Prop. 78 L (2015–2016)

Endringar i psykisk helsevernloven (kontroll for å hindre innføring av uønskte gjenstandar)

Til innhaldsliste

4 Gjeldande regelverk

4.1 Grunnlova og menneskerettane

Etter Grunnlova § 92 skal statlege styresmakter respektere og tryggje menneskerettane slik dei er fastsette i Grunnlova og i traktatar om menneskerettar som er bindande for Noreg. Noreg har m.a. ratifisert Europarådets konvensjon om vern av menneskerettane og dei grunnleggande fridommar (EMK). Konvensjonen er dessutan gjort til norsk lov gjennom menneskerettsloven § 2 nr. 1.

Etter Grunnlova § 93 må ingen utsetjast for tortur eller anna umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Etter § 98 må ikkje noko menneske utsetjast for usakleg eller mishøveleg forskjellsbehandling. Det følgjer vidare av Grunnlova § 102 at alle har rett til respekt for privatlivet og familielivet sitt og at dei statlege styresmaktene skal sikre eit vern om den personlege integriteten. Dei same krava følgjer av EMK.

Etter EMK artikkel 8 har alle rett til respekt for privatlivet og familielivet sitt, heimen sin og korrespondansen sin. Tiltak som grip inn i borgarane sin integritet kan berre skje når dette er:

  1. i samsvar med lova (dvs. må ha heimel i lov)

  2. nødvendig i eit demokratisk samfunn, og

  3. grunngjeve i omsynet til den nasjonale sikkerheita, offentleg tryggleik, eller den økonomiske velferda i landet, for å førebygge uorden eller kriminalitet, for å beskytte helse eller moral eller for å beskytte rettane og fridommane til andre menneske.

Kravet til lov inneber at heimelen for inngrepet må vere tilstrekkeleg klar og presis, slik at borgarane har kunnskap om kva for inngrep dei kan bli utsette for. I kravet om at tiltaket må vere nødvendig, ligg det at formålet ikkje kan varetakas med mindre inngripande tiltak, og at inngrepet er høveleg. Omsynet til samfunnet sitt behov for vern, og kva for verdiar ein ønsker å verne ved inngrepet, må vegast opp mot inngrepet kontrollen inneber for den enkelte.

Etter EMK artikkel 3 må ingen utsettast for tortur eller umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Forbodet kan ikkje fråvikast og det finst ikkje unntak. Etter praksis i domstolen vil behandling vere nedverdigande dersom den fører til, eller er egna til å føre til, ei kjensle av frykt, angst eller mindreverd. FNs konvensjon om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) har liknande reglar i artikkel 15.

EMK artikkel 14 forbyr alle former for diskriminering. CRPD artikkel 5 inneheld eit særskilt diskrimineringsvern for menneske med nedsett funksjonsevne. Etter CRPD artikkel 17 har alle menneske med nedsett funksjonsevne rett til respekt for sin fysiske og psykiske integritet, på linje med andre. Menneske med nedsett funksjonsevne er etter artikkel 1, mellom anna menneske som har langvarig fysisk, mental, intellektuell eller sensorisk funksjonsnedsetting som i samspel med ulike barrierar kan hindre dei i å delta fullt ut og på ein effektiv måte i samfunnet, på lik line med andre.

4.2 Generelt om psykisk helsevernloven

Psykisk helsevern er regulert i lov 2. juli 1999 nr. 62 om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern (psykisk helsevernloven). Formålet med lova er å sikre at tiltaka etter lova tar utgangspunkt i behova til pasienten og respekten for menneskeverdet. Lova skal vidare sikre at etablering og gjennomføring av psykisk helsevern skjer på ein forsvarleg måte og i samsvar med grunnleggjande rettstryggleiksprinsipp.

Lova regulerer frivillig og tvungent psykisk helsevern, i og utanfor institusjon. Lova gir høve til tvungen observasjon med sikte på å avklare om vilkåra for tvangsinnlegging er oppfylte og til å tvangsinnleggje pasientar med alvorlege sinnslidingar. Delar av lova gjeld også for personar som er sikta i ei straffesak, rusmiddelmisbrukarar og barn og unge når desse, med heimel i anna lovgjeving, er innlagde i ein institusjon i det psykiske helsevernet. Dette følgjer av psykisk helsevernloven § 1-1a andre ledd. Lova gjeld ikkje for arbeid med psykisk helse i kommunane.

Etter psykisk helsevernloven § 4-2 skal bruk av restriksjonar og tvang i psykisk helsevern innskrenkast til det strengt nødvendige. Det kan derfor berre nyttast tiltak som gir ein så gunstig verknad at det klart oppveg ulempene med tiltaket.

4.3 Sikkerheitstiltak i institusjonar med døgnopphald

Etter psykisk helsevernloven § 4-6 første ledd første punktum kan det gjennomførast undersøkingar av rommet og eigedelane til pasienten og kroppsvisitering i institusjonar for døgnopphald. Vilkåret er at det ligg føre ein grunngjeven mistanke om at nokon vil prøve å ta eller har tatt medikament, rusmiddel, rømmingshjelpemiddel eller farleg gjenstand inn på institusjonen. Det må dermed vere konkrete haldepunkt for mistanken t.d. i form av konkrete tips, observerte handlingar eller åtferd hos pasienten. Dette kan t.d. vere ruspåverknad, aggressive tendensar eller åtferd som gir mistanke om planlegging av sjølvdrap. Mistanken skal primært knytast til ytre forhold, men det kan også takast omsyn til sinnstilstanden til pasienten og tidlegare erfaringar med han eller henne.

I rundskriv IS-9/2012 frå Helsedirektoratet er det lagt til grunn at det ikkje er juridiske hinder for å la alle pasientar gå gjennom metalldetektor ved innkomst til institusjon for å lokalisere farlege gjenstandar. Helsedirektoratet minner i rundskrivet om at pasientar vil kunne oppfatte bruk av metalldetektor som krenkande og stigmatiserande og at dette vil kunne få negative konsekvensar for behandlinga. Direktoratet understrekar derfor at det alltid må gjerast ei grundig vurdering av om effekten av tiltaket veg opp for dei negative konsekvensane.

Vedtak om sikkerheitskontroll må gjerast før han blir gjennomført. Etter § 4-6 første ledd andre punktum skal undersøkinga av rommet og eigedelane til pasienten, dersom det er mogeleg, skje mens pasienten, pasienten sin næraste pårørande eller ein annan person pasienten har peika ut er til stades.

I andre ledd blir det slått fast at undersøkinga ikkje skal omfatte holromma i kroppen.

Det går fram av § 4-6 første ledd første punktum, jf. § 1-4 at vedtak om undersøking skal gjerast av den fagleg ansvarlege for vedtak. Vedtaket skal skrivast ned utan opphald, jf. § 4-6 tredje ledd første punktum. Den fagleg ansvarlege kan vedta at uønskte gjenstandar skal beslagleggjast og at gjenstandar som personen ikkje rettmessig kan eige skal øydeleggjast, jf. § 4-7.

Pasienten, eller den næraste pårørande til pasienten, kan klage vedtaket inn for kontrollkommisjonen, jf. § 4-6 tredje ledd andre punktum og § 4-7 andre ledd andre punktum.

I § 4-6 siste ledd er det gjeve heimel til å gi utfyllande reglar i forskrift. Det er ikkje gjeve slik forskrift.

Etter straffeloven § 64 gjeld reglane tilsvarande ved gjennomføring av dom på tvungen omsorg i fageining etter straffeloven § 63. Etter psykisk helsevernloven § 5-1 gjeld reglane tilsvarande for pasientar som er dømde til tvunge psykisk helsevern.

Helsedirektoratet presiserte i brev av 28. mai 2013 at rutinekontroll av person og gjenstandar berre kan gjennomførast i regionale sikkerheitsavdelingar. I brev av 15. oktober 2014 presiserte direktoratet at samtykke i prinsippet kan vere rettsgrunnlag for rutinekontroll, men at føresetnadene for å gi eit gyldig samtykke ofte er dårlege.

4.4 Sikkerheitstiltak i regionale sikkerheitsavdelingar og eining med særleg høgt sikkerheitsnivå

Dersom det ligg føre ein aktuell risiko for alvorleg voldeleg åtferd, kan pasientar som har ei alvorleg sinnsliding, og pasientar der det er mistanke om ei slik liding, utgreiast og behandlast på regionale sikkerheitsavdelingar. Dette følgjer av psykisk helsevernloven § 4A-2 andre ledd.

I regionale sikkerheitsavdelingar kan det m.a. gjennomførast rutineundersøkingar av rommet og eigedelane til pasienten og kroppsvisitering, jf. § 4A-4 første ledd. Undersøkingane kan skje ved innlegging og før og etter utgangar. Formålet med undersøkinga må vere å hindre at pasienten tar farlege gjenstandar, medikament, rusmiddel eller hjelpemiddel, under dette mobiltelefon og andre kommunikasjonsmiddel, som kan brukast ved rømming med seg inn på institusjonen. Undersøkinga kan m.a. skje ved bruk av teknisk utstyr eller hund eller ved kroppsvistering.

Etter andre ledd kan undersøkingar også gjennomførast i andre situasjonar dersom det er grunn til mistanke om at gjenstandar eller stoff er tilgjengelege i, eller vil bli forsøkt innførte i, avdelinga. Den fagleg ansvarlege må då gjere vedtak om det.

Den fagleg ansvarlege for vedtak, jf. § 1-4, kan vedta at uønskte gjenstandar skal beslagleggast og at gjenstandar som personen ikkje rettmessig kan eige skal øydeleggjast, jf. § 4-7.

Dersom det ligg føre ein grunngjeven og sterk mistanke om at ein pasient skjuler ulovlege gjenstandar eller stoff i kroppen, kan den fagleg ansvarlege vedta at det skal gjennomførast ei kroppsleg undersøking eller eit anna tiltak for å bringe fram gjenstanden eller stoffet, jf. § 4A-4 tredje ledd. Undersøkinga kan omfatte holromma i kroppen. Slike tiltak kan berre utførast av helsepersonell.

Pasienten, eller dei næraste pårørande til pasienten, kan klage vedtak om undersøking inn for kontrollkommisjonen, jf. § 4A-4 fjerde ledd. Det er ikkje høve til å klage på rutineundersøkingar.

I § 4A-4 siste ledd er det gitt heimel til å gi utfyllande reglar i forskrift. Det er ikkje gitt slik forskrift.

I særlege tilfelle der det er særleg risiko for rømming, gisseltaking, alvorleg voldeleg åtferd eller angrep mot pasienten sjølv, medpasientar eller personell, kan den fagleg ansvarlege vedta at pasienten skal overførast til eining med særleg høgt sikkerheitsnivå. Dette går fram av psykisk helsevernloven § 4A-8. Etter §§ 4A-8 – 4A-14 er det høve til å innføre særleg strenge sikkerheitstiltak i einingar med særleg høgt sikkerheitsnivå. Det er så langt ikkje oppretta slike einingar.

4.5 Arbeidstakarrettar

Etter arbeidsmiljøloven § 4-3 fjerde ledd skal arbeidstakarar, så langt det er mogeleg, beskyttast mot vold, truslar og uheldige belastingar som følgje av kontakt med andre, t.d. pasientar. Kva som ligg i dette er utdjupa i Ot.prp. nr. 49 (2004–2005) s. 100 (pkt. 7.3.5):

Hvilke tiltak som eventuelt skal iverksettes må vurderes konkret i det enkelte tilfelle. Det kan for eksempel dreie seg om opplæringstiltak, organisatoriske tiltak eller bruk av sikkerhetsutstyr. Regelen angir en sikkerhets- og trygghetsstandard i arbeidslivet. Vurderingen av i hvilken grad det er ‘mulig’ å iverksette beskyttelsestiltak må derfor relatere seg til den risiko som foreligger. At arbeidstaker skal beskyttes ‘så langt som mulig’ innebærer imidlertid ikke noen plikt til å iverksette et høyere sikkerhetsnivå enn det som følger av en slik konkret risikovurdering.
Til forsida