Prop. 78 L (2015–2016)

Endringar i psykisk helsevernloven (kontroll for å hindre innføring av uønskte gjenstandar)

Til innhaldsliste

9 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget går ut på at det skal gjevast høve, men ikkje plikt, til å gjennomføre rutinekontrollar. Behovet for kontrolltiltak og val av løysing kan variere mellom institusjonar. Det er derfor ikkje gjeve kva slags økonomiske og administrative konsekvensar lovforslaget vil få for landet sett under eitt. Mindre meirkostnader vil kunne komme på for dei institusjonane som vel å investere i metalldetektorar eller liknande. Med omsyn til personell er det liten grunn til å anta noka meirbelasting. Dei administrative konsekvensane blir truleg små, og lite forskjellige frå i dag. Eventuelle meirkostnader vil bli dekte innanfor budsjettrammene for dei regionale helseføretaka.

Til forsida