St.meld. nr. 31 (1997-98)

Om Noregs deltaking i den 52. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 51. generalforsamling

Til innhaldsliste

2 Konstituering og utvikling

2.1 Avslutning av den 51. generalforsamlinga

Den 51. generalforsamlinga vart førebels avslutta 18. desember 1996. Ho kom saman att med jamne mellomrom våren og sommaren 1997 for å drøfte uteståande spørsmål på saklista. Den 51. generalforsamlinga vart formelt avslutta 15. september 1997.

2.2 Oppnemning av delegasjon til den 52. generalforsamlinga

Til å representere Noreg på FNs 52. generalforsamling vart følgjande delegasjon oppnemnd:

Delegerte:

Utanriksminister Bjørn Tore Godal, leiar
Statssekretær Jan Egeland, nestleiar
Ambassadør Hans Jacob Biørn Lian, nestleiar

1. del av sesjonen:

Delegerte:

Stortingsrepresentant Inger Lise Husøy

Stortingsrepresentant Petter Thomassen

Vararepresentantar:

Stortingsrepresentant Bjørnar Olsen

Stortingsrepresentant Sigurd Manneråk

Stortingsrepresentant Magnar Sortåsløkken

Stortingsrepresentant Dag Jostein Fjærvoll

2. del av sesjonen

Delegerte:

Stortingsrepresentant Tore Nordtun

Stortingsrepresentant Eli Sollied Øveraas

Vararepresentantar:

Stortingsrepresentant Jon Olav Alstad

Stortingsrepresentant Einar Olav Skogholt

Stortingsrepresentant Anders C. Sjaastad

Stortingsrepresentant Øystein Hedstrøm

Observatørar:

Det Mosaiske Trussamfunn Anne Sender
LO Yngve Hågensen
NHO Sylvi Lem
FN-sambandet Tor Petersen
FN-sambandet Solgerd Bakke
Arbeidernes Ungdoms- fylking Anniken Huitfeldt
Noregs KFUK/KFUM Håvard Grønli
Noregs Husmorforbund Anne Marit Hovstad
Noregs Venstrekvinnelag Helene Falch Fladmark

Pressemedarbeidar Erland Lyngve

I tillegg deltok som rådgjevarar for delegasjonen medarbeidarane ved Noregs faste delegasjon til Dei sameinte nasjonane og andre norske utanriksstasjonar, samt embets- og tenestemenn som arbeider med FN-spørsmål i Utanriksdepartementet.

2.3 Utvikling av forsamlinga

Den 52. generalforsamlinga vart opna 16. september og førebels avslutta 22. desember 1997. Saklista omfatta i alt 158 punkt. Saklista for den 51. generalforsamlinga kom til slutt opp i 168 punkt før sesjonen vart formelt avslutta. I denne stortingsmeldinga er det gjort greie for dei hovudsakene som prega dei vidareførte sesjonane frå den 51. generalforsamlinga og haustsesjonen i den 52. generalforsamlinga. Som grunnlag for arbeidet sitt hadde delegasjonen på vanleg måte instruksar frå Utanriksdepartementet. Delegasjonen stod i nær kontakt med dei nordiske landa sine delegasjonar, EU-landa sine delegasjonar og andre delegasjonar som det var naturleg å samarbeide med i dei einskilde sakene.

2.4 Konstituering og val av nye medlemmer

Generalforsamlinga valde Ukrainas utanriksminister Hennadiy Udovenko til president. Som visepresidentar vart representantane for følgjande land valde: Egypt, Etiopia, Frankrike, Hellas, Guinea, Irland, Jordan, Kina, Kirgisistan, Den demokratiske republikken Kongo, Mexico, Mongolia, Panama, Qatar, Russland, Saint Vincent og Grenadinane, Storbritannia, Togo, USA, Vietnam og Zimbabwe.

Det vart ikkje teke opp nye medlemmer av FN under denne generalforsamlinga. FN har dermed framleis 185 medlemmer.

Det vart innvald fem nye ikkje-faste medlemmer av Tryggingsrådet for perioden 1998-99. Desse er: Bahrain, Brasil, Gabon, Gambia og Slovenia.

Til forsida av dokumentet