5 Handsaming av personopplysningar til sakshandsaminga

5.1 Gjeldande rett

Etter bustøttelova § 8 første ledd første punktum kan Husbanken og kommunane utan hinder av teieplikt pålegge nærmare definerte instansar å levere ut opplysningar som er nødvendige for å kontrollere om vilkåra for å få bustøtte er oppfylte eller har vore oppfylte. Det kan vere opplysningar om til dømes inntekt, formue og buutgifter. Det går fram av Prop. 75 L (2014–2015) punkt 6.2 at føresegna omfattar handsaming av «sensitive personopplysninger», noko som i dag vil svare til opplysningar som er omfatta av personvernforordninga artikkel 9 og 10 (til dømes høvesvis helseopplysningar eller opplysningar om straffedomar og lovbrot). Føresegna omfattar også handsaming av opplysningar om medlemmer av husstanden til søkjaren, jf. Prop. 76 L (2011–2012) side 16.

Opplysningane kan hentast inn direkte frå instansane som er nemnde i § 8 første ledd første punktum, utan samtykke frå den det gjeld, jf. andre punktum. Den som blir pålagd å gi opplysningar i medhald av § 8, kan ikkje krevje godtgjering for dette, jf. tredje punktum. Fjerde og femte punktum presiserer at informasjonsplikta i personvernforordninga artikkel 14 gjeld, og at reglane om bevisfritak i tvistelova §§ 22-8 og 22-9 gjeld tilsvarande.

Ifølgje § 8 andre ledd kan departementet med forskrift eller i enkelttilfelle samtykke til at opplysningane frå bustøtteregisteret kan bli brukte av andre offentlege styresmakter, når allmenne interesser tilseier det.

5.2 Høyringsforslaget

For å tydeleggjere kva for kategoriar av personopplysningar Husbanken og kommunane kan hente inn og handsame, og kven som er omfatta av handsaminga, foreslo departementet at det i nytt første ledd i § 8 blir fastsett at Husbanken og kommunane kan hente inn og handsame personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter bustøttelova. Departementet foreslo også at det blir fastsett uttrykkeleg i føresegna at tilgangen til å hente inn og handsame opplysningar omfattar nødvendige opplysningar om andre husstandsmedlemmer. Departementet presiserte at endringane ikkje innebar ei utviding av heimelsgrunnlaget, men at det berre var ei tydeleggjering av det som allereie følgjer av forarbeida til lova.

Departementet foreslo å føre vidare dagens § 8 første ledd utan endringar i nytt andre ledd. Vidare foreslo departementet eit nytt tredje ledd i § 8 om automatisert sakshandsaming. Det er gjort nærmare greie for dette forslaget i punkt 6.

For å sikre at Husbanken kan handtere personopplysningar på ein effektiv og rettssikker måte, foreslo departementet å utvide forskriftsheimelen i bustøttelova § 8 andre ledd, slik at han også dekker innhenting, vidarehandsaming og anna handsaming av personopplysningar frå andre kjelder enn den statlege bustøtta. Dette vart foreslått i nytt fjerde ledd i § 8.

5.3 Innspel frå høyringsinstansane

To høyringsinstansar har uttalt seg om forslaga. Desse er Datatilsynet og Noregs institusjon for menneskerettar (NIM).

Datatilsynet støttar i all hovudsak vurderingane frå departementet om personvernregelverket og meiner det er positivt at handsaminga av personopplysningar får eit tydelegare rettsleg grunnlag, og at dei registrerte samstundes får ein meir føreseieleg situasjon.

NIM meiner det bør vurderast om det eksplisitt bør gå fram av føresegna kva for opplysningar som kan handsamast om husstandsmedlemmene. Vidare meiner NIM at føresegna også kan heimle handsaming av sensitive opplysningar om husstandsmedlemmene, slik som at dei er inne til soning eller har status som ung ufør. NIM peiker på at det er tale om ganske omfattande handsaming av personopplysningar, og at dei foreslåtte reglane må sjåast opp mot det menneskerettslege vernet om den enkelte sin rett til privatliv, og etterlyser ei nærmare vurdering av korleis tiltaka står seg opp mot menneskerettane.

5.4 Vurderingar frå departementet

Etter ei heilskapleg vurdering held departementet forslaga til lovendringar ved lag, men med ei mindre endring utan materiell betydning.

Slik departementet vurderer det, er det tenleg å gjere det tydeleg i nytt første ledd i bustøttelova § 8 at Husbanken og kommunen kan handsame personopplysningar, medrekna opplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10, og opplysningar om husstandsmedlemmene til søkjaren, når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter bustøttelova. Innhaldet i dagens § 8 første ledd blir uendra, men blir flytta til nytt andre ledd.

Endringa i nytt første ledd sikrar Husbanken og kommunane ein klar heimel til å handsame personopplysningar. Departementet meiner ei slik tydeleggjering i lovtekst oppfyller kravet i personvernforordninga om at handsaminga skal vere føreseieleg, og sikrar rettstryggleiken til dei registrerte i samband med handsaminga av bustøttesøknader. Ei slik avklaring vil også sikre at handsaminga av personopplysningar skjer i samsvar med krava i lova.

Departementet understrekar at denne heimelen også gir Husbanken og kommunane tilgang til å hente inn dei nemnde personopplysningane for å utføre oppgåver etter bustøttelova. Innhenting er ei form for handsaming av personopplysningar. Departementet meiner derfor det ikkje er grunn til å framheve innhentinga særskild i lovteksten.

Når det gjeld behovet for ei nærmare presisering i føresegna av kva for opplysningar som kan handsamast, meiner departementet at ytterlegare regulering i forskrift vil vere tilstrekkeleg. Departementet viser til at lovteksten gir dei viktige ytre rammene for handsaminga, både ved å avgrense føremålet til gjennomføring av oppgåver etter lova og ved å stadfeste kravet om at handsaminga må vere nødvendig. Det vil inkludere opplysningar som er nødvendig for å kontrollere om vilkåra for å få bustøtte er oppfylte eller har vore oppfylte i tilbakelagde periodar, medrekna opplysningar som blir brukte til å rekne ut bustøtta. Kva for opplysningar det er snakk om i kvar enkelt sak må alltid vurderast individuelt. Berre personopplysningar som er relevante, adekvate og nødvendige for saka, kan handsamast, og det skal ikkje handsamast fleire personopplysningar enn nødvendig. Vurderinga av kva som er relevante, adekvate og nødvendige opplysningar, vil måtte gjerast i lys av utgreiingsplikta til forvaltninga og kravet om at saka skal vere så godt opplyst som mogleg. Utgreiingsplikta i forvaltningsloven § 17 gjeld når Husbanken eller kommunen gjer enkeltvedtak etter bustøttelova.

Når det gjeld uro for at heimelen gir ein vidtrekkande tilgang til å handsame sensitive opplysningar, gjer departementet merksam på at desse opplysningane allereie blir handsama etter regelverket i dag og inngår i sakshandsaminga av bustøtte. Endringa i nytt første ledd inneber derfor inga utviding av heimelsgrunnlaget til Husbanken og kommunane, men gjer at det som følgjer av forarbeida til bustøttelova, kjem tydelegare fram. Departementet meiner at forslaget ligg godt innanfor rammene av Grunnlova § 102, EMK artikkel 8 og barnekonvensjonen artikkel 16. Dei tre føresegnene krev samsvar mellom kontrolltiltaka og føremålet. Departementet presiserer at ein må sjå forslaget i samanheng med dei oppgåvene Husbanken og kommunane blir pålagde, og som føreset at dei må handsame personopplysningar. I tillegg set lovteksten som nemnt viktige ytre rammer for handsaminga av personopplysningar. Departementet meiner den foreslåtte heimelen ikkje går lenger enn det som er nødvendig, og at det er rimeleg samsvar mellom mål og middel.

Departementet legg til at Husbanken ikkje samlar inn strukturerte data av type personopplysningar som nemnt i artikkel 10 i bustøttesystemet i dag. Det er heller ikkje avdekt eit behov for å nytte denne typen opplysningar til forsking, statistikk og analyse.

For å sikre at Husbanken kan handtere personopplysningar på ein effektiv og rettssikker måte, meiner departementet at det er nødvendig å utvide den eksisterande forskriftsheimelen i bustøttelova § 8 slik at han også dekker innhenting, vidarehandsaming og anna handsaming av personopplysningar frå andre kjelder enn den statlege bustøtta. Det er meir tenleg å regulere slike detaljar i forskrift enn i lov, fordi dette gir større fleksibilitet til å tilpasse regelverket etter behov, samstundes som det gir ei tydeleg regulering av dei rammene Husbanken har for handsaming av personopplysningar. Forskriftsheimelen i nytt fjerde ledd i § 8 vil legge til rette for ei meir effektiv og føreseieleg handtering av personopplysningar i tråd med gjeldande rettslege krav.