Prop. 4 LS (2015–2016)

Endringar i sjøloven og samtykkje til godkjenning av vedtak nr. 116/2015 av 30. april 2015 i EØS-komitéen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1177/2010 av 24. november 2010 om rettar ved passasjerfart med båt på sjøen og på innanlandske vassvegar og om endring av forordning (EF) nr. 2006/2004 (båtpassasjerrettsforordninga)

Proposisjonen foreslår endringar i sjøloven som vil gjennomføre båtpassasjerrettsforordninga, (EU) nr. 1177/2010, i norsk rett. Samstundes vert Stortinget invitert til å gje sitt samtykkje til å godkjenne vedtak i EØS-komitéen om innlemming av båtpassasjerrettsforodninga i EØS-avtala. Føremålet med forordninga er å harmonisere rettane til båtpassasjerar innan EØS. Båtpassasjerrettsforordninga inneheld reglar om ikkje-diskriminerande tilgang til transport og rett til assistanse for personar med nedsett funksjonsevne eller avgrensa rørsleevne og reglar om rett til assistanse, kompensasjon og informasjon i tilfelle forseinking og kansellering for alle passasjerar. Vidare inneheld forordninga reglar om klagerett og eit krav om etablering av ei nasjonal klageordning. Forordninga har òg reglar om etablering av eit handhevings- og sanksjonsregime i den einskilde medlemsstaten.

Les dokumentet

Følg proposisjonen på Stortinget