7 Merknader til dei enkelte føresegnene
Til § 1
Føresegna angir dei grunnleggande vilkåra for å få rett til kompensasjon. Det er krav om at søkaren må ha arbeidd i petroleumsverksemda offshore på norsk kontinentalsokkel i perioden 1966 til 1990 (pionertida). Søkaren må i tillegg ha arbeidd innanfor aktivitetsområda «boring og brønn» eller «produksjon og vedlikehald». Kva slags arbeidstakargrupper innanfor desse aktivitetsområda som er omfatta av kompensasjonsordninga følger av § 2. For å få rett til kompensasjon må søkaren dessutan ha fått ein nærmare angitt varig sjukdom eller skade som har mogleg samanheng med kjemisk eksponering for boreslam, hydrokarbon eller benzen i arbeidet offshore. Kva sjukdommar eller skadar som kan gi rett til kompensasjon går fram av § 3.
Vilkåret om «mogleg samanheng» inneber at det ikkje er krav om sannsynlegheitsovervekt for at den påviste skaden eller sjukdommen kjem av eksponering for boreslam, hydrokarbon eller benzen. Kravet til årsakssamanheng vil vere oppfylt med mindre det kan påvisast at skaden eller sjukdommen openbert ikkje er forårsaka av arbeidet offshore. Eventuell tvil i saka skal komme søkaren til gode. I vurderinga av om det ligg føre ein mogleg samanheng mellom eksponeringa og sjukdommen eller skaden, er sentrale moment arbeidstid offshore (eksponeringstid) og tida det tok frå eksponering til sjukdommen oppsto eller diagnosen blei stilt (latenstid). Tidsanslaga for eksponeringstid og latenstid som går fram av punkt 5.2.3.2, vil vere rettleiande utgangspunkt for nemnda og helsepersonellet som skal gjere arbeidsmedisinske utgreiingar.
For dei andre vilkåra i lova gjeld det eit krav om alminneleg sannsynlegheitsovervekt.
Til § 2
Første ledd i føresegna angir uttømmande kva for arbeidstakargrupper innanfor aktivitetsområda «boring og brønn» som er omfatta av kompensasjonsordninga.
Andre ledd i føresegna angir uttømmande kva arbeidstakargrupper innanfor aktivitetsområda «produksjon og vedlikehald» som er omfatta av kompensasjonsordninga.
Søkaren må ha arbeidd innanfor dei nemnde aktivitetsområda og tilhøyrt ei eller fleire av arbeidstakargruppene i perioden 1966 til 1990 (pionertida) for å vere omfatta av ordninga. Avgrensinga er basert på at desse arbeidstakargruppene er rekna for å ha vore særleg utsette for eksponering for boreslam, hydrokarbon og benzen i arbeidet offshore. Både norske og utanlandske arbeidstakarar innanfor dei opplista gruppene vil vere omfatta av ordninga.
Til § 3
Føresegna regulerer kva for sjukdommar og skadar som kan gi rett til kompensasjon. For å få rett til kompensasjon må søkaren ha fått ein varig sjukdom eller skade som har mogleg samanheng med kjemisk eksponering for boreslam, hydrokarbon eller benzen. Dette er sjukdommar og skadar som det, basert på internasjonal forsking, er påvist at har ein dokumentert samanheng med eksponering for boreslam, hydrokarbon og benzen. Lista er uttømmande.
Det er ikkje eit krav at søkaren er sjuk på søknadstidspunktet. Det er tilstrekkeleg at søkaren kan dokumentere å ha hatt ei av dei opplista diagnosane som kan gi rett til kompensasjon. Departementet viser til at personar som har hatt desse varige sjukdommane ofte slit med seinskadar etter behandlinga, har risiko for tilbakefall samt auka risiko for å utvikle ny kreftsjukdom som følgje av behandlinga.
Til § 4
Føresegna regulerer etterlatne si rett til kompensasjon. Første ledd slår fast at dersom ein person som ville hatt rett til kompensasjon etter lova er død, har avdøde sin ektefelle eller sambuar rett til kompensasjonen. Ein person skal i denne samanhengen ikkje lenger reknast som ektefelle dersom det på tidspunktet for dødsfallet var avsagt dom for, eller er gitt løyve til separasjon eller skilsmisse. Dette gjeld sjølv om avgjerda ikkje er rettskraftig eller endeleg. Registrert partnar likestillast med ektefelle, jf. ekteskapsloven § 111 andre ledd.
For å bli rekna som sambuar må personen anten ha budd saman med avdøde i eit ekteskapsliknande forhold dei siste to åra før dødsfallet eller ha felles barn med avdøde. Dersom personen hadde felles barn med den avdøde, er det ikkje nødvendig at dei har budd saman i to år.
Andre ledd slår fast at dersom avdøde ikkje hadde ektefelle eller sambuar med rett til kompensasjon, har barna til avdøde rett til kompensasjonen. Barna har til saman rett på den kompensasjonen avdøde ville hatt krav på. Dersom det er fleire barn etter avdøde, skal kompensasjonen delast likt mellom dei.
Føresegna regulerer uttømmande kven som har rett til kompensasjon. Det er berre etterlatne som lever som har rett til kompensasjon. Dette inneber for eksempel at ektefelles arvingar, som ikkje er avdøde sine barn, ikkje vil ha rett på kompensasjon.
Til § 5
Første ledd i føresegna regulerer størrelsen på kompensasjonen. Kompensasjonen er knytt til grunnbeløpet i folketrygda, slik at beløpet blir justert årleg. Utgangspunktet er at det er grunnbeløpet i folketrygda på det tidspunktet nemnda traff vedtaket sitt som skal leggast til grunn i berekninga av kompensasjonen. Dersom søkaren bringar saka inn for domstolane, er det likevel grunnbeløpet på tidspunktet for rettskraftig dom som skal ligge til grunn. Kompensasjonen er standardisert og skal ikkje graderast, for eksempel etter uføregrad. Det skal ikkje bereknast renter frå tidspunktet då sjukdommen eller skaden oppstod og fram til vedtakstidspunktet. Kompensasjon etter lova kjem i tillegg til lovbestemte trygdeytingar.
Etter andre ledd i føresegna skal det gjerast frådrag for tidlegare utbetalt yrkesskadeerstatning eller annan kompensasjon eller erstatning frå arbeidsgivar for sjukdommen eller skaden det er søkt om kompensasjon for. Det skal gjerast frådrag for slike ytingar frå både norske og utanlandske arbeidsgivarar. Føresegna har samanheng med søkaren si opplysningsplikt etter § 7 andre ledd bokstav c, der det går fram at søkaren har plikt til å opplyse om eventuelle tidlegare utbetalingar som kan komme til frådrag. Beløp som er utbetalte tidlegare, skal ved frådragsberekninga reknast om til dagens kroneverdi. Ved slik omrekning skal konsumprisindeksen leggast til grunn.
Tredje ledd i føresegna slår fast at kompensasjonen skal utbetalast som ei eingongsyting, og at den ikkje er skattepliktig.
Til § 6
Føresegna regulerer Oljepionernemndas kompetanse og samansetning. Første ledd slår fast at det er Oljepionernemnda som forvaltar kompensasjonsordninga. I andre ledd er det fastsett at nemnda er uavhengig. Statusen som uavhengig nemnd betyr blant anna at den ikkje kan instruerast av departementet, verken generelt eller i enkeltsaker. Vidare følger det uttrykkeleg at departementet ikkje kan gjere om materielle vedtak i nemnda, det vil seie vedtak som gjeld sjølve kompensasjonsspørsmålet, medrekna spørsmål om eventuelle krav om tilbakebetaling.
Tredje ledd i føresegna regulerer korleis nemnda skal settast saman.
Til § 7
Føresegna regulerer søknader om kompensasjon og dokumentasjonskrav. Etter første ledd første punktum må søknaden fremmast for Oljepionernemnda innan to år etter at lova er sett i kraft for at nemnda skal kunne ta søknaden til behandling. Søknader som blir fremma etter denne fristen kan med andre ord ikkje takast til behandling.
Andre ledd regulerer medverknadsplikta til dei enkelte søkarane, ved at det går fram kva slags dokumentasjon som må leggast fram for nemnda. Etter bokstav a må søkaren legge fram dokumentasjon som viser at vedkommande har arbeidd i petroleumsverksemda offshore på norsk kontinentalsokkel i perioden 1996–1990, og at vedkommande arbeidde innanfor dei aktivitetsområda og arbeidstakargrupperingane som er nemnd i § 2. Det må gå fram av dokumentasjonen kva tid arbeidet blei utført og kor lenge det varte. Av bokstav b følger det at søkaren må legge fram dokumentasjon som viser at søkaren har fått påvist ein varig skade eller sjukdom som er nemnd i § 3 og informasjon om kva tid denne helsetilstanden blei påvist. Av bokstav c følger det at søkaren plikter å opplyse om, og i tilfelle i kva utstrekning, vedkomande har fått yrkesskadeerstatning eller annan kompensasjon for den skaden eller sjukdommen det blir søkt om kompensasjon for. Slik utbetaling skal komme til frådrag ved berekning av kompensasjon etter denne lova, jf. § 5 andre ledd i lovforslaget.
Tredje ledd regulerer etterlatne si plikt til å legge fram dokumentasjon. Etter bokstav a må etterlatne for det første legge fram dokumentasjon som viser at avdøde ville ha hatt rett til kompensasjon om vedkommande var i live, det vil seie dokumentasjon som nemnd i andre ledd. Etterlatne plikter dessutan å dokumentere at dei har rett til kompensasjon gjennom relasjonen dei hadde til den avdøde, jf. bokstav b. Slik dokumentasjon kan for eksempel fremgå av ein skifteattest.
Fjerde ledd gjer det klart at nemnda under behandlinga av ei sak kan be søkaren om fleire opplysningar, dersom den meiner det er nødvendig for å behandle søknaden.
Til § 8
Føresegna regulerer høvet nemnda har til å tilvise til forenkla arbeidsmedisinsk utgreiing. Nemnda avgjer om tilvising er nødvendig. Dersom søkaren har vore gjennom ei slik utgreiing tidlegare og dette er tilstrekkeleg dokumentert overfor nemnda, eller det er lagt fram dokumentasjon som klart viser at det ligg føre ein mogleg samanheng mellom kjemikalieeksponering og sjukdommen eller skaden, kan saka vere tilstrekkeleg opplyst utan å tilvise til arbeidsmedisinsk utgreiing. Også dersom nemnda ser at vilkåra for kompensasjon openbert ikkje er oppfylte, for eksempel dersom søkaren ikkje klarer å dokumentere å ha arbeidd offshore i pionertida, kan nemnda avgjere saka utan tilvising til arbeidsmedisinsk utgreiing.
Det sentrale spørsmålet i den arbeidsmedisinske utgreiinga er om det ligg føre ein mogleg samanheng mellom relevant kjemikalieeksponering og sjukdommen eller skaden til søkaren. Kor lenge arbeidstida offshore varte (eksponeringstid), og tida det tok frå eksponering til sjukdommen eller skaden oppstod (latenstid), vil inngå i denne vurderinga, sjå punkt 5.2.3.2.
Til § 9
Føresegna regulerer saksbehandlinga i nemnda. Etter første ledd første punktum skal nemnda behandle søknadene på grunnlag av dei skriftlege framstillingane søkaren har gitt, og dei dokumentbevisa som ligg føre.
Etter første ledd andre punktum skal nemnda som hovudregel gjere vedtak i møte. Møtet kan gjennomførast som fjernmøte der medlemmene kan sjå og kommunisere med kvarandre elektronisk. Leiaren av nemnda kan aleine gjere vedtak om avslag på søknaden dersom det er openbert at vilkåra for å få kompensasjon ikkje er oppfylte eller søkaren ikkje legg fram dokumentasjon som nemnt i § 7 andre ledd, jf. første ledd tredje punktum.
Regelen i andre ledd om at nemnda kan ta avgjerder etter skriftleg sirkulasjon i dei opplista tilfella, er etter mønster av den nye forvaltningsloven og er grunngitt i effektivitetsomsyn.
I tredje ledd er det gitt reglar om korleis vedtak skal gjerast, om vedtaksførleik og om møteprotokoll. Vedtaket skal gjerast ved alminneleg fleirtal, vere skriftleg og grunngitt. Nemnda kan berre gjere vedtak når nemnda er fulltalig, det vil seie at alle medlemmene deltar i behandlinga og stemmer. Dersom éin eller fleire av medlemmene er inhabile eller forhindra, er nemnda ikkje vedtaksfør. Det skal førast protokoll med opplysningar om kva tid vedtaket er gjort, kva vedtaket gjeld og kva medlemmene i nemnda har stemt. Det skal opplysast om eventuell dissens. I kravet til at protokollen skal gjere greie for kva medlemmene i nemnda har stemt, ligg det også eit krav om at identiteten til medlemmene må komme fram av protokollen. Vidare bør protokollen innehalde andre opplysningar som er nødvendige for god orden og etterprøvbarheit.
I fjerde ledd er det for ordens skuld presisert at ei avgjerd i nemnda om kompensasjon er å rekne som eit enkeltvedtak. Vedtaka skal vere skriftleg og grunngitt, jf. forvaltningsloven §§ 23 og 24.
Femte ledd gir departementet heimel til å gi forskrift med nærmare regulering av nemnda si saksbehandling.
Til § 10
Føresegna regulerer høve til å klage. Det følger av første punktum i føresegna at det ikkje er høve til å klage på nemndas realitetsvedtak, det vil seie vedtak som gjeld sjølve kompensasjonsspørsmålet og vedtak om tilbakebetaling av feilaktig utbetaling etter § 15. Slike vedtak kan eventuelt bringast inn for domstolen for full prøving der, jf. § 11. Den som er misfornøgd med nemndas avgjerd kan også klage til Sivilombudet.
Etter andre punktum er det klagerett over visse avgjerder som nemnda tar, men som ikkje dreier seg om realitetsavgjerder i saker under ansvarsområdet til nemnda. Det er klagerett over avgjerder om innsyn etter offentleglova, partsinnsyn etter forvaltningsloven, pålegg om å utlevere opplysningar etter § 12 i lovforslaget og om avgjerder om sakskostnader etter forvaltningsloven § 36. For slike saker er departementet klageinstans.
Til § 11
Føresegna regulerer domstolsbehandling. Vedtak i nemnda kan leggast fram for prøving i domstol, og føresegna seier uttrykkeleg at domstolen i tilfelle kan prøve alle sider av vedtaket.
Andre ledd i føresegna stiller opp ein søksmålsfrist på tre månader, som vil gjelde frå det tidspunktet vedtaket i nemnda har komme fram til parten. Søksmålsfristen blir avbroten dersom saken blir klaga inn for Sivilombodet, jf. sivilombudsloven §14. Retten vil ha høve til å gi oppfrisking for oversitting av søksmålsfristen i tråd med reglane i tvisteloven §§ 16-12 til 16-14, sjå nærmare beskriving av reglane i forarbeida til tvisteloven, Ot.prp. nr. 51 (2004–2005).
Til § 12
Føresegna regulerer teieplikt og slår fast at reglane om teieplikt i forvaltningsloven gjeld for alle som utfører teneste eller arbeid for nemnda. Reglane gjeld for medlemmene av nemnda og sekretariatet, men også for eventuelle andre som måtte gjere oppgåver for nemnda, og som gjennom dette blir kjende med teiepliktige opplysningar. Dersom personar som utfører arbeid eller teneste for nemnda tar imot opplysningar som er underlagde strengare teieplikt enn det som følger av forvaltningsloven, skal den strengaste plikta gjelde.
Den som krenker teieplikta etter § 12, kan straffast etter straffeloven §§ 209 og 210.
Til § 13
Føresegna regulerer behandling av personopplysningar i nemnda. Føresegna slår fast at nemnda har grunnlag for å behandle dei personopplysningane som er nødvendige for formålet med arbeidet i nemnda. Formålet med arbeidet i nemnda er å behandle innkomne søknader for å vurdere om vilkåra for økonomisk kompensasjon er oppfylte, og det utgjer også formålet med behandlinga av personopplysningar i dei fleste tilfella. Behandlinga av personopplysningar omfattar også eventuell etterkontroll av opplysningar som søkaren har gitt, og vurdering av eventuelle tilbakebetalingskrav dersom det viser seg at søkaren har fått utbetalt for mykje.
Heimelen omfattar også særlege kategoriar av personopplysningar etter artikkel 9 i personvernforordninga. Det kan for eksempel dreie seg om nemnda si behandling av helseopplysningar i samband med ei vurdering av om dei medisinske kriteria for å bli tilkjent kompensasjon er til stades.
Til § 14
Føresegna regulerer kva høve nemnda har til å hente inn opplysningar frå andre enn søkaren. Første ledd gir nemnda heimel til å hente inn opplysningar som er nødvendige for saksbehandlinga; frå offentlege myndigheiter, tidlegare arbeidsgivarar og forsikringsselskap. Det kan for eksempel vere nødvendig å hente inn informasjon om tidlegare yrkesskadesaker hos Nav eller frå Aa-registeret for å få informasjon om dei tidlegare arbeidsforholda til søkaren. Det kan også vere nødvendig å hente inn informasjon om tidlegare utbetalingar for den same skaden eller sjukdommen for å vurdere spørsmålet om frådrag i kompensasjonen etter § 5 andre ledd. Høvet til å hente inn opplysningar gjeld også teiepliktige opplysningar. Opplysningar som nemnda har henta inn utanfrå, skal leggast fram for søkaren i tråd med reglane i forvaltningsloven § 17 andre ledd.
Andre ledd i føresegna slår fast at den som blir pålagt å gi opplysningar, skal gjere det utan godtgjering. Ved pålegg om å gi opplysningar gjeld forvaltningsloven § 14.
Til § 15
Første ledd i føresegna gir nemnda heimel til å krevje tilbakebetalt urettmessig eller for høg kompensasjon. Feilutbetalinga kan for eksempel komme av ein reknefeil i nemnda. Det er eit krav at mottakaren eller den som har opptredd på vegner av mottakaren, forstod eller burde ha forstått at utbetalinga var feil. Heimelen gjeld også dersom det er utbetalt urettmessig eller for høg kompensasjon fordi mottakaren eller den som har opptredd på vegner av mottakaren, har gitt ufullstendige eller feilaktige opplysningar i søknaden. Det er krav om forsett eller aktløyse, det vil seie at mottakaren eller den som har opptredd på vegner av mottakaren, forstod eller burde ha forstått at vedkommande ga ufullstendige opplysningar i søknaden. Krav om tilbakebetaling føreset at det opphavlege vedtaket er ugyldig etter dei alminnelege forvaltningsrettslege reglane, og vil bli rekna som et vedtak om omgjering etter forvaltningsloven § 35. Eit krav om tilbakebetaling kan opplevast som inngripande, og departementet legg til grunn at heimelen bør brukast med ei viss forsiktigheit.
Av andre ledd i føresegna går det fram at vedtak om tilbakebetaling vil vere tvangsgrunnlag for utlegg.
Til § 16
Føresegna slår fast at lova trer i kraft straks.