9 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet legg til grunn at lov- og forskriftsforslaga hovudsakleg vil få økonomiske og administrative konsekvensar for Husbanken. Forslaga legg opp til at det blir gitt klare lovheimlar i bustøttelova for når handsaming av personopplysningar er tillate. Dette vil kunne fjerne nokre tvils- og tolkingsspørsmål som følgjer av det rettslege utgangspunktet i dag, og slik sett bidrar forslaga til effektivisering. Husbanken har allereie etablert tekniske løysingar for sakshandsaming av bustøtte, lagring av data i datavarehus og automatiserte avgjerder. Lovforslaga vil derfor ikkje ha nokon omgåande økonomiske eller administrative konsekvensar for Husbanken.

Forslaget i nytt tredje ledd i § 8 legg opp til at det blir gitt ein klar lovheimel for automatiserte avgjerder, og inneber at retten til manuell overprøving blir styrkt ved at han blir forankra i lov. Søkjaren har allereie rett til å krevje manuell overprøving i dag, men det er vanskeleg å føresjå om ei tydeleggjering av denne retten vil føre til ein auke av saker som må handsamast manuelt i Husbanken. Det er derfor utfordrande å gi overslag over framtidig ressursbruk og dei økonomiske eller administrative konsekvensane av lovforslaget. Departementet reknar det likevel som lite sannsynleg at lovforslaget vil resultere i ein vesentleg auke av slike saker. Departementet legg til grunn at eventuelle meirutgifter blir dekte innanfor den gjeldande budsjettramma til Husbanken.

Forslaga vil ikkje få konsekvensar for kommunane. Det er berre forslaget til nytt første ledd i § 8 som gjeld kommunane. Føresegna vil gi klarare og betre rammer for kommuanene si handsaming av personopplysningar i samband med bustøtte.