Prop. 4 LS (2015–2016)

Endringar i sjøloven og samtykkje til godkjenning av vedtak nr. 116/2015 av 30. april 2015 i EØS-komitéen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1177/2010 av 24. november 2010 om rettar ved passasjerfart med båt på sjøen og på innanlandske vassvegar og om endring av forordning (EF) nr. 2006/2004 (båtpassasjerrettsforordninga)

Til innhaldsliste

5 Særskilte merknader til dei einskilde paragrafane

Til § 418 a

Medan første ledd første punktum slår fast at båtpassasjerrettsforordninga gjeld som norsk lov, sjå punkt 3.3, inneheld første ledd andre punktum ein generell heimel for departementet til å gi utfyllande reglar om passasjerrettar i forskrift.

Andre ledd første punktum gir departementet heimel til å peike ut eit nasjonalt handhevingsorgan som skal føre tilsyn med at reglane i forordninga og utfyllande reglar i lov eller forskrift vert følgde, sjå punkt 3.5. Etter andre ledd første punktum får departementet òg heimel til å gi reglar i forskrift om kompetansen til tilsynsorganet og om måten tilsynet skal skje på, jf. luftfartsloven § 10-42 tredje ledd. Andre ledd andre punktum slår fast at luftfartsloven § 10-42 andre og fjerde ledd gjeld tilsvarande. For ei nærare grunngiving for reglane syner departementet til merknadene til § 10-42 i Ot.prp. nr. 9 (2006–2007) på side 87 flg. og Prop. 83 L (2011–2012) side 89.

Tredje ledd gir departementet heimel til å gi reglar i forskrift om etablering av eit klageorgan. Som det går fram av punkt 3.5 går departementet inn for å utvide dagens transportklagenemnd til òg å gjelde passasjerfrakt med båt. Dette inneber at dei same reglane bør gjelde her som på dei andre transportområda. Luftfartsloven §§ 10-44 til 10-47, og kompetansen til departementet til å avgjere eller gi reglar i forskrift som nemnd i desse føresegnene, gjeld tilsvarande. Mynde til å gi reglar om finansiering opnar både for gebyrfinansiering tilsvarande yrkestransportlova § 32 a tredje ledd anna punktum og finansiering ut frå billettomsetninga til passasjerfraktarane.

Til § 418 b

Første ledd gir tilsynsorganet som departementet peiker ut etter § 418 a andre ledd, heimel til å pålegge retting ved brot på reglane om passasjerrettar etter § 418 a. Føresegna er i hovudsak utforma etter mønster av luftfartsloven § 13 a-3 første ledd. Utkastet § 418 b første ledd inneheld likevel ikkje ein parallell til luftfartsloven § 13 a-3 første ledd andre punktum, som slår fast at «[i] slike tilfeller skal forvaltningslovens regler om enkeltvedtak følges». Departementet ser ikkje grunn til å ha ein slik regel ved sidan av reglane i forvaltningsloven. For ei nærare grunngiving av føresegna elles syner departementet til merknadene til luftfartslova § 13 a-3 i Prop. 83 L (2011–2012) side 90–91. Departementet presiserer òg at tilsynsorganet ikkje vil ha høve til å setje vilkår som går lenger enn plikter som allereie følgjer av § 418 a eller vedtak gjort i medhald av § 418 a.

Andre ledd gir heimel for å pålegge tvangsmulkt ved brot på reglane om passasjerrettar gitt i eller i medhald av § 418 a. Føresegna er i hovudsak utforma etter mønster av luftfartsloven § 13 a-4 første ledd, men med nokre tilpassingar. Det følgjer av andre ledd andre punktum at «[t]vangsmulkt kan bare fastsettes og løper så langt det er mulig for den ansvarlige å oppfylle det pålegget som tvangsmulkten er knyttet til». Andre ledd tredje punktum slår fast at «[t]vangsmulkt løper likevel dersom det etter at tvangsmulkten er ilagt, blir umulig å oppfylle pålegget på grunn av forhold som skyldes den ansvarlige». Bakgrunnen for desse reglane er at føremålet med tvangsmulkt er å få gjennomført eit pålegg fram i tid, og at det er verknaden som pressmiddel for framtidig gjennomføring som skil tvangsmulkt frå administrativ sanksjon og straff. Administrativ sanksjon og straff sanksjonerer fortidige lovbrot for å sikre ålmen- og individualprevensjon. Det at tvangsmulkt berre skal ha til føremål å sikre gjennomføring fram i tid, tilseier at vedtaket om tvangsmulkt må vere mogleg å etterleve på ein slik måte at ein kan unngå betalingsplikt. For ei nærare grunngiving elles syner departementet til merknadene til luftfartslova § 13 a-4 første ledd på side 91 i Prop. 83 L (2011–2012).

Tredje ledd første punktum slår fast at tvangsmulkt skal gå til staten. Samstundes følgjer det av tredje ledd andre punktum at tilsynsorganet heilt eller delvis kan gi avkall på krav om tvangsmulkt som har samla seg opp. Dette er i samsvar med løysinga i luftfartsloven § 13a-4 første ledd, jf. Prop. 83 L (2011–2012) side 91.

Fjerde ledd girdepartementet heimel til å fastsette utfyllande forskrifter om tvangsmulkt. Føresegna er utforma etter mønster av luftfartsloven § 13 a-4 andre ledd, men det er i tillegg presisert at det er heimel for å gi nærare reglar om utmåling av tvangsmulkt, kor lenge tvangsmulkta kan løpe, og om høvet til å ettergje tvangsmulkt. For ei nærare grunngiving elles syner departementet til merknadene til luftfartsloven § 13 a-4 andre ledd i Prop. 83 L (2011–2012) side 91–92.

Til § 418 c

Føresegna gir heimel til å gi overtredingsgebyr, sjå foran under punkt 3.6. Føresegna er langt på veg utforma etter mønster av tidlegare § 10-43 i luftfartsloven. For ei nærare grunngiving for føresegna syner departementet til merknadene til § 10-43 i Ot.prp. nr. 9 (2006–2007) sidene 90–92. Luftfartsloven § 10-43 er no oppheva og erstatta av luftfartsloven § 13 a-5, som gjeld gebyr for brot på luftfartsloven generelt. Når den tidlegare § 10-43 er brukt som mønster, er det fordi denne føresegna var utforma særskilt for brot på passasjerrettsregelverket, og fordi dei omsyna som gjorde seg gjeldande ved utforminga av denne føresegna, òg gjer seg gjeldande ved utforming av overtredingsgebyr etter sjøloven.

Det går fram av første ledd andre punktum at føretaket er ansvarleg for anonyme og kumulative feil. Departementet syner her til akvakulturloven § 30, som har ei tilsvarande føresegn.

Til § 418 d

Framlegget går ut på at føresegna som no er § 418 a vert ny § 418 d.

Til § 420

Framlegget går ut på å endre tilvisingane i føresegna som følgje av at føresegna som no er § 418 a, vert ny § 418 d.

Til § 430

Framlegget går ut på å endre tilvisingane i føresegna som følgje av at noverande § 418 a vert ny § 418 d.

Til forsida av dokumentet