5 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet foreslo departementet å presisere og klargjere føresegna i pasient- og brukerrettighetsloven § 3-1 fjerde ledd, slik at det går tydeleg fram at det er tale om ein rett til å ha med følgje som ein berre kan gjere unntak frå dersom det er nødvendig for å kunne gi forsvarlege helse- og omsorgstenester. Departementet foreslo ei generell utforming av lovføresegna til å gjelde alle helse- og omsorgstenester, og ikkje ei særleg regulering berre avgrensa til svangerskap, føde- og barselområdet. Departementet foreslo i tillegg å lovfeste ei korresponderande plikt for helsepersonell og helseverksemder til å sørge for at retten til medverknad ved gjennomføring av helse- og omsorgstenester blir oppfylt.

Departementet la til grunn at endringane skulle vere ei synleggjering og lovfesting av gjeldande rett og ikkje innebere nye rettar eller plikter utover allereie etablert praksis.