1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslår i denne proposisjonen ei lov som skal gi rammene for ei særskild kompensasjonsordning for ei gruppe oljearbeidarar som blei utsette for helseskadelege kjemikalium i arbeidet offshore i den tidlege fasen av norsk petroleumsverksemd.
Lovforslaget følger opp anbefalingane frå Oljepionerkommisjonen i NOU 2022: 19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning.
I rapporten skisserte kommisjonen ulike modellar for ei mogleg kompensasjonsordning. I denne proposisjonen følger departementet opp anbefalinga frå kommisjonen om å legge «modell 2» i utgreiinga til grunn for kompensasjonsordninga. For å få rett til kompensasjon må søkaren ha arbeidd offshore på norsk kontinentalsokkel i pionertida innanfor aktivitetsområda «boring og brønn» eller «produksjon og vedlikehald» og innanfor nærmare bestemte arbeidstakarkategoriar innanfor desse aktivitetsområda. Søkaren må i tillegg ha fått ein nærmare bestemt varig sjukdom eller skade som har mogleg samanheng med kjemisk eksponering for boreslam, hydrokarbon eller benzen. Pionertida er i lovforslaget definert som perioden frå 1966 til 1990.
Departementet foreslår å sette kompensasjonen etter lova til åtte gonger grunnbeløpet i folketrygda, 1 041 280 kroner etter dagens G-verdi. Departementet legg såleis ikkje opp til at beløpet skal graderast, for eksempel etter uføregrad. I tråd med anbefalingane frå kommisjonen foreslår departementet å gi kompensasjonen til etterlatne dersom den avdøde oppfylte kriteria i kompensasjonsordninga.
I tråd med anbefalinga frå kommisjonen foreslår departementet å opprette ei uavhengig nemnd som skal behandle søknader om kompensasjon. I lovproposisjonen er det foreslått reglar om blant anna samansetting og saksbehandling i nemnda.
Departementet tar fleire grep for å sikre ei mest mogleg effektiv, og på same tid trygg, behandling av søknadene. Slik departementet les Oljepionerkommisjonens rapport, legg kommisjonen opp til at det i alle saker vil vere nødvendig å gjere ei arbeidsmedisinsk utgreiing. Som det vil gå fram av proposisjonen, legg departementet opp til at nemnda kan nytte eit hurtigspor, utan nærmare arbeidsmedisinsk utgreiing, når den framlagte dokumentasjonen gir grunnlag for det. For andre tilfelle legg departementet opp til at det vil vere tilstrekkeleg med ei forenkla arbeidsmedisinsk utgreiing. For å sikre ei effektiv saksbehandling i nemnda, legg departementet også fram forslag om ei forenkla behandling i nemnda dersom det er openbert at vilkåra for å få økonomisk kompensasjon ikkje er oppfylt.
Slik tilfellet var for den tidlegare kompensasjonsordninga for pionerdykkarane, foreslår departementet at vedtak i nemnda skal vere endelege i forvaltningsrettsleg forstand. Departementet foreslår derfor ikkje å etablere ei eiga klageordning for kompensasjonsordninga. Vedtak i nemnda kan på vanleg måte bringast inn for domstolane, som kan prøve alle sider av saka.
Kompensasjonsordninga føreset behandling av personopplysningar, og departementet foreslår å fastsette uttrykkeleg at nemnda skal ha høve til å behandle slike opplysningar, inkludert såkalla særlege kategoriar personopplysningar etter artikkel 9 i personvernforordninga. Departementet foreslår vidare at det skal gå fram av lova at nemnda skal ha høve til å hente inn opplysningar frå blant anna myndigheiter, forsikringsselskap og søkaren sine tidlegare arbeidsgivarar som er nødvendige for å behandle søknader om kompensasjon.
I tråd med anbefalingane frå kommisjonen foreslår departementet at det skal gjerast frådrag for tidlegare utbetalt kompensasjon eller erstatning frå arbeidsgivar for den same skaden eller sjukdommen som det blir søkt om kompensasjon for. I lovforslaget foreslår departementet vidare at søkaren skal ha uttrykt plikt til å opplyse nemnda om vedkommande har tatt imot slike utbetalingar. Departementet foreslår også ein eigen heimel for tilbakebetaling ved for høg eller urettmessig utbetalt kompensasjon.
Endeleg sluttar departementet seg til anbefalinga frå kommisjonen om at ordninga bør likestille norske og utanlandske arbeidstakarar. Departementet foreslår derfor at det ikkje skal stillast krav om for eksempel norsk statsborgarskap eller medlemskap i folketrygda for å kunne ha rett til kompensasjon etter lova.