Del 3
Omtale av særlege tema

4 Informasjonssakar

4.1 Ny godtgjeringsmodell for reservistar

Det har over tid vore arbeidt med å forskriftsfesta ein godtgjeringsmodell i Forsvaret, som inneber ei harmonisering med godtgjeringsmodellen som vart innført for Sivilforsvaret i 2018. Forslag til forskrift om godtgjøring til reservister i Forsvaret mv. vart sendt på høyring og avslutta 25. november 2024. Det har vore ein ambisjon om at ny godtgjeringsmodell skulle vore sett i kraft i 2025. Vurdering og oppfølging av høyringssvara er enno pågåande.

4.2 Totalforsvaret

Regjeringa arbeider med å vidareutvikla eit totalforsvar som er meir aktivt i det daglege og førebudd på krig. Det inneber å sikra at nasjonale og allierte styrkar får den støtta dei treng frå det sivile samfunnet i krig og når krig truar. Eit sivilsamfunn si evne til å støtta alliert og nasjonal militær innsats bidreg til både truverdig avskrekking og kampkraft, og støttar opp under NATO som ein truverdig og effektiv garantist for Noreg og allierte sin tryggleik. Planlegginga av sivil støtte til militær forsvarskamp føreset oversikt over militære og sivile behov i krig. Dei militære behova vert utleidde av det militære planverket, som no er i endring.

Den overordna prioriteten for støtte til militær forsvarskamp i 2025 er arbeidet med å førebu implementeringa av NATO sitt nye vertslandstøttekonsept. Noreg er, saman med Tyskland og Nederland valt som pilotland for å implementera det nye konseptet, som vart vedteke på NATO sitt toppmøte i juli 2024. Det nye vertslandstøttekonseptet stiller nye og utvida krav til såkalla Minimum Operational Requirements (MOR). Dette er alt frå forsyningar og infrastruktur til varer og tenester som må vera på plass for å støtta opp under allierte styrkar på norsk jord.

Noregs samla forsvarsevne er avhengig av nødvendig støtte frå sivilsamfunnet gjennom totalforsvaret. Regjeringa arbeider med ein langtidsplan for sivil beredskap, som varsla i Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldinga, etter tilråding frå Totalberedskapskommisjonen. Denne vil utfylla langtidsplanen for forsvarssektoren når det gjeld den heilskaplege utviklinga av totalforsvaret.

På NATO sitt toppmøte i juni 2025 vart det vedteke at alle allierte skal bruka 5 pst. av brutto nasjonalprodukt (BNP) på forsvar innan 3032, fordelt på 3,5 pst. til forsvarsutgifter i samsvar med dagens definisjon, og 1,5 pst. til forsvars- og tryggingsrelaterte mål. Dette vil vera utgifter som støttar opp under NATO og nasjonane sine planverk, støttar opp under kapasitet og innovasjon i forsvarsindustrien, fremjar sivil motstandskraft og beredskap, støttar NATOs partnarland, og motverkar samansette truslar. Regjeringa arbeider no med å konkretisera kva som skal inngå i det nye prosentmålet frå norsk side, med utgangspunkt i ein «Whole of Society»-tilnærming. Dette er i tråd med satsinga på totalforsvar og samfunnstryggleik.

Riksrevisjonen la i mai fram ei undersøking av totalforsvaret i sikkerheitspolitisk krise og krig (Dok 3:11 (2024–2025). Undersøkinga retta seg mot Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet. Målet var todelt: Å vurdera sivile totalforsvarsaktørar si evne til å støtta militære behov på lokalt og regionalt nivå, og å undersøka kva konsekvensar utfordringane som Totalberedskapskommisjonen peikte på har for totalforsvarsaktørar på regionalt og lokalt nivå. På bakgrunn av undersøkinga ga Riksrevisjonen tilråding om tydelegare styring, betre samordning og auka framdrift i totalforsvarsarbeidet. Regjeringa vil følga opp tilrådingane i gjennomføringa av langtidsplanen for forsvarssektoren, reformprogrammet Forsvarssektoren 24, etatsstyring i sektoren og gjennom auka fokus på tverrsektorielt samarbeid på lokalt, regionalt og sentralt nivå. Vidare vil innføringa av NATO sitt nye vertslandsstøttekonsept bidra til at Forsvaret sitt behov for sivil støtte i krise og krig blir tydeleggjort. Det er ei betydeleg satsing på sivil understøtting av militær innsats i det nordiske samarbeidet og i NATO. Riksrevisjonen sine funn og tilrådingar er viktige og vil bli tatt inn i det vidare forbetringsarbeidet.

4.3 Førebyggjande tryggleik

Formålet med lov om nasjonal tryggleik (tryggleikslova) er å sikra dei nasjonale tryggleiksinteressene våre og å førebyggja, avdekkja og motverka tryggleikstrugande verksemd. Dei nasjonale tryggleiksinteressene vert verna ved at departementa identifiserer grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde. Verksemder av avgjerande betydning for GNF vert underlagt tryggleikslova, og nødvendige sikringstiltak for verdifulle verdiar vert gjennomførte. For å ivareta lova sitt formål, er GNF-prosessen ein kontinuerleg prosess. Denne prosessen kan føre til endringar når det gjeld identifiserte funksjonar og verdifulle verdiar, kva verksemder som er av vesentleg og avgjerande betydning, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Krava for å oppnå eit forsvarleg tryggleiksnivå kan òg endrast.

Forsvarsdepartementet har identifisert følgande grunnleggande nasjonale funksjonar i eigen sektor:

GNF 1: Situasjonsforståing – Evna til etterretning, situasjonsforståing og rettidig varsling.

GNF 2: Innsats– Evna til å handtera episodar og tryggleikspolitiske kriser og om naudsynt forsvara norsk eller alliert territorium.

GNF 3: Kommando og kontroll– Evna til kommando og kontroll over norske og allierte styrkar.

GNF 4: Vern– Evna til vern av norske og allierte styrkar, kritiske samfunnsfunksjonar, og kritiske funksjonar for Forsvaret.

GNF 5: Forsvarsdepartementet si verksemd, handlefridom og avgjerdsevne. Dette omfattar departementet si rolle som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit, og styring og oppfølging av underliggande verksemder, samt departementet sine beredskapsfunksjonar.

Forsvarsdepartementet har etablert ei oversikt over verksemder som er av vesentleg betydning, og har òg fatta vedtak om underlegging av tryggleikslova for verksemder av avgjerande betydning. Dette er eit kontinuerleg arbeid.

Forsvarsdepartementet gjennomfører årleg revisjon av forsvarssektoren sine verdifulle objekt og infrastruktur. Sidan 2019 har denne vorte utført på bakgrunn av nytt regelverk og i tråd med identifiserte GNF. Det vart sett i gang eit omfattande arbeid for grunnsikring av verdifulle objekt gjennom etableringa av eit eige investeringsprogram. Dette programmet er no avslutta, og det vert vist til omtale av dette i Del II, 3.

Forsvaret opplyser at det framleis er utfordringar med måloppnåing. Det er fleire pågåande prosessar for å styrka tryggleikstilstanden for Forsvaret sine verdifulle objekt, særleg innan teknologiske tiltak. Strategisk elektronisk sikring skal bidra til betre evne til deteksjon og verifisering. NATOs Infrastructure Assessment som fellesoperativ prosess har som mål å klassifisere og verne oppdragskritisk infrastruktur. Innan organisatoriske tiltak har Forsvaret nyetablerte kurs i risikovurdering. Forsvaret meiner dette vil gi eit betydeleg løft for tryggleiksorganisasjonen sitt kompetansenivå.

Deler av utfordringsbildet er knytt til tryggleiksstyring. Forsvaret er ein stor og kompleks organisasjon med eit stort tal verdifulle objekt. Dette, sett i samanheng med tryggleikslova sine funksjonelle krav, betyr at tryggleiksstyringa må styrkast og utviklast. Vidare er det behov for å sementera ei felles forståing av den rettslege standarden forsvarleg tryggleiksnivå. Dette arbeidet er pågåande.

Dagens tryggleikslov set krav til vern av informasjonssystem gjennom at informasjonssystem som i seg sjølv er av avgjerande betydning for grunnleggjande nasjonale funksjonar, skal vernast etter lova. Forsvarssektoren nyttar eit stort tal system med varierande kompleksitet og utbreiing. Forsvaret og Forsvarsmateriell har utfordringar knytt til å verna systema som er i bruk i samsvar med lovpålagde krav. Forsvarsdepartementet si særskilde oppfølging av Forsvaret og Forsvarsmateriell sitt arbeid innan informasjonstryggleik har gitt resultat og vil vidareførast så lenge det er behov for det, men det vil ta tid før statusen er tilfredsstillande. Tryggleikstilstanden i IKT-porteføljen vert påverka av andre utfordringar på IKT-området. Den gjeldande IKT-strategien for forsvarssektoren er utforma for å møta desse. Vidare oppfølging av tiltaksområda i strategien og funn frå Riksrevisjonen si undersøking av Forsvaret sine informasjonssystem for kommunikasjon og informasjonsutveksling i operasjonar er derfor viktig også frå eit tryggleiksperspektiv.

Forsvarsdepartementet har utarbeidd eit nytt konsept for tryggleiksgodkjenning av verdifulle informasjonssystem i forsvarssektoren. Konseptet inneber ei rekkje prinsipielle avklaringar som adresserer utfordringar i dagens prosess, og har som mål å styrka IKT-tryggleiken i sektoren. Forsvaret rapporterer at det pågår ei rekkje tiltak innanfor IKT-tryggleiksområdet, særleg knytt til IKT-tryggleiksstyring.

Oppsummert vurderer Forsvarsdepartementet at det viktigaste tiltaket for å tilfredsstille tryggleikslova sine krav er å styrka tryggleiksstyringa i forsvarssektoren. Dette gjeld særleg aksen Forsvarsdepartementet, Forsvaret og leverandøretatane. Forsvarsdepartementet har derfor beslutta å ta tak i desse utfordringane , samt andre utfordringar, i det pågåande moderniserings- og effektiviseringsarbeidet gjennom prosjektet Forsvarssektoren 2025 – Tryggleik.

4.4 Sikkerhetsklarering

Stortinget ved kontroll- og konstitusjonskomiteen følgde opp EOS-utvalets kritikk av den lange saksbehandlingstiden i saker om tryggleiksklarering med følgjande vedtak «Stortinget ber regjeringen på egnet og innen rimelig tid komme tilbake til Stortinget med konkrete tiltak for å redusere saksbehandlingstiden i klareringssaker» (Innst. 393 S (2024–2025) til Dok 7 (2024–2025)). Vedtaket er under oppfølging. Regjeringa har beslutta å starte eit arbeid med å modernisere klareringsinstituttet til eit system rusta for fremtida. Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet er i gang med dette arbeidet. Til grunn for arbeidet har Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet fått ei utgreiing om korleis klareringsinstituttet bør organiserast, som blei levert i midten av juni 2025. Rapporten, saman med rapporten frå Gjedrem II-utvalet, er no til behandling i Forsvarsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet.

4.5 Tilskot i Nansen-programmet

Stortinget vedtok i forbindelse med behandlinga av nysalderingen 2024 (Innst. 84 S (2024–2025) til Prop. 19 S (2024–2025)) og i forbindelse med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2025 (Innst. 540 S (2024–2025) til Prop. 146 S (2024–2025)) eit unntak for Forsvarsdepartementet knytt til Stortingets vedtak av 8. november 1984 om utbetaling av tilskot så nært opp mot oppgjerstidspunkt som mogleg.

I løpet av dei siste åra har det vore ei gradvis utvikling i korleis den internasjonale støtta til Ukraina vert gjennomført. Utviklinga går mot auka bruk av internasjonale initiativ og donasjonar finansierte gjennom tilskot.

Noreg har sidan 2022 mellom anna tatt del i det britiske fondet International Fund for Ukraine. No tar Noreg også del i det tyske luftverninitiativet og det tsjekkiske ammunisjonsinitiativet. Noreg har vidare inngått avtalar om støtte gjennom EU, USA, NATO og med enkeltallierte. Felles for dei fleste støtteordningane er at det vert forutsett at bidragsytarane har innbetalt midlane før materiellet som skal donerast vert bestilt eller støttetiltaka vert sette i verk. Årsaka er at initiativtakarane, som tar på seg ansvaret for å gjennomføra donasjonar og støtte til Ukraina på vegne av andre, samstundes tek ein betydeleg økonomisk risiko i gjennomføringa. Til dømes kan nasjonale forhold hos bidragsytarane gjera at tiltaka likevel ikkje vert finansierte som planlagt. Dermed kan initiativtakaren enda opp med heile tiltaket.

Det er difor forståeleg og naudsynt at initiativtakarane ikkje kan basera iverksettinga av støtte-tiltaka utelukkande på lovnadar og avtalar om framtidig støtte, og at midlane må vera innbetalte før tiltaka vert sette i gang. Dette gjeld spesielt tilgangen til forskotsutbetaling når dette er naudsynt for å inngå avtale om å gjennomføra tiltak for donasjonar av militært materiell til Ukraina. I fondsmekanismane Noreg tar del i vert fondsmidlane handtert i samanheng og prioritert langsiktig. Det kan difor ta tid før dei norske midlane er endeleg utbetalte. Utbetalingar til fond for Ukraina og internasjonale initiativ om donasjonar utfordrar difor føresetnadane i Stortingets vedtak om utbetaling så nært opp til oppgjerstidspunktet som mogleg.

På bakgrunn av desse forholda meiner regjeringa det er naudsynt med eit unntak frå føresetnadane om gjeld korleis utbetalingar av tilskot til dei internasjonale fonda og samarbeidsmekanismane vert gjennomførte, og foreslår difor eit unntak frå stortingsvedtak av 8. november 1984 om utbetaling av tilskotsbeløp, avgrensa til den militære støtta i Nansen-programmet.

Eit unntak inneber at Noreg tar ein større del av den økonomiske risikoen ved støtte til Ukraina i slike saker. Regjeringa vurderer at forslaget er i tråd med behovet for effektiv støtte til Ukraina og auka aksept for risiko i gjennomføringa av Nansen-programmet, mellom anna som omtalt i Meld. St. 8 (2023–2024). Sjå forslag i romartalsvedtak XIII.

5 Oppfølging av §§24 og 26a i likestillings- og diskrimineringslova – Aktivitets- og redegjørelsesplikta (ARP) for forsvarssektoren

I det følgjande gjer Forsvarsdepartementet greie for status for likestillingsarbeidet og arbeidet mot diskriminering i forsvarssektoren i medhald av likestillings- og diskrimineringsloven §§ 24 og 26a. Rapportane i dette kapittelet omfattar status i verksemdene ved utgangen av 2024 slik dei er omtalt i årsrapportane. Desse er offentleggjorde i sin heilskap på etatane sine eigne nettsider. Forsvarsdepartementets rapport er offentleggjord på regjeringa.no.

5.1 Forsvarsdepartementet og underliggande verksemder sitt likestillingsarbeid som offentleg styresmakt

Forsvarsdepartementet

Forsvarsdepartementet motarbeider diskriminering og arbeider for likestilling. Likestilling og mangfald er sentrale demokratiske verdiar som forsvarssektoren skal etterleva og forsvara, og som gjer sektoren i stand til å løysa samfunnsoppdraget på best mogleg måte.

Forsvarsdepartements ambisjon er at arbeidet med likestilling og mangfald skal bidra til at støtta og tilliten befolkninga har til Forsvaret held fram på eit høgt nivå. Forsvarsdepartementet har forventningar om at Forsvaret og forsvarssektoren elles held fram med sine planlagde og pågåande tiltak for auka likestilling og mangfald og jobbar strukturelt og målretta med haldningar, kulturbygging og styrking av systema og rutinar for varsling. Dette arbeidet er avgjerande for oppfyllinga av ambisjonane i langtidsplanen for perioden 2025–2036 med auka bemanning og for å behalda relevant kompetanse i forsvarssektoren, slik planen legg opp til. Ei rekkje alvorlege saker med varsel knytte til mobbing og seksuell trakassering (MOST) i Forsvaret har vorte avdekte i media. Tala frå MOST-undersøkinga frå 2024 viser ein svak nedgang generelt i tala på mobbing og seksuell trakassering. Forsvarets oppfølging av dette arbeidet har stått høgt på Forsvarsdepartementets dagsorden. Forsvarsdepartementet meiner at Forsvaret på ein god måte møter desse utfordringane, gjennom auka merksemd på kultur og profesjon, haldningsarbeid og varslingskanalar.

Tabell 5.1 Tilstand for kjønnslikestilling i forsvarssektoren i 2024 (tall for 2023 i parentes)

Verksemd

Kjønnsbalanse (prosent)

Mellombels tilsett (antall)

Foreldre-permisjon

(gj.sn.antall dager)

Faktisk deltid

(antall)

Ufrivillig deltid (antall)

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

Forsvarsdepartementet

37

(35)

63

(65)

19

(15)

22

(13)

142

(115)

83

(82)

1

(1)

0

(0)

0

(0)

0

(0)

Forsvaret

21,9

(20,7)

78,1

(79,3)

1 818

(1 841)

3 647

(3 838)

148

(146)

55

(58,5)

162

(176)

200

(218)

x1

x1

Forsvarets forskningsinstitutt

28,3

(27,3)

71,7

(72,7)

10

(9)

12

(15)

147

(175)

112

(98)

27

(18)

51

(27)

0

(0)

0

(0)

Forsvarsmateriell

27,5

(24,6)

72,5

(75,4)

12

(13)

24

(19)

117,8

(110)

41,1

(50)

11

(15)

16

(18)

0

(0)

0

(0)

Forsvarsbygg

40

(28)

60

(72)

81

(22)

94

(69)

91

(96)

75

(69)

70

(11)

31

(6)

2

(x1)

1

(x1)

1 Forsvarets forvaltningsverktøy for personell gir ikkje informasjon om frivilligheit eller ufrivilligheit når det gjeld deltid. Forsvarsbygg har ikkje data som gir informasjon om frivilligheit når det gjelder deltid i 2023.

Forsvaret

Forsvaret forvaltar store ressursar, både økonomiske og menneskelege. Forsvaret har som etat stor innverknad på samfunnet elles. Forsvaret forankrar arbeidet med likestilling og diskriminering i Forsvarets likestillings- og mangfaldspolicy slik han er operasjonalisert i Forvarets handlingsplan for auka likestilling og mangfald 2023–2026. Forsvaret forheld seg til NATOs doktrine og policy mot konfliktrelatert seksuell og kjønnsbasert vald og regjeringas Handlingsplan for kvinner, fred og tryggleik (2023–2030). Forsvaret har operasjonalisert dette arbeidet i 2024 i eigen handlingsplan for gender i militære operasjonar (2024–2027). Den siste tida har det vore eit auka fokus på korleis krava til tryggleiksklarering er ein faktor som hindrar eit større mangfald hos vernepliktige og igjen i Forsvaret elles. Dette er eit tema som er på agendaen og som ein søkjer å finna ei løysing på.

Forsvarsbygg

Delar av oppgåvene til Forsvarsbygg fell inn under definisjonen offentleg styresmaktsutøving, i den forstand at avgjerder som vert tekne kan vera avgjerande for rettar eller pliktar for allmenta. Dette gjeld mellom anna verksemd knytt til nye og/eller eksisterande bygg, anlegg og uteområde. Slike anlegg skal formast ut på ein måte som gjer at dei er tilgjengelege for alle og følger lov- og forskriftskrav om universell utforming. Forsvarsbygg arbeider for å motverka sosial dumping i leverandørkjeda.

Forsvarets forskingsinstitutt

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) jobbar med likestilling og ikkje-diskriminering i sitt arbeid, og FFIs etiske retningslinjer (likeverd, openheit og lojalitet) gjeld både som arbeidsgivar og i utføringa av samfunnsoppdraget. FFI bidrog i berekraftsarbeidet til forsvarssektoren i 2024, mellom anna gjennom støtte til Forsvarsdepartementets arbeid med sosial berekraft, inkludert likestilling og mangfald, med analysar av data og datakvalitet. Samfunnsoppdraget til FFI, med forsking og forskingsbaserte råd som kjerne, er eit viktig bidrag til arbeidet med likestilling og medborgarskap. FFI jobbar derfor kontinuerleg med å forbetra forskingsformidlinga og gjera forskinga lettare tilgjengeleg.

Forsvarsmateriell

Som styresmaktutøvar pliktar Forsvarsmateriell å følga nasjonale og internasjonale lover og retningslinjer for likestilling og mangfald, og skal sørgja for at alle avgjerder vert tekne på ein sakleg og ikkje-diskriminerande måte. I Forsvarsmateriell er det nulltoleranse for mobbing og trakassering. Det vert stilt krav til leverandørar til den norske forsvarssektoren, mellom anna om miljøansvar, sosialt- og økonomisk ansvar, korrupsjonsførebygging og verksemdsstyring. Forsvarsmateriells integritetsrammeverk er eit viktig bidrag i dette arbeidet.

5.2 Forsvarsdepartementet og underliggande verksemder sitt likestillingsarbeid som arbeidsgivarar

Det følger av likestillings- og diskrimineringslova § 26 at alle arbeidsgivarar har ei plikt til å arbeida aktivt, målretta og planmessig for å fremja likestilling og hindra diskriminering. Forsvarsektoren har som strategisk mål å vera ein arbeidsplass som rekrutterer, vel ut og legg til rette for å behalda dyktige medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder og andre vesentlege forhold ved ein person, eller kombinasjonar av desse.

Forsvarsdepartementet

Kjønnsfordelinga i Forsvarsdepartementet i 2024 var 37 prosent kvinner og 63 prosent menn. Fordelinga når det gjeld kjønn, løn, deltid og nivå er i stor grad uendra samanlikna med tidlegare år. Det viktigaste verkemiddelet Forsvarsdepartementet har for å sikra likestilling og hindre diskriminering, er å sørgja for at relevante tiltak, lover, forskrifter og reglar på området er innarbeidde i rutinar og prosessbeskrivingar som vert følgde i den daglege drifta. Likestilling vert vektlagt både ved rekruttering og ved endringar i løn, og vert drøfta lokalt med arbeidstakarorganisasjonane. Forsvarsdepartementet legg til rette for fleksibilitet med utgangspunkt i den einskilde sin livssituasjon og tilpassar individuelt, spesielt for småbarnsforeldre, gravide, langtidssjuke og eldre arbeidstakarar. Forsvarsdepartementets personalpolitikk har som mål at rekruttering skal bidra til økt mangfald. Om lag 20 prosent av dei tilsette i Forsvarsdepartementet er militære, og desse tener i departementet i ein periode på tre til fem år. Forsvaret har ein høgare del menn enn mange andre arbeidsplassar. Totalt sett for alle tilsette er det ingen signifikant skilnad i løn mellom menn og kvinner.

Forsvaret

Likestillingsarbeidet i Forsvaret er interseksjonelt og legg til grunn at alt personell skal ha likeverdige rettar og moglegheiter. Forsvarets likestillings- og mangfaldspolicy frå 2022 gir retning og mål for arbeidet med likestilling og mangfald. Mellom anna er det eit mål å jamna ut kjønnsbalansen i etaten, og at personellsamansetninga skal reflektera mangfaldet i befolkninga generelt. «Handlingsplan for auka likestilling og mangfald i Forsvaret 2023-2026» har eit breitt perspektiv, og omfattar diskrimineringsgrunnlaga kjønn, funksjonsvariasjon, alder, etnisitet og hudfarge, språk, seksuell orientering, kjønnsidentitet, religion og livssyn.

Forsvaret jobbar strukturelt og systematisk med medråderett og partssamarbeid. Den nye hovudavtalen i staten av 2023 medførte nye krav for partssamarbeidet i samband med likestilling og diskriminering. Forsvaret har utvikla ein ny tilpassingsavtale som inneber faste møtepunkt gjennom året mellom tillitsvalde og arbeidsgivar i samband med arbeidet med aktivitets- og utgreiingsplikta, og rutinar knytte til drøfting på sentralt nivå. I 2024 vart det vedtatt å vidareutvikla rolla til Forsvarets likestillings- og mangfaldsutval for å sørgja for at utvalet har moglegheit til å påverka sentrale prosessar i Forsvaret. For å sikra brei forankring skal utvalet frå og med 2025 leiast av styrkesjefane i Forsvaret. For å styrka oppfølging av likestillingsarbeidet i Forsvaret driftseiningar, vart det i 2024 etablert eit nettverk av likestillingskontaktar i desse einingane.

Forsvarets leiing prioriterer kultur- og profesjonsarbeid. Ti av Forsvarets øvste leiarar har i 2024 deltatt på kurs i mangfaldsleiing. Forsvaret held fram arbeidet knytt til førebygging av mobbing, trakassering og seksuell trakassering. Tala frå undersøkinga av mobbing og seksuell trakassering frå 2024 viser ein svak nedgang

Tala for 2023 og 2024 syner ei positiv utvikling i andelen kvinner i ulike stillingskategoriar med ein auke i både militært og sivilt tilsette kvinner. Kvinnedelen som fullførte førstegangstenesta auka frå 29 prosent i 2019 til i overkant av 36 prosent i 2022. I 2023 og 2024 fall delen og er no på 32,2 prosent.

Tabell 5.2 Kvinnedel i Forsvaret for 2023 og 2024 i prosent

Kvinnedel

2023

2024

Totalt tilsette

20,7

21,9

Militært tilsette

16,1

17,4

Sivilt tilsette

33,4

34,7

Offiserar

12,6

14,9

Spesialistar

18,0

18,6

Internasjonal teneste1

12,3

18,1

Lærlingar

21,4

20,9

Hæren

22,4

23,0

Sjøforsvaret

17,1

17,3

Luftforsvaret

18,0

18,2

Cyberforsvaret

18,1

19,2

Styrkedisponerte

15,0

17,2

1 Kategorien internasjonal teneste omfattar personell som deltek i internasjonale operasjonar. Militært personell som tenestegjer i andre etatar i sektoren og Forsvarsdepartementet inngår ikkje i tala.

Forsvarsbygg

Som arbeidsgivar i offentleg sektor har Forsvarsbygg ansvar for å fremja likestilling og motverka diskriminering i all si verksemd. Forsvarsbygg jobbar ut frå ei målsetjing om mangfald ved all rekruttering. Målet er å tiltrekkja kvinnelege søkjarar til leiarstillingar og fagområde som er dominerte av menn og vice versa. Alle skal ha dei same rettane og moglegheiter, uavhengig av bakgrunn. I 2024 overtok Forsvarsbygg ansvaret for reinhald i forsvarssektoren. Dette førte til ei stor auke i kvinneandelen, frå 28 prosent i 2023 til 40 prosent i 2024. Delen deltidstilsette auka også som ei følgje av dette. I 2024 etablerte Forsvarsbygg eit partssamansett utval for likestilling og mangfald, som skal sørgje for at representantane til dei tilsette vert inkluderte i arbeidet med likeverdige lønns- og arbeidsvilkår og hindre diskriminering. Utvalet har mellom anna analysert risiko for diskriminering i Forsvarsbyggs nye fagområde reinhald. Basert på resultata i analysen, er det spelt inn tiltak til ny handlingsplan for likestilling og mangfald. Forsvarsbygg har eit velfungerande varslingssystem og kartlegg førekomst av mobbing og trakassering årleg, og alle medarbeidarar er pålagde å gjennomføra e-læringskurs om mobbing og trakassering.

Forsvarets forskingsinstitutt

Det er eit klart mål frå den øvste leiinga ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) at FFI skal ha ein inkluderande kultur og eit arbeidsmiljø med nullvisjon for mobbing og seksuell trakassering. Delen kvinner totalt ved instituttet har gått opp med 1 prosentpoeng samanlikna med året før. Av nytilsette er 32 prosent av alle stillingane fylt av kvinner i 2024. Av leiarane er 32 prosent kvinner, som er 2 prosentpoeng meir enn året før. Den vitskaplege verksemda er teknologitung, og FFI rekrutterer i hovudsak frå fagområde som framleis har flest mannlege studentar. Delen kvinner av dei vitskapleg tilsette i FFI dei siste ti åra, inkludert 2024, har lege i underkant av 22 prosent. FFI har utarbeidd ein handlingsplan for likestilling, mangfald og inkluderande arbeid for perioden 2024–2026, i samarbeid mellom representantar frå arbeidsgivar og tillitsvalde. Tiltaksplanen er sett i verk og vert evaluert to gonger årleg. FFI har ein lønnspolitikk som gir eit rammeverk og vil vera eit verkemiddel for å unngå utilsikta lønnsforskjellar.

Forsvarsmateriell

For Forsvarsmateriell er det viktig å vera ein god arbeidsplass med ein kultur som bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø. Ved utgangen av desember 2024 var det totalt 27,5 prosent kvinner og 72,5 prosent menn. Dette er ein auke frå 2023, der det var 24,3 prosent kvinner. Målet er 40 prosent kvinner i løpet av langtidsplanperioden. I løpet av 2024 etablerte Forsvarsmateriell eit eige mangfaldsnettverk på tvers av verksemda, og som består av deltakarar frå både kapasitetar og stabseiningar. Forsvarsmateriell har ein handlingsplan for likestilling, mangfald og inkluderande arbeid for 2023–2025. I løpet av 2024 vart rekrutteringsprosessen revidert og oppdatert, mellom anna for å vareta mangfalds- og inkluderingsaspektet. I 2024 vart det utvikla og forankra eit mandat for kulturbygging i verksemda, der mangfald og likestilling vil prioriterast.

6 Oppfølging av FNs berekraftsmål

Forsvarssektoren har ein ambisjon om å løyse oppgåvene sine i tråd med FNs berekraftsmål. Nedanfor følger eit utdrag av sektoren sine bidrag til relevante mål og tilhøyrande delmål1.

Fred, rettferd og tryggleik

Mål 16 Fred, rettferd og velfungerande institusjonar (delmål 16.1, 16.2, 16a)

Eit internasjonalt samfunn som evnar å forhindra eller motverka aggresjon over tid, er uttrykk for ein internasjonal tryggingsorden som er berekraftig. Satsing på eit sterkt nasjonalt forsvar, eit truverdig kollektivt forsvar i NATO, bilateralt forsvarssamarbeid med allierte og framleis omfattande militær stønad til Ukrainas forsvarskamp er tiltak som vert gjort for å bidra til ein berekraftig tryggingsorden i Europa og internasjonalt. Føresetnaden for ein rettferdig internasjonal rettsorden er ein berekraftig tryggleiksorden som gjennom truverdig militær styrke kan garantera og oppretthalda internasjonale rettsprinsipp. Berekraft i denne samanhengen betyr at militære eller andre maktmiddel over tid er tilgjengelege for å skremma frå – og å forsvara eit legitimt internasjonalt samfunn mot den typen aggresjon som Russland i dag gjer seg skuldig i. Å hindra krig og å bevara fred er heile føremålet med norsk tryggleiks- og forsvarspolitikk, og følgeleg eit grunnleggande bidrag til berekraftsmål 16 om Fred og rettferd.

Alle etatane vidarefører verdi- og kulturarbeidet sitt, medrekna å operasjonalisera sektoren sitt verdigrunnlag. Forsvaret satsar på heilskapleg utvikling av Forsvarets profesjon og kultur. Dette bidrar til å ta vare på leiarkraft, og eit arbeidsmiljø og ein kultur prega av samhald, tillit, trivsel og motstandskraft med nulltoleranse for mobbing og seksuell trakassering. Alle etatane arbeider for å motverka risiko for korrupsjon, medrekna å redusera høva for inhabilitet og innsidehandel i sektoren.

Forsvarsdepartementet støttar land på Vest-Balkan i deira nasjonale arbeid med å utvikla demokratiske institusjonar som er motstandsdyktige mot korrupsjon. Forsvarsdepartementet jobbar aktivt for å heva den politiske profilen på arbeidet for godt styresett i NATO.

Samarbeid i sektoren og med styresmakter, industri og NATO

Mål 17 Samarbeid for å nå måla

Samarbeid og erfaringsutveksling er viktig for å dela informasjon og beste praksis for ei samkøyrd utvikling blant allierte, yta stønad til allierte i arbeida deira og for å få inspirasjon til eige klima- og miljøarbeid. Forsvarssektoren samarbeider derfor med styresmakter, industri, NATO, EU, og andre samarbeidspartnarar for å forstå handlingsrommet og moglegheita som ligg under FNs berekraftsmål og det grøne skiftet. Forsvarsbygg var i 2024 vertskap for Den europeiske miljø- og forsvarskonferansen (ECDE). Konferansen hadde brei deltaking frå europeiske land, samt USA, Canada og Singapore. Forsvarsektoren deltok i eit forum for berekraft saman med industrien.

Utdanning

Mål 4 Sikra inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremja høve for livslang læring for alle (delmål 4.4 og 4.5)

Forsvaret er Noregs største lærebedrift. Sjølv om utdanning og opplæring i forsvarssektoren først og fremst vert gitt for å tilføra Forsvaret den kompetansen som er naudsynt for at Forsvaret skal kunna utføra samfunnsoppdraget sitt, kjem denne kompetanseoppbygginga samfunnet generelt til gode.

Likestilling, mangfald og inkludering

Forsvarssektoren skal vera likestilt, mangfaldig og inkluderande. Dette inneber mellom anna at forsvarssektoren jobbar aktivt, målretta og planmessig for å skapa meir likestilling og mangfald, og hindra diskriminering på tvers av alle diskrimineringsgrunnlag. For meir utfyllande rapportering på tiltak i forsvarssektoren som er med på å oppfylla desse måla, vert det vist til kapittel 5.

Mål 5 Likestilling mellom kjønna (delmål 5.1, 5.2, 5.5)

Alle etatane arbeider systematisk med likestilling og mangfald gjennom handlingsplanar som mellom anna inkluderer undersøking om mobbing og seksuell trakassering (MOST). Forsvaret utvikla ein eigen handlingsplan for kjønn i militære operasjonar i 2024.

Mål 10 Mindre ulikskap (delmål 10.2)

Likestillingsarbeidet i sektoren har tradisjonelt vore forbunde med kjønnslikestilling, og det er derfor størst medvit og kunnskap om tilstanden for kjønnslikestilling. Det er eit mål å inkludera fleire diskrimineringsgrunnlag i arbeidet med likestilling. I Forsvarets handlingsplan for likestilling og mangfald er det fleire tiltak som skal betra mangfaldet i organisasjonen, mellom anna ved å innhenta kunnskap om status på minoritetsrepresentasjon.

Forsvaret tar omsyn til samiske interesser, og involverer reindriftsnæringa ved øvingar i område som møter reindrift og samiske kulturminne.

Klima og miljø

Forsvarssektoren arbeider systematisk og heilskapleg for å redusera klimagassutslepp og energibruk, auka lokal energiproduksjon, minimera miljøpåverknad, og ta vare på natur- og kulturverdiar. Vidare skal sektoren vera best mogeleg tilpassa eit endra klima og lågutsleppssamfunnet.

Mål 6 Reint vatn og gode sanitærforhold (delmål 6.3)

Sektoren arbeider kontinuerleg for å redusera utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer ein trussel mot helse og miljø. Til dømes jobbar ein med å skifta ut farlege stoff. Forsvarsbygg dokumenterer og overvaker vasskvaliteten i bekkar, elvar, innsjøar og sjøområde på areala Forsvaret brukar. Forsvarsbygg har det siste året fortsett med opprydding og restaurering av fleire skyte- og øvingsfelt og andre eigedomar i sektoren. Miljøovervaking er ein viktig del av arbeidet.

Opprydding av fluorstoff (PFAS) frå brannskum ved flystasjonane til sektoren er framleis høgt prioritert, og Forsvarsbygg gjer omfattande kartlegging, overvaking og tiltak. Per 2024 er det gjennomført tiltak ved seks flystasjonar på til saman 13 PFAS-lokalitetar. Desse inkluderer fjerning, deponering og dekking av forureina masse, og vassreinseanlegg. Tiltaka har gitt gode resultat.

Mål 7 Ren energi til alle (delmål 7.2, 7.3, 7.a)

Arbeid med å redusera energibruken i sektoren sine bygningar har gått over fleire år, og vil fortsetja framover. I 2024 var energiforbruket om lag 603 gigawattimar (GWh) som er ei energiinnsparing på 25 GWh eller 4 prosent samanlikna med referanseåret 2020.

Det vert jobba med å auka produksjonen og lagring av fornybar energi lokalt. I 2024 er det levert to prosjekt, mens ytterlegare fem prosjekt er under bygging. På Stjernebygget på Rygge er det installert eit solanlegg og 200 kilowattimar (kWh) batteribank for at Luftforsvaret skal få testa ut teknologien. Det vert testa ut eit mobilt hybridanlegg med småskala vertikale vindturbinar i samspel med solceller og energilagring på Ørland flystasjon.

Mål 13 Stoppe klimaendringane (delmål 13.1, 13.2)

Dei direkte klimagassutsleppa frå forsvarssektoren er i stor grad knytte til forbruk av drivstoff frå fartøy, fly og køyretøy. Det vert forventa ein auke i forsvarssektoren sine klimagassutslepp framover som følge av styrking av Forsvarets kapasitet i tråd med langtidsplanen for forsvarssektoren. Styrkinga medfører auka materiellbruk og høgare aktivitetsnivå. Samstundes går det fram av langtidsplanen at sektoren skal trappa opp klima- og miljøtiltaka for å redusera klimagassutslepp og negative konsekvensar for miljøet så mykje som mogeleg.

Forsvarssektoren har gjennomført fleire tiltak som reduserer påverknaden på klima. Forsvaret bruker ulike simulatorar for fly, fartøy og køyretøy til øving og trening. Miljøbelastinga kan reduserast ved at delar av øvinga kan gjennomførast utan slitasje på naturen, og utan bruk av drivstoff og ammunisjon.

Utsleppsfri byggjeplass vert prøvd ut på Terningmoen og Linderud leir. Utsleppsfrie maskiner har vorte brukt begge stader. På Linderud vart det i tillegg brukt utvalde materialar som reduserte klimapåverknaden. Det er etablert infrastruktur for lading av nullutsleppskøyretøy fleire stader.

Forsvarsbygg bruker miljøoppfølgingsplanar i eigedomsprosjekt. Desse set krav til miljøleiing, byggjeplass og uteområde, energi, gjenvinning og avfall, helse- og miljøfarlege stoff, materialkrav og utslepp til vann, jord og luft.

Luftforsvaret gjennomførte første halvår 2025 eit testprogram der F-35 skal kunne operera på drivstoff som består av 40 prosent berekraftige flydrivstoff (Sustainable Aviation Fuel). Testprogrammet handlar både om reduserte utslepp av klimagassar, teknologiutvikling og beredskap.

Eigedom, bygg og anlegg i forsvarssektoren vert tilpassa til eit endra klima ved arealplanlegging og bygging og drift. Analyser av miljørisiko og miljøovervaking av tilstand er ein del av det førebyggjande arbeidet som er pålagt gjennom løyve. Omsynssone i reguleringsplanar tar vare på viktige naturverdiar og tilhøve knytt til naturrisiko på areala til sektoren. Det siste året er det gjennomført kartlegging på Skjold og Andøya der klimatilpassing har vore eit eige tema.

Forsvarsbygg har gjort miljørisikoanalysar fleire stader, for eksempel på tankanlegg, kaianlegg og på fleire av skyte- og øvingsfelta. Forsvarsbygg har så laga handlingsplanar med tiltak som gir lågare miljørisiko. Leirplanar i sektoren er under utvikling, der klimatilpassing i aukande grad vert sett i samanheng med drifta av skyte- og øvingsfelt, ved nyetableringar og oppgradering av eigedom, bygg og anlegg. Dette vil bidra til å redusera risiko for flaum, skred og overvatn i leir.

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) utviklar kunnskap om korleis forsvarsektoren vert påverka av klimaendringar, -tiltak og -tilpassing. Fleire relevante rapportar er utgitt det siste året, inkludert FFI-rapport 25/010 Klimaendringenes konsekvenser for Forsvarets plattformer, infrastruktur og personell. Instituttet arrangerer årleg ein eigen klima- og tryggleikskonferanse. Tema i 2024 var teknologiutvikling for auka kampkraft og berekraft.

Mål 14 Livet i havet (delmål 14.1, 14.2, 14.4)

Ved øving og bruk av skyte- og øvingsfelt i sjø vert miljøverdiar tatt omsyn til gjennom til dømes tidsavgrensingar i sårbare periodar for dyreliv, restriksjonar knytt til ferdsel og avstandskrav til ulike område med miljøverdiar.

Fleire av Forsvarets fartøy inngår i søk- og redning, fiskeri- og miljøoppsyn, kontroll av utanlandske fartøy, beredskap og oljevern. Den nye fartøyklassa Jan Mayen har ein forbetra funksjonalitet for oljevern og miljøberedskap. I 2024 er det gjennomført ei rekkje strandryddeaksjonar i regi av forsvarssektoren for å bidra til betre lokalmiljø.

Mål 15 Livet på land (delmål 15.4, 15.5 og 15.8)

Forsvarssektoren jobbar heilskapleg for å bevara og auka naturmangfald på areal som sektoren eig eller forvaltar. Forsvarsbygg har gjennomført ei rekkje skjøtsels- og restaureringstiltak for trua natur. Dette inkluderer slått for å restaurera enger, planter til fordel for pollinerande insekt, og å fjerna framande artar. I 2024 er det gjort kartlegging av naturverdiar fleire stader for å kunna ta best mogeleg omsyn til natur i komande utbyggingsplanar. Viktige naturverdiar i forsvarssektoren sine areal vert varetatt gjennom utvikling av reguleringsplanar, der det vert etablert omsynssoner med avgrensingar i bruk.

Forsvaret sine miljøoffiserar og kompetansemiljø i etatane legg ned ein omfattande innsats for å redusera skader på miljøet under øvingar. Ved NATO-øvingar skal også utstyr ha veterinærattest for å unngå spreiing av sjukdom og framande artar.

Produksjon, innovasjon og forbruk

Forsvarssektoren stiller krav som reduserer klima- og miljøpåverknad og varetar sosiale forhold.

Mål 8 Fremme varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetjing og sømmeleg arbeid for alle (delmål 8.3)

Forsvarssektoren er ein stor samfunnsaktør, med ei verksemd som møter mange menneske og lokalsamfunn over heile Noreg. Gjennom nærværa til forsvarssektoren oppstår også økonomiske effektar for mange lokalsamfunn, både direkte og indirekte. Etatane vurderer grunnleggande krav til menneskerettar, sømmelege arbeidsforhold og anti-korrupsjon i leverandørkjeda. Ein gjer stadlege kontrollar for å sjå til at leverandørane til dømes varetar arbeidsforhold.

Mål 11 Berekraftige byar og lokalsamfunn (delmål 11.4)

Forsvarssektoren er ein betydeleg forvaltar av norsk kulturarv og kulturmiljø, og produserer eit mangfald av kulturopplevingar. Forsvarssektoren sine 14 nasjonale festningsverk og fleire grensefestningar er attraktive arenaer for historie- og kulturformidling, reiseliv og rekreasjon. Forsvarsbygg jobbar kontinuerleg med tilpassing og oppgradering slik at kulturminneverdiar og god funksjonalitet vert tatt vare på. I 2024 har ein mellom anna utført vedlikehalds- og istandsettingsprosjekt på festningane Karljohansvern, Kongsvinger, Fredriksten, Akershus og Vardøhus.

Mål 12 Ansvarleg forbruk og produksjon (delmål 12.4, 12.5, 12.6, 12.7)

Etatane i sektoren har oppdatert malar som vert brukt i framskaffingar, gjennomført kompetansehevande tiltak, samt utvikla eit sett med generelle og kategorispesifikke klima- og miljøkrav. Klima og miljø er nytta som kriterium for tildelingar i ei rekkje framskaffingar. Forsvarsbygg og Forsvarsmateriell vann Svaneprisen 2024 som Noregs beste innkjøparar for arbeidet sitt med å ta miljøomsyn i framskaffingane sine.

Materiell vert vurdert for sal eller donasjon før ein ser på andre løysingar. Forsvarsmateriell har rammeavtale med renovatør for opphogging av materiell og oppdeling slik at materialar kan gå tilbake til ressurskretsløpet. Berekraft har vore viktig i framskaffing av dei nye uniformene til Forsvaret, Nordic Combat Uniform. Lengst mogeleg livsløp og gode løysingar for vedlikehald og reparasjonar, gode arbeidsforhold og effektiv transport har vore spesielt sentrale.

Forsvarssektoren har sidan 1998 hatt ein eigen miljødatabase, og Forsvarets forskingsinstitutt gir årleg ut «Forsvarssektorens miljø- og klimarekneskap». Rapportane gir oversikt over resultat og utvikling for sentrale miljøaspekt over tid, som næringsavfall, energi, drivstoff, ammunisjon og kjemikaliar. I tillegg vert forsvarsektoren sine direkte og indirekte utslepp av klimagassar presentert i eit klimarekneskap. Rekneskapen for 2024 er gitt ut i FFI-rapport 25/025.

7 Heileigde føretak under Forsvarsdepartementet

Rygge 1 AS

Selskapet eig infrastruktur (testcelle) på Rygge flystasjon. Denne vert nytta til testing av motordelar til F135-motoren som vert brukt i F-35 kampflya. Testcella er ein viktig del av motordepot for vedlikehald av F135. Testcella er leigd ut til Kongsberg Aviation Maintenance Services AS, KAMS (tidlegare AIM Norway AS), som er ansvarleg for motordepotet. Rygge 1 AS var tidlegare eit dotterselskap av KAMS. Staten overtok eigarskapet gjennom ei utdeling av samtlege aksjar i Rygge 1 AS som tingsutbyte i 2019 før sal av aksjane i KAMS til Kongsberg Defence & Aerospace AS. Staten eig 100 prosent av selskapet. Det er ingen tilsette i selskapet. Statens mål som eigar i Rygge 1 AS er å bidra til etablering og drift av motordepot i Norge. Testcella vart ferdigstilt og sett i drift våren 2022.

Fotnoter

1

Ei oversikt over mål og delmål ligg på Regjeringa sine nettsider: Bærekraftsmålene – regjeringen.no