7 Økonomiske og administrative konsekvensar
Forslaget om at departementet skal leggje til grunn retten si vurdering av om vilkåra for utlevering er oppfylte, og ikkje prøve vilkåra på nytt slik det er praksis for i dag, vil bidra til å effektivisere saksbehandlinga av desse sakene i departementet. Temaa departementet skal vurdere, blir færre, og ressursbruken i departementet på desse sakene blir redusert. Dette vil bidra til at den totale saksbehandlingstida for desse sakene blir kortare.
Forslaget om å fjerne retten til å klage til Kongen i statsråd over vedtaket om utlevering vil bidra til betydeleg redusert ressursbruk for departementet si behandling av slike saker. Forslaget vil føre til færre saker som skal førebuast for behandling for Kongen i statsråd, både internt i Justis- og beredskapsdepartementet og ved Statsministerens kontor. Dette vil igjen føre til at færre saker må behandlast av Kongen i statsråd. Oppheving av klageretten medfører at vedtaket om utlevering blir endeleg på eit tidlegare tidspunkt enn etter dagens lovgiving. Dermed kan utlevering gjennomførast raskare, og tida den ettersøkte sit i varetekt, blir redusert.
Ein reduksjon i tidsbruken i departementet sitt arbeid med saka, både ved at departementet ikkje lenger skal prøve dei same vilkåra som retten allereie har vurdert som oppfylte, og som følgje av at klageretten over departementet sitt vedtak til Kongen i statsråd blir fjerna, vil redusere utgiftene kriminalomsorga har til varetekt. Forslaget vil i tillegg kunne medføre at utgiftene til advokatbistand blir reduserte.