2 Bakgrunn
Bakgrunnen for forslaga er Russlands aggresjon mot Ukraina. Russlands aggresjon er ei openberr krenking av maktforbodet i FN-pakta. Fleire handlingar i den russiske krigføringa er samstundes i strid med den internasjonale humanitærretten, mellom anna reglane om vern av sivile i væpna konflikt, og blir etterforska som krigsbrotsverk. Krigshandlingane medfører omfattande tap av liv, fordriving av menneske, store øydeleggingar av infrastruktur og naturressursar og betydelege økonomiske tap for både offentlege og private aktørar i Ukraina.
Generalforsamlinga i FN har i fleire resolusjonar slått fast at Russland må haldast ansvarleg for desse brota og har peikt på behovet for nasjonal og internasjonal straffeforfølging av dei skuldige, rettferd for offera og for å etablere ein internasjonal kompensasjonsmekanisme for Ukraina. Europarådet har, i samarbeid med Ukraina og likesinna statar og Den europeiske unionen, arbeidd for å utvikle slike mekanismar.
Dei forslaga til samtykke som blir lagde fram i denne proposisjonen, er ei konkret oppfølging av viktige utanrikspolitiske prioriteringar, og desse er mellom anna tidlegare lagde fram i samband med stortingsmeldinga om Nansen-programmet, sjå Meld. St. 8 (2023–2024).
I meldinga blir det understreka at den politiske støtta frå Noreg til Ukraina har vore konsistent sidan starten av Russlands aggresjon mot Ukraina. Noreg har konsekvent fordømt dei russiske brota på folkeretten. Det er opp til Ukraina, som offer for aggresjon, invasjon og krig, å definere når og på kva grunnlag ei framtidig fredsløysing skal utformast, sjå meldinga s. 17–19. I Innst. 134 S (2022–2023) bad ein samla utanriks- og forsvarskomité regjeringa om å ta ei leiande rolle i det internasjonale arbeidet med å identifisere, etterforske og straffeforfølgje krigsbrotsverk i Ukraina.
I Meld. St. 20 (2024–2025) Innsats for demokrati, rettsstat og menneskerettigheter i Europa – Norges arbeid i Europarådet blei arbeidet med å opprette spesialtribunalet framheva som ein viktig del av arbeidet til Europarådet for å ansvarleggjere Russland. I Innst. 335 S (2024–2025) gav utanriks- og forsvarskomiteen si fulle støtte til dette arbeidet.
At Russland blir halde økonomisk ansvarleg, er avgjerande for å sikre ei varig og rettferdig fredsløysing. Det er òg viktig for å førebyggje folkerettsbrot i framtida. Generalforsamlinga i FN tilrådde å opprette ein internasjonal kompensasjonsmekanisme. Arbeidet kom raskt i gang. I mai 2023 blei Skaderegisteret for Ukraina oppretta av Europarådet. Skaderegisteret tar imot krav knytte til tap og skadar som er forårsaka av aggresjonen mot Ukraina. Noreg har støtta skaderegisteret sidan starten. Kort tid etter at skaderegisteret blei etablert, starta forhandlingane om å opprette ein kravskommisjon.
Å motverke straffridom for internasjonale brotsverk er grunnleggjande for å førebyggje framtidige brotsverk, leggje til rette for fred og forsoning og bidra til å gi rettferd til offera for Russlands aggresjon. Den internasjonale straffedomstolen (ICC) har i dag ikkje jurisdiksjon over aggresjonsbrotsverket som er utøvd ved det russiske åtaket. Vedtektene til ICC krev at både aggressorstaten og den angripne staten har ratifisert Kampala-tillegget om aggresjonsbrotsverket for at domstolen skal kunne pådømme denne særskilde kategorien brotsverk, sjå nærare i meldinga s. 55.
Ukraina tok derfor initiativ til å samle ei kjernegruppe av likesinna land for å vurdere korleis det internasjonale samfunnet kan bidra til at dei som er ansvarlege for Russlands aggresjon, kan straffeforfølgjast. Noreg har tatt aktivt del i kjernegruppa.
Kravskommisjonen og spesialtribunalet for Ukraina blir omtalte nærare kvar for seg i det følgjande.