelen å komme frå dei begge i samsvar med høvetalet for buskifte fastsett i arvelova § 28 e.

Vert det utdelt uskiftemidlar til nokon som er arving berre etter førstavdøde, reknast også eigedelen sitt verde for å komme frå førstavdøde som arv og frå lengstlevande som gåve.

Utdelast det uskiftemidlar til nokon som ikkje er arving etter førstavdøde, reknast midla å komme frå lengstlevande aleine.

9.3 Høyring

NOU 2000:8 Arveavgift, vart send på høyring 26. juni 2000. Arveavgiftsutvalet foreslo blant anna endringar i reglane for arveavgift av utdelingar frå uskiftebu. I forslaget vert ”felles arving”, jf. arveavgiftslova § 7 andre ledd første punktum, foreslått endra til ”en som er omfattet av lovens arvegangsregler etter begge ektefeller”. To av høyringsinstansane har uttalt seg om dette.

Skattebetalerforeningen uttalte:

”Skattebetalerforeningen er positiv til forslaget om at utdeling fra uskiftebo til noen som omfattes av lovens arvegangsregler etter begge ektefeller eller som er testamentsarving etter begge ektefeller, skal regnes å komme med en halvpart fra hver. Det medfører at også utdelinger til barnebarn regnes å komme med en halvpart fra hver av besteforeldrene.”

Skattefogdenes landsforening uttalte:

”Vi gir videre vår fulle tilslutning til prinsippet om at utdeling fra uskiftebo, som følger lovens arvegangsregler eller som er testamentsarvinger etter begge foreldrene, regnes å komme med en halvpart fra hver.”

9.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Utdeling til barnebarn m.v. frå uskiftebu

Etter gjeldande rett reknast utdeling frå uskiftebu til barnebarn som gåve frå lengstlevande, og gir som utgangspunkt dermed berre eitt fribeløp. Arveavgiftsutvalet meiner dette er lite rimeleg og at det er rimelegare at barnebarnet får to fribeløp. Dette meiner dei kan følgje direkte av lova, utan at det krevjast arveavkall, som for arvingane til ektemakane, jf. arveavgiftslova § 7 andre ledd. Forslaget deira er at utdeling frå uskiftebu til ein som er omfatta av ”lovens arvegangsregler etter begge ektefeller”, reknast å komme med ein halvpart frå kvar av ektemakane, jf. § 3-4 tredje ledd første punktum i lovutkastet frå arveavgiftsutvalet. Utvalet reknar elles med at problemstillinga berre synast å vere aktuell for arvingar i første arvegangsklasse, da det berre sjeldan vil vere personar i andre eller tredje arvegangsklasse som er aktuelle etter begge ektemakane. Departementet foreslår derfor at lovendringa bør avgrensast til livsarvingar, dvs. første arvegangsklasse, som omfattar barn, barnebarn osb, jf. nedanfor.

Det har i praksis vist seg at arvelova § 45 er godt kjent blant advokatar og andre rådgjevarar, mens dei som ikkje har profesjonell hjelp ofte bommer i desse sakene, særleg i høve til dei fristar som gjeld for innsending av avkall på ventande arv. Departementet meiner at ein bør avskaffe den forskjellen som har oppstått på eit så sentralt felt, ved at det krevjast eit arveavkall innan kort frist for å få to fribeløp. Det gjer ein best ved la det gå fram umiddelbart av arveavgiftslova at utdeling frå uskiftebu (ektemakeuskiftebu og sambuaruskiftebu) til felles livsarvingar, dvs. etter første arvegangsklasse, kjem frå begge ektemakane eller sambuarane (både den attlevande og den avdøde), og dermed med to fribeløp utan vidare.

Eit ytterlegare argument for ei slik løysing er at dersom forelderen ikkje var i live, ville barnebarnet bli rekna som felles arving til besteforeldra og slik ha krav på to fribeløp.

Det skifterettslege krav til samtykkje frå arvingane ved større utdelingar frå uskiftebu fjernast ikkje, jf. arvelova § 19.

Departementet viser til forslag til endring i arveavgiftslova § 7 andre ledd første punktum.

Utdeling frå sambuar som sit i uskifte

Ved utdelingar frå uskiftebu mellom ektemakar har arveavgiftslova § 7 reglar om kven av ektemakane midlane skal reknast å komme frå. Som det er gjort greie for i avsnitt 9.2, har attlevande sambuar med verknad frå 1. januar 2009 rett til å sitje i uskifte med nokre eigedelar som den avdøde eigde. Det er til no ikkje gitt tilsvarande reglar om kven av sambuarane ei utdeling i slike høve skal reknast å komme frå, men praksis følgjer av arveavgiftshandboka. Departementet meiner arveavgiftslova, slik som for utdelingar frå uskiftebu, bør ha reglar for korleis midla som delast ut frå lengstlevande sambuar, skal fordelast ved arveavgiftsrekninga. Sambuarar har ikkje noko felleseige. Dei har kvar sin formue, men det er ofte slik at dei eiger gjenstandar i sameige. Dette er grunnen til at fleire av dei reglane som gjeld utdeling frå ektemake i uskifte, ikkje kan brukast på utdelingar frå lengstlevande sambuar som sit i uskifte.

Departementet foreslår at utdeling frå sambuar i uskifte til livsarvingar etter begge sambuarane eller som er testamentsarving etter begge sambuarane ved arveavgiftsberekninga, skal reknast å komme frå kvar av sambuarane etter nettoverdien av deira eigedelar i uskiftebuet på den tida da uskiftet tok til. Dette er tilsvarande som for ektemakar i uskifte, jf. utkast til arveavgiftslova § 7 andre ledd første punktum. Men fordelinga er ei anna da beløpa reknast å komme frå kvar av sambuarane etter nettoverdien av deira eigedelar i uskiftebuet på den tida da uskiftet tok til. Som for utdelingar frå uskiftebuet til ektemakar, skal det ikkje krevjast arveavkall frå barnet til sambuarane for at andre av livsarvingane skal nyte godt av to fribeløp. Departementet viser til forslag til nytt andre punktum i arveavgiftslova § 7 andre ledd.

Regelen i arveavgiftslova § 7 første ledd andre punktum om at utdeling frå uskiftebu skal reknast å komme som gåve frå lengstlevande ektemake om ikkje anna følgjer av dei andre reglane i arveavgiftslova, foreslår ein også skal gjelde for sambuaruskiftebu. Når mottakaren ikkje er arving etter førstavdøde sambuar, er det rett at heile utdelinga reknast å komme frå lengstlevande som gåve om avgiftsplikt ligg føre. Departementet viser til forslag til endring i arveavgiftslova § 7 første ledd.

Når mottakaren berre er arving etter førstavdøde sambuar, finn departementet det rett at utdelinga frå uskiftebuet ved arveavgiftsrekninga heilt ut skal reknast å komme som arv frå førstavdøde, om ikkje mottakaren godtgjer at utdelinga overstig avdøde sin del av buet. Det er det same prinsippet som er nedfelt i § 7 tredje ledd for ektemakar sitt uskiftebu. Forslaget til lovendring er såleis ikkje i samsvar med den praksis som går fram av Skatterdirektoratet si handbok i arveavgift. Det visast til forslag til endring i arveavgiftslova § 7 tredje ledd første punktum.

Ved arveavgiftsberekninga etter lengstlevande sin død, skal det vedkomande har tatt imot da lengstlevande ektemake satt i uskifta bu, leggjast saman med arvelodden på skifte, jf. arveavgiftslova § 7 fjerde ledd. Summen vert så å dela forholdsmessig på arv etter førstavdøde og arv etter lengstlevande. Dersom nokon under uskiftet har mottatt meir som arv etter førstavdøde enn den oppsette fordelinga tilseiar, blir avgifta ikkje å omrekna. Ein foreslår at regelen utvidast til også å gjelde sambuaruskifte. Departementet viser til forslag til endring i fjerde ledd første punktum i arveavgiftslova § 7.

Arveavgiftslova § 8 tredje ledd andre punktum seier at ”Utdeling fra et uskiftebo til noen som gjennom arvefrafall blir førstavdødes arving, anses som arv etter førstavdøde så langt arvefrafallet rekker”. Departementet foreslår at det kommer klart fram at føresegna gjeld både utdeling frå ektemakeuskiftebu og sambuaruskiftebu. Det visast til forslag vedrørande arveavgiftslova § 8 tredje ledd andre punktum.

9.5 Iverksetjing

Ein foreslår at endringane i arveavgiftslova § 7 første ledd, andre ledd første punktum, andre ledd nytt andre punktum, tredje ledd første punktum og fjerde ledd første punktum, samt § 8 tredje ledd andre punktum, trer i kraft med verknad for arv og gåve der rådvelde blir oppnådd 1. juli 2011 eller seinare, jf. arveavgiftslova §§ 9 og 10.

9.6 Økonomiske og administrative følgjer

Forslaget kan ikkje sjåast å ha særlege økonomiske og administrative konsekvensar. Det vil vere forenklande for familiar som vil overføre verdiar til barnebarn mv.

Til forsida av dokumentet