Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 2
Budsjettframlegg

6 Nærare omtale av løyvingsforslaga

Programområde 15 Landbruk og mat

Programkategori 15.00 Administrasjon m.m.

Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

1100

Landbruks- og matdepartementet

210 246

183 844

186 931

1,7

Sum kategori 15.00

210 246

183 844

186 931

1,7

Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

4100

Landbruks- og matdepartementet

61 092

1 128

1 154

2,3

Sum kategori 15.00

61 092

1 128

1 154

2,3

Mål og strategiar

Departementet sitt ansvarsområde dekkjer heile verdikjeda frå primærprodusent til forbrukar, medrekna juridiske og økonomiske verkemiddel for mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima- og miljøtiltak i sektoren, nye landbruksbaserte næringar og haustbare viltressursar. Landbruks- og matdepartementet har som tverrgåande mål at forvaltninga skal vere effektiv. Det inneber at forvaltninga skal tilby enkle og brukarvenlege løysingar og vere kjenneteikna av god kvalitet, i tillegg til å ha gode system for samfunnstryggleik og beredskap. Sjå òg omtale av målet om ei effektiv landbruks- og matforvaltning i del III.

Prioriteringar

Regjeringa innførte frå og med 2015 ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform (ABE-reforma). Kravet om mindre byråkrati og ein meir kostnadseffektiv bruk av statlege midlar vil gjelde det meste av statleg forvaltning, også for landbruks- og matforvaltninga. Ei meir effektiv statleg drift skaper handlingsrom i statsbudsjettet, noko som kjem samfunnet til gode. Arbeidet med forenkling av byråkratiske prosessar og oppgåver har som mål å gi ringverknader og reduserte samla kostnader for samfunnet. Dette arbeidet vil difor ha høg prioritet òg i 2021. I tillegg er det viktig for departementet å vidareutvikle styringa av underliggjande verksemder og arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Sjå òg omtale av prioriteringane på dei ulike fagområda under dei respektive budsjettkapitla i proposisjonen.

Ny premiemodell for pensjon

Det vil frå 2022 bli innført ein verksemdsspesifikk og hendingsbasert premiemodell for betaling av pensjonspremie for alle statlege verksemder. Ny premiemodell skal bidra til å gjere verksemdene meir ansvarleg for eigne pensjonskostnader. Innføringa av ny modell skal vere om lag budsjettnøytral, ved at verksemdene på tidspunktet for omlegging får ein auke, eller ein reduksjon i løyvingane i tråd med endra pensjonspremie. Dette fører til endringar i løyvinga til Landbruks- og matdepartementet og underliggjande verksemder for 2022, og som er omtalt under dei respektive budsjettpostane. Endringa er òg nærare omtalt i Arbeids- og sosialdepartementets Prop. 1 S (2021–2022).

Budsjettgevinstar frå endra jobbreisevanar

Pandemien har kravd meir bruk av digitale møte og gitt statlege verksemder høve til å redusere reiseomfanget både på kort og lang sikt. Sjølv om reiseaktiviteten vil auke igjen etter kvart som samfunnet opnar ytterlegare opp, vil nivået på reiseaktiviteten truleg vere varig redusert. Dette vil redusere reiseutgifter i verksemdene og spare reisetid for dei tilsette. Regjeringa gjer framlegg om eit varig gevinstuttak frå og med 2022 på 5 pst. av reiseutgiftene slik desse var før pandemien. Sjå Prop. 1 S (2021–2022) Statsbudsjettet (Gul bok), for ei nærare framstilling av gevinstuttaket.

Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

163 467

163 978

168 315

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

15 460

16 859

15 610

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50

28 431

2 720

2 720

49

Kjøp av fast eiendom

2 600

50

Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

288

287

286

Sum kap. 1100

210 246

183 844

186 931

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk den overordna politikken innan områda mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima- og miljøtiltak i sektoren, nye landbruksbaserte næringar og haustbare viltressursar. Posten skal dekkje løns- og driftsutgifter i departementet.

Rapportering 2020

Løyvinga dekkjer drift av departementet. Om lag 76 pst. av utgiftene var lønsrelaterte utgifter, mens om lag 16 pst. av driftsutgiftene var husleige. Resten av løyvinga blei nytta til andre driftsutgifter, til dømes inventar, drift og utvikling av IKT, reiser, og naudsynte investeringar for å leggje til rette for ein digital arbeidskvardag. I 2020 hadde departementet 128 utførte årsverk.

Departementet følgjer opp satsinga på lærlingar i staten. Departementet har òg halde fram samarbeidet med Fontenehuset. Denne ordninga gir personar som har falle utanfor arbeidslivet arbeidserfaring i departementet i opp til seks månader. I tillegg har departementet inngått avtale med NAV om å formidle aktuelle kandidatar med hòl i CVen eller nedsett funksjonsevne til relevante ledige stillingar i departementet.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 168,3 mill. kroner for 2022. Løyvinga er auka med 492 000 kroner som følgje av ny premiemodell for pensjon.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Formål med løyvinga

Midlane på posten blir nytta til særskilde prosjektrelaterte kostnader, godtgjering til utgreiingsutval m.m.

Rapportering 2020

I 2020 blei posten i hovudsak nytta til å føre vidare kampen mot skrantesjuke og til prosjektet Gylne måltidsøyeblikk.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 15,6 mill. kroner for 2022. Løyvinga vil bli nytta til særskilde prosjekt og utgreiingar, mellom anna til å halde fram kampen mot skrantesjuke.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan

Formål med løyvinga

Løyvinga kan nyttast til å finansiere store innkjøp i departementet og utgifter til vedlikehald av eigedommane til departementet. Løyvinga kan vidare nyttast til delvis dekking av innkjøp i underliggjande verksemder. Løyvinga kan òg nyttast til utgifter i samband med sal og taksering av eigedommar og arbeid relatert til dette.

Rapportering 2020

I 2020 blei posten i hovudsak nytta til å dekkje kostnader relatert til større investeringar og eigedom, mellom anna reparasjonar og vedlikehald ved departementet sine eigedommar.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,7 mill. kroner for 2022, som vil bli nytta til naudsynt vedlikehald og utbetringar på departementet sine eigedommar.

Post 49 Kjøp av fast eigedom

Formål med løyvinga

Løyvinga kan nyttast til kjøp av fast eigedom.

Rapportering 2020

I 2020 blei posten nytta til kjøp av tomtegrunn frå Opplysningsvesenets fond i Ullensvang og Øystre Slidre kommune.

Post 50 Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

Formål med løyvinga

Løyvinga kan nyttast til delfinansiering av innkjøp og vedlikehald i dei nettobudsjetterte institutta under departementet. Posten må sjåast i samanheng med post 45.

Rapportering 2020

I 2020 blei det nytta 288 000 kroner i samband med avviklinga av NIBIOs drift på Løken gard i Øystre Slidre.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 286 000 kroner for 2022.

Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Refusjonar m.m.

87

129

131

30

Husleige

972

999

1 023

40

Sal av eigedom

60 034

Sum kap. 4100

61 092

1 128

1 154

Post 40 Sal av eigedom

Rapportering 2020

I 2020 blei inntektene frå salet av Staur gård ført på posten.

Programkategori 15.10 Matpolitikk

Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

119 654

103 049

104 866

1,8

1115

Mattilsynet

1 376 089

1 393 218

1 421 454

2,0

Sum kategori 15.10

1 495 743

1 496 267

1 526 320

2,0

Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

4115

Mattilsynet

190 499

205 297

208 642

1,6

Sum kategori 15.10

190 499

205 297

208 642

1,6

Mål og strategiar

Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og løyving til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Veterinærinstituttet. Sjå òg nærare omtale av Veterinærinstituttet i Prop. 1 S (2021–2022) frå Nærings- og fiskeridepartementet. Budsjettframlegget er viktig for arbeidet med å nå matpolitiske mål og skal særleg bidra til å nå måla i matlova, dyrevelferdslova, dyrehelsepersonellova, husdyravlslova og planteforedlarlova. Ein del av dette arbeidet har ikkje direkte samanheng med matproduksjon. Framlegget omfattar i tillegg Mattilsynets arbeid for å nå måla i kosmetikklova.

Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Matpolitikken til regjeringa dekkjer heile matproduksjonskjeda frå jord og fjord til bord. Målstrukturen på dette politikkområdet skil seg difor noko frå måla for landbruks- og matpolitikken slik dei er omtalte i andre kapittel i denne budsjettproposisjonen.

Hovudmåla på det matpolitiske området er

  • å sikre trygg mat og trygt drikkevatn

  • å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

  • å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

Andre viktige omsyn er

  • tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt

  • sunt kosthald og gode matopplevingar

  • nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping

  • langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvenleg produksjon

Regjeringa legg vekt på at maten skal vere trygg og tilfredsstille ønskje og behov hos forbrukarane. Ein mangfaldig matmarknad og lovfesta matinformasjon som er rett, relevant og lett tilgjengeleg, er viktige føresetnader for at forbrukarane skal kunne ta informerte val, setje saman eit sunt kosthald og utøve makt i matmarknaden.

Regjeringa legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, mellom anna regelverk og tilsyn, blir fastsette og følgde opp på ein slik måte at det ikkje oppstår unødige konkurransevridingar, samstundes som verksemdene må kunne nytte fleksibiliteten som ligg i regelverket.

Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrensene krev eit sterkt internasjonalt samarbeid. Handelen må skje i samsvar med internasjonale avtalar og vere basert på internasjonale standardar. Det er viktig for å sikre at varene vi importerer er trygge og oppfyller krava frå forbrukarane. Det er òg viktig for å fremje god plante- og dyrehelse. For at norsk eksport ikkje skal bli hindra av urettvise krav frå importlanda, må Noreg vere leiande innan overvaking, risikovurderingar og forsking, særleg for sjømat og fiskehelse. Aktiv norsk deltaking i internasjonale forum er naudsynt, både for å påverke innhaldet i standardar og regelverk og for å utveksle og utvikle kunnskap og erfaring.

Noreg tek aktivt del i internasjonalt samarbeid på matområdet, mellom anna i Codex Alimentarius Commission som er FNs organisasjon for matvarestandardar under FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) og Verdshelseorganisasjonen (WHO), Verdsdyrehelseorganisasjonen (OIE) og den internasjonale plantevernkonvensjonen (IPPC). Organisasjonane utviklar standardar som blir lagt til grunn i avtaleverket om mattryggleik og matkvalitet, helse og miljø under Verdshandelsorganisasjonen (WTO) (SPS-avtalen og TBT-avtalen). Desse avtalane legg òg premissar for regelverket i EU/EØS.

Hovuddelen av regelverket på matområdet er harmonisert innanfor EØS. EØS-avtalen er basert på at regelverket i EU og Noreg så raskt som mogleg skal vere det same. Effektive og gode EØS-rutinar er difor svært viktige. Regjeringa legg vekt på ein open og aktiv Europa-politikk med tidleg involvering av interessentane, tydelege posisjonar og målretta innsats i regelverksutviklinga under Europakommisjonen, der EØS-avtalen gir Noreg best tilgang. Ved større eller viktige rammerettsakter som blir handsama i Europaparlamentet eller Rådet for den europeiske union, arbeider regjeringa inn mot desse organa for å fremje norske synspunkt.

Mattilsynet er ein sentral offentleg aktør i gjennomføringa av matpolitikken. Oppgåvene omfattar regelverksutvikling, tilsyn og kontroll, rettleiing, kartlegging og overvaking i heile matproduksjonskjeda, frå innsatsvarer og primærproduksjon til omsetnad til forbrukarane.

God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er avgjerande for å nå måla i matpolitikken. Som ledd i regelverksutviklinga på matområdet utfører Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) uavhengige faglege risikovurderingar for Mattilsynet. Arbeidet krev god samhandling med Mattilsynet og andre kunnskapsinstitusjonar og god kontakt med den europeiske myndigheita for næringsmiddeltryggleik (European Food Safety Authority – EFSA). Sjå òg Prop. 1 S (2021–2022) frå Helse- og omsorgsdepartementet kap. 745.

God fagleg beredskap, kunnskapsutvikling og formidling er viktig for å nå matpolitiske mål og for å sikre kunnskapsbasert forvaltning. Her har Veterinærinstituttet, Havforskingsinstituttet, NIBIO og Folkehelseinstituttet ei viktig rolle.

Som oppfølging av Stortingets vedtak nr. 630 (2018–2019) tinga Landbruks- og matdepartementet ei ekstern og uavhengig gransking av Mattilsynets tilsynsverksemd i blå og grøn sektor, dvs. husdyrhald, planteproduksjon, fiskeri og fiskeoppdrett. KPMGs granskingsrapport blei lagt fram 10. desember 2019. Rapporten er tydeleg på at Mattilsynet ikkje har gode nok system og rutinar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av tilsyn.

I tillegg til KPMGs gransking har Mattilsynet gjennomført fleire interne undersøkingar av forvaltningskvaliteten i verksemda. Funna er i tråd med funna frå KPMGs gransking.

Mattilsynet arbeider kontinuerleg med å gjennomføre tiltak for å betre forvaltningskvaliteten i heile verksemda. Det er gjennomført ei organisasjonsendring ved Mattilsynets hovudkontor våren 2021. Meir målretta og effektivt tilsyn og kontroll skal bli nådd ved meir brukarorientering i tilbodet av betre og fleire digitale tenester og betre dialog med næringsaktørane.

Prioriteringar

Målet om å sikre trygg mat og trygt drikkevatn

Situasjonen i Noreg er god samanlikna med andre land for førekomst av matboren sjukdom. Det er naudsynt med kontinuerleg innsats for å halde oppe god mattryggleik. Arbeidet for trygg mat må òg ta omsyn til at nye ressursar kan nyttast til mat og fôr.

Innsatsvarene og matvarene skal vere trygge. Regelverket og tilsynet skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i alle ledd i matproduksjonskjeda bidrar til at sluttprodukta er trygge. I arbeidet for å sikre trygg mat er det viktig å redusere risikoen for sjukdom eller helseskade som kan oppstå på grunn av smittestoff eller framandstoff i innsatsvarer, mat og drikkevatn.

Det er verksemdene som har ansvaret for å etterleve regelverket slik at maten er trygg, og for å sikre god hygiene i heile matproduksjonskjeda. Det er særleg viktig med effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i verksemder som framstiller lettskjemd mat eller handterer mat som ikkje er innpakka.

Kvaliteten på drikkevatnet i Noreg er generelt god, men mange vassforsyningssystem er sårbare på grunn av gamle leidningsnett som er utsette for lekkasjar. Enkelte stader er det dessutan ikkje gode nok reservevassløysingar dersom hovudvassforsyninga sviktar. I mange tilfelle trengst det auka innsats frå vassverka for å sikre trygg vassforsyning i framtida, ikkje minst ved å auke utskiftingstakten av gamle vassrøyr.

Fleire tilfelle dei siste åra viser den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og sjukdom hos menneske. Tal frå WHO viser at om lag 75 pst. av nye eller kjende infeksjonar som har auka hos menneske dei siste 30 åra, kjem av smittestoff frå dyr. Å ta vare på den gode norske dyrehelsa, som er eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er viktig både for mattryggleiken og for god helsetilstand hos menneske og dyr.

Overvaking av inntaket av næringsstoff og framandstoff er viktig i folkehelsearbeidet og som grunnlag for faglege risikovurderingar. Mattilsynet samarbeider med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet for å oppdatere inntaksdata om kor mykje folk bruker av ulike matvarer, og data om innhaldet av næringsstoff og framandstoff i matvarene. I dette samarbeidet blir Matvaretabellen med opplysningar om innhald av næringsstoff i matvarer utvida og forbetra kontinuerleg. Det er òg viktig med kunnskap om innhaldet av framandstoff i innsatsvarer og råvarer, og om miljøforureiningar eller andre uønskte stoff i vatn eller jordsmonn som kan påverke innhaldet av framandstoff i fisk, landdyr og planter. Dette er nærare omtalt under kap. 1115 og i del III.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

Ernæringsarbeidet er omtalt i Prop. 1 S (2021–2022) frå Helse- og omsorgsdepartementet og ligg i hovudsak under Helsedirektoratet. Arbeidet følgjer opp måla i Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021) som er forlenga til 2023. Ansvaret for kostråda ligg hos helsestyresmaktene, men arbeidet med å leggje til rette for eit kosthald som er i samsvar med kostråda blir følgt opp av mange aktørar. Mattilsynet har òg ei viktig rolle i dette arbeidet, særleg for regelverk og tilsyn knytt til merking av mat, til dømes om ingrediensar og allergen, næringsinnhald, ernærings- og helsepåstandar og frivillig sunnheitsmerking. Den nordiske ordninga med frivillig sunnheitsmerking av mat, Nøkkelhòlet, gir forbrukarane eit rikare tilbod av, og betre informasjon om, matvarer som kan bidra til eit sunnare kosthald.

Rett merking er viktig for at forbrukarane skal kunne gjere informerte val og handtere maten rett. Mellom anna sikrar det at forbrukarane får kjennskap til kva matvarene inneheld, korleis dei skal brukast og oppbevarast, kvar dei kjem frå, og kor mykje næring dei gir.

Merking av mat er i hovudsak regulert i matinformasjonsforskrifta, men det er òg enkelte særskilte nasjonale reglar, til dømes for sjømat. Regjeringa vil arbeide vidare opp mot EU med sikte på at reglane i matinformasjonsforordninga om plikt til merking av ingrediensar og næringsinnhald òg skal gjelde for alkoholhaldige drikkevarer.

Målet om å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

Det er viktig med god overvaking og høg beredskap mot mange plante- og dyresjukdommar, planteskadegjerarar og sjukdommar som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar).

Regjeringa vil leggje vekt på å hindre at hjorteviltsjukdommen skrantesjuke, chronic wasting disease (CWD), får fotfeste i Noreg. Den omfattande kartlegginga vil bli ført vidare for å få best mogleg oversikt over situasjonen. Viktige oppgåver er å kartleggje utbreiinga og leggje til rette for å etablere ein ny villreinflokk i Nordfjella, følgje opp vedteke handsaming av klassisk skrantesjuke på Hardangervidda og bidra til å utforme den langsiktige forvaltninga av skrantesjuke.

Feil og for mykje bruk av antibiotika til folk og dyr har globalt ført til ein vesentleg auke av motstandsdyktige bakteriar som utgjer eit alvorleg helsetrugsmål. Regjeringa er svært merksam på dette, og den tverrsektorielle strategien mot antibiotikaresistens for 2015–2020 skal oppdaterast for ein ny periode. Ei regjeringsoppnemnd ekspertgruppe har levert rapporten Antibiotikaresistens: Kunnskapshull, utfordringar og aktuelle tiltak – Status 2020. Denne skal danne grunnlaget for regjeringa sitt vidare strategiarbeid, og sektorvise handlingsplanar. Aktiv deltaking i internasjonale forum er viktig for å bidra til ansvarleg bruk av antibiotika og utvikling av nye antibiotika, vaksinar og betre diagnostiske hjelpemiddel.

Salet av antibiotika til matproduserande landdyr er i perioden 2013–2020 redusert med 23 pst. målt i kg aktivt stoff, mens salet av antibiotika til hund og katt er redusert med 32 pst. Perioden 2015–2020 viser ein gradvis reduksjon på 21 pst. i føreskrivinga av antibakterielle humanpreparat til hund og katt. Salet av antibiotika til oppdrettsfisk har vore på et svært lågt nivå sidan 1990-talet. Mengda antibakterielle midlar som har blitt seld dei siste åra svarer til at anslagsvis 0,5-1 pst. av fisken blei behandla med ein antibiotikakur.

Evna til å løyse utfordringane med sjukdommar i havbruket er viktig for å kunne ta ut det langsiktige vekstpotensialet. Kontroll med sjukdom, inkludert lakselus, er òg viktig for å sikre god velferd, minke smittepresset i miljøet og redusere bruk og utslepp av medikament. Svinnet frå produksjon i oppdrettsnæringa er framleis høgt, og det er viktig å arbeide for å redusere dette tapet.

Det er innført eit trafikklyssystem for å auke kapasiteten i havbruksnæringa. Systemet byggjer på ein indikator for påverknad av lakselus på villfisk og inndeling av kysten i spesifikke produksjonsområde. Oppfølging og utvikling av dette systemet vil bli prioritert.

Regjeringa styrkjer arbeidet for god dyrevelferd. Ei viktig satsing i dette arbeidet har vore å etablere prøveprosjekt med ei eiga dyrekrimgruppe i politiet (dyrepoliti), som i 2021 er utvida til å gjelde alle dei tolv politidistrikta i landet. Dyrepolitiprosjekta legg til rette for betre samhandling mellom Mattilsynet og politiet og betre system og klare rutinar for handsaming av alvorlege saker som gjeld mishandling og vanrøkt av dyr.

Arbeidet med å fremje god dyrevelferd og gode haldningar til dyr er viktig. Det trengst auka merksemd både på hald av produksjonsdyr og kjæledyr. Utvikling av kunnskap om korleis avlstiltak og ulike driftsformer påverkar dyrevelferda, er òg viktig.

For produksjonsdyrehald med mange dyr eller der risikoen for dårleg dyrevelferd kan vere høg, blir det gjennomført tilsyn som i størst mogleg grad ikkje er varsla på førehand. Besetningar der risikoen for brott på regelverket er størst, blir prioriterte. Ved negative funn i slike dyrehald blir det òg prioritert å gjennomføre oppfølgjande tilsyn. Godt samarbeid mellom Mattilsynet og næringa, mellom anna landbrukets HMS-teneste og slakteria, og innføring av dyrevelferdsprogram for svineproduksjonen, bidreg òg til at dyrehald med høg risiko for dårleg dyrevelferd, kan bli oppdaga tidleg.

Regjeringa vil starte arbeidet med ei ny dyrevelferdsmelding. Førre dyrevelferdsmelding blei lagt fram av Bondevik II-regjeringa for snart 20 år sidan. Det har vore fleire endringar i regelverket sidan førre melding, og tida er moden for ein ny grundig gjennomgang av alt dyrehald og dyrevelferd i Noreg.

Andre omsyn

Tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt

Kontakt med aktuelle styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.

Norsk sjømat skal vere trygg og av god kvalitet slik at han blir føretrekt på den globale marknaden. Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på tryggleiken til produkta som blir eksporterte. For Noreg som stor eksportør av sjømat er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda og å skape føreseielege rammevilkår for eksport. Tilsynsarbeidet til Mattilsynet og kommunikasjon med styresmaktene i importlanda er avgjerande for tilliten.

Den gode norske dyrehelsa blir nytta i eksportsamanheng, mellom anna ved den aukande eksporten av avlsprodukt frå husdyr. Også for ein del andre landbruksprodukt er det viktig med marknadstilgang i utlandet.

Sunt kosthald og gode matopplevingar

Det er viktig at fagleg og vitskapleg basert informasjon om samanhengen mellom kosthald og helse, både for kvar enkelt og for folkehelsa, når fram til forbrukarane på ein tenleg måte.

Folkehelsepolitikken legg mellom anna vekt på tiltak for å gjere det enklare å velje sunt, leggje til rette for gode måltid i barnehagar og skular og hos eldre, og å styrkje kunnskapen om mat, matlaging, kosthald og ernæring. Regjeringa la våren 2017 fram Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021) som er forlenga til 2023. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2021–2022) frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Arbeidet med å leggje til rette for eit sunnare kosthald må vere basert på kunnskap om kva som er viktig for folk sitt val av mat. Merksemd på matglede og god matkvalitet er viktig. Mange er òg opptekne av kvar maten kjem frå og korleis han blir produsert. Kunnskap om samanhengen mellom mat og helse er òg grunnleggjande for å velje sunnare kost. Matportalen.no presenterer forbrukarretta informasjon frå offentlege styresmakter om sunn og trygg mat, trening og fysisk aktivitet.

I Meld. St. 15 (2017–2018) presenterte regjeringa kvalitetsreforma Leve hele livet – En kvalitetsreform for eldre. Dette er òg ei reform for større matglede for eldre, anten dei bur heime eller er på sjukeheim eller sjukehus.

Ut fra gode erfaringar frå pilotregionane Innlandet og Trøndelag er det no i alt seks matgledekorps rundt om i landet. Dei inspirerer tilsette i kommunar, frivillige organisasjonar og eldre sjølv til meir mat- og måltidsglede. Det er mellom anna utarbeidd ei eiga heimeside, e-læringskurs og podcastar mv.

Tiltaka er eit samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet og statsforvaltarane. I løpet av 2021 vil det bli utvikla ein felles mal for korleis resultata av matgledekorpsa sitt arbeid kan samlast og systematiserast.

Nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping

Innovasjon og næringsutvikling i produksjon av mat med lokal identitet er viktig for å kunne ha sterke og innovative små og store verksemder. Regjeringa vil bidra til å auke tilgangen til lokale matprodukt for forbrukarane. Sjå nærare omtale under kat. 15.30.

Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å informere betre om regelverket og gjere det meir tilgjengeleg. Å kommunisere og dele kunnskap med verksemder, bransjeorganisasjonar og kompetansenettverk er viktig for utviklinga på lokalmatområdet.

Langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvenleg produksjon

Det er aukande merksemd nasjonalt og internasjonalt om utvikling av berekraftige matsystem. Mellom anna har EU i 2020 lagt fram sin Farm to Fork-strategi for eit berekraftig, sunt og rettferdig matsystem som ein del av Europas grønne giv. FN held hausten 2021 ein verdskonferanse om matsystem som eit ledd i arbeidet med skape framgang for dei 17 berekraftsmåla fram mot 2030, som alle til ein viss grad er knytte til sunnare, meir berekraftige og rettferdige matsystem. Begge desse initiativa vil òg ha verknad på matpolitikken i Noreg. Regjeringa vil følgje initiativa og utvikle relevante norske tiltak også innanfor matområdet.

Matsvinn er identifisert som ei av utfordringane på nasjonalt nivå for å oppfylle FNs berekraftmål om å halvere matsvinnet per innbyggjar på verdsbasis innan 2030. Bransjeavtalen om redusert matsvinn frå 2017 dannar grunnlag for samarbeid mellom styresmakter og alle ledd i matverdikjeda om å fremje betre utnytting av ressursar og råstoff gjennom førebygging og reduksjon av matsvinn i heile matkjeda. Landbruksdirektoratet fekk i 2019 ansvaret for å utarbeide statistikk for matsvinn i jordbrukssektoren. Statistikken vil bli publisert for første gong i 2021, og vil bli publisert årleg heretter.

Det vil bli arbeidd med å redusere bruk og risiko for negative helse- og miljøeffektar ved bruk av plantevernmiddel, i tråd med gjeldande Handlingsplan for bærekraftig bruk av plantevernmidler. I dette arbeidet er det viktig med integrert plantevern, der ein i størst mogleg grad nyttar alternativ til kjemiske plantevernmiddel. Godt samarbeid mellom næringa, rådgivingstenesta, kunnskapsinstitusjonar og styresmakter er sentralt for å kunne nå måla i handlingsplanen.

Regjeringa sin havbruksstrategi Et hav av muligheter tek utgangspunkt i at berekraftig havbruk vil bidra til at mat frå havet blir ein viktig kjelde til matsikkerheit og ernæring og slik kan bidra til å oppfylle FNs bærekraftsmål. Skal Noreg lukkast som havbruksnasjon framover, må vi mellom anna sikre god marknadstilgang og finne løysingar på berekraftsutfordringar. Her speler god fiskehelse og -velferd ei nøkkelrolle.

Ytterlegare omtale av arbeidet for å sikre langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvenleg produksjon finst under kat. 15.30.

I Prop. 1 S (2021–2022) frå Nærings- og fiskeridepartementet er sjømat omtalt.

Kompensasjon etter avvikling av pelsdyrhald

Forbodet mot hald av pelsdyr trer i kraft 1. februar 2025 for oppdretterar som hadde pelsdyr 15. januar 2018. Avviklingstakta i næringa har vore høg etter at forbodslova blei vedteken av Stortinget sommaren 2019. Om lag 95 pst. av pelsdyroppdretterane har avvikla drifta etter at dei dåverande regjeringspartia i januar 2018 varsla at dei ville foreslå forbod mot pelsdyrhald.

I juni 2021 vedtok Stortinget endringar i dei lovfesta reglane om økonomisk kompensasjon etter avvikling av pelsdyrhald. Departementet er i dialog med ESA om erstatnings- og kompensasjonsordningane til pelsdyroppdretterane, slik desse følgjer av Stortingets lovvedtak og oppmodingar ved handsaminga av Prop. 122 L (2020–2021), er i tråd med EØS-reglane om statsstøtte. Departementet tek sikte på at lovendringane kan ta til å gjelde når tilbakemelding frå ESA ligg føre.

Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

50

Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Veterinærinstituttet

119 654

103 049

104 866

Sum kap. 1112

119 654

103 049

104 866

Post 50 Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Veterinærinstituttet

Formål med løyvinga

Veterinærinstituttet (VI) er eit biomedisinsk forvaltnings- og forskingsinstitutt innan dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik. Instituttet er organisert som eit statleg forvaltningsorgan med særskild fullmakt. Verksemda arbeider med forsking, forvaltningsstøtte og oppdrag i marknaden. Instituttet har hovudkontor på Ås, og fem regionale kontor frå Sandnes i sør til Tromsø i nord.

VI skal innan områda dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og fôr- og matvaretryggleik, vere den leiande kunnskapsleverandøren til forvaltninga.

VI har følgjande mål:

  • Hovudmål: God helse hos dyr, fisk og menneske

    • Delmål: Kunnskapsbasert forvaltning

    • Delmål: God beredskap

    • Delmål: Konkurransekraftige bionæringar

Instituttet får løyvingar til oppgåvene sine innan dyrehelse, fôrtryggleik, dyrevelferd og mattryggleik over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet. Oppgåvene innan fiskehelse og enkelte område innan sjømattryggleik blir finansierte over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. Forsking er ein sentral del av verksemda til VI og er omtalt under kap. 1137.

Løyvinga på denne posten skal hovudsakeleg nyttast til:

  • Arbeid med kunnskapsutvikling, rådgiving, diagnostisk arbeid og laboratoriestøtte når det gjeld førebygging, oppklaring og handtering av alvorlege smittsame sjukdommar hos landdyr og sjukdom som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar).

  • Bidrag i førebygging og handtering av kriser som kjem av smittestoff og andre helseskadelege stoff i fôr og mat.

  • Kunnskapsformidling til næringa, fagpersonell og dyreeigarar.

  • Samarbeid med styresmaktene og næringslivet om å utvikle berekraftig bioøkonomi i Noreg.

Rapportering 2020

I internasjonal samanheng vurderer VI status for norsk landdyrhelse og mattryggleik som svært god.

VIs viktigaste kunnskapsgrunnlag for å uttale seg om situasjonen for norsk landdyrhelse er prøvene som blir undersøkte på grunn av sjukdom eller mistanke om sjukdom. Desse stammar hovudsakeleg frå overvakingsprogram som instituttet gjennomfører for Mattilsynet, Miljødirektoratet og i kontrolloppdrag for næringane. I 2020 undersøkte instituttet om lag 190 000 slike prøver. Talet på prøver som blei undersøkte på grunn av mistanke om meldepliktig sjukdom hos landdyr eller listeført sjukdom hos fisk, auka med om lag 30 pst. samanlikna med året før. Prøver analysert i overvakingsprogramma blei redusert med om lag 15 pst.

Fleire sjukdomsutbrott og hendingar kravde store ressursar ved instituttet i 2020.

Den klassiske, smittsame varianten av hjortedyrsjukdommen skrantesjuke blei i 2020 påvist på ein villrein på Hardangervidda. Dette var den første påvisinga av klassisk skrantesjuke utanfor Nordfjella sone 1. Til saman undersøkte VI om lag 22 500 prøver frå hjortedyr for denne sjukdommen i 2020. Instituttet har gitt råd til Mattilsynet om moglege tiltak og gjort nye berekningar av potensiell førekomst av smitta reinsdyr på Hardangervidda.

I 2020 byrja ein endra variant av høgpatogent fugleinfluensavirus å sirkulere i Europa, og smitten blei påvist i ei gås på Jæren i november 2020. Dette var første gongen at høgpatogen fugleinfluensa er påvist i Noreg. Til saman blei smitte påvist i ti ville fuglar og fire fuglar i eit parkfuglehald i eit geografisk område frå Agder til Bergen. VI har gjort faglege vurderingar for Mattilsynet om korleis ein kan førebyggje introduksjon av smittestoffet til kommersielt fjørfehald og handtere situasjonen hos villfugl.

VI etablerte i 2020 ein metode for påvising av SARS-CoV-2 etter at det blei påvist smitte med viruset hos mink i Nederland og Danmark. Veterinærinstituttet overvaka situasjonen hos dyr internasjonalt og har gitt råd til Mattilsynet om tiltak i Noreg. Det blei òg gjennomført ei mindre helsekartlegging i norske pelsdyrfarmar utan at smitte blei påvist.

Etter at sauesjukdommen mædi i 2019 blei påvist for første gong sidan 2005, har instituttet i 2020 støtta Mattilsynet med undersøking av fleire tusen prøver og gitt råd og vurderingar knytt til den vidare handteringa.

Beredskapsrolla til VI og deira evne til samhandling med Mattilsynet og til dels også Miljødirektoratet, har blitt testa gjennom dei sjukdomsutbrotta ein har sett i 2020. I tillegg er kommunikasjonsprosedyrar og bruk av handteringsverktøyet VETCIM i beredskapshendingar gjennomgått saman med Folkehelseinstituttet.

Etter at Koronapandemien nådde Noreg, har VI kontinuerleg vurdert beredskapsevna for på best mogleg måte å bidra til å sikre norsk matforsyning. Det blei lagt vekt på å vurdere fare for sjukdomsutbrott hos dyr, sårbarheit med tanke på å halde ved lag kritisk bemanning i tillegg til helsesituasjonen til medarbeidarane. Etter ei risikovurdering i april auka instituttet beredskapsnivået for å kunne ha nok tilsette innan det som blei vurdert som kritisk viktig diagnostikk.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 104,9 mill. kroner.

Helsa til menneske og dyr og tilstanden til økosystema dei lever i, er knytt saman, og om dette nytter ein omgrepet Ei helse. VIs arbeid skal i tråd med hovudmålet verne om den gode dyrehelsa og mattryggleiken i Noreg. Det blir stadig viktigare å overvake og ha god kunnskap om sjukdommar som kan overførast mellom dyr og menneske (zoonosar).

Globalisering og klimaendringar kan utfordre den gode husdyrhelsa i Noreg. Instituttet vil difor leggje vekt på forsking og kunnskapsutvikling som sikrar og vidareutviklar den nasjonale beredskapen mot kjende og nye helsetrugsmål, med særleg vekt på konkrete førebyggjande tiltak i næring og forvaltning.

VI legg FNs berekraftsmål til grunn for aktiviteten og vil kontinuerleg vidareutvikle kompetanse og metodar for framleis å vere i front innan sine fagområde. Det vil bli lagt auka vekt på førebyggande beredskap og prosjektbasert og risikobasert diagnostikk, og å modernisere arbeidet ved bruk av ny teknologi og nye metodar.

Instituttet vil leggje stor vekt på å bidra til ei kunnskapsbasert forvaltning ved å møte dei behova Mattilsynet har for kunnskap, råd og laboratoriestøtte på kjerneområda til instituttet.

Kunnskapsutvikling, overvaking og rådgiving om antibiotikaresistens og skrantesjuke vil framleis vere viktig.

I arbeidet med å førebyggje sjukdom og å tryggje god dyrehelse er det viktig at VI òg gir råd til veterinærar, næring og forvaltning innan smittevern og biotryggleik. For å møte behova i matforvaltninga og næringa, vil instituttet leggje vekt på arbeidet ved det etablerte kompetansesenteret for produksjonsdyr. Dei fleste hovudaktivitetane ved senteret har base i Sandnes, men det er òg tilsette som arbeider med produksjonsdyrhelse i Tromsø, Trondheim og Ås, noko som fører til at senteret får ei god nasjonal dekning og tilgang på god kompetanse. Aktivitetane ved senteret skal komme til nytte for produksjonsdyrnæringa og forvaltninga i heile landet.

VIs arbeid for god beredskap vil i hovudsak bli retta mot meldepliktige/listeførte sjukdommar definert i forskrift, og andre alvorlege kjente eller ukjente tilstander. Beredskapsarbeidet vil vere innretta mot å

  • Gjennom overvaking og analyse føreseie den nasjonale og internasjonale helsesituasjonen

  • førebyggje ved å etablere beredskapsplanar, forstå sjukdomsmekanismar og risikofaktorar

  • oppdage og ha kunnskap om eventuelle smitte- og sjukdomssituasjonar

  • nedkjempe sjukdommar ved å yte bistand til Mattilsynet med råd, analysar og diagnostikk

VI vil leggje vekt på å støtte styresmakter og næringane i vidareutvikling av konkuransekraftige bionæringar. Instituttet sitt viktigaste bidrag her er forskingsbasert kunnskapsstøtte for betre å ta hand om helse og velferd i samband med berekraftig produksjon og uttak av biomasse på land og i havet.

Veterinærinstituttet flytta i 2021 inn i nytt veterinærbygg på Campus Ås. Instituttet skal forvalte, drifte og stå som eigar av sin del av bygget på vegne av staten.

Kap. 1115 Mattilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

1 372 346

1 375 767

1 404 069

22

Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser

274

13 251

13 185

71

Tilskott til erstatningar, overslagsløyving

3 469

4 200

4 200

Sum kap. 1115

1 376 089

1 393 218

1 421 454

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn og kontroll med at regelverket om mattryggleik, plantehelse, dyrehelse, dyrevelferd, kvalitet og forbrukaromsyn blir etterlevd i heile matproduksjonskjeda.

Mattilsynet fører òg tilsyn og kontroll med at regelverket blir etterlevd på andre område. Dette gjeld mellom anna regelverk om dyrehelsepersonell, planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, husdyravl, kosmetikk og kroppspleieprodukt, og omsetnad av reseptfrie legemiddel utanom apotek.

Mattilsynet har òg oppgåver knytte til regelverksutvikling og internasjonalt arbeid. Området er sterkt påverka av internasjonale rammevilkår.

Den enkelte verksemda har ansvar for å kjenne til og etterleve regelverket. Aktiv rettleiing frå Mattilsynet om regelverket er viktig. Mattilsynet vil bruke dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde når det er naudsynt for å sikre etterleving av regelverket.

Mattilsynet vil arbeide etter desse måla:

  • sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn

  • fremje god helse hos planter, landdyr og fisk

  • fremje god dyrevelferd og respekt for dyr

  • fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

  • vareta miljøvenleg produksjon

Innanfor rammene av dei måla som er sette i lovgivinga, vil Mattilsynet samstundes arbeide på ein slik måte at det tek omsyn til aktørane langs heile matproduksjonskjeda. Det omfattar òg marknadstilgang i utlandet.

Hovudverkemidla i arbeidet er å

  • utvikle regelverk

  • rettleie om regelverk

  • handheve regelverk

  • overvake status og utvikling på området

  • ha god beredskap for handtering av hendingar og kriser

Folkehelseinstituttet, Havforskingsinstituttet, Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet yter kunnskapsstøtte til Mattilsynet og har ein fagleg beredskap med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa.

Mattilsynet innhentar uavhengige risikovurderingar frå Vitskapskomiteen for mat og miljø når det trengst i regelverksarbeidet og den utøvande forvaltninga.

Rapportering 2020

Målet om helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn

Trygg mat

Mattryggleiken i Noreg er god med lite smittestoff i maten og få utbrott av matborne infeksjonar jamført med land det er naturleg å samanlikne seg med. Det er òg få overskridingar av grenseverdiane i overvakingsprogramma for framandstoff.

Kvart år blir det til saman registrert 5 000–7 000 tilfelle av mat- og vassborne infeksjonar i Noreg. I 2020 var det campylobacteriose som førte til flest registrerte tilfelle av sjukdom, mens salmonella-bakteriar og E. coli-bakteriar var årsak til ein mindre del av dei registrerte tilfella. Det blei òg registrert tre nasjonale utbrott av yersinose, mellom anna knytt til ferdigvaska salatprodukt. Det reelle talet på infeksjonar er høgare enn dei registrerte tilfella.

Mattilsynet kartlegg og overvaker førekomst av framandstoff i mat for å vurdere tilstand og for å rapportere data til mellom anna EU. Det sikrar eit godt kunnskapsgrunnlag for å vurdere og handtere risiko og for å fastsetje relevante grenseverdiar for å verne befolkninga mot helseskadar. Mattilsynet bidreg med mykje data for fisk og sjømat til EU. For å bidra med data til regelverksarbeidet i EU, har Mattilsynet òg analysert barnemat og te for ulike plantegifter.

Havforskingsinstituttet har på oppdrag frå Mattilsynet oppdatert kunnskapsgrunnlaget sitt om mattryggleik for tang og tare. Dette er eit viktig grunnlag for utvikling av regelverk og tilsyn og for å gi råd til forbrukarane og næringa. Analysedata om innhald av metall og jod i tang og tare er sendt til EFSA som eit bidrag til utviklinga av regelverk om tang og tare i EU.

Smilefjestilsynet starta opp i 2016, og har vist seg å vere ein effektiv metode for å heve nivået på hygienen i serveringsnæringa. I 2020 utførte Mattilsynet om lag halvparten så mange smilefjestilsyn som året før. Dette må sjåast i samanheng med færre fysiske tilsyn på grunn av koronapandemien, men òg at mange av serveringsstadene har halde stengt i denne perioden.

Mattilsynet har oppmoda næringane til å utarbeide nasjonale bransjeretningsliner for god hygiene slik at næringane sitt eige arbeid for betre mattryggleik blir styrkt.

Trygt drikkevatn

Det er om lag 1400 vassforsyningssystem i Noreg som kvar forsyner meir enn 50 fastbuande personar, og nesten 90 pst. av befolkninga får drikkevatn frå desse forsyningssystema.

Kvaliteten på drikkevatnet er generelt god, og få blir sjuke av vatnet frå krana. Likevel oppstår det i nokre tilfelle hendingar der drikkevatnet kan vere ei smittekjelde. Dei største truslane mot trygt drikkevatn er gamle eller dårleg vedlikehaldne vassleidningar og drikkevassbasseng. I tillegg er manglande leveringstryggleik ein trugsel ved mange vassforsyningssystem.

Mattilsynet har prioritert å følgje opp eigarane av større drikkevassanlegg utan god nok leveringstryggleik. Tilsyn, rettleiing og anna oppfølging viser at planar for tiltak som betrar leveringstryggleiken kjem på plass fleire stader.

Kosmetikk og kroppspleieprodukt

Førekomsten av ulike ulovlege stoff i kosmetikk eller stoff tilsett i mengder som kan gi helseskade, er ei utfordring. Både førekomst av, og mangel på kunnskap om, stoff i kosmetikk kan gi helseskadelege effektar. Biverknader og villeiande informasjon er òg ei stor utfordring.

Arbeidet med oppdatering og forbetring av informasjon til næringsaktørane og forbrukarane på nettsidene til Mattilsynet blei starta opp i 2020.

Målet om å fremje god helse hos planter, landdyr og fisk

Plantehelse

Plantehelsa i Noreg er god samanlikna med andre europeiske land, men auka import aukar faren for å få inn nye alvorlege planteskadegjerarar som kan føre til store konsekvensar for miljøet og samfunnet. Også i 2020 erfarte Mattilsynet at skadegjerarar blei introdusert gjennom import.

Pærebrann blei påvist i tre fruktplantingar i Rogaland i 2020. Alle fruktplantingane var nyetablerte felt med importerte epletre. I ei av plantingane var det felt med omfattande skadar på trea. Dette er første gongen pærebrann er funne i kommersiell fruktproduksjon i Noreg.

Landdyrhelse

Noreg har friske dyr og få tilfelle av smittsame dyresjukdommar. Dette har stor verdi både nasjonalt og for moglegheitene for eksport av levande dyr og produkt av desse. Ei restriktiv haldning i næringa til innførsel av levande dyr er viktig for å kunne halde ved lag den gode statusen på landdyrhelsa.

Handteringa av skrantesjuke er eit langsiktig arbeid som har vore ei av hovudprioriteringane til Mattilsynet òg i 2020. I september blei det påvist klassisk skrantesjuke i ein villrein frå Hardangervidda. Mattilsynet og Miljødirektoratet bad etter påvisinga Vitskapskomiteen for mat og miljø gjere ei risikovurdering for å ha eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag for å vurdere og tilrå tiltak.

Nedkjempinga av sauesjukdommen mædi er òg eit langsiktig arbeid. I tillegg til oppfølging av smitta besetningar og kontaktbesetningar, er alle kjente sauebesetningar i Trøndelag testa for mædi. Fire besetningar med mædi blei funne. Desse hadde ikkje kjent kontakt til det utbrottet i Trøndelag sommaren 2019, og hadde ikkje blitt avdekt utan kartlegginga.

Høgpatogen fugleinfluensa blei i 2020 påvist hos villfugl for første gongen i Noreg. Tilstanden blei nøye overvaka, då det vil ha store konsekvensar om sjukdommen blir overført til kommersielle fjørfehald.

Mattilsynet gjennomfører dei tiltaka som etaten har ansvar for ifølgje handlingsplanen mot villsvin.

Fiskehelse

Berekraftig vekst av oppdrettsnæringa avheng av god fiskehelse og fiskevelferd. I dag er helse- og velferdssituasjonen for fisken i norsk oppdrettsnæring ikkje tilfredsstillande. Det er framleis utfordringar med virussjukdommar og produksjonssjukdommar. Det er òg ein aukande førekomst av bakterien Pasteurella.

Mattilsynet har forbetra sine planar for handtering av laksesjukdommen ILA og ILA-frie segment for å sikre betre samsvar med gjeldande EØS-regelverk og følgje opp funn i ESAs rapport frå 2019. Forbetra rutinar gjer at ein no langt raskare kan etablere kontrollområde ved nye ILA-utbrott. Samstundes er det no etablert ein samanheng mellom ikkje-sjukdomsframkallande virus i settefiskanlegg og utbrott av sjukdom i sjø. Dette, saman med kategorisering av ILA som C-sjukdom i nytt EØS-regelverk (Animal Health Law), gjer at handsaminga av ILA må endrast.

Spreiinga av sjukdommen pancreas disease (PD) nordover frå PD-sona (som strekkjer seg frå Jærens rev ved Søre Revtangen til Skjemta, Flatanger) er stoppa utan krav til utslakting av fisken. Det er oppløftande at denne sjukdommen under enkelte forhold kan avgrensast utan dei mest inngripande tiltaka.

Mattilsynet har sendt ESA ein søknad om å få godkjent eit oppdatert program for nedkjemping av Gyrodactylus salaris.

Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr

Landdyrvelferd

Dyrevelferda for landdyr er i hovudsak god, sjølv om det òg er utfordringar. Kronisk dårlege dyrehald er ei utfordring som krev tett oppfølging og mykje ressursar. Dei siste par åra har det vore ein del merksemd om manglar ved dyrevelferda hos svin. I 2020 planla Mattilsynet difor ein landsdekkjande tilsynskampanje på svin for å få meir kunnskap om status.

Mattilsynet fekk 12 406 bekymringsmeldingar om dyrevelferd. Det er ikkje naudsynt eller mogleg å følgje opp alle meldingane med fysisk tilsyn. Ei ny retningsline for handtering av bekymringsmeldingane skal mellom anna sikre ein effektiv og målretta bruk av ressursane i dei mest alvorlege sakene.

Mattilsynet held fram det gode samarbeidet med aktuelle aktørar, både andre styresmakter og dyreeigarar, for å redusere tap på utmarksbeite og i situasjonar med tap av beitedyr til rovvilt.

Ved utgangen av året var det etablert dyrekrimgrupper i seks politidistrikt, fordelt på alle dei fem regionane i Mattilsynet. Arbeidet lokalt har stort sett utvikla seg positivt, trass i nokre utfordringar med ressursmangel og omprioriteringar i politiet.

Fiskevelferd

Norsk oppdrettsnæring har framleis utfordringar med at for mange fisk døyr. Det høge talet på fisk som døyr er ein klar indikasjon på dårleg velferd. Lakselus er framleis eit stort problem og behandling mot lus utfordrar fiskevelferda. Dødstala varierer mellom ulike anlegg og i ulike delar av landet, og det tydar på at det er mogleg å redusere dødstala. Dette gjeld både laksefisk og reinsefisk.

I 2020 gjennomførte Mattilsynet 270 tilsyn knytt til velferd for reinsefisk basert på dei funna som blei gjorde under reinsefisk-kampanjen i 2018–2019. Formålet med tilsyna var å sikre at reinsefisken får ei rett handsaming ut frå omsynet til fiskevelferda.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

Mange verksemder er framleis ikkje gode nok til å følgje krava til merking.

Ulovlege medisinske påstandar blir nytta på ein del kosttilskott. I eit nasjonalt tilsynsprosjekt om ulovlege påstandar om kosttilskott, avdekte Mattilsynet brott på regelverket for alle produkta som blei kontrollerte.

Førekomsten av genmodifisert mat og fôr på den norske marknaden er generelt låg.

Målet om å vareta miljøvenleg produksjon

Økologiregelverket skal mellom anna vareta omsynet til forbrukartillit til økologiske produkt. Kontrollsystemet for økologisk produksjon fungerer i hovudsak tilfredsstillande, men det er behov for forbetringar på nokre område, mellom anna må nokre verksemder få betre rutinar for mottakskontroll og merking av produkt.

Frå 2016 har bruken av lækjemiddel mot lakselus hatt ein årleg reduksjon. Forbruket er framleis lågare enn i 2011 målt i kilo, på tross av ein viss auke i bruk av enkelte lækjemiddel i 2020 samanlikna med året før.

Kontrollverksemd viser manglande etterleving av regelverket blant ein del av dei som brukar plantevernmiddel.

Matproduksjon avheng av gjødselvarer av høg kvalitet. Noreg og EU arbeider med endringar i gjødselregelverket for å leggje til rette for den sirkulære økonomien, samstundes som helse- og miljøomsyn blir varetatt.

Internasjonalt arbeid og regelverksutvikling

Mattilsynet bidreg gjennom EØS-avtalen inn i EUs regelverksarbeid og varetek norske omsyn.

Mattilsynet deltok i 2020 i omlag 180 møte i EU i samband med utvikling av regelverk. I første tertial var møteverksemda i EU sterkt prega av koronapandemien. Sidan slutten av april 2020 har alle møta på matområdet i EU blitt haldne digitalt. Mattilsynet deltok òg i dei tre standardsettande organa (Codex Alimentarius, OIE, IPPC), EPPO og Nordisk ministerråd

Marknadstilgang

Noreg eksporterte 2,71 mill. tonn sjømat for 105,7 mrd. kroner i 2020. Det var òg auka etterspørsel etter norske avlsprodukt frå storfe og svin. Mattilsynet har ei viktig rolle for norsk tilgang til marknader utanfor EØS-området. Innsatsen i internasjonale standardsettande organ er viktig for å bidra til føreseielege rammer for handel, og for å vareta norske interesser.

Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking

Koronapandemien har ført til endringar i korleis Mattilsynet jobbar, mellom anna gjennom auka bruk av data og digitale verktøy i kontrollverksemda. Kommunikasjon og rettleiing er viktige verkemiddel for å hjelpe verksemdene i å følgje regelverket, og i å ta informerte val.

Mattilsynet prioriterer og tilpassar overvakings- og kartleggingsprogramma slik at dei skal fange opp det aktuelle risikobiletet av tilstanden i Noreg. Mattilsynet har teke i bruk første del av eit nytt system for kjøttkontroll (MAKKS). Dette inneber at informasjon om dyr til slakt, blir henta inn frå ulike kjelder og send digitalt frå slakteria til Mattilsynet i god tid før slakting. Systemet har stor nytteverdi for slakteria og inneber meir risikobasert og effektiv kjøttkontroll.

Talet på klagesaker gjekk noko ned i 2020. Mattilsynet tok i mot 309 klagesaker og handsama 281. Vedtak i første instans blei stadfesta i 78 pst. av sakene og omgjort i 19 pst. Klaga blei trekt eller avvist i 4 pst. av sakene. Gjennomsnittleg handsamingstid auka i 2020.

Innanfor Mattilsynets forvaltningsområde blei til saman 35 straffesaker handsama av domstolane i 2020 mot 26 straffesaker i 2019. Talet på saker melde til politiet ligg på same nivå over tid. Brott på reglane om dyrevelferd dominerer, både i sivile og strafferettslege saker.

Kommunikasjon og rettleiing

Mattilsynet kommuniserer og rettleier i mange kanalar; på tilsyn, i telefon, på e-post, på Facebook, på eigne og andre sine nettsider og i møter med aktørar i ulike næringar. Nasjonalt gjennomfører Mattilsynet regelmessige møte med eksterne målgrupper på dei fleste områda. Regionalt og lokalt deltek Mattilsynet i mange forum med samarbeidande etatar og representantar for verksemdene dei fører tilsyn med.

Koronapandemien har skapt særskilde informasjonsbehov hos verksemder og enkeltpersonar. Mattilsynet har rettleia meir og hatt dialog med aktørar i næringsmiddelindustrien, landbruket, sjømatnæringa og produsentar av drikkevatn.

Organisatoriske forhold

Mattilsynet har teke del i den nasjonale innsatsen i koronapandemien og handtert dei kritiske samfunnsfunksjonane etaten har ansvar for, og samstundes teke vare på eigne medarbeidarar. Handteringa har kravd ressursar som har gjort at enkelte oppgåver er utsette. Pandemien har òg vore ein viktig drivar for raskare endring av samhandlingsmønster, arbeidsmetodar og auka bruk av digitale plattformer.

Som ledd i oppfølginga av KPMG-rapporten, har Mattilsynet i 2020 prioritert å gjennomføre eit forbetringsarbeid knytt til mellom anna forvaltningskvalitet.

IKT-tryggleiken i Mattilsynet er god, sjølv om trusselsituasjonen stadig utviklar seg. Ein sentral del av evna til å oppdage truslar, er deltakinga i Landbruks- og Mat-CERT. Mattilsynet deltok òg i øvinga Digital 2020.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 404,1 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Mattilsynet.

Framlegget inneber ein auke i Mattilsynets budsjett knytt til digital dialog og deling av data med 10 mill. kroner.

Aktørane i matkjeda treng digitale tenester for rapportering og tilgang til data som bidreg til auka verdiskaping i næringa og i samfunnet. Ein betre digital dialog med aktørane i matkjeda vil føre til at desse får betre tenester ved deling av data. Mattilsynet kan med dette òg målrette og effektivisere den offentlege kontrollen, mellom anna knytt til dyrevelferd.

Målet med satsinga er å bidra til auka verdiskaping i matkjeda gjennom å dele data som kan forbetre og effektivisere næringa sin produksjon. Mattilsynet vil ta del i digitale økosystem gjennom bruk av felles datakjelder, fellesløysingar og betre standardiseringar for brukarane.

Løyvinga er vidare er redusert med 13,7 mill. kroner som følgje av ny premiemodell for pensjon.

Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid

Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Codex Alimentarius Commission, OIE og IPPC legg viktige premissar for regelverksutviklinga internasjonalt. Som følgje av EØS-avtalen blir grunnlaget for det norske regelverket hovudsakleg utvikla i EU. Nærare 90 pst. av alle nye forskrifter og forskriftsendringar på Mattilsynet sitt ansvarsområde er knytte til oppfølging av EØS-avtalen. Mattilsynet vil følgje aktivt med i dei sentrale delane av arbeidet i desse organisasjonane.

Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i internasjonale forum. I det internasjonale regelverksarbeidet er det viktig med tidleg og god dialog med relevante interessentar. Mattilsynet vil ta aktivt del i arbeidet i EU med å utvikle nytt regelverk i samsvar med norske synspunkt og vil prioritere regelverksområde der Noreg kan ha særlege interesser. Oppfølging av EUs «Farm to Fork»-strategi for eit sunt, berekraftig og rettferdig matsystem, som er ein del av Europas grønne giv, vil stå sentralt i EUs arbeid på matområdet framover.

Mattilsynet skal òg bidra til å følgje opp dei internasjonale pliktene til rett tid, og slik at gjennomføringa i norsk rett skjer på ein mest mogleg formålstenleg og brukarvenleg måte.

Regjeringa legg vekt på forenkling for næringane og brukarane.

Rettleiing, tilsyn og områdeovervaking

God kjennskap til regelverket er viktig for å kunne etterleve det. Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å styrkje dialogen med næringane og forbrukarane med meir og betre rettleiing. Mattilsynet vil leggje auka vekt på å gi brukarane betre rettleiing om kva for reglar som gjeld, korleis regelverket blir tolka, og kva dei vil ha særskild merksemd på ved tilsyn.

Betre kvalitet i tilsynsarbeidet og betre kommunikasjon med brukarane er òg ein stor del av oppfølginga av den eksterne granskinga av Mattilsynet hausten 2019, jf. omtale under kategori 15.10.

Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold og aktuell risiko skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn. Mattilsynet vil vere løysingsorientert i møte med verksemdene, samstundes som ein praktiserer mest mogleg lik handsaming av verksemdene ved rettleiing, tilsyn og kontroll. Det er verksemdene sjølve som har ansvaret for å kjenne til regelverket og finne løysingar som gjer at dei etterlever det. Mattilsynet fører tilsyn med at regelverket blir etterlevd.

Mattilsynet legg vekt på å ha effektive og målretta inspeksjonar med færre kontrollpunkt. Slike tilsyn kan vere ein del av den faste tilsynsrutinen eller danne grunnlag for utvikling av store og små tilsynskampanjar. Smilefjestilsynet i serveringsverksemder er eit døme på dette.

Regelverket for offentleg kontroll krev at det skal vere eit effektivt, einskapleg og heilskapleg tilsyn. Tilsynet skal vere risikobasert og skje på det leddet i matproduksjonskjeda der verknaden er størst. Dette krev god kunnskap om tilstanden på dei ulike områda. Nasjonale kontrollplanar skal liggje til grunn for prioritering og rapportering.

Mattilsynet forvaltar òg regelverk som ikkje er direkte knytte til risiko for helsa til folk, dyr eller planter, til dømes at merking av mat ikkje villeier forbrukarane. Også på desse områda er det viktig med målretta og effektivt tilsyn.

Mattilsynet vil innrette arbeidet med kartlegging og overvaking slik at arbeidet blir målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram som følgjer av internasjonale avtalar eller norske tilleggsgarantiar, vil ha prioritet. Så langt råd vil programma bli tilpassa slik at dei skal fange opp det aktuelle risikobiletet i Noreg.

Mattilsynet vil arbeide vidare for å motverke matsvindel nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet er prioritert i EU.

Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn

Arbeidet med å etterleve regelverket og halde oppe gode hygieniske forhold i alle verksemder i matproduksjonskjeda krev at verksemdene har kontinuerleg merksemd i tillegg til aktivt og målretta arbeid frå Mattilsynet.

Regelverket om hygiene og kontroll legg vekt på at verksemdene sjølve har ansvaret for å etterleve krava og ha naudsynte system, rutinar og tiltak som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda frå og med primærproduksjon til og med omsetnad til forbrukarane. Dette gjeld òg ved import.

Mattilsynet skal ha særskild merksemd på at dei særlege garantiane som Noreg har i EØS-avtalen når det gjeld salmonella i sendingar til Noreg av ulike slag kjøtt og egg, blir følgde opp på rett vis av dei verksemdene som driv internasjonal handel med slike matvarer.

Mattilsynet vil halde fram med å utvikle nytt regelverk og nye tilsynsmetodar som kan bidra til tryggare forhold ved import og omsetnad av kosttilskott og liknande næringsmiddel.

Tilsyn med at vassforsyningsverksemdene og kommunane følgjer opp krava i drikkevassforskrifta, er viktig for å sikre trygg vassforsyning til innbyggjarane. Dette er i samsvar med gjennomføringsplanen for nasjonale mål for vatn og helse, som blei fastsett av regjeringa i 2014, og FNs berekraftsmål 6. Mattilsynet skal delta i dette arbeidet i samsvar med Meld. St. 19 (2018–2019) Folkehelsemeldinga. Mattilsynet skal dessutan delta i arbeidet med rullering av vassforvaltningsplanane med sikte på at nasjonale føringar på drikkevassområdet blir følgde opp.

Målet om å fremje god helse hos planter, landdyr og fisk

God plante-, landdyr- og fiskehelse er viktige føresetnader for produksjon av trygg mat og for verdiskaping i næringane. Det er viktig å ha gode tiltak og rutinar hos næringsaktørane for å førebyggje introduksjon og spreiing av sjukdom og skadegjerarar.

Mattilsynet vil arbeide for at helsetilstanden hos planter, landdyr og fisk skal vere god. Førebyggjande tiltak og god beredskap mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame sjukdommane hos landdyr og fisk er viktig. Dette er òg viktig for å hindre utbrott av dyresjukdommar som òg kan gi sjukdom hos menneske (zoonosar).

Det er viktig å overvake og halde fram med tiltak som held antibiotikaresistensen i norsk husdyrhald og havbruk på eit lågt nivå. Mattilsynet vil ha ei rolle i arbeidet med revidert handlingsplan mot antibiotikaresistens. Mattilsynet vil vidare følgje opp arbeidet knytt til antibiotikaresistens i internasjonale forum.

Mattilsynet vil prioritere arbeidet mot skrantesjuke. Viktige oppgåver er å kartleggje utbreiinga, leggje til rette for å etablere ein ny villreinflokk i Nordfjella, følgje opp vedteke handsaming av klassisk skrantesjuke på Hardangervidda og bidra til å utforme den langsiktige forvaltninga av skrantesjuke. Tiltaka har stor verdi for å hindre spreiing av smitte til ville hjortedyr og tamrein, og er viktige for å kunne ta vare på næringsgrunnlaget til dei som utøver reindrift. God dokumentasjon av tilstanden i Noreg er viktig.

Mattilsynet vil framleis prioritere å følgje opp handlingsplanen mot villsvin i Noreg.

Mattilsynet vil framleis prioritere arbeidet med fiskehelse, mellom anna gjennom arbeidet for å redusere førekomsten av lakselus og kampen mot sjukdommane PD og ILA. Mattilsynet vil følgje opp den vidare tilsynsinnsatsen knytt til dei strengare miljøkrava ved større produksjon i havbruksnæringa.

Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr

Mattilsynet vil leggje vekt på tilsyn med dyrevelferd. Mattilsynet vil utnytte verkemidla i dyrevelferdslova for å fremje god dyrevelferd.

Mattilsynet samarbeider med politiet om ordninga med dyrepoliti i alle dei tolv politidistrikta i landet. Målet er best mogleg handsaming av saker som gjeld alvorleg vanrøkt og overgrep mot dyr, slik at alvorleg kriminalitet mot dyr fører til ei eventuell straffesak og domfelling.

Mattilsynet vil framleis ha merksemd på risikobasert tilsyn med dyrevelferd hos gris i heile landet. Svinehald i næring er omfatta av obligatorisk dyrevelferdsprogram for svin. Programmet inneber eit tettare samarbeid mellom produsentar og veterinærar for å sikre god dyrevelferd, og gode rutinar og dokumentasjon av dyrehaldet.

Mattilsynet vil føre vidare den gode samhandlinga med miljøstyresmaktene ved tap på grunn av rovvilt, jf. rovviltforliket i Stortinget i 2011 og Meld. St. 21 (2015–2016) Ulv i norsk natur.

Mattilsynet vil prioritere arbeidet med fiskevelferd, spesielt i samband med tap i oppdrettsnæringa. Mattilsynet vil òg ha merksemd på å halde oppe god fiskevelferd når oppdrettarar tek i bruk nye behandlingsmetodar og produksjonsformer.

Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn

Mattilsynet vil arbeide for at mat, drikkevatn og innsatsvarer har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og heiderleg omsetnad blir følgt. Regelverket om merking av mat skal sikre at forbrukarane har tilgang til rett informasjon om eigenskapane til maten.

Mattilsynet har òg viktige oppgåver i ernæringsarbeidet, særleg for tilsyn med merking, ernærings- og helsepåstandar, frivillig sunnheitsmerking (Nøkkelhòlet) og arbeid med Matvaretabellen. Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021) som er forlenga til 2023, har tiltak på ansvarsområda til sju departement. Helsedirektoratet koordinerer arbeidet med oppfølginga av planen. Mattilsynet har ansvar for å følgje opp enkelte tiltak i handlingsplanen, mellom anna for trygg mat og merking av matvarer og oversikt over næringsinnhaldet i matvarer.

Mattilsynet vil føre vidare overvakinga av genmodifisert materiale i både fôr og næringsmiddel. Sporforureining av genmodifisert materiale synest å vere størst i fôrvarer.

Mattilsynet vil medverke i oppfølginga av den nasjonale strategien for økologisk landbruk på relevante område.

Målet om å vareta miljøvenleg produksjon

Mattilsynet vil bidra til at formålet i matlova om å vareta miljøvenleg produksjon blir oppfylt. Kvaliteten på og bruken av innsatsvarer som såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôrvarer er avgjerande for ein miljøvenleg produksjon og verkar òg inn på mattryggleiken og kvaliteten på maten.

Arbeidet for å redusere bruken av og risikoen ved bruk av plantevernmiddel vil bli ført vidare med utgangspunkt i gjeldande Handlingsplan for bærekraftig bruk av plantevernmidler. Mattilsynet vil følgje opp aktuelle tiltak relatert til planen og følgje utviklinga av regelverket i EU tett.

Marknadstilgang

Mattilsynet vil bidra i arbeidet med å leggje til rette for marknadstilgang for norske produkt. Godt samarbeid med matstyresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.

Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på at norsk sjømat er trygg og har rett kvalitet. For Noreg, som stor eksportør av sjømat, er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik, dyrehelse og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda.

Mattilsynet utferdar årleg kring 65 000 helsesertifikat og talet kan ventast å auke med 10–15 000 etter at Storbritannia innfører krav om helsesertifikat frå 1. oktober 2021. Majoriteten av sertifikata som Mattilsynet utferdar, gjeld eksport av sjømat. Mateksportforskrifta som trådde i kraft i 2020, samla krav og retningsliner for eksport av mat på ein plass, og medverka til eit meir føreseieleg og effektivt system for eksportsertifikat. Mattilsynet vil arbeide vidare med andre moglege tiltak for å effektivisere sertifikatarbeidet slik at utferdinga på norsk side i så liten grad som mogleg skaper hinder for eksporten. Dette gjeld mellom anna utviding av opningstid og auka fleksibilitet for sertifikatutferding, og arbeid for å få på plass digitale løysingar for utferding og utveksling av helsesertifikat. I arbeidet med digitale helsesertifikat er det avgjerande å samarbeide med andre lands styresmakter, medrekna EU, slik at dei norske systema blir kompatible med mottakarlanda sine system.

Andre område

Dyrehelsepersonell

Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos dyrehelsepersonell, og vil leggje vekt på at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med utlevering og bruk av antibiotika. Registeret over bruken av legemiddel til dyr (VetReg) er eit viktig verkemiddel i overvakinga av bruken av antibiotika til dyr og korleis dyrehelsepersonell føreskriv medisin. Mattilsynet arbeider med forslag til endringar i dyrehelsepersonellova med sikte på å gjere lova klarare og meir framtidsretta.

Kosmetikk

Mattilsynet vil føre tilsyn og følgje opp arbeidet med å utvikle regelverket som skal sikre at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemessig sikre for menneske og dyr. Mattilsynet vil samarbeide med Folkehelseinstituttet om å overvake helseskadelege biverknader ved bruk av kosmetikk og kroppspleieprodukt.

Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 13,2 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje utgiftene for Mattilsynet til reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser.

Post 71 Tilskott til erstatningar

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 4,2 mill. kroner. På posten vil det bli ført utbetalingar til personar som har gitt naudhjelp til dyr etter dyrevelferdslova § 4 om hjelpeplikt, og til veterinærar som har ytt naudhjelp til dyr etter dyrehelsepersonellova § 14 om naudhjelp. På posten vil det òg bli ført utbetalingar for tiltak som er sette i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevelferdslova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå ein eigar.

Kap. 4115 Mattilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Gebyr m.m.

182 031

199 223

202 465

02

Driftsinntekter og refusjonar m.m.

8 468

6 074

6 177

Sum kap. 4115

190 499

205 297

208 642

Post 01 Gebyr m.m.

På posten blir det ført inntekter frå gebyr for særskilde ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar, og gebyr for visse tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.

Ved budsjetteringa er det lagt til grunn ordinær prisjustering av gebyrsatsane.

Post 02 Driftsinntekter og refusjonar m.m.

På posten blir det mellom anna ført diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for anna forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetnad av reseptfrie legemiddel utanom apotek, og oppgåver knytte til miljøretta helsevern for kommunane. Her vil det òg bli ført inntekter frå gebyr for særskilde ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.

Programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

1136

Kunnskapsutvikling m.m.

231 327

239 472

239 797

0,1

1137

Forsking og innovasjon

634 427

596 633

589 588

-1,2

Sum kategori 15.20

865 754

836 105

829 385

-0,8

Inntekter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

4136

Kunnskapsutvikling m.m.

18 533

19 052

19 446

2,1

Sum kategori 15.20

18 533

19 052

19 446

2,1

Mål og strategiar

Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til å nå dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla; matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. For å nå måla og leggje til rette for ei forskingsbasert forvaltning, er departementet oppteken av målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon, at kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning, og ein effektiv og sterk instituttsektor i samspel med andre. I tillegg er ein tett kopling mellom forsking og næringsliv sentralt for å utnytte potensialet i meir effektiv og berekraftig produksjon og utnytting av fornybare biologiske ressursar.

Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

I Meld. St. 4 (2018–2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 er det stadfesta at regjeringa legg vekt på forsking som kan bidra til grøn omstilling, konkurransekraft og innovasjonsevne, i tillegg til kunnskap som kan bidra til å møte dei store samfunnsutfordringane. Landbruks- og matforskinga gir viktige bidrag til å nå måla i langtidsplanen gjennom å leggje til rette for ein berekraftig og kunnskapsbasert landbruks- og matsektor, auka verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar.

Forsking og innovasjon skal bidra til nye og forbetra produksjonsmetodar og auka verdiskaping og berekraft i dei landbaserte bionæringane, samstundes som det blir teke naudsynte omsyn til klima og miljø. Dette sett krav til kunnskap og teknologiutvikling som bidreg til auka produktivitet og best mogleg utnytting av tilgjengelege ressursar, inkludert kunnskap om korleis matproduksjonen blir påverka av og best kan tilpassast til eit endra klima.

Den komplekse samanhengen mellom landbruk, miljø og klima – og korleis desse gjensidig påverkar kvarandre – sett krav til ei heilskapleg tilnærming. Ny kunnskap skal bidra til å nå måla om reduserte klimagassutslepp frå landbruket i tråd klimaavtalen mellom staten og jordbruket og regjeringa sin Klimaplan for 2021–2030 (Meld. St. 13 2020–2021). I tillegg er det behov for kunnskap om berekraftig bruk av areal, der omsyn til miljø og klima blir balansert mot omsyn til næringsutvikling. I regjeringa sin oppdaterte jordvernstrategi (2021) er det sett konkrete mål for å redusere nedbygging av matjord. Vern av dyrka jord må kombinerast med kunnskap som fremjar best mogleg utnytting av tilgjengeleg areal. I Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 blir det vidare vist til behov for kunnskap for å styrkje arbeidet med jordkvalitet, jordhelse og berekraftig bruk av jordbruksareal.

Kunnskap er òg berebjelken i bioøkonomien, der dei mange fornybare biologiske ressursane frå jord, skog og hav blir produserte og utnytta meir berekraftig og effektivt. I tråd med bioøkonomistrategien til regjeringa skal forskingsinnsatsen innan bioøkonomi bidra til auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane på tvers av sektorar og næringar. Bioøkonomien er òg sentral i overgang til ein meir sirkulær økonomi. I Nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi (2021) blir det vist til at dei fornybare bioressursane kan utnyttast betre i sirkulære krinsløp, og at dei kan bidra til å redusere bruken av, eller erstatte, ressursar med større klima- og miljøbelastning.

Auka og meir effektiv bruk av dei fornybare ressursane kan gi oss både auka verdiskaping, nye arbeidsplassar og reduserte klimagassutslepp. Samstundes er det ein viktig føresetnad for ein sirkulær bioøkonomi at auka bruk av ulike restråstoff og avfallsprodukt ikkje skader miljø og helse, til dømes ved spreiing av miljøgifter, smittestoff og andre farlege stoff. Noreg er i ei særstilling med generelt god plante- og dyrehelse og lite bruk av medisinar og kjemikaliar. Ny og oppdatert kunnskap, mellom anna som følgje av klimaendringane, er likevel avgjerande for å halde ved lag den gode plante- og dyrehelsa i Noreg.

Koronapandemien har synleggjort konsekvensane av sjukdommar som kan overførast mellom dyr og menneske. I handlingsplanen for å nå berekraftsmåla blir det vist til betydninga av kunnskap om samanhengen mellom plantehelse, dyrehelse, folkehelse og miljø (Éi Helse), og eit behov for tverrsektoriell innsats for å oppnå god folkehelse og rettferdige, sunne og berekraftige matsystem. I tillegg er antibiotikaresistens ei helseutfordring som òg står høgt på den internasjonale agendaen. Regjeringa legg vekt på å halde oppe innsatsen mot antibiotikaresistens, eit behov som mellom anna er stadfesta i regjeringa sin nasjonale strategi mot antibiotikaresistens (2015–2020). Den tverrsektorielle strategien vil bli ført vidare i ein ny strategi, og det vil også bli utarbeidd ein ny Handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor Landbruks- og matdepartementets sektoransvar.

Utfordringane og kunnskapsbehova landbruks- og matsektoren står overfor, er i stor grad dei same som i andre land, både i Europa og elles. Handlingsplanen for berekraftige matsystem i norsk utanriks- og utviklingspolitikk 2019–2023, Mat, mennesker og miljø viser til at Noreg har gode føresetnader for å bidra til ein global kunnskapsdugnad på område som berekraftig matproduksjon, klimarobuste produksjonsmetodar, mattryggleik og dyrehelse.

Som det går fram av Strategi for norsk deltakelse i Horisont Europa og Det europeiske forskningsområdet (2021), legg regjeringa stor vekt på internasjonalt forskingssamarbeid og har høge ambisjonar når det gjeld norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Norsk deltaking i internasjonal forsking på landbruks- og matområdet er naudsynt for å bidra til høg kvalitet på forskinga, fornye norsk forsking og for betre tilgang til nettverk og infrastruktur. Ambisjonar om suksess krev omfattande mobilisering av ulike forskingsmiljø og bedrifter, og eit godt samspel mellom nasjonale og europeiske forskingsmidlar. Vidare legg Regjeringens strategi for forsknings- og høyere utdanningssamarbeid med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA (2021–2027) eit viktig grunnlag for meir målretta og langsiktig forskingssamarbeid på landbruks- og matområdet.

I tillegg til nemnte strategiar og meldingar, legg òg sektorspesifikke strategiar eit viktig grunnlag for målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon på landbruks- og matområdet. Strategien Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling (2019) tydeleggjer skogen si rolle i det grøne skiftet. Strategien viser til ulike innsatsområde, mellom anna forskings- og innovasjonsaktivitet for at skog- og trenæringa skal kunne gi auka bidrag til samla verdiskaping og grøn omstilling gjennom produktutvikling og større omsetnad i marknadene. Nasjonal pollinatorstrategi (2018) viser til behov for kunnskap knytt til utviklinga av pollinatorbestandar og leveområde, og kva for tiltak som er mest effektive. Tiltaksplan for pollinerande insekt (2021) beskriv konkrete tiltak i landbruket. Både i Nasjonal strategi for urbant landbruk (2021) og Nasjonal strategi for økologisk jordbruk (2018–2030) er auka kunnskap peika ut som innsatsområde og sentrale kunnskapsbehov omtalt. I tillegg blir behov for kompetanse og forsking på genetiske ressursar understreka i strategien Forråd av gener – muligheter og beredskap for framtidas landbruk – nasjonal strategi for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressurser for mat og landbruk (2019).

Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

Ny kunnskap, teknologi og innovative løysingar har liten nytte om det ikkje blir gjort tilgjengeleg og blir teke i bruk av næring og forvaltning. Dette sett krav til godt samarbeid, gode rådgjevingstenester og eit utdanningstilbod som sikrar høg kompetanse i alle ledd. For at kunnskapen skal nå ut til næringsaktørar, rådgivarar og andre som kan ha nytte av den, må resultata frå landbruks- og matforskinga raskt og effektivt formidlast.

Landbruks- og matsektoren har lange tradisjonar for samarbeid mellom styresmakter, næringsaktørar og kunnskapsmiljø om kunnskapsutvikling og forskings- og utviklingsarbeid. Det gjer at sektoren har eit godt utgangspunkt for at relevant og ny kunnskap kjem til nytte.

I tillegg til forsking og kunnskap som bidreg til auka berekraft og verdiskaping i næringa, må forskingsbasert kunnskap liggje til grunn for politikkutvikling og forvaltning. Ei målretta politikkutforming for landbruks- og matsektoren krev kontinuerleg tilgang på oppdatert kunnskap. Samfunnsvitskapleg forsking på landbruks- og matområdet gir viktige bidrag om rolla til landbruket, lokal og regional utvikling og kunnskap om korleis ulike drivkrefter påverkar utviklinga i landbruket. Det same gjeld forholdet mellom landbruket og samfunnet elles. Samfunnsvitskapleg forsking er òg viktig for auka kunnskap om samspelet mellom politikk, forvaltning og næring.

Primærlandbruket og industrien som foredlar mat og fiber er høgteknologisk og kunnskapskrevjande. Difor er det viktig med høg kompetanse hos næringsutøvarar, rådgivarar og utdanningsinstitusjonar. God rekruttering til landbruks- og matfagleg utdanning på alle nivå frå vidaregåande skule til master- og doktorgradsutdanning, er viktig for å få kompetent arbeidskraft til eit framtidsretta landbruk. I tillegg til tilbod gjennom det ordinære utdanningssystemet bør det òg leggjast til rette for livslang læring, mellom anna gjennom fleksible etter- og vidareutdanningstilbod. Det gjeld både for dei som er i næringa, og dei som ønskjer å gå inn i næringa.

Rekruttering av rett og god kompetanse er viktig i heile verdikjeda for mat. Den omfattar mellom anna matindustrien, institusjonar, restaurantar, lokalmat og reiseliv. Dei siste åra har det vore ein nedgang i rekrutteringa til matfaga i vidaregåande skule. Samstundes står matindustrien overfor eit generasjonsskifte. Rapporten frå regjeringa sitt rådgivande utval for rekruttering til mat- og måltidsbransjen, som blei lagt fram i februar 2021, vil vere eit viktig kunnskapsgrunnlag for regjeringa sitt arbeid framover.

Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre

Instituttsektoren skal utvikle kunnskapsgrunnlag for politikkutforming og bidra til berekraftig utvikling og omstilling, gjennom forsking av høg kvalitet og relevans. Dei statlege forskingsinstitutta i landbruks- og matsektoren må vere kostnadseffektive og bruke ressursane til dei kunnskapsbehova som er strategisk viktige for norsk landbruk framover. I den samanheng er det viktig å ha god dialog med både næring og forvaltning om prioriteringar. Institutta må arbeide for å oppnå forsking av høg kvalitet og relevans, eit godt omdømme og høg internasjonal konkurransekraft. Nasjonale og internasjonale konkurransearenaer, strategiske løyvingar og systematisk oppbygging av kompetanse skal leggje til rette for høg kvalitet i forskingsinstitutta i landbruks- og matsektoren.

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) skal kartleggje og ha kunnskap om biologiske ressursar og arbeide for at kunnskapen bidreg til berekraft og næringsutvikling i sektoren. Instituttet si lokalisering på 15 stader fordelt på alle landsdelar gir eit viktig fortrinn i dette arbeidet. Veterinærinstituttet (VI) har biomedisinsk kompetanse som må nyttast mest mogleg effektivt for å fremje høg beredskap, god dyrehelse og gode råd til forvaltninga. VI skal òg bidra til næringsutvikling og konkurranseevne, både i blå og grøn sektor.

Flyttinga av veterinærmiljøa frå Oslo til Ås dannar grunnlag for eit kunnskapsbasert kraftsentrum innanfor undervisning, forsking og innovasjon. Med dette er Campus Ås samla sett viktigare enn nokon gong for utvikling av både eksisterande og nye næringar. Departementet legg òg til grunn at sams lokaliseringa av NIBIO, Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) og VI på Ås skal bidra til eit endå betre samarbeid mellom desse miljøa og Nofima AS. Nofima AS har kompetanse som er sentral for å vidareutvikle og auke konkurranseevna i norsk næringsmiddelindustri. I tillegg er den tverrfaglege tilnærminga til Nofima AS viktig for å ta ut det potensialet som ligg i samarbeid mellom blå og grøn sektor på matområdet.

Departementet har eit grunnfinansieringsansvar for Institutt for rural- og regionalforsking (Ruralis). Instituttet har hovudsete i Trondheim og utviklar tverrfagleg kunnskap til mellom anna landbruks- og matsektoren.

Departementet er oppteke av at instituttsektoren har ei god kopling mellom samfunnsvitskapleg og naturvitskapleg forsking.

Departementet vil òg føre vidare arbeidet med å utvikle fagleg sterke og økonomisk effektive forskingsinstitutt, og bidra til eit godt samarbeid mellom miljøa innanfor landbruks- og matforskinga og andre relevante samarbeidspartnarar.

Kap. 1136 Kunnskapsutvikling m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

50

Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Norsk institutt for bioøkonomi

231 327

239 472

239 797

Sum kap. 1136

231 327

239 472

239 797

Post 50 Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Norsk institutt for bioøkonomi

Formål med løyvinga

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er Noregs største tverrfaglege forskingsinstitutt innanfor landbruk og miljø. Det er organisert som eit statleg forvaltningsorgan med særskild fullmakt. Instituttet arbeider med forsking, forvaltningsstøtte og oppdrag i marknaden. NIBIO skal vere nasjonalt leiande i arbeidet med å utvikle kunnskap om bioøkonomi. Instituttet har hovudkontor på Ås og har einingar på 15 stader i alle landsdelar.

NIBIO har følgjande mål:

  • Hovedmål: Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til å nå hovedmåla i landbruks- og matpolitikken

    • Delmål: Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

    • Delmål: Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

    • Delmål: Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre

Løyvinga skal i første rekkje bidra til målet om at Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning. Løyvinga skal nyttast innanfor følgjande faglege innsatsområde: 1) mat- og planteproduksjon, 2) beredskap, plantehelse og mattryggleik, 3) skog og utmark, 4) areal- og genressursar, 5) kart og geodata og 6) føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi.

Rapportering 2020

NIBIO har prøvd ut ei lang rekkje jord- og hagebrukssortar med sikte på tilpassing til norske klima- og produksjonsforhold. Dette inkluderer både korn, frukt og bær. I 2020 blei særleg kunnskapsutvikling for nord-norsk grøntproduksjon prioritert. Vidare har NIBIO arbeidd mykje med å utvikle løysingar for betre gjødsling som tek omsyn til miljø, avlingskvalitet og økonomi. Gode resultat er oppnådde innan presisjonsjordbruk, berekraftig bruk av plantevernmiddel og økologisk landbruk. Instituttet har òg bidrege til gjennomføring av tiltak i nasjonal strategi for pollinatorar. Verksemda har auka kunnskapen om landbruket sitt potensial for å redusere utsleppa av klimagassar. Instituttet har hatt eit omfattande arbeid med bidrag til å utforme og berekne klimaregnskapet for skog etter EUs regelverk.

NIBIO har ei laupande oppgåve å arbeide for friskt plantemateriale til landbruket. Det har vore eit godt samarbeid med produsentar av frukt, grønt og bær for å kartleggje planteskadegjerarar og for å gjennomføre førebyggjande tiltak. Instituttet formidlar kunnskap til produsentane på ulike digitale plattformer for å fremje eit godt plantevern. I samarbeid med Mattilsynet har NIBIO bidrege til å hindre at nye skadegjerarar etablerer seg i Noreg. På oppdrag frå Mattilsynet har instituttet òg analysert prøver av importert og norskprodusert mat for restar av plantevernmiddel. Målsetjinga er å ha ein effektiv matvarekontroll og trygg mat som hindrar at grenseverdiane for restar av plantevernmiddel blir overskridne.

Instituttet har ei viktig oppgåve innanfor beredskap knytt til skogskadar og skogskadeovervaking. Dei siste åra har instituttet registrert auka omfang av skogskadar knytte til tørke og skadegjerarar, og tiltak for klimatilpassing av skogproduksjonen har difor vore prioritert. Miljøregistreringar i skog og Landsskogtakseringa har blitt ført vidare. Instituttet har hatt ei omfattande formidling av fagstoff og forskingsbasert kunnskap knytt til bruk av tre. Andre viktige innsatsområde har vore auka bruk av bioenergi og kunnskapsutvikling og rådgiving når det gjeld produksjon av juletre. NIBIO har òg engasjert seg aktivt i internasjonalt skogsamarbeid og delteke i ei rekkje internasjonale forum.

I 2020 har verksemda kartlagt og informert om arealressursane i landbruket. Dette bidreg til betre arealforvaltning og ressursutnytting. Det nasjonale arealressurskartet AR5 er halde ved like. Dette skildrar tilstanden for arealressursane knytte til jord- og skogbruk, og blir nytta av mange offentlege og private aktørar i samfunnet, mellom anna til ei effektiv forvaltning av og kontroll av arealtilskott i landbruket. Instituttet tilbyr gode digitale brukartenester som Gårdskart, Kilden, Arealressursstatistikk og Arealbarometer. Instituttet har òg kartlagt beiteressursar og beitebruk i utmark, ført arealrekneskap for utmark og utført landskaps- og kulturminneovervaking.

Gjennom Norsk genressurssenter har NIBIO bidrege til god forvaltning av genetiske ressursar innan husdyr, nytteplanter og skogtre. Instituttet har vidare eit planteregister under utvikling. Dette vil gi oversikt over nasjonale samlingar av bevart plantemateriale. NIBIO har òg rapportert data til internasjonale, europeiske og nordiske samarbeidsorgan som Noreg er medlem av.

NIBIO har vore sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket og har saman med nemnda utarbeidd grunnlagsmaterialet for jordbruksforhandlingane. I 2020 har instituttet òg oppdatert informasjon om den økonomiske utviklinga i landbruket generelt og for gardsbruk der ein vesentleg del av inntekta kjem frå jord- og skogbruk. Vidare har NIBIO utarbeidd ein rapport om moglegheiter og utfordringar med individmerking i reindrifta.

På alle fagområde har instituttet gjort ein betydeleg innsats for å formidle ny kunnskap til næring og forvaltning. Samla har instituttet vore omtalt i om lag 4200 medieoppslag gjennom året.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 239,8 mill. kroner. Løyvinga er redusert med 3,7 mill. kroner som følgje av ny premiemodell for pensjon. Løyvinga skal nyttast til kunnskapsutvikling, formidling og beredskap i NIBIO, og desse områda har særleg prioritet:

Mat og planteproduksjon

Løyvinga skal bidra til utvikling av kunnskap om auka produktivitet, betre kvalitet og lønsam planteproduksjon under ulike dyrkings- og klimaforhold. I dette ligg òg utvikling av kunnskap for å fremje økologisk produksjon. Vidare er det behov for kunnskap som gir redusert risiko ved bruk, og redusert bruk av, kjemiske plantevernmiddel og meir bruk av alternative metodar til erstatning for plantevernmiddel. Det er behov for kunnskap som styrkjer grunnlaget for godkjenning av plantevernmiddel i Noreg. NIBIO skal utvikle kunnskap som skal bidra til auka bruk av norske fôrressursar. Løyvinga skal òg bidra til å få fram effektive verkemiddel frå forvaltninga si side slik at dei politiske måla for norsk jord- og skogbruk, inkludert klimapolitiske mål, kan bli nådde.

Beredskap, plantehelse og mattryggleik

NIBIO skal prioritere kunnskap om planteskadegjerarar og ha beredskap for å kunne handtere sjukdommar og skadeorganismar som trugar den gode plantehelsa i Noreg. Vidare skal løyvinga bidra til beredskap og kompetanse om verkemåtar og verknader av ulike plantevernmiddel og andre innhaldsstoff i planter som er potensielt skadelege. NIBIO skal ha kapasitet til å utføre analysar som nasjonalt referanselaboratorium for restar av plantevernmiddel og for planteskadegjerarar.

Skog og utmark

Landsskogtakseringa, som gir oversikt over skogressursane i Noreg, skal framleis ha høg prioritet. Det same gjeld FoU-arbeid knytt til miljøregistreringar i skog, utvikling av skogbruksplanlegginga og kunnskap om pollinerande insekt i skog.

Arbeidet med å utvikle kartløysinga Skogportalen vil bli ført vidare. Kartløysinga gir ressurs- og miljøinformasjon for næring og forvaltning, og står sentralt i den kunnskapsbaserte skogforvaltninga. NIBIO har òg i oppgåve å halde dokumentet Bærekraftig skogbruk i Norge oppdatert.

Langsiktige feltforsøk på viktige norske treslag skal framleis prioriterast. Feltforsøka er viktige for historisk dokumentasjon av skogutviklinga og bidreg til eit berekraftig skogbruk og kunnskap om rolla skogen har i klimapolitikken. Det er framleis naudsynt å etablere nye langsiktige forsøksfelt for skogproduksjonsforsking. NIBIO skal òg delta i internasjonalt samarbeid om skog og ha ansvaret for internasjonal rapportering på området.

Vidare skal NIBIO halde fram med å utvikle kunnskap om klimaendringar og klimatilpassingar innanfor skogbruk, jordbruk og arealbruk. Kunnskapen skal gi grunnlag for å utvikle effektive tiltak og verkemiddel for å redusere klimagassutslepp, og vise økonomiske konsekvensar av tiltaka. NIBIO skal bidra til klimarapportering og utrekningar knytt til klimarammeverket for skog- og arealsektoren i avtalen med EU.

Høg beredskap er viktig for å oppdage skadar på skog i ein tidleg fase. Både for å hindre at nye skadegjerande soppar og insekt etablerer seg i Noreg, og for å finne tiltak mot spreiing av dei som allereie har etablert seg. NIBIO skal òg bidra med relevant kunnskap til beredskapsarbeidet i skogbruket.

Arbeidet knytt til berekraftig forvaltning og bruk av utmarksressursar og næringsutvikling skal førast vidare. Tiltak som byggjer opp under departementet sitt arbeid med haustbare viltressursar, turisme og lokalmatsatsing er ein viktig del av dette.

Areal- og genressursar

Løyvinga skal nyttast til vedlikehald av det nasjonale arealressurskartet AR5, Landsskogtakseringa, Arealrekneskapen for utmark og reindrifta sine arealbrukskart. I dette arbeidet inngår mellom anna kartlegging av jordsmonn, eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar og vegetasjonskartlegging for å betre utnyttinga av beiteressursane. Vidare inngår systematisk overvaking av miljøverdiar i kulturlandskapet, under dette biologisk mangfald og kulturminne. NIBIO vil òg få i oppgåve å føre vidare arbeidet med statistikk om utmarks- og landbrukseigedommar, til dømes ved å knyte data frå organisert beitebruk, vegetasjonskart og arealregnskap for utmark til eigedommane.

For norsk landbruk er det viktig at produsentane i framtida har eit tilstrekkeleg genetisk mangfald å hauste av når mat og andre landbruksprodukt skal produserast. I den samanhengen skal NIBIO bidra med kunnskap for ei effektiv forvaltning av dei genetiske ressursane i landbruket og følgje opp den nye nasjonale strategien for genressursar. NIBIO vil overvake statusen til nasjonale genressursar og rapportere i saker som gjeld desse, nasjonalt, nordisk og internasjonalt. Prioriterte oppgåver i 2022 vil vere ferdigstilling av planteregisteret og iverksetjing av ein heilskapleg nasjonal plan for bevaring av genressursar for mat og landbruk.

Kart og geodata

NIBIO skal utvikle nettbaserte kart- og geodatatenester ut frå behova til ei rekkje aktørar i samfunnet, både i og utanfor sektoren. Ny statistikk og nye temakart vil bli utvikla i tråd med behova. Instituttet skal mellom anna støtte Mattilsynet i arbeidet med å utvikle kartløysingar for registrering av skadegjerarar og bruk av avløpsslam. NIBIO forvaltar òg kart for Landbruksdirektoratet som viser reindrifta sin arealbruk.

NIBIO har ansvar for landbruket sitt bidrag til Geovekstsamarbeidet. Vedlikehald av arealressurskarta, løysinga for Noreg i bilete og regelmessig nasjonal omløpsfotografering skal samla sett bidra til god dekning av detaljerte kart og flybilete over jord- og skogareala. NIBIO vil gi kommunane kunnskapsstøtte til oppdatering og vedlikehald av karta.

Statens kartverk leier arbeidet med å etablere ein digital høgde- og terrengmodell for Noreg, og NIBIO skal bidra i dette arbeidet. Det internasjonale samarbeidet på kartområdet, som instituttet deltek i, blir ført vidare.

Arbeidet med å delta i Copernicus, som er EUs program for jordobservasjon, blir ført vidare. NIBIO og Statens kartverk vil bidra i utviklinga av landtenesta i Copernicus. Noreg er òg med på utviklinga av Galileo, eit europeisk system for satellittnavigasjon. Instituttet skal i denne samanhengen yte kompetansestøtte innanfor landbruksrelaterte tema.

Føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi

NIBIO har eit særskild ansvar for økonomisk statistikk, utgreiing og forsking som famnar både eit samfunnsøkonomisk og eit føretaksøkonomisk perspektiv på landbruket. Instituttet skal levere eit godt kunnskapsgrunnlag for økonomiske og politiske avgjerder i sektoren. NIBIO skal òg utarbeide materiale som grunnlag for arbeidet til Budsjettnemnda for jordbruket, og ha rolla som sekretariat for nemnda etter avtale med departementet. Instituttet har i tillegg ein del særskilde utgreiingsprosjekt der departementet er oppdragsgivar.

Naturfaglege og landbruksfaglege tema skal setjast inn i eit samfunnsmessig perspektiv for å styrkje relevansen av instituttet sin kunnskapsproduksjon og formidling. Vidare er utviklinga i internasjonale råvaremarknader, endringar i handelspolitiske rammevilkår og konsekvensane dette har for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon, viktige tema for kunnskapsutvikling i åra framover.

Departementet legg vekt på at data frå driftsgranskingane blir brukt til forsking og utgreiing. Arbeidet med å oppgradere og fornye IKT-systema knytte til Budsjettnemnda vil bli ferdig i løpet av 2022.

Kap. 4136 Kunnskapsutvikling m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

30

Husleige, Norsk institutt for bioøkonomi

18 533

19 052

19 446

Sum kap. 4136

18 533

19 052

19 446

Posten gjeld husleige for eigedommar NIBIO leiger av Landbruks- og matdepartementet.

Kap. 1137 Forsking og innovasjon

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

50

Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd

241 761

231 235

216 290

51

Grunnløyvingar m.m., Noregs forskingsråd

202 815

193 568

195 298

54

Næringsretta matforsking m.m.

180 345

169 830

175 000

70

Innovasjonsaktivitet m.m., kan overførast

4 500

2 000

3 000

71

Bioøkonomiordninga, kan overførast

5 006

Sum kap. 1137

634 427

596 633

589 588

Noregs Forskingsråd har over tid hatt høge avsetjingar. For å redusere desse gjer regjeringa framlegg om å omprioritere 20 mill. kroner frå avsetjingane i Forskingsrådet til forsking for økt verdiskaping og berekraft i landbaserte bionæringar. Sjå òg ytterlegare omtale under kap. 295 i Kunnskapsdepartementets Prop. 1 S (2021–2022).

Post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd

Formål med løyvinga

Løyvinga skal bidra til å nå hovudmåla på landbruks- og matområdet, inkludert dei forskingspolitiske delmåla. Løyvinga omfattar først og fremst forskingsaktivitet i regi av Noregs forskingsråd.

Rapportering 2020

Regjeringa har fastsett fem mål for Noregs forskingsråd. Rapportering på desse måla, og det samla resultatet av verksemda til Noregs forskingsråd i 2020, er omtalt i Prop. 1 S (2021–2022) frå Kunnskapsdepartementet.

Rapporteringa nedanfor gir ei oversikt over aktivitet og bruk av Landbruks- og matdepartementets forskingsmidlar via Noregs forskingsråd i 2020. Ei meir utfyllande rapportering på resultat og verknader av forskingsløyvingane finst i del III.

Løyvingane frå Landbruks- og matdepartementet følgjer i hovudsak opp dei langsiktige prioriteringane i Langtidsplanen for forskning og høyere utdanning (2019–2028). Dette gjeld «Klima, miljø og miljøvennlig energi», «Muliggjørende teknologier», og «Samfunnssikkerhet og samhørighet i en globalisert verden».

Løyvingar til forsking over Landbruks- og matdepartementets budsjett har i hovudsak blitt disponerte gjennom porteføljen Landbasert mat, miljø og bioressursar i Forskingsrådet. Porteføljen dekkjer forsking og innovasjon innanfor områda mat, bioressursar, naturmangfald og miljø. Midlane blir lyst ut gjennom programma Berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar (BIONÆR) og Miljøforsking for ei grøn samfunnsomstilling (MILJØFORSK).

BIONÆR skal bidra til å finansiere forskingsprosjekt innanfor jordbruk, skogbruk, reindrift og andre landbaserte bionæringar. Prosjekta kan vere tverrgåande og dekkje fleire tema. Til dømes har fleire av prosjekta som blir finansierte av BIONÆR ulike element av klima- og miljøforsking i seg. Resultata frå prosjekta gir viktige bidrag både til forvaltning og næringsutvikling, og legg grunnlaget for nye løysingar innan eksisterande og nye næringar.

Hovudformålet med MILJØFORSK er å styrkje kunnskapsgrunnlaget for ei berekraftig utvikling og ei grøn omstilling av samfunnet. MILJØFORSK dekkjer forskingsinnsatsen på område som naturmangfald og økosystemtenester, berekraftige løysningar i samfunn og næringsliv, og landskaps- og arealutvikling i rurale og urbane område.

Departementet har òg bidrege med forskingsløyvingar til mellom anna Stort program energi (ENERGIX) og Bioteknologi for verdiskaping (BIOTEK 2021), som følgjer opp ulike prioriterte område innan fornybar energi og bioteknologi. Samla utgjer løyvingane til BIONÆR, ENERGIX, BIOTEK 2021 og MILJØFORSK oppfølginga av departementet sitt sektoransvar innan landbruks- og matforsking.

I 2020 tildelte departementet om lag 200 mill. kroner til BIONÆR. Programmet finansierte til saman 136 pågåande prosjekt. 27 prosjekt blei avslutta og 14 nye nasjonale prosjekt blei starta opp i 2020.

Forskingsrådet har i 2020 følgt opp departementet sine føringar og retta innsatsen inn mot forsking og teknologiutvikling som kan gjere oss i stand til å tilpasse matproduksjonen til eit klima i endring, og med det meir lønsam produksjon av nok og trygg mat. I tillegg har forskingsinnsatsen på område som er viktig for å halde bruken av antibiotika i husdyrproduksjonen vidareført. Det same gjelde forsking knytt til skogen sin rolle i klimasamanheng.

Forsking for å redusere utslepp av CO2 blir òg dekt gjennom vidare innsats på områda biodrivstoff, biogass og biovarme, som er område under ENERGIX-programmet. Produksjon av fornybar energi er eit næringstungt område, og innovasjonsprosjekt dominerer prosjektporteføljen.

Løyvinga til Forskingsrådet går òg til forsking for å auke innovasjonsgraden og konkurranseevna innanfor næringane i landbrukssektoren. Tematisk innretta program som BIONÆR og ENERGIX har vore viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Den brukarstyrte forskinga løyser ut vesentlege private midlar til forsking.

Vidare er løyvinga nytta til programmet Forskingsbasert innovasjon i regionane (FORREGION), som har som mål at fleire bedrifter skal bruke forsking i innovasjonsarbeidet sitt, og at fleire fagmiljø i FoU-institusjonane blir relevante samarbeidspartnarar for næringslivet. FORREGION har fleire aktivitetar for å fremje utvikling av bioøkonomien innanfor jordbruk og skogbruk.

Auka internasjonalisering står sentralt i tildelingar over departementet sitt forskingsbudsjett. Norske miljø deltek innanfor område som mat- og husdyrproduksjon, økologisk produksjon og forbruk, dyrehelse og skogbruk.

Forskingsrådet skal bidra til å auke kvaliteten på og relevansen av forskingsprosjekta. Kvaliteten på norsk forsking og innovasjon innan landbruk, mat og bioressursar er god. Noko som mellom anna spegla seg i høg norsk deltaking og utteljing i Horisont 2020 på disse områda.

For å sørgje for ei heilskapleg forvaltning av dei samla forskingsmidlane i landbrukssektoren samarbeider Forskingsrådet med styret for Fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter (FFL) og styret for Forskningsmidler over jordbruksavtalen (JA), mellom anna om sams utlysingar og langsiktig planlegging. FFL/JA sine midlar blir omtalte under kap. 1137, post 54 og kap. 1150, post 50.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 216,3 mill. kroner for 2022. Løyvinga skal bidra til å nå dei fire landbruks- og matpolitiske hovudmåla; matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar, og dei forskingspolitiske delmåla, som er omtalte i kat. 15.20.

Departementet legg vekt på kunnskap som kan bidra til eit meir berekraftig matsystem med produksjon av nok, sunn og trygg mat, samstundes som vi reduserer klimagassutsleppa og tek vare på naturmangfaldet. Kunnskap og teknologiutvikling skal leggje grunnlag for sirkulær bioøkonomi, verdiskaping og nye grøne arbeidsplassar gjennom auka og meir effektiv utnytting av landbruket sine fornybare ressursar. Vidare vil kunnskapsbehov knytt til berekraftig bruk av areal, der omsyn til miljø og klima blir balansert mot omsyn til næringsutvikling, vere sentralt. For å leggje til rette for eit berekraftig matsystem, vil forsking som bidreg til høg mattryggleik, god plante- og dyrehelse under eit endra klima, lågt forbruk av antibiotika og dyrevelferd vere viktig.

Departementet vil òg leggje vekt på kunnskap som kan bidra til å styrkje skogen si rolle i klimasamanheng, både som karbonlager og som erstatning for produkt baserte på fossilt karbon.

Internasjonalisering av landbruks- og matforskinga er viktig. Noregs forskingsråd skal leggje til rette for at dei nasjonale forskingsprogramma utviklar vidare det strategiske, tematiske og finansielle samspelet med EU-forskinga, som til dømes Horisont Europa. Departementet gjer framlegg om å rammeoverføre 4,381 mill. kroner frå kap. 1137, post 50 til kap. 288, post 73, på Kunnskapsdepartementets budsjett i 2022 for deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa. For nærare omtale sjå Prop. 1 S (2021–2022) frå Kunnskapsdepartementet.

Forsking er viktig for å støtte opp under behovet for kunnskap i forvaltninga. Det gjeld på alle ansvarsområda til departementet. Offentlege og private aktørar står i stor grad overfor dei same kunnskapsbehova innanfor område som nok og trygg mat, betre ressursutnytting og auka verdiskaping og sysselsetjing i landbruks- og matnæringane. I denne samanhengen er det behov for både brukarstyrt forsking og forsking for forvaltninga.

Det er viktig å sjå løyvinga i samanheng med tildelingar frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Forskingsmidlar over jordbruksavtalen, jf. kap. 1137, post 54 og kap. 1150, post 50.

Post 51 Grunnløyvingar m.m., Noregs forskingsråd

Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for grunnfinansiering av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Veterinærinstituttet (VI) og Institutt for rural- og regionalforsking (Ruralis). I tillegg får Nofima AS tildelt midlar til fleirårige strategiske program frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, jf. kap. 1137, post 54. Forskingsrådet har ansvaret for fordelinga av grunnløyvingane til primærnæringsinstitutta.

Formål med løyvinga

Formålet med grunnløyvingar er å oppnå ein sterk instituttsektor i landbruks- og matsektoren som kan tilby brukarretta forsking av høg internasjonal kvalitet til næringslivet og forvaltninga. Løyvingane på posten skal nyttast til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging og stimulere til høg vitskapleg kvalitet, internasjonalisering og samarbeid innan heile breidda av instituttet sine faglege aktivitetar. Løyvingane skal nyttast i tråd med retningslinene for statlege grunnløyvingar til forskingsinstitutt.

Rapportering 2020

Samla blei det tildelt 294,2 mill. kroner i grunnløyvingar til primærnæringsinstitutta i 2020. Av dette blei 180,6 mill. kroner gitt over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet. I tillegg fekk NIBIO 2,0 mill. kroner til strategiske satsingar frå Klima- og miljødepartementet og Nofima AS fekk ei løyving på 74 mill. kroner til strategiske program frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, jf. kap. 1137, post 54.

Tabell 6.1 Økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta for 2020

Driftsinnteker

Driftsresultat

Grunnløyving i 20201

Løyving disponert til strategiske instituttsatsningar

Grunnløyving per forskarårsverk

Grunnløyving i pst. av driftsinntektene

mill. kr

mill. kr

mill. kr

mill. kr

mill. kr

pst.

NIBIO

736,7

3,6

156,1

25,7

0,51

21

Veterinærinstituttet

380,2

12,3

19

8,1

0,13

5

Ruralis

40,9

-0,8

9,1

2,8

0,40

22

SUM

1157,8

15,1

184,2

36,6

Kjelde: Tal frå Årsrapport 2020 Primærnæringsinstitutta, Noregs forskingsråd.

Tabell 6.2 Oversikt over personale og publisering ved landbruks- og matforskingsinstitutta for 2020

Samla årsverk

Forskarårsverk som del av samla årsverk

Tilsette med dr. grad. per forskarårsverk

Publikasjonspoeng per forskarårsverk

pst.

forh. tal

forh. tal

NIBIO

644

48

0,81

0,89

Veterinærinstituttet

278

52

0,92

0,93

Ruralis

28

83

0,91

1,57

SUM

950

Kjelde: Tal frå Årsrapport 2020 Primærnæringsinstitutta, Noregs forskingsråd.

Norsk institutt for bioøkonomi

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) fekk i 2020 134,6 mill. kroner i grunnløyving. I tillegg fekk dei 10 mill. kroner i ekstraordinær grunnløyving for å kompensere for inntektssvikt under koronapandemien. I 2020 hadde NIBIO 644 årsverk, mot 629 i 2019.

Den samla grunnløyvinga har blitt brukt til strategiske tiltak som nettverksbygging og kompetanseutvikling, finansiering av forprosjekt og vidareføring av Senter for presisjonsjordbruk og Senter for presisjonsskogbruk. NIBIO har òg brukt midlane til strategiske instituttsatsingar innanfor tema som plantehelse, berekraftig landbruk og reindrift. Dette er fleirårige prosjekt som har som formål å byggje kompetanse på fagområde som vil bli viktige for instituttet framover.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet (VI) fekk i 2020 37,5 mill. kroner i grunnløyving. I tillegg fekk dei 5 mill. kroner i ekstraordinær grunnløyving på grunn av koronapandemien. I 2020 hadde VI 278 årsverk, mot 290 i 2019.

I 2020 har litt under ein tredel av samla grunnløyving blitt brukt til to pågåande strategiske instituttsatsingar. Dette er på viktige område som gensekvensering av sjukdomsframkallande bakteriar og dyrehelse. Grunnløyvinga har vidare blitt brukt som eigendel i forskingsprosjekt og nettverksbygging og kompetanseutvikling.

Institutt for rural- og regionalforsking

Institutt for rural- og regionalforsking (Ruralis) fekk i 2020 8,6 mill. kroner i grunnløyving. I 2020 hadde Ruralis 28 årsverk, mot 29 i 2019.

Delar av grunnløyvinga har i 2020 blitt brukt til tre pågåande strategiske instituttsatsingar. Desse er knytte til tema som berekraftig matsystem for å redusere fattigdom og svolt i låginntektsland, bruk og utnytting av utmarksressursar og tverrfagleg ruralstudiar og bygdesosiologi. Vidare har løyvinga blitt brukt til finansiering av forprosjekt, nettverksbygging og kompetanseutvikling.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei samla grunnløyving på 195,3 mill. kroner til dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta. Kunnskapsdepartementet har justert det statlege grunnfinansieringssystemet for institutt som mottek grunnfinansiering frå Forskingsrådet. Delar av grunnløyvinga skal framleis vere resultatbasert og tildelast ut ifrå institutta sin skår på indikatorar for kvalitet og relevans, men indikatorane og utrekningsmåten er noko endra.

Post 54 Næringsretta matforsking m.m.

Formål med løyvinga

Midlane skal bidra til å nå dei landbrukspolitiske måla som gjeld produksjon av nærings- og nytingsmiddel. Viktige fagområde er mat- og planteproduksjon, klima, miljø og berekraft, auka konkurransekraft og meir effektiv resursbruk i sektoren. Løyvinga skal tildelast næringsrelevante forskingsprosjekt etter open utlysing og konkurranse. Formålet er å ha eit økonomisk grunnlag for forsking på landbruksprodukt som blir nytta til å framstille nærings- og nytingsmiddel og fôrkorn til husdyr. Løyvinga blir forvalta av eit styre som er oppnemnt av departementet.

Delar av løyvinga skal gå til matforskingsinstituttet Nofima AS, som er eit næringsretta institutt innanfor utvikling av mat- og næringsmiddelproduksjon i grøn og blå sektor. Løyvinga kjem frå inntekter frå forskingsavgifta på landbruksprodukt, jf. kap. 5576, post 70 Forskingsavgift på landbruksprodukt.

Rapportering 2020

Det har vore stor aktivitet knytt til ordninga gjennom 2020, trass i koronapandemien. I løpet av året blei 24 forskingsprosjekt avslutta og 26 nye innvilga. Ved slutten av 2020 hadde ordninga 124 pågåande forskingsprogram og -prosjekt i sin portefølje.

Styret er oppteke av å oppnå god samordning av ordninga sine midlar med forskingsmidlar over jordbruksavtalane og programma i Noregs forskingsråd. I 2020 vedtok styret å revidere samarbeidsavtalen med Forskingsrådet frå 2013. Styret og Forskingsrådet er samde om å styrkje det strategiske samarbeidet.

Matforskingsinstituttet Nofima AS er tildelt midlar til fleirårige strategiske program for perioden 2017 til 2020. For 2020 fekk instituttet 74 mill. kroner til desse programma. Dei tek for seg viktige område som sunnare mat, ein berekraftig matindustri, auka innovasjon i industrien og trygg og haldbar mat. Ordninga har òg tildelt 2 mill. kroner til MILJØFORSK-programmet i Noregs forskingsråd.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 175,0 mill. kroner til Næringsretta matforsking m.m. Departementet gjer òg framlegg om ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 1137, post 54 og kap. 5576, post 70, jf. vedtak II.

Post 70 Innovasjonsaktivitet m.m.

Formål med løyvinga

Løyvinga over posten skal nyttast til innovasjonsaktivitet i landbruks- og matsektoren.

Rapportering 2020

Mære landbruksskole – Landbruket sitt klima- og energisenter

I 2020 var tilskottet til Landbruket sitt klima- og energisenter ved Mære landbruksskole på 2,0 mill. kroner. Tilskottet er nytta til å vidareutvikle Mære som ein FoU-arena for klimatiltak i landbruket. Løyvinga byggjer opp under tre hovudaktivitetar: byggje og vise fram demonstrasjons- og FoU-anlegg, vere ein arena for forsking og utvikling, og kompetanseformidling. Som følgje av koronapandemien, har mykje av kompetanseformidlinga blitt gjennomført digitalt. Senteret opplever økt interesse og engasjement for deira arbeid gjennom digitale plattformer.

Graminor AS – frukt- og bærsenter på Njøs

I 2020 fekk Graminor AS eit tilskott på 3 mill. kroner til utbygging av infrastruktur på deira frukt- og bærsenter på Njøs. Tilskottet er nytta til oppgradering av veksthusanlegg til bruk for krysning av frukt og bær. Dei nye veksthusa er insektstette og vil få ein viktig funksjon med oppbevaring av genetisk materiale i eit skjerma miljø som hindrar å få inn smitte. Løyvinga har òg blitt brukt til vidareutvikling av eit kvalitetssystem for plantemateriale. Til dømes har dei forbetra prosessen frå poding av virussmitta plantemateriale til ferdig testa virusfritt materiale.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,0 mill. kroner. Løyvinga vil bli nytta som tilskott til Landbruket sitt klima- og energisenter ved Mære landbruksskole.

Post 71 Bioøkonomiordninga

Formål med løyvinga

Løyvinga skal fremje auka innovasjonsaktivitet og støtte opp under eit sterkare og meir framtidsretta landbruk. Midlane skal leggje grunnlag for auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane.

Rapportering 2020

Bioøkonomiordninga fungerer som ein «paraply» over åtte ulike verkemiddel fordelte på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet.

Midlane frå Landbruks- og matdepartementet blei i 2020 nytta til tre utviklingsprosjekt innan agriteknologi; sensorikk, immunisering og vertikal dyrking av grøntvekstar.

Løyvinga til bioøkonomiordinga frå Landbruks- og matdepartementet blei avvikla i statsbudsjettet for 2021.

Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

59 499

48 527

50 527

4,1

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

29 198

30 205

30 081

-0,4

1140

Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m.

73 426

72 050

77 290

7,3

1141

Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.

10 311

10 514

11 714

11,4

1142

Landbruksdirektoratet

760 818

1 056 706

1 991 285

88,4

1148

Naturskade – erstatningar

48 948

159 000

133 400

-16,1

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

149 242

120 832

111 969

-7,3

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

16 720 830

16 940 902

17 498 159

3,3

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

160 697

149 500

164 500

10,0

1161

Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

24 213

24 068

23 948

-0,5

Sum kategori 15.30

18 037 180

18 612 304

20 092 873

8,0

Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

4141

Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.

3 424

3 625

3 701

2,1

4142

Landbruksdirektoratet

75 301

45 510

46 459

2,1

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

1 406

50

50

0,0

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

254 845

252 610

260 000

2,9

Sum kategori 15.30

334 976

301 795

310 210

2,8

Mål og strategiar

Budsjettframlegget under kategori 15.30 omfattar næringsavtalar, verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket, miljøtiltak, Landbruksdirektoratet, erstatning for naturskade, forvaltning av statsgrunn i skog og utmark, forvaltning av haustbare viltressursar og støtte til organisasjonar. For nærare informasjon om næringsavtalane, sjå Prop. 200 S (2020–2021) Endringer i statsbudsjettet 2021 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2021 m.m.) og Prop. 189 S (2020–2021) Endringer i statsbudsjettet 2021 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2021/2022), og handsaminga av desse i Stortinget.

Framlegget under kategorien rettar seg særleg mot desse hovudmåla; landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.

Landbruksdirektoratet står sentralt i gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken og er støtte- og utgreiingsorgan for departementet, jf. kap. 1142. Det blir lagt vekt på ei brukarretta og effektiv forvaltning av tilskottsordningar og formålstenlege juridiske verkemiddel i tillegg til kontroll og dokumentasjon.

God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er viktig i arbeidet med å nå dei landbrukspolitiske måla. Forvaltning av dyrka mark, skog og utmark krev god oversikt over areal- og genressursane, noko som er føresetnader for lønsam drift og god kunnskap om berekraftig forvaltning med gode miljøomsyn. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er ein viktig leverandør av kunnskap til forvaltning og næringsutøvarar, jf. kap. 1136 og 1137.

Prioriteringar

Prioriteringar i jordbruksavtalen

Kravet frå jordbruket blei lagt fram 27. april. Statens tilbod blei lagt fram 4. mai. Den 6. mai blei det i plenumsmøte mellom staten og organisasjonane i jordbruket klart at det blei brott i jordbruksforhandlingane 2021. Regjeringa gjekk difor til Stortinget med eit forslag til jordbruksoppgjer basert på statens tilbod, jf. Prop. 200 S (2020–2021). Stortinget handsama proposisjonen 16. juni 2021.

Jordbruksoppgjeret hadde ei ramme på 962 mill. kroner, og la til rette for ein gjennomsnittleg netto inntektsvekst frå 2021 før oppgjer, til 2022, på om lag 4,5 pst. (18 700 kroner). Ramma var finansiert med 400 mill. kroner i auka målprisar, 490 mill. kroner i auka løyvingar over kap. 1150, 32 mill. kroner i overførte midlar og 40 mill. kroner i auka verdi av jordbruksfrådraget. Over heile perioden til regjeringa Solberg er inntektsgapet mellom jordbruk og andre grupper redusert. Frå 2014 til før jordbruksoppgjeret i 2021, har jordbruket hatt ein inntektsvekst på i underkant av 38 pst., mens lønsveksten for «andre grupper» truleg blir om lag 20,4 pst.

Ramma er høgare enn det som skal til for å leggje til rette for ein inntektsvekst på 4,5 pst., men sidan delar av midlane på ramma skal bidra til finansiering av klima- og miljøtiltak og ei forsvarleg forvaltning av Landbrukets utviklingsfond, blei det ikkje rekna inntektseffekt av heile rammebeløpet. Innvilgingsramma til Landbrukets utviklingsfond blei redusert med 17 mill. kroner og sett til 1 691 mill. kroner samstundes som løyvinga til fondet blei auka med 83 mill. kroner.

Jordbruksoppgjeret følgjer opp regjeringa Solberg si prioritering av distrikt og små- og mellomstore bruk, og la vekt på å stimulere til større del norsk fôr, både grovfôr, korn og proteinvekstar. Sektorar med marknadspotensial, som korn, frukt, grønt og potet, er prioriterte. Som følgje av diskusjonane rundt grunnlagsmaterialet før årets jordbruksoppgjer, er det sett ned eit utval som skal drøfte og klargjere prinsipp og metodar, og moglegheiter og avgrensingar, for måling av inntekt for jordbruket som sektor og for bønder som private næringsdrivande. Utvalet skal òg vurdere grunnlag og føresetnader for samanlikning av næringsinntekter frå jordbruket med løn for arbeidstakarar. Utvalet skal levere si innstilling innan 1. juli 2022.

Jordbruksoppgjeret innebar eit betydeleg bidrag for å oppfylle klimaavtalen mellom staten og jordbruket. Avsetjinga som har klima- og miljøverknad blei auka med 238 mill. kroner frå 2021 til 2022. Oppgjeret innebar ei særskild prioritering av investeringar i klimatiltak som skal bidra til reduserte utslepp.

Prioriteringar i reindriftspolitikken

Regjeringa arbeider vidare med å følgje opp Meld. St. 32 (2016–2017) Reindrift – Lang tradisjon – unike muligheter og handsaminga av denne i Stortinget. Det er lagt til grunn at økologisk berekraftig drift og auka produksjon dannar grunnlaget for dei unike moglegheitene reindrifta gir. Meldinga presenterte òg strategiar og tiltak for at næringa betre skal kunne utnytte potensialet sitt i ei rasjonell og marknadsorientert retning. Inntektene frå reindrifta skal i størst mogleg grad skapast ved å selje etterspurde produkt og tenester på marknaden. Det vil gi grunnlag for den unike næringa og kulturberaren som reindrifta er.

I dag er det meste av beitekapasiteten utnytta. Reindriftsnæringa må auke produksjonen og lønsemda gjennom andre driftstilpassingar enn gjennom å auke talet på dyr. Skal reindrifta framleis ha eit økonomisk grunnlag for heiltidsutøvarar og samstundes halde fram med den familiebaserte reindrifta, er det sentralt å sjå på alternative verksemder knytte til reindrifta, til dømes innanfor reiseliv, lærings- og omsorgsbaserte tenester, vidareforedling og lokalmat. Desse verksemdene er prioriterte i Reindriftsavtalen 2021/2022. Sjå nærare omtale av reindriftsavtalen under kapittel 1151.

Avtalen styrkjer òg arbeidet med beredskap i reindriftsnæringa og reindriftsforvaltninga. Beitekrisa i reindrifta i 2020 gjorde det naudsynt å gå gjennom beredskapen i reindrifta, og på bakgrunn av dette er det gjort enkelte endringar for å styrkje beredskapen både i næringa og forvaltninga. I tillegg opnar avtalen for fleire verkemiddel for å vareta reineigarar som ikkje kan bruke sine beiteområde i Sverige.

NIBIO har fått i oppdrag å gjennomføre eit pilotprosjekt for individmerking av rein, der individmerking blir testa i praksis. Saman med rapporten NIBIO utarbeidde i 2020, skal pilotprosjektet liggje til grunn som kunnskapsgrunnlag for utarbeiding av forskrifta. Departementet legg vekt på å involvere reindriftsnæringa i det vidare arbeidet.

Departementet vil arbeide vidare med å følgje opp rapporten Kriterier for bærekraftsmålene i reindriftspolitikken, på bakgrunn av høyringa som er gjennomført i 2021.

Eit reintal som er tilpassa beitegrunnlaget er avgjerande for å nå målet om berekraftig reindrift. Reintalet i Vest-Finnmark reinbeiteområde låg i 2020 noko over det fastsette reintalet. Dette viser at det er naudsynt å følgje med på utviklinga for å unngå at reintalet aukar på nytt.

Tap av rein til rovvilt er ei stor utfordring. I enkelte reinbeitedistrikt har det over tid blitt erstatta opp mot halvparten av kalveproduksjonen som tap til rovvilt. Sjølv om tapet blir erstatta, vil det gi negative konsekvensar for den enkelte siidaandel og reindriftsfamilie. Dette fordi endra aldersstruktur i simleflokken kan gi lågare kalvetilgang det etterfølgjande året, med tapte produksjonsinntekter som resultat.

Rovviltpolitikken har innverknad på samisk reindrift. Det er difor viktig at tiltak som blir sette i verk når det gjeld rovvilt òg blir vurderte opp mot dei forpliktingane staten har overfor samane som urfolk. Dette gjeld både materielle forpliktingar til å sikre mellom anna naturgrunnlaget for den samiske reindrifta, og dessutan prosessuelle forpliktingar som gjeld konsultasjonar og deltaking i avgjerder som kan påverke samiske interesser direkte.

Prioriteringar i skogpolitikken og i forvaltninga av haustbart vilt

Skogpolitikken blir følgd opp i tråd med Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring, som blei handsama av Stortinget i januar 2017. Her går det mellom anna fram at auka vidareforedling av norsk tømmer i lønsame foredlingsbedrifter i Noreg vil vere viktig for auka verdiskaping og for positive nærings-, miljø- og klimabidrag frå sektoren. Strategidokumentet Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling, som blei lagt fram i 2019, blir følgt opp mellom anna gjennom eit dialogforum der representantar frå skog- og trenæringa, forsking og forvaltning deltek.

Dei viktigaste verkemidla i skogpolitikken er skogfond, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, tilskott til skogplanteforedling og tilskott til produksjon av bioenergi.

Verkemiddelbruken knytt til forbetring av skogsvegnettet og tømmerkaier i skogbruket har høg prioritet. Ein god infrastruktur i form av vegar, jernbane og tømmerkaier er viktig for å auke verdiskapinga og styrkje konkurransekrafta til fastlandsindustrien. Regjeringa vil halde fram med å forbetre rutinane for kontroll og handheving av plikta til å forynge skogen etter hogst.

Departementet har eit hovudansvar for viltlova. Viltlova har til formål at viltet og viltet sine leveområde skal forvaltast i samsvar med naturmangfaldlova, og slik at produktiviteten og artsrikdomen i naturen blir tekne vare på. Innanfor denne ramma kan viltproduksjonen haustast til gode for landbruksnæringa og friluftslivet. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet samarbeider om ei modernisering av viltlova. Det er naudsynt med betre samordning mellom viltlova og anna relevant regelverk, og klargjering som følgje av nye utfordringar på området. Som eit ledd i arbeidet la Landbruks- og matdepartementet fram Prop. 149 L (2020–2021) Endringer i viltloven (bruk av kunstig lys ved jakt på villsvin) våren 2021. Regjeringa har eit mål om færrast mogleg villsvin spreidd over eit minst mogleg område. Endringane som går fram av lovproposisjonen byggjer opp under dette målet, og har til formål å leggje til rette for meir effektiv jakt på villsvin. Dei nye reglane tok til å gjelde 1. juli 2021. Departementet arbeider òg vidare med å leggje til rette for oppbygging av kunnskapsgrunnlaget for forvaltning av dei haustbare viltressursane, og auka verdiskaping frå desse ressursane mellom anna gjennom jakt, jaktturisme og foredling av viltkjøtt.

Prioriteringar i landbruket sin klima- og miljøpolitikk

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for sine aktivitetar og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljømåla kan bli nådde. Resultatrapportering for målet berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar er omtalt i del III av proposisjonen. For ei samla omtale av klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementets budsjettproposisjon.

Jordbrukspolitikken skal leggjast om i ei meir miljø- og klimavenleg retning. I jordbruksoppgjeret 2021 blei klimainnsatsen ytterlegare styrkt, spesielt ved å prioritere investeringar i klimatiltak som skal bidra til utsleppsreduksjonar som kan reknast inn i den offisielle klimagassrekneskapen. Klimaavtalen som blei inngått mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket i 2019, vil liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover, jf. òg Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030.

Miljøprogramsatsinga over jordbruksavtalen omfattar viktige verkemiddel for å stimulere til meir miljøvenleg drift. Det er difor viktig å vidareføre denne satsinga.

For mykje næringssalt er ein av dei tre faktorane som har størst innverknad på våre vassdrag og kystområde. Dei viktigaste kjeldene til dette er separate avløpsanlegg som ikkje tilfredsstillar reinsekrava, restutslepp frå kommunale avløpsanlegg og arealavrenning frå jordbruk. Ytterlegare reduksjon av forureining av vatn (avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmidlar) er difor viktig. Samla gjennomføring av ulike tiltak for jordarbeiding, grasdekte areal m.m. i kornområda, har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala.

Strukturendringar og endring i driftsformer gir utfordringar for naturmangfaldet i jordbrukslandskapet og for økosystemtenester levert frå jordbrukslandskapet. Eit variert jordbrukslandskap gir viktige leveområde for mange artar. Ei rekkje ordningar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå skal sørgje for tiltak og rett skjøtsel av verdifulle landskap, verdifulle artar og naturtypar, i tillegg til å bidra til at status for kulturminne og kulturmiljø i jordbruket blir betra. Tiltak for å betre forholda for pollinerande insekt blir følgde opp i tråd med Nasjonal pollinatorstrategi og Tiltaksplan for ville pollinerande insekt 2021–2028.

Regjeringa har som mål å auke CO2-opptaket i norsk skog. Av Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 går det fram at regjeringa difor vil vurdere å styrkje eksisterande klimatiltak i skog, innføre krav i lov og forskrift om minstealder for hogst og leggje til rette for skogplanting på nye areal med klare miljøkriterium.

Prioriteringar i areal- og ressurspolitikken

Matjorda er den viktigaste ressursen for ein levande norsk matproduksjon, både i dag og for framtidige generasjonar. Regjeringa la våren 2021 fram ein oppdatert jordvernstrategi med nye tiltak og eit forsterka jordvernmål. Årleg omdisponering av dyrka jord skal innan 2025 ikkje overstige 3 000 dekar. Tiltaka i strategien blir følgde opp i 2022. Regjeringa vil halde fram med å formidle tydeleg mål og tiltak for arealpolitikk og jordvern. Regjeringa vil mellom anna vurdere eit sterkare vern av dei viktigaste jordbruksareala. Vidare vil departementet etablere ei ny tilskottsordning for utarbeiding av kommunale jordvernstrategiar.

Landbruksdirektoratet vil i 2022 halde fram med å styrkje og utvikle det faglege arbeidet med arealbruken i landbruket knytt til oppgåver innanfor klima og miljø, og den todelte målsetjinga i rovdyrpolitikken.

Tilgang til naudsynte areal er ein føresetnad for produksjon og lønsemd i reindriftsnæringa. Reindriftsavtalen 2021/2022 styrkjer arbeidet med å vareta arealressursane til reindrifta, mellom anna gjennom å etablere ei rådgivingsteneste for arealsaker for reindriftsnæringa, som Norske reindriftsamers landsforbund skal ha ansvaret for. I tillegg skal det utarbeidast rettleiingsmateriell for arbeidet med arealsaker i distrikta, og ein mal for distriktsplanar.

Regjeringa vil ikkje gjennomføre ytterlegare liberalisering i lovgivinga, og vil vidareføre bu- og driveplikta for å sikre at matjorda blir brukt til matproduksjon. Departementet har utforma nye rundskriv om praktiseringa av jord- og konsesjonslovgivinga. Rundskriva er oppdaterte ut frå gjeldande praksis, og skal gjere det enklare for kommunane og statsforvaltarane å praktisere lovene. Departementet vil òg følgje opp Stortingets vedtak om endringar i arvelova, som mellom anna regulerer kor lenge landbrukseigedommar kan liggje i dødsbu. Iverksetjing av dei nye reglane skal leggje til rette for auka utbod av landbrukseigedommar, og aktiv drift av landbruksareal.

Landbruk er ein føresetnad for å ta vare på kulturlandskapet, og dette landskapet gir ei ramme for satsing på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme. Jordbruket sitt kulturlandskap er dessutan særleg viktig leveområde for mange artar av planter og dyr. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal òg framover bidra til å halde det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet ved like. Ordningane over jordbruksavtalen med 46 utvalde kulturlandskap i jordbruket over heile landet og ivaretaking av kulturlandskapsverdiane i verdsarvområda, blir ført vidare i 2022. Regjeringa vil òg utvide talet på utvalde kulturlandskap i jordbruket og vurdere om Cirkumferensen ved Røros Bergstad kan innlemmast i ordninga for verdsarvområda over jordbruksavtalen.

Det genetiske mangfaldet av planter, husdyr og skogtre er ein viktig ressurs for landbruket. Dette mangfaldet utgjer ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon og tilpassing til nye behov og utfordringar for landbruket, ikkje minst i møte med klimaendringar. I eit internasjonalt perspektiv vil trugsmåla mot genetisk variasjon hindre utvikling av eit berekraftig landbruk. Endra klima er ei utfordring som vil krevje tilpassa plante- og dyremateriale i landbruket og tilpassa skogtre i skogbruket. Ordninga med tilskott til genressurstiltak bidreg til å oppfylle pliktene Noreg har i Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar, og i dei vedtekne sektorvise handlingsplanane for husdyr, planter og skogtre under FAOs kommisjon for genetiske ressursar for mat og landbruk. Departementet vil i 2022 følgje opp strategien for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk.

Departementet har ansvaret for drifta av Svalbard globale frøhvelv. Frølageret har ei viktig rolle i arbeidet med å auke forståinga for genetiske ressursar og det internasjonale samarbeidet om dette.

Departementet vil leggje vekt på å sikre eit effektivt nordisk samarbeid om å ta vare på genetiske ressursar i Nordisk genressurssenter (NordGen) og den nordiske partnarskapen for frøforedling. Målet er å styrkje planteforedlinga og nytte dei nordiske genressursane betre.

Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

70

Støtte til organisasjonar

39 302

39 302

41 302

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast

1 070

1 298

1 298

72

Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk

7 927

7 927

7 927

73

Ekstraordinært tilskott til Dyrsku’n

11 200

Sum kap. 1138

59 499

48 527

50 527

Post 70 Støtte til organisasjonar

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å støtte organisasjonar på nasjonalt nivå som arbeider innanfor Landbruks- og matdepartementets målområde.

Dette omfattar organisasjonar som

  • formidlar kunnskap og fremjar forståing for verdien av landbruk, matproduksjon og matkultur

  • synleggjer yrkesmoglegheiter knytte til garden sine ressursar

  • fremjar berekraftig landbruk, verdiskaping og landbruksbasert næringsutvikling

Tilskottet skal medverke til å halde oppe aktiviteten i organisasjonane, og bidra til eit levande og aktivt organisasjonsliv lokalt, regionalt og nasjonalt.

Departementet gjer framlegg om løyvingar til organisasjonar direkte i budsjettproposisjonen. Det blir sett krav om rapportering i form av årsmelding/årsberetning og revisorgodkjend rekneskap. Dette er grunnlag for oppfølging og kontroll, og skal sendast departementet innan 1. juni påfølgjande år. For organisasjonar som mottek tilskottsbeløp mindre enn 200 000 kroner, er det sett krav om at rekneskapen skal vere attestert.

Årsmelding/årsberetning og rekneskap for løyvinga i 2022 skal sendast departementet innan 1. juni 2023.

Rapportering 2020

I 2020 blei det løyvd 39,3 mill. kroner i støtte til 29 organisasjonar, jf. tabell 6.3.

Tabell 6.3 Støtte til organisasjonar i 2020 (i kroner)

Organisasjon

Løyving 2020

4 H Norge

7 100 000

Det Kongelige Selskap for Norges Vel

1 900 000

Det Norske Hageselskap

1 090 000

Det Norske Skogselskap

1 190 000

Dyrebeskyttelsen Norge

400 000

Dyrevernalliansen

740 000

Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk

1 600 000

HANEN – Næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gårdsmat og innlandsfiske

2 150 000

Hest og Helse

230 000

Kvinner i skogbruket

170 000

Matsentralen Norge

7 800 000

Matvett AS

410 000

GMO-Nettverket

1 490 000

NOAH – for dyrs rettigheter

730 000

Norges Birøkterlag

250 000

Norges Bygdekvinnelag

400 000

Norges Bygdeungdomslag

130 000

Norsk Bonde- og Småbrukarlag

250 000

Norsk Gardsost

370 000

Norsk seterkultur

180 000

Norske Lakseelver

540 000

Spire

100 000

Stiftelsen Bondens marked Norge

500 000

Stiftelsen Geitmyra matkultursenter for barn

2 380 000

Stiftelsen Norsk Kulturarv

350 000

TreSenteret i Trondheim

300 000

Ungt Entreprenørskap Norge

350 000

Vitenparken Campus Ås

3 200 000

Økologisk Norge

3 002 000

Sum

39 302 000

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 41,3 mill. kroner i støtte til organisasjonar. Dette er ein auke på 2 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2021. Med denne auken er det lagt til rette for etablering av Geitmyra matkultursenter for barn i Tønsberg.

Løyvinga er fordelt på 30 organisasjonar, jf. tabell 6.4.

Tabell 6.4 Støtte til organisasjonar i 2021 og budsjettframlegg for 2022 (i kroner)

Organisasjon

Løyving 2021

Forslag 2022

4 H Norge

7 100 000

7 100 000

Det Kongelige Selskap for Norges Vel

1 900 000

1 900 000

Det Norske Hageselskap

1 090 000

1 090 000

Det Norske Skogselskap

1 190 000

1 190 000

Dyrebeskyttelsen Norge

400 000

400 000

Dyrevernalliansen

740 000

740 000

Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk

1 600 000

1 600 000

HANEN – Næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gårdsmat og innlandsfiske

2 150 000

2 150 000

Hest og Helse

230 000

230 000

Jordvern Norge

200 000

200 000

Kvinner i skogbruket

170 000

170 000

Matsentralen Norge

7 800 000

7 800 000

Matvett AS

410 000

410 000

GMO-Nettverket

1 490 000

1 490 000

NOAH – for dyrs rettigheter

730 000

730 000

Norges Birøkterlag

250 000

250 000

Norges Bygdekvinnelag

400 000

400 000

Norges Bygdeungdomslag

130 000

130 000

Norsk Bonde- og Småbrukarlag

250 000

250 000

Norsk Gardsost

370 000

370 000

Norsk seterkultur

180 000

180 000

Norske Lakseelver

540 000

540 000

Spire

100 000

100 000

Stiftelsen Bondens marked Norge

500 000

500 000

Stiftelsen Geitmyra matkultursenter for barn

2 380 000

4 380 000

Stiftelsen Norsk Kulturarv

350 000

350 000

TreSenteret i Trondheim

300 000

300 000

Ungt Entreprenørskap Norge

350 000

350 000

Vitenparken Campus Ås

3 000 000

3 000 000

Økologisk Norge

3 002 000

3 002 000

Sum

39 302 000

41 302 000

Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

Formål med løyvinga

Posten omfattar midlar for medverknad i internasjonale skogpolitiske prosessar og anna internasjonalt skogsamarbeid. Noreg arbeider for eit forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FNs skogforum (UNFF) er ein viktig arena for dette globalt, mens FOREST EUROPE er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk på regionalt nivå i Europa. FOREST EUROPE samlar dei europeiske landa og ei rekkje internasjonale og frivillige organisasjonar om strategiar for å møte utfordringar og moglegheiter som skogsektoren i Europa står overfor. Det europeiske instituttet for skogforsking (EFI) er ein internasjonal organisasjon der Noreg er medlemsstat og deltek i møte i styrande organ. EFI driv forsking og utgreiing av europeiske skogspørsmål, og er ein sentral aktør i å skaffe fram kunnskapsgrunnlag for utvikling av skogpolitikk både nasjonalt og internasjonalt. Det regionale skogsamarbeidet i FN-regi skjer gjennom United Nations Economic Commission for Europe (UNECE) og FAOs europeiske skogkommisjon. Noreg deltek her. Noreg er òg medlem i andre regionale skogsamarbeid, skognettverket Barents Forest Sector Network innanfor Barents-samarbeidet med Finland, Russland og Sverige, og eit sirkumborealt samarbeid der òg Canada og USA deltek. Noreg tok over formannskapet i Barents Forest Sector Network i oktober 2019 og vil ha dette til oktober 2021. Vidare er skog og skogbruk ein del av samarbeidet i Nordisk ministerråd.

Løyvinga skal òg nyttast til norsk medverknad i andre forum for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål, til dømes FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO). Løyvinga må sjåast i samanheng med løyvinga til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på kapittel 1136, post 50, som skal dekkje bidrag frå instituttet til internasjonalt skogpolitisk samarbeid.

Rapportering 2020

Noreg har i 2020 bidrege med 1 mill. kroner til eit fond som finansierer verksemda i Policy Support Facility under EFI. Dette programmet skal kople forsking og politikkutvikling, og er eit godt bidrag til kunnskapsutvikling knytt til nasjonal skogpolitikk og europeisk skogpolitisk samarbeid. I 2020 har fondet finansiert to rapportar i serien From Science to Policy, om skogforvaltninga i Europa og om status og utsikter for bioøkonomien i Europa og Kina. Det har òg vore gitt ut kortare nyheitsskriv om aktuelle saker. Think Forest har arrangert fire seminar om EUs Green Deal og skog, europeisk skogpolitikk etter 2020, oppfatningar om skog og bioøkonomi og bioøkonomi i Kina og Europa. Grunna koronapandemien blei seminara arrangert digitalt.

NIBIO er ein viktig aktør i oppfølginga av det internasjonale skogsamarbeidet, mellom anna i FOREST EUROPE, FAO og UNECE. Ein viktig del av dette er å sikre rapportering og delta i utviklingsarbeidet til desse organisasjonane og prosessane. NIBIO har i 2020 hatt sekretariatfunksjonen for det norske formannskapet i Barents Forest Sector Network, og bidrege i det løpande arbeidet og i å leggje grunnlaget for eit avsluttande arrangement i 2021.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,3 mill. kroner til internasjonalt skogsamarbeid.

Løyvinga skal nyttast til vidare oppfølging av internasjonale prosessar. Hovuddelen vil bli nytta til å føre vidare bidraget til arbeidet i EFI.

Post 72 Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)

Formål med løyvinga

Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) er ei privat, sjølvstendig stifting som arbeider med forsking, rådgiving og formidling av kunnskap innan fagområda økologisk landbruk og matproduksjon, miljø, berekraft og fornybar energi.

Løyvinga skal gå til utvikling og formidling av kunnskap om produksjon og forbruk av økologisk mat. Ein mindre del av løyvinga kan gå til forskingsretta arbeid.

Rapportering 2020

Det blei løyvd 7,9 mill. kroner til formålet. Stiftinga har drive både munnleg og skriftleg formidling til bønder, landbruksrådgivarar, studentar, offentleg forvaltning, forbrukarar og storhushaldning. Formidlinga har skjedd gjennom ulike nettstader, artiklar i fagtidsskrift, foredrag og ulike arrangement. Grunna koronapandemien i 2020 blei mykje av den fysiske verksemda flytta over til digitale plattformer. Desse arrangementa har hatt stor deltaking. Ikkje all formidlingsaktivitet har det vore mogleg å gjennomføre digitalt, mellom anna besøk på NORSØK sin eigedom. Slik type aktivitet er difor redusert samanlikna med tidlegare år.

Stiftinga deltek på ei rekkje samarbeidsarenaer, og har aktiv samhandling med andre kompetanse-, fag- og forskingsmiljø. Stiftinga legg vekt på dialog og samarbeid med fleire organisasjonar nasjonalt og internasjonalt. NORSØK har eit omfattande samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving og NIBIO. Innanfor løyvinga har NORSØK òg arbeidd med å samle og utvikle kunnskap innanfor ei rekkje tema som jordkvalitet, agronomi, klima og planter, fornybar energi, dyrevelferd og driftsopplegg, plantevern, og økologisk forbruk.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,9 mill. kroner til stiftinga NORSØK. Aktuelle tiltak som skal finansierast av løyvinga, vil bli avklart i dialog mellom stiftinga og departementet.

Post 73 Ekstraordinært tilskot til Dyrsku’n

Formål med løyvinga

Landbruksmessa Dyrsku’n blei avlyst i 2020 som følgje av koronapandemien og tiltaka for å hindre smittespreiing. Dyrsku’n samlar normalt om lag 90 000 besøkande over tre dagar. Før ordninga med støtte til store arrangement for publikum blei etablert, fall Dyrsku’n utanfor dei ordningane som var etablert for å hjelpe verksemder gjennom pandemien.

Avlysinga sette Dyrsku’n i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon. Dyrsku’n står i ei særstilling på grunn av si lange historie og posisjonen som ein nasjonal arena og samlingsplass for landbruket. Arrangementet skaper dessutan positive ringverknader for økonomien i Seljord og i regionen. For å leggje til rette for vidare drift og gjennomføring av framtidige arrangement, blei det løyvd 11,2 mill. kroner til selskapet Dyrsku’n Arrangement AS. Løyvinga skulle leggje til rette for vidare drift og gjennomføring av arrangement dei kommande åra. Den skulle dekkje 70 pst. av det berekna inntektstapet i 2020. Det ekstraordinære tilskottet blei notifisert til EFTAs overvakingsorgan (ESA) og godkjend 19. oktober 2020.

Rapportering 2020

Det blei løyvd 11,2 mill. kroner for å sikre vidare drift og gjennomføring av framtidige landbruksmesser på Dyrskuplassen i Seljord.

Den ekstraordinære støtta blei nytta på fleire område. Selskapet fekk moglegheit til å hente permitterte tilsette tilbake, og i staden fokusere på planlegging og arbeid mot framtidige arrangement. I arbeidet mot arrangementet i 2021 blei det mellom anna jobba svært mykje med smittevernarbeid. Tilskottet blei nytta til å dekkje faste kostnader som leige, straum, kommunale avgifter, lisensar, telefon, forsikring og andre naudsynte kostnader. Selskapet har arbeidd kontinuerleg med kostnadskutt der det har vore mogleg. Den endelege rekneskapen for Dyrsku'n Arrangement AS for 2020 viser eit underskot på 1,5 mill. kroner før skatt. Det ekstraordinære tilskottet har i stor grad medverka til at Dyrsku’n Arrangement AS har hatt moglegheit til å arbeide for vidare drift og planlegging av framtidige arrangement for å halde ved lag posisjonen Dyrsku’n har som ein nasjonal arena og samlingsplass for landbruket.

Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

71

Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak, kan overførast

29 198

30 205

30 081

Sum kap. 1139

29 198

30 205

30 081

Post 71 Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak

Formål med løyvinga

Over post 71 blir det gitt støtte til tiltak innanfor delmålet berekraftig bruk og eit sterkt vern av areal og ressursgrunnlag i landbruket, som ligg under hovudmålet om berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Løyvingar over posten omfattar tiltak for å styrkje nasjonalt og internasjonalt arbeid med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket. Midlar til prosjektet Miljøregistreringer i Skog (MiS) ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) inngår òg i denne posten.

Rapportering 2020

Koordineringa av det nasjonale arbeidet med genressursforvaltning er lagd til Norsk genressurssenter under NIBIO.

Tilskott til bevaring og berekraftig utvikling og bruk av husdyr-, plante- og skogtregenetiske ressursar som har eller kan få tyding for mat og landbruk i Noreg, blir forvalta av Landbruksdirektoratet. Over post 71 blei det i 2020 innvilga tilskott på 6,8 mill. kroner, fordelt på i alt 63 prosjekt. Tilskottet blei gitt til tiltak som bidreg til å nå nasjonale mål og til å oppfylle Noregs internasjonale forpliktingar. Prioriteringar og satsingsområde i gjeldande handlingsplanar for bevaringsverdige husdyrrasar og plante- og skogtregenetiske ressursar, er difor lagde til grunn for løyvingane. Som tidlegare år gjekk dei fleste tilskotta i 2020 til aktivitetar for å sikre genressursane på lang sikt. Døme på dette er tilskott til avlslag, bevaringsbesetningar og klonarkiv som tek hand om truga husdyrrasar og plantegenetiske ressursar i samarbeid med Norsk genressurssenter. Det er òg gitt støtte til drifta av genbanken for verpehøns på Hvam, der dei tidlegare kommersielle verpehønslinene er bevarte i ein levande genbank. I 2020 blei det òg gitt tilskott til fleire prosjekt, mellom anna til prosjekt for å sjå på immunkomponentar i mjølk frå bevaringsverdige storferasar, risikovurdering av soppen Diplodia sapinea ved produksjon av furu og uttesting og bruk av historiske norske kornsortar.

Det blei utbetalt vel 1 mill. kroner til den internasjonale plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling (Benefit Sharing Fund) over posten. Det svarar til 0,1 pst. av verdien av omsett såvare i Noreg i 2019.

Svalbard globale frøhvelv er etablert for å sikre at den globale matforsyninga i framtida kan dra nytte av det store genetiske mangfaldet innan matplantene våre. Særskilde vekstar av stor verdi for den globale matforsyninga, er sikra i kvelvet. Dette spesialbygde fryselageret, som er lagt inn i permafrosten i fjellet, husar sikkerheitskopiar av frø frå heile verda. 42 institusjonar la til saman inn 82 501 nye frøprøver i 2020. Ved utgangen av 2020 har 87 institusjonar verda over lagra 1 074 533 sikkerheitskopiar i kvelvet på Svalbard. Frølageret er eit viktig bidrag frå Noreg til det internasjonale samarbeidet for bevaring av genetiske ressursar for mat og landbruk. Midlane i 2020 gjekk til drift av frølageret, som mellom anna inkluderer husleige, kapitalkostnader, driftsutgifter til NordGen for arbeid med deponering av frø, arbeid med informasjon og styrkt driftssikkerheit.

Departementet gir støtte til prosjektet Miljøregistreringer i Skog (MiS), som gir eit fagleg fundament for eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det blei løyvd 4,6 mill. kroner til dette arbeidet for 2020. Miljøregistreringane gir grunnlag for miljøomsyn i skogbruket, for miljøsertifiseringa i skogbruket, og blir nytta av skogeigarane for å finne område som kan vere aktuelle for frivillig vern. Stortinget har vedteke at det er klassifiseringssystemet Natur i Norge (NiN), som Artsdatabanken har ansvaret for, som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er teke i bruk og innarbeidd i MiS-kartlegginga.

Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest fekk til saman tildelt 4,9 mill. kroner i 2020. Sentera har ansvar for å fremje dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest. Det blir fødd urovekkjande få føl av dei nasjonale rasane, og denne tendensen har vart i ein del år. Fjordhest og nordlandshest/lyngshest har hatt stabile eller svakt aukande bedekningstal dei seinare åra, og dei har auka talet på hingstar som blir nytta. Fjordhest og nordlandshest/lyngshest har ei stabil innavlsutvikling over ganske lang tid og ser ut til å halde denne trenden ved lag. Fagutvalet for avl og bevaring av nasjonale hesterasar leverer årleg ei tilråding til departementet om oppfølging av handlingsplan for bevaring, til støtte for dei prioriteringane av midlar som departementet gjer.

Over posten blei det òg løyvd 0,4 mill. kroner til stiftinga Det norske arboret til arbeidet med samlingar av tre og buskar som eignar seg for norske forhold, og til formidlingsverksemd.

Stiftinga Norsk Hjortesenter fekk i 2020 tildelt 1,1 mill. kroner for å halde fram som kompetansesenter for hjort – både viltlevande og i oppdrett. Hjortesenteret bidreg til kunnskapsutvikling og auka kompetanse om hjort som ressurs, hos private, hos rettshavarar og i forvaltninga.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 30,1 mill. kroner til tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak. Fordeling av løyvinga på tiltak framgår av tabell 6.5. Det er frå og med 2022 gjort ei teknisk flytting av støtta til Stiftinga Norsk Hjortesenter til kap. 1141, post 75.

Tabell 6.5 Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak (i 1000 kroner)

Tiltak

2021

Budsjett 2022

Genressurstiltak

7 040

7 040

Svalbard globale frøhvelv

10 249

10 249

Nordisk genressurssenter (NordGen)

1 850

1 850

Prosjektet Miljøregistreringer i skog (MiS-prosjektet)

4 550

4 550

Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest og Norsk Fjordhestsenter

4 947

4 947

Stiftinga Det norske arboret og Norsk Hjortesenter

1 569

445

Kommunale jordvernstrategiar

-

1 000

Sum genressursforvaltning og miljøtiltak

30 205

30 081

Arbeidet som blir finansiert over denne posten, bidreg til å oppfylle Noregs bidrag til FNs mål for berekraftig utvikling og følgjer opp Nasjonal strategi for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk: Forråd av gener – muligheter og beredskap for framtidas landbruk.

Det er ei sentral målsetjing for bruken av desse midlane å sikre langsiktig bevaring av genetiske ressursar ved å stimulere til forpliktande eigeninnsats frå private, lokale og offentlege samarbeidspartnarar. I 2022 vil det òg bli lagt vekt på bevaring av skogtre og ville slektningar til kulturplanter i naturlege populasjonar i verneområde. Midla skal òg bidra til å stimulere til auka bruk og næringsutvikling basert på dei genetiske ressursane, og i møte med nye utfordringar, til dømes klimaendringar.

Departementet vil aktivt følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd og i NordGen, mellom anna det nordiske samarbeidet om frøforedling, som er eit viktig langsiktig tiltak for å utvikle klimatilpassa plantemateriale. Innanfor NordGen er den faglege verksemda knytt til husdyr og skogtre lokalisert i Noreg. Det er eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i samlokalisering med Norsk genressurssenter, og departementet gjer framlegg om støtte til denne verksemda i NordGen med 1,85 mill. kroner. Det er òg sett av midlar på posten til Plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling til oppfølging av lovnaden Noreg gav ved opninga av Svalbard globale frøhvelv, om å gi ei årleg støtte som svarer til 0,1 pst. av verdien av årleg omsett såvare. Midlane går til bønder i utviklingsland og deira berekraftige bruk av plantemangfald for å sikre lokal matsikkerheit.

Over posten vil det bli gitt tilskott til drift av Svalbard globale frøhvelv som inkluderer husleige for investeringa i anlegget, driftsutgifter, koordinering av frømottak og informasjon til depositørar og til omverda. Det globale tryggingslageret for frø på Svalbard har god oppslutning frå genbankane i verda. Landbruks- og matdepartementet har inngått avtale både med internasjonale jordbruksforskningssentre, nasjonale frøbevaringsinstitusjonar og private frøsamlingar om langsiktig sikringslagring av deira frø på Svalbard. Det er framleis stor interesse for det globale frølageret i internasjonale medium og hos allmenta. Internasjonale aktørar, det internasjonale panelet for frøkvelvet og partsmøte i Den internasjonale plantetraktaten er viktige støttespelarar i drifta av frøkvelvet.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,6 mill. kroner til NIBIO i 2022 for å føre vidare kunnskapsoppbygginga omkring biologisk mangfald og miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga gjennom MiS-prosjektet. Landbruksdirektoratet har ansvar for opplegget for registreringane og gjennomføringa av MiS-kartlegginga. Prosjektet skal saman med Landbruksdirektoratet følgje opp resultat og erfaringar for å vidareutvikle opplegget for registreringane.

I karttenesta Skogportalen hos NIBIO skal framleis MiS-data og annan relevant miljøinformasjon frå ulike kjelder, samlast og tilpassast behova til næringa og offentleg forvaltning.

Landbruksdirektoratet skal sørgje for at Natur i Norge (NiN) blir ført vidare i skogbruksplanlegginga. Registreringane vil framleis òg bli nytta i arbeidet med å finne område som kan vere aktuelle for frivillig vern. Departementet la våren 2021 fram ein rapport som peikar på ulike tiltak for auka ivaretaking av nøkkelbiotopar. Departementet vil lage ein oppfølgingsplan saman med Landbruksdirektoratet og NIBIO.

Departementet gjer òg framlegg om ei løyving på 4,9 mill. kroner til Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest, mellom anna til oppgåver dei utfører i samarbeid med raselaga for å fremje og bevare dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest.

Departementet vil føre vidare støtta til stiftinga Det norske arboret.

Kap. 1140 Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

16 320

14 904

14 829

21

Spesielle driftsutgifter

24 066

21 868

27 183

71

Tilskott til viltformål, kan overførast

33 040

35 278

35 278

Sum kap. 1140

73 426

72 050

77 290

Om løyvingane under kap. 1140

Kapittelet omfattar utgifter til tiltak innanfor viltforvaltninga. Midlane under kap. 1140 er primært retta mot målet om auka verdiskaping under Landbruks- og matdepartementet, og resultatområda Naturmangfald og friluftsliv under Klima- og miljødepartementet.

Kvart år betaler jegerane inn jeger- og fellingsavgifter til Viltfondet. Desse midlane blir inntektsførte på kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet, post 72 Jeger- og fellingsavgifter, og blir nytta til tiltak som fremjar viltforvaltninga, jf. viltlova § 43.

Inntektsløyvingane over kap. 5576 finansierer utgifter over kap. 1140, post 01, 21 og 71 og utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420, post 01, jf. Prop 1 S frå Klima- og miljødepartementet. For nærare omtale av avgiftene og forholda mellom kap. 1140, 1420, 5576 og inntektene til Viltfondet, sjå kap. 5576.

Løn og godtgjersler til fast tilsette innanfor det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1140, men over kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet, kap. 1420 Miljødirektoratet og kap. 525 Statsforvaltarane.

Bruken av midlane i Viltfondet blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Dette må sjåast i samanheng med at arbeidet med konkrete tiltak i mange tilfelle krev innsats frå dei frivillige organisasjonane, og at dei sentrale ledda i desse organisasjonane skal kunne ha synspunkt på disponeringa.

Løyvingane skal nyttast til oppgåver under Landbruks- og matdepartementet når tiltaka er retta mot dei haustbare viltartane, men òg til oppgåver under Klima- og miljødepartementet når tiltaka er retta mot artar som ikkje er rekna som haustbare. Landbruks- og matdepartementet stiller årleg midlar til ikkje-haustbare artar til disposisjon for Klima- og miljødepartementet. Budsjettmidlane blir fordelte mellom haustbare og ikkje-haustbare artar basert på erfaringstal.

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Midlane under posten er i hovudsak retta mot dei haustbare viltressursane.

Posten dekkjer utgifter til løn og godtgjersler for dei statlege villreinnemndene og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltninga, som det nasjonale Jegerregisteret i Brønnøysund, utarbeiding av jaktstatistikk, utvikling og drift av betalingstenesta for jegeravgifta og informasjonstiltak.

Rapportering 2020

Arbeidet i villreinnemndene er ført vidare. For enkelte av nemndene krev skrantesjuka auka innsats. Arbeidet i Jegerregisteret held fram og blir utvikla vidare.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,8 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Formål med løyvinga

Midlane under posten er retta mot større nasjonale tiltak, mellom anna kjøp av tenester.

Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som blir sikra gjennomførte av Miljødirektoratet. Der regionale eller sentrale styresmakter set i verk oppdrag hos andre, eller kjøper tenester der det er krav om ulike leveransar, skal utgiftene dekkjast over post 21. Det gjeld mellom anna nasjonale overvakingsprogram, digitaliseringsprosjekt, forsking og utgreiing.

Rapportering 2020

Utgifter til drift og utvikling av hjorteviltregisteret blir dekte over denne posten. Hjorteviltregisteret er bygd opp for å sikre opplysningar om jegerobservasjonar og felte dyr under jakt. Kommunen er pålagd å nytte dette i si forvaltning og rapportering av data til statistiske formål, mellom anna til SSB. Registeret er òg sentralt i formidling av data om skrantesjukeanalysar. Data frå bestandsovervakingsprogrammet for hjortevilt blir lagra i registeret. Her blir òg informasjon om alle fallvilttilfelle lagra, mellom anna viltpåkøyrsler på veg og bane. Utgifter til ulike forskingsprosjekt på haustbare artar i regi av forskingsinstitusjonar er ført på post 21, i tillegg til drift av program for bestandsovervaking av hjortevilt og helseovervaking av vilt. Arbeidet med å digitalisere jegerdokumentasjonen held fram i dialog med brukarinteressene.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 27,2 mill. kroner, som er ein auke på om lag 5,3 mill. kroner. Ein del av auken har sin bakgrunn i at midlar frå Viltfondet ikkje lenger blir øyremerkte til viltforsking i grunnfinansieringa av miljøinstitutta, jf. omtale under kap. 5576, post 72 og under kap. 1410, post 50 i Klima- og miljødepartementets budsjettproposisjon. Desse midlane blir frå 2022 nytta til ymse vilttiltak under denne posten. Auken er elles knytt til auka uttak av kapital i Viltfondet, som mellom anna vil bli nytta til vidareføring av digitaliseringsprosjekt innanfor jegerdokumentasjon og hjorteviltforvaltning. Løyvinga i 2022 skal prioriterast til nasjonale overvakingsprogram innanfor vilthelse og -bestandar, drift og utvikling av Hjorteviltregisteret, og naudsynt forsking og utvikling. Hjorteviltregisteret er sentralt for varetaking og bruk av data om hjortevilt, både for kommunar og andre. Løyvinga må òg sjåast i samanheng med midlane som blir tildelte som tilskott under post 71.

Post 71 Tilskott til viltformål

Formål med løyvinga

Midlane under posten er retta mot auka verdiskaping og oppbygging av kunnskapsgrunnlaget for forvaltning av viltressursane. Målet for tilskottsordninga er å medverke til at det blir eit haustingsverdig overskott av vilt, og til å ta vare på produktiviteten og mangfaldet i naturen regionalt og nasjonalt. Tiltaka som blir sette i verk skal gi betre kunnskap om artar og bestandar og korleis dei kan haustast på beste måten.

Det kan bli gitt tilskott innanfor område som jakt og jaktmoglegheiter, viltkartlegging, innarbeiding av leveområde for vilt og viltinteresser i kommunale planar etter plan- og bygningslova, samarbeid om viltforvaltninga lokalt og oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, forskings- og studentoppgåver og andre særleg prioriterte viltformål. Søknader om tilskott til tiltak som inngår som ein del av eit planbasert arbeid, blir prioriterte.

Innanfor desse rammene skal posten dekkje tiltak i samband med forvaltning av hjortevilt, under dette tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskott til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar og andre.

Vidare skal posten dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, styrking av oppsyn og registrering i villreinområda, og utvikling av driftsplanar. Innbetalte fellingsavgifter skal førast tilbake til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda.

Midlar under posten kan òg gå til tilskott til vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, og lokale vilttiltak og utviklingstiltak som er naudsynte for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta. I tillegg er tilskottsmidlane som fylkeskommunane nyttar til haustbart vilt førte under denne posten. Den enkelte fylkeskommune gir etter søknad midlar til praktiske tiltak knytte til desse artane. Det vil òg kunne tildelast tilskott til sentrale organisasjonar som utfører oppgåver for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innanfor viltforvaltninga.

I tillegg skal posten dekkje utgifter til overvaking for å sikre kontinuerleg oversikt over bestandsstatus og utvikling av artar og grupper av viltartar. Overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk sentrale, regionale og lokale tiltak for forvaltning og justering av verkemiddel og avdekkje kunnskapsbehov.

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskott leverer sluttrapportar, rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Den faktiske verknaden av tilskotta kan ikkje vurderast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.

Rapportering 2020

Løyvingane blei i 2020 nytta om lag som tidlegare år. For 2020 blei det levert 634 søknader i Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter. Av desse var 155 stila til Miljødirektoratet, mens resten blei handsama regionalt. Nokre søknader er sende fleire mottakarar. Det blei gitt tilskott til dei fleste aktørar og grupperingar som arbeider med viltforvaltning. Ordninga med elektronisk innlevering av søknader fungerer godt, og ordninga fører til støtte til ulike tiltak i regi av enkeltpersonar, organisasjonar og lag. Løyvingane over posten har òg gjort det mogleg at søkjarar kan medverke i prosjekt der andre har ansvar for hovudfinansieringa, til dømes prosjekt under Noregs forskingsråd. Ordninga er vidare nytta til støtte til studentprosjekt, der slik støtte inneber at det blir gjennomført prosjekt med fagleg relevans for viltforvaltninga.

Det er eit mål at resultata frå bruken av tilskottsmidlane skal bli tilgjengelege for alle interesserte, og slik auke kunnskapen om og spreiinga av vellykka former for tiltak. Rapportar frå prosjekt og oppnådde resultat er tilgjengelege under søknadsarkiv i Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter. Løyvingane til tilskott og handsaminga av den enkelte søknaden skal samla sett underbyggje dei nasjonale måla. Ettersom det er fleire ulike styresmakter og mange tiltakshavarar, vil det vere ei stor breidd i type tiltak, og i kva som kan oppnåast på eitt enkelt år. Det er for ein stor del dei same som betaler avgift, som nyttar høvet til å søkje om tilskott, og som nyttar resultata. Dette fører til ein god samanheng mellom tiltakstypar og årlege behov for resultat. Det er vidare slik at ressurstilgangen samla sett er vurdert å vere god nok i forhold til dei prioriterte tiltaka. Dei som nyttar tilskottsordningane eller resultata, har eigeninteresse i å oppnå dei nasjonale måla, ettersom måloppnåinga er naudsynt for å kunne halde oppe haustinga og ha eit godt nok kunnskapsunderlag for forvaltninga.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 35,3 mill. kroner.

Kap. 1141 Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

23

Jegerprøve m.m., kan overførast

3 422

3 625

3 701

75

Organisasjonar – haustbare viltressursar

6 889

6 889

8 013

Sum kap. 1141

10 311

10 514

11 714

Post 23 Jegerprøve m.m.

Formål med løyvinga

Løyvinga skal gå til å drifte ordninga med den obligatoriske jegerprøva.

Rapportering 2020

Gebyrinntektene frå kap. 4141, post 01 dekkjer utgiftene under kap. 1141, post 23 til å drifte jegerprøveordninga. Inntektene dekkjer vedlikehald av undervisningsmateriell, utdanning av jegerprøveinstruktørar, drift av e-læring, eksamensordninga og elektronisk betalingsløysing for eksamensgebyret og vidareutvikling av jegerprøva.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,7 mill. kroner til å drifte den obligatoriske jegerprøva. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4141, post 01, jf. framlegg til vedtak II.

Post 75 Organisasjonar – haustbare viltressursar

Formål med løyvinga

Løyvinga skal leggje til rette for tiltak som fremjar jaktbasert friluftsliv, og andre tiltak som kan gi grunnlag for auka næringsutvikling og verdiskaping basert på haustbare viltressursar og viltkjøtt.

Rapportering 2020

I 2020 blei det sett av 2,0 mill. kroner til tilskott til tiltak som kan gi barn og unge auka forståing for bruk av utmarksressursane. Det kom til saman 41 søknader om tilskott i 2020, mot fem søknader i 2019. Samla blei det søkt om 5,3 mill. kroner. Det var ein vesentleg auke i talet på søknader samanlikna med 2019. 21 søknader blei heilt eller delvis innvilga, og heile tilskottsramma blei brukt. Fleire av søkjarane har meldt frå at dei hadde problem med å gjennomføre tiltaka fullt ut i 2020 på grunn av restriksjonar knytte til koronapandemien. Desse har fått forlenga gjennomføringsfrist til hausten 2021.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 8,0 mill. kroner. Tilskott til Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) sine aktivitetar knytte til jakt og fangst på haustbare viltressursar og tiltak for å stimulere barn og unge til forståing og bruk av utmarksressursane blir ført vidare. Det er gjort ei teknisk flytting av driftstilskottet til Stiftinga Norsk Hjortesenter, frå kap. 1139, post 71 til denne posten. Stiftinga Norsk Hjortesenter skal, som kompetansesenter, arbeide vidare for at både viltlevande hjort og hjort i oppdrett kan gi grunnlag for auka næringsutvikling og verdiskaping generelt og i landbruket spesielt.

Fordeling av løyvinga på tiltak framgår av tabell 6.6.

Tabell 6.6 Fordeling av midlar på kap. 1141, post 75 for 2022 (i 1 000 kroner)

Tiltak

Budsjett 2021

Budsjett 2022

Norges Jeger- og Fiskerforbund

4 861

4 861

Tiltak for barn og unge – bruk av utmarksressursar

2 028

2 028

Stiftinga Norsk Hjortesenter

-

1 124

Sum kap. 1141, post 75

6 889

8 013

Kap. 4141 Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Jegerprøve, gebyr m.m.

3 424

3 625

3 701

Sum kap. 4141

3 424

3 625

3 701

Post 01 Jegerprøve, gebyr m.m.

Formål med løyvinga

Inntektene på posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøva, jf. forskrift 2. april 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst.

Rapportering 2020

I 2020 var det til saman 10 449 eksamensgjennomføringar, noko som var ein nedgang på 1 357 frå året før. Nedgangen kjem i hovudsak på grunn av avlyste kurs som følgje av koronapandemien. Sjå kap. 1141, post 23.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,7 mill. kroner. Kvar kursdeltakar som gjennomfører jegerprøveeksamen må betale eit eksamensgebyr per eksamensforsøk. Jegerprøvegebyret blei sist endra i 2021. Departementet gjer ikkje framlegg om å justere gebyret i 2022. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1141, post 23, til å drifte ordninga med jegerprøva. Kap. 1141, post 23, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. framlegg til vedtak II.

Kap. 1142 Landbruksdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsutgifter

269 985

240 662

243 682

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

16 160

12 051

12 051

50

Arealressurskart

7 676

7 630

7 592

60

Tilskott til veterinærdekning

169 795

174 945

179 494

70

Tilskott til fjellstuer

816

816

816

71

Tiltak for berekraftig reindrift, kan overførast

4 248

4 500

4 500

72

Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite, overslagsløyving

475

492

520

73

Tilskott til erstatningar m.m. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon, overslagsløyving

60 124

55 610

55 610

74

Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagde beitenekt

1 000

1 000

76

Tilskott til oppkjøp av mjølkekvoter

188 500

77

Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald, kan overførast

226 888

350 000

1 470 000

78

Tilskott til omstilling ved avvikling av pelsdyrhald, kan overførast

4 651

20 000

15 520

80

Radioaktivitetstiltak, kan overførast

500

500

Sum kap. 1142

760 818

1 056 706

1 991 285

Post 01 Driftsutgifter

Formål med løyvinga

Hovudformålet med løyvinga er drift av Landbruksdirektoratet.

Landbruksdirektoratet er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet er òg sekretariat for bl.a. Omsetningsrådet, styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen, styret for Utviklingsfondet for skogbruket, Klagenemnda for naturskadesaker, Reindriftsstyret og styret for Reindriftens utviklingsfond.

Hovudoppgåva til Landbruksdirektoratet er samordna, heilskapleg og effektiv forvaltning av økonomiske og juridiske verkemiddel retta mot primærlandbruket, landbruksbasert næringsmiddelindustri og handel. Verkemidla på området, som Landbruksdirektoratet skal forvalte i samsvar med lov, forskrift og/eller regelverk for ordningane, skal bidra til god måloppnåing innanfor hovudmåla for landbruks- og matpolitikken. Landbruksdirektoratet skal gjennom kontroll og oppfølging av avvik bidra til å sikre at verkemidla blir forvalta trygt og effektivt i samsvar med regelverket. Direktoratet har vidare oppgåver innanfor samfunnstryggleik og beredskap som omfattar handtering av hendingar og kriser på områda matforsyning, reindrift, skog, natur- og avlingsskade.

Landbruksdirektoratet skal, i tillegg til å administrere dei ulike ordningane, vere eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet skal ha oversikt over utviklingstrekk i ressursgrunnlaget og heile verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og samarbeid med anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåing opp mot gjeldande politiske mål og gi innspel til departementet om utvikling av verkemiddel, under dette forenkling. Landbruksdirektoratet skal drive formidling av fag- og forvaltningskompetanse og av landbruks- og matpolitikk til regional og lokal forvaltning.

Landbruksdirektoratet skal samarbeide med statsforvaltaren for å bidra til god lov- og tilskottsforvaltning på regionalt og lokalt nivå, mellom anna kontroll.

Landbruksdirektoratet har desse forvaltningsområda:

  • areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk

  • reindrift

  • inntekts- og velferdspolitiske tiltak

  • marknadstiltak, handel og industri

  • digitalisering og organisasjon

Rapportering 2020

Landbruksdirektoratet er lokalisert i Oslo, Steinkjer og Alta. Regjeringsvedtaket hausten 2017 om å flytte 30 årsverk frå Oslo til Steinkjer blei sluttført i 2020. Eininga i Steinkjer blei offisielt opna 1. oktober 2020.

Sjølv om arbeidskvardagen i 2020 var prega av koronapandemien, har direktoratet halde oppe det same nivået på tenesteleveransane. Oppgåvene innan samfunnstryggleik og beredskap kravde auka kapasitet og meir merksemd i 2020. Då pandemien var eit faktum, rapporterte direktoratet jamleg om marknads- og forsyningssituasjonen til Landbruks- og matdepartementet. Dei tiltaka som blei sette i verk, har bidrege til å halde oppe ei stabil og sikker matforsyning.

Direktoratet la i 2020 vekt på å utvikle vidare verksemda og tenestene direktoratet forvaltar. I 2020 leverte Landbruksdirektoratet eit omfattande utgreiingsmateriale til jordbruksoppgjeret og forhandlingane om reindriftsavtalen. Direktoratet har òg vore ein sentral bidragsytar i ulike utval og arbeidsgrupper.

I 2020 har Landbruksdirektoratet arbeidd med å ta vare på den landbruksfaglege sida (husdyr og reindrift) av den todelte målsetjinga i rovviltpolitikken. Direktoratet har delteke i dei ulike kontaktforuma på nasjonalt nivå, og gav fråsegn til forvaltningsplan for rovviltregion 3 (Oppland).

Hausten 2020 starta samarbeidet med Miljødirektoratet om erstatningsordninga for tamrein. Dei to direktorata samarbeider òg om å sjå på moglegheitene for fleire tiltak som har til formål å redusere konfliktar i område der sauehaldet blir spesielt utfordra av jerv.

Forskrift for kompensasjon etter avvikling av hald av pelsdyr blei fastsett i november 2019 og Landbruksdirektoratet fekk det overordna ansvaret for forvaltninga av ordninga. I 2020 blei det varsla nytt regelverk for ordninga, og arbeidet med dette vil halde fram òg i 2021. I juli tok forskrift om tilskott til arbeidsretta kompetanseheving for pelsdyroppdrettarar til å gjelde og Landbruksdirektoratet er førsteinstans for sakshandsaminga for denne ordninga.

Arbeidet med å sikre at reintalet er tilpassa beitegrunnlaget, blei ført vidare i 2020. Reintalet i Finnmark krev enno tett og aktiv oppfølging. Reindriftsstyret har fastsett nytt øvre reintal i fire reinbeitedistrikt i Finnmark. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark har teke i bruk reindriftsloven § 60 femte ledd, og låst reintalet for siidaandelane i to reinbeitedistrikt. 2020 var prega av beitekrisa som råka dei fleste reinbeitedistrikta i landet.

Landbruksdirektoratet har fleire verkemiddel som bidreg til å sikre matforsyninga og stabile prisar. Gjennom importvern og tollnedsetjing har Landbruksdirektoratet lagt til rette for avsetnad av norsk produksjon, samstundes som det er lagt til rette for supplerande import og oppfylling av internasjonale forpliktingar.

Ei omfattande utgreiing med brei deltaking frå næring og organisasjonar om vekstmoglegheitene i grøntsektoren blei levert i mars 2020. Landbruksdirektoratet var sekretariat for utvalet.

Landbruksdirektoratet har i 2020 arbeidd med statistikk for matsvinn i jordbrukssektoren. Planen er å publisere den første statistikken hausten 2021. Dette gjeld matsvinn som oppstår i primærleddet frå plantar blir hausta og dyr blir slakta. Målet er å halvere matsvinn per innbyggjar innan 2030.

Landbruksdirektoratet koordinerer arbeidet med ordninga med utvalde kulturlandskap i jordbruket, i nært samarbeid med Miljødirektoratet og Riksantikvaren. I 2020 blei ordninga utvida med to nye område, Gran og Ullensvang. Ny forskrift om Utvalde kulturlandskap i jordbruket og Verdsarvområda blei vedteke 27. desember 2019, og vedtaksmyndigheita blei flytta frå statsforvaltaren til kommunen med verknad frå 2020.

Landbruksdirektoratet gjennomførte også i 2020 ei betydeleg satsing på tømmerkaier og skogsvegar. Det har òg vore satsa målretta på auka forynging av skog, og miljø og klimatiltak. På grunn av pandemien og mangel på utanlandsk arbeidskraft blei det innført eit ekstraordinært plantetilskott våren 2020.

Landbruksdirektoratet samarbeider med miljøforvaltninga på eit breitt område i areal- og miljøsaker. I starten av 2020 leverte Landbruksdirektoratet, saman med fem andre direktorat, den omfattande rapporten Klimakur 2030. Innan skog- og arealbrukssektoren blei klimaeffekten av tiltak knytte til mellom anna forynging, skogpleie og hogst presentert.

I 2020 har Landbruksdirektoratet levert fleire utgreiingar på jordbruksområdet som gjeld utslepp til luft, mellom anna Klimakur 2030, tiltak for å redusere ammoniakkutslepp frå jordbruket, nasjonalt program for jordhelse og tiltak for at meir husdyrgjødsel skal utnyttast til produksjon av biogass. Direktoratet tok òg del i sekretariatet for arbeidsgruppa som skal følgje opp klimaavtalen mellom regjeringa og jordbruksnæringa.

Landbruksdirektoratet har i 2020 fått utarbeidd nye erosjonsrisikokart som skal auke målrettinga av vassmiljøtiltak i jordbruket, og delteke i fleire samarbeid for å følgje opp vassforskrifta, Nasjonal strategi for vassdragsrestaurering, Heilskapleg plan for Oslofjorden og oppdatering av vassforvaltningsplanane for 2022–2027.

Digitalisering er eit strategisk satsingsområde, og direktoratet arbeider målretta for å sikre at digitaliseringa skal gi nytte for forvaltninga og landbruksnæringa.

I 2020 blei forbetring og utvikling av dei ulike IKT-systema prioritert. Det blei lagt vekt på utvikling av ny systemløysing for importvern og foredla jordbruksråvarer (RÅK), gjort eit digitaliseringsløft for fagsystemet for skogordningane (ØKS) og gjennomført betringar i fagsystemet og dei digitale tenestene for produksjons- og avløysartilskott (eStil PT). Det blei òg sett i produksjon ein ny digital søknads- og sakshandsamingsløysing for veterinære reiser og første del av utviklinga av nytt fagsystem for kvoteordninga for mjølk blei ferdigstilt. Fagsystemet Agros, som er ei sams løysing for over 25 ulike ordningar inkludert kompensasjonsordninga for pelsdyr, har òg blitt utvikla vidare. I 2020 gjennomførte direktoratet ei utgreiing om digitalisering av eigenfråsegnsskjema etter konsesjonslova.

Direktoratet etablerte i 2019 eit responsmiljø for handtering av kritiske IKT-hendingar Landbruks- og matCERT for landbruks- og matsektoren. I 2020 kom leiing, organisering og drift av responsmiljøet på plass.

Landbruksdirektoratet har i 2020 halde fram arbeidet med målretta og effektiv kontroll med tilskottsforvaltninga. Direktoratet har prioritert å arbeide med oppfølging av Riksrevisjonens rapport etter revisjon av produksjonstilskott i 2019 knytt til den regionale forvaltninga. Funna i rapporten er brukte til å justere metodikk og til å klargjere kontrollrolla. Landbruksdirektoratet har følgt opp at statsforvaltarane tek ansvar for den regionale forvaltninga og kontrollen på landbruksområdet på ein formålstenleg måte. Statsforvaltarane har ansvar for å følgje opp at kommunane gjer sine oppgåver knytte til forvaltning og kontroll på landbruksområdet.

Nærare omtale av aktiviteten i Landbruksdirektoratet i 2020 finst i årsrapporten til direktoratet. Det er i 2020 utarbeidd separate årsrapportar for Landbrukets utviklingsfond og Reindriftens utviklingsfond.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 243,7 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Landbruksdirektoratet. Løyvinga er justert ned med 2,1 mill. kroner som følgje av ny premiemodell for pensjon.

Nedanfor følgjer ein nærare omtale av viktige oppgåver på dei enkelte forvaltningsområda i 2022.

Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk

Landbruksdirektoratet vil i 2022 føre vidare arbeidet med å bidra til eit berekraftig skogbruk og ein effektiv infrastruktur i skogen. På området klima- og miljøomsyn i skogbruket vil Landbruksdirektoratet styrkje kompetansen når det gjeld analysar og utgreiing av tiltak som skal fremje ein god utnytting av skogressursen, varetaking av biologisk mangfald og som styrkjer bidraget til skogen i klimaarbeidet.

På området klima- og miljøomsyn i jordbruket, vil Landbruksdirektoratet styrkje kompetansen når det gjeld analysar og utgreiing av tiltak som skal fremje god ressursutnytting og som reduserer utsleppa til luft og vatn. Ei prioritert oppgåve vil vere å leggje til rette for ei målretta gjennomføring av tiltak for å redusere klimagassutsleppa, slik som gjødslingstiltak, biogass og dyrkings- og driftspraksis med mål om å auke karbonbindinga i jorda. Landbruksdirektoratet vil arbeide med implementering av Jordhelseprogrammet og styrkje arbeidet med statistikk og analyse av miljøverkemidla.

Landbruksdirektoratet vil vidareføre samarbeidet med Miljødirektoratet på klima- og miljøområdet. Dette gjeld særleg utgreiing av tiltak og verkemiddel med mål om reduserte utslepp av klimagassar og redusert avrenning til vatn, binding av karbon i jord og skog og fornybar energi. Direktoratet vil bidra til at interessene til landbruket blir tekne vare på i saker knytte til naturmangfaldlova.

Det er behov for merksemd på jordvern på alle nivå for å ta vare på god matjord. Landbruks-direktoratet vil arbeide for at målsetjingar i den reviderte jordvernstrategien blir nådde, og vidareutvikle samarbeidet med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) i denne samanhengen. Arbeid med kulturlandskap vil òg vere ei viktig oppgåve for Landbruksdirektoratet i 2022. Direktoratet vil òg følgje opp den nasjonale strategien for økologisk jordbruk og tiltaka i Økologiprogrammet.

Landbruksdirektoratet vil i 2022 halde fram med å styrkje og utvikle det faglege arbeidet med arealbruken i landbruket knytt til oppgåver innanfor klima og miljø, vareta den landbruksfaglege sida av den todelte målsetjinga i rovviltpolitikken og leggje til rette informasjon om ressursgrunnlaget og utviklinga i beitenæringane (husdyr og rein).

I 2022 vil Landbruksdirektoratet arbeide for å sikre ei god og effektiv forvaltning av statens naturskadeordning.

Reindrift

Landbruksdirektoratet vil i 2022 arbeide for å halde oppe grunnlaget for ei økologisk berekraftig reindrift ved å sikre eit stabilt reintal. Saman med statsforvaltaren vil direktoratet følgje opp dei siidaandelane som har auka reintalet utover det som er fastsett, ved å nytte føresegnene i reindriftslova. Landbruksdirektoratet vil vurdere behovet for offentleg kontrollerte teljingar i heile reinbeiteområdet i samråd med statsforvaltaren.

Landbruksdirektoratet vil føre vidare arbeidet med å stimulere til best mogleg produksjon i reindrifta, og arbeide for å vareta reindrifta sine areal. For å ha kontroll med utviklinga i reindrifta, vil Landbruksdirektoratet hente inn og gjere tilgjengeleg naudsynte grunnlagsdata frå totalrekneskapen og melding om reindrift. I 2022 vil den digitale løysinga for ajourhald av reindrifta sitt arealbrukskart vere tilgjengeleg for alle reinbeitedistrikta. Arealbrukskartet er eit viktig verktøy for å synleggjere reindrifta sitt behov for areal.

I 2021 gjennomfører direktoratet ei utgreiing for nye digitale løysingar for reindriftssystema, samstundes med at direktoratet skal utvikle nytt merkeregister for reinmerke. Direktoratet vil halde fram med planlegging og vidareutvikling av reindriftssystema i 2022.

Vidareutvikling av sjølvstyret i reindrifta står sentralt i arbeidet for å nå dei reindriftspolitiske måla. Direktoratet vil i nær dialog med departementet arbeide aktivt med ulike tiltak for å styrkje sjølvstyret og internkontrollen i reindrifta.

Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med opp til 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.

Inntekts- og velferdspolitiske tiltak

Innspel til målretting, forvaltning, forenkling og kontroll av dei økonomiske verkemidla over jordbruksavtalen er viktige òg i 2022.

Landbruksdirektoratet vil i 2022 arbeide vidare med å styrkje grunnlaget for ei god forvaltning av produksjonstilskotta i jordbruket og tilskott til avløysing ved ferie og fritid. Arbeidet med å styrkje grunnlaget for ei god forvaltning av husdyrkonsesjonsregelverket vil òg bli prioritert.

Landbruksdirektoratet vil arbeide for å betre forvaltninga av pristilskotta, der meieria, slakteria og andre mottaksanlegg er tilskottsformidlarar. Direktoratet vil òg utvikle vidare forvaltninga av verkemiddel til næringsutvikling og kompetanseutvikling.

Det er utvikla nytt IKT-system for kvoteordninga for mjølk som har som mål å forenkle forvaltningsprosessane i ordninga. Det nye systemet blei teke i bruk i 2021.

Landbruksdirektoratet er sekretariat for to forskingsstyrer: styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukter og styret for forskingsmiddel over jordbruksavtalen. Direktoratet vil i 2022 føre vidare arbeidet med å leggje til rette for eit effektivt og velfungerande styrearbeid gjennom god saksførebuing og oppfølging av vedtak, for å sikre forsking av høg kvalitet til størst mogleg nytte for næringa.

Marknadstiltak, handel og industri

Landbruksdirektoratet vil i 2022 arbeide for å sikre ei god forvaltning av dei ulike marknadsordningane for jordbruksråvarer, der like konkurransevilkår for aktørane står sentralt.

Landbruksdirektoratet vil forvalte importvernet for landbruksvarer i tråd med unilaterale, bilaterale og multilaterale forpliktingar, der avsetnad for norske landbruksvarer er eit viktig mål.

Landbruksdirektoratet vil føre vidare arbeidet med faglege analysar og grunnlagsmateriale til bruk i internasjonale forhandlingar (WTO, EU, EFTA), og rapportering i samsvar med internasjonale forpliktingar. Direktoratet vil òg bidra i arbeidet med iverksetjing av frihandelsavtalen med Storbritannia.

Direktoratet vil halde fram med å følgje med på konkurransesituasjonen til den mest konkurranseutsette industrien som foredlar jordbruksråvarer (RÅK-industrien).

Landbruksdirektoratet vil følgje med på dei nasjonale og internasjonale marknadene for landbruksvarer, sørgje for å ha relevant og oppdatert informasjon om forsyningssituasjonen, analysere og rapportere om utviklinga.

Digitalisering og organisasjon

Landbruksdirektoratet vil utvikle vidare styringssystema i verksemda og halde fram arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene.

Digitaliseringsplanen i Landbruksdirektoratet skal bidra til prioriteringar av tiltak som gir nytte for brukarane, samarbeidspartnarane og direktoratet. I 2022 vil arbeidet med å digitalisere tenestene halde fram.

Direktoratet har fått finansiering til fleire utviklingsprosjekt i 2022. Dette gjeld nytt digitalt register for reinmerke, utvikling av eit nytt søknads- og sakshandsamingssystem for erstatningsordningane i landbruket, kartløysing i Agros for drenering og utvalde kulturlandskap, og vidareutvikling av eStil PT, blant anna for å betre søknadsprosessen for brukarane.

Arbeidet med tryggleik og beredskap vil vere eit viktig område òg i 2022.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald

Formål med løyvinga

Løyvinga gjeld større utstyrskjøp og vedlikehald knytt til reindriftsforvaltninga. Løyvinga skal mellom anna dekkje utgiftene til oppfølging av Noregs ansvar ved gjennomføringa av internasjonale avtalar, og til vedlikehald av grensegjerda mot Sverige. Posten skal vidare dekkje utgiftene til oppfølging av reinbeiteavtalar i Røros-regionen og til vedlikehald av gjerde i Hemsedal og Lærdal.

I tillegg skal posten dekkje eventuelle erstatningskrav frå finske og russiske styresmakter i samsvar med gjeldande reingjerdekonvensjon og avtalar.

Rapportering 2020

Arbeidet med å byggje gjerde mot Finland i samsvar med reingjerdekonvensjonen er delt inn i fire strekningar. Det er i 2020 gjennomført skogrydding av del to, tre og fire, og det er oppført gjerde på del ein, to og halve del tre. Norsk-finsk reingjerdekommisjon har halde to møte i 2020.

Det er utbetalt eit erstatningskrav frå finske styresmakter, for skade som skuldast norsk rein i Finland. Det er vidare utbetalt beiteleige til grunneigarar i Aursunden for perioden 2018–2027 og til grunneigarar i Korssjøfjellet for perioden 2019–2028.

Det er òg utført kritisk vedlikehald av konvensjonsgjerda i Røros-området og i Hemsdal og Lærdal.

Budsjettframlegg 2022

Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 12,1 mill. kroner for 2022.

Løyvinga i 2022 skal nyttast til å ferdigstille arbeidet med nye gjerde i samsvar med reingjerdekonvensjon mellom Norge og Finland. Vidare skal løyvinga nyttast til vedlikehald av gjerde mot Sverige, Finland og Russland. Det er eit stort behov for vedlikehald av gjerde, særleg mot Russland.

Posten skal òg dekkje andre kostnader ved vedlikehald av gjerde, under dette gjerde i Røros-regionen.

Post 50 Arealressurskart

Formål med løyvinga

Over posten blir det gitt støtte til vedlikehald av eit arealressurskart (AR5) som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet.

Rapportering 2020

Løyvinga er brukt til arbeidet med oppdatering og vedlikehald av arealressurskarta (AR5) hos Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Karta blir viste mellom anna i løysinga Gårdskart på internett og er viktige i samband med kontroll av tilskottsordningar.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,6 mill. kroner.

Post 60 Tilskott til veterinærdekning

Formål med løyvinga

Tilskottet skal bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell.

Tilskott til veterinærdekning har sidan 2008 blitt gitt som eit øyremerkt tilskott. Hovuddelen av posten har gått til klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid.

Posten blir òg nytta til stimuleringstiltak for å bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. I tillegg blir eit mindre beløp nytta til veterinærtenester på Svalbard.

Rapportering 2020

Midlane er fordelte til kommunane. Eit mindre beløp har vore nytta til veterinærtenester på Svalbard. Tilskott til stimuleringstiltak har i hovudsak gått til driftsstøtte til veterinærar, og til etableringsstøtte og etablering og drift av kommunale stillingar for veterinærar.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 179,5 mill. kroner.

Hovuddelen av den føreslegne løyvinga på posten er tilskott til klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. I framlegget er det òg sett av midlar til kostnader med å administrere vakt for kommunane. Tilskotta blir fordelte til kommunane ut frå ei fastsett vaktinndeling. Landbruksdirektoratet fordeler midlane til kommunane.

Løyvinga omfattar òg stimuleringstiltak som kommunane kan bruke til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Midlane vil bli prioriterte til kommunar som har problem med å få stabil tilgang på veterinærtenester, og som legg planar for gode lokale løysingar. Departementet legg til grunn at om lag ein firedel av kommunane vil oppfylle kriteria for å kunne søkje om midlar frå denne delen av løyvinga. Eit mindre beløp kan tilsvarande brukast på Svalbard.

Post 70 Tilskott til fjellstuer

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng for mellom andre reingjetarar. Departementet har i dag tre statseigde fjellstuer – Joatka, Mollisjok og Ravnastua. Fjellstuene blir drivne på kontrakt med Landbruksdirektoratet. Fjellstuene har plikt til å halde ope heile året.

Rapportering 2020

I 2020 er det gitt tilskott til alle fjellstuene. I tillegg til det ordinære tilskottet til drift blei det i 2020 òg gitt eit variabelt tilskott til innkjøp av naudsynt utstyr til fjellstuene.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 0,8 mill. kroner.

Post 71 Tiltak for berekraftig reindrift

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å finansiere ulike tilpassingar og tiltak for å leggje til rette for ei berekraftig reindrift. Reinteljing og oppfølging av godkjende bruksreglar er sentrale tiltak, i tillegg til kontrolltiltak retta mot grenseoverskridande reinbeite mellom Noreg og Sverige.

Auka kunnskap om produksjon og tap vil vere viktig, både for å dempe konfliktar og for ei berekraftig forvaltning av reindriftsnæringa. Kostnader knytte til slik kunnskapsutvikling blir dekte over denne posten. Utover dette er formålet med løyvinga å dekkje ei rekkje tiltak for å følgje opp både reindriftslova og grensereinbeitelova, overvakingsprogrammet for Finnmarksvidda, enkelte utviklings- og utgreiingskostnader og digitalisering av arealbrukskart for reindrifta.

Rapportering 2020

Det er gjennomført teljing av rein i reinbeitedistrikt i Finnmark i driftsåret 2019/2020, og i reinbeitedistrikt i Trøndelag i driftsåret 2020/2021. Dei planlagde teljingane i 2020 i Troms og Finnmark, og i Nordland blei avlyste på grunn av koronasituasjonen. Det var berre teljinga i Trøndelag som blei gjennomført som planlagt. Teljinga avdekte fleire avvik frå det reintalet som er oppgjeve i melding om reindrift. Det er gjennomført kontrolltiltak av grenseoverskridande beite mellom Noreg og Sverige.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,5 mill. kroner.

Løyvinga skal nyttast til kontroll og oppfølging av fastsett reintal og godkjende bruksreglar. Løyvinga skal òg nyttast til kontroll av grenseoverskridande beite og handheving av beitetider og bruk av beiteområde.

Det krev ekstra innsats å følgje opp distrikt der talet på rein ikkje er i samsvar med beiteressursane, og der talet på utøvarar er for høgt til at målet om økonomisk berekraft blir nådd. Oppfølginga inneber mellom anna at det skal leggjast til rette for fellestiltak for betre infrastruktur, og at det framleis skal stimulerast aktivt til auka slakting og omsetnad av reinkjøtt. Kva for tiltak som blir sette i verk og finansierte over posten, vil vere avhengig av mellom anna situasjonen i det enkelte distriktet og den gjeldande marknadssituasjonen.

Oppfølging av fastsett reintal og godkjende bruksreglar er, saman med kontrolltiltak retta mot grenseoverskridande reinbeite mellom Noreg og Sverige, prioriterte oppgåver i 2022.

Post 72 Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite

Formål med løyvinga

Løyvinga skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2. september 1999, og beiteleige ut frå inngåtte reinbeiteavtalar med grunneigarane i Trollheimen.

Rapportering 2020

Det blei i 2020 utbetalt erstatning til 45 grunneigarar i Trollheimen. Kostnader til beiteleige til Trollheimen/Igelfjellet reinbeiteforening for driftsåret 2019/2020 er òg dekte over denne posten.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 0,5 mill. kroner.

Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon

Formål med løyvinga

Formålet med ordninga er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002–2003) Om lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova). Tilskottet skal òg dekkje tap i samband med tiltak som blir sett i verk som følgje av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) i svinehaldet, tiltak for å redusere innhaldet av radioaktivitet i storfe og småfe og enkelte andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31. Landbruksdirektoratet kan, etter søknad og i spesielt krevjande saker, over denne posten dekkje heile eller delar av statsforvaltaren sine kostnader ved kjøp av spesialistvurderingar som trengst for å handsame erstatningssakene.

Rapportering 2020

Skadegjerarar i planteproduksjon

Erstatning i planteproduksjon var i 2020 på om lag 3,1 mill. kroner for sanering av tospovirus i produksjon av salsplanter og morplanter, og destruksjon av Phytophtora ramorum påvist i Rhododendron.

Pålagd slakting

Store delar av den utbetalte erstatninga i 2020 er som i dei to føregåande åra knytte opp mot kostnader ved sanering for multiresistente stafylokokkar i svinebesetningar (LA-MRSA). All erstatning for kostnader ved sanering for LA-MRSA blei gjort etter påvising av smitte tidlegare år og i all hovudsak knytte opp mot påvist smitte i 2019 i Nordland. Andre husdyrsjukdommar medførte i 2020 10,5 mill. kroner i erstatning.

MRSA-kompensasjon

I 2020 blei det ikkje utbetalt kompensasjon for produksjonstap etter pålegg om nedslakting av svinebesetningar grunna påvising av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA). Årsaka til det er at det ikkje blei funne smitte i nye besetningar eller resmitte.

Radioaktivitet

Forureininga etter atomulykka i Tsjernobyl skaper framleis problem for beitebruken enkelte stader på Indre Austlandet og i Midt-Noreg. For å redusere opptaket beitedyra har av radioaktivt cesium frå utmarksbeitet blir det brukt giesesalt som fôrtilsetning eller saltslikkestein tilsett giesesalt på slutten av beitesesongen. For høge verdiar av radioaktive stoff kan føre til at slaktet ikkje kan brukast til mat. Erstatning for radioaktivitet går i stor grad til å erstatte kostnader for transport til måleplass og til ekstra fôrkostnader ved pålagt nedfôring. Omfanget av erstatningsutbetalingar er i stor grad knytte til omfanget av sopp på utmarksbeite seint i beitesesongen og til omfanget av kontrollmålingar. Det var i 2020 låge utbetalingar over ordninga på grunn av at det blei gjennomført færre besetningsmålingar som følgje av restriksjonar i samband med koronapandemien.

Det har ikkje vore aktuelt for Landbruksdirektoratet å gjere nytt innkjøp av saltslikkestein tilsett giesesalt til lageret i 2020. Det er estimert eit behov for innkjøp av ny lagerbehaldning kvart tredje år.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 55,6 mill. kroner.

Post 74 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagde beitenekt

Formål med løyvinga

Løyvinga på posten blir brukt til å gi dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe med heimel i dyrevelferdslova.

Rapportering 2020

Mattilsynet gjorde ingen vedtak om restriksjonar i bruk av utmarksbeite i 2020 som førte til utbetalingar av kompensasjon same år.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,0 mill. kroner.

Post 76 Tilskott til oppkjøp av mjølkekvoter

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga var å finansiere ein del av oppkjøpet av 40 mill. liter mjølkekvote for å tilpasse den nasjonale mjølkeproduksjonen etter at moglegheita for eksportsubsidiar blei teken bort frå 1. juli 2020.

Gjennom oppkjøpsordninga kjøpte staten i 2021 35 mill. liter mjølkekvotar for totalt 174,9 mill. kroner. Løyvinga i 2021 var ei eingongsløyving.

Post 77 Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å gi kompensasjon for avvikling av pelsdyrhald. Stortinget vedtok 13. juni 2019 lov om forbod mot hald av pelsdyr, jf. Prop. 99 L (2018–2019). Med dette har Stortinget vedteke eit forbod mot hald av pelsdyr etter 1. februar 2025 og at departementet kan gi forskrifter om økonomisk kompensasjon og om tilskott til omstilling til oppdrettarar som heldt pelsdyr 15. januar 2018. Forskrift om kompensasjon etter avvikling av hald av pelsdyr blei fastsett 27. november 2019.

Avviklingstakta i næringa har vore høg etter at forbodslova blei vedteke, og om lag 95 pst. av pelsdyroppdrettarane har alt avvikla drifta. I juni 2021 vedtok Stortinget endringar i dei lovfesta reglane om økonomisk kompensasjon etter avvikling av pelsdyrhald. Departementet er i dialog med ESA om erstatnings- og kompensasjonsordningane til pelsdyroppdretterane, slik desse følgjer av Stortingets lovvedtak og oppmodingar ved handsaming av Prop. 122 L (2020–2021), er i tråd med EØS-reglane om statsstøtte. Departementet tek sikte på at lovendringane kan ta til å gjelde når tilbakemelding frå ESA ligg føre. Fram til endringane blir sette i verk, kan pelsdyroppdrettarar som har avvikla drifta, søkje kompensasjon etter gjeldande ordning. Dei vil få høve til å søkje på nytt og få utbetalt eventuell tilleggskompensasjon når den nye ordninga har tredd i kraft.

Ein mindre del av løyvinga kan bli brukt til administrative kostnader i samband med ordninga.

Kompensasjonen er ei regelstyrt ordning, og løyvinga vil bli tilpassa naudsynte utbetalingar. Den enkelte vil få utmålt og utbetalt kompensasjon etter fastsett regelverk.

Rapportering 2020

Det blei motteke 130 søknader på kompensasjon etter avvikling av hald av pelsdyr i 2020 og utbetalt i overkant av 221 mill. kroner fordelt på 93 saker. Store delar av utbetalingane over ordninga var kompensasjon for avlstisper.

For kompensasjon til kostnader for riving og opprydding ble det motteke 20 søknader i 2020. Det blei gitt tilsegn på til saman i underkant av 15,6 mill. kroner og utbetalt om lag 3,0 mill. kroner fordelt på 10 saker.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 470,0 mill. kroner. Det er knytt uvisse til kva som er rett nivå på løyvinga på posten, mellom anna fordi nytt regelverk enno ikkje er fastsett.

Post 78 Tilskott til omstilling for pelsdyroppdrettarar

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å lette omstillinga for pelsdyroppdrettarar i samband med forbod mot hald av pelsdyr, jf. Prop. 99 L (2018–2019). Dette omfattar i hovudsak ei ordning med tilskott til omstilling som blir forvalta av Innovasjon Norge. Løyvinga vil òg bli nytta til tilskott til arbeidsretta kompetanseheving for pelsdyroppdrettarar, forvalta av Landbruksdirektoratet.

Ein mindre del av løyvinga kan bli brukt til administrative kostnader i samband med ordningane.

Rapportering 2020

Avviklingstakta i pelsdyrnæringa har vore høg. Løyvinga på posten blei difor auka frå 20 til 50 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett, jf. Prop 117 S (2019–2020) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020.

Tilskott til omstilling

Innovasjon Norge gav i 2020 tilsegn om støtte på om lag 44 mill. kroner fordelt på 32 ulike prosjekt. 17 av prosjekta var knytte til husdyrhald og jord- og hagebruk. Dei andre er spreidde på ulike næringar i tilknyting landbruk eller utanfor landbruket.

Tilskott kompetanseheving

Det blei ikkje gjort nokon utbetalingar knytte til omstilling ved avvikling av pelsdyrhald i 2020. Årsaka til dette er at ordninga var ny (forskrifta tok til å gjelde 3. juli 2020), og det var naudsynt å leggje til rette for ordninga teknisk. Etter at fristen for å søkje gjekk ut 15. oktober 2020, var det eit stort behov for å skaffe ytterlegare opplysningar og dokumentasjon frå dei som søkte, då mange av søknadane var mangelfulle. Dette gjorde at ein ikkje fatta nokre vedtak i 2020. Tilskottet blir utbetalt først når søkjar dokumenterer at kompetansehevingstiltaket er fullført og bestått.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 15,5 mill. kroner.

Post 80 Radioaktivitetstiltak

Formål med løyvinga

Statens ansvar for å dekkje kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka har som prinsipielt utgangspunkt det vedtaket som regjeringa gjorde om økonomisk skadesløyse 31. juli 1986. Regelverket for radioaktivitetstiltak i reindrifta blir fastsett etter dialog mellom avtalepartane, på same måte som forskriftene etter reindriftsavtalen.

Mattilsynet overvaker nivået for radioaktivitet, og fastset grenseverdiar for radioaktivitet i mellom anna reinkjøtt. Dersom nivået for radioaktivitet i reinkjøttet i eit område ligg over grenseverdien, kan det givast tilskott som kompensasjon for ekstrakostnader knytte til dette.

Rapportering 2020

I 2020 var nivået for radioaktivitet så lågt at det ikkje var behov for tiltak.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 0,5 mill. kroner.

Kap. 4142 Landbruksdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

01

Driftsinntekter, refusjonar m.m.

75 301

45 510

46 459

Sum kap. 4142

75 301

45 510

46 459

Post 01 Driftsinntekter, refusjonar m.m.

Posten gjeld driftsinntekter som Landbruksdirektoratet har i samband med mellom anna sekretariatet for Omsetningsrådet, styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, og styret for Utviklingsfondet for skogbruket, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk. Inntekter frå gebyr blir òg førte på posten.

Kap. 1148 Naturskade – erstatningar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

71

Naturskade – erstatningar, overslagsløyving

48 948

159 000

133 400

Sum kap. 1148

48 948

159 000

133 400

Post 71 Naturskade, erstatningar

Formål med løyvinga

Statens naturskadeordning gir erstatning for dei naturskadane det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning, og løyvinga skal brukast til å dekkje desse utgiftene. Søknader om erstatning for naturskadar etter naturskadeerstatningslova blir handsama etter ein rein forvaltningsmodell. Landbruksdirektoratet avgjer sakene i førsteinstans, mens klagene blir avgjorde av Klagenemnda for naturskadesaker som klageinstans.

Rapportering 2020

I 2020 blei det handsama 405 saker. Det blei gitt tilsegner om erstatning for om lag 51 mill. kroner. Utbetalingane i 2020 var på om lag 47 mill. kroner og gjeld erstatningssaker for 2020 og tidlegare år. Tilsegner om erstatning blir gitt med ein utbetringsfrist på tre år.

Ansvaret som utgjer gitte, men ikkje innfridde tilsegner om erstatning, var 31. desember 2020 på om lag 65,4 mill. kroner.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 133,4 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 74,3 mill. kroner for 2022, jf. tabell 6.7 og framlegg til vedtak IV.

Tabell 6.7 Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar i 2022 (i mill. kroner)

Ansvar 1.1.2021

65,4

+

Venta tilsegner i 2021

136,0

=

Sum

201,4

-

Venta erstatningsutbetalingar i 2021

127,4

=

Venta ansvar 31.12.2021

74,0

+

Takseringskostnader, IKT-vedlikehald o.a.

3,5

+

Venta nye tilsegner i 2022

130,2

=

Sum

207,7

Forslag til løyving i 2022

133,4

Forslag til tilsegnsfullmakt i 2022

74,3

Klimaframskrivingar viser at vi i Noreg må rekne med meir ekstremvêr. Med ei slik utvikling kan det bli fleire og meir omfattande naturskadar i åra framover.

Dei som blir råka av naturskade, har på visse vilkår rett til erstatning over statens naturskadeordning etter naturskadeerstatningslova. Det knyter seg uvisse til budsjetteringa for ordninga. Dette kjem av at omfanget av naturulukker varierer frå år til år, og at erstatninga blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Vidare er fristen for utbetring tre år, noko som òg verkar inn på den årlege utbetalinga. Ved budsjetteringa av løyvinga blir difor normalt eit gjennomsnittleg år for naturskadar lagt til grunn, og det er i tillegg knytt ei tilsegnsfullmakt til posten.

Direktoratet skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar blir handsama raskt og forsvarleg. Direktoratet skal dessutan raskt kunne setje inn målretta og utvida innsats når det skjer store naturulukker.

Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av mellom anna styringsdialog, rapportar og informasjon om økonomi.

Løyvinga skal dekkje innfriing av både tilsegner som blir gitt i 2022, og uteståande tilsegner frå tidlegare år. Vidare skal løyvinga dekkje kostnader ved taksering av skadar, informasjonstiltak og andre tiltak som bidreg til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulukker eller aukar verknaden av ressursane som blir nytta på naturskadeområdet. Løyvinga skal òg dekkje utgifter som trengst til ekstrahjelp, og vedlikehald og vidareutvikling av IKT-systemet for ordninga. I tillegg skal utgifter til Klagenemnda for naturskadesaker dekkjast av posten.

Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

51

Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

3 488

4 968

4 943

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast

66 645

71 174

61 174

73

Tilskott til skog-, klima- og energitiltak, kan overførast

39 938

44 690

45 852

76

Ekstraordinære tiltak i skogbruket, kan overførast

39 171

Sum kap. 1149

149 242

120 832

111 969

Post 51 Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket

Formål med løyvinga

Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl.res. datert 25. februar 1977, med endringar sist av 4. desember 2014. Fondet har til oppgåve å støtte opp om forsking, utvikling, informasjon og opplæring innanfor skogbruket. I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innanfor skogsektoren representerte. Landbruksdirektoratet er sekretariat for fondet.

Rapportering 2020

I 2020 blei det løyvd 3,5 mill. kroner til fondet. I alt fekk 8 nye prosjekt tilskott.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 4,9 mill. kroner til Utviklingsfondet for skogbruket. Midlane frå fondet vil i første rekkje gå til brukarretta FoU-verksemd med klare problemstillingar og mål. Fondet skal bidra til prosjekt som utviklar og styrkjer skogbruket som ei rasjonell, økonomisk og berekraftig næring.

Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

Formål med løyvinga

Skogen og eit aktivt skogbruk gir viktige bidrag til sysselsetjing og verdiskaping i heile landet, i tillegg til viktige klimagevinstar. For å styrkje desse bidraga vil regjeringa leggje til rette for at ein større del av det produktive skogarealet som kan drivast lønsamt, blir teke i bruk, mellom anna ved auka hogst, hausting av virke til biobrensel og oppbygging av ny skog. Ein formålstenleg infrastruktur, med betre samanhengande standard frå skog til industri og vidare til marknadene, er eit satsingsområde for regjeringa. Som det går fram av Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring, og strategidokumentet Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling (2019), er ein god infrastruktur avgjerande for konkurransekrafta til skogsektoren og for det positive bidraget til verdiskaping for distrikta og landet som skogsektoren gir. Løyvinga skal bidra til vidareutvikling av ein betre transportinfrastruktur for skog- og trenæringa i tillegg til andre verdiskapingstiltak i skogbruket.

Rapportering 2020

Det blei utbetalt om lag 66,6 mill. kroner til infrastrukturtiltak i skogbruket over posten i 2020. Av dette blei 24,6 mill. kroner utbetalt til tømmerkaier og 42,0 mill. kroner til skogsvegar. Det blei gitt tilsegn på til saman 44,5 mill. kroner til fem tømmerkaiprosjekt i 2020: Håjem i Møre og Romsdal, Tømmervik og Børnes i Vestland og Elkem ASA og Gårdsøy i Nordland. I følgje SSB, blei det bygd om lag 86 km nye skogsbilvegar og ombygd om lag 333 km eldre skogsbilvegar i 2020. Dette er ein nedgang frå 2019. Det blei òg bygd rundt 150 km nye traktorvegar og om lag 57 km blei ombygd. Aktiviteten må sjåast i samanheng med løyvingane til det same formålet over kap. 1150, post 50.

Ansvaret på posten 31. desember 2020 var på 116,8 mill. kroner.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 61,2 mill. kroner til verdiskapingstiltak i skogbruket i 2022.

Tilskott frå posten vil bli gitt til verdiskapingstiltak med vekt på tiltak som bidreg til å redusere transportkostnadene i skogbruket. Behovet for investeringar i infrastruktur er stort over heile landet, men kyst- og innlandsfylka har ulike utfordringar. I mange av kystfylka står mykje av den skogen som i dag er hogstmoden, eller som snart blir det, langt frå veg eller i vanskeleg tilgjengeleg terreng. Dette gjer det kostnadskrevjande å utnytte skogressursane. I innlandsfylka er ein stor del av skogsvegnettet gammalt og treng opprusting for å oppfylle transportbehova og dei krava som moderne transportutstyr stiller.

Tilskott til investeringar i betre skogsvegar er målretta og prioriterte tiltak for auka hogst og meir kostnadseffektiv tømmertransport. Desse investeringane vil òg bidra til betre klimatilpassing av vegnettet i skogbruket, mellom anna gjennom tiltak som minskar faren for erosjon og lausmasseskred ved kraftig nedbør. Kommunale hovudplanar for skogsvegar er eit godt verktøy for å utvikle skogsvegnettet vidare.

Tilgang til kai og sjøtransport opnar for kostnadseffektive leveransar av tømmer, flis og andre treprodukt til foredlingsindustrien i Noreg og til marknader nasjonalt og internasjonalt. Tømmerkaier er blitt stadig viktigare som følgje av endringar i marknadene for tømmer og treprodukt dei siste åra, òg i etablerte skogområde på Sør- og Austlandet. Midlar over denne posten skal bidra til bygging og ombygging av kaier og kaiterminalar for rasjonell transport og logistikk knytt til tømmer. Gode planprosessar og overføring av kunnskap og erfaring frå prosjekt til prosjekt er viktig i dette arbeidet. Landbruksdirektoratet forvaltar ordninga med tilskott til kaiprosjekt for departementet.

Infrastrukturtiltaka har positive sysselsetjings- og verdiskapingseffektar og styrkjer konkurransekrafta i skognæringa. Som for 2021 vil departementet bruke ein kombinasjon av løyving og tilsegnsfullmakt som verkemiddel for ei effektiv planlegging og gjennomføring av større infrastrukturtiltak i skogbruket der investeringane skjer over fleire år.

Sidan tilskotta ikkje alltid kjem til utbetaling same året som det blir gitt tilsegn, gjer departementet framlegg om ei tilsegnsfullmakt for 2022 på 115,2 mill. kroner for å kunne dekkje ansvar frå tidlegare år, jf. tabell 6.8 og framlegg til vedtak IV. Beløpet er basert på ein prognose frå Landbruksdirektoratet.

Tabell 6.8 Tilsegnsfullmakt infrastrukturtiltak i 2022 (i mill. kroner)

Ansvar 1.1.2021

116,8

+

Venta tilsegner i 2021

92,9

=

Sum

209,7

-

Venta utbetalingar i 2021

83,3

=

Venta ansvar 31.12.2021

126,4

+

Venta nye tilsegner i 2022

50,0

=

Sum

176,4

Forslag til løyving i 2022

61,2

Forslag til tilsegnsfullmakt i 2022

115,2

Post 73 Tilskott til skog-, klima- og energitiltak

Formål med løyvinga

Skogen speler ei viktig rolle for klimaet. Regjeringa vil halde fram med å leggje til rette for tiltak som kan ta vare på eller styrkje karbonlageret i skogen. Dette vil i sin tur auke ressursgrunnlaget slik at fornybart skogråstoff i større grad kan erstatte fossile utslepp i andre sektorar.

Posten omfattar òg bidrag til stiftinga Det norske Skogfrøverk, som har som oppgåve å sikre forsyninga av skogfrø i Noreg. Bidraget frå departementet er basert på ein avtale med Det norske Skogfrøverk om forvaltningsoppgåver frå 1995.

Rapportering 2020

Det blei løyvd 39,9 mill. kroner til tilskott til skog-, klima- og energitiltak i 2020.

Av dette blei det sett av 23,5 mill. kroner til klimatiltaka tettare planting etter hogst og til gjødsling av skog. Rekneskapen viser at det blei gitt om lag 17,9 mill. kroner i tilskott til tettare planting og suppleringsplanting på 271 755 dekar. Det blei vidare gitt tilskott på om lag 6,6 mill. kroner til gjødsling av om lag 43 650 dekar. Til det tredje klimatiltaket skogplanteforedling under denne posten, blei det løyvd 6 mill. kroner. Det blei òg løyvd 8,8 mill. kroner til Det norske Skogfrøverk til forvaltningsoppgåver. Oppgåvene omfattar kontroll etter forskrift om skogfrø og skogplanter, produksjons- og utviklingsoppgåver og informasjons- og opplæringstiltak knytte til anlegg for frøproduksjon.

Det blei dessutan løyvd 650 000 kroner til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) for det norske bidraget til det nordisk-baltiske prosjektet Future Forest. Prosjektet har som formål å definere bruksområde for gran- og furuproveniensar i Norden. Det norske bidraget er ei oppfølging av utgreiinga om moglegheitene for meir nordisk samarbeid i skogfrø- og skogplanteforsyninga, og det er venta at resultata vil gi grunnlag for bruk av plantemateriale som er betre tilpassa klimaet i Norden.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 45,9 mill. kroner til klimatiltak i skog, mellom anna som oppfølging av Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030.

Landbruksdirektoratet forvaltar ordningane med tilskott til tettare planting og gjødsling. Klimatiltaka blir rekna som kostnadseffektive og er blant dei billigaste klimatiltaka som kan gjennomførast nasjonalt. Saman med effekten av styrkt skogplanteforedling, har tiltaka eit langsiktig potensial til å auke opptaket av CO2 i skog med 3,4 mill. tonn CO2 årleg i følgje Klimakur 2030. Tilskottsordningane er baserte på skog- og miljøfaglege kriterium utarbeidd av Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet.

Skogplanteforedling av treslaget gran er ein viktig del av forvaltningsoppgåvene til Skogfrøverket. Skogfrøverket fornyar no frøplantasjar med det beste materialet frå plantasjar av gran som blei etablerte i 1960- og 1970-åra. Fornying av skogfrøplantasjar er avgjerande både for ei satsing på skogplanteforedling som klimatiltak, og for å halde oppe produksjonen av foredla frø som i dag. Det er òg ønskjeleg at større delar av landet får tilgang til foredla frø gjennom etablering av nye frøplantasjar. Utvikling av nye metodar i planteforedlinga og vidareføring av foredlingsprogrammet for furu er òg viktige delar av arbeidet med planteforedling som klimatiltak. Departementet gjer framlegg om ei løyving til Skogfrøverket på 9 mill. kroner til forvaltningsoppgåver og 6 mill. kroner til arbeidet med langsiktig skogplanteforedling og utvikling.

Departementet vil òg gi ei løyving til prosjektet PlanteValg ved NIBIO på 650 000 kroner. Dette prosjektet tek i bruk resultata frå prosjektet Future Forest. Arbeidet er no i ein ny fase der det blir lagt til rette for at modellar for tilpassing og bruksområde for gran og furu blir tekne inn i ei digital nettløysing. Prosjektet PlanteValg skal gi skogeigaren og rettleiingsapparatet eit betre grunnlag for å velje best mogleg plantemateriale for forynging av skog.

Klimatiltaka i skog vil auke opptaket av karbon i skogen. Tiltaka vil samstundes styrkje ressursgrunnlaget, og dermed grunnlaget for verdiskaping i skog- og trenæringa i eit langsiktig perspektiv.

Post 76 Ekstraordinære tiltak i skogbruket

Formål med løyvinga

Det blei i 2020 løyvd 50 mill. kroner til ekstraordinære tiltak i skogbruket, jf. Prop. 117 S (2019–2020). Formålet med den mellombelse tilskottsordninga er å bidra til at skogeigarar i auka grad sysselset skogsentreprenørar med heilmekanisk driftsutstyr eller taubane til å utføre skogsdrifter under koronapandemien. Landbruksdirektoratet forvalta midla i samsvar med Midlertidig forskrift om tilskudd for å opprettholde hogstaktivitet i skogbruket 2020, fastsett 9. juni 2020.

Rapportering 2020

Det blei utbetalt 39,2 mill. kroner til formålet i 2020. På grunn av endringar i marknaden og auka etterspørsel etter sagtømmer utover sommaren, kunne større delar av hogstaktiviteten gå som normalt. Etterspørselen etter tilskott blei difor mindre enn venta.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

18 292

18 400

19 000

50

Tilskott til Landbrukets utviklingsfond

1 260 099

1 295 553

1 378 553

70

Marknadstiltak, kan overførast

306 977

273 145

278 440

71

Tilskott ved avlingssvikt, overslagsløyving

74 475

46 500

83 000

73

Pristilskott, overslagsløyving

3 911 700

3 896 050

4 024 700

74

Direkte tilskott, kan overførast

9 347 927

9 566 800

9 891 300

77

Utviklingstiltak, kan overførast

270 871

291 309

288 321

78

Velferdsordningar, kan overførast

1 530 488

1 553 145

1 534 845

Sum kap. 1150

16 720 830

16 940 900

17 498 159

Tilpassing til økonomiregelverket i staten

Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gi rammevilkår som fører til ei god måloppnåing både for næringa og for samfunnet. Ei vurdering av hovudmåla post for post på budsjettkapittelet gir ikkje fullgod informasjon. Difor er det heller ikkje tenleg å ha ei eiga resultatrapportering på kvar enkelt ordning. I omtalen under dette kapittelet gjer departementet årleg greie for hovudtrekka i tilpassingane for ulike ordningar og for bruken av ulike aktørar i forvaltninga av ordningane.

Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott

Tilskott til produsert volum, til marknadstiltak og til frakt blir dekte over fleire ordningar under kap. 1150, post 70 og 73, og i nokon grad under post 77. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum, distrikt m.m. Grunnlaget for tilskotta som blir utbetalte til produsentane via eit omsetnadsledd, vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetnadsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og verkemiddel som verkar saman mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med den årlege proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå heile forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar.

Tilskott som blir utbetalte via eit omsetnadsledd, skil seg òg frå normalprosedyren ved at tilskottsmottakarane normalt ikkje søkjer om tilskottet. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetnadsleddet. Omsetnadsledda gjer ikkje eigne vurderingar ved forvaltninga av tilskotta. Dei blir difor ikkje rekna som tilskottsforvaltarar, men som medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eigne tilskottsbrev til, eller kravd rapport frå tilskottsmottakarane (produsentane). Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Naudsynt kontroll blir sikra gjennom kontroll hos omsetnadsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane, og som formidlar tilskottet til den enkelte produsenten. Vanlegvis blir det ikkje utført kontroll hos produsentane, men Landbruksdirektoratet har moglegheit til å kontrollere at rett sone er lagt til grunn for berekninga av tilskottet. Samla sett bidreg dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.

Direkte tilskott og tilskott til velferdsordningar m.m.

Desse ordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150, post 74 og 78. Også under post 77 har ein slike ordningar. Dei direkte tilskotta er baserte på objektive kriterium slik som talet på dyr, areal, produksjonstype, mengd og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Velferdsordningane er i hovudsak tiltak for å refundere kostnader til avløysing for sjukdom og moglegheit for ferie/fritid i verksemder som krev arbeid alle dagar i året. Ein står her overfor den same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for tilskott til marknadsregulering, pris og frakt. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar vil resultatrapporteringa òg i hovudsak skje samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Det gjeld òg for ordninga med tilskott til veterinære reiser, der tilskott blir utbetalt etter søknad om refusjon av utgifter som allereie er oppsamla. Her kan det ikkje stillast vilkår om kva midlane skal nyttast til, eller krevjast rapportering om bruken av midlane.

Kollektive overføringar

På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet og/eller Landbruksdirektoratet direkte til ein sams mottakar, framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent, som så betaler inn til same sluttmottakar. Godtgjersla i sjukepengeordninga for bønder er finansiert gjennom ei kollektiv overføring frå jordbruksavtalen til Folketrygdfondet. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetnadsavgift for frukt og grønt på post 70. Oppfølginga av desse ordningane vil vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein regelmessig vurdere om ordningane verkar som føresett, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.

Tilskott til skogkultur og miljøtiltak

Tilskott til skogkultur og miljøtiltak, som blir løyvde med heimel i forskrift om nærings- og miljøtiltak i skogbruket, blir utbetalte som ein refusjon av dokumenterte utgifter. Søknad blir sendt kommunen etter at tiltaket er gjennomført. Det blir ikkje søkt om tilsegn på førehand, og tilskottsbrevet frå kommunen inneheld ikkje spesifikke vilkår om kva tilskottet skal brukast til, eller kva rapporteringskrav som gjeld.

Kommunane utarbeider retningsliner for prioritering av tilskotta i samråd med statsforvaltaren og skognæringa. Årlege kunngjeringar gir informasjon om kva tiltak som gir rett til tilskott, og om den maksimale delen av tiltaket som tilskottet dekkjer. Kontroll av tilskottet skjer ved søknadshandsaminga. Dersom løyvingsramma er avgrensa, kan tilskottsdelen bli redusert. Den delen av tiltakskostnaden som ikkje blir dekt av tilskott, kan dekkjast av skogfondsmidla til skogeigaren. Det dreier seg årleg om mange tusen tiltak, og tilskottsbeløpa er ofte relativt små. Rapporteringskravet blir dekt ved at spesifisering av tiltaket er registrert i Landbruksdirektoratets fagsystem for skogtiltak.

Forvaltning

Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kap. 1142, over kap. 525 til statsforvaltaren i budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, over kap. 571 rammetilskottet til kommunane og kap. 572 rammetilskottet til fylkeskommunane frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Løyvinga over kap. 1150, post 21 skal dekkje kostnader i samband med utgreiingar i arbeidsgrupper, evalueringar og utvikling av nye IKT- og fagsystem i Landbruksdirektoratet for forvaltning av tilskott over kap. 1150. For å kunne ha fleksibilitet kan det òg i nokre høve vere aktuelt å dekkje utviklings- og utgreiingskostnader over tilskottsordningane.

På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Norge. Kommunane er førstelinestyresmakt for dei fleste økonomiske verkemidla på landbruks- og matområdet, og omsetnadsledda har som omtalt ei medhjelparrolle i utbetalinga av tilskott til produsentane. I tilfelle der ikkje-statlege aktørar er tilskottsforvaltarar har departementet klargjort ansvar og oppgåver for desse aktørane. På nokre område er det fastsett at eit styre, utval eller råd skal tildele tilskottsmidlar, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene.

Departementet og tilskottsforvaltninga arbeider kontinuerleg med å få eit så godt kontrollsystem som mogleg. Det er etablert prosessar for å styrkje den kontrollfunksjonen statsforvaltaren har på landbruksområdet. Det blir mellom anna stilt krav til statsforvaltaren om at embetet kvart år skal utarbeide ein risikobasert kontrollplan og gjennomføre føretakskontroll og forvaltningskontroll av kommunar. Når det gjeld kompetanse i landbruksforvaltninga, har statsforvaltaren og Landbruksdirektoratet ei kontinuerleg oppfølging gjennom rettleiing og rådgiving, kommunebesøk, og særskilde samlingar og kompetansetiltak retta mot kommunane.

Samla sett har det målretta arbeidet med kontroll og oppfølginga av kontroll dei siste åra gitt resultat. Likevel er det framleis utfordringar med kontroll og vidareutvikling av kontrollsystema i landbruket. Det gjeld særleg å sikre at kommunane har tilstrekkeleg kompetanse og ressursar, og at statsforvaltaren og kommunane får ei meir systematisk oppfølging av avvik. Departementet legg til grunn at det er eit kontinuerleg behov for forbetring av kontrollsystema.

Riksrevisjonen har i fleire samanhengar peika på at systemet for kontroll med utbetalingar av tilskott over jordbruksavtalen og den rolla kommunane har i tilskottsforvaltninga må bli betre. Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp dette området vidare framover.

Rapportering 2020

Måla for landbrukspolitikken er omtalte i del I og III av proposisjonen. Hovudmålet er å sikre forbrukarane trygg mat, og å produsere den maten som forbrukarane etterspør. Ved sida av å produsere varer og tenester i marknaden, er norsk matsektor òg leverandør av ei rekkje fellesgode som ikkje kan omsetjast i marknaden, som mellom anna kulturlandskap og landbruksproduksjon i heile landet. Verkemidla bidreg til at måla for landbrukspolitikken blir nådde gjennom produksjon av varer og tenester for ein marknad, i kombinasjon med produksjon av slike fellesgode. Mange av tilskottsordningane verkar inn på fleire av måla samstundes. Det gjeld mellom anna tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil òg kunne påverke andre mål.

Produksjon av trygg mat er også ein grunnleggjande føresetnad for næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter, og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Det finst òg fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Dessutan er dette tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar. Alt i alt gjer dette at måloppnåinga ikkje kan målast på enkelte tiltak, men på indikatorar som viser utviklingstrekka i næringa samla sett.

Grunna koronapandemien blei ikkje jordbruksoppgjeret i 2020 eit ordinært oppgjer. For å bidra til mest mogleg føreseielege rammer og stabilitet i matforsyningane, blei det gjennomført forenkla forhandlingar våren 2020. Omsynet var hovudsakeleg tryggleik for matprodusentane og for matforsyninga, men avtalen prioriterte òg det viktige klimaarbeidet, distriktsomsyn og auka produksjon i grønt- og kornsektoren. Avtalen innebar at målprisane blei auka med 1 ¾ pst., noko som med eit usikkert kvantumsgrunnlag blei estimert til å ha ein verknad på om lag 300–310 mill. kroner. Løyvingane til jordbruksavtalen over statsbudsjettet blei auka med 350 mill. kroner. Midlane blei særleg disponert til pris- og direktetilskott, og blei fordelte for å styrkje det økonomiske grunnlaget for matproduksjon, særskild korn, potet og grønt, og for å vareta klima og distriktsomsyn.

Jordbruket og matforsyninga samla var ein av sektorane som klarte seg bra gjennom pandemien. Stor reduksjon i grensehandelen, stopp i utanlandsreiser i tillegg til auka bruk av heimekontor bidrog til ein auka heimemarknad. Ei historisk låg rente og låge energiprisar bidrog til auka lønsemd i produksjonen.

Kapittel 2 i Prop. 200 S (2020–2021) om jordbruksoppgjeret 2020 gir ei oversikt over sentrale utviklingstrekk for dei måla som er relevante for dei verkemidla som omfattast av jordbruksavtalen. Sjå òg resultatrapporteringa i del III av denne proposisjonen.

Jordbruksoppgjeret 2021

Jordbruket la fram sitt krav i jordbruksoppgjeret den 27. april, og staten la fram sitt tilbod 4. mai. Den 5. mai var det eit statusmøte mellom statens forhandlingsleiar og leiarane for jordbruket sine organisasjonar. Den 6. mai blei det i plenumsmøte konstatert at det på bakgrunn av jordbruket si tilbakemelding, var brott i jordbruksforhandlingane. Regjeringa gjekk difor til Stortinget med eit forslag til jordbruksoppgjer basert på statens tilbod, jf. Prop. 200 S (2020–2021). Proposisjonen blei handsama i Stortinget den 16. juni 2021 på grunnlag av Innst. 657 S (2020–2021) frå næringskomiteen.

I tråd med Hovudavtalen for jordbruket § 4-1, fastset staten føresegner og tiltak i ein teknisk jordbruksavtale, i samsvar med Stortingets handsaming. Jordbruksavtalen omfattar målprisane for perioden frå 1.7.2021 til 30.6.2022 og tilskott som blir utbetalte i 2022. Det blei òg gjort justeringar av løyvingane i 2021 innanfor ei uendra økonomisk ramme. Den samla økonomiske ramma for jordbruksoppgjeret 2021 var 962 mill. kroner. Av dette var 32 mill. kroner overført frå 2020. Målprisane blei auka frå 2021 tilsvarande 400 mill. kroner, og tilskotta blei auka med 490 mill. kroner. Verdien av jordbruksfrådraget auka tilsvarande 40 mill. kroner.

Budsjettframlegg 2022

I jordbruksoppgjeret blei den samla løyvinga på kap. 1150 auka med 490,2 mill. kroner. Postane 71 og 73 er overslagsløyvingar der satsar og volum styrer løyvingsbehovet.

På grunn av den spesielle situasjonen kring tiltaka mot koronapandemien er det framleis stor uvisse omkring volumanslaga for overslagsløyvingane i 2022. Prognosane viser ei auka løyving på post 73 med 30,5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2021. For ordninga med tilskott ved avlingssvikt har meir ekstremvær ført til at normalt forbruk over ordninga blir høgare enn før. Med eit normalt år legg ein no til grunn eit forbruk på post 71 tilsvarande 83 mill. kroner, som er 40 mill. kroner meir enn det ein har lagt til grunn fram til no. Samla løyving i 2022 blir etter dette 17 498,2 mill. kroner, mot 16 940,9 mill. kroner i saldert budsjett for 2021. I jordbruksoppgjeret 2021 blei det prioritert å styrkje investeringar i klimatiltak som skal bidra til utsleppsreduksjonar. Denne satsinga skal mellom anna bidra til å følgje opp klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket. Totalt blir avsetjinga til ordningar med klima- og miljøverknad auka med 238 mill. kroner frå 2021 til 2022.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å bidra til auka måloppnåing og meir effektiv tilskottsforvaltning gjennom å dekkje kostnader til utvikling av IKT-/fagsystem i forvaltninga av tilskott, evalueringar av ordningane og til arbeidsgrupper som er sette ned av avtalepartane eller vedtekne av Stortinget. I nokre tilfelle der kostnadene er direkte relaterte til konkrete tilskottsordningar, kan dei òg bli finansierte over ordninga.

Rapportering 2020

Følgjande prosjekt blei finansierte over ordninga i 2020:

  • Risikoreduserande tiltak ELF

  • Integrasjon regionalforvaltning, Agros

  • Ny løysing tilskott for veterinærreiser

  • Konseptvurdering og oppstart av ny løysing erstatningsordningane

  • Vidareutvikling eStil-PT (effektivisere utbetaling og forbetre søknadsprosessen)

  • Utvikling av ny digital løysing erstatningsordningane

  • Digital løysing for søknader om nydyrking i Agros

  • Kartløysing i Agros for SMIL

  • Kjøp av eksterne tenester til statistikk for matsvinn

  • Digitaliseringsprosjekt skog

  • Arbeidsgruppe tilskott biogass

  • Arbeidsgrupper og utgreiingar m.m.

Budsjettframlegg 2022

For 2022 er det planlagt at følgjande prosjekt skal finansierast over ordninga:

  • Arbeidsgrupper og utgreiingar

  • Utvikle og forbetre fagsystem for produksjonstilskott

  • Kart i AGROS for fleire ordningar

  • Ny løysing for erstatningsordningane

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 19,0 mill. kroner i 2022.

Post 50 Tilskott til Landbrukets utviklingsfond (LUF)

Formål med løyvinga

Midlane over posten blir løyvde til Landbrukets utviklingsfond (LUF). I tråd med vedtektene til LUF kan fondsmidlane nyttast til tiltak som styrkjer og byggjer ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Ordningane under LUF omfattar verkemiddel knytte til næringsutviklings- og miljøtiltak, medrekna mellom anna tilskottsordningar, utviklingsprogram og prosjekt. Auka verdiskaping er eitt av hovudmåla for landbruks- og matpolitikken, og fleire av verkemidla under LUF skal bidra til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. For ordningane som blir forvalta av Innovasjon Norge, står målsetjingane om fleire gode gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø sentralt.

Rapportering 2020

Departementet viser til Prop. 200 S (2020–2021) for ei detaljert omtale av dei enkelte ordningane som er finansierte over LUF. Ordningane det er gitt støtte til, kan delast inn i åtte område:

  • bedriftsretta midlar

  • tilskott til Stiftinga norsk mat

  • nasjonale og regionale tilretteleggingsmidlar for næringsutvikling

  • rekruttering og kompetanse

  • forsking og utvikling

  • skogbruk, fornybar energi og teknologiutvikling

  • konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift

  • verkemiddel retta mot miljø- og klimatiltak og økologisk landbruk

Budsjettframlegg 2022

Med bakgrunn i Prop. 200 S (2020–2021) og Stortingets handsaming, jf. Innst. 657 S (2020–2021), gjer departementet framlegg om ei løyving til LUF for budsjettåret 2022 på 1 378,6 mill. kroner. Tabell 6.9 viser kapitalsituasjonen for LUF 2020–2022.

Tilskottsramma frå fondet har i fleire år vore vesentleg høgare enn løyvinga til fondet, noko som har ført til eit relativt stort negativt årsresultat for fondet i fleire år. Sidan fondet har hatt ein relativt stor eigenkapital med årleg tilførsel av innbetalingar i form av tilbakebetaling av investeringslån, har det vore mogleg å budsjettere med eit visst negativt årsresultat frå jordbruksavtalepartane si side. Årsresultatet for 2020 på minus 577,5 mill. kroner blei vesentleg svakare enn det venta resultatet som blei oppgitt i Prop. 118 S (2019–2020) – Jordbruksoppgjøret 2020 m.m. Avviket kjem av mellom anna mangelfull prognosesetting i rapporteringa frå Landbruksdirektoratet i samband med jordbruksoppgjeret 2020. Dette førte til at utbetalingane blei vesentleg større enn prognosert og at eigenkapitalen blei redusert raskare enn venta. Prognosesetjing og rutinar for dette er gjennomgått i samband med rapportering til årets jordbruksoppgjer slik at liknande feil ikkje skal skje framover.

Kapitalsituasjonen og likviditetsutviklinga for LUF må haldast under oppsyn. Det må gjerast ein gjennomgang av ordningar med store unytta rammer, og det må etablerast eit felles system for budsjettering og handtering av underforbruk på tilskottsordningane under fondet. Som ei oppfølging av jordbruksoppgjeret har departementet vedteke å trekkje inn i overkant av 100 mill. kroner av midlar som ved årsskiftet 2020/2021 var unytta på fleire ordningar. Det blir lagt til grunn at eigenkapitalen til fondet som eit minimum bør vere på 100 mill. kroner for å ha tilstrekkeleg tryggleik for å kunne dekkje utbetalingar frå fondet. For å styrkje fondet er løyvinga til fondet auka med 83 mill. kroner i 2022 og tilskottsramma frå fondet redusert med 17 mill. kroner. Den krevjande økonomiske situasjonen til fondet vil halde fram inn i 2023, og det vil vere behov for å følgje opp med ytterlegare tiltak for å styrkje fondet framover i tid.

Tabell 6.9 Framføring av kapitalsituasjonen for LUF for 2020–2022 (i mill. kroner)

Rekneskap 2020

Prognose 2021

Prognose 2022

Løyving

1 250,6

1 295,6

1 378,6

Eingongsoverføring

9,5

0,0

0,0

Renteinntekter

7,8

0,0

0,0

Andre inntekter inkl. løyving frå kap. 1149.71

67,3

69,3

69,3

Sum tilførsel

1 335,2

1 364,9

1 447,9

Utbetalingar jf. årsrapport for LUF 2020

1 912,6

1 815,3

1 773,6

Endring i tilskottsramme

-17,0

Sum utbetalingar

1 912,6

1 815,3

1 756,6

Årsresultat

-577,5

-450,4

-308,8

Utvikling i eigenkapital

Inneståande i Noregs Bank, inkl. a konto IN

744,6

317,9

130,8

Uteståande investeringslån

47,7

23,9

9,2

Inndraging av ubrukte midlar

107,0

Sum eigedelar

792,2

448,8

140,0

Tapsfond BU risikolån

44,3

39,3

39,3

Disponibel eigenkapital

747,9

409,5

100,7

Utvikling i likviditet

Tilført årsløyving og andre inntekter

1 335,2

1 364,9

1 447,9

Netto tilførsel av kapital ifm. Investeringslån (avdrag)

35,5

23,8

14,7

Disponibel likviditet

1 370,7

1 388,6

1 462,5

Utbetalingar

1 912,6

1 815,3

1 756,6

Endring i likviditet

-541,9

-426,7

-294,1

Nærare om tilskotsramma over LUF

Ein vesentleg del av tilskottsramma for LUF for 2022 er avsett til ordningar som skal stimulere til investering og bedriftsutvikling, næringsutvikling og gründerskap i landbruket. Skogbruk og ordningar knytte til klima- og miljøtiltak, utgjer ein annan sentral del av tilskottsramma til fondet. Det er naudsynt å følgje opp klimameldinga Klimaplan 2021–2030 og klimaavtalen med jordbruket, og ordningar som bidreg til klima- og miljøinvesteringar er difor prioriterte. Utover dette har den krevjande situasjonen for fondet gjort det naudsynt å gjere strenge prioriteringar mellom ordningane i fondet.

Fleire av ordningane over LUF er forvalta regionalt og inngår i regionale plandokument. Det er ønskjeleg å leggje til rette for ein god og målretta regional planstruktur på landbruksområdet. I årets jordbruksoppgjer blei det gjort framlegg om å avvikle Regionalt bygdeutviklingsprogram (RBU) som ei overbygning for dei tre regionale strategidokumenta på landbruk. Det er lagt til grunn at statsforvaltaren framleis skal utarbeide regionalt miljøprogram og regionalt skog- og klimaprogram i samarbeid med det regionale partnarskapet. For regionalt næringsprogram er det opp til fylkeskommunen å vurdere om dette skal vere eit eige program, eller integrerast i andre regionale næringsstrategiar. Endringane skal ikkje rokke ved den regionale partnarskapen på landbruk si involvering i planarbeidet på landbruksområdet. Det blir òg understreka at faglaga i landbruket framleis må vere involverte i strategiarbeidet.

Tabell 6.10 viser tilskottsramme for LUF i 2022 i tillegg til endring i tilskottsramme frå 2021 til 2022. Tilskottsramma for fondet for 2022 er redusert med 17 mill. kroner til 1 691 mill. kroner. I tillegg kjem utbetalingsansvar for rentestøtteordninga på 10 mill. kroner.

Tabell 6.10 Tilskottsramme for LUF (i mill. kroner)

2021

2022

Endring 2021–2022

Bedriftsretta midlar til investering og utvikling

664,5

679,5

15,0

Nasjonale tilretteleggingsmidlar

8,0

6,0

-2,0

Inn på tunet-løftet del 2

3,0

3,0

0,0

Regionale tilretteleggingsmidlar

48,0

43,0

-5,0

Områderetta innsats

Arktisk landbruk

4,0

4,0

0,0

Fjellandbruket

4,0

4,0

0,0

Rekruttering og kompetanse i landbruket

Regionale kompetansenettverk for lokalmat 1

14,7

12,7

-2,0

Regionale tilskott til rekruttering og komp.heving

14,0

12,0

-2,0

Nasjonal modell for vaksenagronom

17,0

17,0

0,0

Mentorordning

4,0

3,0

-1,0

Forsking og utvikling

82,0

77,0

-5,0

PRESIS – Presisjonsjordbruk i praksis

4,0

4,0

0,0

Stiftinga Norsk Mat (tidl. Matmerk)

63,0

57,0

-6,0

Utviklingsprogrammet2

91,3

85,3

-6,0

Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket

97,0

112,0

15,0

Skogbruk

257,0

221,0

-36,0

Oppfølging av handlingsplan mot villsvin

2,0

2,0

0,0

Midlar til konfliktføreb. tiltak jordbruk/reindrift

1,5

1,5

0,0

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

132,0

147,0

15,0

Drenering

68,0

68,0

0,0

Tilskott til tiltak i beiteområde

23,0

26,0

3,0

Handlingsplan for plantevernmidlar

12,0

12,0

0,0

Klima- og miljøprogram

28,0

28,0

0,0

Biogass

9,0

12,0

3,0

Støtte verdensarvområda og utvalde kulturlandskap

23,0

23,0

0,0

Utviklingstiltak innan økologisk landbruk

34,0

31,0

-3,0

SUM tilskottsramme

1 708,0

1 691,0

-17,0

1 Ramma inkluderer administrasjonskostnader for ordninga på 0,7 mill. kroner, som i 2020 blei overført frå Utviklingsprogrammet i Innovasjon Norge.

2 Ramma for 2021 er 0,7 mill. kroner lågare enn oppgitt i Prop. 118 S (2019–2020). Dette skuldast at uttrekket på administrasjonskostnader for dei regionale kompetansenettverka som blei overførte til fylkeskommunane i 2020 ikkje blei synleggjort i tabellen.

Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av dei vesentlegaste endringane frå 2021 til 2022 på dei enkelte ordningane under LUF. For fullstendige føringar sjå Prop. 200 S (2020–2021) Endringer i statsbudsjettet 2021 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2021 m.m.).

Midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlar)

Investerings- og bedriftsutviklingsordninga i landbruket (IBU-ordninga) er auka med 15 mill. kroner til 679,5 mill. kroner. Auken må mellom anna sjåast i samanheng med prioritering av investeringar i gjødsellager og -separatorar. Tilskottssatsen til slike investeringar er auka frå 20 til 25 pst. og øvre grense for tilskott er frå 2022 auka til 200 000 kroner per prosjekt. Det kan også bli gitt tilskott til anlegg med gjødselseparator.

Støtte til frukt-, grønt- og veksthusnæringa er framleis eit prioritert område, men det vil ikkje lenger vere ei særskild øyremerkt ramme til formålet.

IN får ansvar for å evaluere den særskilde ordninga med ekstra tilskott til bygging i tre. Evalueringa skal sendast avtalepartane innan 1. februar 2022.

Nasjonale tilretteleggingsmidlar

For 2022 er avsetjinga til nasjonale tilretteleggingsmidlar redusert med 2 mill. kroner til 6 mill. kroner.

Inn på tunet-løftet 2

Det er avsett 3 mill. kroner per år i 3 år (2020–2022) til Inn på tunet-løftet 2 over jordbruksavtalen. 2022 er det siste året satsinga blir finansiert over avtalen.

Regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket

Avsetjinga til regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket blir redusert med 5 mill. kroner til 43 mill. kroner i 2022. Det blir elles lagt til grunn at den strategiske innretninga på bruken av tilretteleggingsmidlane er godt samordna med den strategiske innretninga for dei bedriftsretta verkemidla regionalt, og at arbeidet er godt forankra i dei regionale partnarskapa.

Områderetta innsats

Avsetjinga til områderetta innsats blir vidareført med 4 mill. kroner til arktisk landbruk og 4 mill. kroner til fjellandbruket for 2022. Av den samla løyvinga skal 0,5 mill. kroner nyttast til å gjennomføre ei ekstern evaluering.

Rekruttering og kompetanseheving i landbruket

I 2020 kom ein rapport om kompetansebehov i landbruket si verdikjede (NIBIO-rapport, vol. 6 nr. 171, 2020). Rapporten peikar på utfordringar i rekrutteringa til utdanning på alle nivå, særleg i høgare utdanning og forsking. Den viser til eit aukande kompetansebehov i ulike delar av næringa og at kompetansebehov, etterspørsel etter utdanning og utdanningstilbod ikkje er heilt samanfallande. Som ei oppfølging skal det etablerast eit nettverk av representantar frå næringa, utdanningsinstitusjonar og andre relevante aktørar. Nettverket skal konkretisere utfordringane, sjå på moglege tiltak, rolledeling og samarbeidsformer.

Fylkesvise midlar til rekruttering og kompetanseheving

Avsetjinga til fylkesvise midlar til rekruttering og kompetanseheving forvalta av fylkeskommunen blir redusert med 2 mill. kroner til 12 mill. kroner for 2022.

Nasjonal modell for vaksenagronomen

Det blir sett av 17 mill. kroner til den nasjonale modellen for vaksenagronomopplæring i 2022. Av dette skal 0,3 mill. kroner gå til drift av felles pedagogiske og digitale løysingar for heile landet, basert på prosjektet som starta i samband med etableringa av vaksenagronomordninga.

Mentorordning i landbruket

Avsetjinga til mentorordninga i landbruket forvalta av Norsk Landbruksrådgiving blir redusert med 1 mill. kroner til 3 mill. kroner i 2022.

Forsking og utvikling

For 2022 blir avsetjinga til forsking redusert med 5 mill. kroner til 77 mill. kroner.

Avsetjinga skal òg disponerast til utgreiingar, men omfanget skal justerast noko ned samanlikna med tidlegare år for å reflektere kuttet i avsetjinga.

Prioriterte forskingstema er klima, med hovudvekt på utsleppsreduksjonar, både frå planteproduksjon og husdyrproduksjon. Utsleppsreduksjonar heng nøye saman med klimatilpassing. Temaet inkluderer utfordringar som metodeutvikling, talfesting av effektar av tiltak, auka datakvalitet osv., og vil bidra til oppfølging av jordbruket si klimaavtale.

Jordhelse og agronomi skal òg prioriterast. God jordhelse betyr at kjemiske, fysiske og biologiske komponentar i jorda fungerer godt saman, og har verdi for å sikre god produksjon. Ved å sjå jordhelse og agronomi i samanheng vil det kunne leggje grunnlag for auka produksjon på ein berekraftig måte. Temaet har òg klimaaspekt ved seg, til dømes knytt til karbonlagring.

Forskingsprosjekt finansierte over ordninga skal resultere i anvendte løysingar med stor nytte for næringa.

Støtta til det norsk-svenske samarbeidet innan hesteforsking skal vidareførast på om lag same nivå som tidlegare.

Ordninga med forskings- og utviklingsmidlar over jordbruksavtalen skal evaluerast. Arbeidet vil òg inkludere Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt. Mandatet er mellom anna å vurdere om drifta er effektiv, om forvaltninga av ordningane er formålstenleg organisert og om ordningane bidreg til å nå formålet. Arbeidet skal starte hausten 2021, og skal bli ferdigstilt i løpet av 2022.

PRESIS

Løyvinga til NIBIOs prosjekt PRESIS (presisjonsjordbruk i praksis) blir ført vidare for 2022 med 4 mill. kroner. 2022 er det tredje året i prosjektet sitt femårige løp. Prosjektet må sikre god dialog med andre aktørar med digitaliseringsprosjekt som grensar opp mot dette, til dømes Klimasmart landbruk. Prosjektet skal levere årlege rapportar til Landbruksdirektoratet.

Stiftinga Norsk Mat

Avsetjinga til Stiftinga Norsk Mat blir redusert med 6 mill. kroner til 57 mill. kroner for 2022. Innanfor denne ramma bør vidare arbeid med KSL-systemet prioriterast. Ytterlegare prioriteringar for 2022 blir gjort i dialog med stiftinga.

Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping

Avsetjinga til Utviklingsprogrammet blir redusert med 6 mill. kroner til 85,3 mill. kroner for 2022. Det blir opp til styringsgruppa til programmet å gjere dei budsjettmessige prioriteringane mellom aktivitetar innanfor programmet si portefølje. I tråd med Innovasjon Norge si vurdering, er det mogleg å forlenge koronatilpassingane av programmet inn i 2022 dersom det er behov for det. I 2020 og 2021 blei det gitt støtte til Bondens marked og Norsk Gardsost over programmet på høvesvis 2 og 1 mill. kroner. Eventuell vidareføring av denne støtta til desse organisasjonane må sjåast i samanheng med anna støtte desse organisasjonane får over programmet. Slik støtte må vere prosjektbasert og bidra til utvikling av organisasjonane og tilbodet dei gir til bedriftene dei arbeider for. Det blir ikkje gitt driftsstøtte over budsjettet til Utviklingsprogrammet. Utvikling av næring knytt til haustbare viltressursar skal prioriterast i utviklingsprogrammet på same måte som i 2020 og 2021. Utviklingsprogrammet blir òg finansiert over reindriftsavtalen, jf. kapittel 1151.

Kompetansenettverksordninga

Avsetjinga til drift av dei fem kompetansenettverka for lokalmat blir redusert med 2 mill. kroner til 12 mill. kroner for 2022. I tillegg kjem 0,7 mill. kroner til administrasjons- og gjennomføringskostnader. Fordeling av tilskott mellom nettverka er synleggjort i tabell 6.11.

Tabell 6.11 Tilskott til regionale kompetansenettverk (i mill. kroner)

Ansvarleg fylkeskommune

Kompetansenettverk for lokalmat

Dekkjer følgjande fylker

Framlegg 2022

Rogaland fylkeskommune

Kompetansenettverket i Sør-Norge

Agder og Rogaland

2,05

Viken fylkeskommune

Kompetansenettverket i Øst-Norge

Vestfold og Telemark, Oslo, Viken og Innlandet

3,04

Vestland fylkeskommune

Kompetansenettverket i Vest-Norge

Vestland

2,05

Trøndelag fylkeskommune

Kompetansenettverket i Trøndelag

Trøndelag og Møre og Romsdal

2,50

Troms og Finnmark fylkeskommune

Kompetansenettverket i Nord-Norge

Nordland og Troms og Finnmark

2,36

Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket

Avsetjinga til verdiskapingsprogrammet blir auka med 15 mill. kroner til 112 mill. kroner for 2022. Det blir gjort framlegg om, i tråd med råd frå Innovasjon Norge, at verdiskapingsprogrammet for fornybar energi bør vidareutviklast til å ta eit meir heilskapleg ansvar for utvikling av klima, miljø og energi i landbruket. Programmet kan gjennom dette gi eit aktivt bidrag til realisering av målsetjingane i klimaavtalen. Eitt område der ein kan vente auka investeringsbehov framover er i biorestlager og gardsanlegg, under føresetnad av at det blir lagt opp til auka utnytting av husdyrgjødsel til produksjon av biogass. Verdiskapingsprogrammet si innretning gir med dette gode moglegheiter for å bidra til å introdusere ny teknologi og bruk av fornybar energi i landbruket, i tillegg til bruk av landbruket sine ressursar til produksjon av energi i andre sektorar og samfunnsområde. For å få til ein betre samanheng mellom innsatsen som blir gjort gjennom verdiskapingsprogrammet og anna innsats knytt til fornybar energi, vil det bli teke initiativ til ein dialog med Innovasjon Norge og Enova.

Skogbruk

Avsetjinga blir redusert med 36 mill. kroner, til 221 mill. kroner for 2022. Fordelinga mellom dei ulike verkemidla vil bli gjort etter drøftingar mellom avtalepartane. Næringsorganisasjonane i skogbruket blir inviterte til å delta. Landbruksdirektoratet får i oppgåve å gjere ei utgreiing om innretninga på miljøtiltak i skogbruket under LUF, og setje ned ei partssamansett referansegruppe for arbeidet der skogbruket sine næringsorganisasjonar blir invitert til å delta.

Tiltak mot villsvin og oppfølging av Handlingsplan mot villsvin

Avsetjinga til tiltak mot villsvin og oppfølging av Handlingsplan mot villsvin 2020–2024 blir ført vidare gjennom Villsvinprosjektet med 2 mill. kroner i 2022.

Midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift

Avsetjinga til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift forvalta av statsforvaltaren i Trøndelag er ført vidare med 1,5 mill. kroner for 2022. Total avsetjing er på nivå med tilsvarande avsetjing over reindriftsavtalen. Det er behov for å gjere ordninga meir kjent i alle reindriftsområda.

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Avsetjinga til SMIL-ordninga er auka med 15 mill. kroner, slik at den samla avsetjinga blir 147 mill. kroner i 2022. Hydrotekniske tiltak skal prioriterast der behova er store.

Tilskott til drenering av jordbruksjord

Avsetjinga til tilskott til drenering av jordbruksjord blir ført vidare med 68 mill. kroner i 2022. Av omsyn til mellom anna vassmiljøutfordringar, skal areal med korn, grønsaker og potet framleis prioriterast ved fordeling av midlar.

Tilskott til tiltak i beiteområde (organisert beitebruk)

Avsetjinga til ordninga tilskott til tiltak i beiteområde aukar med 3 mill. kroner til 26 mill. kroner i 2022. Av desse skal 6,5 mill. kroner øyremerkast til skrantesjuke-tiltak i Nordfjella og på Hardangervidda. Som følgje av at skrantesjuke blei påvist på Hardangervidda i september 2020 blir områda som er omfatta av føresegner om beitebruk utvida i forskrift om endring av CWD-soneforskrift som er send på høyring.

Klima- og miljøprogrammet – berekraftig jordbruk gjennom god agronomi

Avsetjinga til Klima- og miljøprogrammet blir ført vidare med 28 mill. kroner i 2022. Innanfor ramma, skal 2,5 mill. kroner avsetjast til arbeid i rekneskapsgruppa som skal følgje opp klimaavtalen med jordbruket. Av dette er 2 mill. kroner til utgreiingsarbeid og 0,5 mill. kroner til arbeid i sekretariatet som ikkje kan dekkjast på annan måte.

Følgjande utgreiingsarbeid over Klima- og miljøprogrammet skal gjerast fram til jordbruksoppgjeret 2022:

  • Greie ut barrierar og moglegheiter for auka gjennomføring av vassmiljøtiltak i jordbruket for å nå dei nasjonale måla i vassforskrifta.

  • Greie ut moglegheiter for eit praktisk utprøvingsprosjekt for å få betre kunnskap om bruk av biokol i husdyrrom, gjødsellager og i planteproduksjon.

Utvalde kulturlandskap i jordbruket og Verdensarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan

Avsetjinga til Utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdensarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan blir ført vidare med 23 mill. kroner. Landbruksdirektoratet, skal i samråd med Miljødirektoratet og Riksantikvaren, vurdere å inkludere Cirkumferensen ved Røros Bergstad i ordninga om tilskott til skjøtsel i verdensarvområda. Arbeidet skal avsluttast innan jordbruksoppgjeret 2022.

Biogass

Avsetjinga til tilskott for levering av husdyrgjødsel i biogassanlegg blir auka med 3 mill. kroner til 12 mill. kroner for 2022.

Tilskott til utviklingstiltak innan økologisk landbruk

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga til utviklingstiltak innan økologisk landbruk med 3 mill. kroner til 31 mill. kroner for 2022. Landbruks- og matdepartementet arbeider med å forskriftsfeste ordninga med sikte på at forskrifta skal ta til å gjelde frå 2023. I samband med dette arbeidet vil ordninga bli gjennomgått. Grensegangen mot andre ordningar blir vurdert, mellom anna grensegangen mot andre søknadsbaserte ordningar Landbruksdirektoratet forvaltar.

Post 70 Marknadstiltak, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

70.11

Tilskott til marknadstiltak grøntsektoren

31 400

31 400

31 400

70.12

Tilskott til råvareprisutjamningsordninga

237 577

200 745

206 040

70.13

Tilskott til avrensordninga poteter

38 000

41 000

41 000

Sum post 70

306 977

273 145

278 440

Departementet gjer framlegg om ei løyving på post 70 på 278,4 mill. kroner.

Underpost 70.11 Tilskott til marknadstiltak i grøntsektoren

Formålet med marknadstiltaka er å bidra til å nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetnad for produsert vare og bidra til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. I grøntsektoren blir kostnadene ved marknadsregulering, opplysningsverksemd og faglege tiltak dekte av løyvinga til marknadstiltak, mens desse tiltaka blir dekte gjennom omsetnadsavgift for andre produksjonar. Dette gir ei løyving på underposten på 31,4 mill. kroner i 2022.

Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisutjamningsordninga

Formålet med RÅK-ordninga er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg. Frå 2021 er ordninga med eksportrestitusjon avvikla. Dette har redusert løyvinga med om lag 36 mill. kroner.

Løyvingane over denne ordninga må vere avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer. Prisane på verdsmarknaden kan variere mykje. I dei seinaste åra har det òg vore store svingingar i valutamarknaden. Dette påverkar løyvingsbehovet til RÅK-ordninga. Endringane i målprisar i jordbruksoppgjeret påverkar òg løyvingsbehovet. Det er for tida stor uvisse i prisutviklinga på mat framover. Målprisauken i jordbruksoppgjeret gir ein mindre auke i løyvinga. Samla gir dette ei løyving på underposten på 206,0 mill. kroner i 2022.

Underpost 70.13 Tilskott til avrensordninga poteter

Formålet med ordninga er å sikre avsetjing av norskproduserte avrenspoteter. Avrenspoteter er fråsorterte poteter som ikkje kan nyttast til mat eller industriproduksjon. Det blir gitt prisnedskrivingstilskott til produksjon av rektifisert potetsprit eller potetstivelse ved avtale om mottak av avrenspoteter frå godkjente omsetnadsledd i marknadsordninga for poteter. Dette gir redusert matsvinn og lågare klimagassutslepp.

Med uendra satsar gir dette ei løyving på underposten på 41,0 mill. kroner i 2022.

Post 71 Tilskott ved avlingssvikt, overslagsløyving

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å redusere økonomiske tap i plante- og honningproduksjon som kjem av klimatiske forhold det ikkje er mogleg å sikre seg mot.

Rapportering 2020

I 2020 var det store vêrskader på fruktavlingane særleg på Vestlandet. I Trøndelag var det sein og vanskeleg innhausting som særleg gav avlingssvikt i kornproduksjonen. I Nord-Noreg var det svikt i engavlinga mange stader. Året gav samla sett difor større avlingssvikt enn det som er rekna som eit normalt år.

Det blei motteke 1223 søknader om erstatning for produksjonssvikt for avlingsåret 2020. For den midlertidige ordninga med erstatning ved tap forårsaka av mangel på arbeidskraft, blei det motteke 12 søknader. Mange dispensasjonssaker og krevjande forvaltning har ført til at relativt fleire saker enn normalt først blei handsama og betalt ut i 2021 (997). Det blei betalt ut 74,5 mill. kroner i tilskott for svikt i plante- og honningproduksjon 2020.

Budsjettframlegg 2022

I budsjettet for 2022 er det lagt til grunn at arbeidskraftsituasjonen igjen vil vere om lag som normalt, og at grønprodusentane vil kunne få den sesongarbeidskrafta dei treng. Den mellombelse ordninga som skal kompensere for redusert hausting som følgje av mangel på arbeidskraft, blir difor ikkje ført vidare i 2022.

For avlingsåra 2021 og 2022 blir det lagt til grunn eit normalt skadeomfang. I mange år har ein rekna at det vil gi utbetalingar tilsvarande 43 mill. kroner over ordninga dersom regelverket ikkje blir endra. Oppdatert statistikk viser at vi får stadig meir ekstremvêr som øydelegg avlingar i jordbruket, og forbruket over ordninga har difor auka.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på post 71 på 83,0 mill. kroner i 2022.

Post 73 Pristilskott, overslagsløyving

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

73.11

Pristilskott ull

109 673

115 000

110 000

73.13

Pristilskott mjølk

691 746

670 000

703 100

73.15

Pristilskott kjøtt

1 444 588

1 449 000

1 447 500

73.16

Distriktstilskott egg

3 538

3 400

3 300

73.17

Pristilskott grøntsektoren

177 518

171 600

162 100

73.18

Frakttilskott

369 832

405 350

400 100

73.19

Pristilskott korn

1 016 400

1 081 700

1 198 600

73.20

Tilskott matkorn

98 405

Sum post 73

3 911 700

3 896 050

4 024 700

I jordbruksoppgjeret blei det gjort satsendringar som aukar løyvinga på posten med 98,1 mill. kroner. I tillegg er det prognosert kvantumsendringar som aukar løyvinga med 30,6 mill. kroner. Den samla løyvinga på posten aukar då med 128,7 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om ei løyving på post 73 på 4 024,7 mill. kroner i 2022.

Underpost 73.11 Pristilskott ull

Formålet med tilskottet er å bidra til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg bidra til å betre kvaliteten på norsk ull og sikre avsetnad i marknaden for norsk ull av god kvalitet.

I jordbruksoppgjeret blei ordninga ført vidare med uendra satsar, men prognosane viser ein nedgang i volumet som gir grunnlag for ein reduksjon i løyvinga på 5 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 110,0 mill. kroner.

Underpost 73.13 Pristilskott mjølk

Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott til geitemjølk og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.

Formålet med pristilskott til mjølk er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som er med på å halde oppe busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen.

Ut over område med null-sats, blir det gitt distriktstilskott med ni ulike satsar for mjølk produsert i område med høge produksjonskostnader i Sør-Noreg, og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskottet varierer frå null og opp til 189 øre per liter.

I jordbruksoppgjeret blei grunntilskott for geitmjølk auka med 10 øre per liter, tilsvarande 2,1 mill. kroner. Prognosen for 2022 er usikker, men gir ein auke i løyvinga tilsvarande 31 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 703,1 mill. kroner. Løyvinga på underposten er fordelt med 71,5 mill. kroner til grunntilskott for geitemjølk og 641,6 mill. kroner i distriktstilskott for all mjølk.

Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt

Ordninga omfattar grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt, kvalitetstilskott for storfekjøtt og kvalitetstilskott for slakt av lam og kje.

Formålet med tilskotta er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling som er med på å halde oppe busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen. Grunntilskottet skal òg bidra til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren, mens kvalitetstilskotta skal stimulere til ein auke i produksjonen av kjøtt med høg kvalitet.

Distriktstilskott går i hovudsak til kjøtt frå grovfôrbaserte produksjonar differensiert på fem soner. Det blir òg gitt distriktstilskott til produksjon av svinekjøtt i Nord-Noreg, Agder og Vestlandet med unntak av Rogaland.

Grunntilskottet for kjøtt blir berre gitt til slakt av sau/lam og geit/kje.

I jordbruksoppgjeret blei satsen for distriktstilkott for gris i Troms auka tilsvarande 0,5 mill. kroner.

Volumprognosen gir ein reduksjon tilsvarande 2,0 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 1 447,5 mill. kroner. Av dette utgjer grunntilskottet til sau/lam og geit/kje 92,0 mill. kroner, kvalitetstilskottet til storfekjøtt 260,0 mill. kroner, distriktstilskottet 645,5 mill. kroner og tilskott til lammeslakt og kjeslakt 450,0 mill. kroner.

Underpost 73.16 Distriktstilskott egg

Formålet med ordninga er å bidra til eggproduksjon i heile landet gjennom å jamne ut geografiske skilnader i lønsemda i produksjonen. Tilskottet omfattar Nord-Noreg og Vestlandet utanom Rogaland. Det blei ikkje gjort satsendringar i jordbruksoppgjeret. Det er prognosert ei løyving på underposten tilsvarande 3,4 mill. kroner.

Underpost 73.17 Pristilskott grøntsektoren

Formålet med ordningane er å betre inntekta for produsentane innan grøntsektoren og bidra til ein geografisk spreidd produksjon.

Ordninga omfattar distriktsdifferensierte tilskott til konsumproduksjon av eple, pære, plomme, kirsebær, morellar og bær. Ordninga omfattar òg leveransar av pressfrukt til industri og til produksjon av matpotet i Nord-Noreg. Det blir òg gitt distriktsdifferensierte tilskott til produksjon av salat og veksthusproduksjon av tomat og slangeagurk.

Distriktsdifferensieringa følgjer dei same sonene som tilskott for areal- og kulturlandskap.

I jordbruksoppgjeret blei satsane i ordninga auka tilsvarande 3,1 mill. kroner. Satsane i distriktstilskott for frukt og bær blei auka i sonene 2–7 tilsvarande 2,6 mill. kroner, mens tilskottet til potetproduksjon i Nord-Noreg blei auka tilsvarande 0,5 mill. kroner.

Volumprognosen gir ei innsparing på ordninga tilsvarande 12,6 mill. kroner. Samla forbruk over ordninga er etter dette berekna til 162,1 mill. kroner. Av dette er det rekna 153,6 mill. kroner til grønt og 8,5 mill. kroner til potetproduksjon i Nord-Noreg.

Underpost 73.18 Frakttilskott

Ordninga omfattar tilskott til frakt av slaktedyr, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr. Frakttilskotta skal bidra til å jamne ut prisane til produsent og forbrukar. Tilskott til frakt av slaktedyr skal òg bidra til å vareta rammevilkåra for små slakteri. Frakttilskotta er baserte på at råvarekjøparane og produsentane må dekkje ein eigendel av kostnadene.

I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort satsendringar i frakttilskotta. Volumjusteringa gir ei redusert løyving tilsvarande 5,2 mill. kroner.

Dette gir ei løyving på underposten på 400,1 mill. kroner. Av dette er 150,0 mill. kroner til frakt av kjøtt, 7,1 mill. kroner til frakt av egg, 82,0 mill. kroner til frakt av korn og 161,0 mill. kroner til frakt av kraftfôr.

Underpost 73.19 Pristilskott korn

Formålet med ordningane er å sikre avsetnad av norskprodusert korn, erter og oljefrø, og å regulere kostnadene og konkurransekrafta til norsk husdyrproduksjon, i tillegg til å styrkje konkurransekrafta til norsk cerealindustri.

Ordninga omfattar tilskott til prisnedskriving ved kjøp av norskprodusert korn for vidare sal eller tilverking av kraftfôr eller mat, og tilskott til føretak som nyttar norskprodusert korn i tilverking av mjøl eller andre cerealprodukt som blir nytta til mat (matkorntilskott). Gjennom desse ordningane kan ein då regulere prisen på råvarer til kraftfôr og matmjøl. For å fremje avsetnaden av økologisk korn og erter blir det gitt høgare satsar for økologisk produsert vare.

I jordbruksoppgjeret blei målprisane for korn auka med om lag 13 øre per kg for matkorn og 10 øre per kg for fôrkorn som i gjennomsnitt blir 11 øre per kg.

Prisnedskrivingstilskottet til norskprodusert korn blei auka med vel 6 øre per kg. For å stimulere til meir norsk produksjon av proteinfôrvekstar er prisnedskrivinga for belgvekstar og oljefrø auka med 30 øre per kg. Ut frå dette er effekten på råvareskostandene til kraftfôr rekna å utgjere ein prisauke på 2,6 øre per kg.

Matkorntilskottet kjem i tillegg til prisnedskrivinga, og er auka med 6 øre per kg. som gjer at heller ikkje råvarekostnaden på det norske kornet til mat blei endra i jordbruksoppgjeret. Dette gir ein marginal auke i råvarekostnaden for bakeindustrien der importkonkurransen er aukande.

Satsendringane i jordbruksoppgjeret krev ei auka løyving på 92,4 mill. kroner, men det er rekna at auka kornproduksjon vil krevje ytterlegare 24,5 mill. kroner.

Dette gir ei løyving på underposten på 1 198,6 mill. kroner. Av dette er 1 078,3 mill. kroner til prisnedskriving og 120,3 mill. kroner til matkorntilskott.

Underpost 73.20 Tilskott matkorn

Tilskott til bruk av norsk matkorn er frå 2021 lagt inn som ein av to delordningar på underpost 73.19.

Post 74 Direkte tilskott, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

74.11

Driftstilskott mjølk og kjøtt

1 663 336

1 678 900

1 762 000

74.14

Tilskott husdyr

2 526 534

2 611 900

2 671 400

74.16

Beitetilskott

978 386

1 035 100

1 078 000

74.17

Areal- og kulturlandskapstilskott

3 537 732

3 569 300

3 648 600

74.19

Tilskott til regionale miljøprogram

523 692

551 100

601 100

74.20

Tilskott til økologisk jordbruk

118 247

120 500

130 200

Sum post 74

9 347 927

9 566 800

9 891 300

Departementet gjer framlegg om ei løyving på post 74 på 9 891,3 mill. kroner i 2022. Alle satsar under denne posten er førebelse, og kan bli justert for å tilpasse forbruket til budsjettet.

Underpost 74.11 Driftstilskott mjølk og kjøtt

Formålet med driftstilskottet er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen og i produksjon av storfekjøtt. Tilskottet skal òg jamne ut skilnader i lønsemd mellom føretak av ulik storleik, og har òg ei geografisk differensiering.

Ordninga består av tilskott til føretak med mjølkeproduksjon og tilskott til føretak med kjøttproduksjon på ammekyr.

Driftstilskottet til mjølkeproduksjon er like stort per føretak for alle som har fem kyr eller meir. I jordbruksoppgjeret blei satsen for bruk med mjølkeku auka med 10 000 kroner per føretak i sone 1, 2, 3 og 4, og med 14 000 kroner i sone 5, 6 og 7.

For driftstilskottet til ammekuproduksjon blei satsen auka med 10 000 kroner per føretak i sone 1–4 og med 14 000 kroner i sone 5–7. For føretak med mindre enn 40 kyr utgjer det høvesvis 250 kroner og 350 kroner per ku.

Auken i satsane, rekna saman med ei innsparing som følgje av redusert tal på dyr/føretak, krev ei auka løyving på 83,1 mill. kroner.

Dette gir ei løyving på underposten på 1 762,0 mill. kroner. Av dette er 410,8 mill. kroner til kjøttproduksjon og 1 351,2 mill. kroner til mjølkeproduksjon.

Underpost 74.14 Tilskott husdyr

Formålet med tilskottet er å styrkje og jamne ut inntektene til føretak med ulike husdyrproduksjonar og etter storleiken på husdyrhaldet. Ordninga skal òg styrkje økonomien i honningproduksjon og bidra til bevaring av gen for gamle husdyrrasar.

Tilskottet blir gitt per dyr/slakt/bikube. Satsane per dyreslag blir trappa ned med aukande dyretal per føretak. I jordbruksoppgjeret blei satsen for dei første 150 vinterfôra sau per føretak auka med 87 kroner per dyr. Det krev ein auke i løyvinga på 74,2 mill. kroner.

Verknaden av endra satsar i jordbruksoppgjeret og tilpassing av løyvingsbehovet til dyretalet krev ein auke i løyvinga på 59,5 mill. kroner. Dette gir ei total løyving på underposten på 2 671,4 mill. kroner. Av dette er 23,5 mill. kroner sett av som ekstra tilskott til genbevaring av husdyrrasar.

Underpost 74.16 Beitetilskott

Formålet med ordningane er å stimulere til pleie av kulturlandskap og å oppnå god utnytting av utmarksbeiteressursane.

Ordninga består av eit tilskott for dyr som beitar i utmark, og eit tilskott for dyr som beitar i kulturlandskapet (innmark og/eller utmark). Det er krav til minimum beitetid for å få rett til tilskotta. Dei som mottek tilskott for dyr som beitar i utmark, kan òg få det generelle beitetilskottet for dei same dyra.

I jordbruksoppgjeret blei satsane for utmarksbeitetilskottet auka med 5 kroner per dyr for alle dyr, mens satsen i beitetilskottet blei auka med 25 kroner per dyr for storfe m.m. Satsendringane gir ei auka løyving tilsvarande 27 mill. kroner, mens prognosen for talet på beitedyr gir ei auka løyving på 15,9 mill. kroner.

Dette gir ei løyving på underposten på 1 078,0 mill. kroner fordelt med 674,0 mill. kroner for dyr på utmarksbeite og 404,0 mill. kroner i generelt beitetilskott.

Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott

Formålet med tilskottet er å bidra til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift, og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Tilskottet er ein del av det nasjonale miljøprogrammet.

Ordninga omfattar eit tilskott til kulturlandskap med den same satsen per dekar til alt jordbruksareal som oppfyller vilkåra for arealtilskott. Som eit tiltak for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet blir det i tillegg gitt eit arealtilskott der satsane per dekar er differensierte ut frå type produksjon og kvar i landet produksjonen skjer. Dette skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar og mellom distrikt med varierande driftskostnader og avlingsnivå.

I jordbruksoppgjeret blei satsen for kulturlandskapstilskottet for alt dyrka areal ikkje endra. For å styrkje distriktsprofilen blei det det gitt tillegg i satsane for arealtilskott grovfôr i sone 3–7, og for korn i sone 2–7. For grovfôr gir det ei auka løyving på 60,5 mill. kroner og for korn med 13,1 mill. kroner. Det blei ikkje gjort endringar i dei andre vestgruppene.

Dette gir ei samla løyving til arealtilskott i 2022 på 3 648,6 mill. kroner som er fordelt med 1 431,0 mill. kroner i kulturlandskapstilskott og 2 117,6 mill. kroner i arealtilskott.

Underpost 74.19 Tilskott til regionale miljøprogram

Nasjonalt miljøprogram er inndelt i åtte miljøfaglege tema der jordbruket har eit sektoransvar, og legg rammene for utforminga av dei regionale miljøprogramma. Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og å hindre erosjon og avrenning av næringsstoff til vatn gjennom eit regionalt tilpassa regelverk for økonomisk støtte. Dei regionale miljøprogramma har tiltak med tilhøyrande tilskott retta mot føretak innanfor følgjande område: redusert forureining til vatn og luft, varetaking av kulturlandskap og kulturminne, tilrettelegging for friluftsliv og tilgjenge, varetaking av biologisk mangfald, utslepp til luft, plantevern og miljøavtale. Miljøutfordringane varierer frå fylke til fylke. Dei regionale miljøprogramma gir ei målretting av miljøinnsatsen i jordbruket ut over det som er mogleg gjennom generelle nasjonale ordningar. Rapporteringa tyder på stor aktivitet i fylka, og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet.

Noverande programperiode gjeld frå 2019 til 2022. Jord og jordhelse blir inkludert som eige miljøtema i samband med rulleringa av dei regionale miljøprogramma. Landbruksdirektoratet har utarbeidd ein nasjonal instruks som dannar grunnlag for dei fylkesvise forskriftene.

I jordbruksoppgjeret blei det vedteke å auke ramma for ordninga med 50 mill. kroner i 2022. Tiltak som miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel, andre vassmiljøtiltak og pollinatortiltak skal prioriterast. Tilskott til klimarådgiving blir no innført i alle fylke. Det skal vidare setjast ned ei partssamansett arbeidsgruppe som skal arbeide vidare med ny fordelingsnøkkel for regionale miljøprogram. Målet er å leggje fram eit nytt forslag til jordbruksoppgjeret 2022. Dette gir ei løyving på underposten på 601,1 mill. kroner.

Underpost 74.20 Tilskott til økologisk jordbruk

Formålet med ordninga er å stimulere til at ein større del av jordbruksproduksjonen er økologisk. Ordninga omfattar ekstra arealtilskott og husdyrtilskott til økologisk produksjon.

I jordbruksoppgjeret blei satsane for det ekstra arealtilskottet til økologisk kornproduksjon auka med 18 kroner per dekar. Satsane for dei ekstra tilskotta til økologisk husdyrproduksjon blei auka for kyr, geit og sau med 3–12 pst. Til saman aukar løyvinga med 9,7 mill. kroner eller 8 pst. Endringa i satsane til økologisk produksjon aukar løyvinga med 4,2 mill. kroner, mens auka volum gir eit meirforbruk på 5,5 mill. kroner.

Dette gir ei løyving på underposten på 130,2 mill. kroner, som er fordelt med 76,9 mill. kroner i husdyrtilskott og 53,3 mill. kroner i arealtilskott.

Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

77.11

Tilskott til dyreavl m.m.

90 897

98 133

96 145

77.12

Tilskott til frøavl m.m.

16 526

27 020

25 020

77.13

Tilskott til rådgiving

98 000

98 000

98 000

77.15

Tilskott til kvalitetstiltak

50 448

52 156

52 156

77.17

Tilskott til fellesanlegg for frukt

15 000

16 000

17 000

Sum post 77

270 871

291 309

288 321

Departementet gjer framlegg om ei løyving på post 77 på 288,3 mill. kroner i 2022.

Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.

Tilskott til dyreavl m.m. skal bidra til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa miljøet. Ordninga skal òg sikre genetisk variasjon i populasjonane og byggje på berekraftige prinsipp basert på ein tilstrekkeleg stor effektiv avlspopulasjon og inkludering av funksjonelle eigenskapar i avlsmålet.

Løyvinga skal bidra til at kostnadene ved inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet, og til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.

Prognosen for forbruket gir ei innsparing på ordninga med 5,8 mill. kroner.

Dette gir ei løyving på 96,1 mill. kroner på underposten, fordelt med 25,6 mill. kroner til semintenester, 56,2 mill. kroner til veterinærreiser og 14,3 mill. kroner til avlsorganisasjonar.

Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.

Formålet med ordninga er å fremje frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det er tre typar tilskott under ordninga: pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott. For å sikre tilgang til klimatilpassa såvare blir det òg gitt tilskott til overlagring av såkorn mellom kornsesongar.

Tilskottet til frøavl blir gitt til sertifisert frøavl av godkjende sortar.

For å sikre forsyninga av såkorn i år med små volum eller dårleg kvalitet på norsk såkorn, blir det gitt tilskott til beredskapslagring av såkorn mellom avlingsåra. Som oppfølging av den nasjonale pollinatorstrategien, blir ordninga utvida til å omfatte pollinatorvenlege frøblandingar. Avsetjinga er auka med 2 mill. kroner til 19,0 mill. kroner.

For beredskapslagringa av såkorn er tilskottet 90 øre per kg innanfor ei ramme på 10 mill. kroner. Det blei ikkje gjort satsendringar i jordbruksoppgjeret, men prognosen tyder på at ikkje heile ordninga blir utnytta. Det gir ei innsparing på 4 mill. kroner. Dette gir ei samla løyving på underposten på 25,0 mill. kroner.

Underpost 77.13 Tilskott til rådgiving

Formålet med ordninga er å bidra til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i dei regionale rådgivingseiningane hos Norsk Landbruksrådgiving (NLR). Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre eit likeverdig rådgivingstilbod over heile landet. Rådgivingseiningane utgjer eit fagleg bindeledd mellom landbruksforskinga og landbruket. NLR er viktig for å utvikle god agronomi og auka kompetanse i næringa. NLR har kjernekompetanse på god agronomi og gir råd innan planteproduksjon, maskin- og byggteknikk, næringsutvikling, føretaksøkonomi, økologisk landbruk, miljøtiltak, klimatiltak og HMS.

Løyvinga på underposten er sett til 98,0 mill. kroner. Det blir lagt til grunn at det skal vere rådgivingsaktivitet og eit likeverdig tilbod over heile landet. Det blir og lagt til grunn at NLR held fram med sitt arbeid for å samordne rådgivingstenesta slik at oppgåvene kan løysast på ein best mogleg effektiv måte.

Det er behov for å sjå på grensegangen mellom NLRs rådgjevingsaktivitet og andre rådgivingstilbod som næringa nyttar seg av. Det vil i tilskottsbrevet for 2022 bli gitt tydelegare forventningar til NLR om bruken av midlar og krav til rapportering. Landbruks- og matdepartementet vil i samarbeid med Landbruksdirektoratet og i dialog med jordbruket gå gjennom støtta som blir gitt til NLR.

Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak

Ordninga skal bidra til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.

Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe den norske potet- og grøntnæringa plantemateriale som er kontrollert for særskilde skadegjerarar, og med definerte eigenskapar som er tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert setjepotetavl er å stimulere til auka bruk av setjepoteter av høg kvalitet.

I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar i ordninga og løyvinga er uendra. Det er sett av ei løyving på underposten på 52,2 mill. kroner.

Løyvinga er fordelt som vist i tabell 6.12.

Tabell 6.12 Fordeling av tilskott til kvalitetstiltak i 2022 (i mill. kroner)

Utvikling av plantemateriale, nordisk

2,400

Utvikling av plantemateriale, oppformering

12,875

Utvikling av plantemateriale, Graminor

26,960

Kvalitetstiltak settepotetavl

10,000

Sum underpost 77.15

52,156

Underpost 77.17 Tilskott til fellesanlegg for frukt

Formålet med tilskottet er å fremje samarbeid om lagring, sortering, pakking og omsetnad av frukt som bidreg til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt.

I jordbruksoppgjeret blei ordninga styrkt med 1 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 17,0 mill. kroner.

Post 78 Velferdsordningar, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

78.11

Tilskott til avløysing

1 205 080

1 224 267

1 233 067

78.12

Tilskott til avløysing ved sjukdom m.m.

148 871

144 200

133 000

78.14

Tilskott til sjukepengeordninga

43 500

43 900

32 600

78.15

Tilskott til landbruksvikarordninga

68 065

68 228

68 228

78.16

Tilskott til tidlegpensjonsordninga

64 973

72 550

67 950

Sum post 78

1 530 489

1 553 145

1 534 845

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 534,8 mill. kroner på post 78 i 2022.

Underpost 78.11 Tilskott til avløysing

Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å bidra til å finansiere leige av arbeidskraft.

Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar per dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag, men avgrensa til eit maksimalt tilskott per føretak. Dei som søkjer om tilskottet, skal kunne dokumentere faktiske kostnader til leigd arbeid.

I jordbruksoppgjeret blei både maksimalt tilskott per føretak og satsane per dyr auka med om lag 2,3 pst. Taket for utbetaling per føretak er etter dette 87 800 kroner. Dette gir ei auka løyving på 28,1 mill. kroner, mens prognosane gir ei innsparing på 19,3 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 1 233,1 mill. kroner.

Underpost 78.12 Tilskott til avløysing ved sjukdom m.m.

Formålet med ordninga er å bidra til å finansiere avløysing i føretak med husdyrproduksjon, honningproduksjon eller veksthusproduksjon og til føretak med planteproduksjon i onneperiodar. Brukarar kan få tilskott når dei på grunn av sjukdom, fødsel eller andre særlege grunnar ikkje kan ta del i arbeidet på bruket.

Grunnlaget for tilskottet blir fastsett ut frå satsar per dyr, bifolk, dekar planteproduksjon på friland og kvadratmeter veksthusareal som blir nytta til planteproduksjon. Ut frå dette blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet per føretak. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal sats per dag per bruk.

I jordbruksoppgjeret blei maksimal dagsats ført vidare med 1 670 kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 133,0 mill. kroner.

Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga

Ordninga er ei kollektiv innbetaling over jordbruksavtalen til NAV for å finansiere differansen i sjukepengar for jordbrukarar frå 80 pst. av sjukepengegrunnlaget, som andre sjølvstendige næringsdrivande får, til 100 pst. ved sjukdom ut over 16 dagar. Tilskottet blir utbetalt av NAV til jord- og skogbrukarar som oppfyller dei generelle vilkåra for utbetaling av sjukepengar. Løyvinga blir fastsett ut frå utbetalingane frå NAV og midlane blir overførte sentralt til Folketrygda.

Det er prognosert ein reduksjon i forbruket over ordninga i 2022 med 11,3 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 32,6 mill. kroner.

Underpost 78.15 Tilskott til landbruksvikarordninga

Formålet med landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet har tilgang på arbeidshjelp når dei treng det ved akutt sjukdom eller i andre krisesituasjonar. Det er eit mål at ordninga skal nå eit omfang på 240 årsverk. Maksimal støtte per årsverk er 283 900 kroner. Det blei ikkje gjort endringar i jordbruksoppgjeret. Dette gir ei løyving på underposten på 68,2 mill. kroner.

Underpost 78.16 Tilskott til tidlegpensjonsordninga

Formålet med ordninga er å bidra til eit enklare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Dei som får tidlegpensjon, kan òg få avtalefesta pensjon og arbeidsavklaringspengar, uførepensjon og etterlatenpensjon frå NAV. I jordbruksoppgjeret blei det gjort nokre mindre tilpassingar i ordninga som ikkje gir utslag på løyvinga, mens redusert bruk av ordninga gir ei innsparing på 4,6 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 68,0 mill. kroner.

Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

85

Marknadsordninga for korn

1 406

50

50

Sum kap. 4150

1 406

50

50

Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

51

Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

66 950

42 400

55 500

72

Tilskott til organisasjonsarbeid

7 111

7 300

7 300

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast

83 724

95 800

97 700

79

Velferdsordningar, kan overførast

2 912

4 000

4 000

Sum kap. 1151

160 697

149 500

164 500

Formål med løyvinga

Kapittelet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen.

Reindriftsavtalen er ved sida av reindriftslova det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinene i reindriftspolitikken. I forhandlingane om reindriftsavtalen blir dei sentrale økonomiske verkemidla drøfta, mellom anna ut frå dei behova og utfordringane næringa til kvar tid står overfor.

Nærare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken finst under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak og i del III.

Tilpassing til økonomiregelverket i staten

På same måte som for tilskottsforvaltninga under kap. 1150 er det behov for tilpassingar til dei normale prosedyrane for ordningar under kap. 1151. Kostnadssenkande og direkte tilskott under post 75 og velferdsordningar under post 79 er baserte på fastsette kriterium. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar saman mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla i Totalrekneskapen for reindrifta frå Økonomisk utval for reindrifta før dei årlege forhandlingane om reindriftsavtalen. Rapporteringa er supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå Landbruksdirektoratet som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar.

Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av ordningane blir dekte innanfor løyvingane til Landbruksdirektoratet over kap. 1142. For å kunne ha naudsynt fleksibilitet vil det likevel vere aktuelt å dekkje kostnader til utviklings- og utgreiingsoppgåver og større evalueringar over kap. 1151.

På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom Innovasjon Norge. På desse områda har departementet klargjort ansvar og oppgåver for Innovasjon Norge. Vidare forvaltar styret for Reindriftens utviklingsfond ulike ordningar. Dette styret er partssamansett. Styret skal tildele tilskott, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat for styret.

Rapportering 2020

Reindriftslova skal gi grunnlag for ei god indre organisering og forvaltning av reindrifta. I tillegg skal reindriftsnæringa etter lova, gjennom internt sjølvstyre, sjølv spele ei aktiv rolle og ha ansvaret for at reindrifta er berekraftig. Eit sentralt verktøy i denne samanhengen er bruksreglane.

For reindriftsutøvarane som sjølvstendig næringsdrivande er det mange forhold, òg utanom reindriftsavtalen, som påverkar inntektene og den naudsynte tilpassinga det enkelte året. Årleg kalvetilgang, samla tap og slaktevekter varierer markant mellom reinbeiteområda i Noreg. Dette er skilnader som har gjort seg gjeldande over tid, og dei kjem mellom anna av variasjon i rovdyrbestanden og ulike føresetnader for drift mellom område. Utviklinga i årleg kalvetilgang, tap og slaktevekter er viktige indikatorar for å vurdere økologisk og økonomisk berekraft i reindriftsnæringa. Tilsvarande vil talet på personar i næringa verke inn på kor mange som kan ha reindrift som hovudverksemd.

Den viktigaste føresetnaden for å nå måla om økologisk, økonomisk og kulturell berekraft er at reintalet er i samsvar med beitegrunnlaget, at areala reindrifta kan nytte til auka produksjon og lønsemd blir tekne vare på, og at tapet av rein blir redusert. Tal frå Totalrekneskapen for reindriftsnæringa viser ein auke i resultatmåla frå 2018 til 2019. Samla sett blir vederlag for arbeid og eigenkapital auka frå 151,3 mill. kroner til 160,8 mill. kroner. Per årsverk blir vederlaget for arbeid og eigenkapital auka frå 169 443 kroner til 173 045 kroner, og per siidaandel frå 270 684 kroner til 287 070 kroner. Årsaka til at resultatmåla er høgare, er auka kjøttinntekter og statstilskott, men òg ein reduksjon i kostnadene. Tala viser store regionale skilnader mellom reinbeiteområda, men òg store variasjonar innanfor det enkelte område.

Budsjettframlegg 2022

Den 17. februar 2021 blei staten og Norske reindriftsamers landsforbund (NRL) samde om ein reindriftsavtale for 2021/2022. Reindriftsavtalen for 2021/2022 har ei ordinær ramme på 164,5 mill. kroner. Dette er ein auke på 15 mill. kroner samanlikna med Reindriftsavtalen 2020/2021. Reindriftsavtalen 2021/2022 fører vidare både prioriteringa av dei utøvarane som har reindrift som hovudverksemd og hovudlinene i tilskottssystemet. Det gir stabilitet for næringsutøvarane. Siidaandelar som ikkje følgjer opp vedtak om reduksjon av reintalet, har ikkje rett til tilskott over avtalen.

Reindriftsavtalen 2021/2022 er den åttande avtalen der regjeringa Solberg har blitt samd med Norske reindriftsamers landsforbund. Semje i avtaleforhandlingane er viktig for å støtte opp om avtaleinstituttet og den hovudavtalen som er inngått mellom Landbruks- og matdepartementet og Norske reindriftsamers landsforbund.

Reindriftsavtalen 2021/2022 blei handsama av Stortinget 16. juni 2021, jf. Prop. 189 S (2020–2021) Endringer i statsbudsjettet 2021 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2021/2022) og Innst. 628 S (2020–2021). Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2022 i samsvar med dette.

Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet

Formål med løyvinga

Reindriftens utviklingsfond (RUF) skal gjennom bruk av økonomiske verkemiddel bidra til å utvikle reindriftsnæringa i samsvar med dei reindriftspolitiske måla.

Rapportering 2020

I 2020 blei det utbetalt 80,6 mill. kroner frå Reindriftens utviklingsfond.

Vinteren og våren 2020 opplevde reindrifta ei svært omfattande beitekrise. Omfanget av krisa var langt større enn tidlegare beitekriser, både i varigheit og geografisk omfang. Til saman var det 420 siidaandelar og 165 000 rein som var råka av krisa.

I samband med forhandlingane om reindriftsavtalen 2020/2021 blei avtalepartane samde om å setje av 10 mill. kroner av eigenkapitalen til Reindriftens utviklingsfond til kriseberedskapsfondet, for å dekkje tilskott til innkjøp av fôr.

Våren 2020 fatta Stortinget vedtak om ekstraordinære løyvingar på 30 mill. kroner til kriseberedskapsfondet for reindrifta, for å sikre dyrevelferd og framtidig produksjon. Løyvinga blei nytta til å dekkje reineigarane sine kostnader til innkjøp av fôr, og til uttransport av fôr. Om lag 16 mill. kroner blei nytta til helikoptertransport i Troms og Finnmark fylke. Helikoptertransport var avgjerande for å få frakta ut fôr til beiteområde langt frå veg. Effektiv transport gjorde at konsekvensane for dyrevelferda blei reduserte.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 55,5 mill. kroner til Reindriftens utviklingsfond.

Avtalepartane er samde om at løyvinga blir fordelt med

  • 1,5 mill. kroner til konfliktforebyggjande tiltak

  • 8,2 mill. kroner til Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping

  • 3,5 mill. kroner til fagbrevordninga

  • 5,0 mill. kroner til ulike tiltak for marknadsføring

  • 5,5 mill. kroner til pramming av rein

  • 3,0 mill. kroner til lærings- og omsorgsbaserte tenester

  • 0,5 mill. kroner til oppfølging og kontroll av optisk lengdemåling av rein

  • 4,5 mill. kroner til kriseberedskapsfond

  • 0,25 mill. kroner til reineigarane si deltaking i beredskapsutval

  • 2,5 mill. kroner til frakttilskott

  • 0,3 mill. kroner til rapportering av slakta rein

  • 2,0 mill. kroner til HMS-teneste i reindrifta

  • 0,5 mill. kroner til vidareutvikling av reindrifta sitt arealbrukskart

  • 4,1 mill. kroner til tilskott til utgifter ved fôring og flytting som følgje av manglande konvensjon om reinbeite mellom Noreg og Sverige

  • 2,0 mill. kroner til tiltak for å leggje til rette for at norsk reindrift har tilgang til sine beiteområde i Sverige

  • 2,0 mill. kroner til eit pilotprosjekt for ei helseteneste for rein

  • 3,0 mill. kroner til eit pilotprosjekt for ei rådgjevingsteneste i arealsaker

I tillegg er det sett av 7,15 mill. kroner som styret for Reindriftens utviklingsfond disponerer i samsvar med forskrift om Reindriftens utviklingsfond.

Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid

Formål med løyvinga

Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor, krev aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskottet skal medverke til at Norske reindriftsamers landsforbund kan delta aktivt i prosessar som er viktige for reindrifta, og for ei utvikling av reindrifta i samsvar med dei til kvar tid vedtekne politiske mål og retningsliner i reindriftspolitikken.

Rapportering 2020

Det blei utbetalt 7,1 mill. kroner til Norske reindriftsamers landsforbund i 2020.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,3 mill. kroner til Norske reindriftsamers landsforbund i 2022.

Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast

Formål med løyvinga

Dei kostnadssenkande og direkte tilskotta skal bidra til å fremje berekraft, kvalitet og produktivitet i reindrifta, heve inntekta og verke utjamnande mellom einingar i næringa.

Kostnadssenkande og direkte tilskott er sett saman av fleire ulike tilskottsordningar, som er samla i forskrift om tilskott til siidaandelar og tamreinlag, og i forskrift om tilskott til reinbeitedistrikt og tamreinlag.

Rapportering 2020

Produksjonspremie

Formålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Grunnlaget for berekning er inntekt frå avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. For tamreinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Produksjonspremien skal utbetalast til eigaren av siidaandelen. I 2020 blei det utbetalt 35,1 mill. kroner i produksjonspremie.

Tilskott til etablering

Tilskott til etablering skal støtte opp om reindriftsutøvarar under 35 år som har fått overdrege eller fått oppretta eigen siidaandel. Det blei utbetalt 3,5 mill. kroner til tilskott til etablering i 2020.

Særskild driftstilskott til ungdom

Tilskottet skal støtte opp om leiarar av siidaandelar som er under 30 år, og som er i ei etableringsfase der dei byggjer opp eiga drift. I 2020 blei det utbetalt 2,2 mill. kroner i særskild driftstilskott til ungdom.

Kalveslaktetilskott

Formålet med kalveslaktetilskottet er å stimulere til at ein større del av kjøttproduksjonen er basert på kalv, noko som er ressursøkonomisk gunstig. Uttak av kalv dempar presset på vinterbeita og reduserer tapa i løpet av vinteren. Eit større uttak av kalv medverkar òg til auka produktivitet fordi tilveksten på kalv er større enn tilveksten på større dyr. I 2020 blei det utbetalt 25,3 mill. kroner i kalveslaktetilskott.

Ektefelletillegg

Formålet med ektefelletillegget er å støtte opp om den familiebaserte reindrifta. Det kan givast eit tillegg til siidaandelar der begge ektefellane eller sambuarane er aktive i reindrifta i ein siidaandel, og der begge står som leiar av siidaandelen. I 2020 blei det utbetalt 0,7 mill. kroner i ektefelletillegg.

Særskild driftstilskott til kvinner med eiga driftseining

Formålet med særskild driftstilskott til kvinner med eiga driftseining er å støtte opp om kvinner med eigen siidaandel som har reindrift som hovudnæring. Det er eit krav at 50 pst. av inntekta til siidaandelsleiaren stammer frå avgiftspliktig sal av kjøtt frå rein i eiget merke. Det blir gitt eit tilskott opp til 25 000 kroner. Det blei utbetalt 0,5 mill. kroner i 2020.

Tilskott til reinbeitedistrikt og tamreinlag

Formålet med distriktstilskottet er å bidra til at reinbeitedistrikta skal kunne ta større ansvar for ei berekraftig utvikling av næringa. Det inneber å få talet på rein i balanse med beitegrunnlaget, sikre areala til reindrifta, få betre lønsemd, leggje til rette for kriseberedskap, arbeide med helse, miljø og tryggleik og dessutan gi høve til ferie og avløysing ved sjukdom og svangerskap utover ordningane i folketrygda. I 2020 blei det utbetalt 16,4 mill. kroner i distriktstilskott.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving til kostnadssenkande og direkte tilskott på 97,7 mill. kroner for 2022. Avtalepartane er samde om at løyvinga blir fordelt med

  • 24,7 mill. kroner til tilskott til reinbeitedistrikt og tamreinlag

  • 41,8 mill. kroner til produksjonspremie

  • 23,3 mill. kroner til kalveslaktetilskott

  • 2,2 mill. kroner til særskild driftstilskott til ungdom

  • 3,5 mill. kroner til etableringstilskott

  • 1,2 mill. kroner til ektefelle- og sambuartilskott

  • 1,0 mill. kroner til særskild driftstilskott til kvinner med eigen siidaandel

Post 79 Velferdsordningar, kan overførast

Formål med løyvinga

Formålet med løyvinga er å sikre gode velferdsordningar for reindriftsnæringa. Posten omfattar innbetaling av medlemsavgift til folketrygda og sjukepengeordninga. Posten omfattar òg tidlegpensjon og ei ordning for tilskott til leigd hjelp ved svangerskap, fødsel og adopsjon.

Sjølvstendig næringsdrivande får sjukepengar som svarar til 80 pst. av inntektsgrunnlaget. Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen gjer det mogleg for reindriftsutøvarar å få sjukepengar som svarar til 100 pst. av inntektsgrunnlaget ved sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir òg dekte med 100 pst. av inntektsgrunnlaget.

Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførte sentralt til folketrygda.

Rapportering 2020

Det blei utbetalt 2,9 mill. kroner til velferdsordningar i 2020.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,0 mill. kroner i 2022.

Kap. 1161 Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

70

Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver

14 123

14 038

13 968

75

Tilskott til oppsyn i statsallmenningar

10 090

10 030

9 980

Sum kap. 1161

24 213

24 068

23 948

Post 70 Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver

Formål med løyvinga

Posten omfattar tilskott til dei kostnadene Statskog SF har med delegerte styresmaktoppgåver og sektorpolitiske oppgåver, slik dei går fram av ein avtale mellom Statskog SF og Landbruks- og matdepartementet.

Statskog SF skal sørgje for at dei rettane bruksrettshavarar og andre har på eigedommane, blir sikra i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningsliner. Føretaket skal arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for distrikta der eigedommane ligg og for staten som eigar. Innanfor skogbruket følgjer oppgåvene av lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift mv. i statsallmenningene (statsallmenningslova), og oppgåvene er særleg knytte til utvising av virke i statsallmenningar til bruksrettshavarar. I tillegg skal tilskottet dekkje driftskostnader der det blir selt virke til inntekt for allmenningsfonda.

Vidare utfører Statskog SF oppgåver der føretaket handlar som offentleg styresmakt, handsamar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og statsallmenningslova. Kostnadene Statskog SF har med forvaltninga av tilskottet til oppsyn, jf. post 75 Tilskott til oppsyn i statsallmenningar, blir òg dekte over denne posten.

I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene har Statskog SF ei rekkje oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningsliner frå departementet. Statskog SF skal vere til stades på eigedommane og ha oppsyn og kontakt med brukarane av areala. Statskog SF har eit eige feltapparat, Fjelltenesta, for naturoppsyn og forvaltning av statleg grunn i Nordland og Troms. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging bidra til å sikre naturverdiar og bevare biologisk mangfald. Fjelltenesta sel òg tenester til fleire oppdragsgivarar, mellom andre Statens naturoppsyn (SNO). Fjelltenesta har stor kunnskap om lokale forhold og tek òg del i redningsaksjonar etter oppmoding frå politiet. Statskog SF har inngått ein samarbeidsavtale med SNO om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO.

Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive eit aktivt friluftsliv på areala til føretaket. Som ledd i dette arbeidet held føretaket opne husvære i fjellet, merkar stiar og løyper og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebryggjer. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmaktene og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.

Rapportering 2020

På post 70 er det i 2020 rekneskapsført 14,1 mill. kroner, i samsvar med løyvinga det året. Bruken av midlane er fordelt mellom oppgåver på statsallmenningsgrunn, oppsyn og brukarkontakt utanom statsallmenningar og ulike tiltak som gjeld all statsgrunn.

Oppgåver på statsallmenningsgrunn

Rekneskapen for oppgåvene på statsallmenningsgrunn viser at det blei brukt om lag 2,3 mill. kroner på skogbruksverksemd i statsallmenningane. Det blei utvist 3 252 kubikkmeter tømmer og ved til bruksrettshavarane eller selt til inntekt for allmenningsfonda i statsallmenningar med virkesrett. Vidare blei det avverka 3 335 kubikkmeter i statsallmenningar med virkesrett utan fond, slik at den samla avverkinga i statsallmenningane med virkesrett i 2020 var på 6 587 kubikkmeter. Det blei utført skogkultur i statsallmenningane for om lag 131 000 kroner i 2020. Årsaka til lågare investeringar i skogkultur i 2019 og 2020 enn i åra før, er nedgang i hogsten. Det blei planta på om lag 200 dekar og utført ungskogpleie på om lag 90 dekar.

Oppsyn og brukarkontakt utanom statsallmenning

Statskog SF Fjelltenesta har, med midlar frå denne budsjettposten, oppgåver knytte til oppsyn, nærvær og brukarkontakt utanom statsallmenning. Oppsynet rettar seg mot førebyggjande verksemd, ordinært oppsyn, vedlikehald og skjøtsel av areala, og skal mellom anna avdekkje og førebyggje ulovleg aktivitet, bidra til sikker ferdsel i fjellet og informere om lovleg og fornuftig åtferd.

Rekneskapen viser at det blei brukt 5,3 mill. kroner til oppsyn utanom statsallmenning i 2020. Det blei levert 4766 timer til oppsyn og brukarkontakt i Nordland og Troms. Dette er ein auke på 250 timer frå 2019, då Fjelltenesta hadde ein mellombels reduksjon i kapasitet. Koronapandemien førte i 2020 til at ferdselen i fjell og utmark i periodar blei noko redusert. Samla sett trefte Fjelltenesta i 2020 færre brukarar av utmarka under feltarbeidet enn i 2019, mens det var ein auke i talet på personar som blei kontrollerte i samband med mellom anna motorferdsel i utmarka.

I 2020 var det tre tilfelle der Fjelltenesta på oppmoding frå politiet deltok i større eller mindre aksjonar der folk var sakna i fjellet.

Ulike friluftslivstiltak på all statsgrunn

Statskog SF skal leggje til rette for bruk av naturen. Det blei brukt om lag 5,3 mill. kroner på arbeidet med tilrettelegging for friluftsliv i 2020. Oppgåvene er nedfelte i ein eigen handlingsplan for friluftsliv for perioden 2016–2020. Arbeidet med ein ny plan for perioden 2021–2025 er starta opp. Midlane er brukte til tilsyn og vedlikehald av anlegg, informasjonsarbeid og samordna visning av informasjon om opne husvære på nettsidene godtur.no, statskog.no og UT.no. Statskog SF har òg i 2020 lagt stor vekt på brannsikring av dei opne husværa. Vidare er fleire bruer skifta ut. Ei ny utgåve av Statskog SFs populære handbok om opne husvære blei gitt ut våren 2020. Mot slutten av året underteikna Statskog SF ein samarbeidsavtale med Den Norske Turistforening (DNT) og Friluftsrådenes Landsforbund om å utvikle nettstaden UT.no som ein felles, nasjonal turplanleggjar.

Statskog SF Fjelltenesta har stadig ei viktig rolle innanfor tilrettelegging for friluftslivet i Nord-Noreg. Fjelltenesta utfører oppdrag for fleire instansar. Fleire turistforeiningar og turlag har drege nytte av Statskog SFs assistanse, når det ligg til rette for å kombinere driftsoppgåver med mellom anna å sjå innom hytter og bruer langs løypenettet.

Andre oppgåver

Etter at Riksantikvaren i 2017 vedtok å frede 20 lokalitetar med kulturhistoriske eigedommar i Statskog SFs eige, er det gjennomført synfaring og registrering av bygningar i regionane Troms, Helgeland, Midt-Noreg og Sør-Noreg. Arbeidet gir grunnlag for forvaltningsplanar der vedlikehaldsarbeid og særskilde rehabiliteringstiltak inngår. Ein eigen mal for praktisk orienterte forvaltningsplanar for freda anlegg er teken i bruk. Forvaltningsplanar for 10 av anlegga i landsverneplanen er no ferdige i ein første versjon. Malen blir òg brukt på dei andre anlegga i Statskog SFs landsverneplan, der Statskog SF sjølv skal ta vare på verneverdiane på liknande vis som dei som er formelt freda.

Det aller meste av Statskog SFs areal i Trøndelag og Nord-Noreg ligg innanfor det samiske reinbeiteområdet. Statskog SF legg vekt på god dialog og samarbeid med næringa. Statskog SF har i 2020 arbeidd vidare med kartlegging av reindrifta sine anlegg på statsgrunn. Status i kartleggingsarbeidet er at det er om lag 600 hytter og anlegg som høyrer til reindrifta på eigedommane. Arbeidet skal føre til avklaring av eigarforhold og heimel til anlegga.

Statskog SF deltek i Noreg digitalt for å sikre tilgang til kartdata som trengst for å kunne utføre oppgåvene sine.

Grunneigarfondet

Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av eit fond for grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Hovuddelen av inntektene er frå festekontraktar i statsallmenningane. Halvparten av inntektene frå hytter og hotell går til det aktuelle fjellstyret. I tillegg kjem inntekter frå fallrettar, eigedomsutvikling og andre grunndisponeringstiltak. Bruken av Grunneigarfondet er regulert i § 12 i fjellova. Inntektene skal nyttast til å dekkje utgifter til administrasjon av statsallmenningane og til støtte til ein fellesorganisasjon for fjellstyra (Noregs fjellstyresamband). Fondet skal òg nyttast til tiltak i statsallmenningane med sikte på verdiskaping og lønsame arbeidsplassar. Bruk av fondet til slike tiltak skal gjerast i samråd med Noregs fjellstyresamband.

Inntektene i Grunneigarfondet var i 2020 på 29,3 mill. kroner, mot nær 27,0 mill. kroner i 2019. Årsaka til auken er inntekter frå feste- og fallrettar og sal av grus og malm.

Kostnadene i 2020 var på 27,3 mill. kroner. Tilskottet til Noregs fjellstyresamband var på 4,0 mill. kroner i 2020, og det blei gitt nær 4,9 mill. kroner i tilskott til tiltak i statsallmenningane. Resultatet for 2020 blei etter dette eit underskott på om lag 6,5 mill. kroner. Behaldninga i Grunneigarfondet var 31. desember 2020 på nær 25,0 mill. kroner. Det tilsvarande talet i 2019 var 30,9 mill. kroner.

Økonomien i Grunneigarfondet er viktig for omfanget av og kvaliteten på Statskog SFs oppgåver i statsallmenningane og for moglegheita til å bruke midlar til tiltak i statsallmenningane. Fondet er på eit nivå som gjer det mogleg å nytte meir av midlane til tiltak enn tidlegare.

Allmenningsfond

Allmenningsfond i statsallmenningar med virkesrett blir forvalta av Statskog SF og det enkelte allmenningsstyret i fellesskap. Allmenningsfond er delt i tre delar: éin del som skal dekkje investeringar i skogen i allmenningen og dekkje virkesretten der han blir utøvd ved fellesdrift, éin del som er skogfond etter skogbrukslova, og éin del som er erstatningar for vern. Allmenningsfonda var 31. desember 2020 på 145,3 mill. kroner. Av det utgjer erstatning for vern av skog 132,7 mill. kroner.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,0 mill. kroner til myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn.

Oppgåver knytte til skogbruk i statsallmenningar omfattar planlegging og gjennomføring av arbeidet med utvising av virke til dei som har bruksrett, utarbeiding av skogbruksplanar, miljøregistreringar i skog, landskapsplanar og anna. Også i 2022 skal Statskog SF prioritere takseringar og miljøregistreringar av skogen i statsallmenningane.

Statskog SF Fjelltenesta skal halde fram med å føre tilsyn på statsgrunn i Nordland og Troms gjennom oppsyn, nærvær og brukarkontakt. Prioriterte oppgåver er førebyggjande arbeid gjennom informasjon og rettleiing om regelverket, og trygg og sikker ferdsel i fjellet. Fjelltenesta skal yte bistand og delta på redningsaksjonar på førespurnad frå politiet.

Statskog SF skal i 2022 halde fram med å leggje til rette for bruk av og tilgang til areala for allmenta. Innsatsen skal i hovudsak rettast mot kvalitetssikring og vedlikehald av eksisterande anlegg og tilbod som fremjar tryggleik for og vern av kulturminne, og informasjon om tilboda. Det er behov for vedlikehald av opne husvære for allmenta. Mange av desse husværa blei tidlegare nytta i næringsverksemd og er viktige kulturberarar som bør haldast i stand så langt det er mogleg. Statskog SF skal halde fram samarbeidet med andre aktørar for å rette merksemd mot friluftsliv og dei store moglegheitene allmenta har til å drive friluftsliv i statsallmenningane og på annan statsgrunn.

Arbeidet med kartlegging og statusgjennomgang av reindriftsanlegg på statsgrunn vil halde fram.

Statskog SF skal i 2022 halde fram arbeidet med forvaltningsplanar og tiltak i tråd med desse for verna bygningar i føretaket sitt eige.

Post 75 Tilskott til oppsyn i statsallmenningar

Formål med løyvinga

Posten dekkjer tilskott til refusjon av kostnader ved oppsynet fjellstyra fører i statsallmenningane. Etter § 36 i statsallmenningslova kan fjellstyra tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Oppsynsmenn mottek løn av fjellkassa. Når tilsetjinga av oppsynsmenn skjer i samsvar med oppsynsordninga som departementet har godkjent, og innanfor årlege budsjett, har fjellstyra krav på å få refundert halvparten av lønsutgiftene over denne posten. Ordninga skal leggje til rette for å sikre samfunnsinteresser, oppsyn og tilrettelegging der staten som grunneigar har eit særleg ansvar. Fjellstyret gir ein instruks for oppsynstenesta som blir godkjend av Statskog SF. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Statskog SF.

Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer over 26 mill. dekar, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for rekreasjon og lokal næringsutvikling. Fjelloppsynet har som formål å bidra til berekraftig bruk av statsallmenningane. Fjelloppsynet skal følgje opp føresegner gitt i eller i medhald av fjellova, og vere sakshandsamar for fjellstyra. Dette omfattar tilsyn med utøvinga av bruksrettane og jakt og fiske. Fjelloppsynet skal føre tilsyn med statsallmenningane på vegner av staten som grunneigar etter nærare prioriteringar gitt av Statskog SF. Fjelloppsynet skal òg føre kontroll med at lovene som er nemnde i naturoppsynslova § 2, blir følgde. Fjelloppsynet skal i slike tilfelle følgje instruks frå SNO. Fjelloppsynet sel tenester til SNO, og kostnader med desse tenestene blir dekte av SNO, ikkje frå løyvinga på denne posten. Oppsynsmenn kan bli gitt politifullmakt etter politilova § 20.

Rapportering 2020

I 2020 blei det løyvd 10,1 mill. kroner i tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane. Statskog SF har fordelt midlane på grunnlag av budsjett, rekneskap og rapportering frå fjellstyra, etter ein nøkkel som mellom anna kjem samarbeidsordningar og små fjellstyre til gode. 62 av 93 fjellstyre har fått tilskott i 2020. Fjelloppsynet hadde 65 årsverk i 2020. Av dei er 48 årsverk brukte på oppgåver som gir rett til tilskott.

Om lag 43 pst. av tilskottet er brukt på arbeid i felt knytt til oppsyn og skjøtsel, mens dei resterande midlane er brukte til sakshandsaming og anna innearbeid som gir rett til tilskott. Delen brukt til oppsyn er gått noko opp frå 2019. For 2020 er talet på kontrollar på om lag same nivå som i 2019, mellom 6 000 og 7 000. Det er rapportert om 85 ulovlege forhold. Dette er på om lag same nivå som i 2019 og framleis på eit lågare nivå enn det var tidleg på 2000-talet.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 10,0 mill. kroner. Løyvinga på posten gir grunnlag for eit synleg oppsyn i statsallmenningane og rom for vidare tilrettelegging for friluftslivet. Oppsyn i statsallmenningar skjer gjennom både fjelloppsynet og det offentlegrettslege oppsynet SNO fører. Den lokale forankringa og kunnskapen fjelloppsynet har, er eit viktig bidrag i det samla oppsynet. Det er naudsynt med eit godt samarbeid mellom fjelloppsynet og SNO.

Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

70

Forskingsavgift på landbruksprodukt

180 345

169 830

175 000

72

Jeger- og fellingsavgifter

74 500

82 780

85 000

Sum kap. 5576

254 845

252 610

260 000

Post 70 Forskingsavgift på landbruksprodukt

Formål med løyvinga

Midlane skal nyttast slik at dei bidreg til å nå dei landbrukspolitiske måla som knyter seg til produksjon av nærings- og nytingsmiddel. Løyvinga skal tildelast næringsrelevante forskingsprosjekt etter open utlysing og konkurranse. Formålet er å sikre økonomisk grunnlag for forsking på landbruksprodukt som blir nytta til å framstille nærings- og nytingsmiddel og fôrkorn til husdyr. Det er uvisse knytt til dei endelege inntektene frå forskingsavgifta på landbruksprodukt, og departementet gjer difor framlegg om ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 5576, post 70 og kap. 1137, post 54, jf. framlegg til vedtak II.

Post 72 Jeger- og fellingsavgifter

Formål med løyvinga

Jeger- og fellingsavgiftene som blir betalte inn til Viltfondet, blir inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.

Posten dekkjer utgifter under kap. 1140. I tillegg dekkjer posten nokre av utgiftene til forvaltning av ordninga under kap. 1420, post 01.

Budsjettframlegg 2022

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 85,0 mill. kroner i 2022. Forslaget er basert på venta inntekter frå avgiftene til Viltfondet i 2021 og 2022, og eit mindre kapitaluttak, jf. omtale av fondet nedanfor.

Mål

§ 40 i viltlova fastset at

«den som vil drive jakt og fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastset», og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».

Gjennom handsaminga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget retningslinene for bruken av midlane i Viltfondet. Av retningslinene går det mellom anna fram:

«Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegersørvis.»

Det er ein føresetnad for den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde ovanfor, at om lag halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta, og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein, skal nyttast i villreinforvaltninga.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige inntekter frå enkelte typar fallvilt, det vil seie vilt som døyr av andre årsaker enn ordinær jakt.

Kommunane krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein, er det etablert ei tilsvarande ordning der midlar frå innbetalte avgifter frå året før blir tilbakeførte til det enkelte villreinområdet.

Jeger- og fellingsavgiftene blei sist endra i 2021, og departementet gjer difor ikkje framlegg om å justere avgiftene i 2022. Satsane for dei ulike avgiftene går fram av tabell 6.13.

Oversikta i tabell 6.13 viser òg inntektene for kommunane i 2022, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. For kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.

Tabell 6.13 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter, 2022 (i kroner)

Type avgift

Storleiken på avgifta i 2022

Estimert tal på innbetalingar

Venta innbetalt totalbeløp

Inntektsført

Jegeravgift generelt

360

188 000

67 680 000

Viltfondet

Jegeravgiftstillegg hjortevilt

100

117 000

11 700 000

Viltfondet

Ekstraavgift ved manglande levering av jaktstatistikk1

220

12 500

2 750 000

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen rein

320

3 200

1 024 000

Viltfondet

Fellingsavgift reinkalv

190

1 200

228 000

Viltfondet

Sum statlege avgifter

83 382 000

Viltfondet

Fellingsavgift vaksen elg

580

20 000

11 600 000

Kommunane

Fellingsavgift elgkalv

340

10 000

3 400 000

Kommunane

Fellingsavgift vaksen hjort

450

33 000

14 850 000

Kommunane

Fellingsavgift hjortekalv

270

13 500

3 645 000

Kommunane

Sum kommunale avgifter

33 495 000

Kommunane

1 Innkrevjing skjer etterskottsvis i 2022 for dei som ikkje leverte jaktstatistikk for jaktåret 2020/2021.

For 2022 er det budsjettert med eit kapitaluttak for å redusere kapitalen til eit formålstenleg nivå. Kapitaluttaket og inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabell 6.14.

Tabell 6.14 Berekning av kapital i Viltfondet, 2022 (i 1 000 kroner)

Saldo 31.12.20

12 225

+

Budsjettert innbetalt i 20211

83 582

-

Budsjettert overføring til statsbudsjettet i 2021 (utbetalingar frå fondet)

90 742

=

Budsjettert saldo 31.12.21

5 065

+

Budsjettert innbetalt i 20222

83 582

-

Budsjettert overføring til statsbudsjettet i 2022 (utbetalingar frå fondet)

85 000

=

Budsjettert saldo 31.12.22

3 647

1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,2 mill. kroner.

2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,2 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvaltning

Miljødirektoratet forvaltar Viltfondet på vegne av Landbruks- og matdepartementet, og er ansvarleg for administrasjon og føring av rekneskapen for fondet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet det same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.

Inntektene over kap. 5576, post 72 finansierer utgifter til vilttiltak, viltforvaltning og drift av Jegerregisteret over kap. 1140, post 01, 21 og 71 og kap. 1420, post 01. Frå 2022 vil ikkje lengre inntektene bidra til grunnfinansieringa av miljøinstitutta over kap. 1410, post 50. Planlagd bruk av inntektene går fram av tabell 6.15.

Tabell 6.15 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Viltfondet i 2022 (i 1 000 kroner)

Formål

+

Drift av villreinnemndene, drift av jegerregisteret, offentleg jaktstatistikk og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltning (kap. 1140, post 01)

14 829

+

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

1 591

+

Prosjekt, FoU, overvakingsprogram, sentrale fallviltutgifter m.m. (kap. 1140, post 21)

27 183

+

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

2 852

+

Hjortevilttiltak, særskilde villreintiltak, lokale vilttiltak, viltovervaking (kap. 1140, post 71)

35 278

=

Sum under kap. 1140

81 733

+

Tilskottsforvaltning i Miljødirektoratet (kap. 1420, post 01)

3 267

=

Totalsum

85 000

Spesielt om hjortevilt og fallvilt

Det er kommunane som har primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt. Det er òg nasjonale oppgåver innanfor desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet gjennom eit tillegg til jegeravgifta for hjorteviltjegerar. På denne måten medverkar hjorteviltjegerane til finansieringa av naudsynte nasjonale oppgåver.

Det er behov for at Miljødirektoratet gjennomfører sentrale analysar av individ som blir funne som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartane. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er difor budsjetterte under kap. 1140, post 21 Spesielle driftsutgifter. For dei artane der fallviltet har ein salsverdi etter at naudsynte analysar av dyra er gjennomførte, omset Miljødirektoratet skinn og skrottar til inntekt for Viltfondet.

Programkategori 15.40 Forretningsdrift

Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

5652

Statskog SF – renter og utbytte

64 000

9 000

16 750

86,1

Sum kategori 15.40

64 000

9 000

16 750

86,1

Landbruks- og matdepartementet forvaltar staten sine eigarinteresser i statsføretaket Statskog SF, og i aksjeselskapa Graminor AS og Kimen Såvarelaboratoriet AS. Statens eigarskap i desse tre er grunngitt i sektorpolitiske mål, og selskapa er plassert i kategori 3, jf Meld. St. 8 (2019–2020) Statens direkte eierskap i selskaper– Bærekraftig verdiskaping. I tillegg er forvaltninga av eigarinteressene i Instrumenttjenesten AS delegert til Norsk institutt for bioøkonomi. Landbruks- og matdepartementet avvikla i 2020 selskapet Staur Gård AS.

Det er berre for Statskog SF det blir budsjettert med utbytte for 2022, jf. omtale under kap. 5652.

Graminor AS

Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet tek imot lisens- og foredlaravgift ved omsetnad av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og tilskott, jf. omtale under kap. 1150, post 77.

Staten eig 34 pst. av aksjane i selskapet. Av dette forvaltar departementet 28,2 pst., mens Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) forvaltar høvesvis 5 pst. og 0,8 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene i planteforedling og oppformeiring av plantemateriale i Noreg.

Graminor AS hadde i 2020 ein omsetnad på 72,4 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 1,6 mill. kroner. Det blei ikkje utbetalt utbytte for 2020.

Graminor AS har utarbeidd ein ny strategi for verksemda som blei vedteke i 2020 og er lagd til grunn for drifta av selskapet i 2021. I strategien er verksemda presentert som ei forretningsmessig verksemd basert på planteforedling, representasjon og prebasisproduksjon og planteforedling på vegner av staten. I strategien til verksemda er det lagd til grunn ein langsiktig utbytepolitikk basert på stabilitet og på at ein stor del av det årlege overskottet skal haldast tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet. Det blir difor ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2022.

Grunngjevinga for staten sitt eigarskap er å ha ein aktør som driv planteforedling tilpassa norsk og nordisk klima. Staten sitt mål som eigar er mest mogleg kostnadseffektiv utvikling, produksjon og sal av plantemateriale til jord- og hagebruksnæringa, tilpassa norske og nordiske vekstforhold.

Kimen Såvarelaboratoriet AS

Kimen Såvarelaboratoriet AS (Kimen) er Noregs kompetansesenter på frøkvalitet og frøanalysar og nasjonalt referanselaboratorium for såvareanalysar. Selskapet har bygd opp kompetansen sin gjennom over 130 år og blei i 2004 omdanna til aksjeselskap. Staten eig 51 pst. av aksjane, Felleskjøpet Agri SA eig 34 pst., og Strand Unikorn AS eig 15 pst. Grunngjevinga for staten sitt eigarskap er å ha ein norsk aktør innanfor frøkvalitet og frøanalysar. Staten sitt mål som eigar er mest mogleg ressurseffektiv såvareanalyse av frø og såkorn i Noreg.

Kimen hadde i 2020 ein omsetnad på 12,7 mill. kroner og eit resultat på 0,1 mill. kroner. Det blei ikkje utbetalt utbytte i 2020, og det blir ikkje budsjettert med ordinært utbytte for 2022.

Styret for Kimen har i 2020 utarbeidd ein ny strategi for selskapet med ein plan for berekraftig verdiskaping. Hovudstrategien er å vere eit nasjonalt kompetansesenter innan såvarekvalitet og såvareanalysar. Kimen skal levere kostnadseffektive produkt og tenester til såvarebransjen, forvaltninga og andre aktørar i marknaden. Ein solid eigenkapital og vedlikehald av kompetanse vil difor framleis vere naudsynt dei kommande åra.

Staur gård AS (avvikla 31.12.2020)

Selskapet Staur gård AS blei avvikla per 31. desember 2020 i tråd med fullmakt frå Stortinget, jf. Innst. 391 S (2018–2019). Staur gård AS har hatt ansvar for å drive eigedommen Staur gard i Stange, som var eigd av staten ved Landbruks- og matdepartementet. Eigedommen Staur gard blei overteke av ny eigar i september 2020.

Selskapet har i 2020 drifta og klargjort eigedommen i påvente av overlevering til ny eigar. Siste generalforsamling i selskapet blei halden 16. desember 2020, der avviklingsrekneskapen og sluttoppgjeret blei godkjende. Det blei òg fatta vedtak om sletting av selskapet i Føretaksregisteret.

Selskapet hadde i 2020 ein omsetnad på 2,9 mill. kroner og eit underskott på 5,4 mill. kroner. Underskottet kom hovudsakleg frå svært redusert drift i 2020 og reduserte inntekter på grunn av at selskapet i 2020 ikkje hadde gjestegardsdrift. I 2019 hadde selskapet til samanlikning ein omsetnad på 9,9 mill. kroner inkludert gjestegardsdrifta. Ved avvikling hadde selskapet ein eigenkapital på 0,3 mill. kroner som blei overført til Landbruks- og matdepartementet som aksjeeigar.

Instrumenttjenesten AS

Instrumenttjenesten AS blei etablert i 1991 for å levere datatenester til seks forskingsinstitusjonar, som òg var eigarar. Statens formål med eigarskapen er å leggje til rette for effektiv forsking og utvikling i sektoren. Staten eig heile selskapet. Verksemder under Landbruks- og matdepartementet forvaltar 60 pst. av aksjane, mens NMBU forvaltar 40 pst. Ved handsaminga av Prop. 1 S (2018–2019) gav Stortinget samtykkje til at Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Veterinærinstituttet (VI) sitt eigarskap i Instrumenttjenesten AS kunne avviklast, og at verksemdene kan nytte inntektene frå salet. Oppfølging av vedtaket held no på. Instrumenttjenesten AS hadde driftsinntekter i 2020 på 14,2 mill. kroner og eit driftsresultat etter skatt på 2,9 mill. kroner. Resultatet er vesentleg betre enn i 2019.

Med utgangspunkt i Innst. 8 S (2018–2019) har Stortinget vedteke at departementet kan avvikle NIBIO og Veterinærinstituttet sitt eigarskap i Instrumenttjenesten AS. Ein tek sikte på at avviklinga er ferdigstilt tidleg i 2022.

Kap. 5652 Statskog SF – renter og utbytte

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

85

Utbytte

64 000

9 000

16 750

Sum kap. 5652

64 000

9 000

16 750

Mål og strategiar

Statskog SF forvaltar om lag ein femdel av landarealet i Noreg. Statskog SF er den største skogeigaren i landet med om lag 7 pst. av det samla skogarealet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 27 000 kvadratkilometer) statsallmenning, der eigedommar med allmenningsrett har rett til å få vist ut tømmer og ved, beite og seter.

Statskog SF er ein desentralisert organisasjon. Hovudkontoret ligg i Namsos, men føretaket har 18 kontor rundt om i landet. Lokal kunnskap er viktig i forvaltninga av ressursane, og føretaket legg vekt på å vere til stades på areala. Statskog SF etablerer no kontor på Røros, og har utvida sitt feltapparat, Fjelltenesta, til også å dekkje område i Sør- og Midt-Noreg. Statskog SF er med sin kompetanse og si erfaring innanfor skog- og utmarksområdet ein sentral aktør i ei berekraftig forvaltning av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er òg viktig for å løyse oppgåver knytte til skog- og utmarksspørsmål. Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette, og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF òg drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.

Skogbruk er det viktigaste forretningsområdet til Statskog SF og utgjorde 41 pst. av bruttoinntektene i 2020. Statskog har som mål å utnytte skogproduksjonen som grunnlag for verdiskaping og høge skogverdiar, og føretaket har ambisjon om å vere den dyktigaste industrielle skogeigaren i landet. Skogbruket i Statskog SF rettar seg mellom anna etter Norsk PEFC Skogstandard for eit berekraftig skogbruk. I 2020 var den samla hogsten på 273 000 kubikkmeter. Dette er høgare enn i 2019. Statskog SF ventar at avverkinga framover vil liggje lågt i ein periode på grunn av mindre tilgjengeleg hogstmoden skog, før avverkinga igjen kan auke på lengre sikt.

Grunngjevinga for staten sitt eigarskap i føretaket er å sikre berekraftig forvaltning av statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, medrekna å leggje til rette for allmenta sitt behov for jakt-, fiske- og friluftstilbod med vidare. Staten sitt mål som eigar er berekraftig forvaltning av areala, gjennom effektiv drift og tilfredsstillande resultat over tid.

Departementet si styring, oppfølging og kontroll av Statskog SF

Departementet si styring og kontroll av Statskog SF følgjer reglane i lov om statsføretak og vedtektene til føretaket. Alle avgjerder frå eigaren som er bindande for styret i føretaket, skjer som vedtak i føretaksmøte. Det ordinære føretaksmøtet i Statskog SF er i juni, og utover dette blir det kalla inn til ekstraordinært føretaksmøte når det trengst.

Spørsmål om korleis føretaket handsamar myndigheita som er delegert gjennom fjellova og allmenningslova, ligg utanfor sjølve eigarstyringa og blir handtert gjennom eigne kontaktmøte og tildelingsbrev, jf. kap. 1161.

Departementet har kontakt med og får informasjon frå føretaket i aktuelle saker. For å styrkje eigarstyringa blei det i 2011 innført regelmessige kontaktmøte mellom departementet og Statskog SF om mellom anna Statskog SFs framlegging av kvartalsresultat. Økonomien i verksemda og viktige hendingar blir gjennomgåtte på kontaktmøta og på ordinært føretaksmøte.

Vidareføring og utviding av arronderingssalet frå Statskog SF

Arronderingssalet, som er ein del av oppfølginga av Statskog SFs skogkjøp i 2010, jf. Prop. 11 S (2010–2011), kom i gang i 2011 og omfatta frå starten spreidde skogeigedommar på om lag 600 000 dekar som Statskog SF eigde før 2010. I eit ekstraordinært føretaksmøte i januar 2016 blei det opna for at Statskog SF kan utvide arronderingssalet med opp til 150 000 dekar der dette gir arronderingsgevinst for føretaket. Føretaket har innarbeidd ei slik utviding i planane sine.

Arronderingssalet vil betre eigedomsstrukturen i føretaket, og samstundes bidra til å styrkje det private skogbruket.

Ved utgangen av 2020 var det selt 218 eigedommar som til saman utgjer om lag 543 603 dekar der kjøparen har fått konsesjon. Det er ikkje selt eigedommar sidan våren 2020. Eigedommane er fordelte på 81 kommunar i 17 fylke. 66 pst. av eigedommane er selde til lokale kjøparar, mens 19 pst. er selde til kommunar og til Miljødirektoratet. Dei resterande 15 pst. er i hovudsak selde til jord- og skogeigarar i nabokommunar.

Rapportering 2020

Resultatet etter skatt for Statskog SF var på 94,2 mill. kroner i 2020. Det er 10 mill. kroner høgare enn i 2018. Resultatet før skatt er lågare enn i 2019, noko som mellom anna kjem av lågare straum- og tømmerprisar. Føretaket viser òg til lågare eingongsinntekter frå skogvern og sal av eigedom enn i året før. Inntektsføring av tidlegare avsette skattekostnader førte likevel til at resultatet etter skatt var høgare enn i 2019.

Post 85 Utbytte

Utbetalt utbytte til staten frå Statskog SF i 2020 var på 70,7 mill. kroner.

Budsjettframlegg 2022

Utbyttet frå føretaket for 2021 blir sett til 75 pst. av årsresultatet etter skatt. Prognosen for årsresultatet etter skatt for 2021 er på 22,3 mill. kroner. Det blir budsjettert med eit ordinært utbytte for 2021 på 16,75 mill. kroner. Endeleg framlegg til ordinært utbytte vil bli fastsett og betalt ut når årsresultatet for 2021 ligg føre, og vil bli lagt fram i den ordinære budsjettprosessen. Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2022.

Til forsida av dokumentet