Prop. 4 LS (2015–2016)

Endringar i sjøloven og samtykkje til godkjenning av vedtak nr. 116/2015 av 30. april 2015 i EØS-komitéen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1177/2010 av 24. november 2010 om rettar ved passasjerfart med båt på sjøen og på innanlandske vassvegar og om endring av forordning (EF) nr. 2006/2004 (båtpassasjerrettsforordninga)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for proposisjonen

Den 15. mars 2012 sende Justis- og beredskapsdepartementet på høyring eit framlegg om ratifikasjon og gjennomføring i norsk rett av Aten-konvensjonen om transport av passasjerar og deira reisegods til sjøs, som endra ved protokoll 1. november 2002, og framlegg om gjennomføring i norsk rett av Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 392/2009 av 23. april 2009 om erstatningsansvar for transportørar ved ulykker under sjøtransport av passasjerar. Høyringsnotatet hadde òg framlegg om reglar til gjennomføring i norsk rett av europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1177/2010 av 24. november 2010 om rettar ved passasjerfart med båt på sjøen og på innanlandske vassvegar og om endring av forordning (EF) nr. 2006/2004. Høyringsfristen var 1. juni 2012.

Forordning (EU) nr. 1177/2010 tok til å gjelde 6. januar 2011, men slik at EU-statane først tok reglane i bruk frå 18. desember 2012.

Følgjande instansar fekk høyringsnotatet:

  • Departementa

  • Finanstilsynet

  • Forbrukarombodet

  • Forbrukarrådet

  • Kystverket

  • Sjøfartsdirektoratet

  • Assuranceforeningen Skuld

  • De sjøkyndiges forbund

  • Den Norske Advokatforening

  • Finansnæringens Fellesorganisasjon

  • Fiskebåtredernes Forbund

  • Fraktefartøyenes Rederiforening

  • Gard Services AS

  • Greenpeace Norge

  • Hovedorganisasjonen Virke

  • Hurtigbåtenes rederiforbund

  • Intertanko

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Logistikk- og Transportindustriens Landsforening

  • Miljøstiftelsen Bellona

  • Møretrygd

  • Nasjonalt støttegruppenettverk

  • Nordisk institutt for sjørett

  • Nordisk Skibsrederforening

  • Nordland Fylkes Fiskarlag

  • Norges Fiskarlag

  • Norges Miljøvernforbund

  • Norges Naturvernforbund

  • Norges Rederiforbund

  • Norsk Petroleumsinstitutt

  • Norsk senter for menneskerettigheter

  • Norsk Sjømannsforbund

  • Norsk Sjøoffisersforbund

  • Norske Maritime Leverandører

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Rederienes Landsforening

  • The Nordic Association of Marine Insurers (Cefor)

  • Transportbrukernes Fellesorganisasjon

Departementet har motteke høyringsfråsegner med merknader til spørsmålet om gjennomføring av forordning 1177/2010 frå følgjande instansar:

  • Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Forbrukarombodet

  • Forbrukarrådet

  • Sjøfartsdirektoratet

  • Norges Rederiforbund

  • Rederienes Landsforening

  • The Nordic Association of Marine Insurers (Cefor)

Desse høyringsinstansane har ikkje hatt merknader til spørsmålet om gjennomføring av forordning 1177/2010:

  • Arbeidsdepartementet

  • Fiskeri- og kystdepartementet

  • Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Kystverket

  • Assuranseforeningen Skuld

  • De Sjøkyndiges Forbund

  • Gard AS

  • Landsorganisasjonen i Norge

2002 Aten-konvensjonen og forordning (EF) nr. 392/2009 vart gjennomførde i norsk rett ved lov 7. juni 2013 nr. 30 om endringar i sjøloven (reglar om passasjeransvar, m.a. gjennomføring av forordning (EF) nr. 392/2009), som tok til å gjelde frå 1. januar 2014. Spørsmålet om å vidareføre dei ålmenne reglane om forseinking av passasjerar og reisegods i sjøloven kapittel 15 vart handsama i samband med Prop. 54 LS (2012–2013), og desse reglane vart vidareførte med vedtakinga av endringslova 7. juni 2013 nr. 30 om endringar i sjøloven.

Til forsida av dokumentet