Høyring - Ratifikasjon og gjennomføring i norsk rett av Aten-konvensjonen 2002, gjennomføring i norsk rett av Aten-forordninga og forordninga om båtpassasjerrettar

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 01.06.2012

Resultat:

Høringsuttalelser publiseres fortløpende. Høringsfristen er 1.06.2012

Vår ref.: 201201908 EP TOF/mk

HØYRING – SPØRSMÅL OM RATIFIKASJON OG GJENNOMFØRING I NORSK RETT AV ATEN-KONVENSJONEN 2002, GJENNOMFØRING I NORSK RETT AV EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSFORORDNING (EF) NR. 392/2009 (ATEN-FORORDNINGA) OG GJENNOMFØRING I NORSK RETT AV EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSFORORDNING (EU) NR. 1177/2010 (FORORDNINGA OM BÅTPASSASJERRETTAR)

Justisdepartementet sender med dette på høyring framlegg om ratifikasjon og gjennomføring i norsk rett av Aten-konvensjonen om transport av passasjerar og deira reisegods til sjøs, som endra ved protokoll 1. november 2002. Justisdepartementet gjer også framlegg om gjennomføring i norsk rett av Europaparlaments- og Rådsforordning (EF) nr. 392/2009 av 23. april 2009 om erstatningsansvar for transportørar ved ulykker under sjøtransport av passasjerar.

Vidare sender Justisdepartementet på høyring spørsmålet om gjennomføring i norsk rett av Europaparlaments- og Rådsforordning (EU) nr. 1177/2010 av 24. november 2010 om rettar for båtpassasjerar til sjøs og på innanlandske vassvegar og om endring av forordning (EF) nr. 2006/2004.

Framlegga går fram av høyringsnotatet som er vedlagt brevet her. Forslag til endringar i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten som følgje av konvensjonen og dei to forordningane er teke inn i del V i høyringsnotatet.

Konvensjonen og forordningane følgjer som vedlegg. Aten-konvensjonen i konsolidert versjon er teke inn som vedlegg til forordning nr. 392/2009.

Ei liste over adressatane er også vedlagt dette brevet. Vi ber om at adressatane sjølve legg fram høyringsbrevet med vedlegg for interesserte underliggjande etatar og organ som ikkje er oppført på adressatlista. Høyringsnotatet med vedlegg kan lastast ned frå www.regjeringen.no/ub/dep/jd/dok/hoeringer.html?id=1922

Høyringsfristen er 1. juni 2012. Vi ber om at høyringssvar fortrinnsvis blir sende elektronisk til lovavdelingen@jd.dep.no, eventuelt som vanleg post til Justisdepartementet, Lovavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo.


Med hilsen


Tone Ofstad e.f.
avdelingsdirektør
                                                                 Mona Kristensen
                                                                 seniorsekretær
 

Adresseliste

Departementa

Finanstilsynet
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Kystverket
Sjøfartsdirektoratet

Assuranceforeningen Skuld
De sjøkyndiges forbund
Den Norske Advokatforening
Finansnæringens Fellesorganisasjon
Fiskebåtredernes Forbund
Fraktefartøyenes Rederiforening
Gard Services AS, Arendal
Greenpeace Norge
Hovedorganisasjonen Virke
Intertanko
Landsorganisasjonen i Norge
Logistikk- og Transportindustriens Landsforening
Miljøstiftelsen Bellona
Møretrygd
Nasjonalt støttegruppenettverk
Nordisk institutt for sjørett
Nordisk Skibsrederforening
Nordland Fylkes Fiskarlag
Norges Fiskarlag
Norges Miljøvernforbund
Norges Naturvernforbund
Norges Rederiforbund
Norsk Petroleumsinstitutt
Norsk senter for menneskerettigheter
Norsk Sjømannsforbund
Norsk Sjøoffisersforbund
Norske Maritime Leverandører
Næringslivets Hovedorganisasjon
Rederienes Landsforening
Sjøassurandørenes Centralforening (CEFOR)
Transportbrukernes Fellesorganisasjon