6 Økonomiske og administrative konsekvensar

6.1 Totale kostnader

Tabell 6.1 viser kostnadene for ordninga fordelt på åra ho vil vere verksam. Stortinget løyvde 14 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett 2025 for å få på plass dei praktiske førebuingane med ordninga.

Tabell 6.1 

Tal i mill. kroner

2025

2026

2027

2028

Sum

Administrative kostnader

14

31,5

13,9

2,6

62

Kompensasjonsutbetalingar

434

51

26

511

Totale kostnader ved ordninga

14

465,5

64,9

28,6

573

6.2 Administrative kostnader

Departementet har tatt utgangspunkt i kostnadsberekningar som Oslo Economics gjorde på bestilling frå Oljepionerkommisjonen. Som det går fram av tabellen over, anslår departementet at dei totale administrative kostnadene for ordninga blir 62 millionar kroner.

Kostnadene inneheld alle elementa som departementet har oversikt over:

  • nemnd, inkludert IKT- og lisenskostnader,

  • sekretariat, inkludert IKT- og lisenskostnader, lønnskostnader, kostnader ved utbetaling, handtering av spørsmål mv.,

  • nødvendig systemutvikling for å sikre forsvarleg saksbehandling inkludert behandling av personopplysningar, arkivering mv.,

  • kostnader i samband med arbeidsmedisinske utgreiingar,

  • annan administrasjon for departementet,

  • informasjonsarbeid.

Berekningane tar utgangspunkt i rapporten frå Oljepionerkommisjonen. Det vil vere usikkerheit knytt til talet på søknader som kjem inn, blant anna fordi det alltid vil vere eit visst antal søkarar som ikkje vil oppfylle krava. Også desse søknadene må handterast forsvarleg.

6.3 Kompensasjonsutbetalingar

Kriteria og vilkåra for ordninga er nærmare omtalte under punkt 5 i proposisjonen. Den største drivaren for kostnadene er sjølve kompensasjonsutbetalinga. Kompensasjon etter lovforslaget er sett til åtte gonger grunnbeløpet i folketrygda i det enkelte tilfellet, som i dag utgjer 1 041 280 kroner.

Dei samla utbetalingane som følge av ordninga er venta å vere 511 millionar kroner, slik det også står i tabell 6.1. I tråd med kalkylen til Oljepionerkommisjonen, anslår departementet at omtrent 650 personar vil oppfylle kriteria for å kunne få kompensasjon. Departementet legg vidare til grunn, fortsatt i tråd med kommisjonen sine berekningar, at om lag 160 av desse personane tidlegare har fått erstatning som vil komme til frådrag i ei eventuell ny kompensasjonsutbetaling.