7 Departementet sine vurderingar

7.1 Innleiing

Departementet held fast på forslaget i høyringsnotatet om å presisere og tydeleggjere pasienten og brukaren sin lovfesta rett til å ha med seg andre personar når det blir gitt helse- og omsorgstenester. Departementet held òg fast på forslaget om å lovfeste ei korresponderande plikt for det enkelte helsepersonell og for verksemdene til å sørge for at pasienten og brukaren får oppfylt retten til medverknad, inkludert retten til å ha andre personar til stades når det blir gitt helse- og omsorgstenester. Vidare fastheld departementet forslaget frå høyringa som opnar for å gjere unntak frå retten til å ha andre personar til stades når det er nødvendig for å kunne gi forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Departementet vil gjere nærmare greie for forslaget nedanfor i punkt 7.2 til 7.4 i proposisjonen og i dei spesielle merknadane til dei enkelte lovføresegnene i punkt 9.

7.2 Presisering av retten til å ha andre personar til stades når det blir gitt helse- og omsorgstenester

Departementet viser til at hovudinnretninga på lovforslaget, slik det vart sendt på høyring, har fått stor oppslutning blant høyringsinstansane og vidarefører derfor dette forslaget i proposisjonen. På bakgrunn av innspel i høyringa er det likevel behov for å gi nærmare føringar i lovforarbeida for korleis retten skal forståast og praktiserast. Dette mellom anna for å sikre lik praksis i helse- og omsorgstenesta. Det visast her òg til punkt 7.3 og dei spesielle merknadene i punkt 9. Departementet har ved utforminga av endringane i lovføresegna i pasient- og brukerrettighetsloven § 3-1 femte ledd prøvd å balansere omsynet til pasienten og brukaren sine interesser, pårørande si rolle og helsepersonellet/verksemdene si plikt til å yte forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Nærvær av støtteperson medan tenestene blir gitt, kan vere ein fordel både for pasienten og for helsepersonellet sidan det kan bidra til betre kommunikasjon, samarbeid, hindre misforståingar, skape tryggleik og ei kjensle av å bli ivaretatt.

Lovforslaget skal mellom anna bidra til å styrke pasienttryggleiken og tilliten til helse- og omsorgstenesta. Desse omsyna har fått auka betydning mellom anna gjennom saker om helsepersonell som er dømde for å ha utført seksuelle overgrep mot pasientar, som til dømes Frosta-saka. Slike saker kan forsterke pasienten sitt behov for å kunne ha med seg nokon dei kjenner seg trygge på, til dømes ved gynekologiske undersøkingar. Som Legeforeningen peiker på, kan ei presisering av retten til å ha andre personar til stades når det blir gitt helse- og omsorgstenester, redusere bekymring eller risiko for grenseoverskridande åtferd hos helsepersonellet.

Departementet legg til grunn at retten til å ha med seg andre personar under svangerskap, fødsel og i barsel langt på veg er ivaretatt gjennom den gjeldande føresegna i pasient- og brukerrettighetsloven § 3-1 fjerde ledd. Sjølv om føresegna er generelt utforma, og ikkje særskilt omtaler svangerskap, fødsel og barsel, er det ingen tvil om at pasientane sin rett til å be om at andre personar skal kunne delta, også gjeld i desse tilfella.

Både under svangerskap, fødsel og barsel, og ved andre former for undersøking og behandling, skal pasienten si meining og vurdering etter gjeldande rett vege tungt. Ønsker pasienten å ha andre personar til stades, skal ein som hovudregel komme pasienten i møte. Som vist til under punkt 4.3, går det likevel i dag ei grense der det å tillate nærvær av andre personar hindrar helsepersonellet og/eller verksemda i å gi forsvarleg helsehjelp. Gjeldande føresegn opnar med andre ord for at det kan gjerast unntak frå retten til å ha med støtteperson. Departementet meiner at ein slik unntaksregel er påkravd. Pasienten sin rett til å medverke kan ikkje under noko omstende frita helsepersonell frå plikta til å gi forsvarleg helsehjelp. Dette må òg sjåast i lys av at det er eit generelt prinsipp at det er helsepersonellet som tar avgjerder i behandlingsforløpet.

Departementet er likevel av den oppfatninga at lovføresegna bør presiserast og klargjerast, slik at premissane for vurderinga kjem tydelegare fram. Ei språkleg tolking av «som hovedregel» opnar etter departementet sitt syn for at også ei rekke ulike andre grunnar enn slike som hindrar forsvarleg helsehjelp, kan medføre at pasienten blir nekta å ha med seg nokon. Ei ny føresegn må gjere det klart at det er tale om ein juridisk rett, som det berre kan gjerast unntak frå når det ligg føre vektige grunnar. Departementet meiner at framstillinga av denne retten i den gjeldande føresegna som eit «ønske», som kan eller ikkje kan «imøtekommes», er uheldig sidan dette også kan gi eit inntrykk av at høvet til å bruke skjønn er vidare enn det faktisk er. Tydeleggjering av at pasienten og brukaren har eit rettskrav på å ha med seg nokon, vil dessutan bringe denne føresegna meir i tråd med systematikken og utforminga av andre føresegner om materielle og prosessuelle rettar i pasient- og brukerrettighetsloven.

For å tydeleggjere at det er tale om ei føresegn som gir ein juridisk rett, foreslår departementet å lovfeste at pasientar og brukarar har rett til å ha med andre sjølvvalde støttepersonar når det blir gitt helse- og omsorgstenester. Vidare bør det komme fram av lovteksten at det berre kan gjerast unntak dersom det er nødvendig for å kunne yte forsvarlege helse- og omsorgstenester. Terskelen for å gjere unntak frå hovudregelen ligg med andre ord der avgjerda om å tillate nærvær av støttepersonar vil vere i strid med plikta for helsepersonell og verksemdene til å yte forsvarleg hjelp og tenester etter helsepersonelloven §§ 4 og 16, spesialisthelsetjenesteloven § 2-2 og helse- og omsorgstjenesteloven § 4-1.

Kva slags forhold som kan vere til hinder for å yte forsvarleg helsehjelp må i likskap med den gjeldande føresegna vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle. Kravet til forsvarlege helse- og omsorgstenester kan til dømes leggje grenser på kor mange personar som pasienten får ha med seg ved undersøking og behandling. Det er gjort nærmare greie for rekkevidda av høvet til å gjere unntak frå retten til å ha andre personar til stades i punkt 7.3.

Retten til å medverke omfattar også, som i dag, retten til å nekte andre personar å vere til stades ved undersøking og behandling. Dette kan til dømes gjelde studentar som skal delta for å lære, men som ikkje har særskilde oppgåver i utføringa av behandlinga. Vidare vil pasienten sine nærmaste pårørande framleis ha rett til å medverke saman med pasienten etter pasient- og brukerrettighetsloven § 3-1 tredje ledd, når pasienten ikkje har samtykkekompetanse.

Sjølv om det aktuelle behovet som utgjer bakgrunnen for lovforslaget skriv seg frå svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgen, er departementet si vurdering at det ikkje vil vere formålstenleg å ta inn ei særleg regulering for føde- og barselområdet i tillegg til den generelle føresegna i ny § 3-1 femte ledd i pasient- og brukerrettighetsloven. Departementet går ut frå at ei presisering av kor terskelen ligg for å gjere unntak frå retten til å ha med andre personar vil vere viktig ved yting av andre helse- og omsorgstenester så vel som ved svangerskap, fødsel og barsel.

Nokre høyringsinstansar, mellom anna Hørselsforbundet, peiker på at behov for å bruke tolk for å sikre god kommunikasjon ikkje må gå utover retten til å ha andre personar til stades når det blir gitt helse- og omsorgstenester. Departementet understrekar at det å ha tolk til stades medan det blir gitt helse- og omsorgstenester ikkje kan fortrenge retten til å ha med seg ein eller fleire sjølvvalde støttepersonar, og omvend. Tolkeloven pålegg offentlege organ å bruke tolk mellom anna når det er nødvendig for å yte forsvarleg hjelp og tenester, og inneheld dessutan eit eksplisitt forbod mot bruk av barn til tolking. Det betyr at dersom barn under 18 år er med som støtteperson til vaksne pasientar under yting av helse- og omsorgstenester, kan dei ikkje samtidig påleggjast å omsette informasjonen som blir gitt. Behovet for å ha andre personar til stades for å tolke på grunn av språklege eller andre utfordringar, fell utanfor lovføresegnene om rett til medverknad. Pasient- og brukerrettighetsloven § 3-5 stiller like fullt krav om at informasjon som blir gitt til pasientar og brukarar skal vere tilpassa mottakaren sine individuelle føresetnader, som alder, modnad, erfaring og kultur- og språkbakgrunn. I tilfelle der pasienten snakkar og forstår norsk dårleg og det er avgjerande at vedkommande skjønner innhaldet i informasjonen, må ein skaffe tolk. Også personar med nedsett funksjonsevne, mellom anna døve, har rett til særskild tilpassa informasjon gjennom tolk.

Andre høyringsinstansar, medrekna Helse Midt-Norge RHF, Helse Bergen HF, Legeforeningen og Personskadeforbundet (LTN), reiser spørsmål om dekning av utgifter til reise og opphald for personar som følgjer pasienten til undersøking og behandling, inkludert pårørande, kommunalt tilsette og personlege assistentar som er med når pasienten får behandling i spesialisthelsetenesta.

Departementet viser til at pasient- og brukerrettighetsloven § 2-6 og pasientreiseforskrifta inneheld reglar om rett til reisestønad for personar som følgjer pasienten på reise til og frå behandling. Personar («reiseledsager») som følgjer pasienten på reisa har rett til reisestønad såframt pasienten av medisinske eller behandlingsmessige grunnar treng følgje på reisa, eller det er nødvendig for å hindre at pasienten rømmer eller bruker rusmiddel under reisa. I desse tilfella har følgjepersonar krav på stønad til å dekke utgifter til reise, kost og overnatting etter same reglar som for pasienten.

Pasientreiseforskrifta gir òg nære pårørande rett til reisestønad i nokre andre nærmare bestemte situasjonar enn dei som er nemnt ovanfor. Nære pårørande har rett til reisestønad til/frå visse behandlingstilbod, kompetansesenter og kurs/opplæring. Dette gjeld sjølv om dei ikkje følgjer pasienten på reisa. Det er òg fastsett eigne reglar for reisestønad til barn som er nære pårørande til pasient i institusjon med livstrugande sjukdom som har omsorg for barnet og som ikkje maktar å reise heim.

Som nemnt under punkt 4.2, har barn som er innlagde i helseinstitusjon rett til samvær med minst ein av foreldra eller andre med foreldreansvaret under heile opphaldet etter forskrift om barns opphold i helseinstitusjon. Etter forskrifta er fosterforeldre likestilte med dei som har foreldreansvaret. Forskrifta inneheld særreglar som gir begge foreldra rett til å få dekt reiseutgifter til og frå institusjon når dei har oppsøkt institusjonen i samband med innlegging av barnet. Det same gjeld når dei har følgd eit alvorleg eller livstruande sjukt barn frå ein institusjon. Vidare dekkast reiseutgifter til og frå helseinstitusjon når institusjonen av medisinske grunnar innkallar foreldra for å vere hos barnet, for informasjon om sjukdomsutvikling eller for nødvendig opplæring i samband med sjukdommen til barnet og vidare behandling og pleie. I tillegg dekkast reiseutgifter til og frå helseinstitusjonen ein gong i veka for ein forelder som er hos barnet under opphald i helseinstitusjon som overstig 14 dagar. Dekninga blir berekna etter reglane i pasientreiseforskrifta.

Pasientreiseforskrifta inneheld i tillegg reglar om rett til dekning av utgifter for særskilt kvalifisert følgje, som mellom anna personar med medisinsk kompetanse, tolkekompetanse eller politimyndigheit. Når det gjeld kommunalt tilsette og personlege assistentar som er med pasienten til behandling i spesialisthelsetenesta utan at dei har særskilde kvalifikasjonar eller det er behov for følgje på reisa av medisinske grunnar, må reiseutgiftene deira dekkast av arbeidsgivar eller oppdragsgivar, det vil seie anten av kommunen eller brukaren sjølv, og ikkje etter reglane i pasientreiseforskrifta.

Departementet understrekar at lovframlegget i denne proposisjonen ikkje rører ved regelverket for dekning av utgifter til reise og opphald for følgjepersonar, korkje i samband med sjølve reisa til og frå behandling eller i samband med at pasienten er innlagd i helseinstitusjon.

7.3 Presisering av høvet til å gjere unntak frå retten til å ha andre personar til stades når det blir gitt helse- og omsorgstenester

Departementet legg til grunn at gjeldande høve til å gjere unntak frå hovudregelen om å etterkomme pasienten eller brukaren sitt ønske om å ha med seg andre personar ved yting av helse- og omsorgstenester, ikkje er særskilt regulert eller avgrensa i lov. Det kan derfor vere uklart kor langt unntakshøvet strekk seg. Som vist til i punkt 4.3, er det ifølgje lovforarbeida, tolkingsutsegn og rundskriv avgjerande kva som er medisinsk forsvarleg.

Departementet finn at høvet til å gjere unntak frå retten til å ha med seg nokon, framleis bør vere knytt til at helsepersonell og verksemder skal kunne oppfylle plikta til å yte forsvarlege helse- og omsorgstenester. Fleire av høyringsinstansane er like fullt bekymra for at forslaget inneber ei innsnevring av gjeldande unntakshøve. Departementet understrekar at forslaget er meint som ei presisering av gjeldande rett ved at det settast tydelegare rammar for høvet til å gjere unntak frå retten. Det vil skape større rettsleg klarleik og gjere regelverket meir føreseieleg.

Som Helsedirektoratet refererer til, har departementet i svarbrev til Legeforeningen av 13. juni 2014 lagt til grunn at medverknad ved gjennomføring av helse- og omsorgstenester omfattar det å vere til stades når helsehjelpa blir gitt. Retten til medverknad gjeld likevel berre så langt den er i pasienten si interesse, det vil si til det beste for vedkommande der pasienten er eit barn. Dersom medverknad i form av nærvær av andre personar kan føre til at helsehjelpa ikkje kan gjennomførast på forsvarleg måte, vil medverknaden ikkje vere i pasienten si interesse. Det er helsepersonellet sitt ansvar å sjå til at behandlinga er forsvarleg. Det inneber at det også er helsepersonellet som etter ein konkret vurdering må avgjere om pårørande eller andre personar kan vere til stades når helsehjelpa blir gitt. Ved den konkrete vurderinga av om nærvær av pårørande er forsvarleg, vil det vere relevant å legge vekt på korleis deira nærvær kan tenkast å påverke pasienten i sjølve behandlingssituasjonen.

Det kan til dømes førekome tilfelle der pårørande meiner at deira nærvær kan bidra til å redusere stress og angst i ein tvangssituasjon, men der helsepersonellet si vurdering er at det ikkje er i pasienten si interesse og at nærværet aukar stressnivået med fare for å påføre pasienten alvorleg skade. Det kan òg vere situasjonar kor det er fare for press, utnytting, mistanke om vald i nære relasjonar og negativ sosial kontroll som ikkje er i pasienten si interesse og som fører til at det ikkje kan gjevast forsvarleg helsehjelp. Departementet legg til grunn at i tilfelle som nemnt føre kan det vere nødvendig å nekte pasienten å ha andre personar til stades for å kunne yte forsvarleg helsehjelp.

Vidare må retten for ein pasient til å ha med seg nokon balanserast mot retten som andre pasientar i nærleiken har til å nekte å ha andre personar til stades når det blir gitt helse- og omsorgstenester. Det må derfor leggjast vekt på omsynet til pasientar som til dømes ligg på same rom og der nærvær av støttepersonar til ein pasient gjer det vanskeleg å yte forsvarleg helsehjelp til andre pasientar på rommet. Omsynet til teieplikt og personvern tilseier at andre personar som er til stades kan bli bedne om å forlate rommet medan helsepersonellet diskuterer andre pasientar sine helseopplysningar i samband med «visitten». Dersom nærvær av andre personar fører til at helsepersonell ikkje er i stand til å overhalde sine lovpålagde plikter, vil det vere i strid med kravet om at verksemda skal tilby forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Som omtalt i punkt 4.2, har retten som barn har til besøk og samvær med foreldra under opphald i helseinstitusjon, eit vidare formål og ei vidare rekkevidde enn retten til å medverke til gjennomføring av helsehjelpa ved å ha med seg andre personar. Retten til medverknad ved å ha med seg nokon medan helsehjelpa blir ytt, er ikkje til hinder for at sjukehus og sjukeheimar m.m. kan fastsette generelle besøkstider som pårørande og andre må respektere. Barn skal likevel kunne få besøk også utanom vanleg besøkstid, med mindre det ligg føre medisinske grunnar som taler mot det.

Departementet ser at det er vektige omsyn som kan tale for å avgrense nærværet av andre personar når det blir gitt helse- og omsorgstenester. Slike omsyn kan i større grad gjere seg gjeldande ved enkelte tenester og behandlingar/prosedyrar enn ved andre, som til dømes ved operasjonar samanlikna med polikliniske kontrollundersøkingar. Kravet til forsvarlege tenester inneber mellom anna at omsynet til sterile og hygieniske forhold på operasjonsstover må vege tungt. Som enkelte høyringsinstansar peiker på, må støttepersonar som får vere til stades ved kirurgiske inngrep få hjelp med å skifte tøy, handvask og opplæring i korleis dei skal bevege seg i operasjonsrommet. Talet på personar som er til stades under operasjonar vil i seg sjølv kunne auke smitterisikoen og gjere forholda uforsvarlege. Dersom pasienten ligg i narkose vil det dessutan vere mindre føremålstenleg å ha personar til stades for å støtte pasienten med å medverke aktivt til helsehjelpa.

Departementet understrekar vidare at kravet til forsvarlege tenester inneber at omsynet til smittevern framleis kan gi grunn til å nekte pasienten å ha med seg andre personar. Dette gjeld ikkje berre i ekstremsituasjonar som til dømes under koronapandemien, men òg i ein normalsituasjon med sesongvariasjonar. Som nokre høyringsinstansar viser til, vil ein til dømes på vinterstid kunne stenge sjukehusavdelingar for besøk frå søsken der det ligg småbarn med RS-virus. Sjølv om retten til å ha med seg andre personar presiserast i framlegget i denne proposisjonen, inneber ikkje det at retten vil kunne gå føre omsynet til smittevern.

I høyringsnotatet la departementet til grunn at det kunne vere problematisk dersom det til dømes oppstår situasjonar der det blir sett bort frå pasienten sitt ønske om å ha med ein støtteperson grunna plassmangel eller liknande forhold, og pasienten sine rettar dermed blir innskrenka. På bakgrunn av innspel frå fleire høyringsinstansar finn departementet grunn til å moderere dette utsegna noko. Departementet opnar derfor for at det i vurderinga av om unntakshøvet kan nyttast, òg bør kunne leggjast vekt på omsynet til dei eksisterande fysiske rammene for drifta av verksemda som mellom anna plass, bygningsmasse, forholdet til brannforskrifter m.m. Til dømes kan det dreie seg om storleiken på sengepostar, talet på fleirsengsrom og talet på innlagde korridorpasientar. Dersom pasientar skal kunne ha med seg andre personar sjølv om det ikkje er tilstrekkeleg plass, vil det kunne gå på kostnad av moglegheita til å tilby forsvarleg hjelp av god kvalitet og ivareta pasienttryggleiken. Omsynet til fysiske forhold i form av plass kan i mindre grad vektleggjast utanfor institusjonar med døgnopphald, som i poliklinikk, legevakt, fastlegekontor m.m.

Nokre høyringsinstansar viser til at det i vurderinga av om pasienten bør kunne nektast å ha med seg støttepersonar, må leggjast vekt på omsynet til at tilsette har rett til eit forsvarleg arbeidsmiljø. Dei viser til at det finst pårørande og andre støttepersonar som har ei åtferd som er til hinder for dette, mellom anna grunna utskjelling, trugslar, filming, bruk av sosiale media m.m. Departementet er einig i at pasienten og brukaren sin rett til medverknad etter pasient- og brukerrettighetsloven må balanserast mot dei tilsette sin rett til eit forsvarleg arbeidsmiljø etter arbeidsmiljøloven. På bakgrunn av Åpenhetsutvalget si utgreiing NOU 2019: 10 Åpenhet i grenseland, har Helsedirektoratet utarbeida eit rundskriv om bilde, film og lydopptak i helse- og omsorgstenesta som blei publisert 3. februar 2025. Retten til eit forsvarleg arbeidsmiljø er omtalt i kapittel 2 i rundskrivet, kor det er nemnt fleire tiltak som arbeidsgivar bør sette i verk, mellom anna for å skjerme tilsette slik at dei kan utføre arbeidet på ein forsvarleg måte. Det går fram av kapittel 4 i rundskrivet at når det gjeld bilde, filming og lydopptak i fellesareal i verksemder som yter helse- og omsorgstenester, kan personar som ikkje vil følgje verksemda sine retningslinjer for dette, visast bort.

Enkelte høyringsinstansar meiner at avgjerder som nektar pasienten å ha andre personar til stades når det blir gitt helse- og omsorgstenester, bør grunngjevast og bli nedteikna skriftleg i pasientjournalen. Til samanlikning skal ei avgjerd om besøksnekt til barn som oppheld seg i helseinstitusjon grunngjevast, men det er heller ikkje her stilt formkrav om skriftleg nedteikning nokon stad. Med unntak av reglane om klage, er det i liten grad gitt føresegner om skriftleg saksbehandling av prosessuelle avgjerder i pasient- og brukerrettighetsloven. Departementet kan heller ikkje sjå at det er hensiktsmessig å regulere dette særskilt for retten til medverknad.

7.4 Lovfesting av ei plikt til å oppfylle retten til å medverke

Departementet held òg fast på forslaget frå høyringa om å lovfeste ei plikt for det enkelte helsepersonell og for verksemdene til å sørge for at pasienten og brukaren får oppfylt retten til medverknad, inkludert retten til å ha andre personar til stades når det blir gitt helse- og omsorgstenester.

Lovføresegnene om rettar og plikter knytt til medverknad blir med det regulert på same måte som føresegnene om rettar og plikter knytt til informasjon, det vil seie høvesvis i pasient- og brukerrettighetsloven, helsepersonelloven og tenestelovgivinga. Som nemnt ovanfor i punkt 4.1, er det ein tett samanheng mellom retten til å medverke og retten til informasjon.

Plikta til å sørge for at pasienten og brukaren sin rett til å medverke blir oppfylt, medrekna retten til å ha andre personar til stades når det blir gitt helse- og omsorgstenester, ligg på den som yter tenesta. Dette er ikkje direkte lovregulert i dag, men må tolkast inn i helsepersonellet og helseverksemdene si plikt til å yte forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Departementet foreslår derfor å regulere dette i ny § 3-11 a i spesialisthelsetjenesteloven, ny § 4-2 b i helse- og omsorgstjenesteloven og helsepersonelloven § 10. Endringane inneber ingen nye plikter utover allereie etablert praksis, og lovfestar gjeldande rett. Sjølv om det til vanleg vil vere det enkelte helsepersonellet som tar stilling til om retten til å ha andre personar til stades må vike for kravet til forsvarlege helse- og omsorgstenester, blir hovudansvaret for å oppfylle retten lagt på verksemda som gir helse- og omsorgstenesta. I enkelte tilfelle er det også verksemda som må ta stilling til meir generelle forhold i samband med at kravet til forsvarlege helse- og omsorgstenester tilseier grenser i retten, til dømes om det ligg føre fare for smitteoverføring til andre pasientar.

Høyringsinstansane har i liten grad kommentert denne delen av lovframlegget. Legeforeningen meiner det er nærliggande å gå ut frå at ein tydelegare rett med korresponderande plikt for verksemdene til å sørge for oppfylling av retten, vil ha økonomiske konsekvensar på sikt.

Departementet gjer merksam på at store delar av helselovgivinga er gjort heilt eller delvis gjeldande for Svalbard og Jan Mayen gjennom forskrift 22. juni 2015 nr. 747 om anvendelse av helselover- og forskrifter for Svalbard og Jan Mayen. Pasient- og brukerrettighetsloven er ikkje nemnt her, og gjeld derfor i utgangspunktet ikkje i desse områda. Helsepersonelloven gjeld derimot for Svalbard og Jan Mayen med enkelte tilpassingar, jf. §§ 4 og 19 i forskrifta. Det går fram av desse føresegnene at helsepersonelloven § 10 skal gjelde som om dei føresegna i pasient- og brukerrettighetsloven som det visast til, gjeld. Helsepersonelloven § 10 inneheld i dag ein referanse til føresegna i pasient- og brukerrettighetsloven §§ 3-2 til 3-4 om rett til informasjon. Forslaget i denne proposisjonen inneber at det i tillegg leggjast inn ein referanse til pasient- og brukerrettighetsloven § 3-1 om rett til medverknad. Denne føresegna gjeld ikkje på Svalbard og Jan Mayen per i dag, men vil gjennom dette forslaget bli gjort gjeldande der.

Forslaget til endring av helsepersonelloven § 10 inneber derfor at helsepersonell som yter helsetenester på Svalbard og Jan Mayen får ei lovfesta plikt til å sørge for at pasienten får medverke medan helsehjelpa blir gitt, mellom anna ved å ha andre personar til stades. Ei slik plikt følgjer allereie av kravet til forsvarlege tenester i helsepersonelloven § 4. Pasienten sin rett til sjølv- og medråderett i helsespørsmål følgjer i alle tilfelle av Grunnlova og menneskerettskonvensjonar som òg er gjort gjeldande for Svalbard og Jan Mayen. Forslaget er derfor i all hovudsak ei vidareføring av gjeldande rett og praksis i desse områda, på same måte som på det norske fastlandet.

Spesialisthelsetjenesteloven gjeld berre i avgrensa grad for Svalbard. Departementet foreslår derfor ikkje å forskriftsfeste ei plikt for verksemder i desse områda (i praksis sjukehusa i Longyearbyen og i Barentsburg) til å sørge for å oppfylle pasienten sin rett til å medverke, slik det er foreslått for verksemder på det norske fastlandet gjennom den nye føresegna i spesialisthelsetjenesteloven § 3-11 a. Plikta for verksemder til å yte forsvarlege tenester etter spesialisthelsetjenesteloven § 2-2 gjeld allereie på Svalbard.