Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 3
Rapportering på dei landbruks- og matpolitiske måla og omtale av særlege tema

7 Dei landbruks- og matpolitiske måla

Figur 7.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

Figur 7.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

Det er fastsett ein målstruktur for Landbruks- og matdepartementet som vist i figur 7.1. I kapitla 8–14 er det gjort nærare greie for resultata knytt til kvart enkelt av dei landbruks- og matpolitiske måla.

8 Matsikkerheit og beredskap

Sikre forbrukarane trygg mat

All mat som blir omsett i Noreg, skal vere trygg. Trygg mat er viktig for Noreg som matnasjon. Produksjon av trygg mat skaper tillit, sikrar avsetnad av varer, legitimitet for eit levande landbruk og for næringsmiddelindustrien.

Infeksjon grunna næringsmiddel er framleis eit stort helseproblem internasjonalt. Noreg har generelt færre smittestoff i mat samanlikna med andre land. Ein stor del av dei melde tilfella av matborne infeksjonar kjem frå smitte i utlandet. Førekomsten av smittestoff i husdyr og mat som er produsert i Noreg, er låg samanlikna med dei fleste andre land, sjølv om enkelte smittestoff har eit reservoar blant norske husdyr.

For å halde ved lag den gode statusen, blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking slik at tiltak kan setjast inn i tide. Faktorar som verkar inn på førekomsten av matborne infeksjonar i Noreg, er mellom anna auka internasjonal handel med mat, nye matvanar og nye produksjonsrutinar.

Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, opplever vi kvart år fleire større og mindre utbrott av matborne infeksjonar. Talet på varsla utbrott har vore ganske stabilt dei siste åra.

Kvaliteten på drikkevatnet er generelt god. Svært få blir sjuke av drikkevatnet. Likevel er det mange stader eit gammalt og dårleg leidningsnett som kan gi forureina vatn.

Tilstanden er god for framandstoff og restar av legemiddel i mjølk, kjøtt og fisk og for restar av plantevernmiddel i vegetabilsk mat. Det er ei utfordring med kosttilskott som inneheld udeklarerte og ulovlege ingrediensar, eller som er tilsette legemiddel. Bruk av slike kosttilskott kan føre til alvorleg helseskade. Det er utfordringar knytte til produkt som blir omsette over internett og per postordre. Mattilsynet skal utvikle tilsynet og auke kompetansen for å følgje opp nye omsetnadsformer og auka netthandel.

Auka matvareberedskap

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon i produksjonar med marknadsmoglegheiter. Formålet med å auke matproduksjonen er å auke sjølvforsyningsgraden, styrkje beredskapen og dekkje etterspørselen i marknaden. Hovudoppgåva til jordbruket er matproduksjon, og verkemidla skal medverka til dette. I fleire produksjonar er det nær full marknadsdekning av norske varer, til dømes gjeld dette sau og lam, egg, fjørfe og mjølk. Frukt, bær, grønsaker og potet er produksjonar med stort marknadspotensial, og forbruket er stigande. Auka produksjon og forbruk av desse energirike matvekstane kan bidra til auka sjølvforsyningsgrad. I dei siste jordbruksoppgjera har inntektsmoglegheiter for produksjon av planteprodukt til mat vore eit prioritert område.

Sjølvforsyningsgraden beskriv kor stor del av matvareforbruket vårt som er produsert i Noreg, målt i energi. Denne kan per definisjon ikkje overstige 100 pst. Dette er eitt av fleire mål på kva marknadsdel den norske matsektoren har i den innanlandske matmarknaden.

Sjølvforsyningsgraden for varer produsert i jordbruket blir påverka av dei naturgitte produksjonsforholda, vêret, ulike krav til kvalitet, prisar, landbrukspolitiske verkemiddel og av internasjonale handelsavtalar. Dette kom ekstra godt fram etter tørken sommaren 2018, som gjorde at sjølvforsyningsgraden blei redusert både i 2018 og 2019.

Sjølvforsyningsgraden inkludert sjømat har variert rundt 50 pst. i fleire tiår. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har no innarbeidd anslag for grensehandelen, og revidert tidsserien tilbake til 2000. Innarbeiding av tidlegare uregistrert grensehandel gjer at berekna sjølvforsyningsgrad ligg noko lågare enn estimert tidlegare. Frå eit lågt nivå i 2018 og 2019 som følgje av tørken i 2018, har NIBIO estimert at sjølvforsyningsgraden auka med 4 prosentpoeng, til 47 pst. i 2020. Sjølvforsyningsgrad med grunnlag i norsk fôr auka med 6 prosentpoeng til 40 pst. Naturgitte forhold gjer at sjølvforsyningsgraden for husdyrprodukt, som har eit høgt proteininnhold, er gjennomgåande høg, mens den er klart lågare for planteprodukt. Tal frå NIBIO viser at sjølvforsyningsgraden for kjøtt var 95 pst. i 2019. For egg, mjølk og ost var sjølvforsyningsgraden høvesvis 98 pst., 100 pst. og 83 pst. Dette er matvarer vi produserer der det er naturgitte grunnlag for å produsere i Noreg. Sjølvforsyningsgraden for frukt og bær og for grønsaker var høvesvis 6 pst. og 46 pst. Den lågare sjølvforsyningsgraden for desse produkta kjem mellom anna av ein kortare vekstsesong, men viser òg at det er marknadsmoglegheiter for auka norsk produksjon. Sjølvforsyningsgraden for protein er om lag 70 pst.

Sjølvforsyningsgraden seier ikkje noko om kor innsatsvarene i produksjonen kjem frå. I 2020 var om lag 82 pst. av fôret til norske husdyr produsert i Noreg. Alt grovfôr er produsert innanlands, og delen norske råvarer i kraftfôret var i 2020 på 61 pst. Krav til energi- og proteininnhald i kraftfôret gjer at delen karbohydrat blir redusert. Delen av norske karbohydrat er òg avhengig av vidare fôrutvikling, bruk av andre råvarer i fôret og samansettinga av husdyrhaldet. Delen av norske karbohydrat blir påverka av kva proteinkjelde som blir nytta. Dei siste åra er bruken av soya redusert og erstatta med proteinråvarer som har eit høgare innhald av karbohydrat, som til dømes rapspellets. Det gir mindre rom for bruk av norsk fôrkorn. Delen av norskprodusert kveite i kraftfôret er aukande, og i rapport nr. 10/2021 frå Landbruksdirektoratet om bruk av norske fôrressurser, blir det konkludert med at auka tilgang til kveite er ein nøkkel for å auke norskandelen i kraftfôret. Norskprodusert del av karbohydrat i kraftfôret auka frå 61 pst. i 2014 til 80 pst. i 2016. Som følgje av tørkesommaren 2018 gjekk delen ned til 73 pst. i 2018 og 60 pst. i 2019. I 2020 var delen norske karbohydrat i kraftfôret tilbake på nivået før tørken, 79 pst. Den norskproduserte delen av feitt og protein i kraftfôret har gått mykje ned som følgje av forbodet mot bruk av animalsk protein (kjøttbeinmjøl og fiskemjøl) i dyrefôr.

Delen av norskprodusert feittråvare har auka med 11 prosentpoeng frå 2014 til 2020. I kraftfôret blir feitt frå råvarer som erter og oljefrø nytta. Norskproduserte varer held god kvalitet, men bruken er likevel avgrensa fordi eigenskapane til feittet i desse råvarene ikkje fullt ut kan erstatte importert vare.

God dyre- og plantehelse og god dyrevelferd

God plante- og dyrehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. Ein stor del av det globale potensialet for matproduksjon blir i dag ikkje utnytta på grunn av skadegjerarar i planteproduksjon og dyresjukdommar. Klimaendringar og auken i ferdsel over landegrensene er òg risikofaktorar for både plante- og dyrehelsa.

Plantehelsa er generelt god i Noreg samanlikna med mange andre europeiske land, sjølv om det kvart år er tilfelle av skadegjerarar i viktige kulturar.

Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er god. Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon hos norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt er difor uvanleg.

Antibiotikabruken i norsk husdyrhald er svært låg i internasjonal samanheng. Dyktige og ansvarsmedvitne bønder, ansvarsfulle veterinærar og eit godt samarbeid mellom næringa og styresmaktene er avgjerande faktorar for den gode situasjonen i Noreg.

Landbruks- og matdepartementet har utarbeidd ein eigen handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor eige sektoransvar. I denne planen er det mellom anna ei målsetjing at den antibiotikaresistente LA-MRSA bakterien ikkje skal få etablere seg i norsk svinehald. I 2020 blei det ikkje påvist MRSA i norske svinebuskapar, noko som viser at vi framleis klarer å halde MRSA hos svin under kontroll. Det er ein nedgang i forbruket av veterinære antibakterielle middel på 32 pst. til kjæledyr frå 2013 til 2020. Nedgangen er på om lag 21 pst. når ein reknar med bruk av humane antibakterielle middel. Salet av antibiotika til matproduserande landdyr er i perioden 2013–2020 redusert med 23 pst. målt i kg. aktivt stoff.

Generelt er helsa god òg hos viltlevande dyr, men i april 2016 blei sjukdommen chronic wasting disease (skrantesjuke) påvist hos villrein og elg. I 2020 blei klassisk skrantesjuke påvist i ein villrein frå Hardangervidda. Viktige oppgåver er å kartleggje utbreiinga og leggje til rette for å etablere ein ny reinsdyrflokk i Nordfjella, følgje opp vedteken handsaming av klassisk skrantesjuke på Hardangervidda og bidra til å utforme den langsiktige forvaltninga av skrantesjuke.

God dyrevelferd er eit mål i seg sjølv, i tillegg til at det er eit gode for samfunnet og eit konkurransefortrinn for norsk mat. Generelt er dyrevelferda i Noreg betre enn i mange andre land. Det er stor offentleg merksemd om dyrevelferd.

Regjeringa har styrkt arbeidet for god dyrevelferd. Ei viktig satsing i dette arbeidet har vore å etablere prøveprosjekt med ei eiga dyrekrimgruppe i politiet (dyrepoliti), som i 2021 er utvida til alle landets tolv politidistrikt, og i alle Mattilsynets regionar.

Sjølv om dyrevelferda generelt er god, er det framleis utfordringar i enkelte produksjonar og hos enkelte eigarar av både produksjonsdyr, sportsdyr og kjæledyr.

Satse på avl, forsking og utdanning for å auke bruken av dei biologiske ressursane

Systematisk avls- og foredlingsarbeid er viktig for ein berekraftig og klimatilpassa landbruks- og matproduksjon. Forsking og teknologiutvikling legg til rette for at vi har eit plante- og dyremateriale som er godt tilpassa norske forhold og eit endra klima. Landbruks- og matdepartementets løyvingar til forsking har over fleire år bidrege med finansiering av viktige forskingsprosjekt innan husdyravl, der avlsorganisasjonane Geno og Norsvin er sentrale aktørar.

Både Geno og Norsvin har gjennom mange tiår lagt stor vekt på fleire eigenskapar enn berre auka produksjon av mjølk og kjøtt i avlsmåla sine. Det er vektlegginga av eigenskapar som helse, fruktbarheit, haldbarheit, beinkvalitet, gemytt og morseigenskapar som har bidrege til at den norske grisen og mjølkekua av rasen Norsk Raudt Fe (NRF) i dag er særs ettertrakta i mange land. FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO), omtaler NRF som eit godt døme på moderne, god og berekraftig avl. Geno eksporterer NRF-sæd til over 30 land, og det er spesielt den gode dyrehelsa og fruktbarheita som har ført til auka interesse for NRF-kua i mange land. Dei seinare åra er det sett i gang prosjekt for å sjå på moglegheitene for å redusere metanutslepp frå norske kyr.

Norsvin har òg lukkast godt i sitt internasjonale arbeid. Norske svinegen finst allereie i mange land og interessa er stadig aukande. Norsvin har, gjennom å kombinere interessene til produsentar, foredlingsindustri og forbrukarar i avlsarbeidet, utvikla ein gris med unike eigenskapar.

Bioteknologi og forsking står sentralt i bioøkonomien. I regjeringa sin bioøkonomistrategi blir det lagt vekt på tiltak som fremjar auka verdiskaping og sysselsetjing, redusert klimagassutslepp, og meir effektiv og berekraftig utnytting av dei fornybare biologiske ressursane. Bioøkonomien omfattar heile verdikjeda og trekk fram verdien av sektorovergripande samarbeid. Landbruks- og matdepartementets løyvingar til forsking gir viktige bidrag til vidareutvikling av bioøkonomien.

Det er sett i gang fleire forskingsprosjekt med mål om berekraftig, klimavenleg og auka utnytting av dei biologiske ressursane. Døme på dette er prosjekt som studerer alternative fôrkjelder og auka fôrutnytting, karbonlagring i jord, auka jordbruksproduksjon nord for polarsirkelen, og urbane veksthus og nye dyrkingsmetodar.

Digitalisering og robotisering av landbruket spelar ei viktig rolle i Noregs framtidige matproduksjon og arealforvaltning. Ved Senter for presisjonsjordbruk ved NIBIO Apelsvoll blir det utvikla og testa teknologiske løysningar for jordbruket i dag og i framtida. Ved presisjonsjordbruk kan ein tilpasse til dømes gjødselmengda og sprøytemengda etter behova til kvar spesifikke stad. Gjennom sensorar, fotoapparat og andre måleinstrument montert på traktorar eller robotar kan ein kartleggje behovet for den enkelte garden, og sørgje for eit ressurseffektivt og berekraftig jordbruk. Landbruks- og matdepartementets løyvingar til PRESIS-prosjektet vil gi viktige bidrag til forskingsarbeidet som blir utført ved senteret.

For auka bruk av dei biologiske ressursane er rekruttering av fagpersonar viktig. Det har dei siste åra vore ein auke i talet på søkjarar til landbruksrelatert utdanning i vidaregåande skule. Innan høgare utdanning har det òg vore ein auke over dei siste åra i talet på studentar innan landbruksfag og andre grøne utdanningar. Kandidatar frå til dømes plantevitskap og skogfag legg grunnlaget for rekruttering til forskarutdanningar som er naudsynt for å bidra til å løyse store samfunnsutfordringar. Det er difor viktig å stimulere til auka samarbeid i landbruket og på tvers av sektorane.

9 Landbruk over heile landet

Leggje til rette for bruk av beite- og jordressursane

For å nå målet om landbruk i heile landet må det leggjast til rette for bruk av beite- og jordressursane. Dette krev ei geografisk differensiering av verkemidla i jordbruket. I perioden 2010–2020 var det ein reduksjon i det samla jordbruksarealet i drift på 2 pst., mens det i perioden 2014–2020 var ein marginal auke, jf. tabell 9.1.

Tabell 9.1 Jordbruksareal i drift, 1999–2020 (i 1000 dekar)

1999

2010

2014

2017

2018

2019

2020

Endring 2010–20

Endring 2014–20

Korn og oljevekster mm.

3 346

3 093

2 896

2 916

2 864

2 815

2 880

-7 %

-0,6 %

Åker og hage

3 996

3 536

3 326

3 318

3 276

3 227

3 276

-7 %

-1,5 %

Fulldyrka eng og beite

4 876

4 766

4 785

4 727

4 787

4 825

4 809

1 %

0,5 %

Sum fulldyrka jord

8 871

8 302

8 111

8 045

8 063

8 052

8 086

-3 %

-0,3 %

Anna eng og beite

1 513

1 758

1 757

1 806

1 800

1 791

1 795

2 %

2,2 %

Jordbruksareal i drift i alt

10 384

10 060

9 868

9 851

9 863

9 843

9 881

-2 %

0,1 %

Areal dekar/innbyggjar

2,34

2,07

1,93

1,90

1,86

1,83

1,83

-12 %

-5,2 %

Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket, Totalkalkylen.

Frå 2005 til 2013 blei eit nytt digitalt kartgrunnlag teke i bruk som kontrollgrunnlag ved søknad om produksjonstilskott. Innføringa gav ein reduksjon i arealet på om lag 3,3 pst. Årsakene er både meir nøyaktige målingar og at endringar som har skjedd over tid først blir fanga opp når nytt kartgrunnlag blir teke i bruk.

På landsbasis har delen fulldyrka areal hatt ein reduksjon på om lag 3 pst. i perioden 2010 til 2020, mens delen eng og beite har auka med 2,2 pst. i same periode. Kornarealet har gått ned med 6,9 pst. frå 2010 til 2020, men størstedelen av reduksjonen var tidleg i perioden. Frå 2014 til 2020 har reduksjonen i kornarealet vore 0,6 pst.

Systemet for registrering av dyr som gav grunnlag for beitetilskott/utmarksbeitetilskott blei lagt om i 2017/2018. Omlegginga gjer at tala for dyr på beite frå og med 2018 ikkje er direkte samanliknbare med tala frå tidlegare år. 62 pst. av alle mjølkekyr og anna storfe i mjølkekubuskap gjekk på beite (innmark og/eller utmark) i minst 12/16 veker i 2019, ifølgje Landbruksdirektoratets rapport nr. 10/2021. I ammekubuskap gjekk 93 pst. av ammekyr og anna storfe på beite minst 12/16 veker. For voksen sau på beite har delen vore stabilt høgt. I 2019 beita 98 pst. av voksen sau på innmark og 85 pst. på utmark. For sau er delen dyr på utmarksbeite høgare i større buskap enn i mindre buskap, mens for storfe er det motsett.

Moglegheiter for busetjing og sysselsetjing

Sysselsette i landbruket stod for 3,3 pst. av den samla sysselsetjinga i Noreg i 2020. Av desse var om lag 1,4 pst. sysselsette i jordbruk og reindrift, 0,2 pst. i skogbruk og 1,1 pst. i matindustrien.

Tabell 9.2 Førebelse tal for sysselsette etter arbeidsstad, fordelt på næringar, 20201

Samla tal sysselsette

Sysselsette i jordbruk og reindrift

Sysselsette i skogbruk

Sysselsette i matindustri

Sysselsette i skogbruksbasert industri

Sysselsette i landbruket

Landbruksbasert sysselsetjing som del av total sysselsetjing

Landbruket si sysselsetjing av total sysselsetjing

tal

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

pst.

Viken

533 776

5 516

14,8

1 535

24,5

5 412

17,8

3 078

19,7

15 541

17,3

2,9

Oslo

485 785

225

0,6

165

2,6

4 138

13,6

183

1,2

4 711

5,2

1,0

Innlandet

169 875

6 733

18,0

1 602

25,6

3 301

10,8

3 271

20,9

14 907

16,6

8,8

Vestfold og Telemark

183 032

2 516

6,7

699

11,2

2 785

9,1

993

6,4

6 993

7,8

3,8

Agder

138 517

1 563

4,2

661

10,6

1 311

4,3

1 921

12,3

5 456

6,1

3,9

Rogaland

247 256

4 933

13,2

45

0,7

3 547

11,6

1 223

7,8

9 748

10,9

3,9

Vestland

313 856

3 910

10,5

264

4,2

2 740

9,0

1 184

7,6

8 098

9,0

2,6

Møre og Romsdal

127 399

1 844

4,9

135

2,2

1 319

4,3

503

3,2

3 801

4,2

3,0

Trøndelag

234 858

5 766

15,4

625

10,0

3 752

12,3

2 311

14,8

12 454

13,9

5,3

Nordland

116 007

2 054

5,5

178

2,8

355

1,2

588

3,8

3 175

3,5

2,7

Troms og Finnmark

122 878

1 687

4,5

84

1,3

1 123

3,7

154

1,0

3 048

3,4

2,5

Svalbard

1 189

0

0,0

0

0,0

0

0,0

0

0,0

0

0,0

0,0

Ikkje fordelt på fylke

7 112

647

1,7

264

4,2

673

2,2

225

1,4

1 809

2,0

25,4

Sum landet

2 681 540

37 394

100

6 257

100

30 456

100

15 634

100

89 741

100,0

3,3

1 Statistikken er primært basert på 3 siffer næringskode, etter fylkesinndeling. Som følgje av konfidensialitet, er det enkelte tal som SSB ikkje publiserer på detaljert nivå. Tala som står under ikkje fordelt på fylke er avviket som oppstår mellom fylkesvise og nasjonale tal. Prosenttal er rekna ut frå «sum landet».

Kjelde: SSB (registerbasert sysselsetjing)

I alt var om lag 89 000 personar sysselsette i landbrukssektoren. Av desse var i underkant av 37 500 personar sysselsette i jordbruk og reindrift, 6 300 i skogbruk, 30 500 i matindustrien og 15 700 i skogbruksbasert industri.

Ressursane knytte til landbrukseigedommane spelar ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing i store delar av landet. Tal frå SSB viser at det var registrert 5 367 580 innbyggjarar i Noreg første kvartal 2020. Av dei var 359 198 fast busette på ein landbrukseigedom. I 2019 var det registrert 144 010 landbrukseigedommar med bustadhus i Noreg.

I 2019 budde 7 pst. av folkemengda på ein landbrukseigedom. I område med spreidd busetnad og i småsenterregionar bur ein større del av folkemengda på landbrukseigedommar. Her er det høvesvis om lag 23 pst. og 18 pst. av folkemengda som bur på slike eigedommar, mens tilsvarande tal for storbyregionar er om lag 3 pst.

Eit mangfaldig landbruk med variert bruksstruktur og geografisk produksjonsdeling

Den geografiske fordelinga av produksjon i landbruket er viktig for å nå målet om landbruk over heile landet. Figur 9.1 viser endringa i produsert mengde for nokre produksjonar fordelt på fylke, for perioden 2010 til 2020. Produksjonen av kumjølk blir styrt av kvoter og den geografiske fordelinga av produksjonen har difor vore relativt stabil over fleire år. Som følgje av Stortingets vedtak om å fjerne eksportsubsidiane frå 1. juli 2020, har kvoter som blei selde til staten i perioden frå 2017 til 2021 ikkje blitt selde ut igjen til produsentane. Dette har i noka grad endra den regionale balansen. Den ekstraordinære oppkjøpsordninga som blei vedteken hausten 2019, og gjennomført i 2020, fekk først verknad frå 2021. Effektane av denne ordninga er difor ikkje med i figuren.

Storfekjøttproduksjonen har auka i Viken, Innlandet, Vestfold og Telemark, Agder og Trøndelag, mens den har gått noko ned i dei andre fylka. For sau har produksjonen hatt ein auke i Viken, Innlandet og Trøndelag, mens den har gått ned i Vestland og Nordland. Dei andre fylka har berre mindre produksjonsendringar for sau.

Produksjonen av fjørfekjøtt har hatt ein sterk auke dei siste ti åra, trass reduksjonen i 2015 og 2016. I dag blir det i hovudsak produsert fjørfekjøtt i Viken, Innlandet, Trøndelag og Rogaland. Produksjonsauken frå 2010 til 2020 har i stor grad skjedd i Rogaland. Produksjonen av egg går i hovudsak føre seg i dei same fylka som fjørfekjøttproduksjonen. I Trøndelag har produksjonen av egg hatt ein stor auke dei siste åra, mens den har vore relativt stabil i dei andre fylka. Svinekjøttproduksjonen er størst i fylka Viken, Innlandet, Vestfold og Telemark, Rogaland og Trøndelag. Det har ikkje vore store endringar i produksjonen eller den geografiske produksjonsfordelinga frå 2010 til 2020.

Kornproduksjonen blei hardt ramma av tørken sommaren 2018. Arealet nytta til korn, erter og oljevekstar blei redusert i 2019, truleg fordi mange produsentar nytta kornareal til å produsere gras for å byggje opp fôrlager. I 2020 var kornarealet noko høgare enn det var i 2018.

Figur 9.1 Endring i produsert mengde fordelt på produksjonar og fylke, 2010 til 2020 (i prosent)

Figur 9.1 Endring i produsert mengde fordelt på produksjonar og fylke, 2010 til 2020 (i prosent)

For å nå målet om eit mangfaldig landbruk med ein variert bruksstruktur må produksjonsgrunnlaget (areal og struktur) vere innretta på ein tenleg måte.

Statistikk frå SSB viser at det var om lag 180 900 registrerte landbrukseigedommar i 2019. Dette er landbrukseigedommar som har minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktiv skog. Ei gruppering av landbrukseigedommane etter storleiken på eigd jordbruksareal viser at mange eigedommar har lite jordbruksareal. Hovudtyngda (70 pst.) av eigedommane hadde mellom 5 og 100 dekar eigd jordbruksareal både i 2018 og 2019. Om lag 18 pst. hadde mellom 100 og 500 dekar eigd jordbruksareal. Under 1 pst. hadde eigd jordbruksareal på 500 dekar eller meir. Utviklinga frå 2018 til 2019 i talet på landbrukseigedommar som har mellom 100 og 500 dekar eigd jordbruksareal er stabilt. Utviklinga viser òg ein liten auke i talet på eigedommar med 500 dekar og meir eigd jordbruksareal i perioden.

Av dei 180 900 registrerte landbrukseigedommane i 2019 har i overkant av 160 500 eigedommar (89 pst.) minst 5 dekar eigd jordbruksareal. Av dei har om lag 52 pst. jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige. Om lag 22 pst. av eigedommane blir drivne utan leigd jordbruksareal, jf. figur 9.2, som viser landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal i 2019. Tala for 2019 viser ein nedgang for eigedommar med areal som blir drive av eigaren sjølv, og ein auke i areal som blir drive av andre ved bortleige. For eigedommane med minst 5 dekar eigd jordbruksareal var den gjennomsnittlege arealstorleiken på jordbruksarealet om lag 68 dekar.

Tal frå SSB viser at over halvparten av jordbruksverksemdene (57 pst.) hadde mellom 100 og 499 dekar jordbruksareal i drift i 2019. Dette er ein svak nedgang frå 2018, då prosentdelen for desse jordbruksverksemdene var på 58 pst. I 2019 hadde i underkant av 4 800 jordbruksverksemder 500 dekar og meir jordbruksareal i drift, mot om lag 4 700 året før. Tala viser framleis ein auke i jordbruksverksemder med 500 dekar og meir jordbruksareal i drift – frå 2,5 pst. i 2000 til 12,2 pst. i 2019.

Det er i dag eit stort omfang av leigejord og 60 pst. av jordbruksverksemdene driv landbruksproduksjon med både leigd og eigd jordbruksareal. Om lag 30 pst. av jordbruksverksemdene driv produksjonen berre på eigd jordbruksareal. 7 pst. driv landbruksproduksjon berre med leigd jordbruksareal, jf. figur 9.3, som viser jordbruksverksemdene fordelte etter jordbruksareal i drift. Tala viser ein nedgang i jordbruksverksemder som driv landbruksproduksjon berre med eigd jordbruksareal. Tala viser òg ein svak auke i talet på jordbruksverksemder som driv produksjon med både eigd og leigd jordbruksareal.

Eigd jordbruksareal i drift på jordbrukseigedommane var på litt under 5,3 mill. dekar. Det leigde jordbruksarealet var på vel 4,5 mill. dekar. Samanlikna med tala frå 2018 viser dette ein nedgang på 35 000 dekar i eigd jordbruksareal i drift, og samstundes ein auke på 14 800 dekar i jordbruksarealet som blir leigd av jordbruksverksemdene.

Figur 9.2 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, 2019 (i prosent)

Figur 9.2 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, 2019 (i prosent)

Tal frå KOSTRA (kommune–stat-rapportering) i 2020 viser at om lag 22 pst. av dei som fekk samtykke til å dele ein landbrukseigedom, skulle selje jorda som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom. Dette inneber at areal frå 588 eigedommar skulle overførast som tilleggsjord til ein eller fleire landbrukseigedommar i 2020. I perioden 2010–2017 var den tilsvarande fordelinga på om lag 15 pst, mens den i 2018 og 2019 var høvesvis 19 pst. og 21 pst.

Fordelinga av landbrukseigedommane på by- og arbeidsmarknadsregionar og sentralitet i 2019, viser om lag same prosentfordeling av eigedomsmassen for eigedommane med minst 5 dekar jordbruksareal mellom regionane, som for åra 2015–2018. Om lag 66 pst. av landbrukseigedommane ligg i ulike former for byregionar. Størstedelen ligg i småbyregionar (28 pst.), mens det er færrast i område med spreidd busetnad (11 pst.).

Tala for 2019 viser òg, til liks med tala for 2015–2018, at småbyregionar hadde flest landbrukseigedommar med jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige (14 pst.) og flest eigedommar der eigaren sjølv òg er brukar av areala (6 pst.). Av regionane var det òg småbyregionane som hadde flest landbrukseigedommar utan registrert jordbruksaktivitet i 2019.

Figur 9.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift, 2019 (i prosent)

Figur 9.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift, 2019 (i prosent)

Leggje til rette for rekruttering i heile landet

Stabil rekruttering av kompetente næringsutøvarar er viktig for å nå måla i landbrukspolitikken. Jordbruksavtalen inneheld sentrale rammevilkår og gir grunnlag for auka lønsemd i landbruket. Avtalen er difor det viktigaste verktøyet for å leggje til rette for rekruttering i heile landet. Særleg er ordninga med investerings- og bedriftsutviklingsmidlar målretta for å fremje rekruttering til næringa, både fordi yngre investerer i større grad enn eldre, og fordi mange eldre som investerer, gjer det for å leggje til rette for neste generasjon. Næringsutøvarar under 35 år er prioriterte i delar av regelverket. I 2020 gjekk 32 pst. av tilskottsmidlane til personlege mottakarar under 35 år. Det er ein markant auke frå 2010/2011, då 19 pst. av tilskottsmidlane gjekk til personlege mottakarar under 35 år.

Norsk landbruk er ei kunnskapsintensiv og kompetansekrevjande næring. Det er viktig å leggje til rette for eit godt utdanningssystem i landbruket. Nær alle fylka i landet tilbyr landbruksutdanning i vidaregåande opplæring under utdanningsprogrammet Naturbruk, og fleire fylke har fagskuletilbod i ulike landbruksfag. På universitets- og høgskulenivå er det tilbod om landbruksutdanning på tre ulike stader i landet – ved Nord universitet, Høgskolen i Innlandet og Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Det har dei siste åra vore ei positiv utvikling i talet på elevar som vel landbruksutdanning i vidaregåande skule, men interessa for gartnarutdanninga har vore låg. Samstundes er det stor interesse for gartneropplæringa for vaksne knytt til den nasjonale modellen for vaksenagronomen. Ordninga er etablert ved 20 av landets naturbruksskular fordelt på ni av landets fylkeskommunar. Ved sidan av agronomutdanninga er det tre av fylkeskommunane som òg tilbyr gartnaropplæring. Det er stor interesse for begge tilboda.

I høgare utdanning har interessa for agronomutdanning vore aukande, mens dei andre landbruksrelaterte faga har varierande oppslutning, med søkjartal som svingar frå år til år. Interessa for grøne fag i høgare utdanning har samla sett halde seg stabil frå 2020 til 2021.

Regjeringa er oppteken av rekruttering til heile verdikjeda for mat. Mat- og måltidsbransjen har eit aukande behov for fagarbeidarar, samstundes har rekrutteringa til matfaglege utdanningar falt jamleg dei siste 20 åra. Difor sette regjeringa i 2020 ned eit rådgivande utval som fekk i oppgåve å identifisere moglege tiltak for å auke rekrutteringa til mat- og måltidsbransjen. I februar 2021 leverte utvalet rapporten Uten fagarbeidere – ingen matnasjon med 24 anbefalingar. Regjeringa har mellom anna løyva 2 mill. kroner i 2021 til ein rekrutteringskampanje for mat- og måltidsbransjen som ei oppfølging av rapporten.

Ei økologisk, økonomisk og kulturell berekraftig reindrift

Regjeringa vil sikre økonomisk berekraft i reindrifta gjennom auka slakteuttak, tilrettelegging for tilleggsnæringar og betre lønsemd for dei som har reindrift som hovudverksemd. Tilgangen på slaktedyr er avhengig av kalvetilgangen, tap av dyr og kor mange dyr reineigaren set til livdyr. Totalrekneskapen for reindriftsnæringa med rekneskap 2018 og budsjett 2019 viser ein auke i resultatmåla frå 2018 til 2019, jf. omtale av dette under kapittel 1151.

Det blei slakta 46 320 rein i kalenderåret 2020. Dette var ein reduksjon på om lag 40 pst. samanlikna med 2019. Reduksjonen hadde bakgrunn i beitekrisa i reindrifta vinteren og våren 2020, sjå omtale under kapittel 1151. Innrapporterte slaktedata for 2020 viser ei gjennomsnittleg slaktevekt på 19,2 kilo mot 19,0 kilo i 2019 for kalv og 22,5 kilo mot 21,9 kilo i 2019 for alle slaktedyr. Av alle slaktedyr var 78 pst. kalv (80 pst. i 2019).

Det er stor variasjon i gjennomsnittsvekt mellom reinbeitedistrikta. Nokre distrikt har gjennomsnittsvekt på under 16 kilo per kalv. I den andre enden av skalaen er det fleire distrikt som har gjennomsnittsvekt på oppunder 24 kilo per kalv.

Produktiviteten per livrein varierer mykje mellom reinbeiteområda og mellom distrikta i det enkelte området. Totalproduktiviten (slakt per livdyr korrigert for reintall) er 7,6 kilo for hele landet i driftsåret 2019/2020, men varierer mellom 4,6 kilo i Nordland og 17,9 kilo i reinlaga i Sør-Noreg.

Det er mange årsaker til tap av rein. Dei viktigaste er rovvilt, sjukdom, ernæringssvikt, reintjuveri eller trafikkulykker. Reinlaga har dei klart lågaste oppgitte kalvetapa, etterfølgt av Sør-Trøndelag/Hedmark og Polmak/Varanger. Generelt god kondisjon hos reinen og lågare dyretettleik på beiteareala har vore viktige faktorar for å forklare dei lågare tapa heilt aust i Finnmark samanlikna med Karasjok og Vest-Finnmark. På grunn av høge tap til rovvilt har Troms og Nordland over tid hatt dei største oppgitte tapa av kalvar og vaksne dyr prosentvis. Samla tap i driftsåret 2019/2020 var 71 022 rein mot 72 393 for perioden 2018/2019. Av dette var om lag 81 pst. tap av kalv.

10 Auka verdiskaping

Utnytte marknadsbaserte produksjonsmoglegheiter

Naturgitte forhold gjer at den norske sjølvforsyningsgraden for husdyrprodukt er gjennomgåande høg, mens den er lågare for planteprodukt, jf. nærare omtale under kap. 1150 i del II og kapittel 8 i del III. Samla sett er det framleis marknadsmoglegheiter for auka planteproduksjon, særleg i grøntsektoren. Forbruket av frukt, bær og grønsaker har auka i fleire år, og det er eit mål i Nasjonal handlingsplan for betre kosthald at befolkninga sitt inntak av frukt, bær og grønsaker skal auke ytterlegare. I dag er ein stor del av forbruket dekt av import. Auka produksjon og forbruk av desse energirike matvekstane kan bidra til auka sjølvforsyningsgrad. For kjøtt er det no om lag balanse mellom tilbod og etterspørsel. I åra før koronapandemien var marknaden for gris, sau/lam og egg prega av overproduksjon, mens det har vore underdekning av storfe. Koronapandemien har ført til større forbruk av norsk kjøtt i 2020 og 2021 enn det som tidlegare var prognosert, mellom anna grunna ein sterk reduksjon i grensehandelen. Det er grunn til å anta at når grensene opnar vil etterspørselen gå noko ned, og framtidig norsk produksjon kan difor ikkje basere seg på ein stor auke i innanlandsk produksjon. Den største delen av import av jordbruksvarer til Noreg kjem frå EU, og utgjorde om lag 62 pst. av samla importverdi i 2020. Importen av landbruksvarer til Noreg aukar i verdi, men har dei siste åra hatt eit relativt stabilt volum. Importen er stort sett varer som ikkje blir produserte i Noreg, eller varer som blir importerte utanom norsk sesong. Samla blei det i 2020 importert landbruksvarer, inkludert fiskefôr, for 82,6 mrd. kroner. Det er ein auke på 16,5 pst. frå 2019. I all hovudsak svekte den norske krona seg i 2020 og delar av veksten i importverdien kjem difor av dyrare import målt i norske kroner. I volum gjekk importen av landbruksvarer opp med 1,9 pst.

Importen av råvarer til fiskefôr utgjorde 21 pst. av importverdien av jordbruksvarer i 2020, mens importen av frukt og grønsaker utgjorde 14 pst. av importverdien. Slike varer blir i hovudsak importert utan toll. Importen av brød og bakverk utgjorde 7 pst. av importverdien. Dette er varegruppa med mest import som ikkje er tollfri, i hovudsak tilarbeidde produkt, såkalla RÅK-varer. Samla gjekk importen av korn målt i tonn ned med 30 pst. frå 2019 til 2020.

Marknaden for lokal mat og drikke har hatt ei positiv utvikling over dei siste to tiåra. Til saman blir det omsett slike produkt for meir enn 11 mrd. kroner kvart år. Tala for sal berre gjennom daglegvarehandelen viser nær ei tredobling i omsetnad frå 2,3 mrd. kroner i 2010 til nær 6 mrd. kroner i 2020. Undersøkingar frå Stiftinga Norsk Mat viser òg at viljen til betale ekstra for lokalmat har vore aukande gjennom fleire år og no gjeld om lag 70 pst. av forbrukarane. Lokalmatnæringa er kjenneteikna av innovative og kvalitetsmedvitne produsentar. Fleire norske produsentar har dei siste åra gjort det skarpt i internasjonale tevlingar som oste- og sider-VM. Eit anna godt døme på kvaliteten på norsk lokalmat, er at talet på produkt merka med Spesialitet no er på over 500.

Økologisk mat representerer eit mangfald som forbrukarane etterspør. Det er ikkje utarbeidd statistikk for omsetnad av økologiske varer i daglegvarekjedene for 2019 og 2020. Arbeidet med å få på plass slik statistikk er i gang, men det har teke lengre tid enn førespegla. Statistikken vil komme på plass så raskt som mogleg. Koronapandemien påverka omsetnaden av økologisk mat og drikke gjennom dei ulike salskanalane ulikt. Omsetnaden av økologisk mat gjennom serveringsmarknaden og Bondens marknad gjekk ned, mens omsetnaden gjennom spesialbutikkar, Vinmonopolet og REKO-ringar auka.

Ei konkurransedyktig og kostnadseffektiv verdikjede for mat

Heile verdikjeda i norsk jordbruk må i større grad tilpasse seg sterkare konkurranse i framtida. Det betyr at jordbruket skal vere ei effektiv næring som leverer det forbrukarane etterspør, og som tek inn over seg ein stadig meir krevjande internasjonal marknad. Det krev eit framtidsretta jordbruk som er mindre politisk styrt og meir forbrukar- og marknadsretta. Det er òg ein føresetnad for auka norsk matproduksjon og for at det framleis kan vere eit mangfaldig jordbruk over heile landet.

Norsk jordbruk har mange konkurransefortrinn og eit godt utgangspunkt for produksjon av konkurransedyktige kvalitetsprodukt. Regjeringa har som mål å auke og effektivisere norsk matproduksjon, og har lagt til rette for at næringa kan utvikle seg og få styrkt konkurransekraft. Enklare verkemiddelstruktur, færre offentlege inngrep i næringsdrifta, auka konkurranse og meir marknadsretting av produksjonen har stått sentralt i denne omstillinga.

Jordbruket stod i 2020 for 41 300 årsverk, ifølgje Budsjettnemnda for jordbruket. Det er ei gjensidig binding mellom norsk næringsmiddelindustri og norsk landbruk, og det er viktig å sikre verdiskaping og lønsemd i heile verdikjeda. Store delar av næringsmiddelindustrien foredlar norskproduserte råvarer, samstundes som han i aukande grad er eksponert for internasjonal konkurranse. Det er viktig å halde oppe norsk matproduksjon og sikre tilgangen på norske råvarer til næringsmiddelindustrien over heile landet, for å sikre at norske forbrukarar får den maten dei ønskjer. Importen av næringsmiddel aukar, men det gjer òg den samla omsetnaden av matvarer i Noreg.

Det siste tiåret har det samla produksjonsvolumet i jordbruket auka med 5,8 pst. Produksjonen av husdyrprodukt har auka med 5,9 pst. Sterk reduksjon i grensehandelen i 2020 og delar av 2021 har òg påverka etterspørselen etter husdyrprodukt. Auken er truleg kortvarig, då det er grunn til å tru at etterspørselen vil gå noko ned når grensehandelen kjem i gang igjen. For å unngå ein situasjon med overproduksjon når etterspørselen blir normalisert, er delar av auken teken gjennom ein auka import. Fjørfeproduksjonen kan aukast ved å ha kortare tid mellom innsetta, og mjølkeproduksjonen kan aukast mellombels ved å tilpasse fôret dyra får. Auken har skjedd i alle produksjonar med unntak av svin, som har hatt ein marginal reduksjon på 0,3 pst. det siste tiåret. Produksjonen av kumjølk har vore stabil, mens storfe har hatt ei produksjonsauke på i overkant av 11 pst. og sau på i underkant av 8 pst. Fjørfeproduksjonen har auka med over 27 pst. og produksjonen av egg har hatt ein auke på over 15 pst. Marknadssituasjonen i husdyrproduksjonen har ført til at omsetnadsavgifta på fleire varer er redusert, noko som styrkjer produsentøkonomien.

Produksjonen av planteprodukt har auka med 6 pst. frå 2012 til 2021. Tørken sommaren 2018 førte til at produksjonen av korn og nokre grønsakskulturar blei svært dårleg, men i 2019 og 2020 har produksjonen igjen auka. Dei siste ti åra har produksjonen av korn auka med 6,6 pst. og poteter med 8,8 pst. Grønsaker har hatt ein auke på i overkant av 25 pst. og frukt i overkant av 21 pst. Produksjonen av bær har gått ned med i underkant av 21 pst. frå 2012 til 2021. Reduksjonen i produksjonen kjem mellom anna av problem med å få tak i utanlandsk arbeidskraft som følgje av stengde grenser under koronapandemien, og volumreduksjonen blir i stor grad kompensert gjennom høgare prisar på bæra. Marknadsforholda i grøntsektoren har dei siste ti åra vore utfordrande både som følgje av nasjonale forhold, organisering i omsetnadskanalane, stengde grenser som følgje av koronapandemien og importkonkurranse. Målprisane blei i 2020 nådde for dei aller fleste av produkta i grøntsektoren. Samla sett er det framleis marknadsmoglegheiter for auka planteproduksjon, særleg for grøntsektoren.

Lønsemd er den viktigaste drivaren for avgjerdene den enkelte produsent tek. Det inneber at dei økonomiske verkemidla mellom anna verkar inn på den geografiske produksjonsfordelinga. Det samla jordbruksarealet har vore uendra eller hatt ein liten auke i Viken, Agder, Rogaland og Trøndelag. Reduksjonen i jordbruksareal i drift dei siste ti åra har først og fremst skjedd i Vestland, Møre og Romsdal og i Troms og Finnmark. I Vestland og Møre og Romsdal har både det samla arealet og arealet med eng og beite gått noko ned frå 2010 til 2020. Figur 10.1 viser endringa i grovfôr- og kornareal i perioden 2005–2020 for dei sonene der arealet i størst grad kan vekslast mellom korn og grovfôr. I perioden 2005–2013 auka grovfôrarealet i sone 1 og 3, mens kornarealet i dei same sonene gjekk noko ned. For sone 4 var det ein mindre reduksjon for begge arealtyper, mens det i sone 5 var ein større reduksjon. I perioden 2013–2020 har endringane i areal vore noko mindre, men grovfôrarealet har auka noko i sone 3, 4 og 5.

Figur 10.1 Endring i areal grovfôr og korn, 2005–2013 og 2014–2020 (i dekar)

Figur 10.1 Endring i areal grovfôr og korn, 2005–2013 og 2014–2020 (i dekar)

Kjelde: Landbruksdirektoratet

For mjølkeproduksjonen er produksjonsfordelinga relativt stabil med produksjon over heile landet, som følgje av at ei kvote ikkje kan flyttast ut av produksjonsregionen. I 2019 blei partane i jordbruksoppgjeret samde om ei ekstraordinær oppkjøpsordning for mjølkekvoter. Oppkjøpa blei gjennomførte i 2020 og kvotene gjekk ut av marknaden frå 1. januar 2021. I avtalen mellom partane heiter det at den delen av ei kvote som kunne kjøpast ut av kvar produksjonsregion skulle bereknast ut frå produksjonsregionen sin del av grunnkvota, for å sikre stabilitet i den regionale fordelinga av mjølkeproduksjonen. Oppkjøpsordninga endra likevel den regionale produksjonsfordelinga noko frå 2021, fordi nokre regionar ikkje selde den mengda kvote dei kunne, mens ordninga i andre regionar blei fullteikna.

Regjeringa vil leggje til rette for at landbruket skal ha føreseielege rammevilkår som kan bidra til at samla lønsemd i næringa kan auke òg i kommande år. Det er avgjerande at utøvarane i landbruket skal ha moglegheit for ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper. Innanfor desse rammevilkåra har utøvarane i landbruket, som sjølvstendige næringsdrivande, ansvar for eiga inntekt. Ei berekraftig kostnadsutvikling, god marknadstilpassing og produktivitetsutvikling vil vere ein føresetnad for inntektsutviklinga. Målet er at inntekter for bonden i størst mogleg grad blir henta i marknaden. Regjeringa vil styrkje bruk som har ressursgrunnlag til å vere heiltidsbruk, og arbeide for at næringsutøvarar i alle produksjonar og på alle typar bruk skal ha reell moglegheit for inntektsutvikling på line med andre i samfunnet. På knapt halvparten av bruka blir det utført meir enn eitt årsverk, og desse bruka står for meir enn 80 pst. av den samla produksjonen.

Inntektsutviklinga i jordbruket har i periodar vært prega av overproduksjon i fleire sektorar, noko som har gitt inntektstap for produsentane. Det følgjer av jordbruksavtalen at tap grunna overproduksjon er jordbruket sitt eige ansvar. Reduksjonen i reising, sterkt redusert grensehandel og ein stor del av befolkninga på heimekontor førte til ein auke i etterspørselen av norske landbruksvarer i 2020. Berekningar frå Budsjettnemnda for jordbruket i 2021 viser at inntektene auka med 4,8 pst. frå 2019 til 2020, mens kostnadene gjekk ned med 0,3 pst. Vederlag til arbeid og eigenkapital auka frå 13,8 mrd. kroner i 2019 til 16,1 mrd. kroner i 2020.

Ei effektiv og lønsam utnytting av garden sine samla ressursar

Det er heilt sentralt for landbruks- og matpolitikken at dei ulike verkemidla bidreg til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål tydeleggjer ambisjonane regjeringa har for landbruksbasert næringsutvikling utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Regjeringa har sett av midlar til dette over jordbruksavtalen, mellom anna til Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping forvalta av Innovasjon Norge (IN), og gjennomført fleire forenklingar i regelverket for å stimulere til ei positiv utvikling. Innsatsen har medverka til auka profesjonalisering og vekst særleg innan lokalmatområdet, men òg innanfor område som reiseliv og Inn på tunet. Omsetnad av lokalmat gjennom daglegvarehandelen har auka frå 2,3 mrd. kroner i 2010 til 5,9 mrd. kroner i 2020 – ein auke på 156 pst. Totalomsetnad av lokalmat og drikke medrekna storhushandlingsmarknaden, er berekna til 11,8 mrd. kroner for 2020.

Dei fleste bedriftsretta verkemidla over Landbrukets utviklingsfond (LUF) er forvalta av Innovasjon Norge (IN), der måla om fleire gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø står sentralt. Dei offentlege verkemidla verkar saman med fleire andre faktorar, og det er difor svært krevjande å måle samanhengen mellom tildeling av midlar og utvikling i lønsemd, produktivitet og omsetnad. Dei fleste landbrukskundane hos IN er enkeltpersonføretak eller personkundar, og rekneskapstala deira er ikkje tilgjengelege på same måten som for aksjeselskap. Mangelen på rekneskapsdata gjer at det ikkje er mogleg å måle verknaden av midlane til tradisjonelt landbruk med same metode som for midlar til andre tenester til næringslivet hos IN. For tenester innan INs landbruksoppdrag som ikkje er tradisjonelt landbruk, har SSB gjort berekningar av verknaden.

I INs rapport til oppdragsgivarane for 2020 viser effektindikatorar for finansiering gitt til aksjeselskap under landbruksoppdraget at bedrifter som har fått tilsegn frå INs tenester, har høgare årleg gjennomsnittleg meirvekst i salsinntekter (8,5 prosentpoeng), verdiskaping (7,7 prosentpoeng) og produktivitet (3,1 prosentpoeng) enn dei som ikkje har fått tilsegn frå IN. Gjennomsnittleg årleg meirvekst for prosjekt finansiert av Landbruks- og matdepartementet er på line med eller noko høgare enn andre distriktsretta oppdrag i IN. Addisjonaliteten, det vil seie i kva grad bedriftene oppfattar at INs bidrag har vore avgjerande for gjennomføringa av prosjektet, er vedvarande høg for landbruksoppdraget. I 2020 var denne på 94 pst.

Tilgang til investeringsverkemiddel bidreg til fornying av produksjonsapparatet i landbruket og til framtidig vekst og utvikling i landbruksbaserte næringar. Midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlar) er Landbruks- og matdepartementet sitt viktigaste verkemiddel for å fremje investeringstiltak i landbruket. Det er stor etterspørsel etter investeringsverkemiddel. I mange fylke var tilskottsramma i praksis brukt opp første halvdel av 2020. I overkant av 85 pst. av midlane går til fornying av produksjonsanlegg for tradisjonelt landbruk, og er knytte til delmålet om vekst i bedrifter. Ein vesentleg del av midlane som går til landbruksbaserte næringar utanom tradisjonelt jord- og skogbruk, er knytte til delmålet om fleire gründerar. Rapporten frå IN om bruk av IBU-midlar for 2020 legg til grunn ein vekst i sysselsetjinga på 288 årsverk samla for dei prosjekta det er løyvd støtte til i tiltaksgruppene etablerartilskott, bedriftsutvikling og investeringar i andre landbruksbaserte næringar.

Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping har tiltak retta mot vekstkraftige bedrifter, forpliktande produsentsamanslutningar og omdømmetiltak. Målet med programmet er å få til auka vekst og verdiskaping innan lokalmat, reiseliv, reindriftsnæringa, Inn på tunet, innlandsfiske og anna ny næringsverksemd basert på ressursane i landbruket og reindrifta. 2020 blei eit rekordår for programmet, med i overkant av 120 mill. kroner innvilga til nye prosjekt. Auken kjem i hovudsak av at det blei opna for bedriftsutviklings- og investeringsprosjekt som følgje av koronapandemien, i tillegg til stor etterspørsel etter det nye verkemiddelet Vekst 2. 2020 var eit krevjande år for mange av Utviklingsprogrammet sine brukarar, og særskild for produsentar av lokalmat og -drikke som leverer til hotell-, restaurant- og catering-marknaden. I samband med koronapandemien har det blitt stilt til disposisjon særskilde omstillingsmidlar for å sikre drifta i mange av bedriftene som har retta verksemda si inn mot servering og reiseliv. Det har blitt innvilga til saman 37 mill. kroner på koronarelaterte tiltak fordelt på finansieringstenester og kompetansehevande- og omdømmebyggjande tiltak. Kundeeffektundersøkingane til IN viser at Utviklingsprogrammet har hatt ein høg addisjonalitet over fleire år, det vil seie at støtta over programmet blir opplevd som utløysande for realisering av prosjekta. Undersøkingane viser vidare at ordningane medverkar positivt til kompetanseheving og samarbeid, og at prosjekta i stor grad har bidrege til innovasjon innan varer, tenester og marknad.

Førebelse tal frå Landbruksteljinga 2020 viser at det er 21 780 jordbruksbedrifter som driv ei eller anna form for tilleggsnæring. Leigekøyring, i eller utanfor landbruket og utleige av jakt- og fiskerettar utgjer dei største næringskategoriane. Tala viser òg at det er 1 420 jordbruksbedrifter som er registrerte under næringskategorien turisme. Ein annan indikator på reiselivsverksemder av eit visst omfang og profesjonalitet, kan vere talet på medlemmer hos HANEN, som er ein landsdekkjande næringsorganisasjon for verksemder innan bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Noreg. Ved utgangen av 2020 hadde HANEN 530 medlemmer, etter ein jamn vekst dei siste åra. Stiftinga Norsk Mat rapporterer at talet godkjende Inn på tunet-bedrifter ved utgangen av 2020 var 367 mot 404 året før.

Driftsgranskingane til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er ei viktig kjelde til kunnskap om utvikling og lønsemd innanfor dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Bruka som inngår i driftsgranskingane er valde ut på grunn av jordbruksproduksjonen på bruket. Ein tek ikkje omsyn til om bruket har tilleggsnæring eller kva tilleggsnæring som blir driven. Resultata for tilleggsnæringane i driftsgranskingane kan difor variere noko meir enn det ein ser for resultata for jordbruket.

Av dei 930 enkeltbruka som var med i driftsgranskingane i 2019, hadde 82 pst. (748 bruk) omsetnad knytt til anna landbruksbasert næring. Det er på same nivå som i 2018. Prosentdelen bruk med andre landbruksbaserte næringar av vesentleg omfang har dei seinare åra vore størst på Austlandet og minst i Nord-Noreg. Omsetnaden seier noko om kor høgt aktivitetsnivået i bedriftene er, men ikkje nødvendigvis noko om forteneste og inntekt. 67 pst. av bruka hadde ein omsetnad på meir enn 20 000 kroner frå andre landbruksbaserte næringar. Gjennomsnittleg omsetnad på desse bruka var 319 800 kroner, ein auke på 14 pst. frå 2018. Gjennomsnittleg omsetnad auka i alle regionane med unntak av Agder og Rogaland.

Figur 10.2 Gjennomsnittleg driftsoverskott frå ulike former for andre landbruksbaserte næringar, for bruk med omsetnad over 20 000 kroner i andre landbruksbaserte næringar, 2017–2019 (kroner per bruk)

Figur 10.2 Gjennomsnittleg driftsoverskott frå ulike former for andre landbruksbaserte næringar, for bruk med omsetnad over 20 000 kroner i andre landbruksbaserte næringar, 2017–2019 (kroner per bruk)

Driftsoverskottet frå andre landbruksbaserte næringar utgjorde i gjennomsnitt 125 800 kroner per bruk i 2019. Det er ein auke på 28 100 frå 2018. Driftsoverskottet varierer mykje mellom dei ulike næringane, jf. figur 10.2. Gruppa Anna tenesteyting (omfattar mellom anna Inn på tunet, klauvskjering og saueklipping) har hatt størst driftsoverskott per bruk av gruppene. For gruppa Vareproduksjon som omfattar mellom anna omsetnad av ved og vidareforedling av kjøtt, mjølk og frukt er driftsoverskottet relativt lågt, men aukande. Gruppa Utmarksnæring inkluderer til dømes utleige av jakt og fiske, sal av grus, sand og stein, utvikling og sal av tomter og småkraftverk. I 2019 blei driftsoverskottet for denne driftsforma i gjennomsnitt 90 700 kroner. Den store auken frå året før kjem i hovudsak av stort overskott frå sal av tomter. Kategoriane «turisme» og «annan biologisk produksjon», som til dømes hunde- eller hesteoppdrett, har hatt varierande resultat. Dei siste åra har det vore så få bruk med turisme og annan biologisk produksjon i driftsgranskingane at det ikkje blir presentert resultat for desse driftsformene. Driftsgranskingane viser at overskottet frå tilleggsnæring utgjorde i gjennomsnitt 10 prosent av samla nettoinntekt på alle (930) driftsgranskingsbruk i 2019. Bidraget varierer med ulike regionar og ulike tilleggsnæringar. Stor variasjon i bidraget frå tilleggsnæring mellom år i ein region kjem elles i stor grad av utskifting av bruk i driftsgranskingane. NIBIO viser til at ei av årsakene til at tilleggsnæringane ikkje betyr meir, kan vere at utvalet av bruk som er med i driftsgranskingane har relativt stor jordbruksaktivitet. På desse bruka kan det vere lita tid til, og mindre behov for, å byggje opp andre næringar. God tilgang på inntektsgivande arbeid utanfor landbruket kan vere ei anna forklaring. Dei store årlege endringane i bidrag frå tilleggsnæringar i Agder og Rogaland er i hovudsak knytte til pelsdyrhaldet som òg blir rekna som ei tilleggsnæring i NIBIOs materiale.

Vidareutvikle Noreg som matnasjon

Regjeringa la i 2021 fram strategien for Matnasjonen Norge. Strategien skal vere ei sams ramme for næringsutvikling og verdiskaping med utgangspunkt i sunn og trygg norsk mat frå land og sjø. Det er eit mål at strategien skal medverke til vekst i matnæringa òg i framtida, og til at lokalt og regionalt engasjement får ei sams nasjonal forankring. Innspela frå ei samla matnæring, inkludert råvareprodusentar frå blå og grøn sektor, reindriftsnæringa, lokalmataktørar, industri, kokkar og reiseliv, er lagde til grunn ved utvikling av strategien.

Visjonen for strategien femnar breitt: «I 2030 er mat ei kjelde til matglede, stoltheit, god helse og fellesskap i heile befolkninga, og eit synleg element i turistlandet Noreg. Noreg er internasjonalt kjend for ein spanande matkultur, sin store sjømateksport og mat- og drikkeopplevingar i verdsklasse.» Strategien er lagt opp omkring fire innsatsområde som til saman skal bidra til å oppnå visjonen for Matnasjonen Noreg:

  1. Produksjon av, og tilbod om, berekraftig, trygg og sunn mat av høg kvalitet.

  2. Skape grunnlag for vekst og verdiskaping i heile landet.

  3. Innovasjon og mangfald.

  4. Kompetanse, rekruttering og omdømmebygging.

Eit rådgjevande utval for rekruttering til mat- og måltidsbransjen la fram ein rapport i 2021. Rapporten viser at det er store utfordringar med rekrutteringa til denne bransjen og at dette på mange måtar er avgjerande for å byggje Noreg som ein matnasjon. Regjeringa vil sjå oppfølginga av utvalet sine anbefalingar i samanheng med oppfølginga av strategien for Matnasjonen Noreg. Matgledekorpsa som er etablerte i fleire delar av landet, er òg eit viktig tiltak i bygginga av Noreg som ein matnasjon. Dette arbeidet har vore i gang over fleire år og viser gode resultat. Arbeidet har bidrege til å auke matglede blant bebuarar på institusjonar og auka kompetanse blant dei som lagar maten på desse institusjonane. Dette, saman med arbeidet for å byggje sterke mat- og reiselivsregionar, vil stå sentralt i oppfølginga av strategien i 2022.

Den nye «Nasjonal reiselivsstrategi 2030» har fleire innspel til regjeringa om mat og reiseliv som vil bli vurdert følgde opp.

Stiftinga Norsk Mat har ei sentral rolle i utviklinga av Noreg som matnasjon. Stiftinga administrerer og utviklar Kvalitetssystem i landbruket (KSL), merkeordningane Nyt Noreg, Beskytta nemningar og Spesialitet og har ansvar for faktabasert informasjon om økologisk mat. Utviklinga i merkeordningane kan gi nyttig informasjon om korleis Matnasjonen Noreg utviklar seg. Auka verdiskaping i landbruket gjennom mangfaldige, synlege og tilgjengelege norske produkt og matspesialitetar er vektlagt i strategien for Matnasjonen Noreg og strategien for landbruks- og reindriftsbasert reiseliv.

KSL ligg til grunn for alle merkeordningane Stiftinga Norsk Mat forvaltar. Norsk Mat har i 2020 sluttført eit større utviklingsarbeid med KSL som har blitt teke godt imot av bøndene. I 2020 blei det berre gjennomført 5202 mot 6000 planlagde revisjonar av verksemder på grunn av pandemien.

Ved utgangen av 2020 var 4300 produkt frå til saman 105 ulike bedrifter godkjende for Nyt Noreg-merket. Det har vore pilotar for nye kategoriar, som skal evaluerast. Kjennskapen til Nyt Norge-merket hos forbrukarane er høg, og forbrukarane har ei positiv haldning til merket. Det er 31 produkt godkjende i Beskytta nemningar, men ingen nye godkjende i 2020. Vidare er 563 produkt godkjende som Spesialitet.

Bransjeportalen Lokalmat.no har blitt ein viktig kanal for både kjøparar og produsentar av lokalmat. Lokalmat.no koplar saman tilbydarar av lokalmat og innkjøparar i daglegvare- og restaurantmarknaden. Ved utgangen av 2020 var det 586 bedrifter med til saman 2 429 produkt registrert i databasen og 349 innkjøparar.

Leggje til rette for bonden sine inntektsmoglegheiter og evne til å investere i garden

Inntektsutviklinga i jordbruket

Inntektsutviklinga i jordbruket, målt ved hjelp av normalisert rekneskap, for heile perioden til regjeringa Solberg, har vore om lag 38 pst. Lønsmottakarar har i same periode hatt ein auke på 20,5 pst. Det er mange eksterne element som kan påverke utviklinga i bonden si inntekt, mellom anna marknaden og vêret. Som følgje av dette vil inntekta variere noko mellom åra, og det er difor viktig å sjå inntektene i jordbruket over noko tid.

Utvikling i produktivitet

Det er fleire måtar å måle produktivitet på. Budsjettnemnda for jordbruket nyttar arbeidsproduktivitet, kapitalproduktivitet og eit mål der både arbeids- og kapitalproduktivitet er slått saman. Tala er henta frå normalisert rekneskap dei siste ti åra, frå 2010 til 2020, og er baserte på bruttoproduktet i jordbruket (produksjonsverdi minus vareinnsats).

Jordbruket har hatt høg vekst i arbeidsproduktiviteten i mange år. Dei siste åra har produktivitetsveksten gått noko ned. Jordbrukssektoren har dei siste 10 åra hatt ein auke i brutto arbeidsproduktivitet på i gjennomsnitt 1,4 pst. årleg. Dette er om lag på nivå med resten av økonomien. I same periode har kapitalproduktiviteten auka med 0,4 pst. kvart år. Produktivitetsmålet som tek omsyn til utviklinga i både arbeids- og kapitalproduktivitet har i perioden hatt ein årleg auke på 1,0 pst.

Investeringar i jordbruket

Førebelse rekneskapstal frå totalkalkylen for jordbruket 2021 viser at det samla investeringsnivået i driftsbygningar innan jord- og hagebruk var på nærare 4,9 mrd. kroner. Tabell 10.1 gir ei oversikt over gjennomsnittleg bruttoinvestering per bruk innanfor driftsgranskingane i jordbruket for 2019 fordelt på regionar. Driftsgranskingane omfatta 930 bruk i 2019. Storleiken på investeringsnivået for det enkelte bruket er mellom anna avhengig av produksjonstype og bruksstorleik.

Tabell 10.1 Gjennomsnittleg bruttoinvestering per bruk innanfor driftsgranskingane i jordbruket fordelt på regionar, 2019 (i 1 000 kroner)

Regionar

Bruttoinvestering per bruk

Austlandet

Flatbygdene

539,5

Andre bygder

423,4

Agder og Rogaland

Jæren

342,4

Andre bygder

399,5

Vestlandet

513,4

Trøndelag

Flatbygdene

406,8

Andre bygder

352,5

Nord-Noreg

402,1

Gjennomsnittleg investeringsnivå gjekk ned for alle regionar med unntak av Vestlandet i 2019. Dei største bruttoinvesteringane per bruk for 2019 finn vi på flatbygdene på Austlandet og på Vestlandet.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Skogbruk og trebasert industri er ei viktig verdikjede i Noreg. I 2020 var om lag 21 000 personar sysselsette i denne næringa, og av desse rundt 6 000 i skogbruket. Det blei i alt avverka rundt 10,2 mill. kubikkmeter tømmer for sal til industrien i 2020, ein liten reduksjon frå året før. I 2020 blei det eksportert rundt 3,6 mill. kubikkmeter tømmer, om lag på same nivå som året før. Den årlege tilveksten i skogen er på om lag 25 mill. kubikkmeter. I 2020 blei det sett ut 43,5 mill. skogplanter, på same nivå som året før. Det blei vidare utført ungskogpleie på 330 000 dekar og markriving på 104 000 dekar. Dette er ein auke på omkring 2 pst. for ungskogpleie og 18 pst. for markriving samanlikna med året før. I følgje SSB, blei det bygd om lag 86 km nye skogsbilvegar og ombygd om lag 333 km eldre skogsbilvegar i 2020. Dette er ein nedgang frå 2019.

Det er utarbeidd skogbruksplanar med miljøregistreringar (MiS) for om lag 3,1 mill. dekar skog, og det er no sett til side eit samla areal med nøkkelbiotopar på omkring 1 mill. dekar. Stortinget har vedteke at det er klassifiseringssystemet Natur i Norge (NiN) som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur, og dette systemet er teke bruk og innarbeidd i MiS-kartlegginga. Det meste av det økonomisk drivverdige skogarealet i skogstrøka på Sør-Austlandet er no kartlagt, og det blir starta opp nye skogbruksplanprosjekt med revisjon av eldre miljøregistreringar. For Vestlandet og nordover er det starta eit arbeid for å auke innsatsen med tanke på både omfang og regionale tilpassingar i skogbruksplanlegginga.

11 Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar

Norsk landbruk forvaltar store delar av norsk natur gjennom jordbruk, skogbruk, reindrift og annan aktivitet. Landbruket skaper økonomiske verdiar, mat, trevirke og miljøgode av ulike slag. Kulturlandskapet er eit resultat av eit aktivt landbruk. For å sikre at innbyggjarane i dag og framtidige generasjonar har tilgang til nok og trygg mat, tømmer og treprodukt, energi og andre varer og tenester, må landbruket ha eit langsiktig perspektiv for vern og berekraftig bruk av areal og ressursgrunnlag. Gjennom berekraftig produksjon skal landbruket bidra til redusert forureining og reduserte utslepp av klimagassar, og leggje til rette for auka opptak av klimagassar og naudsynt tilpassing av produksjonen til klimaforholda i framtida.

Miljø- og klimasatsinga over jordbruksavtalen skal bidra til å halde ved lag kulturlandskapet og redusere miljøbelastninga frå jordbruket. Nasjonalt miljøprogram samlar verkemiddel til støtte for miljøomsyn i jordbruksdrift. Nasjonalt miljøprogram og regionale miljøprogram gjeld for perioden 2019–2022. Det blir no arbeidd med rullering av begge program for perioden 2023–2026. Som oppfølging av Meld. St. 11 (2016–2017) er klima og miljø i større grad vektlagt i jordbruksoppgjera dei seinare åra. Regjeringa har inngått ein intensjonsavtale med organisasjonane i jordbruket om å arbeide for reduserte utslepp og auka opptak av karbon i jordbruket med til saman 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar innan 2030. Denne avtalen ligg til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover, jf. regjeringa sin Klimaplan 2021–2030, Meld. St. 13 (2020–2021). I jordbruksoppgjeret 2021 blei klima- og miljøsatsinga betydeleg styrkt, særleg blei det prioritert å styrkje investeringar i klimatiltak som skal bidra til utsleppsreduksjonar. Denne satsinga skal bidra til å følgje opp klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket og arbeidet med å nå andre miljømål, som innan kulturlandskap og vassmiljø. Vidare blei areal- og kulturlandskapstilskotta og beitetilskotta prioriterte. Desse ordningane bidreg til å halde ved lag eit variert og levande kulturlandskap og naturmangfald i heile landet. Til saman blir avsetjinga til ordningar med klima- og miljøverknad auka med 238 mill. kroner frå 2021 til 2022.

Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for sine aktivitetar og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljømåla kan bli nådde. For nærare omtale av regjeringa sine samla klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementets Prop. 1 S (2021–2022).

Redusert forureining frå landbruket

Tiltak for å avgrense forureininga

Reduksjon av vassforureininga (avrenning av næringsstoff og plantevernmiddel) er viktig for at vatn skal oppnå ein god økologisk tilstand, jf. vassforskrifta. Konsentrasjonar og tap av næringsstoff frå jordbruksareal varierer mykje frå år til år på grunn av variasjonar i nedbør, temperatur og jordbruksdrift. Åkerareal utan vernande plantedekke haust og vinter gir større risiko for erosjon. Årlege tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding om hausten er difor eit av dei viktigaste tiltaka for å redusere vassforureininga frå jordbruket. Innsatsen er størst der vassførekomstane har eller har hatt ein dårleg tilstand, slik som i Viken og Innlandet. I 2020 blei det gitt om lag 250 mill. kroner i tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding, vegetasjonssonar, fangdammar og hydrotekniske anlegg over ordningane Regionalt miljøprogram og Spesielle miljøtiltak i landbruket. Det har gjennom fleire år vore lagt vekt på å rette innsatsen mot dei areala der det er viktigast å gjennomføre målretta tiltak. Dette kan ha bidrege til at redusert jordarbeiding i mindre grad blir gjennomført på lite utsette areal.

Den samla gjennomføringa av ulike jordarbeidingstiltak og grasdekte areal med meir gras i kornområda, har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala, men ikkje tilsvarande det som har vore den venta verknaden av tiltaka. Undersøkingar Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har gjennomført, viser at meir nedbør og ustabile vintrar har gitt avrenning som skjuler verknaden av tiltaka. Konklusjonane frå analyse av 25 år med overvakingsdata i JOVA-programmet er at nedbør og temperatur er dei viktigaste faktorane for jord- og fosfortap og at det er verknad av jordarbeiding på fosfortap og fosforkonsentrasjonar. Verknaden er størst når det er mykje nedbør, stor avrenning og store jordtap.

Tilskott til drenering blei innført frå 2013. Godt drenert jord reduserer faren for jordpakking og utslepp av lystgass frå jordbruksjord. Det blei innvilga 96,7 mill. kroner til gjennomføring av dreneringstiltak i 2020, og dei siste to åra er ein større del av leigd jord drenert. Om lag 334 000 dekar jordbruksareal er drenert sidan 2013. Utbetring og oppgradering av hydrotekniske anlegg har vore ei viktig prioritering over fleire år. Det bidreg til redusert avrenning og tilpassing av areala til eit klima med meir vatn og meir ekstrem nedbør. Frå 1989 til 2020 er det innvilga meir enn 560 mill. kroner til utbetring av om lag 15 000 anlegg.

Nitrogengjødsel frå mineral- og husdyrgjødsel er viktig for plantevekst, men samstundes ei kjelde til skadelege utslepp av ammoniakk (NH3), lystgass og nitrat. Rett spreiemengd, spreietidspunkt og spreiemetode er difor viktig for å få ned utsleppa. I 2020 blei det gitt om lag 280 mill. kroner i tilskott til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel og til tiltak som bidreg til redusert avrenning til vatn (til dømes inga haustpløying) over dei regionale miljøprogramma.

Salet av plantevernmiddel varierer frå år til år mellom anna på grunn av klimatiske forhold. Det er difor vanskeleg å seie noko sikkert om risikoutviklinga på kort sikt. Dei siste åra har det i hovudsak vore ei dreiing mot bruk av preparat med lågare helse- og miljørisiko. Basert på omsetnaden av plantevernmiddel er berekna helserisiko for 2020 redusert til 71 pst. av 1996/1997-nivået, mens berekna miljørisiko er redusert til 80 pst. av 1996/1997-nivået.

Reduserte utslepp av klimagassar, auka opptak av CO2 og gode klimatilpassingar

Reduserte utslepp av klimagassar

Utsleppet av klimagassar frå jordbruket var i 2020 på 4,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar, og utgjorde om lag 8,8 pst. av dei samla norske utsleppa1. Utsleppa frå jordbruket er reduserte med 6,6 pst. frå 1990 til 2020. Jordbruksaktivitetar og særleg husdyrhald er opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Om lag 70 pst. av klimagassutsleppa frå jordbrukssektoren i klimagassrekneskapen er metan frå naturlege prosessar hos husdyr som storfe og sau, og lystgass frå husdyrgjødsel. Færre storfe, på grunn av auka produktivitet i mjølkeproduksjonen og redusert bruk av gjødsel, er blant hovudårsakene til nedgangen i utsleppet frå jordbruket.

Ein stor del av utsleppa frå jordbruket er den kortliva gassen metan. Fordi metan er ein kortliva klimagass er det i hovudsak utsleppa dei siste tiåra som avgjer kor stor oppvarmingseffekten av gassen er. Stabile eller svakt fallande utslepp bidreg ikkje til ytterlegare oppvarming. Problemet med kortliva gassar er at dei har stor verknad den tida dei er i atmosfæren. Av den grunn har kvar auke i utslepp (og utsleppskutt) ein raskare, men samstundes meir forbigåande, verknad på temperaturen. Denne verknaden held seg difor berre så lenge auken i utsleppa (eller utsleppskutta) held fram. Dette til forskjell frå langliva gassar som til dømes CO2. CO2 blir ikkje brote ned, men hopar seg opp i atmosfæren inntil utsleppa blir tekne opp i havet eller på landjorda. Det inneber at CO2-utslepp bidreg til ytterlegare oppvarming inntil utsleppa er redusert til netto null.

For å nå eit særskild temperaturmål kan det vere naudsynt å kutte utsleppa av kortliva gassar ned til eit nytt nivå, men vi treng ikkje nødvendigvis å redusere utsleppa til null. Modellberekningar frå FNs klimapanel peikar på at CO2-utsleppa globalt må kuttast til netto null, mens utsleppa av metan må reduserast med minst 35 pst. for å nå 1,5-gradersmålet. Dei globale utsleppa av metan har dei siste ti åra auka raskt.

Klimaforskarar har dei siste åra utvikla ein ny metode, med nemninga GWP*, for å berekne oppvarmingseffekten av kortliva klimagassar over tid. Metoden tek utgangspunkt i den etablerte vektfaktoren GWP (100) for å rekne om utslepp til CO2-ekvivalentar. Figur 11.1 viser det akkumulerte bidraget frå jordbruket til oppvarming frå 1990 til 2020. Målt i årlege utslepp i CO2-ekvivalentar utgjer utsleppet frå jordbruket om lag 8,8 pst. av dei samla norske utsleppa i perioden. Oppvarmingsbidraget sidan 1990 er om lag halvparten fordi metanutsleppa har falt noko i den same perioden.

Dette gir ein oppvarmingseffekt som er ein firedel av det som kjem fram gjennom å rekne med GWP100. Dette kan endre seg dersom det skjer ein auke i metanutsleppet.

Figur 11.1 Akkumulert bidrag til oppvarming av klimagassar frå jordbruket, målt i CO2-ekvivalentar (GWP100) og CO2-oppvarmingsekvivalentar (GWP*)

Figur 11.1 Akkumulert bidrag til oppvarming av klimagassar frå jordbruket, målt i CO2-ekvivalentar (GWP100) og CO2-oppvarmingsekvivalentar (GWP*)

Kjelde: Basert på utsleppsdata frå SSB

I juni 2019 inngjekk regjeringa, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag ein intensjonsavtale om klimamål for jordbruket. Avtalen handlar om utsleppskutt og auka opptak, som samla skal utgjere 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030. Klimaavtalen mellom jordbruket og staten seier at partane òg skal følgje utsleppa av dei ulike klimagassane separat. Den viktigaste oppgåva for jordbruket i klimasamanheng er å redusere utsleppa frå jordbruket utan at klimaomstillinga fører til karbonlekkasje, det vil seie å redusere utsleppa per produserte eining. Klimaavtalen ligg til grunn for omtalen av jordbruk i Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030, og vil òg liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover.

Når myr (organisk jord) blir dyrka, blir karbon- og nitrogenholdig materiale gradvis brote ned og gir utslepp av klimagassar. Landbruks- og matdepartementet fastsette i 2020 endringar i forskrift om nydyrking (nydyrkingsforskrifta). Det blei innført eit forbod mot nydyrking av myr, men kommunen kan tillate dyrking av myr når bestemte vilkår er oppfylte. Stortinget har gjennom si handsaming av eit representantforslag, Dokument 8: 288 L (2020-2021), vedteke endringar i reglane i jordlova om nydyrking. Endringane inneber at nydyrking eller nedbygging av myr berre kan skje der omsynet til klima, natur- og kulturlandskap blir vareteke gjennom ein heilskapleg plan godkjend av den enkelte kommune. Lovvedtaket blei sanksjonert 11. juni 2021, men reglane er ikkje sette i kraft.

Auka opptak av CO2 og karbonlagring i skog og jord

I 2019 stod norske skogar for eit nettoopptak på 23,6 mill. tonn CO2. Når alt anna areal er teke med, blir nettoopptaket 18,6 mill. tonn, noko som svarar til om lag ein tredel av dei samla norske utsleppa av klimagassar.

Netto karbonopptak i skog er eit resultat av differansen mellom brutto opptak i form av tilvekst og utslepp som følgje av hogst og naturleg avgang. Tømmerhogsten i Noreg har synt ein positiv auke dei siste åra. Omfanget av skogforynging har mykje å seie for tilveksten i skogen i framtida og med det karbonopptaket. Planteaktiviteten i Noreg har auka dei siste åra. I 2020 blei det planta 43,5 mill. skogplanter. Det blei gjort ungskogpleie på 330 000 dekar, ein oppgang frå 2019. Markrivinga har òg auka til 104 000 dekar i 2020.

Omfang av bruk av tre i varige konstruksjonar

Auka bruk av tre er eit grunnlag for landbasert industriutvikling i alle regionar og ei av løysingane for å redusere klimagassutslepp i byggjenæringa. Bioøkonomiordninga under Nærings- og fiskeridepartementet har Bygg i tre som eit eige strategisk satsingsområde, med vekt på mobilisering og finansiering av utviklingsprosjekt. Resultatet frå arbeidet er auka kompetanse om bruk av tre i store konstruksjonar i Noreg og vekst i marknadsdelar for tre i fleire kategoriar bygg, som oppvekst- og undervisningsbygg, næring, helse og idrett, og studentbustadar. Veksten i desse marknadene gir grunnlag for fleire industrialiseringsprosjekt, med vekt på effektivisering, digitalisering av produksjonsprosessar og nye fabrikkar. Kompetansen og produkta frå dette arbeidet er etterspurde internasjonalt. Det er starta opp eit større profilerings- og samspelsarbeid knytt til moglegheiter i fleire marknader basert på arkitektur, ingeniørkunnskap, digitale verktøy og produkt. Parallelt blir det bygd vidare på bedriftsnettverk og klynger innanfor skog- og trenæringa. I jordbruksoppgjeret 2019 blei det semje om å innføre eit ekstra tilskott til investering i landbruksbygg i tre for å premiere landbruksbygg innan tradisjonelt landbruk som har tre som byggjemateriale. I 2020 blei det løyvd 33,7 mill. kroner til 142 prosjekt som er bygde i tre. Effektar av tiltaket skal evaluerast til jordbruksforhandlingane i 2022.

Produksjon og bruk av bioenergi

Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket gir mellom anna støtte til investering i gardsvarmeanlegg basert på bioråstoff og anlegg for sal av biovarme og kombinerte anlegg for bio- og solenergi, både kraft og varme. Programmet bidreg såleis til meir miljøvenlege energiløysingar både i landbruket og i andre sektorar. Breidda i programmet vil gjere det mogleg for gardsbruk å bli sjølvforsynte med energi framover. I 2020 blei det gitt støtte til 210 prosjekt over programmet, 22 fleire enn i 2019. I den tida programmet har eksistert, er det i alt etablert 1 957 gardsvarmeanlegg, 37 anlegg i veksthus, og 253 varmesalsanlegg med ein samla planlagd energiproduksjon på 508 GWh.

Utvikling av småskala biogassanlegg for gardsbruk er òg eit prioritert område innanfor programmet. Denne satsinga blir koordinert med biogasstrategien til regjeringa, som ligg under ansvarsområdet til Klima- og miljødepartementet. Det er etablert fleire pilotanlegg for kombinert behandling av husdyrgjødsel og anna biologisk avfall.

Vidare blei det i 2020 gitt støtte til seks prosjekt som gjeld introduksjon av ny teknologi. Prosjekta omfattar bygging av ny type biogassanlegg på gardsnivå, anlegg for produksjon av biokol, og uttesting av nytt dyrkingssystem for grøntproduksjonar.

Produksjon av biokol som sideprodukt til bioenergi, vil kunne gi ein viktig klimagevinst i tillegg til utsleppsreduksjonen frå jordbruket knytt til energiproduksjonen. Det er anslått at fornybarprogrammet bidreg med ein åreleg reduksjon i klimagassutsleppa med 95 700 tonn CO2.

Berekraftig bruk og eit sterkt vern av landbruket sine areal- og ressursgrunnlag

Nydyrking og omdisponering av areal

Stortinget handsama jordvernstrategien til regjeringa i desember 2015 og vedtok innstillinga frå næringskomiteen, jf. Innst. 56 S (2015–2016). I oppmodingsvedtak nr. 140 av 8. desember 2015 fastsette Stortinget det årlege målet for omdisponering av dyrka mark til under 4 000 dekar, og bad regjeringa sørgje for at målet blir nådd gradvis innan 2020. Regjeringa oppdaterte jordvernstrategien i 2021, jf. Prop. 200 S (2020–2021). Den oppdaterte strategien inneheld seks nye tiltak og eit forsterka jordvernmål. Årleg omdisponering av dyrka jord skal reduserast til 3 000 dekar innan 2025. Ein skal mellom anna greie ut eit sterkare vern av dei viktigaste jordbruksareala og opprette eit tilskott for kommunale jordvernstrategiar. For 2020 viser KOSTRA-tala frå SSB at det blei omdisponert 4 676 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk, og at ein difor ikkje kom under målet på 4 000 dekar som dei tre tidlegare åra.

KOSTRA-tala viser ein vesentleg reduksjon i godkjent areal for nydyrking i 2020, men frå eit høgt nivå dei siste åra. I 2020 blei det gitt løyve til å nydyrke om lag 21 600 dekar, mot 28 100 dekar i 2019 og 24 900 dekar i 2018. Frå og med 2014 har i gjennomsnitt om lag 22 200 dekar blitt godkjent nydyrka årleg.

Økologisk produksjon og forbruk

I økologisk produksjon blir det stilt ekstra krav til miljø og dyrevelferd i produksjonen. Økologiske driftsformer utan bruk av kjemisk-syntetiske plantevernmiddel og mineralgjødsel, i kombinasjon med vekstskifte, har positiv verknad for biologisk mangfald, jordkvalitet og jordstruktur. I tillegg kan erfaringar og kunnskap frå økologiske driftsformer overførast til det konvensjonelle jordbruket. Regjeringa si satsing på økologisk jordbruk tek utgangspunkt i Nasjonal strategi om økologisk jordbruk.

Delen føretak med økologisk produksjon har vore relativt stabil dei siste åra, og utgjorde i 2020 5 pst. av det samla talet på jordbruksføretak. Det økologiske arealet utgjorde 418 800 dekar i 2020, om lag 4,2 pst. av det samla jordbruksarealet. Dette er om lag på same nivå som i 2019. Den samla produksjonen av økologisk kjøtt av storfe, gris og sau og lam auka med 9 pst. samanlikna med året før. Økologisk slakt av fjørfe auka med 22 pst. i 2020. Det var ein auke i produksjonen av økologiske egg med 9 pst.

Det er ikkje utarbeidd statistikk for omsetnad av økologiske varer i daglegvarekjedene for 2019 og 2020. Landbruksdirektoratet arbeider for å få på plass ei løysing for denne type statistikk. Omsetnaden av norske økologiske frukt, grønsaker og poteter auka med 10 pst. i 2020 samanlikna med 2019. Koronapandemien påverka omsetnaden av økologisk mat og drikke gjennom dei ulike salskanalane ulikt. Omsetnaden av økologisk mat gjennom serveringsmarknaden og Bondens marknad gjekk ned, mens omsetnaden gjennom spesialbutikkar, Vinmonopolet og REKO-ringar auka.

Genressursane i landbruket

Genmangfaldet i landbruket er viktig for tilgangen til mat i verda. Genmangfaldet gir grunnlag for at husdyr, matplanter og skogtre skal kunne tilpassast nye og endra dyrkings- og driftsforhold, sjukdommar og nye krav til sluttprodukta. FNs berekraftsmål 2.5 forpliktar Noreg til å sikre berekraftig bruk og bevaring av husdyrrasar og plantesortar som eit tiltak for å utrydde svolt. I Noreg blir Nasjonal strategi for bevaring og bærekraftig bruk av genetiske ressurser for mat og landbruk, Forråd av gener – muligheter og beredskap for framtidas landbruk av 2019, lagt til grunn for oppfølginga av berekraftsmålet.

Av dei 49 husdyrrasane som er rekna som nasjonale i Noreg i 2020, er 37 rekna som verneverdige. Den samla summen av avlsdyr innanfor dei verneverdige husdyra aukar jamt for kvart år. Det er sett i verk tiltak som skal sikre dei truga og kritisk truga rasane for framtida. Også innanfor dei husdyrrasane som ikkje er truga, blir det lagt vekt på berekraftig avl som sikrar det genetiske mangfaldet i populasjonane.

Om lag 30 arter av skogtre høyrer naturleg heime i Noreg. Genetiske ressursar hos skogtre blir tekne vare på in situ, det vil seie i sine naturlege vokseområde. Det er oppretta bevaringsområde for 11 utvalde treslag i eksisterande naturreservat i ulike deler av Noreg. I tillegg bidreg det formelle områdevernet i skog til bevaringa av dei norske treslaga.

I 2020 var det i alt 27 klonarkiv og feltgenbankar som bevarte meir enn 6 000 aksesjonar av frukt, bær, grønsaker, potet, medisin- og krydderplanter, prydplanter og grøntanleggsplanter. 14 bevarings- og tradisjonssortar er i 2020 oppførte på den norske plantesortslista. Det er òg oppretta ein bruksgenbank for gamle sortar av korn og grønsaker der interesserte bønder kan få materiale til bruk og foredling. Gjennom drifta av Nordisk genressurssenter (NordGen), under Nordisk ministerråd, samarbeider Noreg med dei andre nordiske landa om bevaring av nordiske plantesortar som kan frøformerast.

For å nå målsetjinga om at genetisk variasjon i alle heimlege treslag skal bevarast i heile utbreiingsområdet er det etablert 32 bevaringsområde for skogtregenetiske ressursar i Noreg Dette omfattar 24 bevaringsområde for skogtregenetiske ressursar etablert i utvalde verneområde nord til og med Nordland og 8 dynamiske bevaringsområde for tidlegare foredlingsmateriale av gran. Bevaringsområde er etablert for 11 ulike treslag, mellom anna alm, ask, barlind, bøk, kristtorn, lind, sommareik, spisslønn, vintereik og gran.

Ein betydeleg del av foryngingane etter hogst i granskog blir etablert med frø og planter frå Skogfrøverkets foredlingsprogram. Per desember 2020 er 92 pst. av planta materiale i norske skogar foredla materiale frå kvalifiserte eller testa frøkilder. Desse individa dannar grunnlaget for eit utval av dei beste individa for produksjon av foredla frø i frøplantasjar og neste generasjon foredlingspopulasjon, jf. målsetjingar i Strategi for skogplanteforedling 2010–2040.

Svalbard globale frøhvelv er i dag det største sikkerheitslageret i verda for biologisk mangfald innanfor vekstar. Det er eit norsk tiltak av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret husar sikkerheitskopiar av frø frå nasjonale og internasjonale frøsamlingar. I 2020 sendte 42 genbanker 82 501 nye frø til frøkvelvet for langtids sikringslagring. Ved utgangen av 2020 har 87 institusjonar verda over lagra 1 074 533 sikkerheitskopiar i kvelvet på Svalbard. Om lag halvparten av alt mangfald av matplanter som ifølgje FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) ligg lagra i frøsamlingar verda over, er med dette sikra i Svalbard globale frøhvelv. Noreg gir årleg eit bidrag tilsvarande 0,1 pst. av omsetnaden av såvarer i Noreg til Fondet for fordelsdeling under Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk og støtter samstundes opp om arbeidet for bønder sine rettar med sikte på å styrkje lokal forvaltning av plantegenetisk mangfald.

God agronomi

God agronomi er viktig for å ta ut avlingspotensialet og heve kvaliteten i produksjonen. I tillegg vil god agronomisk praksis vere gunstig med tanke på å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket. For å leggje til rette for berekraftig produksjon av nok og trygg mat, treng vi kunnskap om agronomi, klimatilpassingar og miljøomsyn både hos den enkelte bonden og i heile apparatet rundt norsk matproduksjon.

Det er viktig at norsk landbruk er godt rusta for eit klima i endring, med høgare temperaturar, meir nedbør, flaum, tørke og truslar frå ulike skadegjerarar. Auka nedbørsmengder, særleg over kort tid, kan dra med seg avlingar og god matjord, påverke kvaliteten og mengda på avlinga og gjere det vanskeleg å komme ut på åkeren med tunge køyretøy. Eit varmare og våtare vêr vil dessutan gjere norsk landbruk utsett for framande arter og sjukdom. For å lukkast må vi tenkje nytt omkring driftsmetodar og utvikle plantemateriell som toler eit våtare klima og som er meir robust mot sjukdom og skadegjerarar. I tillegg til kunnskap innan agronomi og sortsutvikling, vil utvikling og bruk av ny teknologi vere sentralt for å møte dei utfordringane vi står framfor.

Forsking på klimatilpassa og berekraftig matproduksjon har høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet. Dei seinare åra er det finansiert fleire forskingsprosjekt på området, til dømes prosjektet OPTIKORN som blir leia av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Prosjektet har som hovudmål å utvikle tilpassingsstrategiar for norsk kornproduksjon i møte med eit framtidig våtare klima, slik at avlingspotensialet kan haldast ved lag eller aukast. Resultat frå prosjektet skal bidra til kunnskap om drenering, jordstruktur og gjødsling som trengst for å lage strategiar som reduserer risikoen for jordpakking og vatnmetting, og som minimerer tap av næringsstoff til luft og vatn. Førebelse resultat viser at rett drenering gir lågare klimagassutslepp, i tillegg til høgare avlingar.

God agronomi handlar òg om å gjere rette val til rett tid og på rett stad, og her speler presisjonsjordbruk ei viktig rolle. Presisjonsjordbruk handlar om å tilpasse til dømes gjødselmengda og sprøytemengda til stadsspesifikke behov. Ved Senter for presisjonsjordbruk ved NIBIO Apelsvoll blir det utvikla og testa teknologiske løysingar for jordbruket i dag og i framtida. I prosjektet PRESIS utviklar dei eit heilskapleg system som skal sørgje for at norske bønder får tilgang på brukarvenlege, teknologiske tenester som er godt testa og tilpassa norske forhold. De ulike tenestene vil kunne bidra til å redusere unødige klima- og miljøbelastningar frå jordbruket, gi auka effektivitet og betre driftsøkonomi på gardsnivå. PRESIS-prosjektet er finansiert over jordbruksavtalen og er eit samarbeid mellom NIBIO, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og småbrukarlag og Norsk Landbruksrådgiving (NLR). NLR har rolla som fagleg bindeledd mellom forsking og landbruket med tanke på å utvikle god agronomi og auka kompetanse i næringa.

Vareta kulturlandskapet og naturmangfaldet

Det er eit mål å vareta og utvikle kulturlandskapet. Over jordbruksavtalen er det sett av midlar gjennom miljøprogramma, der mellom anna regionale prioriteringar ligg til grunn for tiltak for å ta vare på viktige miljøverdiar. Tilskott til tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket bidreg til å ta vare på særskilde landskap over heile landet, med stort biologisk mangfald i tillegg til kulturminne og kulturmiljø. Saman med midlar frå Klima- og miljødepartementet blir 46 ulike landskap tekne vare på gjennom ordninga. Dei respektive kommunane er tett på forvaltninga gjennom mellom anna ved å administrere tilskott. For å støtte jordbruket og oppretthalde kulturlandskapet i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap, er det òg sett av særskilde midlar. Desse midlane kjem i tillegg til midlane frå Klima- og miljødepartementet.

Overvakingsprogrammet 3Q (Tilstandsovervåking og resultatkontroll i jordbrukets sitt kulturlandskap) er basert på ei nasjonal utvalskartlegging som dokumenterer arealbruk, kulturminne og kulturmiljø, biologisk mangfald og tilgjengelegheit på eit representativt sett av overvakingsflater. Overvakingsflatene ligg spreidde over hele landet. Programmet inkluderer feltarbeid på eit utval av flater for å registrere fuglar, planter, bygningsmiljø og kulturminne, og for å dokumentere landskapet sin utsjånad ved hjelp av fotografi. Ein har mellom anna kartlagt karplanter og dette viste tydelege endringar i artssamansetjing i plantesamfunn i område med attgroing. For dei undersøkte fugleartene i jordbrukslandskapet er det blitt observert tilbakegang. Tal dammar i kulturlandskapet har derimot auka, og dette kan vere positivt for fleire arter. 3Q registrerer også indikatorar knytte til storleiken på jordstykka, arealtypar innanfor 10 meter frå vatnkantar, trerekkjer og alléar, og talet på åkerholmar.

Dyrka jord er ein grunnleggjande ressurs for å kunne produsere mat og sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Det registrerte jordbruksarealet i drift i 2020 utgjorde nær 9,9 mill. dekar, om lag det same som i 2014.

Husdyrbeiting i utmark bidreg til skjøtsel av kulturlandskapet og til å halde utmarka open. Samstundes har det positiv innverknad på det biologiske mangfaldet. I satsingar som Utvalde kulturlandskap i jordbruket, Verdsarvområda og Utvalde naturtypar er beiting i mange tilfelle eit viktig skjøtseltiltak. Dei ulike dyreslaga har ulik innverknad på naturmangfaldet, og difor er det behov for både storfe, geit og sau på beite. I 2020 blei det gitt tilskott til i alt 2,2 mill. husdyr på utmarksbeite. I perioden 2000–2020 har talet variert mellom 2,2 og 2,4 mill. beitedyr. I 2020 var det 1,9 mill. sau, 248 000 storfe og 56 000 geiter på utmarksbeite.

Nasjonal pollinatorstrategi, som blei lagd fram i 2018, blir følgd opp på fleire måtar i verkemiddelsystemet i jordbruket. Frå og med 2019 er det lagt til rette for tilskott for å tilsåing og skjøtsel av soner med pollinatorvenlege frøblandingar på jordbruksareal gjennom dei regionale miljøprogramma. Element frå strategien blir òg følgde opp gjennom ordningane Utvalde kulturlandskap, Handlingsplan for plantevernmiddel, SMIL og Klima- og miljøprogrammet. Norsk Landbruksrådgiving formidlar kunnskap om gode tiltak for pollinerande insekt til bønder i heile landet. Tiltaksplan for ville pollinerande insekt (2021–2028) presenterer statens samla innsats innan og mellom sektorane. Nye tiltak i landbruket er tilskott til frøavl av norske villblomblandingar over jordbruksavtalen, og auka kunnskap om insekt i skog for å ta vare på insekt i skogsdrifta.

12 Ei effektiv landbruks- og matforvaltning

Landbruks- og matforvaltninga har ansvar for samfunnsoppgåver som er viktige for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Forvaltninga skal leggje til rette for auka verdiskaping og vere tilgjengeleg for folk, organisasjonar og næringsliv med god, open kommunikasjon, mellom anna gjennom brukarretta digitale tenester.

Landbruks- og matforvaltninga har ein desentralisert struktur med arbeidsplassar over heile landet og ei oppgåveløysing som er delt mellom nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Departementet har fire underliggjande verksemder. Mattilsynet og Landbruksdirektoratet har direktorats- og tilsynsoppgåver, mens forskingsinstitutta Veterinærinstituttet (VI) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er sentrale kunnskapsleverandørar for departementet, sektoren og næringslivet. Ei nærare omtale av dei underliggjande verksemdene finst under kat. 15.10, 15.20 og 15.30.

Både statsforvaltarane, fylkeskommunane, kommunane og Innovasjon Norge (IN) har sentrale roller og oppgåver i gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken regionalt og lokalt.

Statsforvaltarane er statleg styresmakt på landbruks- og matområdet regionalt og har ansvar for å følgje opp nasjonale vedtak, mål og retningsliner innanfor landbruks- og matpolitikken. Statsforvaltarane er eit viktig bindeledd mellom staten og kommunane i gjennomføringa av den nasjonale landbruks- og matpolitikken. Statsforvaltarane er administrativt underlagde Kommunal- og moderniseringsdepartementet, mens Landbruks- og matdepartementet har det faglege ansvaret for statsforvaltarene sitt oppdrag på landbruks- og matområdet.

Fylkeskommunane har som regionale nærings- og samfunnsutviklarar oppgåver innanfor næringsutvikling, klima, samfunnsplanlegging, rekruttering og kompetanseheving i landbruket, og skal kople landbruk med anna regionalt plan- og utviklingsarbeid.

Kommunane er førsteline for forvaltninga av dei juridiske og dei fleste økonomiske verkemidla i landbruket, og er saksførebuande organ for IN på landbruks- og matområdet.

IN forvaltar midlar til investering og utvikling av verksemder, i tillegg til anna programstøtte til landbruket og andre landbruksbaserte næringar. IN er eit særlovsselskap eigd av staten ved Nærings- og fiskeridepartementet og fylkeskommunane. IN utfører oppgåver for Landbruks- og matdepartementet som blir gitt i årlege oppdragsbrev.

Ei moderne, effektiv og brukarvenleg forvaltning med god kvalitet

I tråd med Meld. St. 30 (2019–2020) En innovativ offentlig sektor, er regjeringa sitt mål ein effektiv offentleg sektor som leverer gode tenester til innbyggjarane, har høg grad av tillit blant folk og finn nye løysingar på utfordringar i samfunnet i samarbeid med innbyggjarane, næringslivet, forskingsmiljø og sivilsamfunnet.

For å sikre det berekraftige velferdssamfunnet i framtida er det viktig at den offentlege bruken av økonomiske ressursar er effektiv. Det inneber klare prioriteringar av utgiftene i statsbudsjettet og at offentleg sektor viser vilje og evne til omstilling, effektivisering og avbyråkratisering. Innovasjon og ny teknologi kan òg bidra til meir effektiv pengebruk. Effektiv bruk av ressursar inneber både å utføre og å prioritere oppgåvene rett. Regjeringa vil gjennomføre strukturtiltak som bidreg til ein meir effektiv bruk av dei samla ressursane i samfunnet. Dette kan gi gevinstar i form av reduserte utgifter over statsbudsjettet og samstundes betre kvalitet og resultat. Det er óg viktig at dei landbruks- og matpolitiske verkemidla blir forenkla og målretta slik at dei samla bidreg til å auke verdiskapinga.

Fornye, forenkle og forbedre

I Granavolden-plattforma går det fram at regjeringa vil forenkle ytterlegare på politikkområdet landbruk og mat. Landbruks- og matdepartementet følgjer opp regjeringserklæringa, både gjennom dei årlege jordbruksoppgjera og andre prosessar rundt lover, forskrifter og andre tiltak. Målet er ytterlegare forenkling, forbetring og fornying i tråd med det som er vedteken politikk for landbruks- og matsektoren.

Dei seinare åra er det lagt vekt på å utvikle støtteordningar, reguleringar og ei organisering av forvaltninga som er enklare, meir målretta og som gir betre gjennomføringskraft i politikken for landbruks- og matsektoren. I jordbruksoppgjera er det mellom anna gjennomført fleire forenklingstiltak. Døme på tiltak er endringar av regelverk og støtteordningar og fjerning av avgrensingar som har hindra ei effektiv utnytting av kapasiteten i næringa.

I arbeidet med å fornye, forenkle og forbetre står effektivisering og styrking av kvalitet sentralt. Landbruks- og matdepartementet er i styringsdialogen med underliggjande verksemder oppteke av dette. Budsjetta til drift av departementet og underliggjande verksemder har i åra 2015–2021 blitt reduserte med omkring 89 mill. kroner som følgje av ein generell reduksjon i løyvingar med utgangspunkt i krav om effektivisering og avbyråkratisering (ABE-reforma). I tillegg er løyvingane til enkelte verksemder reduserte utover ABE-reduksjonar med ytterlegare krav til effektivisering. For åra 2015–2021 utgjorde desse kutta 47 mill. kroner samla for Mattilsynet, NIBIO og Landbruksdirektoratet.

Modernisering og digitalisering

Digitalisering av tenester og interne arbeidsprosessar er viktig for å modernisere, forenkle og forbetre forvaltninga. Digitaliseringsstrategien for offentleg sektor 2019–2025 legg mellom anna vekt på tenester med brukaren i sentrum, auka deling av data og styring og samordning av digitale tenester i offentleg sektor. I tråd med strategien skal verksemdene i landbruks- og matsektoren halde fram med å tilby fleire og meir brukarretta digitale tenester. Digitale tenester bidreg til å gi innbyggjarar og næringsdrivande ein enklare kvardag, samstundes som det legg til rette for at stat og kommune kan løyse oppgåvene sine meir effektivt. Vidare skal digitale tenester bidra til å skape grunnlag for verdiskaping, kvalitet i offentlege tenester og demokratisk deltaking. Kommunikasjonen mellom forvaltninga og brukarane skal normalt skje gjennom digitale, nettbaserte tenester. Digitalisering av interne arbeidsprosessar kan gi innsparingar og betre utnytting av ressursane, i tillegg til å auke kvaliteten.

Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet held fram med å utvikle ein systemportefølje som gjer forvaltninga meir brukarvenleg og effektiv. Dei siste åra har direktoratet lagt ned store ressursar på IKT-området. Dei nye IKT-løysingane skal bidra til ein enklare kvardag for brukarane, og gi ei effektiv og sikker forvaltning. Stadig fleire av tenestene til Landbruksdirektoratet er no tilgjengelege digitalt. Dei siste åra er fleire store IKT-prosjekt realiserte, mellom anna eStil RMP, eStil PT, RÅK og Agros. Denne satsinga har òg gjort det mogleg for statsforvaltarane og kommunane å forvalte dei landbrukspolitiske verkemidla meir effektivt.

Landbruksdirektoratet har sidan 2018 utvikla ei sams IKT-løysing for tilskottsordningar, kalla Agros. Prosjektet blei avslutta sommaren 2020 og overført til ordinær drift. Til no er over 26 ordningar innlemma i løysinga. Nytta har vore stor for både næringsdrivande og sakshandsamarar i kommunane, hos statsforvaltarane og i direktoratet. Brukarane får tilgang til enkle og brukarvenlege digitale tenester. Av rundt 16 000 søknadar i 2020, blei 95 pst. levert digitalt.

Direktoratet har òg utvikla ei ny IKT-løysing for forvaltning av importvernet og ordninga med råvarepriskompensasjon RÅK. Løysinga blir teken i bruk 1. halvår 2021. I 2019 starta direktoratet òg opp eit prosjekt for å utvikle nye digitale løysingar for kvoteordninga for mjølk. Det nye systemet blir ferdig utvikla og teke i bruk i 2021.

I 2018 starta direktoratet arbeidet med å auke digitaliseringsgrada og effektiviseringa av tenestene og fagsystema for skogbruksforvaltninga. Arbeidet er tredelt og blir avslutta i 2021. Skogeigarar har fått enklare tilgang til ordningane for skogfond og skogtilskott, og papirbaserte prosessar er no digitaliserte. Mobile feltverktøy for forvaltninga er òg under utvikling. Prosjektet har fått tilskott over Digitaliseringsdirektoratet si medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt.

Nye digitale tenester for reindriftsnæringa som omfattar melding om reindrift og søknad om tilskott blei tekne i bruk i 2019. Tenestene fungerer godt for reindriftsutøvarane, men det er framleis potensial for effektivisering i forvaltninga. Landbruksdirektoratet startar i 2021 eit arbeid med å utvikle eit nytt register for dei tradisjonelle reinmerkene, som skal kunne nyttast av næring og forvaltning. Prosjektet har fått tilskott frå Digitaliseringsdirektoratet si medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt. Landbruksdirektoratet vil i 2021 og 2022 arbeide vidare med digitalisering på reindriftsområdet.

Mattilsynet

Digitalisering bidreg til at Mattilsynet løyser samfunnsoppdraget sitt meir effektivt og med betre måloppnåing. Mattilsynet har to store utviklingsprosjekt som bidreg til å nå digitaliseringsmåla deira. Dette er prosjekta Digital systemstøtte og Tilsyn ferdig på stedet.

I 2020 har Mattilsynet arbeidd vidare med å forbetre utnyttinga av data frå kjøttkontrollen. Prosjektet Digital systemstøtte skal sikre betre informasjonsflyt og utnytting av data frå husdyrnæring, slakteri og eigne data frå kjøttkontrollen. Nye arbeidsprosessar og systemløysingar gir betre informasjonsflyt mellom Mattilsynet og næringa langs heile produksjonskjeda. Kjøttkontrollen blir meir effektiv, samstundes som slakteria sitt arbeid blir enklare. Løysinga gir Mattilsynet betre oversikt, slik at dei kan prioritere prøveuttak og kjøttkontroll. Mattilsynet får òg meir kunnskap om status og eit betre grunnlag for risikobasert tilsyn med dyrevelferd hos produksjonsdyr.

Prosjektet Tilsyn ferdig på stedet tek i bruk digitale verktøy for å betre og effektivisere delar av tilsynsarbeidet i Mattilsynet. Mattilsynet har arbeidd med prosjektet sidan 2019 med sikte på å ta det i bruk i 2021.

Norsk institutt for bioøkonomi

NIBIOs satsing på digitalisering har ført til at den offentlege landbruksforvaltninga på alle nivå har naudsynt tilgang til informasjon om skog- og arealressursar. Effektiv tilgang til relevante data av høg kvalitet gir raskare og sikrare sakshandsaming i stat og kommunar, meir openheit, betre kontroll og færre klagar. NIBIOs digitale tenester gir positive effektar òg hos offentlege styresmakter ut over landbruksforvaltninga.

I NIBIOs kartportal Kilden er det mogleg å søkje i kart og laste ned kartdata. Tenesta blei vidareutvikla i 2020. Gjennom Gårdskart på Internett kan næringsdrivande handtere informasjonsinnhenting sjølve. AR5 er eit heildekkjande nasjonalt kart som viser tilstanden for arealressursane ut frå produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk. Det er ein viktig reiskap for både verkemiddelforvaltning, planarbeid, sakshandsaming, utgreiingar og næringsutvikling. NIBIOs nettportal Skogskadar gir allmenta moglegheit til å rapportere inn skadar på skog.

NIBIO leverer vegetasjons- og beitekart der òg plasseringa til dyra kan følgjast via GPS-baserte radiobjeller. Vidare tilbyr NIBIO varslings- og informasjonstenesta VIPS (Varsling Innan PlanteSkadegjerarar). Denne tenesta er òg teken i bruk i ei rekkje internasjonale prosjekt, mellom anna i afrikanske land.

NIBIO driftar og held ved like Landbruksmeteorologisk teneste, som leverer meteorologiske data for varslingstenester og forsking frå dei viktigaste jord- og hagebruksdistrikta i landet. Saman med Plantevernleksikonet og Plantevernguiden gjer tenesta NIBIO godt rusta til å bistå landbruksnæringa og forvaltninga i å handtere skadesituasjonar i planteproduksjonen. NIBIO har òg under utvikling ny teknologi som skal hindre tap av rein til rovdyr, og førebyggje påkøyrslar av rein på veg og bane.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet (VI) arbeider kontinuerleg med digitalisering av verksemda, både når det gjeld tenester til oppdragsgivarar og interne system i verksemda. I 2020 har det blitt nedlagt mykje arbeid i å fornye digital infrastruktur og etablere datasenter i nytt bygg på Ås. Målet for digitaliseringa har vore å leggje til rette for auka verdiskaping og innovasjon, og medverke til auka samhandling og produktivitet, både internt og eksternt.

Etablering av nytt datasenter er eit omfattande arbeid. Ny lagringsløysing legg til rette for å kople til nytt utstyr og opplegg for lagring av forskingsdata. Det blir òg arbeidd med å integrere fleire administrative system for å effektivisere og styre laboratorieaktiviteten.

VI har utarbeidd eit konsept for totalrenovering av det diagnostiske prøvejournalsystemet. I det diagnostiske arbeidet er digitale histopatologiske undersøkingar godt etablerte innan blå sektor og vil inkludere grøn sektor i 2021. Prøvane blir leste digitalt og bilda blir lagra i ein database. På denne måten aukar både effektiviteten og kvaliteten på det diagnostiske arbeidet. Det er vidare etablert ei nettbasert løysing for utveksling av prøvesvar med Mattilsynet og ulike næringsaktørar. Prøvesvar blir med dette formidla raskare til forvaltninga og næringa, som då kan setje i verk tiltak mot sjukdom.

Miljødirektoratet (haustbare viltressursar)

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for etatsstyring av Miljødirektoratet på området haustbare viltressursar, og for regelverk om utøving av jakt og fangst. Om lag 521 000 personar er registrerte i Jegerregisteret. Alle som skal drive med jakt, lisensfelling eller fangst må betale jegeravgift, og dei som skal jakte storvilt må òg ta skyteprøve. Alle jegerar har no fått si eiga side – Min jegerside – der dei kan logge seg på Jegerregisteret, og få oversikt over alle data som er registrerte for vedkommande. Applikasjonen Min jegerdokumentasjon hentar data frå Jegerregisteret og gir dokumentasjonen som er naudsynt under jakt, felling og fangst. Dette gjeld mellom anna at jegeravgift er betalt, at skyteprøve er bestått, og at til dømes registrering som lisensjeger er utført. Miljødirektoratet arbeider vidare med å digitalisere resterande dokumentasjon som er naudsynt under jakt, felling og fangst.

Kommunar, jegerar og andre rapporterer årleg frå jakt på elg, hjort, rådyr og villrein i Hjorteviltregisteret. Årleg skal om lag 15 000 vald sende inn fellingsrapportar, og i 2021 er det for første gang lansert moglegheit for elektronisk levering. Applikasjonen Sett og skutt kan nyttast av hjorteviltjegerar for enkel rapportering undervegs i jakta og har gitt ei effektivisering for samfunnet og ei forenkling for jegerane.

Gode system for samfunnstryggleik og beredskap

Departementet har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i eigen sektor. Ansvaret er hovudsakleg knytt til matproduksjon og matsikkerheit, sjå omtale under programkategori 15.10 og kap. 1115.

Departementet er førebudd på å møte kriser i eigen sektor og gi hjelp til andre departement ved eventuelle sektorovergripande kriser. Viktige element i departementet sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap er å sikre personell og kritisk infrastruktur, og å redusere risikoen for at det skjer uønskte hendingar. Departementet og underliggjande verksemder skal i størst mogleg grad kunne drive verksemda vidare, uavhengig av eventuelle uønskte hendingar og kriser. Departementet er oppteke av at arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap skal vere sporbart og integrert i eige planverk og styringssystem.

I styringsdialogen med underliggjande verksemder får arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap systematisk merksemd, mellom anna gjennom formidling av krav i tildelingsbrev, i verksemdsinstruksane og i den løpande styringsdialogen.

Handteringa av koronapandemien har kravd mykje ressursar, og i stor grad prega departementet sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap i 2020. Departementet har gjennomført ei evaluering undervegs av eiga handtering av pandemien, kor delansvaret til departementet innanfor matforsyning har fått mykje merksemd. Departementet gjennomførte i 2020 òg ei beredskapsøving knytt til handteringa av pandemien, kor òg leiinga i Mattilsynet og Landbruksdirektoratet deltok.

Mattilsynet har ei sentral rolle for å til dømes sikre forbrukarane tilgang til trygg mat. Mattilsynet deltok i Øvelse Digital 2020 og gjennomførte beredskapsøvingar i samband med deltakinga. Mattilsynet si responscelle MatCSIRT, mottek varsel og rapporterer om hendingar som kan truge tryggleiken. Mattilsynet har inngått ein avtale om etablering av nodar for automatisk overvaking av nettrafikk og trugslar i Mattilsynet sitt datasenter, og skanning av nettenester i regi av Nasjonalt cybersikkerhetssenter, NCSC.

VI er eit beredskaps- og forskingsinstitutt, og er den viktigaste kunnskapsleverandøren for førebygging, oppklaring og handtering av zoonosar og alvorlege smittsame sjukdommar hos fisk og landdyr. VI gjennomførte i 2020 førebuing til implementering av Nasjonalt begrenset nett (NBN)i nybygget på Campus Ås. Informasjonstryggleiken til VI blei også styrkt ved tilkopling til nasjonalt varslingssenter for digital infrastruktur, som igjen fører til ei styrking av overvakinga av VIs nettrafikk.

Landbruksdirektoratet har viktige oppgåver innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Oppgåvene omfattar handtering av hendingar og kriser innanfor matforsyning, skog, reindrift og natur- og avlingsskadar. I 2020 auka Landbruksdirektoratet merksemda på tryggleikskultur. Det blei mellom anna gjennomført kurs for alle tilsette, og direktoratet vil halde fram med dette i 2021. Direktoratet gjennomførte også to interne øvingar, kor ei av desse var knytte til Øvelse Digital 2020. Landbruksdirektoratet etablerte i 2019 Landbruks- og matCERT (responsmiljø for IKT-hendingar) etter krav frå Landbruks- og matdepartementet.

Oppfølging av ny tryggingslov

Lov om nasjonal sikkerhet (sikkerhetsloven) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Formålet med lova er å tryggje dei nasjonale sikkerheitsinteressene og å førebyggje, avdekkje og motverke sikkerheitstrugande verksemd. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir trygde ved at departementa identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde, verksemder av avgjerande tyding for GNF blir underlagde tryggingslova og naudsynte sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar blir gjennomførte. For å vareta formålet med lova, vil GNF-prosessen vere ein kontinuerleg prosess. Denne prosessen kan føre til endringar når det gjeld identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande tyding, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Krava som blei stilte for å oppnå eit forsvarleg sikkerheitsnivå, kan òg bli endra.

Landbruks- og matdepartementet har identifisert ein GNF i eigen sektor, kalla Landbruks- og matdepartementets verksemd, handlefridom og avgjerdsdyktigheit. GNFen omfattar departementet si evne til å støtte opp under regjeringa, oppgåver i den sentrale krisehandteringa og gjennomføring av etatsstyring. Departementet arbeider med å konkretisere innhaldet og å identifisere funksjonar, objekt og infrastruktur av avgjerande verdi i GNFen.

Landbruks- og matdepartementet har òg eit delansvar for den tverrsektorielle GNFen Matvareforsyning, fastsett av næringsministeren. Ansvaret er delt mellom Nærings- og fiskeridepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Landbruks- og matdepartementets ansvar er knytt til nasjonal produksjon av landbruksprodukt og import av landbruksvarer.

I tråd med sikkerhetsloven har Landbruks- og matdepartementet meldt inn eitt objekt i sektoren til Nasjonal sikkerhetsmyndighet.

13 Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken

Forsking, innovasjon og kompetanse er viktig for å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken: matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar (sjå kat. 15.20). Denne rapporteringa viser korleis forskingsinnsatsen på utvalde område bidreg til å nå desse måla. Landbruks- og matdepartementets midlar til forsking og innovasjon støttar nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon til forbrukar – og legg på den måten eit viktig grunnlag for auka innovasjon og konkurransekraft i næringa. Forskingsmidlar frå departementet finansierer nasjonale forskarprosjekt, innovasjonsprosjekt i næringslivet og norsk deltaking i europeiske forskarnettverk.

Matsikkerheit og beredskap

Forsking på matområdet har høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet. Ny kunnskap skal bidra til å sikre forbrukarane nok og trygg mat av god kvalitet. Det er avgjerande å sjå heile verdikjeda under eitt, og forskinga dekkjer difor breitt, alt frå husdyravl og sortsutvikling til metodar for å betre mattryggleiken i næringsmiddelindustrien. Prosjekt innanfor område som dyrehelse, dyrevelferd og antibiotikaresistens bidreg til å halde ved like den gode posisjonen Noreg har når det gjeld mattryggleik. I tillegg er forsking på klimatilpassa produksjon, forbetra agronomisk praksis og teknologiutvikling viktig for auka og meir berekraftig matproduksjon i Noreg.

Dyre- og plantehelse kan ha stor innverknad på mattryggleiken, og det er finansiert fleire prosjekt på desse områda. Dei siste åra er det mellom anna utvikla mykje ny kunnskap om plantesjukdommar, sortsutvikling og klimatilpassing. Til dømes har forskingsprosjektet Trygg Havre, leia av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), bidrege til at kornsortar som er mottakeleg for soppinfeksjon er fasa ut. Dette igjen har bidrege til at nivået av giftstoffet Deoksynivalenol (DON) frå sopp i enkelte havrekornparti i dag er låg. Høge nivå av DON kan vere skadeleg for både menneske og dyr, og var eit problem ved slutten av det førre tiåret.

Problemstillingar knytte til matsikkerheit og beredskap kan ikkje berre handterast nasjonalt. Internasjonalt forskingssamarbeid på desse områda er difor høgt prioritert av departementet. Norske forskingsmiljø er godt representerte i internasjonalt forskingssamarbeid innanfor landbruk, matsikkerheit, mattryggleik, klimaforandringar, dyrehelse og dyrevelferd, inkludert antibiotikaresistens. Til dømes har både NIBIO og Veterinærinstituttet (VI) inngått rammeavtalar med NORAD for kunnskapssamarbeid for å styrkje norsk utviklingssamarbeid innan blant anna dyrehelse og mattryggleik. Forskingsinstitutta bidreg på den måten med viktig kompetanse som låginntektsland etterspør.

Spørsmål knytte til matsikkerheit og klima er òg sentrale forskingsområde i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020. Norske aktørar hevdar seg særs godt i konkurransen med andre land om EUs forskings- og innovasjonsmidlar. Sidan 2014 har om lag 1,4 milliardar kroner gått til norsk forsking innan matsikkerheit, berekraftig jordbruk og skogbruk, marin, maritim og innlandsvann. I 2021 starta Horisont Europa, verdas største forskings- og innovasjonsprogram. Eit viktig tema i programmet er jordhelse og mat, eit tema som gir store moglegheiter for norske landbruks- og matfaglege forskingsaktørar.

Boks 13.1 Kunnskap for å nedkjempe lungebetennelse hos kalvar

Prosjektet Norwegian Airways vil undersøkje førekomsten av bakteriar som gir lungebetennelse hos mjølkeku- og kjøttfekalvar. Prosjektet skal undersøkje ulike måtar for å innhente prøver og finne fram til ein metode som er enkel å utføre i felt, samstundes som den gir prøver av god kvalitet. Målet er auka kunnskap om bakteriar som gir lungebetennelse, deira førekomst og resistensmønster. Luftvegssjukdommar forårsaka av bakteriar er den vanlegaste grunnen til at antibiotika blir brukt på kalvar.

Prosjektet blir leia av VI i samarbeid med NMBU, Veterinærhøgskolen, Geno, Tine, Animalia, Mississippi State University, Statens Veterinärmedicinska Anstalt (SVA) og Sveriges Lantbruksuniversitet (SLU). Norwegian Airways er finansiert gjennom Forskingsmidlane for jordbruk og matindustri.

Landbruk over heile landet

Forsking på landbruks- og matområdet skal byggje opp under målet om landbruk over heile landet. For å møte kunnskapsbehova og løyse utfordringane der dei oppstår, er det viktig med forskingsmiljø som er til stades i ulike delar av landet og at dei har kompetanse om lokale forhold. Det at institutta har stor geografisk spreiing, er viktig for det nære samarbeidet med næringsliv og forvaltning. Det er òg viktig at alle fylka tilbyr landbruksutdanning i vidaregåande opplæring, og fleire fylke har fagskuletilbod i ulike landbruksfag. På universitets- og høgskulenivå er det tilbod om landbruksutdanning på tre ulike stadar i landet; Nord universitet, Høgskolen i Innlandet og Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

For å utnytte moglegheitene som ligg i eit langstrakt land med variert topografi og klima, er auka kunnskap om bruk av jord- og beiteressursane sentralt. Det er tildelt midlar til ei rekkje forskingsprosjekt på området dei seinare åra. Eit døme på eit slikt prosjekt er Arktisk lys, eit samarbeid mellom NIBIO, Norsk Landbruksrådgivning og Tromspotet AS. Klimaet nord for polarsirkelen gir heilt unike føresetnader for grøntproduksjon. Målet med Arktisk lys er å komme fram til dyrkingspraksis og gjødselnormer som i større grad tek omsyn til dei særeigne klima- og lysforholda for produksjon i Nord-Noreg. Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråds BIONÆR-program, Grofondet og Sparebanken Nord-Norge.

Vidare har det vore sett i gang fleire forskingsprosjekt som bidreg til auka kunnskap om ressursgrunnlaget knytt til landbrukseigedommane. Ein viktig del av dette er forskingsprosjekt retta mot reiseliv og Inn på tunet. Prosjektet Demensomsorg på gard, leia avNMBU, er eit godt døme på korleis gardsbruk kan nyttast som ein del av vårt velferdstilbod. I prosjektet såg dei på effekten av å tilby gardsbesøk som dagaktivitetstilbod for personar med demens. Resultata viste at gardsbesøk bidrog til å løfte livskvaliteten blant deltakarane gjennom auka fysisk aktivitet utandørs og at dei kjente seg inkludert i eit sosialt fellesskap.

Departementet sine midlar til FORREGION-programmet er sentrale for å støtte opp under målet om landbruk i heile landet. Programmet har som mål å auke verdiskaping, konkurransekraft og omstillingsevne i heile landet, og det legg til grunn dei unike moglegheitene og utfordringane i kvar region. Til dømes har Agder fylkeskommune fått midlar til å drive forskingsmobilisering i fylket. Eit av satsingsområda er ny teknologi og nye forretningsmodellar for omstilling til grøn økonomi. Sidan 2017 har Forskingsmobilisering Agder støtta over 90 bedrifter med midlar til innkjøp av forskingstenesta.

Auka verdiskaping

Forsking skal bidra til auka verdiskaping i landbruks- og matsektoren. Landbruks- og matdepartementet bidreg til å vidareutvikle ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor ved å stimulere næringane til å forske meir og å gjere nytte av resultat frå både eiga og andre si forsking. Tematisk innretta program som BIONÆR og ENERGIX, som utlyser midlar til innovasjonsprosjekt i næringslivet (IPN), er viktige verkemiddel for å auke FoU-aktiviteten i næringslivet. I tillegg til IPN-prosjekt, er Forskingsmidlar over jordbruksavtalen og Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt viktige kjelder til finansiering av næringsretta forsking i landbruks- og matnæringa.

Boks 13.2 Modernisering til berekraftig og klimavenleg gardsdrift

I forskingsprosjektet RESTORE skal dei undersøkje korleis restråstoff frå lokalt jordbruk og skogbruk kan nyttast til å danne verdifulle produkt og samstundes redusere klimautslepp. Ein viktig del av prosjektet er å demonstrere produksjon av biokol og korleis biokol kan nyttast på ulike vis til dømes i jord, i husdyrgjødsel, til reinsing, i fòr eller i kompost. Hovudformålet med prosjektet er å arbeide mot ein lokal sirkulær økonomi kor alle biologiske ressursar på Mære landbruksskole kan nyttast til sitt fulle potensial. Mære landbruksskole er prosjektleiar i tett samarbeid med SINTEF, NIBIO og Norges Geotekniske Institutt. RESTORE er eit IPN-prosjekt, finansiert gjennom BIONÆR-programmet i Noregs forskingsråd.

Forskingsprogramma BIONÆR og ENERGIX følgjer òg opp departementet sine føringar for å levere kunnskap om skog- og trebasert næringsverksemd. Programma finansierer både mindre innovasjonsprosjekt i treindustrien og store, tverrfaglege prosjekt om kva for rolle skogen har i klimasamanheng. Dei seinare åra er det innvilga prosjekt innanfor alt frå skogplanteforedling til bygging av høghus i tre. Til dømes skal forskingsprosjektet MARCSMAN skaffe ny kunnskap om korleis ein kan balansere størst mogleg produksjon etter arealet si produksjonsevne og risikofaktorar. Klimaendringane vil gjere skogen meir utsett for skadar som snøbrekk etter våtsnø, noko som fører til økonomiske tap og minkar kor mykje karbon skogen kan binde opp. Prosjektet utviklar verktøy og modellar som gjer at ein kan ta omsyn til dei nye vekstforholda. NIBIO er prosjektleiar i samarbeid med NMBU, Sveriges Lantbruksuniversitet, Institut Européen de la Forêt Cultivée (IEFC), Meterologisk Institutt, Statskog SF, Fritzøe Skoger og Norconsult. MARCSMAN er finansiert gjennom BIONÆR-programmet i Noregs forskingsråd.

Boks 13.3 Trebygg og brannsikkerheit

Tre er eit miljøvenleg og fleksibelt byggjemateriale som det er aukande etterspørsel etter. Forskingsprosjektet FIRENWOOD skal fylle kunnskapshol innan brannsikker bruk av trekonstruksjonar. Prosjektet skal blant anna sjå på eigenskapane ulike lim har i møtet med høgare temperaturar og brann. Målet er å skape eit kunnskapsgrunnlag som kan bidra til å belyse positive aspekt og unngå ugrunna negativ oppfatning av massivtrekonstruksjonar ved brann. FIRENWOOD er finansiert av ForestValue Research Programme, eit program som blir finansiert innanfor rammeverket ERA-NET Cofund «ForestValue – Innovating forest-based bioeconomy». I Noreg er det Forskingsrådet som leggjer til rette for finansiering og deltaking i ERA-NET. Prosjektet blir koordinert av RISE Fire Research i Trondheim.

Berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar

Regjeringa vil stimulere til auka landbruksproduksjon, samstundes som det skal takast omsyn til miljø og klima. Ein viktig del av dette er satsinga på bioøkonomi som regjeringa har prioritert høgt dei siste åra. Sidan regjeringa si første forskingssatsing på bioøkonomi i 2017 har mange forskingsprosjekt starta og avslutta. Prosjekta har blant anna omhandla biokol, berekraftig husdyrproduksjon, klimanøytrale veksthus og fangst av metan i fjøs.

Vidare er produksjon og bruk av fornybar energi ein viktig del av bidraget frå landbruket til å redusere utslepp av klimagassar. Hovudsatsinga på energiforsking skjer gjennom programmet ENERGIX. Prosjekta er retta mot tema som utvikling av nye og meir effektive konverteringsprosessar frå råstoff til energi, medrekna både varme og elektrisk straum. Innanfor bioenergiforskinga har områda miljø og klima, hausting av skog til produksjon av varme og drivstoff, og biogass frå husdyrgjødsel og matavfall, vore sentrale for departementet.

Boks 13.4 Kan folkefinansiering bidra til å finansiere klimatiltak i landbruket?

I forskingsprosjektet COOLCROWD har forskingsinstituttet Ruralis – i samarbeid med ein gruppe næringspartnerar frå reiselivet, landbruket og finanssektoren – undersøkt bøndene si interesse for å delta i eit lokalt folkefinansieringsprogram (crowdfunding), og viljen til privatpersonar å betale for lokale, folkefinansierte klimatiltak. Prosjektet konkluderte mellom anna med at folkefinansiering kan vere eit godt verkemiddel for å finansiere lokale bønder sine klima- og landbruksstiltak; men at det krev at ein byggjer eit forhold til dei som gir støtte, gjennom god og kontinuerleg kommunikasjon. Prosjektet er finansiert gjennom KLIMAFORSK-programmet i Noregs forskingsråd. Prosjektgruppa har bestått av Ruralis, Universitetet i Oslo, Høgskulen på Vestlandet, Norges handelshøyskole, Handelshøyskolen BI, NORSØK og ei rekkje internasjonale partnerar.

14 Vareta norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar

På landbruksområdet har Noreg slutta seg til ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, plante- og dyrehelse, skog og klima. Mange avtalar og regelverk blir fornya med jamne mellomrom. Noreg kan ha særeigne nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket. Dette kan vere løysingar som er tilpassa naturgitte forhold (plante- og dyrehelse) eller kostnadsnivået (importvernet), og som trengst for å kunne oppfylle måla for landbrukspolitikken.

Handelsavtalar

Dei sentrale avtalane for handel med landbruksvarer er WTO-avtalen, EØS-avtalen og EFTAs frihandelsavtalar. I samsvar med artikkel 19 i EØS-avtalen skal Noreg og EU gjennomgå vilkåra for handelen med basis jordbruksvarer med sikte på ei gradvis liberalisering. Avtalen skal likevel vere til fordel for begge partar og innanfor rammene av landbrukspolitikken til dei enkelte partane. Artikkel 19 har ført til auka gjensidig marknadstilgang for landbruksvarer, der ost og kjøtt er særleg viktige. Noreg og EU har inngått tre slike avtalar, den siste i 2018.

EFTA forhandlar med ei rekkje land om handelsavtalar. I august 2019 blei EFTA og Mercosur, som er eit økonomisk fellesskap mellom Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay, samde om ein frihandelsavtale. Avtalen er ikkje formelt godkjend. I juni 2021 blei EØS/EFTA-landa og Storbritannia samde om ein omfattande frihandelsavtale. For landbruk kom avtalen på plass utan at Noreg opna importkvotar for viktige produksjonar som kjøtt av storfe, sau og lam og ost. Noreg forhandlar òg framleis bilateralt om ein handelsavtale med Kina. Noreg reforhandlar også tidlegare handelsavtalar mellom anna med Chile, SACU og Mexico.

Meld. St. 29 (2014–2015) Globalisering og handel slår fast at Noregs primære handelspolitiske interesse er å bevare og styrkje det multilaterale handelssystemet. Dei siste åra har det vore lite framgang i WTO-forhandlingane. Ministerkonferansen i Buenos Aires i desember 2017 gav ikkje resultat på landbruksområdet. Neste ministerkonferanse i WTO blir i november/desember 2021 i Genève. Før denne konferansen vil det bli arbeidd vidare med forslag om endringar av pliktene som medlemslanda i WTO har, til dømes for bruken av nasjonal landbruksstøtte.

I sum utgjer dei internasjonale avtalane for handel eit omfattande sett av plikter som Noreg må overhalde når det gjeld importvern og omfang og innretting av landbruksstøtte og omfanget av eksportstøtte. Verkemiddelbruken i landbrukspolitikken må tilpassast slik at Noreg held seg innanfor gjeldande avgrensingar for bruk av støtte. Pliktene inneber òg ei omfattande årleg rapportering til WTO. Landbruk var eit sentralt tema under den handelspolitiske gjennomgangen av Noreg i WTO i juni 2018.

Matsikkerheit

Ein omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrensene krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn. Dette er naudsynt for å sikre trygg mat som oppfyller krava forbrukarane stiller, og for å kunne fremje god plante- og dyrehelse. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er naudsynt for å påverke utviklinga av standardar og regelverk for å vareta norske synspunkt og for å bidra til utvikling og utveksling av kunnskap.

Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Hovuddelen av det norske regelverket på matområdet er EØS-basert. Matområdet er ifølgje NOU 2012: 2 Utenfor og innenfor det kvantitativt største området under EØS-avtalen, med om lag 40 pst. av rettsaktene. Regjeringa legg vekt på ein aktiv Europa-politikk. Som del av oppfølginga utarbeider Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, som alle har fagansvar på matområdet, sams prioriteringar for arbeidet retta mot EU.

Noreg tek aktivt del i internasjonalt arbeid mellom anna i Codex Alimentarius Commission, ein organisasjon for matvarestandardar som ligg under FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO), og Verdshelseorganisasjonen (WHO), Verdsdyrehelseorganisasjonen (OIE) og Verdsplantehelseorganisasjonen (IPPC). Desse organisasjonane utviklar standardar som blir lagde til grunn i WTO/SPS-avtalen for handel, og som legg premissar for regelverket i EU.

Folketalet i verda er venta å auke til 9 milliardar menneske i 2050. Matproduksjonen må difor aukast med 60 pst. innan same tid. Dette er ei stor utfordring mellom anna fordi vilkåra for jordbruksproduksjon blir endra som følgje av klimaendringar og manglande tilgang på jord og vatn i mange område. Plantesjukdom og skadedyr på planter er også ein aukande trugsel og førar til store økonomiske tap. Koronapandemien har råka matforsyninga i mange land. Det er rekna at 83–132 millionar fleire menneske er råka av svolt i 2020 som følgje av pandemien. Det er òg aukande merksemd på sjukdommar som kan overførast mellom dyr og menneske (zonoosar).

Matsikkerheit står sentralt på 2030-agendaen som eitt av dei 17 berekraftsmåla FN vedtok i 2015. Berekraftsagendaen set ambisiøse mål for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling fram mot 2030. Måla gjeld alle land. Toppmøtet om berekraftige matsystem i 2021 skal betre framgangen med å redusere svolt og feilernæring, og framheve tiåret for å oppnå berekraftsmåla. Noreg deltek i arbeidet med å fremje og setje i verk løysingar som skal redusere svolt og nå berekraftsmåla. Noreg vil òg aktivt følgje opp arbeidet i Komiteen for matsikkerheit (CFS). Nye frivillige prinsipp for matsystem og ernæring legg vekt på samanhengen mellom matsystem, kosthald og ernæring.

FAOs mandat er breitt og omfattar mellom anna matsikkerheit, reduksjon av fattigdom, og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar, inkludert land, skog, vatn, luft og genetiske ressursar. FAO speler ei viktig rolle for å utvikle teknisk kunnskap, standardar og normer innan mat og landbruk. Antibiotikaresistens, biologisk mangfald, mattap og matsvinn er prioriterte arbeidsområde for Noreg i FAO.

Innsatsen for varetaking, berekraftig bruk og rettferdig deling av genetiske ressursar er viktig. Dette er følgt opp i FAOs kommisjon for genetiske ressursar og i den internasjonale plantetraktaten for mat og landbruk. Noreg vil framleis vere eit aktiv medlem i desse organa, med særskild merksemd på mellom anna rettane til bønder. Regjeringa la i juni 2019 fram ein handlingsplan for berekraftige matsystem. Regjeringa vil i sterkare grad prioritere arbeid med matsikkerheit innan utviklingspolitikken med bakgrunn i dei store utfordringane innanfor global matforsyning framover.

Internasjonalt skogsamarbeid

Landa i Europa samarbeider framleis i FOREST EUROPE og vil utvikle dette samarbeidet vidare. Etter ministerkonferansen i Bratislava i 2021, tok Tyskland over leiarskapen frå Slovakia. Viktige arbeidsområde under den tyske leiarskapen vil vere europeisk samarbeid for å hindre og handtere skogskadar, grøne arbeidsplassar og berekraftig skogforvaltning for å møte samfunnsutfordringar.

FNs skogforum (UNFF), er ein viktig arena i arbeidet med å fremje forståinga av berekraftig skogforvaltning globalt. I dei siste åra er det arbeidd med å implementere den strategiske planen for arbeidet med skog i FN som blei vedteken i 2017. Den strategiske planen er eit viktig steg i arbeidet med å sikre ei heilskapleg tilnærming til berekraftig skogforvaltning i FN. Det regionale skogsamarbeidet i FN-regi skjer gjennom FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) og FAOs europeiske skogkommisjon. Noreg deltek òg her.

Forutan arbeidet med matsikkerheit er FAO ein viktig aktør for å fremje berekraftig skogforvaltning og har ei særleg viktig rolle i samarbeidet med land om ressursoversikter og kartlegging av utviklinga i forvaltning av skogressursane. FAO fremjar kunnskap om den rolla skogen spelar innanfor matsikkerheit. FAO leier og koordinerer samarbeidet mellom dei ulike organa i FN og andre institusjonar som er engasjerte i skogspørsmål, det såkalla Collaborative Partnership on Forests (CPF).

Noreg støttar opp om arbeidet i European Forest Institute (EFI), som er eit forskingsnettverk basert på ein mellomstatleg konvensjon der Noreg er part. Instituttet forskar mellom anna på utviklinga av skognæringa i Europa og gjer eit omfattande arbeid knytt til rammevilkår for sektoren. EFI produserer eit viktig kunnskapsgrunnlag for europeiske styresmakter innanfor økonomi, klima, andre rammevilkår og internasjonal konkurranse i skognæringa.

Noreg er òg medlem i to andre regionale skogsamarbeid; skognettverket Barents Forest Sector Network innanfor Barents-samarbeidet med Finland, Russland og Sverige, og eit sirkumborealt samarbeid der òg Canada og USA deltek. Noreg overtok formannskapet i Barents Forest Sector Network i oktober 2019 og hadde formannskapet til oktober 2021.

Nordisk samarbeid

Ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) arbeider for ein berekraftig og konkurransedyktig bruk av naturressursar, mellom anna dei genetiske ressursane. Det er eit mål å skape meirverdi og nordisk nytte for dei enkelte landa og innbyggjarane gjennom sams nordisk innsats. Samarbeidsministrane sin visjon om at Norden skal bli verdas mest berekraftige og integrerte region, og dei strategiske prioriteringane for eit grønt, konkurransedyktig og inkluderande Norden, ligg til grunn for arbeidet.

Aktiviteten i MR-FJLS fell naturleg inn under visjon og prioriteringar, og eit eige tverrsektorielt samarbeidsprogram 2021–2024 er utarbeidd i tråd med det. Eit sentralt tema er korleis arbeide for at bioøkonomien, både blå og grøn, kan bidra til auka verdiskaping og omstilling i rurale område. Samarbeidet omkring berekraftig proteinproduksjon i Norden vil halde fram. Det same gjeld samarbeidet om kunnskapsutvikling knytt til karbonbinding og karbonlagring i jord.

Det er viktig å synleggjere at karbonbinding og karbonlagring potensielt kan vere eit viktig og positivt bidrag frå landbrukssektoren til å løyse klimautfordringane. Det er ønskjeleg at samarbeidet skal bidra til å utvikle gode metodar for måling og rapportering av endringar i karbonlageret i jord.

Samarbeidet om bevaring og bruk av genressursar gjennom NordGen er godt, og vil halde fram. Dei nordiske landa har òg starta eit samarbeid for å redusere omfanget av villsvin i Norden. Antibiotikaresistens og klimautfordringar er andre tema for samarbeidet framover. Etter det digitale ministermøtet i juni 2021 vil oppfølging av FNs mat-toppmøte vere på dagsorden i 2022, mellom anna med tema knytte til mattryggleik.

15 Oppfølging av likestillings- og diskrimineringslova

Likestilling i landbruket

Det er eit mål i landbrukspolitikken at kvinner og menn skal ha dei same moglegheitene til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og landbruksbaserte næringar. Haldningsskapande arbeid, økonomiske verkemiddel og gode, funksjonelle velferdsordningar er viktige for å bidra til likestilling og rekruttering til landbruket over heile landet.

Landbrukssektoren har over tid arbeidd målretta med å få fleire kvinner til å etablere seg i næringa. Fleire verkemiddel i jordbruksavtalen er innretta slik at dei skal stimulere til næringsutvikling, fleire nyetableringar og vekstbedrifter. For delar av desse ordningane er kvinner og næringsdrivande under 35 år særskild prioriterte. I 2020 blei litt over halvparten av tilskottsmidlane over investerings- og bedriftsutviklingsordninga i landbruket innvilga til kvinner. Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping (lokalmat, reiseliv og Inn på tunet m.m) skal stimulere vekstbedrifter og bygging av bedriftsnettverk og kompetanse. Satsing på sirkulærøkonomi, bioøkonomi og teknologiutvikling i og i tilknyting til landbruket vil vere viktig i framtida og krevje ny kompetanse. Regjeringa vil skape interesse og gode forhold for innovasjon og entreprenørskap både hos menn og kvinner som kan støtte opp om ei positiv utvikling.

Statistikk frå søknad om produksjonstilskott viser at det i 2020 var i underkant av 36 700 enkeltpersonføretak (verksemder med personleg brukar) i jordbruket. Av desse var 16,6 pst. kvinner. I 2019 var talet på jordbruksføretak drivne av kvinner 16,4 pst., mens det var på 12,9 pst. i 1999. Denne statistikken gir likevel ikkje eit fullstendig bilete av kvinnene si samla deltaking i drifta av norske jordbruksføretak. Ei årsak til dette er at det berre er éin person som kan stå oppført som søkjar per enkeltpersonføretak. Det er òg mange kvinner som deltek i drifta på gardsbruk som ikkje er drivne som enkeltpersonføretak. For slike verksemder har ein ikkje informasjon om det er menn eller kvinner som deltek i drifta.

Dei siste åra har talet på kvinnelege eigarar av landbrukseigedommar auka noko. I følgje tal frå SSB var det ved utgangen av 2020 180 087 landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal. På 67 pst. av eigedommane er det mannleg eigar, mens kvinner eigde 26 pst. av eigedommane. For dei resterande eigedommane er eigaren til dømes eit aksjeselskap, anna selskap, ein utanlandsk eigar eller at eigaren ikkje er oppgitt.

Resultatkontroll for gjennomføringa av landbrukspolitikken er ei årleg utreiing og publikasjon frå Budsjettnemnda for jordbruket. Resultatkontrollen viser utviklinga i jordbruket i relasjon til dei mål og retningsliner Stortinget har trekt opp. Resultatkontrollen inneheld oppdatert statistikk for kjønnsfordelinga innan landbruket i tillegg til den historiske utviklinga på dette området.

Arbeidsforbruket i jordbruket går ned både for kvinner og menn, men reduksjonen er sterkare for kvinner. I 2019/2020 utførte kvinner 22 pst. av arbeidet, mot 26 pst. i 1989/1990.

Tal frå 2019 viser at gjennomsnittsalderen for kvinnelege eigarar er litt høgare enn for menn, høvesvis 60,2 år og 58,1 år. Gjennomsnittsalderen for kvinner som driv jordbruksverksemder er gjennomgåande litt lågare enn for menn. Gjennomsnittsalderen for aktive kvinnelege brukarar er i 2020 på 49,4 år, noko som er 3,5 år lågare enn for menn. Kvinnelege brukarar er i gjennomsnitt 11 år yngre enn alle kvinnelege eigarar av landbrukseigedom. Det kan over tid sjå ut til at kvinner i mindre grad tek over jordbruksbedrifter for å drive jordbruk sjølve. Det er i mange samanhengar òg peika på at gardsoverdragingar til kvinner ofte gjeld enker som eig garden i ein overgangsperiode.

Tal frå SSB for 2019 viser at det for nye eigarar er vanlegare med høgare utdanning blant kvinner enn blant menn. I aldersgruppa under 39 år har 55,6 pst. av kvinnene og 23,9 pst. av mennene utdanning på universitets- og høgskulenivå, som er ein liten oppgang for begge gruppene frå 2018.

Innanfor det tradisjonelle jordbruket er kvinnedelen høgast blant bønder med hestar og/eller geiter og innanfor saueproduksjon. Kvinnedelen er lågast blant storfeprodusentar. Kvinner driv generelt jordbruksverksemder med mindre areal enn menn.

Dei siste 10–20 åra har utviklinga av andre landbruksbaserte næringar innanfor lokalmat, reiseliv, velferdstenester med garden som arena til skule, omsorg og arbeid (Inn på tunet) og serviceyting generelt vore god. Utvikling av entreprenørskapsverksemd på desse områda krev ofte anna kompetanse enn den tradisjonelle landbruksfaglege kompetansen. Kvinner er særleg aktive innan desse næringane.

Kvinner har i fleire år blitt prioriterte ved tildeling av midlar over jordbruksavtalen til investering og bedriftsutvikling (IBU-midlar) i landbruket. Kvinneretta tiltak er definert som tiltak som primært har kvinner som målgruppe, gir sysselsetjing hovudsakeleg for kvinner eller har kvinnelege søkjarar. Prosentdelen kvinnelege mottakarar av investerings- og bedriftsutviklingstilskott er framleis høg, særskild innanfor landbruksbasert næringsutvikling utanom tradisjonelt jord- og skogbruk.

Midlane til investeringar og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlane) er landsdekkjande og inkluderer tilskott til etablering av ny verksemd (etablerartilskott), tilskott til bedriftsutvikling, tilskott til investeringar i produksjonsanlegg, tilskott til gjødsellager, tilskott til investeringar i frukt- og bærdyrking og tilskott til investeringar i samband med generasjonsskifte. For 2020 blei det løyvd totalt 644 mill. kroner over ordninga. Innovasjon Norge rapporterer kvart år på kjønns- og aldersfordelinga av midlane, jf tabell 15.1, 15.2 og 15.3.

Tabell 15.1 Midlar til investering og bedriftsutvikling til tradisjonelt jord-, hage- og skogbruk, inkl. øyremerkingar frukt og grønt

År

Tilskott totalt

Tilskott (mill. kroner)

Tilskott kvinner

Tilskott kvinner (mill. kroner)

2020

757

546,2

350

272,3

2019

760

536,8

318

249,8

Tabell 15.2 Midlar til investering og bedriftsutvikling til andre landbruksbaserte næringar

År

Tilskott totalt

Tilskott (mill. kroner)

Tilskott kvinner

Tilskott kvinner (mill. kroner)

2020

295

98,2

220

73,2

2019

399

100,9

278

69,0

Tabell 15.3 Verknad av midlar til investerings og bedriftsutvikling på sysselsetting, for andre landbruksbaserte næringar

År

Årsverk

til saman

Årsverk, kvinner

Tilskott (mill. kroner)

Tilskott per årsverk (mill. kroner)

Innvilga tilskott, kvinner (mill. kroner)

Tilskott per årsverk, kvinner (mill. kroner)

2020

288

163

98,2

0,341

73,2

0,449

2019

381

207

93,8

0,246

62,9

0,304

Innovasjon Norge peikar i årsrapporten for 2020 på at årsaka til ein relativt stor prosentdel kvinneretta tilsegner innanfor landbruksbaserte næringar kan vere eit resultat av ei planlagd satsing på kvinnetiltak, ulike handlingsplanar, eit godt fungerande nettverk og informasjons- og mobiliseringsarbeid.

Landbruks- og matdepartementet har bedt Innovasjon Norge om å arbeide vidare for å auke kvinnerepresentasjonen i styre og i leiinga for verksemder som tek imot støtte, og å synleggjere statistikk knytt til utviklinga innanfor aktuelle program og tenester.

Dei fylkesvise midlane til rekruttering og kompetansebyggjande tiltak er retta inn mot næringsutøvarar med mål om å bidra til auka verdiskaping i landbruket. Midlane skal òg nyttast til likestillingstiltak i næringa. For 2020 blei det mellom anna gitt midlar til fagsamling for kvinner i skogbruket og ulike kurs for kvinner som har husdyr.

Velferdsordningane i jordbruket

Gode velferdsordningar i landbruket er viktig for å bidra til rekruttering og landbruk over heile landet. Tilskott til avløysing ved ferie og fritid bidreg til finansiering av leigd arbeidshjelp, og på den måten til at husdyrprodusentane kan ta ferie og få ordna fritid. Satsane for avløysartilskott ved ferie og fritid blei ved jordbruksoppgjeret 2021 auka med 2,33 pst., og maksimalt avløysartilskott per jordbruksføretak blei heva med 2 000 kroner til 87 800 kroner. Saman med auken i satsar og maksimalbeløp ved jordbruksoppgjera i 2019 og 2020, inneber dette at avløysartilskotet har blitt vesentleg styrkt i dei siste åra. Sjå nærare omtale under kapittel 1150, post 78.

Ved jordbruksoppgjeret 2021 blei satsane for avløysartilskot ved sjukdom og fødsel mv. vidareførte. Ved jordbruksoppgjeret 2020 var avtalepartane samde om å auke talet på avløysardagar frå 20 til 30 dagar per forelder per år, og for aleineforeldre til 60 dagar per år.

Etter føresegna om tidlegpensjon for jordbrukarar skal ordninga bidra til å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av sine inntekter frå jordbruk/gartneri og skogbruk. I jordbruksoppgjeret 2021 blei det fremja forslag om at statsforvaltaren skal få større moglegheit til å dispensere frå krav i forskrifta.

Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket skal finansiere meirutbetalinga av sjukepengar til jordbrukarar, slik at dei kan få denne ytinga på nivå med arbeidstakarar. Sjå nærare omtale under kapittel 1150, post 78.

Likestilling i skogbruket

Det er framleis langt fleire menn enn kvinner som arbeider innan skog- og trenæringa. Tal frå Statistisk sentralbyrå frå 2015 viser at av rundt 6 100 personar som er sysselsette i skogbruket er rundt 18 pst. kvinner. I eit av dei største skogandelslaga i Noreg, er kvinnedelen rundt 14 pst. i dag. Mange aktørar innan sektoren har målsetjing om å rekruttere fleire kvinner. Ein av dei viktigaste årsakene til dette er behovet som næringa har for best mogleg kompetanse. Det blir arbeidd med å synleggjere mangfaldet i bransjen og gjennomført ulike tiltak for å gjere arbeidsplassar og arbeidsoppgåver meir attraktive for kvinner. Delen kvinner som blir uteksaminert frå skogstudia i Noreg er på rundt 20 pst., noko som er lågare enn fleire av våre naboland. Det er starta opp eit forskingsprosjekt (2021–2022) som skal sjå nærare på kvinner i skogbruket. Prosjektet er leia av Høgskolen i Innlandet, saman med Noregs miljø- og biovitskaplege universitet der òg Glommen Mjøsen Skog, Kvinner i skogbruket og Skogbrukets Kursinstitutt deltek.

Kvinner i skogbruket er ein frittståande, uavhengig organisasjon som har til formål å motivere kvinner til deltaking og engasjement på alle plan innanfor skogbruket, og leggje vekt på samhald og samarbeid. Organisasjonen blei stifta i 1986 og er landsomfattande. Den er open for alle med interesse for skogbruk, men rettar seg spesielt mot kvinner. Landbruks- og matdepartementet har løyvd midlar til Kvinner i skogbruket over kap. 1138, post 70 Støtte til organisasjonar over fleire år. Støtta for 2021 er på 170 000 kroner. Kvinner i skogbruket har etablert kontakt og deltek i nordiske og internasjonale forum på området.

Velg Skog arbeider med rekruttering, kompetanse og omdømmebygging for skognæringa. Næringa sitt behov for betre likestilling er ein del av dette arbeidet. Velg Skog blir mellom anna finansiert med midlar over jordbruksavtalen kap. 1150, post 50 Landbrukets utviklingsfond. Støtta for 2021 er på 1 mill. kroner.

Likestilling i reindrifta

Arbeidet med likestilling i reindrifta i Noreg krev ein samla innsats frå fleire aktørar, både frå det offentlege, frå næringa sjølv og frå organisasjonar i næringa.

I 2020 var 74 kvinner eigar av sin eigen siidaandel, noko som utgjer om lag 14 pst. av alle siidaandelar. Dette er om lag på same nivå som tidlegare år. I tillegg er det 115 siidaandelar som er eigd av mann og kvinne i fellesskap. Dersom ein tek med felles siidaandelar, utgjer siidaandelar eigd av kvinner 35 pst.

151 årsverk blei utførte av kvinner i 2019. Dette utgjer 16 pst. av alle årsverk. I 2020 hadde kvinner 26 pst. av det samla reintalet i Noreg.

Frå 2019 blir det gitt eit særskild driftstilskott over reindriftsavtalen til kvinner som er leiar av siidaandel, og som har reindrift som hovudnæring. I Reindriftsavtalen 2021/2022 blei det gjort ei endring i ordninga, slik at kravet til delen inntekt som kjem frå sal av avgiftspliktig rein er det same som for andre tilskottsordningar. I tillegg kan kvinneretta tiltak få støtte over Reindriftens utviklingsfond. Norske reindriftsamers landsforbund (NRL) kan òg søkje om midlar til utviklingsprosjekt for å fremje likestilling. Det kan òg søkjast om tilskott for å støtte opp om den familiebaserte reindrifta, ektefelle-/sambuartillegg. I Reindriftsavtalen 2021/2022 er vilkåra for denne ordninga endra slik at tilskottet berre kan tildelast felles siidaandelar.

I Reindriftsavtalen 2021/2022 har avtalepartane understreka at det er eit mål å styrkje deltakinga frå kvinner i reindrifta. NRL skal ta omsyn til kjønnsfordeling ved val av styre og lokallag. Avtalepartane er òg samde om at styra for reinbeitedistrikta, så langt det er mogleg, bør ha kjønnsbalanse.

Likestilling og mangfald i Landbruks- og matdepartementet

Det følgjer av likestillings- og diskrimineringslova § 26 at alle arbeidsgivarar skal, innanfor si verksemd, arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremje likestilling og hindre diskriminering på grunnlag av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk eller ein kombinasjon av desse grunnlaga.

Departementet har gjennomført målretta analysar av rekrutterings- og tilsetjingspraksis i departementet og kva som påverkar dette. Analysane skal brukast til å vurdere mangfaldet i departementet, identifisere risikoar, finne årsaker til eventuell diskriminering og avdekkje hinder for likestilling. Analysane og forslag til tiltak er drøfta med leiinga og dei tillitsvalgte. I tillegg blir det gjennomført ein personalanalyse som skal finne eventuelle samanhengar mellom til dømes kjønn, minoritetsbakgrunn og andre variablar på til dømes lønsutvikling. På bakgrunn av mellom anna dette blir det utarbeida tiltak som kan vere eigna til å fremje likestilling og mangfald, og motverke diskriminering. Døme på tiltak er gjennomgang og revidering av departementet sine rekrutteringsrutinar og kompetansestrategi. Profilering av stillingar, formuleringar og krav og på kva måte krava blir lagt vekt på er arbeid som departementet har gjennomført. Arbeidet held fram i 2021.

Departementet og sektoren har hatt stor merksemd på inkluderingsdugnaden i 2020. Det er mellom anna laga ein handlingsplan for sektoren. Sjølv om handlingsplanen primært gjeld for målgruppa til dugnaden, er den òg eigna til å omfatte mangfald og likestilling for departementet som arbeidsgivar på generell basis. Regjeringa har sett eit mål om at 5 pst. av nytilsette i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller som har hol i CV-en. For å nå dette målet, har departementet mellom anna inngått ein avtale med NAV om å finne aktuelle kandidatar, som oppfyller krava i inkluderingsdugnaden, til relevante ledige stillingar i departementet. For 2020 var måloppnåinga for slike tilsetjingar i departementet på 4,8 pst.

Departementet har ført vidare samarbeidet med Fontenehuset. Denne ordninga gir personar som har falle utanfor arbeidslivet arbeidserfaring i departementet i opp til seks månadar. Departementet har sidan 2014 arbeidd systematisk med satsinga på lærlingar, og har for tida eit velfungerande prosjekt saman med Kommunal- og moderniseringsdepartementet og OKStat. Dette prosjektet vil vare ut 2022.

Landbruks- og matdepartementet har over lang tid hatt merksemd på kjønnsbalanse på leiarnivå og i dei ulike stillingskategoriane i departementet. Lønsskilnaden mellom kvinner og menn i departementet er liten. I departementet er 59 pst. kvinner, kvinnene er også i fleirtal i sakshandsamargruppa og blant toppleiarane. Det er om lag like mange mannlege og kvinnelege mellomleiarar med personalansvar. Sjå òg tabell 15.4 for detaljar.

For omtale av likestilling i dei underliggjande verksemdene, sjå dei respektive årsrapportane.

Landbruks- og matdepartementet sitt arbeid med å hindre diskriminering

Det følgjer av likestillings- og diskrimineringslova § 24 at offentlege styresmakter skal, i alt sitt virke, arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremje likestilling og hindre diskriminering. Det skal greiast ut korleis det blir arbeidd med å sikre at departementet førebyggjer diskriminering.

Departementet sitt hovudansvar omfattar òg dei underliggjande verksemdene Mattilsynet, Landbruksdirektoratet, Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet. I tillegg har departementet eit indirekte ansvar for følgjande verksemder: Graminor AS, Innovasjon Norge, Kimen Såvarelaboratoriet AS, Noregs forskingsråd, Statsforvaltaren, Statskog SF og Stiftelsen norsk mat.

Oppfølginga i departementet av aktivitets- og redegjerelsesplikta (ARP) for myndigheitsutøvarar blei forseinka som følgje av koronapandemien. Arbeidet blei sett i gang andre halvår 2020 og har hatt god framdrift i 2021.

Departementet arbeidde hausten 2021 mellom anna med å kartleggje og analysere risiko for diskriminering innan sitt ansvarsområde. Det inneber òg å avdekkje utilsikta diskriminering hos underliggjande verksemder.

Det er planlagt ein gjennomgang av om departementet sitt regelverk mv., kan føre til utilsikta diskriminering for verksemder som ikkje direkte er underliggjande, men som forvaltar budsjettmidler, lover, forskrifter og regelverk innan Landbruks- og matdepartementets ansvarsområde.

Konsekvensar av koronoapandemien på likestilling

Som offentleg styresmakt er departementa forplikta til å vurdere likestillingskonsekvensar i alt sitt arbeid, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 24 første ledd. Stortinget har i vedtak nr. 537 (2019–2020) bedt regjeringa kartleggje effekten av koronapandemien på likestillingsfeltet, og komme tilbake til Stortinget med resultat og funn på eigna måte. Landbruks- og matdepartementet vil gi ei overordna oversikt over konsekvensar som følgje av koronapandemien på likestilling i 2020 og så langt i 2021 innanfor sektoren. Departementet viser elles til Kulturdepartementet sin Prop. 1 S for ei samla oversikt over konsekvensar som følgje av koronapandemien på likestilling.

Reindrift

Då grensene blei stengde blei det etablert ei ordning der dei reindriftsutøvarene som måtte krysse grensa for å arbeide med rein fekk unntak frå karantenereglane. Det var i hovudsak mannen som flytta med reinen over grensa og resten av storfamilien blei igjen.

Dette kan i enkelte tilfelle ha gjort at det i større grad er mannen som har følgt opp arbeidet med reinen under pandemien.

Nye næringar

Innanfor nye næringar i landbruket som til dømes lokalmat, reiseliv og «Inn på tunet», er det større representasjon av kvinnelege bedriftseigarar enn i næringa elles. Det er også desse bedriftene som har blitt særskild råka av koronapandemien i landbruket.

Tabell 15.4 Rapportering likestilling – del 1

Kjønnsbalanse

Løn

Tal menn

Menn (pst.)

Tal kvinner

Kvinner (pst.)

Total (N)

Menn (kr)

Kvinner (kr)

Kvinner pst. av menn si løn

Til saman i virksomheten

2020

58

41

83

59

141

753 846

698 295

93

2019

60

43

80

57

140

761 951

681 157

89

Toppleiing (departementsråd, kommunikasjonssjef og ekspedisjonssjefar)

2020

2

33

4

67

6

1 230 000

1 340 000

109

2019

3

60

2

40

5

1 333 333

1 292 500

97

Mellomleiing (avdelingsdirektørar)

2020

9

47

8

53

17

908 945

894 626

98

2019

10

53

9

47

19

884 443

897 492

101

Kategori 1 (spesialrådgivarar, fagdirektørar, underdirektørar, arkivleiar og prosjektleiarar)

2020

18

64

10

36

28

820 022

752 650

92

2019

17

65

9

35

26

823 392

740 741

90

Kategori 2 (seniorrådgivarar)

2020

23

34

44

60

67

655 903

646 063

98

2019

26

36

45

64

71

647 086

643 022

99

Kategori 3 (rådgivarar)

2020

5

25

15

75

20

539 700

565 548

105

2019

4

25

12

75

16

512 675

559 515

109

Kategori 4 (førstekonsulentar, seniorkonsulentar)

2020

-

-

-

-

3

-

-

-

2019

-

-

3

100

3

-

504 433

-

Tabell 15.5 Rapportering likestilling – del 2

Deltid

Mellombels tilsetjing

Foreldrepermisjon

Sjukefråvær1

Menn (pst.)

Kvinner (pst.)

Menn (pst.)

Kvinner (pst.)

Menn (pst)

Kvinner (pst.)

Menn (pst.)

Kvinner (pst.)

2020

6,9

4,8

3,4

4,8

1,7

4,8

2,5

4,7

2019

5,0

15,0

6,7

2,5

0,0

6,3

3,2

6,5

1 Tala er totalt sjukefråvær (både eigenmeldt og legemeldt) fordelte på kjønn.

16 Oversikt over lønsvilkåra til leiarar i heileigde statlege verksemder

Tabell 16.1 Statskog SF

Utgifter 2020

Kroner

Løn, adm. dir

1 857 000

Pensjonsutgifter

139 000

Anna godtgjersle

13 000

Tabell 16.2 Staur gård AS (avvikla 31.12.2020)

Utgifter 2020

Kroner

Løn, dagleg leiar

1 324 469

Pensjonsutgifter

182 423

Anna godtgjersle

525 072

Fotnotar

1.

Utslipp til luft (ssb.no)

Til forsida av dokumentet