4 Saksbehandlinga fram til domstolsbehandling
4.1 Innleiing
Utleveringslova kapittel II gir reglar om behandlinga av utleveringssaker. Saksbehandlinga er omfattande for å sikre at rettane til den ettersøkte blir varetekne, og at avgjerda blir teken på eit best mogleg grunnlag.
Departementet gir i dette kapittelet ei oversikt over behandlinga av utleveringssaker på dei ulike trinna i saksgangen, frå kravet om utlevering blir sett fram overfor departementet til behandlinga i domstolen. Reglane om utlevering er komplekse, og departementet gir derfor ei oversikt i punkt 4.2 over kva vilkår som må vere oppfylte for at utlevering kan skje.
4.2 Vilkåra for utlevering
Kapittel 1 i utleveringslova fastset vilkåra for utlevering til framand stat og grunnlaga for å nekte utlevering. Utlevering er eit inngripande tiltak og vilkåra for at utlevering kan skje, er derfor strenge. Vilkåra for utlevering er i all hovudsak utleidde av utleveringskonvensjonen. Vurderinga av om vilkåra er oppfylte, må derfor gjerast i lys av konvensjonen og Noregs erklæringar til denne. Det ligg til domstolane å avgjere om vilkåra er oppfylte. Dette er nærmare omtalt i punkt 4.5.
Det er eit grunnvilkår for utlevering at personen utleveringskravet gjeld, er i Noreg, jf. § 1 første punktum. Dersom personen ikkje er i Noreg eller unndrar seg i løpet av saka, vil utleveringskravet avslåast av departementet i den innleiande fasen eller undervegs i saka.
Utleveringslova føreset at handlinga utleveringskravet gjeld, er straffbart både i Noreg og i staten som ber om utlevering, jf. §§ 1 og 3. Kravet til dobbel straffbarheit sikrar både at Noreg ikkje set i verk eit svært inngripande tiltak utan at handlinga er så alvorleg at ho ville ha blitt straffa i Noreg, og at det er klart kva handlingar ein kan utleverast for, jf. utgreiinga frå utvalet i kap. 8.2 om kravet til dobbel straffbarheit.
Utleveringslova § 3 stiller òg krav til alvoret til det straffbare forholdet. Det er eit vilkår for utlevering at det straffbare forholdet etter norsk rett kan medføre fengsel i meir enn eitt år, jf. § 3 første ledd første punktum. Norske myndigheiter må derfor vurdere om kravet til strafferamme ville ha vore oppfylt for eit tilsvarande lovbrot i Noreg. Dersom utleveringa gjeld fullbyrding av straff, kan utlevering i tillegg berre skje når dommen går ut på fridomsstraff eller plassering i anstalt for eit tidsrom på minst fire månader.
Utleveringslova § 3 andre ledd opnar for å inngå avtalar om utlevering ved lågare strafferamme eller reaksjon, men heimelen er lite brukt. Tredje ledd i føresegna inneheld vidare reglar om utlevering for såkalla aksessoriske forhold. Dette inneber at dersom utleveringa gjeld fleire forhold, kan utleveringa omfatte forhold som isolert sett ikkje oppfyller krava til alvor så lenge lovbrota kan medføre fridomsstraff i begge statar og kravet til alvor er oppfylt for minst eitt av dei andre forholda.
I motsetnad til etter arrestordresystemet kan norske statsborgarar ikkje utleverast, jf. utleveringslova § 2. Utlevering kan som utgangspunkt heller ikkje skje for militære og politiske lovbrot, jf. utleveringslova § 4 og § 5 første ledd. Forbodet mot utlevering for militære lovbrot gjeld ikkje dersom forholdet blir ramma av sivile straffeføresegner. Kva som er eit politisk lovbrot, er ikkje nærmare definert i lova, men handlar typisk om lovbrot retta mot statsmakta i eit land. Det er opp til myndigheitene i den staten som mottek utleveringskravet å fastslå om lovbrotet er politisk eller ikkje. Første ledd andre punktum opnar for at Noreg kan inngå avtalar om at visse lovbrot aldri skal reknast som politiske, sjå til dømes Europarådets konvensjon av 27. januar 1977 om forebygging av terrorisme. Det absolutte forbodet mot utlevering for politiske lovbrot i utleveringslova § 5 første ledd gjeld ikkje for såkalla komplekse lovbrot, jf. andre ledd. Dette er lovbrot som berre har tilknyting til eit politisk lovbrot, men er av ikkje-politisk karakter.
Utleveringslova § 6 bestemmer at utlevering ikkje kan skje dersom det venteleg må vere alvorleg fare for at vedkommande på grunn av rase, religion, nasjonalitet, politisk oppfatning eller politiske forhold elles, ville bli utsett for forfølging som rettar seg mot livet eller fridommen hans, eller forfølging som elles har alvorleg karakter.
Etter utleveringslova § 7 kan utlevering heller ikkje skje dersom det vil komme i strid med grunnleggjande humanitære omsyn. Føresegna byggjer på ei interesseavveging mellom samfunnet sitt behov for straffeforfølging og soning og den enkelte sitt behov for å unngå utlevering. Dette inneber til dømes at det ved særleg alvorlege lovbrot skal mykje meir til før utlevering blir nekta, enn ved mindre alvorlege lovbrot.
Forbodet mot dobbeltstraff i utleveringssaker er nedfelt i utleveringslova § 8. Dersom det same forholdet er rettskraftig avgjort i Noreg, vil kravet om utlevering bli avslått. Det same gjeld dersom norske myndigheiter har lagt bort saka på grunn av mangel på bevis, med mindre vilkåra for gjenopning etter straffeprosesslova § 74 første og sjette ledd er oppfylte. Rettskraftig avgjerd i ein annan stat stengjer òg for utlevering. Føresegna gjeld likevel berre for statar som har slutta seg til utleveringskonvensjonen, den europeiske konvensjonen av 28. mai 1970 om internasjonal gyldighet (gyldigheitskonvensjonen) og den europeiske konvensjonen av 15. mai 1972 om overføring av straffesaker (overføringskonvensjonen). Det følgjer av § 8 tredje ledd andre punktum at forbodet mot utlevering etter tredje ledd ikkje gjeld når handlinga heilt eller delvis er gjennomført på territoriet til staten som ber om utlevering eller ein stad som blir likestilt med dette, eller når handlinga var retta mot ein person, ein institusjon eller anna som er av offentleg karakter i staten som ber om utlevering, eller når gjerningsmannen sjølv hadde offentleg verv i denne staten.
Utleveringslova stiller vidare krav til at forholdet ikkje er forelda etter norsk lov, jf. utleveringslova § 9. Kravet om at forholdet ikkje må vere forelda, har nær samanheng med kravet til dobbel straffbarheit, jf. utleveringslova §§ 1 og 3.
Etter utleveringslova § 10 blir det stilt krav om at det må vere tilstrekkeleg bevismessig grunnlag for siktinga, eventuelt dommen. Ved utlevering til straffullbyrding følgjer det av utleveringslova § 10 første ledd at vurderinga av skuldspørsmålet i den utanlandske dommen som utgangspunkt skal leggjast til grunn. Det er berre dersom det er «særleg grunn» til å tru at dommen ikkje byggjer på ei rett vurdering av skuldspørsmålet, at kravet om utlevering skal avslåast.
Utlevering til straffeforfølging etter utleveringslova § 10 andre ledd føreset at det er «skjellig grunn til mistanke» om at personen er skuldig i lovbrotet som ligg til grunn for utleveringskravet. Sjølv om den utanlandske pågripingsavgjerda normalt byggjer på at det er skilleg grunn til mistanke, har norske myndigheiter ei plikt til å vurdere om vilkåret er oppfylt. Kor grundig prøvinga skal vere, vil avhenge av fleire forhold, mellom anna tilliten til rettssystemet i den aktuelle staten.
Utleveringslova har inga særskild føresegn om forholdet til menneskerettane, men dei avgrensingane som følgjer av Noregs menneskerettslege forpliktingar, gjeld like fullt, jf. omtalen av dette i punkt 3.1 om folkerettslege rammer.
4.3 Saksbehandlinga i departementet før domstolsbehandling
Justis- og beredskapsdepartementet er sentralmyndigheit i utleveringssaker og dermed rette mottakar av utleveringskrav frå andre land. Finn departementet på grunnlag av kravet og dei opplysningane som følgde dette, straks å burde avslå kravet, blir dette gjort, jf. utleveringslova § 14 første ledd. Formålet med den førebelse prøvinga er å unngå unødvendig ressursbruk, jf. Ot. prp. nr. 26 (1906–1907) side 15 der det blir vist til at «[h]ensikten med den foreløpige prøving var å hindre unødig bryderi og tidsspille». Det er berre der det er openbert at kravet ikkje kan etterkommast, at departementet avslår kravet straks, som til dømes der ein norsk statsborgar er kravd utlevert, eller der det straffbare forholdet kravet byggjer på, har for låg strafferamme. At terskelen er høg for at departementet straks skal kunne avslå kravet, er omtalt i spesialmerknadene til § 14 i Ot. prp. nr. 30 (1974–75) slik:
Å avslå begjæringen på dette stadium forutsettes det bare å bli spørsmål om dersom det er temmelig klart at den ikke kan etterkommes. Det forutsettes ikke å være noe til hinder for at departementet innhenter ytterligere opplysninger i tillegg til det materialet som den fremmede stat har framlagt sammen med begjæringen, men departementet vil ikke ha noen plikt til dette. Er manglene ved begjæringen av en slik art at de kan avhjelpes, kan det være et alternativ – som forutsatt i forarbeidene til gjeldende lov – at det ved underretningen til den fremmede stat om at begjæringen ikke kan etterkommes, blir rettet en henstilling til den fremmede stat om å avhjelpe manglene.
Dersom utleveringskravet har formelle manglar, til dømes at det manglar stadfesta kopi av pågripingsavgjerda eller dommen, vil departementet normalt gi staten som ber om utlevering høve til å rette manglane utan å avslå kravet.
4.4 Saksbehandlinga i påtalemakta
Det følgjer av § 14 andre ledd at departementet, dersom kravet ikkje straks blir avslått etter første ledd, skal sende saka til påtalemakta, som utan opphald skal setje i verk nødvendige undersøkingar. Kor omfattande undersøkinga skal vere, vil avhenge av forholda i saka og kva som blir halde fram av den sikta og forsvararen, jf. Ruud mfl. (2020). Utleveringsloven og arrestordreloven. Lovkommentar, Oslo side 77. Formålet med undersøkingane er å få klarlagt om utlevering kan og bør skje, ikkje å få oppklart det straffbare forholdet som kravet gjeld, jf. Ot. prp. nr. 30 (1974–75) side 41. Departementet ber samstundes påtalemakta om å bringe saka inn for rettsleg prøving i tingretten etter utleveringslova § 17. Påtalemakta representerer staten i saka på instruks frå departementet. Det inneber at påtalemakta ikkje har den same uavhengnaden i utleveringssaker som i norske straffesaker, men utan at dette vedkjem objektiviteten til påtalemakta når det gjeld om vilkåra for utlevering er oppfylte, jf. Ruud mfl. (2020). Utleveringsloven og arrestordreloven. Lovkommentar. Oslo, side 77.
Undervegs i undersøkingsfasen oppstår det av og til behov for å hente inn meir informasjon frå staten som ber om utlevering. Det kan til dømes vere nødvendig med meir informasjon om soningsforholda, tilgangen til helsehjelp eller opplysningar om andre forhold som har noko å seie for utleveringsspørsmålet. Informasjonsinnhentinga skjer anten via diplomatiske kanalar eller direkte mellom departementet og myndigheitene i den andre staten. Det er i samband med dette ofte tett kontakt mellom departementet og påtalemakta, eventuelt òg Utanriksdepartementet og norske utanriksstasjonar. I samband med informasjonsinnhentinga er det ikkje uvanleg at det allereie på dette stadiet blir innhenta garantiar frå staten som ber om utlevering, slik at domstolen har eit tilfredsstillande grunnlag for å vurdere om vilkåra for utlevering er oppfylte.
4.5 Domstolen si behandling
Det følgjer av systemet i lova at det er domstolen som vurderer om vilkåra for utlevering i utleveringslova §§ 1 til 10 er oppfylte. Det går fram av § 17 første ledd at tingretten avgjer om vilkåra for utlevering etter lova og ein mogleg overeinskomst med framand stat er oppfylte. For det tilfellet at den som er kravd utlevert, i rettsmøtet samtykker til utlevering, kan tingretten etter § 17 andre ledd første punktum avseie orskurd (kjennelse) om utlevering straks, føresett at vilkåra for utlevering er oppfylte. Elles blir orskurd avsagd når undersøkinga til påtalemakta er avslutta, jf. første ledd andre punktum.
Retten kan vedta at det skal hentast inn fleire opplysningar, jf. utleveringslova § 17 andre ledd tredje punktum. I forarbeida er det vist til at det under rettsforhandlingane kan komme fram ny informasjon som gjer fleire undersøkingar nødvendig, til dømes merknader knytte til utleveringslova §§ 6 og 7, jf. Ot. prp. nr. 30 (1974–75) side 43. Det kan vidare oppstå behov for å hente inn ny informasjon for å gi domstolen grunnlag for å vurdere om utlevering vil vere i tråd med menneskerettane.
Orskurden til retten kan ankast i samsvar med reglane i straffeprosesslova kapittel 26, jf. § 17 tredje ledd første punktum. Ankefristen er tre dagar, og anken har alltid utsetjande verknad, jf. § 17 tredje ledd andre og tredje punktum.
For det tilfellet at utleveringskravet omfattar fleire straffbare forhold, må retten vurdere om vilkåra er oppfylte for kvart enkelt forhold.