Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Landbruks- og matpolitikken til regjeringa

Prioriteringar i landbruks- og matpolitikken

Norsk økonomi er ute av koronakrisa. Med samarbeid og handlekraft har vi handtert den brattaste økonomiske nedgangen sidan krigen. Nå er vi ute av krisa, sjølv om nokre bransjar framleis er påverka. Vi skal no leggje pandemien bak oss, og vi skal halde fram med å skape meir og inkludere fleire. I framlegget til statsbudsjettet for 2022 prioriterer regjeringa tiltak som legg til rette for fleire nye arbeidsplassar i private bedrifter, hjelper dei som framleis er prega av at krisa ramma skeivt og vi set i verk tiltak for å få fart på omstillinga mot eit grønare og meir digitalisert samfunn.

Norsk landbruk skal vere berekraftig, og er viktig for å halde matvaresikkerheit, verdiskaping, busetjing og kulturlandskap ved lag. Dei fire berebjelkane for landbrukspolitikken – eit velfungerande importvern, samvirkebaserte marknadsordningar, forhandlingsinstituttet med årlege jordbruksoppgjer og ein eigedomspolitikk for å sikre og styrkje den sjølveigande bonden – ligg fast. Regjeringa vil ta vare på det unike ved norsk matproduksjon, som låg medisinbruk, god dyrevelferd og ei lang verdikjede, i tillegg til berekraftig bruk og forvaltning av norske ressursar for å leggje til rette for landbruk over heile landet. Ein føresetnad for dette er ein variert bruksstruktur som er basert på regionale og lokale føresetnader for ulike produksjonar. Regjeringa legg i dette budsjettframlegget til rette for eit aktivt og framtidsretta landbruk i heile landet, auka konkurransekraft for norske jordbruksprodukt og innovasjon og nyskaping i heile sektoren. Regjeringa baserer landbrukspolitikken på ei klar forståing av at bonden er sjølvstendig næringsdrivande.

Regjeringa har lagt fram Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening. Meldinga er den norske handlingsplanen for å nå berekraftsmåla innan 2030. Landbruks- og matpolitikken har verknad på fleire av berekraftsmåla, og dei største verknadene er på mål 2 Utrydde svolt, mål 12 Ansvarleg forbruk og produksjon, mål 13 Stoppe klimaendringane og mål 15 Livet på land. Meldinga omtaler strategiar i landbruks- og matpolitikken som skal bidra til å nå dei ulike berekraftsmåla, til dømes nasjonal jordvernstrategi, miljøsatsing i landbruket, Matnasjonen Noreg, bioøkonomistrategien og strategi for sirkulær økonomi.

Matsikkerheit og dyrevelferd

Regjeringa vil bruke matpolitikken til å sikre trygg mat og god dyrehelse. Forvaltninga arbeider for å vere førebudd på hendingar som kan utgjere eit trugsmål mot trygg mat og mot matsikkerheita. God dyrehelse og god dyrevelferd er viktig for produksjon av trygg mat og for omdømmet til norsk matproduksjon. For å halde den gode statusen ved lag blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking, slik at tiltak kan setjast inn i tide. Helsesituasjonen i norsk husdyrhald er god. Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon hos norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt skjer difor svært sjeldan.

Regjeringa vil starte arbeidet med ei ny dyrevelferdsmelding. Den førre dyrevelferdsmeldinga er frå 2002 og tida er moden for ein grundig gjennomgang av alt dyrehald og dyrevelferd i Noreg.

Satsing på digitalisering i Mattilsynet

Regjeringa gjer framlegg om å auke Mattilsynets budsjett knytt til digital dialog og deling av data med 10 mill. kroner. Mattilsynet kan med dette målrette og effektivisere den offentlege kontrollen, mellom anna knytt til dyrevelferd. Målet med satsinga er å bidra til auka verdiskaping i matkjeda gjennom å dele data som kan forbetre og effektivisere næringa sin produksjon.

Auka matproduksjon og berekraftig jordbruk over heile landet

Regjeringa vil leggje til rette for å ta vare på produksjonsressursane i heile landet og auke produksjonen av planteprodukt til mat. Dette er område der sjølvforsyninga kan aukast. For å lukkast må produktiviteten og konkurransekrafta bli betra. Norsk jordbruk og matindustri skal produsere varer som norske forbrukarar etterspør.

Stortinget vedtok regjeringa sitt forslag til jordbruksoppgjer 16. juni 2021, etter at jordbruket sine organisasjonar braut forhandlingane 6. mai 2021. Oppgjeret hadde ei ramme på 962 mill. kroner og la til rette for ein gjennomsnittleg netto inntektsvekst frå 2021, før oppgjer, til 2022 på om lag 4,5 pst. (18 700 kroner). Jordbruksoppgjeret innebar eit betydeleg bidrag for å oppfylle klimaavtalen mellom staten og jordbruket, og avsetjingane med klima- og miljøverknad blei auka med 238 mill. kroner. Regjeringa prioriterer vidare distrikt og små- og mellomstore bruk, og legg vekt på å stimulere til større del norsk fôr, både grovfôr, korn og proteinvekstar. Sektorar med marknadspotensial, som korn, frukt, grønt og potet, er prioriterte i jordbruksavtalen.

Regjeringa la i 2021 fram strategien for Matnasjonen Norge. Strategien femnar både blå og grøn sektor og har koplingar mot folkehelsearbeidet. Den skal samle og synleggjere potensialet som ligg i eit styrkt samarbeid nasjonalt, regionalt og lokalt på tvers av sektorar, bransjar og politikkområde. Innsatsen skal strukturerast omkring fire innsatsområde: 1) Produksjon av, og tilbod om, berekraftig, trygg og sunn mat av høg kvalitet, 2) skape grunnlag for vekst og verdiskaping i heile landet, 3) innovasjon og mangfald, og 4) kompetanse, rekruttering og omdømebygging.

Berekraftig reindriftsnæring

Regjeringa vil leggje til rette for gode rammevilkår for reindriftsnæringa. Reindriftsavtalen 2021/2022 legg opp til ei prioritering av arbeidet med å vareta reindriftsareal, og det skal gjennomførast eit pilotprosjekt for å byggje opp ei rådgivingsteneste for arealsaker i reindrifta. Dette er eit viktig tiltak for å gjere det enklare for næringa å handtere arealsaker. Med bakgrunn i erfaringane frå beitekrisa i 2020 er avtalepartane samde om nokre justeringar i systemet for beredskap i reindrift. Det skal vere eitt beredskapsutval i kvart av reinbeiteområda. Statsforvaltaren er ansvarleg for å leie desse og sikre god kommunikasjon internt i forvaltninga og mellom forvaltning og næring. Det blir lagt til rette for å auke kompetansen i reinbeitedistrikta om beredskap, og det skal utarbeidast malar for beredskapsplanar. Avtalepartane har vidare prioritert arbeidet med å sikre interessene til norske reineigarar som har utfordringar som følgje av at det ikkje er inngått konvensjon mellom Noreg og Sverige om grenseoverskridande reinbeite.

Berekraftig skog- og trenæring

Regjeringa vil leggje til rette for ei utvikling der sirkulære løysingar i bioøkonomien, altså næringar innanfor verdiskaping frå fornybare biologiske ressursar, i størst mogleg grad bidreg til berekraftig verdiskaping og til at Noreg når måla sette til berekraft, klima og miljø. Det ligg eit stort potensial for verdiskaping og miljøgevinstar i betre utnytting av skogressursane. Eit aktivt skogbruk som tek omsyn til miljøverdiar og friluftsliv, saman med ein lønsam foredlingsindustri, gir positive nærings-, energi- og klimabidrag. Hovudprioriteringane er reduserte transportkostnader gjennom betre infrastruktur, auka opptak av CO2 i skogen, og samla sett større bidrag frå skogbruket til verdiskaping og grøn omstilling av økonomien.

Eigedomslovgivinga

Regjeringa vil sikre at matjorda blir brukt til matproduksjon. Departementet har utforma nye rundskriv om praktiseringa av jord- og konsesjonslovgivinga. Dei nye rundskriva skal gjere det enklare for kommunane og statsforvalterane å praktisere lovane. Rundskriva er oppdaterte ut frå gjeldande praksis og inneheld samstundes tydelegare signal om mellom anna praktiseringa av reglar knytte til jordvern, aksjeselskap som kjøper landbrukseigedom, og om forholdet mellom delingsreglane i jordlova og reglane om husdyrkonsesjon. Departementet vil òg følgje opp Stortingets vedtak om endringar i arvelova, som mellom anna regulerer kor lenge landbrukseigedommar kan liggje i dødsbu. Iverksetjing av dei nye reglane skal leggje til rette for auka utbod av landbrukseigedommar, og aktiv drift av landbruksareal.

Jordvern

Regjeringa vil følgje opp den nye jordvernstrategien. Målet er at den årlege omdisponeringa av dyrka mark skal vere under 3 000 dekar i 2025. Regjeringa vil sjå nærare på korleis ein kan registrere all nedbygging som ikkje blir registrert i KOSTRA i dag, og vurdere eit måltal for samla nedbygging. Regjeringa vil òg med verknad frå 2022 etablere ei ordning for tilskott til kommunale jordvernstrategiar.

Genetiske ressursar

Klimaendringar og press på ressursgrunnlaget utgjer eit trugsmål mot målet om auka matproduksjon. Desse utfordringane krev gode tilpassingar i landbruket. Dei genetiske ressursane hos husdyr og matvekstar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon. God forvaltning av dei genetiske ressursane gjennom bruk og vern er viktig for god måloppnåing. Departementet arbeider difor med å utarbeide ein nasjonal tiltaksplan for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk.

Miljø- og klimaarbeidet

Regjeringa følger opp miljø- og klimaarbeidet i jordbruket. Miljø- og klimasatsinga over jordbruksavtalen skal bidra til å halde ved lag kulturlandskapet og redusere miljøbelastninga frå jordbruket. Regjeringa har inngått ein intensjonsavtale med organisasjonane i jordbruket om å arbeide for reduserte utslepp og auka opptak av karbon i jordbruket. Denne avtalen ligg til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover, det går òg fram av regjeringa sin Klimaplan 2021–2030 (Meld. St. 13 (2020–2021)). I jordbruksoppgjeret 2021 blei det gjort ei betydeleg styrking av klima- og miljøsatsinga og det blei særleg prioritert å styrkje investeringar i klimatiltak som skal bidra til utsleppsreduksjonar. Denne satsinga skal mellom anna bidra til å følgje opp klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket.

Regjeringa har som mål å auke CO2-opptaket i norsk skog. Av Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 går det fram at regjeringa difor vil vurdere å styrkje eksisterande klimatiltak i skog, innføre krav om minstealder for hogst i lov og forskrift og leggje til rette for skogplanting på nye areal med klare miljøkriterium.

Forskingsaktivitet

Regjeringa vil leggje til rette for ein kunnskapsbasert og høgteknologisk landbruks- og matsektor. Forsking, innovasjon og ny teknologi skal leggje grunnlaget for eit framtidsretta og klimavenleg landbruk, og gi viktige bidrag til det grøne skiftet. I tillegg til forsking og kunnskap som bidreg til auka berekraft og verdiskaping i næringa, skal forskingsbasert kunnskap liggje til grunn for politikkutvikling og forvaltning.

Rekruttering i heile verdikjeda

Regjeringa legg til rette for at fleire tek landbruks- og matfagleg utdanning. Landbruk er ei kompetansekrevjande næring. Rett kompetanse er ein føresetnad for å produsere berekraftig og effektivt. Dyktige fagfolk er viktig for heile verdikjeda for mat. Fleire fagutdanna og auka rekruttering til mat- og måltidsbransjen er sentralt for å vidareutvikle Noreg som matnasjon fram mot 2030.

Auka verdiskaping og berekraft i dei landbaserte bionæringane

Regjeringa prioriterer forsking og innovasjon for auka verdiskaping og berekraft i dei landbaserte bionæringane. Det blir lagt vekt på kunnskap som kan bidra til eit meir berekraftig matsystem med produksjon av nok, sunn og trygg mat, samstundes som vi reduserer klimagassutsleppa og tek vare på naturmangfaldet. Kunnskap og teknologiutvikling skal leggje grunnlag for sirkulær bioøkonomi, verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar gjennom auka og meir effektiv utnytting av landbruket sine fornybare ressursar. Vidare vil kunnskapsbehov knytt til berekraftig bruk av areal, der omsyn til miljø og klima blir balansert mot omsyn til næringsutvikling, vere sentralt.

Dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta

Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å utvikle fagleg sterke og økonomisk effektive forskingsinstitutt. Dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta er viktig for å sikre høg beredskap og for å gi gode råd til forvaltninga. Institutta spelar dessutan ei viktig rolle i å auke forskingsaktiviteten i landbruket sin tilhøyrande industri, og gir på den måten viktige bidrag til næringsutvikling og auka konkurranseevne.

Oppfølging av ny tryggingslov

Lov om nasjonal sikkerhet (sikkerhetsloven) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Formålet med lova er å tryggje dei nasjonale sikkerheitsinteressene våre og å førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstrugande verksemd. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir tryggja ved at departementa identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde. Landbruks- og matdepartementet arbeider vidare med å konkretisere og å identifisere funksjonar, objekt og infrastruktur av avgjerande verdi for grunnleggjande nasjonale funksjonar knytt til sektoren.

Internasjonalt arbeid på landbruks- og matområdet

Noreg har slutta seg til ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, mattryggleik, plante- og dyrehelse, skog og klima.

Regelverket til Verdas handelsorganisasjon (WTO), inkludert landbruksavtalen, legg viktige rammer for utforminga av verkemidla i landbrukspolitikken. Regjeringa tilpassar verkemiddelbruken slik at Noreg oppfyller sine plikter. Både forhandlingane og oppfølginga av WTO-pliktene krev aktiv deltaking for å sikre norske interesser. Vidare er Avtalen om veterinære og plantesanitære forhold (SPS-avtalen) under WTO-avtalen viktig på matområdet, i tillegg til Avtalen om tekniske handelshindre (TBT-avtalen), som regulerer tekniske handelshinder som ikkje allereie er dekte av SPS-avtalen.

Arbeidet i dei standardsetjande organisasjonane under WTO/SPS, Codex Alimentarius, Den internasjonale plantevernkonvensjonen (IPPC), og Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) vil vere prioritert. Dette arbeidet legg premissar for regelverket i Noreg og EU/EØS.

EØS-avtalen legg klare føringar for regelverket for mat og innsatsfaktorar i Noreg. Det norske regelverket er i stor grad harmonisert med regelverket i EU på matområdet. Regjeringa legg vekt på å vareta norske interesser ved å medverke tidleg i prosessar og politikkutforming i EU.

Arbeidet med bilaterale frihandelsavtalar for EFTA-landa vil framleis ha høg prioritet for å sikre at avtalane ikkje trugar viktige norske landbruksinteresser. Eit døme på det er handelsforhandlingane med Storbritannia som blei avslutta i 2021. For landbruksvarer er regjeringa sitt mål for slike forhandlingar at konsesjonar skal givast der importen ikkje vil kunne komme til erstatning for norsk produksjon. Det same gjeld ved forhandlingar med EU om auka marknadstilgang etter EØS-avtalens artikkel 19.

Noreg kan ha særeigne nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket. Dette kan vere løysingar som er tilpassa våre naturgitte forhold (plante- og dyrehelse), vårt kostnadsnivå (importvernet) eller andre nasjonale behov, og som trengst for å kunne oppfylle dei ulike måla for landbruks- og matpolitikken.

FNs berekraftsmål er ambisiøse mål for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling fram mot år 2030. Toppmøtet om matsystem i september 2021 skal betre framgangen og synleggjere det tiåret der verda skal nå berekraftsmåla. Oppfølging av toppmøtet om matsystem er ei prioritert oppgåve for departementet.

Noreg deltek òg aktivt i ei rekkje andre internasjonale forum på landbruks- og matområdet, både innanfor og utanfor FN-systemet.

Mandatet for FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) omfattar global matsikkerheit, reduksjon av fattigdom og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar. Noreg vil aktivt følgje opp dei styrande organa i FAO, inkludert fagkomiteane innan jordbruk, skog og fiske. Noreg vil òg følgje og påverke det internasjonale arbeidet mot antibiotikaresistens innanfor rammeverket for ei helse. I tillegg vil Noreg følgje opp Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar, og arbeidet i FAOs Kommisjon for genetiske ressursar for mat og landbruk.

Innanfor skogområdet følgjer Noreg også arbeidet i FNs skogforum (UNFF), som legg overordna premissar for berekraftig skogforvaltning globalt. I Europa samarbeider landa om berekraftig skogforvaltning og utvikling av skog- og trenæringa gjennom FOREST EUROPE, FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) og FAOs regionale skogkommisjon for Europa (EFC). Noreg er medlem av European Forest Institute (EFI), eit forskingsnettverk etablert av europeiske statar, og tek sikte på å bidra økonomisk til den delen av EFI som arbeider med å kople forsking og politikkutvikling. Dette arbeidet gir kunnskapsgrunnlag for nasjonal og europeisk skogpolitikk. Noreg er òg medlem i regionale skogsamarbeid; skognettverket Barents Forest Sector Network innanfor Barents-samarbeidet med Finland, Russland og Sverige, og eit sirkumborealt samarbeid der òg Canada og USA deltek.

Nordisk ministerråd for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) arbeider for berekraftig og konkurransedyktig bruk av naturressursar. Det fireårige samarbeidsprogrammet utgjer, saman med dei overordna initiativa, handlingsrommet for samarbeidet. I 2022 har Noreg formannskapet i Nordisk ministerråd. Eit sentralt tema blir korleis bioøkonomien kan bidra til auka verdiskaping og omstilling i rurale område i Norden. Oppfølging av FNs toppmøte om matsystem vil òg vere på dagsorden saman med ei vidareføring av samarbeidet om ei helse og antibiotikaresistens, nordiske næringsstoffanbefalingar, klimautfordringar og berekraftig proteinproduksjon. Det nordiske samarbeidet om genressursar gjennom NordGen held òg fram.

Nasjonal oppfølging av FNs berekraftsmål 2 – Utrydde svolt

Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å koordinere det nasjonale arbeidet med FNs berekraftsmål 2. Berekraftsmål 2 Utrydde sult, oppnå matsikkerhet og bedre ernæring, og fremme bærekraftig landbruk har fleire dimensjonar. Vi skal oppnå matsikkerheit og betre ernæring i tillegg til berekraftig matproduksjon.

Berekraftsmåla set ambisiøse mål for sosial, økonomisk og miljømessig utvikling dei neste ti åra, og skal bidra både nasjonalt og internasjonalt for å byggje berekraftige matsystem. Regjeringa har nyleg lagt fram Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening — Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030. Meldinga slår fast at 2030-agendaen og berekraftsmåla er det politiske hovudsporet for å ta tak i dei største utfordringane i vår tid. Berekraftsmåla er på denne måten ei overbygging for regjeringa sin politikk nasjonalt og internasjonalt. Status i Noreg for Berekraftsmål 2 utrydde sult er i all hovudsak god, men det er utfordringar knytt til overvekt og for lite fysisk aktivitet i delar av befolkninga. Det er generelt for høgt inntak av salt, tilsett sukker og metta feitt og for lite inntak av frukt, bær, fullkorn og fisk.

Det er viktig for regjeringa å utvikle og byggje vidare på institusjonar og organisasjonar i landbruket for å sikre lik og trygg tilgang til kunnskap, finansiering, teknologi og andre ressursar som er naudsynte i verdikjeda for mat. Klimaendringane og andre miljømessige utfordringar vil kunne ha verknad for norsk matproduksjon. Regjeringa har difor lagt til rette for berekraftig og langsiktig forvaltning av naturressursane gjennom ein heilskapleg landbruks- og matpolitikk, og har mellom anna nyleg lagt fram ein oppdatert nasjonal jordvernstrategi. Det er òg arbeidd systematisk med å halde den gode statusen for dyrehelse og dyrevelferd ved lag og med å vareta arealgrunnlaget for reindrifta.

Meldingane om ein heilskapleg politikk for jordbruket, Meld. St. 11 (2016–2017) og Meld. St. 32 (2016–2017) om berekraftig reindrift, er den sentrale politiske ramma for regjeringa sin politikk for å oppnå berekraftsmål 2. I tillegg arbeider regjeringa målretta på fleire politikkområde for å sikre at den gode statusen for berekraftsmål 2 nasjonalt kan haldast ved lag og har i perioden mellom anna lagt fram

  • ein tverrsektoriell handlingsplan for betre kosthald

  • ein strategi for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk

  • ein strategi for å utvikle Noreg som matnasjon

  • ein nasjonal strategi for urbant landbruk

  • ein nasjonal strategi om pollinering

  • ein nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi

2 Politisk rekneskap 2018–2021

I perioden etter 2017 har jordbruket hatt store variasjonar i rammevilkåra. Dei første åra var det overproduksjon i fleire husdyrproduksjonar der etterspørselen stagnerte og gjekk tilbake. Det har vore år med for mykje nedbør i delar av landet, og ekstremtørke i det meste av landet i 2018. Jordbruket og matforsyninga drog med seg verknadene av dette inn i 2019. Deretter kom koronapandemien i 2020 og matmarknaden opplevde store endringar. Matforsyninga har vist seg robust trass desse utfordringane.

Koronatiltaka har skapt ein midlertidig vekst i matmarknaden, og matnæringa er blant dei sektorane som har komme seg best gjennom koronapandemien. Nokre sektorar har likevel opplevd utfordringar, spesielt dei som normalt nyttar mykje utanlandsk sesongarbeidskraft og dei som leverer til hotell, restaurant og spesialmarknader eller er baserte på reiseliv. I næringsmiddelindustrien er det gjennomført både kostnadskrevjande smitteverntiltak og andre tilpassingar for å handtere koronapandemien.

Bruk av gras og beiteareala er avgjerande for jordbruksproduksjon mange stader og for jordbruket sitt bidrag til busetjing i heile landet. Omdisponeringa av dyrka mark er redusert til omlag 4 000 dekar pr. år.

Matproduksjonen i Noreg har aldri vore høgare enn no. Sektorar med marknadsmoglegheiter som korn, frukt og grønsaker er prioriterte. I 2020 auka kornarealet med over 60 000 dekar, og talet på føretak som dyrkar frukt og grønsaker gjekk opp.

Vidare har regjeringa gjennom dei årlege reindriftsavtalane betra rammevilkåra for næringa. Dei produksjonsretta verkemidla er styrkte, og det er lagt til rette for tilleggsnæring i reindrifta.

Det er òg optimisme i skog- og trenæringa med høge tømmerprisar og høg hogstaktivitet. Hogsten dei siste fem åra er den høgaste som er registrert og treindustrien er i utvikling.

Regjeringa har i perioden 2018–2021 prioritert matsikkerheit, folkehelse og dyrevelferd

  • Regjeringa har hatt høg merksemd på dyrevelferd i perioden. Med regjeringa sine auka løyvingar til politiet og Mattilsynet i 2021 for å etablere einingar i kampen mot dyrevelferdskriminalitet, vil alle landets politidistrikt ha eiga dyrekrimeining. Det betyr òg at det er dyrekrimeiningar i alle landets fylke og i alle regionane til Mattilsynet.

  • Det er innført krav om obligatorisk dyrevelferdsprogram for å betre velferda for svin gjennom forskrift for hold av svin, fastsett 10. juni 2020. Ei samla svinenæring har etablert dyrevelferdsprogrammet. Programmet stiller krav om obligatoriske veterinærbesøk, kontroll gjennom slakteria og kursing av alle som handterer gris.

  • Noreg er blant dei land i Europa som har lågast forbruk av antibiotika og førekomst av resistens i husdyrhaldet. Viktige årsaker til denne statusen er god dyrehelse, og eit målretta samarbeid mellom styresmaktene, bønder og veterinærar som praktiserer ein fornuftig bruk av antibiotika. Forbruket av antibiotika til matproduserande landdyr er redusert med 10 pst. samanlikna med forbruket i 2013. Vidare er forbruket av antibiotika til kjæledyr redusert med 30 pst. samanlikna med forbruket i 2013. LA-MRSA (multiresistente stafylokokkar) er ikkje etablert i norsk svinehald. Narasin (koksidiostatika med antibakteriell verknad) blei teke ut som fôrtilsetningsmiddel til slaktekylling allereie sommaren 2016.

  • Det er gjennomført fleire smittereduserande tiltak mot skrantesjuke. Arbeidet med å ta ut villreinbestanden i Nordfjella sone 1 blei sluttført i 2018. Det er òg sett i verk tiltak knytt til funn av sjukdommen på villrein i Hardangervidda. Meir enn 125 000 prøver er undersøkte sidan 2016.

  • Stortinget har vedteke avvikling av pelsdyrproduksjonen innan 1. februar 2025, og oppmoda regjeringa om å endre kompensasjonsordninga som blei etablert etter lovvedtaket i 2019. Ein lovproposisjon om endring av lov om forbud mot hold av pelsdyr som gir pelsdyroppdrettarane rett til kompensasjon i samsvar med utmålingsreglane i ekspropriasjonserstatningslova så langt dei er eigna, blei lagt fram 26. mars 2021.

  • Det blei gjennomført ei ekstern gransking av Mattilsynets tilsynsverksemd i blå og grøn sektor, det vil seie husdyrhald, planteproduksjon, fiskeri og fiskeoppdrett i 2019. Granskinga var tydeleg på at Mattilsynet ikkje har gode nok system og rutinar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av tilsyn. Mattilsynet har sidan 2019 særleg prioritert å betre kommunikasjon og kvalitet på tilsyn og arbeider kontinuerleg for å styrkje denne delen av verksemda. Gjennomførte brukarundersøkingar hos tilsynsobjekt tyder på at Mattilsynet er på rett veg i dette arbeidet.

Regjeringa har i perioden 2018–2021 prioritert auka matproduksjon og eit sterkt jordvern

  • Det er lagt til rette for ei strukturinnretning på tilskotta som gjer det mogleg med lønsam produksjon basert på det ressursgrunnlaget som er til stades i ulike delar av landet.

  • For å bruke ressursane betre er det lagt til rette for produksjon av korn der det er eigna. Kanaliseringspolitikken er forsterka gjennom å vri tilskott frå gras til korn i kornområda på austlandet, og ved å styrkje rammevilkåra for produksjon av plantevekstar til mat.

  • Dei små og mellomstore bruka i distrikta er prioriterte, særleg på Vestlandet. Tilskotta er styrkte for mindre bruk, og investeringstilskottet og beitetilskottet er auka.

  • Det er sett i verk tiltak å sikre jordbruket inntektsmoglegheiter som stimulerer til å nå dei fleste måla for landbrukspolitikken utan at det blir ubalanse i marknaden.

  • Det er prioritert verkemiddel for investeringar i jordbruket, og ei særskild prioritering av bruk med 15-30 kyr.

  • Det er satsa særskild på grøntnæringa i Noreg.

  • Det er lagt fram ein strategi for Matnasjonen Norge og styrkt merksemd på mangfald og utvikling innan norsk lokalmat og drikke.

  • Det er lagt til rette for velfungerande varekjeder for mat med effektiv konkurranse i alle ledd, i tillegg til innføring av lov om god handelsskikk.

  • Importvernet er vareteke for sensitive landbruksvarer i handelsforhandlingar og i forvaltninga av vernet.

  • Det er sett i verk tiltak og følgt opp strategiar for jordvern. Det er etablert eit mål om at årleg omdisponering av dyrka jord skal reduserast til 3 000 dekar innan 2025.

  • Talet på utvalde kulturlandskap i jordbruket har blitt auka frå 22 til 46.

Regjeringa har i perioden 2018–2021 prioritert forsking, kompetanseutvikling og utdanning innan landbruk og mat

  • Det er prioritert midlar til forsking innanfor områda mogleggjerande teknologiar, skogen si rolle i klimasamanheng og berekraftig matproduksjon for å fremje teknologiutvikling, grøn omstilling og lågare klimagassutslepp frå landbruket.

  • Det er etablert vaksenagronomen – ei ordning for vaksne som vil utdanne seg til agronom, men som har brukt opp sin rett til vidaregåande opplæring. Frå 2019 har òg gartnaropplæringa vore omfatta av ordninga.

  • Det er tildelt 2 mill. kroner til oppstart av ein landsdekkjande rekrutteringskampanje for mat- og måltidsbransjen. Dette er ei oppfølging av rapporten «Uten fagarbeidere – ingen matnasjon».

Regjeringa har i perioden 2018–2021 stimulert til marknadsretting og berekraft i reindrifta

  • Ramma for reindriftsavtalen er auka med 34 pst. sidan 2018.

  • Arbeidet med å følgje opp brott på grensereinbeitelova, og få på plass eit sams regelverk for den grenseoverskridande reindrifta mellom Norge og Sverige er intensivert.

  • Det er gjort endringar i reindriftslova som legg til rette for obligatorisk individmerking av rein, og for å gjere reintal tilgjengeleg.

  • Det er gjennomført arbeid med å operasjonalisere måla i reindriftspolitikken.

  • Det er sikra eit stabilt reintal på eit berekraftig nivå.

  • Innsatsen for å ta vare på reindrifta sine areal er styrka.

  • Det er etablert eit system for kriseberedskap i reindrifta, og dette er styrkt ytterlegare på grunnlag av erfaringa frå beitekrisa i 2020.

  • Skatt og avgifter for reindriftsnæringa er redusert.

Regjeringa har i perioden 2018–2021 auka moglegheitene til å utvikle eigen næring og eigedom

  • Rettleiinga om praktisering av reglane i eigedomslovgivinga er forsterka gjennom oppdatering av rundskriva knytt til konsesjonslova og jordlova.

  • Arealgrensene er endra for konsesjonsplikt, lovbestemt buplikt og odlingsjord og priskontrollen er oppheva for reine skogeigedommar.

  • Reglane i arvelova for kor lenge landbrukseigedommar kan bli verande i dødsbu er endra. Det legg til rette for eit større utbod av eigedommar.

  • Verkemiddel som legg til rette for alternative verksemder knytte til jordbruket og reindrifta, til dømes innanfor reiseliv, lærings- og omsorgsbaserte tenester, vidareforedling og lokalmat er prioritert.

  • Det er for 2021 løyvd 6 mill. kroner for å styrkje det faglege arbeidet i Landbruksdirektoratet med arealbruken i landbruket knytt til oppgåver innanfor klima og miljø, og for å vareta den landbruksfaglege sida av den todelte målsetjinga i rovviltpolitikken.

  • Det er lagt til rette for å styrkje kunnskapsgrunnlaget knytt til areal- og rovviltforvaltning gjennom ei løyving til eit prosjekt ved NIBIO Svanhovd som skal gi meir kunnskap om effekten av tap til rovvilt og inngrep i beiteareal, og kva for konsekvensar dette har for produksjon og lønsemd i beitenæringane.

Regjeringa har i perioden 2018–2021 stimulert til auka konkurransekraft og berekraft for skog- og trenæringa

  • Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring er følgt opp med strategien Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling og eit forum for dialog med verdikjedene frå skog til marknad.

  • Det er lagt fram strategiar for bioøkonomi og sirkulær økonomi, der effektiv bruk av dei fornybare ressursane står sentralt. Strategiane skal fremje betre ressursbruk og auka verdiskaping og sysselsetjing i ei grøn omstilling av norsk økonomi.

  • Det er etablert ei tilskottsordning for utbetring av flaskehalsar for tømmertransport i det offentlege vegnettet og sett i verk regelendringar og prosjekt for meir effektiv tømmertransport.

  • Det er løyvd over 1 mrd. kroner til forbetring av infrastruktur for skogbruket i form av tømmerkaier og skogsvegar.

  • Mandatet til Investinor er endra med sikte på meir effektiv investering av midlar avsette til skog- og trenæringa, og regjeringa vil opne for at midlane kan inngå i eit sams fond med private aktørar.

  • Det er sett i verk ekstraordinære tilskottsordningar for å sikre skogplanting og aktivitet i skogbruket under koronapandemien.

Regjeringa har i perioden 2018–2021 lagt til rette for å redusere klimagassutsleppa og auke opptaket av karbon

  • Jordbruksavtalen er dreidd i ei meir klima- og miljøvenleg retning med verkemiddel for reduserte klimagassutslepp og tilpassing til eit klima i endring.

  • Det er inngått ein avtale med organisasjonane i jordbruket om reduserte klimagassutslepp og auka opptak av karbon for perioden 2021–2030.

  • Klimatiltaka i skog er styrkt gjennom tilskottsordningar for auka opptak av CO2, under dette gjødsling av skog, tettare planting og ungskogpleie.

  • Utsleppa av klimagassar frå jordbruket har blitt redusert med 6,6 pst. frå 1990 til 2020.

Regjeringa har i perioden 2018–2021 sett i verk lovarbeid knytt til utmark og lagt til rette for effektivt uttak av villsvin

  • Det er oppnemnt eit lovutval som leverte eit forslag til ny fjellov i NOU 2018: 11. Arbeidet med oppfølging er i gang.

  • Det er sett i verk eit lovarbeid med mål om å gjennomgå og modernisere viltlova.

  • Det er sett i verk tiltak for færrast mogleg villsvin på eit minst mogleg område, og viltlova er endra for å sikre meir effektivt uttak av villsvin.

3 Mål for landbruks- og matsektoren

Figur 3.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

Figur 3.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

I del III er det gjort nærare greie for resultata knytte til dei landbruks- og matpolitiske måla.

4 Oversiktstabellar

Utgifter fordelte på programkategoriar

(i 1 000 kr)

Kat.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Budsjettets stilling pr. 1. halvår

Forslag 2022

15.00

Administrasjon m.m.

210 246

183 844

184 344

186 931

15.10

Matpolitikk

1 495 743

1 496 267

1 507 767

1 526 320

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

865 754

836 105

839 102

829 385

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

18 037 180

18 612 304

18 920 682

20 092 873

Sum programområde 15

20 608 923

21 128 520

21 451 895

22 635 509

Inntekter fordelte på programkategoriar

(i 1 000 kr)

Kat.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Budsjettets stilling pr. 1. halvår

Forslag 2022

15.00

Administrasjon m.m.

61 092

1 128

1 128

1 154

15.10

Matpolitikk

190 499

205 297

205 297

208 642

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

18 533

19 052

19 052

19 446

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

334 976

301 795

309 795

310 210

15.40

Forretningsdrift

64 000

9 000

70 700

16 750

Sum programområde 15

669 101

536 272

605 972

556 202

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

1 883 632

1 869 314

1 909 574

2,2

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

47 191

14 771

14 771

0,0

50–89

Overføringar til andre

18 678 100

19 244 435

20 711 164

7,6

Sum under departementet

20 608 923

21 128 520

22 635 509

7,1

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

01–29

Sal av varer og tenester

269 311

254 561

258 933

1,7

30–49

Inntekter i samband med nybygg, anlegg o.a.

79 539

20 051

20 469

2,1

50–89

Overføringar frå andre

320 251

261 660

276 800

5,8

Sum under departementet

669 101

536 272

556 202

3,7

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

Administrasjon m.m.

1100

Landbruks- og matdepartementet

210 246

183 844

186 931

1,7

Sum kategori 15.00

210 246

183 844

186 931

1,7

Matpolitikk

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

119 654

103 049

104 866

1,8

1115

Mattilsynet

1 376 089

1 393 218

1 421 454

2,0

Sum kategori 15.10

1 495 743

1 496 267

1 526 320

2,0

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

1136

Kunnskapsutvikling m.m.

231 327

239 472

239 797

0,1

1137

Forsking og innovasjon

634 427

596 633

589 588

-1,2

Sum kategori 15.20

865 754

836 105

829 385

-0,8

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

59 499

48 527

50 527

4,1

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

29 198

30 205

30 081

-0,4

1140

Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m.

73 426

72 050

77 290

7,3

1141

Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.

10 311

10 514

11 714

11,4

1142

Landbruksdirektoratet

760 818

1 056 706

1 991 285

88,4

1148

Naturskade – erstatningar

48 948

159 000

133 400

-16,1

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

149 242

120 832

111 969

-7,3

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

16 720 830

16 940 902

17 498 159

3,3

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

160 697

149 500

164 500

10,0

1161

Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

24 213

24 068

23 948

-0,5

Sum kategori 15.30

18 037 180

18 612 304

20 092 873

8,0

Sum programområde 15

20 608 923

21 128 520

22 635 509

7,1

Sum utgifter

20 608 923

21 128 520

22 635 509

7,1

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

Administrasjon m.m.

4100

Landbruks- og matdepartementet

61 092

1 128

1 154

2,3

Sum kategori 15.00

61 092

1 128

1 154

2,3

Matpolitikk

4115

Mattilsynet

190 499

205 297

208 642

1,6

Sum kategori 15.10

190 499

205 297

208 642

1,6

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

4136

Kunnskapsutvikling m.m.

18 533

19 052

19 446

2,1

Sum kategori 15.20

18 533

19 052

19 446

2,1

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

4141

Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.

3 424

3 625

3 701

2,1

4142

Landbruksdirektoratet

75 301

45 510

46 459

2,1

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

1 406

50

50

0,0

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

254 845

252 610

260 000

2,9

Sum kategori 15.30

334 976

301 795

310 210

2,8

Forretningsdrift

5652

Statskog SF – renter og utbytte

64 000

9 000

16 750

86,1

Sum kategori 15.40

64 000

9 000

16 750

86,1

Sum programområde 15

669 101

536 272

556 202

3,7

Sum inntekter

669 101

536 272

556 202

3,7

Bruk av stikkordet «kan overførast»

Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet «kan overførast» føreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30–49.

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2021

Forslag 2022

1100

21

Spesielle driftsutgifter

4 053

15 610

1137

70

Innovasjonsaktivitet m.m.

3 000

3 000

1138

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

263

1 298

1139

71

Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak

19 392

30 081

1140

71

Tilskott til viltformål

287

35 278

1141

23

Jegerprøve m.m.

16

3 701

1142

71

Tiltak for berekraftig reindrift

941

4 500

1142

77

Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald

25 096

1 470 000

1142

78

Tilskott til omstilling ved avvikling av pelsdyrhald

45 349

15 520

1142

80

Radioaktivitetstiltak

500

1149

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

12 153

61 174

1149

73

Tilskott til skog-, klima- og energitiltak

5 944

45 852

1150

21

Spesielle driftsutgifter

2 109

19 000

1150

70

Marknadstiltak

278 440

1150

74

Direkte tilskott

3 473

9 891 300

1150

77

Utviklingstiltak

23 807

288 321

1150

78

Velferdsordningar

2 440

1 534 845

1151

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott

5 655

97 700

1151

79

Velferdsordningar

738

4 000

5 Oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak

Tabell 5.1 nedanfor viser ei oversikt over oppfølginga av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Landbruks- og matdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2020–2021 og alle vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som ikkje er kvitterte ut, jf. Innst. 580 (2020–2021) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen.

I kolonne 4 i tabell 5.1 går det fram om departementet legg opp til at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet òg vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år.

Tabell 5.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering blir avslutta (Ja/Nei)

2020–2021

1

Opptak av CO2 på norske skogareal

Ja

2020–2021

232

Tapsgrenser hos Norsk Rikstoto

Nei

2020–2021

844

Planting av trær våren 2021

Ja

2020–2021

1127

Pelsdyrkompensasjonsordning – berekna bruksverdi

Nei

2020–2021

1128

Pelsdyrkompensasjonsordning – kapasiteten i pelsdyrverksemda

Nei

2020–2021

1129

Pelsdyrkompensasjonsordning – opprydding og sanering

Nei

2020–2021

1130

Pelsdyrkompensasjonsordning – spesialiserte maskiner og utstyr

Nei

2020–2021

1131

Pelsdyrkompensasjonsordning – faktiske kostnader

Nei

2020–2021

1134

Viltlova – utgreiing av omgrepet «kunstig lys»

Nei

2019–2020

354

Endre kompensasjonsordninga for dei som aler opp pelsdyr slik at det blir gitt kompensasjon som om det er eit ekspropriasjonsarta inngrep

Ja

2019–2020

355

Erstatte gjeldande pelsdyrkompensasjon til ein kompensasjon basert på verdivurdering av kvart enkelt pelsdyranlegg

Ja

2019–2020

356

Utforme opplegg for taksering av pelsdyranlegg basert på faglege verdivurderingar som tek utgangspunkt i ekspropriasjonsrettslege reglar

Ja

2019–2020

357

Vidareføring av ordningar knytte til avvikling av pelsdyrnæringa som fastsett i gjeldande forskrift

Ja

2019–2020

597

Opptak av karbon på norske skogareal

Ja

2018–2019

155

Landbruket si eiga nedbygging av dyrka og dyrkbar mark

Ja

2017–2018

141

Framlegging av endringar i verkemidla for marknadsbalansering

Ja

2017–2018

445

Om etablering av nasjonale beredskapslagre av korn

Ja

2016–2017

878

Konsekvensar av liberalisering av konsesjonsplikta

Nei

2016–2017

885

Hundelova

Nei

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2020–2021

Opptak av CO2 på norske skogareal

Vedtak nr. 1, 6. oktober 2020:

«Stortinget ber regjeringen legge fram en plan for å øke opptaket av CO 2 på norske skogarealer.»

Vedtaket blei fatta i samband med trontaledebatten 6. oktober 2020.

Regjeringa la 8. januar 2021 fram Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 for Stortinget. Skog har ei viktig rolle i klimasamanheng. Regjeringa har som mål å auke CO2-opptaket i norsk skog. Regjeringa vil difor vurdere å styrkje eksisterande klimatiltak i skog, innføre krav om minstealder for hogst i lov og forskrift og leggje til rette for skogplanting på nye areal med klare miljøkriterium. Planen inkluderer dessutan ein omtale av nye klimatiltak i forvalta skog som har høgt potensial for auka CO2-opptak og er enkle å implementere. Dette gjeld spesifikt styrkt ungskogpleie, stubbebehandling mot rot-ròte og å velje rett treslag etter hogst.

Planen blei handsama av Stortinget 13. april 2021, jf. Innst. 325 S (2020–2021). Energi- og miljøkomiteen uttalte i innstillinga mellom anna at vi må ta vare på og forvalte skog og grøne område på ein berekraftig måte, og at skogen og andre grøne areal spelar ei viktig rolle når vi skal løyse klimaproblemet. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 1, 6. oktober 2018 med dette er følgt opp.

Tapsgrenser hos Norsk Rikstoto

Vedtak nr. 232, 11. desember 2020:

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av om det innenfor rammene av sosialt ansvarlige spill er mulig å innføre en ytterligere individuell tilpasning av tapsgrensene etter en vurdering av den enkelte spiller etter nærmere kriterier, og på egnet måte orientere Stortinget om resultatene av gjennomgangen.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:126 S (2019–2020), jf. Innst. 86 S (2020–2021).

Arbeidet med oppfølging av oppmodingsvedtaket er i gang. Norsk Rikstoto leverte 29. juni i år eit forslag til individuell tilpassing av tapsgrensene til Lotteritilsynet. Lotteritilsynet ga si vurdering av forslaget i brev 7. september. Lotteritilsynet viste til at dei spelarane som var omfatta av forslaget frå Norsk Rikstoto om høgare individuelle tapsgrenser, i dag er middels- eller høgrisikospelarar. Lotteritilsynet viste vidare til at det ikkje er lagt fram dokumentasjon som viser at Norsk Rikstoto sine tiltak har hatt risikoreduserande verknad for nokon av spelarane. Lotteritilsynet konkluderte med at dei ikkje kan tilrå at spelarar som viser teikn til å ha problem med pengespel skal få utvida rammer, slik at dei kan tape meir enn andre. Departementet legg til grunn at Norsk Rikstoto bør gis rom til å vurdere om dei kan finne andre løysingar for individuell tilpassing som tek i vare omsynet til sosialt ansvarleg spel, før det blir trekt ein konklusjon i saka.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Planting av trær våren 2021

Vedtak nr. 844, 22. april 2021:

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revidert budsjett 2021 legge frem en ordning med tilskudd til planting av trær. Ordningen skal omfatte hele plantesesongen 2021 og utformes etter modell av ordningen i 2020 med et tilskudd på kr 1,50 per plante.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:145 S (2020–2021), jf. Innst. 340 S (2020–2021).

Regjeringa foreslo i Prop. 195 S (2020–2021) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021 å etablere ei mellombels tilkottsordning for å sørgje for skogplanting våren 2021. Regjeringa sitt forslag var basert på omdisponering av midlar avsette til infrastruktur og klimatiltak i skogbruket i statsbudsjettet for 2021. Stortinget vedtok ved handsaming av proposisjonen, jf. Innst. 600 S (2020–2021), å løyve 45,8 mill. kroner til ordninga. Landbruks- og matdepartementet har fastsett ei mellombels forskrift for ordninga. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 844, 22. april 2021 med dette er følgt opp.

Pelsdyrkompensasjonsordning – berekna bruksverdi

Vedtak nr. 1127, 4. juni 2021:

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med pelsdyrnæringen for å sikre en omforent forståelse av det videre grunnlaget som er presentert gjennom NIBIOs forslag til beregning av kompensasjon basert på bruksverdi. Anleggenes levetid, beregning av arbeidstid for de ulike skinnproduksjonene, priser på skinn og fôr og størrelse på kapitaliseringsrente er blant de elementene som er særlig viktige å få en omforent forståelse av.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 122 L (2020–2021), jf. Innst. 613 L (2020–2021).

Departementet har innleia ein dialog med pelsdyrnæringa ved Norges Pelsdyralslag om NIBIOs forslag til utrekning av kompensasjon basert på bruksverdi. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Pelsdyrkompensasjonsordning – kapasiteten i pelsdyrverksemda

Vedtak nr. 1128, 4. juni 2021:

«Stortinget ber regjeringen legge til grunn kapasiteten i pelsdyrvirksomheten, etter forskrift om hold av pelsdyrs krav gjeldende fra 1. januar 2015 (FOR-2011-03-17-296), ved beregning av bruksverdi og økonomisk tap.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 122 L (2020–2021), jf. Innst. 613 L (2020–2021).

Departementet har innleia ein prenotifikasjonsdialog med EFTAs overvakingsorgan, ESA om dei samla erstatnings- og kompensasjonsordningane etter avvikling av pelsdyrhald slik det følgjer av Stortingets lovvedtak og dei oppmodingsvedtaka som blei fatta ved handsaming av lovproposisjonen. Vidare oppfølging vil ikkje skje før ESA si vurdering ligg føre.

Pelsdyrkompensasjonsordning – opprydding og sanering

Vedtak nr. 1129, 4. juni 2021:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å etablere en ordning der det gis tilskudd til opprydding og sanering av pelserier og fôrkjøkken, slik at restverdien av disse anleggene kan økes og anleggene gjenbrukes.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 122 L (2020–2021), jf. Innst. 613 L (2020–2021).

Departementet har starta arbeidet med å greie ut ei slik ordning, og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Pelsdyrkompensasjonsordning – spesialiserte maskiner og utstyr

Vedtak nr. 1130, 4. juni 2021:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å etablere en erstatningsordning for maskiner og utstyr som er spesialisert knyttet til driften av fôrkjøkken og pelserier, og som er uten restverdi som følge av forbudet mot pelsdyrhold.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 122 L (2020–2021), jf. Innst. 613 L (2020–2021).

Departementet har starta arbeidet med å greie ut ei slik ordning, og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Pelsdyrkompensasjonsordning – faktiske kostnader

Vedtak nr. 1131, 4. juni 2021:

«Stortinget ber regjeringen endre forskrift om kompensasjon etter avvikling av hold av pelsdyr mv., slik at det i § 7 første punktum bestemmes at for riving og opprydding av pelsdyrvirksomhet som var i drift i godkjent anlegg etter forskrift om hold av pelsdyr per 1. januar 2015, gis kompensasjon som dekker de faktiske kostnadene, og uten gjeldende krav om at videresalg og gjenvinning skal hensyntas.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 122 L (2020–2021), jf. Innst. 613 L (2020–2021).

Departementet har starta arbeidet med å førebu forskriftsendringar. Departementet har innleia ein prenotifikasjonsdialog med ESA om dei samla erstatnings- og kompensasjonsordningane etter avvikling av pelsdyrhald slik dei følgjer av Stortingetslovvedtak og dei oppmodingsvedtaka som blei fatta ved handsaming av lovproposisjonen. Vidare oppfølging vil ikkje skje før ESA si vurdering ligg føre.

Viltlova – utgreiing av omgrepet «kunstig lys»

Vedtak nr. 1134, 4. juni 2021:

«Stortinget ber regjeringen gjøre en utredning med sikte på å avklare definisjonen av begrepet ‘kunstig lys’ i viltloven, og hvilke prinsipper som bør legges til grunn for en ny bestemmelse om dette i viltloven, i forbindelse med det pågående arbeidet med modernisering av viltloven.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 149 L (2020–2021), jf. Innst. 604 L. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet arbeider med å gjennomgå og modernisere viltlova. Arbeidet inneber ein revisjon av heile lova, noko som òg gjeld reglane om bruk av kunstig lys i samband med utøving av jakt og fangst. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med eit lovforslag.

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2019–2020

Endre kompensasjonsordninga for dei som aler opp pelsdyr slik at det blir gitt kompensasjon som om det er eit ekspropriasjonsarta inngrep

Vedtak nr. 354, 11. mars 2020:

«Stortinget ber regjeringen om å endre kompensasjonsordningen for pelsdyroppdrettere som holdt pelsdyr 15. januar 2018 og som rammes av vedtaket i Stortinget 13. juni 2019 om forbud mot hold av pelsdyr, slik at det gis kompensasjon som om det dreier seg om et ekspropriasjonsartet inngrep.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:1 S (2019–2020), jf. Innst. 141 S (2019–2020).

Vedtaket blei følgt opp gjennom forslag til endringar i lov om forbod mot hald av pelsdyr, jf. Prop. 122 L (2020–2021) frå Landbruks- og matdepartementet. Stortinget gjorde vedtak i saka 7. juni 2021.

Erstatte gjeldande pelsdyrkompensasjon til ein kompensasjon basert på verdivurdering av kvart enkelt pelsdyranlegg

Vedtak nr. 355, 11. mars 2020:

«Stortinget ber regjeringen om å erstatte gjeldende kompensasjon basert på bokført verdi og/eller antall avlstisper, med en økonomisk kompensasjon til pelsdyroppdretterne basert på verdivurdering av hvert enkelt pelsdyranlegg.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:1 S (2019–2020), jf. Innst. 141 S (2019–2020).

Vedtaket blei følgt opp gjennom forslag til endringar i lov om forbod mot hald av pelsdyr, jf. Prop. 122 L (2020–2021) frå Landbruks- og matdepartementet. Stortinget gjorde vedtak i saka 7. juni 2021.

Utforme opplegg for taksering av pelsdyranlegg basert på faglege verdivurderingar som tek utgangspunkt i ekspropriasjonsrettslege reglar

Vedtak nr. 356, 11. mars 2020:

«Stortinget ber regjeringen om å utforme et opplegg for taksering av pelsdyranlegg basert på faglige verdivurderinger som tar utgangspunkt i ekspropriasjonsrettslige regler.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:1 S (2019–2020), jf. Innst. 141 S (2019–2020).

Vedtaket blei følgt opp gjennom forslag til endringar i lov om forbod mot hald av pelsdyr, jf. Prop. 122 L (2020–2021) frå Landbruks- og matdepartementet. Stortinget gjorde vedtak i saka 7. juni 2021.

Vidareføring av ordningar knytte til avvikling av pelsdyrnæringa som fastsett i gjeldande forskrift

Vedtak nr. 357, 11. mars 2020:

«Stortinget ber regjeringen om å videreføre øvrige ordninger tilknyttet avvikling av pelsdyrnæringen som fastsatt i gjeldende forskrift.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:1 S (2019–2020), jf. Innst. 141 S (2019–2020).

Dei ordningane som kjem i tillegg til kompensasjon for verdiane i pelsdyrverksemdene, er vidareførte utan endringar i forskrift 27. november 2019 nr. 1587. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 357, 11. mars 2020 med dette er følgt opp.

Opptak av karbon på norske skogareal

Vedtak nr. 597, 19. mai 2020:

«Stortinget ber regjeringen legge frem en plan for økning av det langsiktige opptaket av karbon på norske skogarealer. Planen må, i tillegg til å omfatte en nærmere plan for skogplanting, inneholde kunnskapsbaserte verdiskapingstiltak og konkrete klimatiltak som vil føre til at skogbruket kan bidra til å nå utslippsmålene.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:62 S (2019–2020), jf. Innst. 280 S (2019–2020). Oppfølging av vedtaket blei omtalt i Prop. 1 S (2020–2021) for Landbruks- og matdepartementet og i Meld. St. 15 (2020–2021) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2019–2020. Det blei her vist til at regjeringa på bakgrunn av Klimakur 2030 ville komme tilbake til Stortinget med ein plan som synleggjer korleis Noreg kan nå utsleppsforpliktingar, under dette korleis tiltak i skog kan bidra.

Regjeringa la 8. januar 2021 fram Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 for Stortinget. Skog og andre areal har ei viktig rolle i klimasamanheng. Regjeringa har som mål å auke CO2-opptaket i norsk skog. Regjeringa vil difor vurdere å styrkje eksisterande klimatiltak i skog, innføre krav om minstealder for hogst i lov og forskrift og leggje til rette for skogplanting på nye areal med klare miljøkriterium. Planen inkluderer dessutan ein omtale av nye klimatiltak i forvalta skog som har høgt potensial for auka opptak og er enkle å implementere. Dette gjeld spesifikt styrkt ungskogpleie, stubbebehandling mot rot-ròte og å velje rett treslag etter hogst.

Planen blei handsama av Stortinget 13. april 2021, jf. Innst. 325 S (2020–2021). Energi- og miljøkomiteen i Stortinget uttalte i innstillinga mellom anna at vi må ta vare på og forvalte skog og grøne område på ein berekraftig måte, og at skogen og andre grøne areal spelar ei viktig rolle når vi skal løyse klimaproblemet. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 597, 19. mai 2020 med dette er følgt opp.

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2018–2019

Landbruket si eiga nedbygging av dyrka og dyrkbar mark

Vedtak nr. 155, 11. desember 2018:

«Stortinget ber regjeringen utrede en generell søknads- og meldeplikt i jordloven for å regulere landbrukets egen nedbygging av dyrket og dyrkbar mark.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 1 S (2018–2019), jf. Innst. 8 S (2018–2019).

Landbruks- og matdepartementet viser til omtale i Prop. 200 S (2020–2021) Vedlegg 4 om oppdatert jordvernstrategi. Landbruksdirektoratet har gjort ei utgreiing om ein skal endre jordlova slik at eigarar som ønskjer å byggje våningshus og driftsbygning eller driftsveg skal bli pålagde ei søknads- eller meldeplikt (Ldir-rapport nr 35/2019). Departementet vil ikkje tilrå å innføre ei slik plikt, men har gjort endringar i rundskrivet om omdisponering slik at innhaldet i regelen kjem tydelegare fram. Endringa legg til rette for at kommunane kan følgje betre opp om forbodet mot omdisponering enn tidlegare.

Departementet legg til grunn at vedtak nr. 155, 11. desember 2018 med dette er følgt opp.

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018

Framlegging av endringar i verkemidla for marknadsbalansering

Vedtak nr. 141, 11. desember 2017:

«Stortinget ber om at endringer i virkemidlene for markedsbalansering som ikke er i tråd med Omsetningsrådets anbefalinger, legges frem for Stortinget.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 1 S (2017–2018), jf. Innst. 8 S (2017–2018).

Etter rapporten frå Marknadsbalanseringsutvalet og handsaminga av Meld. St. 11 (2016–2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet jordbruksproduksjon i Stortinget, gjekk Omsetningsrådet gjennom sitt regelverk for marknadsbalansering. For å følge opp arbeidet oppretta Omsetningsrådet i april 2018 ei rekkje arbeidsgrupper som såg på ulike tema og sektorar. Arbeidsgruppene leverte sine rapportar våren 2019, og den 2. desember 2019 blei forslag om endringar i forskrift 22. oktober 2008 nr. 1136 om markedsregulering til å fremme omsetningen av jordbruksvarer (marknadsreguleringsforskrifta) med tilhøyrende retningsliner sendt på høyring. Høyringsfristen var 1. mars 2020, og endringane i forskrifta og retningslinene blei sette i verk 1. juli 2020.

Regelverket som Omsetningsrådet sende på høyring verkar inn mot dei same områda som regelverket Landbruks- og matdepartementet har ansvar for, som regelverk under jordbruksavtalen og forskrift 1. juli 2003 nr. 919 om Omsetningsrådets myndighet vedrørende markedsregulering for jordbruksråvarer (rammeforskrifta). Som eit ledd i den heilskaplege gjennomgangen av verkemidla for marknadsbalansering, sende departementet den 14. november 2019 eit forslag om enkelte endringar i rammeforskrifta på høyring. Hovudmålsetjinga med forslaget frå departementetvar å bidra til transparente ordningar som hindrar konkurransevriding, og gjennom det sikre at desse ordningane har legitimitet hos aktørane. Ein måte å sikre dette på er å sørgje for at rammeforskrifta i størst mogleg grad er oppdatert når det gjeld å regulere sentrale konkurransemessige vilkår. Landbruks- og matdepartementet fastsette 25. november 2020 endringar i forskrift av 1. juli 2003 nr. 919 om Omsetningsrådets myndighet vedrørende markedsregulering for jordbruksråvarer (rammeforskrifta). Departementet legg til grunn at vedtak nr. 141, 11. desember 2017 med dette er følgt opp.

Om etablering av nasjonale beredskapslagre av korn

Vedtak nr. 445, 6. desember 2018:

«Stortinget ber regjeringen fremme en egen sak for Stortinget i løpet av 2019 om etablering av nasjonale beredskapslagre av korn.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:33 S (2017–2018) og Dokument 8:41 S (2017–2028), jf. Innst. 112 S (2017–2018).

Landbruks- og matdepartementet viser til omtalen av vedtaket i Meld. St. 15 (2020–2021). Regjeringa foreslo å oppheve vedtaket, og næringskomiteen støtta dette, jf. Innst. 8 (2020–2021). Departementet gjer difor framlegg om følgjande, jf. forslag til vedtak VII:

Vedtak nr. 445, 6. desember 2018 oppheves.

Konsekvensar av liberalisering av konsesjonsplikta

Vedtak nr. 878, 13. juni 2017:

«Stortinget ber regjeringen utrede konsekvensen av en videre liberalisering av konsesjons plikten utover de lovmessige endringer som nå vedtas for rene skogeiendommer.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 92 L (2016–2017), jf. Innst. 427 L (2016–2017).

I departementet si omtale av vedtaket i Meld. St. 15 (2020–2021) kjem det fram at:

«Stortinget vedtok ei rekkje liberaliseringar i eigedomslovgivinga i 2017. Formålet med endringane var å leggje til rette for auka omsetnad av landbrukseigedom og endring av eigedoms- og bruksstrukturen, særleg innan skogbruket. Endringar i eigedoms- og bruksstrukturen skjer over lang tid. Det er for tidleg å fastslå kva for følgjer lovendringane frå 2017 har hatt på eigedoms- og bruksstrukturen. Regjeringa vil difor ikkje føreslå ytterlegare liberalisering i jord- og konsesjonslovgivinga no, men vil komme tilbake til Stortinget på ein tenleg måte når det er mogleg å sjå nærare på konsekvensane av lovendringa.»

I Innst. 8 S (2020–2021) uttalte næringskomiteen at den støttar regjeringa si tilnærming til dette spørsmålet framover i tillegg til at rapporteringa blir ført vidare. Det har no gått ei tid, og det kan vere mogleg å sjå kva for følgjer endringane har ført til. Departementet vil setje i gang eit arbeid med sikte på å få fram statistikk som kan synleggjere konsekvensane av arealendringa i konsesjonslova frå 2017. Departementet vil òg sjå nærare på kor mange konsesjons- og delingssaker som kan relaterast til endringane i konsesjonslova frå 2017, då det blei innført unntak for priskontroll ved deling av reine skogeigedommar. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2016–2017

Hundelova

Vedtak nr. 885, 13. juni 2017:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en helhetlig gjennomgang av hundeloven av 2003 for å sikre at reglene om hundehold bygger på et godt og velfundert grunnlag.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:71 S (2016–2017), jf. Innst. 340 S (2016–2017).

Stortinget ba ved oppmodingsvedtak den 13. juni 2017 om ein heilskapleg gjennomgang av hundelova for å sikre at reglane om hundehald byggjer på eit godt og velfundert grunnlag.

Landbruks- og matdepartementet fekk ved kgl.res. den 15. februar 2019 overført ansvaret for hundelova frå Justis- og beredskapsdepartementet. Landbruks- og matdepartementet har gjort ein gjennomgang av lova. Forslag til endring av hundelova er sendt på høyring, og det er planlagt å leggje fram endringsproposisjon for Stortinget våren 2022.

Til forsida av dokumentet