6 Automatiserte avgjerder
6.1 Gjeldande rett
Personvernforordninga artikkel 22 regulerer kva tilgang forvaltninga har til å ta heilautomatiserte avgjerder når forvaltninga handsamar personopplysningar, sjå punkt 4.1.6.
Ny forvaltningslov, som vart vedteken av Stortinget i juni 2025 (ikkje sett i kraft per mars 2026), presiserer i § 11 tredje ledd at eit forvaltningsorgan må ha «særlig hjemmel» for å ta automatiserte avgjerder som er omfatta av personvernforordninga artikkel 22.
Bustøttelova og forskrift om bustøtte inneheld ikkje føresegner som regulerer kva tilgang Husbanken har til å ta heilautomatiserte avgjerder om bustøtte. Husbanklova gir heller ikkje heimel for å regulere heilautomatiserte avgjerder på bustøtteområdet.
6.2 Høyringsforslaget
Sakshandsaminga til Husbanken av søknader om bustøtte er heilautomatisert, med unntak av klagehandsaming. Departementet foreslo derfor eit særskilt rettsgrunnlag for automatisert sakshandsaming i nytt tredje ledd i bustøttelova § 8. I første punktum får Husbanken ein alminneleg tilgang til å ta avgjerder om bustøtte som berre er basert på automatisert handsaming av personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10. Det går fram av andre punktum at handsaminga må sikre parten sitt krav til forsvarleg sakshandsaming og ikkje bryte med retten til vern av personopplysningar. Av tredje punktum går det fram at avgjerda ikkje kan bygge på skjønnsmessige vilkår i lov eller forskrift, med mindre avgjerda er utvilsam. Fjerde punktum fastset at den registrerte har rett til manuell overprøving av avgjerda.
6.3 Innspel frå høyringsinstansane
Fire høyringsinstansar har uttalt seg om forslaga. Desse er Bergen kommune, Datatilsynet, Kaiehuset og Noregs institusjon for menneskerettar (NIM).
Bergen kommune støttar at det blir gitt ein klar lovheimel for automatiserte avgjerder, og at søkjaren sin rett til manuell overprøving blir styrkt ved at han blir forankra i lov. Kommunen støttar også tilleggskravet om at den heilautomatiserte avgjerda ikkje kan bygge på skjønnsmessige vilkår, med mindre avgjerda er utvilsam. Kommunen ber om at departementet er bevisst på at kommunar med eigne bustøtteordningar også skal kunne ta automatiserte avgjerder.
Datatilsynet meiner forslaget er godt grunngitt og meiner det er i tråd med anna liknande lovregulering.
Kaiehuset stiller spørsmål ved om like løysingar er rettferdige. Kaiehuset gir uttrykk for at det er behov for ei meir individuell vurdering av behovet til bustøttemottakarar.
NIM meiner at heimelen i nytt tredje ledd i § 8 gir vidtrekkande tilgang til å handsame opplysningar, medrekna sensitive opplysningar som nemnt i forordninga artikkel 9 og 10. NIM peiker på at departementet ikkje har opplyst i kor mange saker det kan vere relevant å handsame opplysningar om straffedomar og lovbrot. Dersom det er slik at det berre er tale om nokre få saker, meiner NIM ein bør grunngi nærmare kvifor slike sensitive opplysningar skal handsamast ved automatisert handsaming. Vidare meiner NIM at omgrepet «utvilsamt» i seg sjølv er subjektivt, og dermed uklart. NIM peiker også på at lovforslaget ikkje presiserer at alle vurderingspunkta som ligg til grunn for ei avgjerd, må vere utvilsame. Slik NIM ser det, bør det gjerast tydeleg kva for opplysningar om barn som skal kunne handsamast, og korleis dette står seg mot rettane til barn.
6.4 Vurderingar frå departementet
6.4.1 Generelt
Etter ei heilskapsvurdering held departementet i hovudsak forslaget til lovendring ved lag, men med nokre endringar. Departementet konstaterer at forslaget om å gi eit særskilt rettsgrunnlag for heilautomatiserte avgjerder i sakshandsaminga til Husbanken av bustøttesøknader har fått støtte i høyringa, samstundes som enkelte sider av forslaget må vurderast nærmare.
Automatisering av avgjerdsprosessar kan gi store effektivitetsgevinstar, for både Husbanken og søkjaren, spesielt når saksmengda er så stor. Automatisering kan vidare bidra til auka likehandsaming, sidan alle som er i same situasjon etter kriteria til systemet, automatisk blir handsama likt. Automatisering gir ein konsekvent bruk av regelverket og bidrar til å sikre lik praksis i forvaltninga. Vidare kan automatisert sakshandsaming bidra til å sikre at dei forvaltningsrettslege krava til sakshandsaming blir etterlevde, og sikre rettane og pliktene til søkjarane. Departementet understrekar at automatisering ikkje endrar vilkåra for kven som kvalifiserer til bustøtte, og at det framleis blir gjort ei individuell vurdering av dei konkrete forholda i kvar enkelt sak.
Som det går fram av utgreiinga i punkt 4.1.6, stiller personvernforordninga artikkel 22 nr. 1 opp eit forbod mot avgjerder som berre er baserte på automatisk handsaming. Etter artikkel 22 nr. 2 gjeld forbodet likevel ikkje dersom avgjerda er omfatta av eit av dei uttømmande unntaka i bokstav a til c i føresegna. Departementet meiner at heilautomatiserte avgjerder i bustøttesaker ikkje kan baserast på unntaket for avtale etter bokstav a eller på samtykke etter bokstav c. Bustøtte er ei lovregulert yting som er basert på rettar, og forholdet mellom Husbanken og bustøttemottakaren er ikkje avtalebasert. Samtykke er heller ikkje rekna som eit eigna grunnlag for å tillate heilautomatiserte avgjerder i bustøttesaker, mellom anna fordi styrkeforholdet mellom stat og innbyggar er så skeivt at samtykket vanskeleg kan reknast som frivillig. Ei manuell handsaming av søknader om bustøtte vil vere meir tidkrevjande og resultere i ei seinare utbetaling av ytinga. Den økonomiske situasjonen til bustøttemottakarar tilseier at eit samtykke i realiteten i liten grad kan reknast som frivillig, når alternativet er at dei får stønaden betalt ut seinare.
Departementet legg derfor til grunn at tilgangen til heilautomatiserte avgjerder i bustøttesaker bør heimlast i nasjonal lovgiving, jf. personvernforordninga artikkel 22 nr. 2 bokstav b. Forslaget til ny § 8 tredje ledd i bustøttelova skal gi eit tilstrekkeleg klart rettsleg grunnlag for slike avgjerder.
Forslaget bygger på at bustøttevedtak er baserte på rettar og blir gjorde på grunnlag av faste og objektive kriterium, utan bruk av skjønn. Reguleringa tek omsyn til særpreget i ordninga og legg til rette for effektiv og forsvarleg forvaltning, samstundes som ho sikrar omsynet til rettstryggleiken til den registrerte. Departementet foreslår derfor at det blir gitt ei lovføresegn i første punktum i nytt tredje ledd i bustøttelova § 8 som uttrykkeleg tillèt at det blir teke avgjerder som berre er baserte på automatisert handsaming av personopplysningar. Den automatiserte avgjerda er høvesvis eit enkeltvedtak etter forvaltningsloven og ei avgjerd som har «rettsvirkning for eller på tilsvarende måte i betydelig grad påvirker» nokon og som derfor oppfyller vilkåra i personvernforordninga § 22 nr. 1.
Departementet foreslår vidare at særlege kategoriar av personopplysningar etter personvernforordninga artikkel 9 og artikkel 10 kan inngå i avgjerda. Etter forordninga kan ikkje automatiserte avgjerder bygge på særlege kategoriar av personopplysningar med mindre handsaminga er nødvendig av omsyn til «viktige allmenne interesser» etter artikkel 9 nr. 2 bokstav g, jf. artikkel 22 nr. 4. Samstundes må det vere innført eigna og særlege tiltak for å verne dei grunnleggande rettane, fridomane og rettmessige interessene til den registrerte. Departementet legg til grunn at effektiv sakshandsaming i Husbanken og kommunen er omfatta av «viktige allmenne interesser», sml. Prop. 135 L (2019–2020) punkt 5.3.3.
Departementet vil i denne samanhengen presisere at handsaminga av opplysningar etter artikkel 9 er avgrensa til objektive kriterium og opplysningar som er nødvendige for å avgjere rett til bustøtte, slik som opplysningar om uførestatus eller spesialtilpassing av bustad, og berre blir nytta dersom det er strengt nødvendig. Desse opplysningane blir allereie handsama etter dagens regelverk og inngår i sakshandsaminga av bustøtte. Per i dag er ikkje opplysningar etter artikkel 10 (det vil seie opplysningar om straffedomar og lovbrot) ein del av den automatiserte handsaminga. I samband med sakshandsaminga vil det i nokre få tilfelle vere nødvendig å avklare om søkjaren sonar ein kort eller lang dom. Dette kan vere tilfelle der det skal vurderast om søkjaren skal kunne behalde bustøtta under kortvarig soning, eller handtering av ei sak der ein husstandsmedlem er inne til soning. NIM peiker på at departementet ikkje har opplyst kor mange saker det er tale om. Det er vanskeleg å gi eit presist svar på kor mange saker det gjeld, men det er tale om få saker i forhold til det totale omfanget av saker (kanskje omtrent 100 saker i året). Like fullt vil denne typen opplysningar vere ein del av avgjerdsgrunnlaget i dei sakene det gjeld. Departementet meiner derfor at det er grunn til at ei tilvising til artikkel 10 blir teken inn i føresegna, for å opne opp for at dette i nær framtid kan automatiserast.
Bergen kommune meiner det er viktig at departementet er bevisst på at kommunar med eigne bustøtteordningar også skal kunne ta automatiserte avgjerder. Departementet presiserer at den foreslåtte heimelen for automatisert handsaming av bustøttesøknader berre gjeld handsaminga av statleg bustøtte i Husbanken. Lovforslaget vil ikkje ha nokon praktisk konsekvens for kommunar med eigne kommunale bustøtteordningar. Slike ordningar er forankra i kommunale forskrifter, retningslinjer eller liknande. Dersom kommunane har behov for å regulere automatisering av slike ordningar, må dette forankrast i det regelverket som gjeld for kommunale bustøtteordningar. Departementet gjer elles merksam på at bustadsosiallova § 8 gir kommunane heimel til å handsame personopplysningar i samband med kommunal bustøtte, jf. Prop. 132 L (2021–2022) side 81, og at forskrift om bustøtte § 12 gir heimel til å levere ut opplysningar som er nødvendige for forvaltninga av kommunale bustøtteordningar.
6.4.2 Eigna tiltak som sikrar rettane og fridomane til den registrerte
Departementet foreslår nokre endringar i nytt tredje ledd i § 8, samanlikna med forslaget som vart sendt til høyring, slik at ordlyden i større grad samsvarer med den i ny forvaltningslov § 11.
Endringane inneber at føresegna ikkje inneheld vilkår om at «[a]vgjerda kan ikkje bygge på skjønnsmessige vilkår i lov eller forskrift, med mindre avgjerda er utvilsam». Dette har ingen materiell verknad for handsaminga av bustøttesøknader, fordi det uansett er det underliggande regelverket med objektive kriterium som ligg til grunn for handsaminga. Dessutan er departementet einig med NIM i at eit krav om at avgjerda må vere «utvilsam», kan skape uklare situasjonar.
Vidare foreslår departementet at det i andre punktum i nytt tredje ledd i § 8 blir formulert eit krav om at «[h]andsaminga må oppfylle krava som elles blir stilte til sakshandsaminga». Ein føresetnad for at forvaltningsorgan kan automatisere sakshandsaminga, er at automatiseringa kan skje innanfor rammene som lovgivinga elles stiller opp. Både forvaltningsloven og bustøttelova vil setje rammer for, stille krav til, avgrense eller på andre måtar verke inn på kva tilgang og høve eit forvaltningsorgan har til å automatisere sakshandsaminga. Slik departementet ser det, har det ein pedagogisk verdi å framheve dette uttrykkeleg i føresegna. Departementet foreslår å halde på kravet om at handsaminga må vere i «samsvar med retten til vern av personopplysningar». Andre punktum stiller med dette opp konkrete skrankar for sakshandsaminga og krav til avgjerdene, noko som bidrar til å sikre rettane og fridomane til den registrerte.
Departementet foreslår å halde på den foreslåtte regelen om at den registrerte har rett til manuell overprøving av avgjerda, i tredje punktum i nytt tredje ledd i § 8. Skjønnsmessige vurderingar blir gjorde manuelt av sakshandsamaren i saksførebuingane hos kommunen, i forkant av den automatiserte handsaminga, eller i etterkant ved klagehandsaming. Dette kan til dømes vere vurderingar av om opphald på institusjon likevel skal gi rett til bustøtte. Departementet vurderer at det er viktig å sikre at avgjerdene kan etterprøvast, og at det er høve til manuell overprøving, slik at rettstryggleiken blir sikra.
Departementet legg til at forskriftsheimelen i nytt fjerde ledd i § 8 opnar for meir spesifikk regulering av automatiserte avgjerder. Dette gir rom for meir fleksibel og spesifikk regulering i forskrift dersom dette blir relevant for særskilde automatiserte avgjerder.
6.4.3 Automatisert handsaming av opplysningar om barn
Automatisert handsaming av opplysningar om barn er avgrensa til nødvendige opplysningar og bygger på objektive kriterium utan skjønnsmessige vurderingar. Den automatiserte handsaminga av søknader om bustøtte er nødvendig for å sikre velferda til barnet og er i samsvar med internasjonale tilrådingar om automatiserte avgjerder. Opplysningar om barn blir handsama fordi det har innverknad på utrekninga av bustøtte, jf. forskrift om bustøtte §§ 5 og 7. Opplysningar om barn som blir henta inn frå Folkeregisteret, omfattar namn, fødselsnummer og adresse, for å tilfredsstille krava i forskrift om bustøtte § 10 om kven som blir rekna som medlem av husstanden. Opplysningar om skjerma adresse blir handsama i dei tilfella det er aktuelt. Dette gjeld likevel berre opplysningar som er klassifiserte som fortruleg adresse, der adressa er sperra for privatpersonar, men tilgjengeleg for offentlege styresmakter. Opplysningar som er klassifiserte som strengt fortrulege, blir ikkje handsama. For barn med delt fast bustad etter barnelova § 36 blir begge foreldra sine adresser registrerte. Inntekt og formue for barn under 18 år inngår ikkje i utrekninga av bustøtte, og slike opplysningar blir derfor ikkje henta inn frå Skatteetaten. Når barnet fyller 18 år, informerer Husbanken vedkommande om handsaminga av personopplysningar, jf. personvernforordninga artikkel 14. Det blir ikkje handsama opplysningar om helseforholda til barn eller andre særlege kategoriar opplysningar.