6 Klage over vedtak om utlevering

6.1 Gjeldande rett

Justis- og beredskapsdepartementet sitt vedtak om utlevering kan klagast på til Kongen i statsråd, jf. forvaltningslova § 28. I dag er dei same vurderingstemaa som departementet behandlar i vedtaket, òg gjenstand for klage, sjå punkt 5.1 for ein nærmare omtale av desse vurderingstemaa.

Klagefristen er tre veker, jf. forvaltningslova § 29. Klagen har etter utleveringslova § 18 fjerde ledd utsetjande verknad. Klagen blir send til Justis- og beredskapsdepartementet som førebur saka for endeleg avgjerd av Kongen i statsråd. Dersom Justis- og beredskapsdepartementet kjem til at klagen bør takast til følgje, kan departementet gjere vedtak om dette utan å leggje saka fram for Kongen i statsråd.

6.2 Forslaget frå utvalet

Utvalet foreslår å fjerne retten til å klage til Kongen i statsråd over departementet sitt vedtak om utlevering, og vurderer at rettstryggleiksomsyn ikkje er til hinder for dette. Utvalet viser mellom anna til at Noreg i nordisk samanheng har den mest omfattande saksbehandlinga med både rettsleg og administrativ prøving i alle saker. Sakene blir ofte prøvde i alle tre rettsinstansar. Utvalet presiserer at departementet framleis skal ha høve til å gjere om sitt eige vedtak til fordel for den ettersøkte, jf. forvaltningslova § 35. Heller ikkje retten til den ettersøkte til å reise sivilt søksmål med påstand om at departementet sitt vedtak er ugyldig, blir ramma av forslaget.

Dei foreslåtte endringane vil etter utvalet si vurdering sikre ei raskare og meir effektiv saksbehandling og redusere varetektstida for den ettersøkte, samstundes som omsynet til rettstryggleik og menneskerettane blir vareteke.

6.3 Høyringsinstansane sine synspunkt

Oslo politidistrikt, Kripos, Oslo statsadvokatembete, Det nasjonale statsadvokatembetet, Politihøgskolen, Vestfold, Telemark og Buskerud statsadvokatembete og Søndre Østfold tingrett støttar forslaget frå utvalet om å fjerne moglegheita til å klage over departementet sitt vedtak til Kongen i statsråd. Rettspolitisk forening stiller seg kritisk til å fjerne retten til å klage over departementet sitt vedtak i utleverings- og overleveringssaker.

Oslo politidistrikt sluttar seg til utvalet sitt syn om at retten til å klage over departementet sitt vedtak i utleveringssaker bør fjernast. Det er Oslo politidistrikt si erfaring at dagens ordning medfører at saker om utlevering trekkjer uforholdsmessig ut i tid. Politidistriktet gir vidare uttrykk for at rettstryggleiksgarantiane synest å vere varetekne ved at både domstolen og Justis- og beredskapsdepartementet behandlar saka. Samanfatta peikar Oslo politidistrikt på følgjande:

OPD støtter utvalget i de nevnte endringene og ser at forslaget i praksis vil føre til en mer effektiv saksbehandling og redusere varetektstiden. Ved en slik endring vil faren for oversoning oppstå i færre tilfeller, samt redusere utgifter kriminalomsorgen har ved varetektsfengsling av ettersøkte til utlevering finner sted.

Kripos støttar forslaget frå utvalet om å fjerne dagens rett til å klage til Kongen i statsråd då erfaringa er at denne berre forlenger saksbehandlingstida.

Det nasjonale statsadvokatembetet støttar forslaget frå utvalet om å fjerne dagens ordning med rett til å klage til Kongen i statsråd, og viser til at dette er ein klagerett som berre forlenger saksbehandlingstida og varetekta, og som er ressurskrevjande. Det nasjonale statsadvokatembetet peikar i samband med dette på at tala utvalet har innhenta, og som viser at ingen klagar til Kongen i statsråd har ført fram, er interessante og underbyggjer det særs fornuftige forslaget frå utvalet om å fjerne klageretten.

Vestfold, Telemark og Buskerud statsadvokatembete støttar forslaget om at retten til å klage over departementet sitt vedtak ikkje blir vidareført, og viser til at klagemoglegheita i dag har lita praktisk betydning. Vestfold, Telemark og Buskerud statsadvokatembete viser til at ingen klagar førte fram i det materialet som er undersøkt, og at klageretten derfor synest eigna berre til å forseinke prosessen.

Rettspolitisk forening stiller seg kritisk til forslaget frå utvalet om å fjerne retten til å klage departementet sitt vedtak om utlevering og overlevering inn for Kongen i statsråd og med det fjerne rettstryggleiksmekanismar som kan verke kvalitetssikrande. Rettspolitisk forening uttaler:

Utvalget har i punkt 10.5.2.4 pekt på at dagens ordning medfører at utleveringssakene trekker ut i tid. Begrunnelsen bygger i realiteten på effektivitetshensyn, og ikke hensynet til den enkelte som sitter i varetekt. Det bør være opp til hver enkelt å vurdere om vedkommende ønsker å benytte klageadgangen, med den konsekvens at saken tar noe lengre tid. At tidligere klager ikke er tatt til følge rettferdiggjør ikke fjerningen av en viktig rettsikkerhetsgaranti. Rpf mener derfor at vedtak om utlevering og overlevering ikke bør unntas forvaltningslovens ordinere system, der departementets vedtak kan påklages til Kongen i statsråd, jf. forvaltningsloven § 28.

6.4 Departementet si vurdering

Departementet foreslår å fjerne retten til å klage til Kongen i statsråd over departementet sitt vedtak om utlevering. Forslaget er eit viktig tiltak for å sikre raskare sakshandtering utan at det går på kostnad av rettstryggleiken til den ettersøkte, samstundes som varetektstida blir redusert. Forslaget vil òg bidra til ei meir effektiv kriminalitetsnedkjemping over landegrensene.

Utlevering er eit inngripande tiltak, og departementet er oppteke av at rettstryggleiken til kvar enkelt skal varetakast. Til liks med utvalet meiner likevel departementet at dette ikkje gjer det nødvendig å halde oppe retten til å klage over departementet sitt vedtak i utleveringssaker. Som utvalet påpeikar, blir utleveringssaker først behandla grundig i rettssystemet med kontradiksjon, advokatbistand og ankemoglegheit, før departementet deretter gjer det administrative vedtaket. Det er vidare slik at utleveringssakene ofte blir behandla i alle tre rettsinstansar. Departementet har ved vurderinga lagt vekt på at dei grunnleggjande krava til ein rettssikker prosess, under dette moglegheita for kontradiksjon, er vareteke gjennom domstolsbehandlinga.

Det er viktig å understreke at utlevering er eit ledd i ei straffeforfølging (eventuelt ledd i ei fullbyrding av ei allereie idømt, men ikkje sona straff) i staten som ber om utlevering. Av omsyn til straffeforfølginga i denne staten, er det viktig å balansere rettstryggleiken i utleveringssakene mot behovet for ei rask avklaring på utleveringsspørsmålet.

Departementet viser til at Noreg har den mest omfattande saksbehandlinga av desse sakene samanlikna med andre nordiske land. Dette vil framleis vere tilfellet sjølv om klageretten blir fjerna. Det viser at dagens utleveringssystem er for omfattande, og at det ikkje er nødvendig å halde oppe retten til å klage til Kongen i statsråd for å vareta rettstryggleiken, snarare tvert imot. Det blir i samband med dette understreka at departementet framleis vil ha høve til å gjere om sitt eige vedtak etter forvaltningslova § 35. Den ettersøkte sin rett til gjennom søksmål å bringe departementet sitt vedtak inn for retten med påstand om ugyldigheit, vil framleis vere i behald.

Det er departementet si erfaring at det i dag som oftast blir klaga over vilkår som allereie er rettskraftig avgjorde av domstolane. Departementet viser på denne bakgrunnen òg til at behovet for klagerett blir ytterlegare redusert når det blir foreslått å avgrense prøvingstemaa i vedtaket, jf. forslaget i punkt 5.4. Etter forslaget skal departementet i vedtaket sitt berre behandle avgrensa tema, under dette om utleveringa skal utsetjast eller gjerast mellombels, om det skal stillast vilkår for utleveringa, eller om det skjønnsmessige høvet departementet har til å avslå utleveringskravet, skal nyttast. Dersom det ligg føre konkurrerande utleveringskrav, avgjer departementet kva krav som eventuelt skal etterkommast.

Etter departementet sitt syn er ikkje dei gjenståande temaa av ein slik karakter at dei grunngir ei ny overprøving av saka. Vurderinga av om utleveringa skal utsetjast eller gjerast mellombels, er spørsmål av praktisk og prosessuell art. Dette er vurderingar som skal ta omsyn til norske og utanlandske myndigheiter si avvikling av straffesaker.

Det skjønnet departementet utøver ved avgjerda av om utlevering bør skje i kvart enkelt tilfelle, vedkjem moment av både påtalemessig og utanrikspolitisk karakter. Skjønnet omfattar mellom anna kva krav som skal givast fortrinn ved konkurrerande krav, og om det skal stillast vilkår for utleveringa. Om eventuelle vilkår skal stillast, har ofte nær samanheng med risikoen for menneskerettsbrot. Sistnemnde vil vere belyst under domstolsbehandlinga og vil ofte ha resultert i at det er innhenta garantiar under rettsprosessen. Dersom departementet vurderer å innhente nye garantiar i etterkant av domstolsbehandlinga, vil departementet om nødvendig involvere den ettersøkte og forsvararen hans. Etter departementet sitt syn er det ikkje naturleg at den ettersøkte skal kunne klage over kva utanrikspolitiske vurderingar departementet har gjort. Dersom det skjønnsmessige høvet departementet har til å avslå kravet, blir nytta, vil dette uansett berre vere til gunst for den ettersøkte. Det verkar dessutan systemframandt at den ettersøkte skal kunne klage over at departementet ikkje nytta seg av denne retten.

Med unntak av Rettspolitisk forening støttar alle høyringsinstansane forslaget om å fjerne klageretten, jf. punkt 7.3. Rettspolitisk forening er kritisk til forslaget og meiner at sakene ikkje bør haldast unna det ordinære systemet i forvaltningslova der departementsvedtak kan klagast på til Kongen i statsråd.

Verken forarbeida til forvaltningslova eller forarbeida til utleveringslovene frå 1908 og 1975 inneheld noka prinsipiell drøfting av retten til å klage til Kongen over utleveringsvedtak. Departementet meiner at dei særeigne trekka til utleveringssystemet tilseier at behovet for klagerett over departementsvedtak stiller seg annleis i utleveringssaker enn i andre saker der departement gjer vedtak. I utleveringssaker, i motsetnad til andre saker der vedtak blir gjorde på departementsnivå, har saka allereie vore gjenstand for rettsleg prøving før departementet gjer vedtaket sitt. Etter departementet sitt syn veg dette opp for at klageretten over eit særleg inngripande vedtak blir fjerna.

Utvalet sin gjennomgang av statistikken frå åra 2010 og 2015–2019 viser dessutan at ingen av klagane over departementet sine vedtak i utleveringssaker er tekne til følgje. Departementet har innhenta ny statistikk frå åra 2020–2025, som viser at det berre var ei sak i denne perioden der klaga over departementet sitt vedtak om utlevering førte fram.

Fleire av høyringsinstansane kommenterer talmaterialet frå utvalet. Mellom anna uttaler Vestfold, Telemark og Buskerud statsadvokatembete at utgreiinga viser at klageretten har lite å seie i praksis. Departementet er samd i at utfallet av klagesakene er eit relevant moment i vurderinga av om klageretten bør haldast oppe, særleg sett i lys av at behandling i statsråd medfører ytterlegare forseinkingar i saksbehandlinga. Klagebehandling av Kongen i statsråd er ein omstendeleg prosess som gjer at utleveringssaka ofte trekkjer unødvendig ut i tid. Dette er særleg uheldig ettersom den ettersøkte i dei aller fleste utleveringssakene sit i varetekt.

Utvalet peikar på at den alminnelege klagefristen etter forvaltningslova på tre veker bidrar til å forseinke behandlinga. Departementet er samd i dette og i at klagefristen dessutan harmonerer dårleg med andre føresegner i utleveringslova. Dette gjeld særleg ankefristen på tre dagar når utleveringssaka blir behandla av retten, jf. utleveringslova § 17 tredje ledd andre punktum.

Departementet har i vurderinga i tillegg lagt ei viss, men avgrensa, vekt på at forslaget vil bidra til at arbeidsbyrda i statsråd blir redusert. Dette er i tråd med uttalte målsetjingar om å avgrense talet på saker som blir behandla av Kongen i statsråd, og fråsegner i forarbeida ved innføringa av den generelle klageretten i forvaltningslova, jf. Ot.prp. nr. 38 (1964–65) side 96 flg. Departementet viser i samband med dette til utvalet sin gjennomgang av relevante fråsegner i forarbeida når det gjeld innføringa av klageretten over departementet sitt vedtak i utleveringssaker, jf. punkt 10.5.2.1 side 178–179.

Departementet nemner til slutt at utvalet òg foreslår å fjerne klageretten over departementet sitt vedtak i arrestordresaker. Etter arrestordrelova er utgangspunktet at påtalemakta avgjer saka, medan det for somme sakstypar er departementet som har vedtakskompetansen, jf. arrestordrelova § 9 tredje ledd, § 10 andre ledd og § 29 andre ledd. Departementet behandlar få arrestordresaker i løpet av eitt år. Til illustrasjon gjorde departementet vedtak i to arrestordresaker i 2024 og tre i 2025, og av desse vart tre saker klaga på til Kongen i statsråd.

Departementet vil kome tilbake til forslaget frå utvalet om å gjere endringar i klageretten i arrestordresakene på eit seinare tidspunkt.