8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget inneber ei klarare lovregulering av allereie gjeldande rettar og plikter, og departementet går derfor ut frå at det ikkje vil ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar. Ein tydelegare rett saman med lovfesting av ein korresponderande plikt må følgjast opp i verksemdene, men lovforslaga krev ikkje i seg sjølv meir praktisk tilrettelegging enn kva som krevst i dag. Det kan likevel vere grunn til å tru at ein tydeleggjering av retten vil føre til at fleire pasientar og brukarar blir klar over og vil bruke retten. Det kan igjen føre til fleire klager på nekting av å ha med seg andre personar, noko som kan gi meirarbeid og føre til auka tidsbruk for helsepersonell og verksemder. Eventuelle meirkostnader som følgje av lovendringane må dekkast innafor gjeldande rammer.