6 Vurdering og tilråding
Noreg har sterke nasjonale interesser i ein verdsorden basert på folkeretten. For å oppretthalde grunnleggjande folkerettslege reglar, må alvorlege brot møtast med tydelege reaksjonar. Konvensjonen om kravskommisjonen og avtalen om spesialtribunalet for Ukraina er konkrete svar på dette. Å motverke straffridom for alvorlege internasjonale brot er ei utanrikspolitisk prioritering for Noreg. Det er i Noregs interesse å samarbeide med allierte og likesinna for å halde Russland ansvarleg for den folkerettsstridige aggresjonen sin.
Konvensjonen om kravskommisjonen etablerer ein internasjonal kravskommisjon for å avgjere krav om økonomisk erstatning for tap og skade som Russland har påført Ukraina. Opprettinga av ein kompensasjonsmekanisme, og ein kravskommisjon som del av denne, er sentral for å stille Russland økonomisk til ansvar for fullskalakrigen. Mekanismar for erstatningsansvar er, på same måte som straffeforfølging, viktige for å førebyggje framtidige brot og bidra til rettferd for ofra for Russlands aggresjon. Konvensjonen er difor eit viktig bidrag til arbeidet for ein varig og rettferdig fred.
Mandatet til kommisjonen stadfester grensene for Russlands ansvar etter reglane om statsansvar i folkeretten og avgrensar kommisjonen mot folkerettslege domstolar og tribunal. Kommisjonen skal i hovudsak vurdere faktiske spørsmål om årsakssamanheng og utmåling av erstatning.
Noreg har lagt vekt på at den framtidige kommisjonen har ein effektiv struktur, og at mandatet ligg trygt innanfor rammene av folkeretten. Utkastet til avtale ivaretar desse omsyna godt. Dei overordna politiske omsyna og forhandlingsresultatet tilseier at Noreg bør slutte seg til konvensjonen.
Noreg har òg gitt tydeleg politisk støtte til å opprette eit spesialtribunal for aggresjonsbrotsverket mot Ukraina. Dette er ein viktig innsats for å støtte Ukraina sin forsvarskamp mot den folkerettsstridige aggresjonen, og ikkje minst eit bidrag til å halde Russland og den russiske leiinga internasjonalt ansvarlege for angrepskrigen.
Tilslutning til delavtalen om spesialtribunalet inneber norsk støtte og medverknad til at det blir oppretta ein ny internasjonal mekanisme for å straffeforfølgje aggresjonsbrotsverket mot Ukraina. Denne vil komme i tillegg til, og verke saman med, arbeidet til ICC for å etterforske og pådømme andre internasjonale brotsverk som er gjorde i Ukraina.
Delavtalen gir Noreg innverknad som medlem av styringskomiteen, mellom anna når det gjeld å få på plass prosedyrereglane og reglane til tribunalet om innhenting av bevis, val av dommarar, hovudanklagar og visehovudanklagar, og ansvar for å vedta avgjerd om overføring til ein restmekanisme når hovudoppgåvene til tribunalet er fullførte.
Utanriksdepartementet legg vekt på at spesialtribunalet blir etablert trygt innanfor folkerettslege rammer og med tilstrekkelege garantiar for rettsleg sjølvstende, upartiskheit og rettferdig rettargang. I tillegg er tribunalet innretta med tanke på kostnadseffektivitet ved at det administrativt kan byggje på ordningar og regelverk i Europarådet, ved at det blir etablert ein lett styringsstruktur, og ved at tribunalet kan skalerast slik at det best mogleg svarar til det faktiske behovet til ei kvar tid.
Sidan avtalane inneber budsjettvedtak, er det krav om at Stortinget gir samtykke til ratifikasjon og tilslutning i samsvar med Grunnlova § 26 andre ledd.
Utanriksdepartementet tilrår ratifikasjon av konvensjonen og tilslutning til den utvida delavtalen om styringskomiteen for spesialtribunalet.