10 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

Til § 8

Forslaget er nærmare omtalt i punkt 5 og 6.

Paragrafen gir Husbanken og kommunane eit klart og oppdatert rettsgrunnlag for å handsame personopplysningar til bruk i den ordinære sakshandsaminga etter bustøttelova.

Nytt første ledd gir hovudregelen om handsaming av personopplysningar. Typiske døme på handsaming er innsamling, registrering, lagring, tilpassing, endring, attfinning, bruk, utlevering, samanstilling eller samkøyring og sletting. Første punktum fastset at Husbanken og kommunane kan handsame relevante personopplysningar, medrekna opplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når dette er nødvendig for å utføre oppgåver etter bustøttelova. Personvernforordninga artikkel 9 og 10 gjeld høvesvis handsaming av særlege kategoriar personopplysningar, til dømes helseopplysningar, og personopplysningar om straffedomar og lovbrot. Opplysningar som Husbanken og kommunen treng for å vurdere om søkjaren oppfyller kriteria for tildeling og utmåling av bustøtte, vil vere nødvendige etter føresegna. Typisk omfattar dette opplysningar om samansetninga av husstanden, økonomiske forhold som inntekt, formue og gjeld, og opplysningar om buforhold, slik som adresse, eigeforhold og buutgifter. Opplysningane kan også handle om særlege kategoriar av personopplysningar, som nemnt i personvernforordninga artikkel 9, som at søkjaren på søknadstidspunktet får uføretrygd, eller at bustaden er spesielt tilpassa. Husbanken hentar mellom anna informasjon frå Folkeregisteret om søkjaren og andre personar i husstanden, inntektsopplysningar frå a-ordninga og siste skatteoppgjer, opplysningar frå Nav om nokon har status som ung ufør etter folketrygdlova, e-post og telefonnummer frå Kontaktregisteret og informasjon frå Lånekassen om ein er student. I tillegg kan søkjaren velje å dokumentere om bustaden er spesialtilpassa for å få høgare buutgiftstak.

Føresegna inneber ikkje ei utviding av den gjeldande tilgangen til å handsame personopplysningar, men gjer han tydelegare av omsyn til føreseieleg handsaming og rettstryggleik. Føresegna omfattar berre handsaming som er nødvendig for sakshandsaming og forvaltning av bustøtteordninga. Føresegna gir ikkje heimel til å hente inn opplysningar om personar som ikkje lenger får bustøtte, og gir heller ikkje grunnlag for innhenting til forskings-, statistikk- eller analyseføremål.

Andre punktum gir Husbanken og kommunen tilgang til å handsame nødvendige personopplysningar om andre husstandsmedlemmer. Det kan til dømes vere ektefelle eller sambuar til den som søkjer om bustøtte, og heimebuande barn eller andre husstandsmedlemmer.

Andre ledd er ei vidareføring av § 8 første ledd i den gjeldande lova. Føresegna er uendra. Sjå nærmare omtale i Prop. 76 L (2011–2012) side 16 og Prop. 75 L (2014–2015) side 17 og 18.

Nytt tredje ledd regulerer automatisert handsaming. Første punktum gir Husbanken tilgang til å ta avgjerder som berre er baserte på automatisert handsaming av personopplysningar. Heimelen omfattar særlege kategoriar av personopplysningar etter personvernforordninga artikkel 9 og personopplysningar om straffedomar og lovbrot etter artikkel 10. Andre punktum fastset at handsaminga av opplysningar må oppfylle krava som elles blir stilte til sakshandsaminga, og vere i samsvar med retten til vern av personopplysningar. Føresegna understrekar at Husbanken pliktar å etterleve dei krava som elles gjeld for sakshandsaming i forvaltninga, medrekna kravet om forsvarleg sakshandsaming. Det inneber til dømes at Husbanken må sørgje for at saka er forsvarleg utgreidd før det blir gjort enkeltvedtak. Tredje punktum fastset at den registrerte har rett til manuell overprøving av vedtaket. Det inneber at Husbanken må handsame ei klage over eit bustøttevedtak manuelt.

Nytt fjerde ledd er ei utviding av forskriftsheimelen i § 8 andre ledd i den gjeldande lova. Føresegna gir departementet heimel til å gi forskrift om nærmare reglar for handsaming av personopplysningar og gir døme på kva ei slik forskrift kan regulere.

Til § 8 d

Forslaget er nærmare omtalt i punkt 7.

Paragrafen er ny. Han gir Husbanken eit supplerande rettsgrunnlag for handsaming av personopplysningar til forskings-, statistikk- og analyseføremål. Føremålet med føresegna er å sikre at Husbanken kan oppfylle den nasjonale kunnskapsrolla si og legge til rette for eit godt avgjerdsgrunnlag for politikkutvikling og styring på det bustadsosiale feltet.

Første ledd første punktum gir Husbanken utan hinder av teieplikt tilgang til å handsame personopplysningar som allereie er henta i medhald av bustøttelova, når dette er nødvendig for forsking, statistikk og analysar for dei føremåla som går fram av husbanklova § 1. Føresegna omfattar opplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9. Føresegna gir berre Husbanken tilgang til å bruke opplysningane for forsking, statistikk og analyse innanfor rammene av oppgåvene til Husbanken på det bustadsosiale feltet, som definert i husbanklova § 1. Forskinga, statistikken og analysane skal derfor mellom anna kunne brukast av Husbanken til å rapportere til kommunar og statlege organ.

Føresegna listar ikkje opp kva for typar personopplysninger Husbanken kan hente inn og handsame, eller kven opplysningane kan gjelde. Kva for opplysningar Husbanken hentar inn som ledd i sakshandsaminga, er avhengig av det regelverket som gjeld til kvar tid, slik som kriterium for tildeling og utmåling av bustøtte. Opplysningstypar og kven opplysningane kan gjelde, er avgrensa til dei opplysningane som Husbanken har samla inn og handsama i medhald av bustøttelova. Det inneber at opplysningar som Husbanken berre handsamar i samband med andre bustadsosiale verkemiddel etter husbanklova, som tilskots- og låneordningar, fell utanfor første ledd. Føresegna omfattar heller ikkje tilskot til etablering og tilpassing, som er regulert i bustøttelova kapittel II.

Føresegna omfattar berre opplysningar som allereie er henta inn med heimel i bustøttelova § 8. Innhenting av nye eller oppdaterte opplysningar er ikkje omfatta av første ledd. Dersom det er aktuelt å hente inn oppdaterte opplysningar til forskings-, statistikk- eller analyseføremål, må dette fastsetjast i forskrift med heimel i § 8 d andre ledd og vurderast opp mot rammene i personvernforordninga artikkel 89 nr. 1.

Andre punktum fastset at Husbanken kan lagre opplysningane til seinare bruk i forsking. Opplysningane kan lagrast utover tida då opplysningane blir oppbevarte til arkivføremål etter arkivlovgivinga. Om det er høve til å levere ut opplysningane til forskingsføremål, må avgjerast etter reglane i personopplysningslova og forvaltningslova.

Tredje punktum fastset at handsaminga skal vere underlagd eigna garantiar som nemnt i personvernforordninga artikkel 89 nr. 1. Dette skal fremje prinsippa om føremålsavgrensing og dataminimering i tråd med personvernforordninga artikkel 5 nr. 1 bokstav b og c.

Andre ledd gir departementet heimel til å gi forskrift om utlevering, innhenting, samanstilling og anna handsaming av personopplysningar frå den statlege bustøtta og andre kjelder, til forsking, statistikk og analysar.

Til § 8 e

Forslaget er nærmare omtalt i punkt 8.

Paragrafen er ny. Han gir Husbanken eit uttrykkeleg rettsgrunnlag for å handsame personopplysningar for å teste, drifte og utvikle IT-systema som blir brukte til å administrere bustøtteordninga. Føremålet er å sikre at systema er pålitelege, korrekte og tilgjengelege, slik at bustøtta kan reknast ut og betalast ut korrekt og til rett tid.

Første ledd fastset at Husbanken kan handsame dei opplysningane som er nemnde i § 8 d, når det er nødvendig for å teste, drifte og utvikle IT-systema til Husbanken, men berre dersom det er umogleg eller uforholdsmessig vanskeleg å oppnå føremålet ved å bruke anonyme eller fiktive opplysningar. Føresegna gjeld berre bruk av personopplysningar som allereie er henta inn i medhald av bustøttelova. Ho gir ikkje heimel til å hente inn nye typar opplysningar til føremåla test, drift og utvikling. I dette ligg det også ei avgrensing i at heimelen ikkje kan brukast til å teste, drifte og utvikle dei andre IT-systema til Husbanken som ikkje blir brukte til å administrere bustøtteordninga.

Føresegna omfattar handsaming av relevante særlege kategoriar av personopplysningar, jf. tilvisinga til personvernforordninga artikkel 9 i § 8 d. Dette kan til dømes vere helseopplysningar og opplysningar som indirekte røper helseforhold, som opplysningar om at søkjaren eller nokon andre i husstanden får uføretrygd.

Utgangspunktet er at ein skal nytte anonyme eller fiktive opplysningar ved testing, drift og utvikling, med mindre dette ikkje er mogleg eller det vil vere uforholdsmessig vanskeleg å oppnå føremålet på denne måten. Dette er i tråd med dataminimeringsprinsippet i personvernforordninga artikkel 5 nr. 1 bokstav c. Før ein bruker reelle personopplysningar, skal ein vurdere kor nødvendig handsaminga er, og kor stor risikoen er, og ein skal gjennomføre eigna tekniske og organisatoriske tiltak, som pseudonymisering, tilgangsstyring og logging, for å verne rettane og fridomane til dei registrerte.

Andre ledd gir departementet heimel til å fastsetje forskrift med nærmare reglar om handsaminga av personopplysningar i samband med testing, drift og utvikling. Døme på dette kan vere krav til bruk av testdata, rutinar for sletting og andre tryggingstiltak.