7 Handsaming av personopplysningar til forsking, statistikk og analyse

7.1 Gjeldande rett

Bustøttelova har ikkje eigne føresegner som regulerer bruk av personopplysningar til statistikk, analyse og forsking.

Det er personopplysningslova §§ 8 og 9 som er det rettslege grunnlaget for at Husbanken kan bruke personopplysningar som er henta inn med heimel i bustøttelova, til statistikk og forsking. Heimlane i personopplysningslova dekker ikkje handsaming for analyseføremål.

7.2 Høyringsforslaget

For å sikre at krava i personvernforordninga er oppfylte, foreslo departementet ein ny § 8 d i bustøttelova som gir Husbanken tilgang til å handsame personopplysningar som er henta inn i medhald av bustøttelova, medrekna opplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9, når det er nødvendig for forsking, statistikk og analyse. Departementet foreslo også ein uttrykkeleg heimel som gir Husbanken tilgang til å lagre personopplysningane til seinare bruk i forsking. Føresegna presiserer at handsaminga skal vere underlagd garantiar som nemnt i personvernforordninga artikkel 89 nr. 1.

Departementet foreslo også ein forskriftsheimel for ytterlegare regulering av utlevering, innhenting, samanstilling og anna handsaming av personopplysningar frå den statlege bustøtta og andre kjelder. Forskriftsheimelen er meint å sikre at Husbanken kan gjennomføre forsking og utarbeide relevant statistikk og analysar, og dermed utøve forvaltningsansvaret sitt og den nasjonale kunnskapsrolla si.

7.3 Innspel frå høyringsinstansane

To høyringsinstansar har uttalt seg om forslaga. Dette er Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) og Skatteetaten.

NIM er positiv til at det blir presisert kva for kategoriar som kan handsamast, men meiner det er uklart om opplysningar om skjerma adresse blir handsama, og korleis heimelen skal lesast opp mot eksisterande regelverk. NIM viser til at bustøttelova § 8 a gir departementet heimel til å gi nærmare reglar om innhenting av andre opplysningar, så sant det «ikkje fører til vesentlege personvernkrenkingar». NIM spør om dette vil seie at departementet kan bestemme at slike opplysningar også skal kunne handsamast vidare til forskingsføremål. Det blir vidare kommentert at heimelen til lagring av opplysningar blir ganske utstrekt når det ikkje blir gjort greie for kor lenge ein kan ha behov for å lagre opplysningane. NIM skriv til slutt at eventuelle føresegner som blir gitt med heimel i forskrift, må oppfylle krav om føremål og vere rimelege etter menneskerettane, der slik handsaming vil innebere eit inngrep i ein verna rett.

Skatteetaten meiner at verken nytt første ledd eller andre ledd i bustøttelova § 8 gir tydeleg rettsleg grunnlag for innhenting av oppdaterte opplysningar om personar som ikkje lenger får bustøtte, for forskings-, statistikk- eller analyseføremål. Skatteetaten viser til at ny § 8 d gir Husbanken heimel til å handsame opplysningar som allereie er innhenta, når det er nødvendig for forsking, statistikk og analysar. Skatteetaten meiner derfor det er uklart heimelsgrunnlag for innhenting av oppdaterte opplysningar om personar som ikkje får bustøtte, der behovet kjem av at det skal gjennomførast analysar av kvifor personar og husstandar fell ut av ordninga. Skatteetaten etterspør ei ny vurdering av om lovendringane også dekker sjølve innhentinga, og peiker på at for etaten sin del vil det vere eit spørsmål om vilkåra for at Skatteetaten kan dele opplysningar, framleis er oppfylte. Etaten stiller også spørsmål ved om personvernkonsekvensane er tilstrekkeleg vurderte for innhenting av opplysningar om personar som ikkje lenger får bustøtte, mellom anna forholdet til vernet om privatliv i Grunnlova og EMK.

7.4 Vurderingar frå departementet

Etter ei heilskapsvurdering held departementet forslaget til ny § 8 d om handsaming av personopplysningar til forsking, statistikk og analyse ved lag.

Husbanken har behov for å bruke innhenta personopplysningar til forsking og utarbeiding av statistikk og analyse for å utøve forvaltningsansvaret sitt, og den nasjonale kunnskapsrolla i tilknyting til den statlege bustøtta. Husbanken har mellom anna behov for å utarbeide tidsseriar som krev at ein til dømes ser opplysningar om mottakarar av bustøtte opp mot inntektstypar eller andre personopplysningar. I samband med bustadsosial forsking og politikkutvikling blir det også etterspurt kontrafaktiske analysar eller konsekvensanalysar for å kaste lys over spesifikke utfordringar. Det er derfor behov for å kunne lagre personopplysningane som ligg til grunn for vedtaket, også utover tida då opplysningane blir lagra for arkivføremål. Det er derfor behov for eit supplerande rettsgrunnlag som dekker fleire føre-mål, og som samstundes tek omsyn til krava i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e, jf. artikkel 6 nr. 3.

Departementet foreslår at det blir presisert i § 8 d første ledd første punktum at Husbanken skal kunne handsame personopplysningane i den grad det er nødvendig for forsking, statistikk og analysar. I tråd med prinsippet om føremålsavgrensing i personvernforordninga artikkel 5 nr. 1 bokstav b foreslår departementet også å presisere rekkevidda av heimelen ved å ta inn ei tilvising til oppgåvene til Husbanken etter husbanklova § 1. Etter husbanklova § 1 første og andre ledd skal Husbanken «fremja bustadføremål i samsvar med overordna retningslinjer» og «forvalta bustøtte og låne- og tilskotsordningar og medverka til å utvikla og formidla kunnskap om mål, metodar og resultat innanfor sitt saksområde». Det vil seie at den nye føresegna i bustøttelova § 8 d berre skal gi Husbanken supplerande rettsgrunnlag for forsking, statistikk og analyse innanfor rammene av oppgåvene til Husbanken på det bustadsosiale feltet, som definert i husbanklova § 1. Forskinga, statistikken og analysane skal derfor mellom anna kunne brukast av Husbanken til å rapportere til kommunar og statlege organ. Husbanken vil til dømes ha behov for å skaffe fram styringsdata som avgjerdsgrunnlag for eiga verksemd og departementa.

Forslaget til ny § 8 d oppfyller også vilkåret i personvernforordninga artikkel 9 nr. 2 bokstav g for handsaming av relevante og nødvendige særlege kategoriar av personopplysningar. Artikkel 9 nr. 2 bokstav g føreset at den nasjonale retten som gir grunnlag for handsaminga av særlege kategoriar av personopplysningar, skal stå i eit rimeleg forhold til det målet ein søkjer å oppnå, ikkje bryte med det grunnleggande innhaldet i retten til vern av personopplysningar og sikre eigna og særlege tiltak for å verne dei grunnleggande rettane og interessene til den registrerte. Departementet foreslår å ta inn ei uttrykkeleg tilvising til personvernforordninga artikkel 9 for å unngå tvil om at slike opplysningar er omfatta.

Vidare skal forslaget til første ledd i ny § 8 d sikre eit klart grunnlag for å lagre opplysningane for seinare bruk i forsking. Kvart føremål må vurderast særskilt, og det skal gjerast ei vurdering av om handsaminga er nødvendig, som også omfattar kor lenge opplysningane kan lagrast, slik at lagringstida ikkje blir lengre enn nødvendig, i tråd med personvernforordninga artikkel 5 nr. 1 bokstav e og artikkel 89 nr. 1.

Departementet understrekar at Husbanken har plikt til å handsame opplysningar om skjerma adresse i samsvar med det gjeldande regelverket, medrekna verneinstruksen. Som nemnt blir det berre handsama opplysningar som er klassifiserte som fortruleg adresse. Handsaminga skjer berre når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter bustøttelova, i tråd med kravet om at det må vere nødvendig, og prinsippet om dataminimering. Forslaget til § 8 d inneber ingen endringar i korleis desse opplysningane blir handsama, og opnar ikkje for ein utvida tilgang til å bruke opplysningar om personar med skjerma adresse til forskingsføremål.

Når det gjeld korleis heimelen skal lesast opp mot eksisterande regelverk, gir forslaget til § 8 d ein klar heimel for å handsame personopplysningar til forskings-, statistikk- og analyseføremål, men innanfor rammene av personvernforordninga artikkel 89 nr. 1. Dette inneber at det må vere vurdert om handsaminga er nødvendig, om ho er underlagd tilstrekkelege garantiar, og at ho ikkje er meir inngripande enn nødvendig. Føresegna erstattar ikkje, men utfyller, andre relevante regelverk som gjeld handsaming av personopplysningar, medrekna personvernforordninga og forvaltningsloven § 13 d om utlevering av teiepliktige opplysningar til forsking.

Forsking vil, i større grad enn utarbeiding av statistikk og analyse internt i Husbanken, krevje utlevering av opplysningar på ulike måtar til ulike forskarar og forskingsinstansar. Slik departementet vurderer det, er det ikkje behov for ei særskild føresegn om utlevering av opplysningar i bustøttelova, ettersom utlevering av opplysningar til bruk for forsking er regulert av forvaltningslova § 13 d. Departementet legg til at den foreslåtte forskriftsheimelen i § 8 d andre ledd gir departementet tilgang til å gi nærmare reglar om mellom anna utlevering av personopplysningar frå Husbanken til forskingsføremål, i tillegg til reglar om innhenting av oppdaterte opplysningar, samanstilling av opplysningar og handsaming av opplysningar frå andre kjelder. Slike utdjupande føresegner eignar seg, slik departementet ser det, best i forskrift.

Departementet presiserer at forslaget i § 8 d første ledd direkte berre gir tilgang til å bruke opplysningar som allereie er henta inn med heimel i § 8. Departementet presiserer også at opplysningar om tidlegare mottakarar av bustøtte berre kan handsamast dersom dei vart henta inn mens personen fekk støtte. For at Husbanken skal ha god nok kunnskap om kjenneteikna på dei vanskelegstilte på bustadmarknaden over tid, er det også behov for å oppdatere dataa som stammar frå den statlege bustøtta. Innhenting av oppdatert informasjon er ikkje omfatta av § 8 d første ledd. Dersom det er aktuelt å hente inn oppdaterte opplysningar, må dette fastsetjast i forskrift, med heimel i § 8 d andre ledd, og vurderast opp mot rammene i personvernforordninga artikkel 89 nr. 1. Ei slik regulering i forskrift må vere innanfor rammene av § 8 d første ledd. Då vil forskrifta vere det rettslege grunnlaget for innhentinga av oppdaterte opplysningar.

Dersom departementet fastset forskriftsføresegner om innhenting og handsaming av oppdaterte opplysningar for forskings-, statistikk- og analyseføremål, vil vilkåra for utlevering av opplysningar frå Skatteetaten måtte vurderast særskilt.

Når det gjeld inngrep i rettane og fridomane til dei registrerte, vil eventuelle nye innhentingar måtte vurderast særskilt opp mot krava i EMK artikkel 8, Grunnlova § 102 og personvernforordninga. Forslaget inneber inga endring i dagens regulering av innhenting av opplysningar til oppgåver etter bustøttelova. Slik departementet vurderer det, inneber ikkje forslaget vesentlege eller uforholdsmessige personvernkonsekvensar.