2 Bakgrunnen for lovforslaget
Under koronapandemien blei det innført strenge smitteverntiltak i føde- og barselsavdelingane ved sjukehusa. For mange førte det til at høvet til å ha andre personar til stades under kontrollar og fødslar blei avgrensa. I etterkant har fleire kvinner fortalt om ein utfordrande situasjon ved at dei ikkje kunne ha faren til barnet eller medmor til stades.
I Meld. St. 9 (2023–2024) Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027, blei det varsla at Helse- og omsorgsdepartementet ville sende på høyring eit lovforslag for å tydeleggjere retten til å ha med ein sjølvvald støtteperson når det gis helse- og omsorgstenester, inkludert under konsultasjonar i svangerskapet, under fødsel og i barseltida.
Forslaget følgjer i tillegg opp oppmodingsvedtak nr. 517 treft av Stortinget 3. mai 2022, etter representantforslag frå stortingsrepresentantane Olaug Vervik Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad (Representantforslag 85 S (2021–2022)), jf. Innst. 255 S (2021–2022):
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å lovfeste retten til å ha med en støtteperson som mor velger, under svangerskap og i fødsel og i barsel.»