1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Helse- og omsorgsdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg om endringar i pasient- og brukerrettighetsloven § 3-1 femte ledd. Forslaget inneber ei presisering av retten til ha med sjølvvalde støttepersonar når det blir gitt helse- og omsorgstenester. Forslaget klargjer at pasientar og brukarar har rett til å ha andre personar til stades ved undersøking og behandling, og at det berre kan gjerast unntak frå denne retten dersom det er nødvendig for å kunne gjennomføre tenesteytinga på ein forsvarleg måte. Formålet med forslaget er både å styrke pasienttryggleiken og å gi helsepersonell og verksemdene klarare retningslinjer for korleis ein skal forstå og praktisere lovføresegna. Forslaget gjeld for helse- og omsorgstenester generelt, og er ikkje avgrensa til berre å gjelde tenester som blir ytt under svangerskap, fødsel og i barsel. Forslaget er ein vidareføring av gjeldande rett.

Forslaget som har vore på høyring gjaldt endringar i pasient- og brukerrettighetsloven § 3-1 fjerde ledd. Departementet gjer merksam på at etter at forslaget blei sendt på høyring, har Stortinget vedtatt endringar i § 3-1 fjerde ledd i samband med behandlinga av Prop. 31 L (2024–2025) Endringer i psykisk helsevernloven og pasient- og brukerrettighetsloven mv. (bedre beslutningsgrunnlag og behandling), jf. lov 20. juni 2025 nr. 67. Desse endringane skal tre i kraft 1. juni 2026. Lovvedtaket inneber at fjerde ledd er endra ved at det er tatt inn ei ny føresegn om rett til medverknad for pasienten sine nærmaste pårørande når pasienten har avgjerdskompetanse. Gjeldande føresegn om retten til å ha andre personar til stades er dermed blitt femte ledd. Lovvedtaket inneber såleis at forslaget til endringar i fjerde ledd som gjeld retten til å ha andre personar til stades og som har vore på høyring, i proposisjonen her blir forslag til endringar i femte ledd. Det vil seie at forslaget til endringar i pasient- og brukerrettighetsloven § 3-1 i proposisjonen her, er basert på ordlyden i føresegna slik den vil vere når endringane som følgje av lov 20. juni 2025 nr. 67 trer i kraft 1. juni 2026.

Departementet foreslår i tillegg å lovfeste plikta som helsepersonell og verksemder som yter helse- og omsorgstenester har til å sørge for at retten til medverknad ved gjennomføring av helse- og omsorgstenester blir oppfylt. I proposisjonen blir det derfor gjort framlegg om endringar i form av ny § 3-11 a i spesialisthelsetjenesteloven, § 10 nytt andre ledd i helsepersonelloven og ny § 4-2 b i lov om kommunale helse- og omsorgstjenester (helse- og omsorgstjenesteloven). Endringane utgjer ingen nye plikter utover allereie etablert praksis, og lovfestar gjeldande rett.