8 Merknader til endringane i § 18
Føresegna regulerer avgjerda til departementet av om eit utleveringskrav skal etterkommast.
Første ledd er endra og slår fast at når det ligg føre ein rettskraftig orskurd, skal påtalemakta straks sende saka til departementet. Orskurden og andre relevante saksdokument blir sende tenesteveg via riksadvokaten til departementet. Dersom den ettersøkte sonar straff eller har ein idømd ufullbyrda straff mot seg i Noreg, eller er under norsk straffeforfølging, skal påtalemakta i oversendinga til departementet gi uttrykk for om utsett eller mellombels utlevering er formålstenleg.
Andre ledd har i sin heilskap fått nytt innhald, og fastslår at dersom domstolen har komme til at vilkåra for utlevering ikkje er oppfylte, skal departementet avslå utleveringskravet og melde frå om dette til staten som ber om utlevering. Føresegna er ny, men stadfestar gjeldande rett.
Tredje ledd har i sin heilskap fått nytt innhald, og regulerer situasjonen der domstolen har konkludert med at utleveringa er lovleg.
Første punktum slår fast at departementet snarast mogleg skal avgjere om utlevering skal skje etter at domstolen har rettskraftig avgjort at vilkåra for utlevering er oppfylte.
Departementet skal utan opphald innhente merknader frå den ettersøkte eller forsvararen hans. Som utgangspunkt bør det setjast ein frist på tre arbeidsdagar for å gi merknader. Departementet skal deretter treffe vedtak snarast mogleg. Som utgangspunkt bør departementet kunne avgjere saka innan éi veke, jf. punkt 5.4.
Det ligg til retten å avgjere om vilkåra for utlevering er oppfylte. Departementet skal ikkje overprøve retten si vurdering av vilkåra. At departementet avgjer saka, inneber at departementet har eit skjønnsmessig høve til å avslå kravet. Departementet vil til dømes kunne leggje vekt på om forholdet er gjort heilt eller delvis på norsk territorium, eller om det verkar sterkt urimeleg å utlevere i lys av dei konkrete omstenda i saka. At handlinga er av ubetydeleg alvorsgrad, eller at straffenivået er uforholdsmessig høgt samanlikna med i Noreg, kan òg vere moment i departementet si skjønnsmessige vurdering. Departementet sitt skjønnsmessige høve til å avslå kravet når vilkåra for utlevering elles er oppfylte, nyttast i praksis berre unntaksvis. Dersom det er ein folkerettsleg avtale mellom staten som har kravd utlevering, og Noreg, vil dette begrense departementet sitt handlingsrom. Når det gjeld forholdet til menneskerettane følgjer det av Grunnlova og menneskerettslova at departementet aldri kan vedta utlevering i strid med desse.
Andre og tredje punktum er nytt, men stadfestar gjeldande rett. Føresegna angir vurderingstemaa for departementet si avgjerd og pålegg departementet å vurdere om det er aktuelt med utsett eller mellombels utlevering. Avgjerda blir teken i samråd med påtalemakta ettersom begge situasjonar kan reise påtalemessige spørsmål, jf. merknaden til første ledd. Departementet skal etter føresegna òg vurdere om det skal stillast vilkår for utleveringa etter § 12. Eventuelle vilkår for utlevering blir tekne inn i vedtaket. I tillegg ligg det til departementet å behandle visse spørsmål som ikkje er behandla av domstolane. I departementet si vurdering inngår kva sak som skal få prioritet dersom fleire utleveringskrav gjeld den same ettersøkte, og andre forhold som ikkje er vurdert av retten, til dømes at den ettersøkte er under strafforfølging for det same forholdet i Noreg. Departementet vil vidare måtte ta omsyn til endra forhold etter retten si avgjerd dersom noko anna vil kunne føre til feil avgjerd i utleveringspørsmålet. Sjå òg femte ledd som angir fleire spørsmål departementet må ta stilling til i samband med avgjerda.
Fjerde ledd fastslår at det skal innhentast fråsegn frå kriminalomsorga før avgjerda om mellombels utlevering blir teken. Føresegna fører vidare § 18 andre ledd i dagens utleveringslov.
Departementet kan etter femte ledd vedta overgiving av beslaglagde gjenstandar i samband med avgjerda av utleveringskravet. Føresegna vidarefører utleveringslova § 18 tredje ledd.
Sjette ledd fastslår at det ikkje er klagerett over departementet sitt vedtak. Regelen endrar gjeldande rett.
Endringa i § 18 skal gjelde for utleveringskrav mottekne av norske myndigheiter etter lova tek til å gjelde.