2 Bakgrunnen for lovforslaget

Bustøtta er ei statleg støtteordning som har som føremål å sikre personar med låg inntekt og høge buutgifter ein eigna bustad. Bustøtta er regulert i lov 24. august 2012 nr. 64 om bustøtte og kommunale bustadtilskot (bustøttelova) og forskrift 29. november 2012 nr. 1283 om bustøtte. Husbanken treng ei rekke personopplysningar om søkjaren og husstandsmedlemmene til søkjaren for å kunne vurdere om han eller ho oppfyller vilkåra for å få bustøtte. Dei heimlane bustøttelova har for handsaming av personopplysningar i dag bør vere tydelegare når det gjeld kva for kategoriar av personopplysningar Husbanken kan handsame, og kven som er omfatta av handsaminga. Det er lite føreseieleg for dei registrerte at dette ikkje går direkte fram av føresegnene i bustøttelova. Departementet meiner det er behov for å gjere dette tydelegare for å oppfylle kravet i personvernforordninga om at handsaminga av personopplysningar skal vere føreseieleg, og for å sikre rettstryggleiken til dei registrerte. Vidare er det behov for å utvide den eksisterande forskriftsheimelen for utlevering av opplysningar, for å legge til rette for meir effektiv og føreseieleg handtering av personopplysningar i tråd med dei gjeldande rettslege krava.

Bustøtta er basert på rettar og blir gitt etter ei månadleg utrekning av inntektene og buutgiftene til søkjaren. Husbanken gjer i periodar i overkant av 1,5 millionar enkeltvedtak i året, og det blir utbetalt om lag 3–4 milliardar kroner årleg i bustøtte. Alle bustøttevedtaka blir gjorde berre ved automatisert handsaming, med unntak av klagehandsaming. Vurderinga av om søkjaren oppfyller vilkåra for bustøtte, og i så fall kor mykje søkjaren har rett på, blir avgjord etter ei matematisk utrekning og utan bruk av skjønn. Kravet til effektiv ressursbruk og behovet for rask sakshandsaming, og dessutan verdien av rett utmåling av støtte, tilseier at det er nødvending at bustøttevedtaka blir gjorde ved automatisert handsaming. Slik automatisert handsaming krev eit særskilt handsamingsgrunnlag etter personvernforordninga artikkel 22. Husbanken har ikkje eit slikt handsamingsgrunnlag i dag, og det er derfor behov for ei ny lovføresegn som sikrar eit klart handsamingsgrunnlag for heilautomatiserte avgjerder.

Dei digitale systema til Husbanken for handsaming av søknader om bustøtte, «bustøttesystemet», lettar prosessen med å søkje, tildele, administrere og kontrollere søknader om bustøtte. Det er avgjerande at bustøttesystemet til kvar tid er tilgjengeleg, sikkert og nøyaktig, slik at bustøtta kan betalast ut med rett beløp til rett tid. I samband med dette vil det i enkelte tilfelle vere nødvendig å nytte personopplysningar til å halde systemet ved like og forvalte det. Husbanklova § 12 har ei føresegn om bruk av personopplysningar for å teste, søkje etter feil og rette feil i dei digitale sakshandsamingssystema til Husbanken. Sjølv om handsaminga av bustøtte skjer i systema til Husbanken, meiner departementet det er tenleg med ei tilsvarande føresegn om handsaming av personopplysningar til test, drift og utvikling av IT-systema til Husbanken i bustøttelova.

Husbanken skal vurdere bustøtteordninga opp mot behov og måla for ordninga, og kunne følgje utviklinga over tid. Husbanken har derfor behov for å vidarehandsame dei opplysningane som systematisk blir samla inn som del av sakshandsaminga. Dette gjer ein for å sikre tilstrekkeleg styringsinformasjon og forsvarleg avgjerdsgrunnlag gjennom statistikk og analysar og til bruk i forsking. Dette fører til handsaming av personopplysningar som ikkje nødvendigvis har godt nok heimelsgrunnlag i bustøttelova slik ho er i dag. For låne- og tilskotssaker har husbanklova § 12 ei føresegn om bruk av personopplysningar for utarbeiding av statistikk og analysar, men ei tilsvarande føresegn manglar i bustøttelova. Det er behov for å gi Husbanken tilstrekkeleg rettsleg grunnlag for å handsame personopplysningar for å utarbeide statistikk og analysar, slik at Husbanken kan ta hand om forvaltningsansvaret og oppfylle den nasjonale kunnskapsrolla si i samband med den statlege bustøtta.