Prop. 78 L (2015–2016)

Endringar i psykisk helsevernloven (kontroll for å hindre innføring av uønskte gjenstandar)

Til innhaldsliste

3 Historikk

Lov 28. april 1961 om psykisk helsevern blei oppfatta slik at dersom vilkåra for tvangsinnlegging var oppfylte, heimla det automatisk alle tiltak som var nødvendige av omsyn til behandling og sikkerheit. Tiltaka kunne om nødvendig gjennomførast med tvang.

På 1970- og 80-talet blei tvangstiltak mot psykiatriske pasientar stadig meir problematisert og haldninga til bruk av ulike typar tvangstiltak blei meir restriktiv. Parallelt med dette auka fokuset på pasientrettar og pasientvern. I tråd med dette kom det eigne forskrifter som regulerte bruken av tvangsmiddel og tvangsmedisinering. Undersøking av rom og eigedelar og kroppsvisitering blei likevel ikkje problematisert eller forsøkt regulert utover ei forskrift frå 1971 om kontroll av brev og pakkar.

Dette blei endra då den nye psykisk helsevernloven av 2. juli 1999 fekk ein eigen paragraf om høve til kontroll ved grunngjeven mistanke1. Departementet vurderte då om det også burde gjevast lovheimel for rutinekontroll av person (kroppsvisitering) og eigedelar. Departementet kom den gongen til at høvet til kontroll burde vere så snever som mogeleg og foreslo derfor at kontroll berre skulle kunne baserast på grunngjeven mistanke. Stortinget slutta seg til forslaget2.

Frå 1. juli 2012 blei høvet til å gjennomføre sikkerheitstiltak i regionale sikkerheitsavdelingar utvida. Det kan m.a. gjennomførast rutineundersøkingar av pasientens person, rom og eigedelar i § 4A-4.

Fotnotar

1.

Ot.prp. nr. 11 (1998–99) Om lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern

2.

Innst. O. nr. 73 (1998–99)

Til forsida