2 Bakgrunnen for lovforslaget
I NOU 2022: 19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning blei det gjort ei grundig utgreiing av om ei kompensasjonsordning vil vere ei riktig og hensiktsmessig oppfølging av oljepionerane, og korleis ei slik kompensasjonsordning eventuelt bør innrettast.
Kommisjonen konkluderte med at det var grunnlag for å anbefale ei særskild kompensasjonsordning for ei gruppe oljearbeidarar, og peikte blant anna på at enkelte arbeidsoperasjonar offshore kan ha ført til eksponering for helseskadelege kjemikalium som ikkje kan samanliknast med eksponeringa som tilsvarande grupper på land blei utsette for.
Denne lovproposisjonen følger vidare opp Stortingets oppmodingsvedtak nr. 220 (2024–2025) der regjeringa i arbeidet med kompensasjon for oljepionerane blei beden om å legge ei særskild kompensasjonsordning til grunn, i tråd med anbefalingane frå NOU 2022: 19, jf. representantforslag 16 S (2024–2025) og Innst. 101 S (2024–2025).