3 Utgreiing og forslag frå kommisjonen
3.1 Bakgrunn for opprettinga av kommisjonen
Oljepionerkommisjonen blei oppnemnd 3. september 2021 som oppfølging av Stortingets oppmodingsvedtak nr. 912 same år. Den direkte bakgrunnen for saka var ein førespurnad frå Arbeidsmiljøskaddes landsforening (A.L.F) til arbeids- og sosialkomiteen om at tidlegare oljearbeidarar var blitt sjuke etter kjemikalieeksponering i jobben, og at dei opplevde det som vanskeleg å nå fram i yrkesskadeordningane. Stortinget bad regjeringa sette ned ein kommisjon som skulle arbeide fram ei kompensasjonsordning for «oljepionerane».
Det gjekk fram av vedtaket at kommisjonen skulle sikre verifisering av omfang og skadar, og avgrense kva som skal vere omfatta av ei kompensasjonsordning. Det gjekk vidare fram at kommisjonen skulle bestå av uavhengige fagekspertar og representantar for dei ramma partane, inkludert arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar og organisasjonar som representerer dei arbeidsmiljøskadde «oljepionerane», blant anna A.L.F.
3.2 Hovudfunna til kommisjonen
Rapporten frå kommisjonen blei lagd fram i desember 2022 i NOU 2022: 19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning. Ein samla kommisjon konkluderte med at det vil vere riktig og hensiktsmessig å opprette ei eiga kompensasjonsordning for nokre yrkesgrupper innanfor oljeindustrien i ein avgrensa tidsperiode i norsk petroleumsverksemd. Kommisjonen la til grunn at målgruppa burde avgrensast tydeleg på bakgrunn av dokumentasjon om utvikling i næringa og relevante eksponeringsforhold. Ordninga burde ifølge kommisjonen målrettast mot personar som har blitt utsette for ei særskild eksponering og helseskadar som skil seg frå situasjonen til andre samanliknbare arbeidstakargrupper på land i den same perioden.
Samtidig var det usemje i kommisjonen om korleis målgruppa for ordninga burde avgrensast, både når det gjeld tidsperiode, yrkesgrupper og helseskadar. Kommisjonen presenterte på bakgrunn av det ulike moglege modellar og kriterium for ei kompensasjonsordning. Ein samla kommisjon la til grunn at mottakarane må kunne dokumentere varig helseskade som enten har sannsynleg eller mogleg samanheng med særskild eksponering offshore.
Kommisjonen vurderte også kven som burde ha ansvaret for kompensasjonsordninga, og korleis ordninga burde finansierast. Kommisjonen la til grunn at vurderingane knytte til ansvarsforholda kunne vere dei same som for nordsjødykkarane, og meinte at staten uavhengig av skyld burde ta ansvaret for finansieringa. Samtidig kunne det vurderast å invitere rettshavarar og operatørselskap til å bidra i finansieringa.
Kommisjonen la vidare til grunn at det kunne vere hensiktsmessig å etablere eit system for gradering av kompensasjon basert på den modellen som blir vald. Kommisjonen anbefalte også at kompensasjonen burde utbetalast til etterlatne når den avdøde oppfylte kriteria i kompensasjonsordninga.
Ein samla kommisjon meinte vidare at tidlegare arbeidsgivarfinansierte erstatningsutbetalingar, inkludert eventuelle forlik, bør komme til fråtrekk ved berekninga av kompensasjon frå kompensasjonsordninga. Det blei såleis lagt til grunn at det må opplysast om tidlegare erstatningar etter forlik, sjølv om desse i utgangspunktet kan vere fortrulege. Når det gjeld fråtrekk for utbetalt kompensasjon i ei eventuell seinare personskadeerstatningssak for den same skaden, meinte kommisjonen at eit slikt spørsmål må avgjerast av retten i dei enkelte tilfella.
Kommisjonen la vidare til grunn at å etablere ei uavhengig nemnd vil vere den klart mest hensiktsmessige løysinga for å administrere ordninga. For å sikre ei fagleg og uavhengig behandling i nemnda burde ho ifølge kommisjonen settast saman slik at fleirtalet består av uavhengige medlemmer med relevant fagleg kompetanse.
3.3 Forslag frå kommisjonen til ulike modellar for ei kompensasjonsordning
Kommisjonen vurderte tre «hovudkriterium» for ei kompensasjonsordning:
-
Tidskriterium – tidsperiode for pionertida og varigheit på arbeid offshore
-
Gruppekriterium – aktivitetsområde og utvalde arbeidstakargrupper
-
Medisinske kriterium – varig arbeidsrelatert sjukdom eller skade, uførleik, medisinsk invaliditet
Basert på desse kriteria skisserte kommisjonen fem ulike kompensasjonsmodellar.
Modell 1
|
1. Tid |
Arbeid i petroleumsverksemda offshore i perioden 1966–1985/1990/1995 |
|
2. Gruppe |
Arbeid innanfor aktivitetsområda «boring og brønn» og «produksjon og vedlikehald» og spesifikke grupper innanfor desse områda |
|
3. Medisinsk |
Dokumentert varig sjukdom eller skade som mest sannsynleg kjem av eksponering for boreslam, hydrokarbon og/eller benzen i arbeidet offshore |
Kommisjonen var einig om å ikkje foreslå denne modellen.
Modell 2
|
1. Tid |
Arbeid i petroleumsverksemda offshore i perioden 1966–1985/1990/1995 |
|
2. Gruppe |
Arbeid innanfor aktivitetsområda «boring og brønn» og «produksjon og vedlikehald» og spesifikke grupper innanfor desse områda |
|
3. Medisinsk |
Dokumentert varig sjukdom eller skade som har mogleg samanheng med kjemisk eksponering for boreslam, hydrokarbon og/eller benzen i arbeidet offshore |
Fleirtalet i kommisjonen støtta modell 2 når det gjeld gruppekriterium og medisinske kriterium, men kommisjonen var delt når det gjeld den anbefalte tidsperioden. Tre medlemmer foreslo at pionertida i petroleumsverksemda offshore skulle definerast som perioden 1966–1985 (modell 2A), og tre medlemmer foreslo at tidsperioden skulle vere 1966–1990 (modell 2B).
Modell 3
|
1. Tid |
Arbeid i petroleumsverksemda offshore i perioden 1966–1985/1990/1995 Arbeid i petroleumsverksemda offshore i minimum tre år (eventuelt fem eller ti år) |
|
2. Gruppe |
Arbeid innanfor aktivitetsområda «boring og brønn» og «produksjon og vedlikehald» og spesifikke grupper innanfor desse områda |
|
3. Medisinsk |
Mottak av uføretrygd frå folketrygda på søknadstidspunktet eller innvilga uføretrygd før alderspensjon. Uførleiken har samanheng med sjukdom som kan komme av kjemikalieeksponering |
Kommisjonen var einig om å ikkje foreslå denne modellen.
Eit mindretal i kommisjonen, to medlemmer, skisserte også to modellar i tillegg basert på at ingen yrkesgrupper som har arbeidd offshore, skal utelukkast frå ei kompensasjonsordning.
Modell 4
|
1. Tid |
Arbeid i petroleumsverksemda offshore i perioden 1966–1995 |
|
2. Gruppe |
Ingen yrkesgrupper som har arbeidd offshore, skal utelukkast |
|
3. Medisinsk |
Relevante helseskadar er utvida betydeleg |
Éin medlem av kommisjonen foreslo denne modellen.
Modell 5
|
1. Tid |
Arbeid i petroleumsverksemda offshore i perioden 1966–1990 |
|
2. Gruppe |
Ingen yrkesgrupper som har arbeidd offshore, skal utelukkast |
|
3. Medisinsk |
Dokumentert varig sjukdom eller skade som har mogleg samanheng med kjemisk eksponering for boreslam, hydrokarbon og/eller benzen i arbeidet offshore |
Det går fram av utgreiinga at modell 5 er beskriven etter ønske frå éin medlem som meinte at ingen som har arbeidd offshore, kan utelukkast frå å vere kjemisk eksponert. Samtidig går det fram at ingen av medlemmene foreslo denne modellen, sidan dei ikkje vurderte dette som eit realistisk og sjølvstendig alternativ.
Felles for alle modellane er at arbeidstakaren må ha arbeidd i petroleumsverksemda offshore i «pionertida». Medlemmene i kommisjonen var einige om at pionertida tok til i 1966, men ueinige om kor langvarig perioden bør reknast for å ha vore. Tre medlemmer meinte at skjeringstidspunktet bør settast til 1985, tre medlemmer meinte 1990, og éin medlem meinte at pionertida bør strekkast til 1995.
Når det gjeld kva arbeidstakarar som bør vere omfatta av ordninga, føreset modellane 1–3 at arbeidstakaren må ha arbeidd innanfor aktivitetsområda «boring og brønn» og «produksjon og vedlikehald» og innanfor spesifikke arbeidstakargrupper på desse områda. I modell 4 og 5 legg kommisjonen til grunn at ingen yrkesgrupper som har arbeidd offshore, skal utelukkast frå ordninga. I modell 4 og 5 er det derfor ikkje stilt krav om at arbeidstakaren må ha arbeidd innanfor bestemte aktivitetsområder.
Modellane stiller også ulike krav til kva medisinske kriterium og årsakssamanhengar som skal leggast til grunn for ordninga. I modell 1, 2 og 5 er det krav om dokumentert varig skade eller sjukdom som har samanheng med kjemisk eksponering for boreslam, hydrokarbon eller benzen. Kravet til årsakssamanheng er strengast i modell 1, der det er krav om at sjukdommen eller skaden «mest sannsynleg» kjem av eksponering for dei nemnde kjemikalia. I modell 2 og 5 er det lempelegare krav til årsakssamanheng, ved at det berre er krav om ein «mogleg» samanheng.
I modell 3 er det krav om mottak av uføretrygd frå folketrygda på søknadstidspunktet eller innvilga uføretrygd før alderspensjon. Uførleiken må ha samanheng med sjukdom som kjem av kjemikalieeksponering. I modell 4 er relevante helseskadar utvida betydeleg.