Prop. 86 LS (2017–2018)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

7 Fritak for avgift for driftsmidlar til reindriftsnæringa

I budsjettet for 2018 vart det varsla at regjeringa vil avgiftsmessig likestille driftsmiddel som vert nytta i reindriftsnæringa, med driftsmiddel som vert nytta i landbruket. For å kunne gjennomføre endringa så snart som mogleg foreslo regjeringa å gje departementet fullmakt til å innføre fritak for eingongsavgift for motorsyklar og beltemotorsyklar (snøskuter) som skal nyttast i reindriftsnæringa. Stortinget slutta seg til dette.

Driftsmiddel som vert nytta i landbruket, slik som traktorar og andre landbruksmaskiner er ikkje omfatta av eingongsavgift, og meirverdiavgift kan førast til frådrag på vanleg måte. Dei viktigaste driftsmidla i reindriftsnæringa er snøskuterar og terrenggåande motorsyklar (ATV). For ATVar som ikkje vert registrert som traktor, og for snøskuterar skal det svarast eingongsavgift. Sidan desse køyretøya vert rekna som personkøyretøy kan ikkje inngåande meirverdiavgift på kjøp, drift og vedlikehald frådragsførast.

I meirverdiavgifta er retten til frådrag for personkøyretøy avskoren, mellom anna for å unngå at privat bruk vert kanalisert gjennom verksemda. I motsetnad til dei driftsmidla som vert nytta i landbruket, er snøskuterar og ATVar òg eigna til personleg bruk. For å unngå misbruk må det fastsetjast vilkår når ein utvidar retten til frådrag for desse køyretøya. Det same gjeld for fritak i eingongsavgifta.

Eit framlegg til forskriftsendringar med nærare avgrensingar er no på høyring. I forslaget legg ein mellom anna opp til eit krav om at køyretøyet har tilknyting til reindriftsnæring og at verksemda er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret. Vidare er det forslag til reglar om kor mange køyretøy som skal vere omfatta av ordninga og om berekning av avgift i dei høve der køyretøy vert teke i bruk til andre formål. Ein foreslår òg nærare reglar om kva type køyretøy som skal vere omfatta av ordninga. Endringane vil verte vedtekne så snart som mogleg. ATVar som vert registrerte som traktorar reknast ikkje som personkøyretøy, og framlegget her får difor ingen konsekvensar for desse. Departementet vil konsultere med Sametinget og Norske reindriftssamers landsforbund (NRL) om framlegget og dei konkrete endringane i regelverket.

Provenyverknaden av endringane i eingongsavgifta og meirverdiavgifta er usikker. Det kjem av at ein ikkje veit kor mange køyretøy det vil verte krevd avgiftsfritak for, eller kor stor gjennomsnittleg innsparing vil vere i avgift per køyretøy. På usikkert grunnlag kan ein anslå årleg påløpt provenytap som følgje av endringa til rundt 35 mill. kroner. Iverksetjing frå 1. juli 2018 inneber eit provenytap på om lag 20 mill. kroner påløpt og 15 mill. kroner bokført i 2018. I statsbudsjettet for 2018 vart det budsjettert med 30 mill. kroner påløpt og 25 mill. kroner bokført til ordninga, jf. Prop. 1 LS (2017 – 2018) Skatter, avgifter og toll 2018. Samtidig vart det varsla at regjeringa eventuelt ville kome tilbake i Revidert nasjonalbudsjett 2018 med framlegg om justering av dette talet avhengig av utforming og iverksetjing av fritaka. Iverksetjing frå 1. juli 2018 inneber dermed eit meirproveny på om lag 10 mill. kroner påløpt og bokført i høve til saldert budsjett for 2018. Departementet legg til grunn at inntektsløyvinga under kapitla 5521 post 70 Meirverdiavgift og 5536 post 71 Eingongsavgift aukar med 5 mill. kroner kvar. Departementet viser til forslag til vedtak i Prop. 85 S (2017 – 2018) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2018.

Til forsida