5 Økonomiske og administrative konsekvensar
For kravskommisjonen for Ukraina føreset artikkel 23 i konvensjonen årlege økonomiske bidrag frå medlemsstatane. Sekretariatet til forhandlingskomiteen estimerer at det norske pliktige bidraget vil vere om lag to millionar kroner årleg når kommisjonen er i full drift. Storleiken på det pliktige bidraget vil avhenge av kor mange statar som sluttar seg til avtalen. Dei pliktige bidraga til kommisjonen vil bli dekte over den sivile delen av Nansen-programmet, som etter gjeldande vedtak gjeld fram til 2030.
Tilslutning til den utvida delavtalen om spesialtribunalet for Ukraina inneber plikt til å betale årlege bidrag for å dekkje ein del av dei løpande kostnadene. Dersom Noreg sluttar seg til i 2026, kan eit første bidrag bli rekna ut allereie inneverande år. Storleiken på Noregs bidrag er førebels usikker, både med omsyn til utrekna faktiske utgifter – som mellom anna omfattar nødvendig tryggleik for tribunalet – og talet på deltakarar som dei totale utgiftene til ei kvar tid blir fordelte på.
Tribunalet er planlagt etablert slik at verksemda kan skalerast opp i fleire fasar. Den førebuande fasen («fase 0») vil berre krevje rekruttering av eit mindre tal medarbeidarar som kan leggje til rette for oppstarten av tribunalet. Deretter er det planlagt ein «fase 1», der dei nødvendige funksjonane for etablering av tribunalet blir bemanna i ein periode på om lag tre år. I «fase 2» blir det bygd opp eit fullt skalert tribunal som kan handtere saksførebuing og hovudforhandling. I «fase 3» blir det etablert eit fullt skalert og operativt tribunal som kan utføre alle oppgåver som er fastsette i vedtektene.
I eit førebels estimat kan Noregs del av kostnadene bli om lag fire millionar kroner i «fase 0» (ca. eitt år), og om lag 9–10 millionar kroner årleg i «fase 1» (anslagsvis tre år). Budsjettet etter dette er førebels ikkje berekna. Noregs kostnader ved tilslutning til den utvida delavtalen er planlagt dekte innanfor rammene av den sivile delen av Nansen-programmet fram til 2030.
Etter utløpet av Nansen-programmet blir dei pliktige bidraga til kravskommisjonen og spesialtribunalet dekte innanfor Utanriksdepartementets gjeldande budsjettrammar.