Prop. 116 LS (2010–2011)

Endringar i skatte- og avgiftsreglane mv.

Til innhaldsliste

15 Oppretting av feil og klargjering av lovtekst

15.1 Skattelova § 16-10 andre ledd andre punktum

Av omsyn til å gjere utrekninga av skatten enklare, var det tidlegare ei generell avrundingsordning til heile 100 eller 1000 kroner for beløp som blir fastsett som ledd i berekninga av grunnlaget for utrekninga av skatten. Etter utviklinga av omfattande maskinelle løysingar er det ikkje lenger behov for slike avrundingar. Etter ligningslova § 8-7, jamfør forskrift 5. mars 1984 nr. 1259 til ligningslova er hovudregelen no for lengst at alle fastsetjingar skjer med eksakt kronebeløp. Denne forskrifta gjeld når ikkje anna følgjer av særskilde reglar i skattelovgjevinga.

Dei reglane i skattelovgjevinga om avrunding til 100 eller 1000 kroner som før fanst er derfor oppheva, sist skattelova § 6-32 første ledd bokstav c, om minstefrådrag, og § 17-1 tredje ledd om skatteavgrensing for pensjonistar mv. med verknad frå inntektsåret 2009. Sjå Ot.prp. nr. 95 (2008-2009) kapittel 9. I skattelova § 16-10 andre ledd, andre punktum om skattefrådrag ved sparing til bustad for ungdom (BSU) er det derimot att ein avrundingsregel, om at frådraget skal avrundast nedover til nærmaste kronebeløp.

Departementet foreslår å oppheve denne særskilte avrundingsregelen. Opphevinga vil ikkje få verknad for avrundingsmåten for det aktuelle frådraget, i og med at regelen er i samsvar med hovudregelen i forskrift 5. mars 1984 nr. 1259 til ligningslova, som då vil gjelde også for desse frådraga. Regelen trengst ikkje og opphevinga vil gjere regelverket enklare. Endringa vil ikkje ha konsekvensar for provenyet.

Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2011.

15.2 Kompensasjonslova § 15

Etter kompensasjonslova § 15 anna ledd skal ein leggje renter til kompensasjon frå den dag ”fristen for behandling av kravet etter § 10 er utløpt og til og med den dag kompensasjonsbeløpet utbetales”. Lova viser til § 10, men det rette skal vere § 9. Departementet viser til forslag til endring av § 15 anna ledd.

15.3 Dokumentavgiftslova § 2

Teiknsettinga i dokumentavgiftslova § 2 er ikkje lik i heile føresegnet. Halvparentes følgjer bokstav a til d, medan punktum følgjer bokstav e og f. I andre føresegn i lova er det halvparentes som er nytta. Departementet foreslår å endre dokumentavgiftslova § 2 bokstav e og f slik at ein nyttar halvparentes i heile føresegnet.

15.4 Likningslova § 3-13

Ved lov 25. juni 2010 nr. 36 om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven) blei likningslova § 3-13 nr. 3 bokstav b oppheva. Likningslova § 3-13 nr. 3 bokstav a blei etter opphevinga § 3-13 nr. 3. Tilvisinga i likningslova § 3-13 nr. 4 første punktum til likningslova § 3-13 nr. 3 bokstav a blei ikkje samtidig endra til § 3-13 nr. 3. Departementet foreslår at tilvisinga blir retta opp, og viser til forslag til endring i likningslova § 13-3 nr. 4 første punktum.

15.5 Tollova § 12-1

Ved lov 25. juni 2010 nr. 42 om endringar i lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel (tolloven) blei tollova § 12-1 tredje ledd bokstav b oppheva. Tollova § 12-1 tredje ledd bokstav a blei etter opphevinga § 12-1 tredje ledd. Tilvisinga i tollova § 12-1 fjerde ledd første punktum til § 12-1 tredje ledd bokstav a, blei ikkje samtidig endra til § 12-1 tredje ledd. Departementet foreslår at tilvisninga blir retta opp, og viser til forslag til endring i tollova § 12-1 fjerde ledd første punktum.

15.6 Meirverdiavgiftslova § 13-2

Ved lov 25. juni 2010 nr. 44 om endringar i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift (merverdiavgiftsloven)blei meirverdiavgiftslova § 13-2 tredje ledd bokstav b oppheva. Meirverdiavgiftslova § 13-2 tredje ledd bokstav a blei etter opphevinga § 13-2 tredje ledd. Tilvisinga i meirverdiavgiftslova § 13-2 fjerde ledd første punktum til § 13-2 tredje ledd bokstav a blei ikkje samtidig endra til § 13-2 tredje ledd. Departementet foreslår at tilvisninga blir retta opp, og viser til forslag til endring av meirverdiavgiftslova § 13-3 fjerde ledd første punktum.

15.7 Meirverdiavgiftslova § 21-3

Ved lov 10. desember 2010 nr. 71 blei det vedteke ny § 18-3 i meirverdiavgiftslova om ”Endring av merverdiavgift etter krav fra avgiftssubjektet”. Den trådde i kraft 1. januar 2011. Tidlegare § 18-3 i meirverdiavgiftslova om ”Endring av merverdiavgift uten klage” blei samtidig ny § 18-4. Meirverdiavgiftslova § 21-3 om tilleggsavgift som i første ledd første punktum viser til § 18-3 første og andre ledd, blei ikkje samtidig endra. Det var ikkje tilsikta og tilvisinga i § 21-3 første ledd første punktum til § 18-3 første og andre ledd må derfor endrast så den viser til § 18-4 første og andre ledd.

Til forsida