9 Merknader til lovforslaget

Spesialisthelsetjenesteloven

Til ny § 3-11 a

Paragrafen er ny. Føresegna lovfestar gjeldande rett. Føresegna gjer det klart at helseinstitusjonen har plikt til å sørge for at pasienten og brukaren sin rett til å medverke blir oppfylt, inkludert retten til å ha andre personar til stades når det blir gitt helsehjelp. Ei slik plikt må òg tolkast inn i den generelle plikta som helseverksemdene har til å yte forsvarlege helsetenester etter spesialisthelsetjenesteloven § 2-2.

Sjå elles dei generelle merknadene i punkt 7.4.

Pasient- og brukerrettighetsloven

Til § 3-1 femte ledd

Lovendringa tar utgangspunkt i føresegna slik den vil lyde etter at endringa i § 3-1 som tidlegare er vedtatt ved lov 20. juni 2025 nr. 67, trer i kraft 1. juni 2026.

Føresegna i femte ledd første punktum presiserer at pasienten og brukaren har rettskrav på å ha med seg nokon når det blir gitt helse- og omsorgstenester. Føresegna er ei tydeleggjering og vidareføring av gjeldande rett.

Føresegna utgjer ein del av retten til medverknad som er knytt til pasienten og brukaren sin sjølv- og medråderett og moglegheita til å vere aktiv og bli høyrd ved gjennomføringa av helse- og omsorgstenester. Det inneber at pasienten og brukaren etter eige ønske skal kunne ha med seg ein eller fleire sjølvvalde støttepersonar for å ivareta sin rett til å medverke til eiga helsehjelp.

Retten gjeld det å vere til stades «når helse- og omsorgstenester gis», det vil seie i sjølve behandlingssituasjonen. Det gjeld mellom anna ved undersøking, diagnostisering og behandling, til dømes nokon å halde i handa i ambulansen, under prøvetaking, medan ein mottar narkose eller ved oppvakning. Vidare omfattast mellom anna det å ha med seg nokon som støtte ved kognitiv svikt, når det blir gitt beskjed om alvorleg sjukdom, ved gjennomføring av spesifikke behandlingstiltak under sjukehusopphald, ved rehabilitering og opptrening, i særs kritiske fasar under eit behandlingsforløp og i samband med palliativ (lindrande) behandling der pasienten er døyande. Retten til å ha andre personar til stades gjeld òg til dømes når det blir gitt individuell og felles informasjon og opplæring til pasientar og pårørande om sjukdomshandtering. Ved fødslar er det etablert praksis for at støtteperson i form av partnar, pårørande m.m. får vere til stades når det blir gitt helsehjelp både før (observasjon m.m.), under og etter fødsel. Retten til å ha andre personar til stades gjeld både ved poliklinisk behandling og ved innlegging i sjukehus.

Retten til å ha med seg andre personar gjeld ikkje i alle delar av eit pasientforløp. Føresegna gir til dømes ikkje ein generell rett for vaksne pasientar til å ha med seg pårørande eller andre som overnattar saman med pasienten. Det same gjeld til dømes for støttepersonar til pasientar i sjukeheimar og brukarar av kommunale bustader som er særskild tilrettelagde for heildøgns tenester. Barn har derimot ein særleg rett til samvær med minst ein av foreldra eller andre med foreldreansvaret under heile opphaldet i helseinstitusjon, jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 6-2 og forskrift om barns opphold i helseinstitusjon.

Føresegna avgrensar ikkje retten til å ha med seg nokon når det gjeld talet på personar. Føresegna tar høgd for at pasienten kan krevje at fleire personar er til stades, jf. formuleringa «andre personar». Formuleringa femner ein større krins av personar enn nærmaste pårørande, og det er pasienten sjølv som vel kven som skal vere til stades. Ein kan likevel ikkje rekne med å ha med seg mange personar dersom dette fører til at det ikkje kan ytast forsvarlege helse- og omsorgstenester. Det visast her til dei spesielle merknadene til føresegna i femte ledd andre punktum.

Formuleringa «til stades» omfattar vanlegvis fysisk oppmøte saman med pasienten eller brukaren, men òg digital deltaking der det er mogleg og forsvarleg. Ved videokonsultasjonar kan det vere aktuelt at andre personar anten sit saman med pasienten eller koplar seg på digitalt frå annan stad.

Det er pasienten som er rettssubjektet etter føresegna. Tilfelle der ein forelder har behov for å ha med seg ein eller fleire støttepersonar når barnet mottar helse- og omsorgstenester, til dømes fordi vedkommande forelder er aleine om omsorga for barnet, fell utanfor føresegna i femte ledd.

Sjå elles dei generelle merknadene i punkt 7.2.

Føresegna i femte ledd andre punktum inneheld ei presisering av høvet til å gjere unntak frå hovudregelen i første punktum. Føresegna er ei lovfesting og vidareføring av gjeldande rett.

Føresegna inneber at det berre kan gjerast unntak frå retten til å ha andre personar til stades ved yting av helse- og omsorgstenester, når det er nødvendig for å kunne gi forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Kravet til forsvarlege helse- og omsorgstenester er eit minstekrav og ein rettsleg standard. Slik omgrepet nyttast i denne føresegna, må det leggjast til grunn ei vid forståing. Det inneber først og fremst at det må takast omsyn til kva som er forsvarleg knytt til behandlinga av den aktuelle pasienten. Det må òg leggjast vekt på omsynet til at andre pasientar som oppheld seg i nærleiken får forsvarleg behandling. Vidare må ein ta omsyn til kva som er forsvarleg for drifta av verksemda samla sett. Det må leggjast vekt på alle desse elementa ved vurderinga av om ein bør gjere unntak. Det vil ikkje vere tilstrekkeleg for å gjere unntak at kvaliteten på helsehjelpa blir dårlegare, utan at den blir uforsvarleg.

Ei avgjerd om å gjere unntak frå retten til å ha andre personar til stades, vil vere omfatta av klagereglane i pasient- og brukerrettighetsloven § 7-2. Krava til mellom anna skriftleg og grunngjeven saksbehandling i forvaltningsloven vil ikkje gjelde for slike avgjerder, jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 2-7.

Sjå elles dei generelle merknadene i punkt 7.3.

Helsepersonelloven

Til § 10

Overskrifta til paragrafen endrast slik at det klart går fram at den òg gjeld medverknad.

Til nytt andre ledd

Føresegna er ny. Føresegna lovfestar gjeldande rett. Føresegna gjer det klart at den som yter helse- og omsorgstenester skal sørge for at pasienten eller brukaren sin rett til å medverke blir oppfylt, inkludert retten til å ha andre personar til stades når det blir gitt helse- og omsorgstenester. Ei slik plikt må òg tolkast inn i det enkelte helsepersonell og helseverksemdene si generelle plikt til å yte forsvarlege helse- og omsorgstenester etter helsepersonelloven §§ 4 og 16. Føresegna omfattar alle som yter helse- og omsorgstenester, medrekna private tenesteytarar utan avtale med regionalt helseføretak eller kommune.

Sjå elles dei generelle merknadene i punkt 7.4.

Helse- og omsorgstjenesteloven

Til ny § 4-2 b

Paragrafen er ny. Føresegna lovfestar gjeldande rett. Føresegna gjer det klart at kommunen eller andre som yter tenester på vegner av kommunen, skal sørge for at pasienten sin rett til å medverke blir oppfylt, inkludert retten til å ha andre personar til stades når det blir gitt helse- og omsorgstenester. Ei slik plikt må òg tolkast inn i kommunen si generelle plikt til å yte forsvarlege helse- og omsorgstenester etter helse- og omsorgstjenesteloven § 4-1.

Sjå elles dei generelle merknadene i punkt 7.4.