1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Departementet foreslår i denne proposisjonen endringar i utleveringslova § 18 som vil bidra til ei meir formålstenleg behandling i Justis- og beredskapsdepartementet av saker om utlevering av lovbrytarar, og med det òg ei meir effektiv kriminalitetsnedkjemping på tvers av landegrensene. Forslaga, som er ei delvis oppfølging av NOU 2022: 15 Utleverings- og arrestordreloven, vil sikre ei raskare handtering av utleveringssaker utan at det går på kostnad av rettstryggleiken til den ettersøkte. Samstundes blir den samla varetektstida redusert. Dette er ein fordel for den ettersøkte, som unngår langvarig uvisse om utfallet av utleveringskravet. Forslaga vil dessutan klargjere ansvarsfordelinga mellom påtalemakta, domstolen og departementet og dermed sørge for ein meir effektiv utleveringsprosess utan unødvendig dobbeltarbeid.
Formålet med utlevering er å hindre lovbrytarar i å unndra seg straffeforfølging eller fullbyrding av dom ved å reise til eit anna land. Ein som er sikta, tiltalt eller domfelt i ei straffesak, kan etter reglane om utlevering tvangsmessig bli overført frå ein stat til ein annan med sikte på straffeforfølging eller straffullbyrding. I norsk rett blir omgrepa utlevering og overlevering nytta om slik tvangsmessig overføring.
Utlevering gjeld overføring av ettersøkte personar mellom Noreg og statar utanfor EU og Norden, jf. lov 13. juni 1975 nr. 39 om utlevering av lovbrytere m.v. (utleveringslova) § 1 første punktum. Overlevering gjeld overføring mellom Noreg og statar i EU og Norden av personar det er utferda ein arrestordre på, jf. utleveringslova § 1 andre punktum. Lov 20. januar 2012 nr. 4 om pågriping og overlevering til og frå Noreg for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre (arrestordrelova) gir nærmare reglar om dette. Arrestordresystemet er ei forenkling av utleveringssystemet. Hovudregelen i arrestordrelova er at det er påtalemakta, ikkje departementet, som avgjer om arrestordren skal etterkommast eller ikkje. I denne proposisjonen blir det berre foreslått endringar i utleveringslova.
Den etablerte kompetansefordelinga er i dag slik at det er domstolane som avgjer om vilkåra for utlevering i lova er oppfylte. Deretter avgjer departementet om utleveringskravet skal etterkommast. Departementet gjennomfører ei breiare vurdering av om utlevering skal skje, men vurderer òg dei same vilkåra som retten har prøvd. Kor grundig departementet si prøving er, avhenger likevel av forholda i saka og av om den ettersøkte meiner det heftar feil ved retten si vurdering av vilkåra. Ordninga fører ofte til at saka trekkjer ut i tid utan at det har noka betydning for utfallet i saka. I praksis har departementet berre unntaksvis avslått utleveringskravet der retten har vurdert at vilkåra for utlevering er oppfylte. I dei tilfella det har skjedd, har avslaget vore basert på nye bevis eller andre omstende etter retten si avgjerd. Forslaget inneber at departementet ikkje skal prøve dei same vilkåra for utlevering som domstolen allereie har vurdert, men gjennomgåande basere seg på domstolen si vurdering av vilkåra. Departementet viser til at sakene er grundig behandla i domstolen med advokatbistand og ankemoglegheit før dei kjem til departementet for avgjerd. Sakene reiser i tillegg rettslege spørsmål som domstolane er betre eigna til å vurdere enn departementet. Departementet må likevel i unntakshøve ta omsyn til endra forhold etter retten si avgjerd dersom noko anna vil kunne føre til feil avgjerd i utleveringspørsmålet.
Departementet foreslår òg å fjerne retten til å klage over departementet sitt vedtak til Kongen i statsråd. Når departementet avgjer saka, er lovlegheita til utleveringa allereie rettskraftig avgjort av ein uavhengig domstol. Den ettersøkte har òg fått høve til å gi departementet etterfølgjande merknader før departementet avgjer saka. Dette tilseier at det av rettstryggleiksomsyn ikkje er behov for at den ettersøkte i tillegg kan klage på departementet sitt vedtak. Forslaget er eit viktig tiltak for å sikre ei raskare saksbehandling.
Departementet vil komme tilbake til dei andre forslaga frå utvalet i NOU 2022: 15 Utleverings- og arrestordreloven på eit seinare tidspunkt. Det vil i den samanhengen òg vere naturleg å sjå nærmare på organiseringa av saksbehandlinga i utleveringssaker, inkludert å vurdere moglegheita for å avvikle behandlinga av utleveringssakene i departementet og heller leggje avgjerdskompetansen til påtalemakta, slik hovudregelen er i arrestordresakene.
Departementet legg òg fram ein annan proposisjon med forslag om endringar i utleveringsloven som gjeld samarbeid med Den europeiske påtalemyndighet mv. og samtykke til inngåing av avtaler med Sveits og Liechtenstein om bruk av Schengen-relevante føresegner i EU sin konvensjon om utlevering frå 1996.