St.meld. nr. 31 (1997-98)

Om Noregs deltaking i den 52. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 51. generalforsamling

Til innhaldsliste

3 Oversikt og vurdering av FNs 52. generalforsamling

3.1 Dei viktigaste aktørane

Det er ein klar vilje frå alle dei nordiske landa til å føre det gode nordiske samarbeidet i FN vidare. Men til liks med situasjonen under Generalforsamlinga dei tre siste åra har praksisen med felles nordiske innlegg med få unntak falle bort - som følge av dei nordiske EU-landa si deltaking i det nære EU-samarbeidet og praksisen med felles EU innlegg. Det vart likevel halde felles nordiske innlegg mellom anna om reform av Tryggingsrådet og om urfolk, og det var eit godt uformelt samarbeid mellom dei nordiske landa i mange spørsmål. Med utgangspunkt i ordninga for utanrikspolitisk samarbeid innan EØS har ein frå norsk side i mange tilfelle slutta seg til EUs innlegg og stemmeforklaringar.

Noreg samarbeidde også - som under dei seinaste generalforsamlingane - med andre likesinna land om einskildsaker, og har delteke i gjensidig informasjonsutveksling. Det gjeld mellom anna i JUSCANZ-gruppa som består av Japan, USA, Canada, Australia og New Zealand, Noreg og Sveits. Denne gruppa er særleg aktiv på det økonomiske og sosiale området. Gruppa har i praksis utvikla seg til å bli eit samarbeid mellom dei OECD-landa som ikkje er EU-land. Noreg og Sveits, samt Tyrkia og Mexico har såleis slutta seg til samarbeidet, mellom anna på miljøområdet.

Noreg spela ei aktiv og viktig rolle i reformprosessen og under den 52. generalforsamlinga, gjennom rollene som medformann i Høgnivågruppa for styrking av FN-systemet, og som tilretteleggjar for handsaminga av Generalsekretærens reformpakke.

EU stadfesta under den 52. generalforsamlinga - særleg i samband med FN-reformprosessen - stillinga si som den kanskje mest sentrale politiske aktøren i FN saman med G-77. I dei seinare åra har EU-samarbeidet vorte samordna på stadig fleire område av FN si verksemd. Den interne samråds- og forhandlingsprosessen mellom EU-landa er svært tidkrevjande og set visse praktiske grenser for einskildlanda sitt tilhøve til andre FN-medlemsland. EUs posisjon som ankerfeste i FN har vorte styrkt ved at dei assosierte landa i Sentral og Aust-Europa følgjer EU samla i dei fleste sakene.

Som følgje av at USA heller ikkje hausten 1998 klarte å gjera vedtak om å betale restansane sine til FN trass i at FN vedtok å gjennomføre mange reformer som USA har kravd - har landet mista mykje truverd, og viljen til konsesjonar og kompromiss hjå andre medlemsland har samtidig vorte mindre. Dette førte til ei høgare nord/sør-spenning i fleire samanhengar under den 52. generalforsamlinga enn det ein har vorte van med i FN i dei seinare åra.

Samtidig held tendensen til større meiningsskilnad i synspunkt mellom utviklingslanda fram. Det var ikkje semje mellom utviklingslanda om korkje reform og utviding av Tryggingsrådet, personellminer, FN-reform eller finansspørsmåla på den 52. generalforsamlinga. Spenninga mellom utviklingslanda synest å verta større etter kvart som skilnadene mellom landa vert større, noko som kjem til syne mellom anna ved at aktive land er i ferd med å forlate grupperingar som Den alliansefrie rørsla og G-77. Dette gjeld mellom andre Mexico og Sør-Korea, som no er medlemmer av OECD, og Argentina som har forlate Den alliansefrie rørsla.

Russland viste enno ein gong stor aktivitet under den 52. generalforsamlinga, mellom anna innan økonomiske og sosiale spørsmål. Landet har, i motsetning til USA, betalt inn mykje for å minske restansane til verdsorganisasjonen. Dette har gjeve Russland større truverd som «lagspelar» i FN.

3.2 Reform av FN

3.2.1 Generalsekretærens reformpakke

Då Kofi Annan vart utnemnd til FNs nye generalsekretær var det på bakgrunn av løfte og ønskje frå medlemslanda sine stats- og regjeringsoverhovud om å styrkje og betre FN. I mars 1997 la den nyvalde generalsekretæren fram ein rapport som omfatta avgjerder og initiativ som Generalsekretæren kunne ta innanfor eige mandat. Dei viktigaste initiativa frå denne rapporten, det såkalla «spor 1» (Track I), kan samanfattast slik:

  • integrering av FN si verksemd i kvart einskild land, mellom anna styrking av den lokale FN-koordinatoren si rolle, felles rammeverk for FNs bistand, felles lokale og tenester,

  • samanslåing av FN-sekretariatets tre avdelingar innanfor det økonomiske og sosiale området til ei konsolidert avdeling: avdelinga for økonomiske og sosiale saker (DESA),

  • reduksjon av FNs administrative utgifter med ein tredel innan utgangen av 2001,

  • reduksjon av dokumentmengda med 25 prosent innan slutten av 1998,

  • reduksjon av talet på tilsette i FN-sekretariatet med 1000 stillingar i løpet av 1998-1999.

Ein stor del av desse tiltaka vart iverksett straks, og denne delen av reformpakken førte ikkje til nokon diskusjon mellom medlemslanda.

I juli 1997 la Generalsekretæren fram den andre delen av reformpakken sin, det såkalla «spor 2» (Track II). Dette er det mest omfattande reformprogrammet i FN si historie og inneheldt både ytterlegare reformer som Generalsekretæren kunne iverksetje innanfor eige mandat, og reformer som kravde godkjenning frå medlemslanda. Dei viktigaste initiativa kan samanfattast i følgjande hovudpunkt:

  • Lage ein ny leiarskaps- og styringsstruktur ved å opprette ei stilling som varageneralsekretær (Deputy Secretary General) og å opprette ei leiargruppe (Senior Management Group) som skal fungere som eit slags kabinett for Generalsekretæren.

  • Styrke dei fire eksekutivkomiteane for FN sine kjerneområde (fred og tryggleik, sosiale og økonomiske saker, humanitær hjelp og utviklingsspørsmål).

  • Sikre FNs finansielle situasjon gjennom å opprette eit kredittfond på opptil ein milliard amerikanske dollar, finansiert mellom anna gjennom frivillige bidrag frå medlemslanda.

  • Opprette ei FNs utviklingsgruppe (UNDG), der fonda og programma (UNDP, UNICEF osb) framleis vil ha sin eigenart og noverande styringsstrukturar.

  • Kanalisere ressursar frå administrasjon til utviklingsformål gjennom å opprette ein såkalla utviklingskonto der innsparingar frå administrasjonsbudsjettet skal setjast inn.

  • Opprette eit nytt kontor for finansiering av utvikling (Office for Development Financing).

  • Sørgje for betre byrdefordeling og sikrare finansiering gjennom innføring av forhandla bidrag over fleire år for finansiering av FNs bistandsaktivitetar.

  • Styrke FNs miljøarbeid, særleg gjennom FNs miljøprogram UNEP. Her vil Generalsekretæren presentere meir konkrete framlegg i løpet av 1998.

  • Betre FNs evne til rask reaksjon når det gjeld fredstryggjande operasjonar og andre feltoperasjonar, og styrkje FNs kapasitet når det gjeld fredsbygging etter konfliktar.

  • Styrkje FNs arbeid for å motarbeide kriminalitet, narkotika og terrorisme gjennom å konsolidere programma i Wien under eitt nytt kontor, Office for Drug Control and Crime Prevention.

  • Reorganisere kontoret for menneskerettar og integrering av MR-perspektivet i alle FNs aktivitetar og program.

  • Opprette ei avdeling for nedrusting (på grunnlag av FNs nedrustingssenter).

  • Opprette eit nytt kontor for samordning av humanitære saker og naudhjelp (OCHA), som vil erstatte Department of Humanitarian Affairs - DHA. DHAs tidlegare operasjonelle ansvar vil bli overført til andre delar av FN-systemet. På lengre sikt foreslår Generalsekretæren at ein vurderer å opprette eit styre for humanitære spørsmål. Det er på bakgrunn av eit av forslaga frå Generalsekretæren innførd ein sesjon for humanitære spørsmål under møte i Det økonomiske og sosiale rådet - ECOSOC - frå og med 1998.

Generalsekretæren tok òg til orde for meir vidtrekkande reformframlegg, til dømes:

  • nedkorting av Generalforsamlinga sine sesjonar og tematisk fokusering av debatten,

  • innføring av tidsavgrensingar for nye initiativ,

  • endring av budsjettprosessen til resultatbasert budsjettering,

  • oppretting av ein kommisjon på ministernivå for å vurdere behovet for gjennomgripande endringar gjennom evaluering av FN-pakta og særorganisasjonane si rolle i FN-systemet,

  • at Generalforsamlinga i år 2000 vert gjort til ei «Tusenårsforsamling»,

  • at Tilsynsrådet skal få ansvar for det globale miljøet og allmenningar som hav, atmosfæren og det ytre rommet.

Dette er reformar som medlemslanda må vedta.

Under generaldebatten i haust vart det gjeve eintydig støtte til Generalsekretæren og initiativa hans for å styrkje organisasjonen. Første del av reformforhandlingane fokuserte på dei reforminitiativa som Generalsekretæren kunne iverksetje innanfor sitt eige mandat. Debatten kom i hovudsak til å stå om i kva grad medlemslanda kunne eller burde leggje føringar på iverksetjinga av desse tiltaka. Fleire av dei store utviklingslanda var skeptiske til framlegg om nedrusting, styrking av FNs kapasitet til konfliktførebygging og innføring av menneskerettar som eit tverrsektorelt omsyn. Dei vestlege landa var opptekne av å gje full støtte til Generalsekretærens tiltak og hans fullmakter som FNs øvste administrator. Etter vanskelege forhandlingar, under leiing av FN-ambassadørane frå Noreg og Brasil, vedtok Generalforsamlinga 12. november ein resolusjon som var ei klar tillitserklæring frå medlemslanda til Generalsekretæren. Samtidig gav resolusjonen eit klarsignal til Generalsekretæren om iverksetjing av dei tiltak som ligg innanfor hans mandatområde. Dette innebar mellom anna at det vart gjeve grønt lys til samling av mange av FNs aktivitetar på landnivå. FNs innsats for å motverke konfliktar vil bli styrkt, og det same gjeld arbeidet med menneskerettar i alle delar av FNs verksemd. Resolusjonen gjekk ikkje konkret inn på dei einskilde tiltaka, men nøgde seg med å slå fast at Generalsekretæren skal ta omsyn til medlemslanda sine synspunkt under gjennomføringa av reformene. Dermed vart styringsretten til Generalsekretæren som øvste leiar av verdsorganisasjonen stadfesta.

Den andre fasen av reformforhandlingane tok for seg Generalsekretærens tilrådingar overfor medlemslanda. Desse forhandlingane vart prega av meir tradisjonelle motsetningar mellom nord og sør, der utviklingslanda var skeptiske til reformer som var for vidtrekkande, og der industrilanda ønskte å følgje Generalsekretærens tilrådingar så langt som råd var. Ein vart til slutt samde om eit kompromiss der Generalforsamlinga vedtok fleire av tilrådingane, men der ei rekkje av dei meir kompliserte og kontroversielle tilrådingane anten vart overførte til andre organ eller ekspertkomitear, eller utsett inntil Generalsekretæren har lagt fram ytterlegare opplysningar om gjennomføring av tiltaka. Det siste gjeld til dømes framlegget om kredittfond, nye finansieringsmekanismar og resultatorientert budsjettering. Desse rapportane vil for ein stor del bli framlagde innan utgangen av mars 1998 eller innan utgangen av den 52. generalforsamlinga.

Generalforsamlinga vedtok den andre reformresolusjonen 19. desember, og i tillegg til det som er nemnt ovanfor, inneheld resolusjonen mellom anna følgjande vedtak:

  • oppretting av ei stilling som varageneralsekretær. Varageneralsekretæren skal, i tillegg til å hjelpe Generalsekretæren med drifta av organisasjonen, ha eit særleg ansvar for økonomiske og sosiale saker. (Generalsekretæren utnemnde 12. januar Louise Frechette, Canada, til denne stillinga.),

  • oppretting av ein «utviklingskonto» for rekanalisering av administrative innsparingar til utviklingsprosjekt,

  • styrking av FNs kapasitet til konfliktførebyggjande tiltak og evne til rask reaksjon i gryande konfliktar,

  • oppretting av eit nytt kontor for samordning av humanitære saker og naudhjelp,

  • oppretting av eit humanitært segment under FNs økonomiske og sosiale råd - ECOSOC,

  • rasjonalisering og effektivisering av FNs mellomstatlege organ, og

  • ei oppmoding til Generalsekretæren om å koma med fleire framlegg til meir langsiktige reformer, til dømes om eventuelle endringar i FN-pakta og om ei eventuell tusenårsforsamling.

3.2.2 Reform av Tryggingsrådet

Tryggingsrådet vart sist utvida frå 11 til 15 medlemmer i 1965. Den 48. generalforsamlinga nedsette ei arbeidsgruppe, som var open for alle FNs medlemsland, for å vurdere utviding og reform av Tryggingsrådet. Det er stor avstand i synspunkta på korleis ei utviding av Tryggingsrådet bør skje. Det er likevel brei semje om at Tryggingsrådet bør utvidast for at samansetnaden av Rådet betre skal reflektere dei politiske og økonomiske realitetane i verda i dag. Dette gjeld både det høgare medlemstalet i FN og behovet for ein meir likeverdig geografisk representasjon. Det er brei semje om at arbeidet i Rådet bør verta opnare, og at samrådsmekanismar bør styrkast. Her er ein del reformar alt gjennomførte.

I juni 1995 la dei nordiske landa fram eit felles posisjonspapir, der det vert teke til orde for ei utviding med fem nye faste medlemmer og tre ikkje-faste, slik at det samla medlemstalet ville bli 23. Det vert lagt stor vekt på styrkte mekanismar for samråd særleg med dei troppebidragsytande landa.

Det er særleg i spørsmålet om utviding av talet på faste medlemmer i Tryggingsrådet at medlemslanda i FN står langt frå kvarandre. Noreg har til liks med andre nordiske land, mange vestlege land og ein del andre land støtta Tysklands og Japans kandidaturar til fast plass i Rådet. Samtidig går ein inn for tre nye faste plassar til land frå sør. Nokre land, både utviklingsland og industrialiserte land, avviser ei utviding av talet på faste plassar fordi dei meiner at dette vil auke den eksisterande ubalansen og fungere udemokratisk.

Drøftingane i arbeidsgruppa våren 1997 vart prega av forsøk på å bringe arbeidet over i ein meir konkret forhandlingsfase, mellom anna ved at presidenten i Generalforsamlinga la fram eit dokument som skisserte eit mogleg rammevedtak om utviding med fem nye faste plassar og fire nye ikkje-faste plassar. Sjølv om dette vart helsa velkome av mange, vart opplegget også sterkt kritisert av dei landa som går imot nye faste plassar. Også mellom dei landa som støttar nye faste plassar, er det usemje i nokre viktige spørsmål, til dømes om det samla talet på medlemmer i eit utvida Tryggingsråd. USA, støtta av Storbritannia og Russland, meiner 20-21 må vera maksimum, medan utviklingslanda i hovudsak meiner at 24 er eit absolutt minimum. Også i spørsmålet om vetoretten og ei eventuell utviding av denne til nye faste medlemmer er det store motsetningar. Det var følgjeleg ikkje grunnlag for å presse fram noko avgjerd.

Det kom ikkje fram noko særleg nytt i debatten i plenum under den 52. generalforsamlinga. Sverige heldt eit felles nordisk innlegg. Den opne arbeidsgruppa vil halde fram med arbeidet sitt i 1998, men utsiktene til vidare reell framdrift er enno usikre.

3.2.3 Finansielle og administrative reformspørsmål

Høgnivågruppa for den finansielle situasjonen heldt fram med drøftingane sine av ulike reformframlegg våren 1997, utan å kunne semjast om noko tiltak. På haustsesjonen samla difor merksemda seg om Generalsekretærens reformframlegg på budsjett- og administrasjonssida. Nesten ingen av framlegga som krev støtte frå medlemslanda for å gjennomførast, vart vedtekne på haustsesjonen, men dei skal alle utgreiast og handsamast på den vidareførte sesjonen.

Frå dei vestlege landa si side har det vore eit krav gjennom heile 1990-talet å få til ei grunnleggjande reform av bidragsskalaen, for å gjera han rimeleg, enkel, pårekneleg, sjølvjusterande og felles for det regulære budsjettet og dei fredstryggjande operasjonane. USA var sterkt oppteken av å få senka taket på den regulære bidragsskalaen frå 25 til 20 prosent, og arbeidde ivrig for å få dette til frå byrjinga av 1997. Det amerikanske senatets framlegg til delvis oppgjer av USA si bidragsgjeld over ein treårsperiode stilte som vilkår at ei slik senking vart vedteken av FN. Det skulle likevel vise seg at Den amerikanske kongressen tok juleferie midt i november 1997 utan at saka vart ferdig handsama. Kongressen si vegring i denne saka førte den amerikanske FN-delegasjonen ut på sidelina midt i forhandlingane om bidragsskalaen, og det herska etter kvart ei antiamerikansk stemning mellom fleirtalet av medlemslanda i Generalforsamlinga sin 5. komité (som handsamar FNs administrasjon og budsjett). USA måtte difor heilt gje opp kravet om ei senking av bidraget sitt til 20 prosent.

I lys av FNs økonomiske krise foreslo Generalsekretæren å opprette eit kredittfond for å sikre at organisasjonen heldt seg solvent i påvente av ei varig løysing på den økonomiske krisa. Fondet skulle finansierast gjennom frivillige bidrag frå medlemsland og eventuelt andre gjevarar. Framlegget om eit kredittfond fekk i beste fall ei blanda mottaking, fordi det opna for ytterlegare forskotering frå dei «gode betalarane», utan at ein kunne vera trygg på at dei store skuldnarane ville gjera opp for seg. Han foreslo vidare å opprette ein konto for utviklingsformål, som skal finansierast ved hjelp av administrative innsparingar. Dette framlegget vart vedteke.

Langt det viktigaste reformframlegget på denne sektoren var at FN skal gå over til resultatbasert budsjettering. Dette vil kombinere målstyring, rammeløyvingar og større fridom for sekretariatet med høgare krav til resultat og resultatrapportering. Innføring av ei slik reform vil innebera ei fundamental endring i måten Generalforsamlinga arbeider på. I dag vert hovudvekta lagd på detaljstyring av budsjettinnsatsane. Det er særleg USA og G-77-landa som er dei viktigaste eksponentane for detaljstyringa.

Når det gjeld personalspørsmål og lønns- og tenestetilhøve, er det viktigaste reformframlegget at Generalforsamlinga innleier ein gjennomgang av Den mellomfolkelege tenestemannskommisjonen (ICSC). ICSC fastset eller gjev Generalforsamlinga innstilling om lønns- og tenestetilhøva som gjeld i heile FN-systemet utanom Bretton Woods-institusjonane. ICSC har store samarbeidsproblem med FNs personalorganisasjonar, som dei siste par åra har nekta å delta i ICSCs arbeid. Personalorganisasjonane meiner at ICSC sine medlemmer er lite fagkunnige eller engasjerte, og tillèt leiinga i ICSC å opptre autoritært og vilkårleg på deira vegner.

Generalsekretæren har lova å setja i gang ein grundig gjennomgang av personalforvaltninga i FN i 1998. Han vil ta initiativ til utviding og styrking av felles administrative tenester innan FN-systemet - både ved hovudkvartera og på landnivå - og opprette eit «elektronisk FN». Han vil delegere fullmakter til lineleiarane og gje dei større fleksibilitet til å løyse oppgåver, samtidig som han pålegg dei større ansvar. Reglement og framgangsmåtar skal forenklast, ikkje minst når det gjeld personalspørsmål og den sterkt kritiserte innkjøpsfunksjonen ved FN.

Framfor alt vil Generalsekretæren ta opp forslag i Den administrative samordningskomiteen (ACC) om innføring av eit system for handtering av viktige einskildsaker på tvers av heile FN-systemet. Dette er eit initiativ som kan få stor rekkevidd.

3.2.4 Styrking av FN-systemet

Arbeidsgruppa for styrking av FN-systemet (WGUNS) vart oppretta på FNs 49. Generalforsamling. Mandatet til gruppa var å sjå på behovet for reformer av heile FN-systemet, men for å unngå overlapping med andre arbeidsgrupper konsentrerte gruppa seg om reformer av Generalforsamlinga og FN-sekretariatet. WGUNS var formelt underlagd presidenten i Generalforsamlinga, men arbeidet vart leidd av to viseformenn, Noregs FN-ambassadør Jakken Biørn Lian og den indiske FN-ambassadøren Prakash Shah.

Rapporten frå arbeidet i gruppa og tilrådingar om konkrete tiltak vart vedtekne av Generalforsamlinga sommaren 1997. Arbeidsgruppa sin gjennomgang av FN-systemet var ein av dei mest omfattande til då, og det vart gjort framlegg om nær 100 tiltak av ulik karakter for å effektivisere Generalforsamlinga og sekretariatet. Hovudpunkta er:

  • Den framtidige prosessen for val av FNs generalsekretær skal gjerast meir open, mellom anna ved å gje presidenten i Generalforsamlinga, i samråd med medlemslanda, ei rolle når det gjeld å finne kvalifiserte kandidatar. Generalsekretærens tilsetjingsperiode skal vidare opp til ny vurdering. Mellom anna skal det vurderast om tilsetjingsperioden kan vare ein periode.

  • Styrkt rolle for presidenten i Generalforsamlinga i det mellomstatlege arbeidet.

  • Rasjonalisering av arbeidet i Generalforsamlinga, medrekna komiteane og andre underliggjande organ, mellom anna nedkorting av generaldebatten frå tre til to veker.

  • Tiltak som vil medverke til å gjera FN-sekretariatet meir ansvarleg overfor medlemslanda, samtidig som ein skal søkje å redusere detaljstyringa frå medlemslanda.

  • Reformer av personal- og administrasjonsmessig art for å gjere ansvarstilhøva klarare og sikre betre personalutvikling.

3.2.5 Agenda for utvikling

FNs 49. generalforsamling (1994) vedtok å opprette ei eiga arbeidsgruppe for å utarbeide ein agenda for utvikling. Arbeidsgruppa la etter lange forhandlingar fram eit dokument - Agenda for utvikling - som vart vedteke på eit spesialmøte av Generalforsamlinga i juni 1997. Agenda for utvikling består av tre hovudkapittel - eit kapittel med situasjonsskildring og målsetjingar, eit kapittel om politiske rammevilkår og aktuelle tiltak, og eit tredje kapittel om institusjonelle tilhøve. Komiteens arbeid var prega av liten vilje frå G-77-landa si side til å drøfte reformtiltak og institusjonelle tilhøve. Dei ønskte heller å konsentrere arbeidet om dei to første kapitla og særleg spørsmålet om volum og plikter om finansielle overføringar til utviklingsland. Dei vestlege landa understreka på si side kor viktige reformer og institusjonelle tilhøve er, og at ein ikkje kan sjå dette isolert frå dei andre delane av dokumentet. Det var under forhandlingane stor usemje mellom dei vestlege landa og G-77 om korleis referansane til demokrati, menneskerettar og folkeleg deltaking m.v. skulle omtalast i dokumentet. Frå norsk side arbeidde ein særleg, i tråd med det nordiske reformprosjektet og Generalsekretæren sitt reformframlegg, for å styrkje teksta som omtalar samordning av FNs utviklingsaktivitetar på landnivå.

Trass i dei ambisiøse målsetjingane som var sett opp for prosessen, og dei lange og vanskelege forhandlingane, hadde ein likevel frå vestleg side ønskt ei tekst som på ein klarare måte definerte FN-systemets organisering, rolle og funksjon når det gjeld utviklingshjelp.

3.3 Nedrusting og internasjonal tryggleik

På grunn av Ottawa-prosessen og dei resultatlause samråda om eit forhandlingsmandat for Nedrustingskonferansen (CD) i Genève vart personellminene den dominerande saka i 1. komité under den 52. generalforsamlinga. Ei anna hending som markerte inngangen til Generalforsamlinga i år, var at Konvensjonen om forbod mot kjemiske våpen (CWC) vart sett i kraft i april 1997.

Vedtaket av ein konvensjon om eit totalforbod mot personellminer (Ottawa-prosessen) i Oslo den 18. september 1997 markerte eit avgjerande gjennombrot i det mangeårige arbeidet med mineproblemet både i og utanfor FNs organ. Eit internasjonalt forbod mot personellminer har vore eit dominerande tema i Generalforsamlinga i dei seinare åra, og vart i år følgd opp med ein ny resolusjon lagd fram av Noreg og dei andre kjernegruppelanda, som vart vedteken med svært stor oppslutning. Resolusjonen oppmodar vidare alle land til å bidra til hjelpe- og rehabiliteringsprogram og økonomiske og sosiale reintegreringstiltak for mineoffer og mineryddingstiltak.

USA, som i tidlegare generalforsamlingar har kome med resolusjonsframlegget om ein mellomfolkeleg avtale om forbod mot personellminer, kunne som kjent ikkje slutte seg til konvensjonen. USA støtta difor i år eit australsk resolusjonsframlegg om andre minetiltak, som mellom anna omfatta vidare arbeid i Nedrustingskonferansen. Etter ein del endringar lukkast det å få utforma også denne teksta på ein slik måte at ein frå norsk side kunne stemme for. Resolusjonen helsar velkomen som førebelse tiltak dei ulike forboda, moratoria og andre avgrensingar på personellminer som statar alt har erklært. Statar som enno ikkje har gjort det, vert oppmoda til å setja i verk slike tiltak. Også denne resolusjonen vart vedteken med brei oppslutning.

Kjernevåpenspørsmåla spela ikkje ei så viktig rolle under årets sesjon som tidlegare. På grunn av særleg indisk og pakistansk motstand vart det heller ikkje i år framlagt noko resolusjonsframlegg om å oppmode Nedrustningskonferansen til å innleie forhandlingar om eit forbod mot produksjon av spaltbart materiale til atomvåpenformål. Noreg stod under debatten tilslutta eit EU-innlegg der det vart understreka at slike forhandlingar bør setjast i gang.

Resolusjonen om Haag-domstolen si rådgjevande fråsegn om legitimiteten av å true med eller bruke kjernevåpen (Malaysia-resolusjonen) vart vedteken med tilsvarande stemmemønster som under den 51. generalforsamlinga og førte ikkje til omfattande debatt. Noreg avstod til liks med Danmark, Finland og Island på resolusjonen i sin heilskap, medan Sverige stemde for. Dei andre vestlege landa stemde mot. Noreg stemde i ei delavrøysting for den paragrafen som understrekar domstolen sin einstemmige konklusjon om at det finst ei plikt til å fullføre forhandlingar om kjernefysisk nedrusting. Noreg stemde likeins saman med ei brei gruppe av vestlege land og NATO-land mot paragrafen som bed om at det vert igangsett forhandlingar i 1998 om ein konvensjon som forbyd kjernevåpen, ut frå den vurderinga at multilaterale forhandlingar ikkje er tenleg sett på bakgrunn av at kjernevåpenmaktene har ansvar for å gjennomføre kjernefysisk nedrusting.

Noreg var som i tidlegare år medframleggsstillar til eit japansk-initiert resolusjonsframlegg om kjernefysisk nedrusting med sikte på eliminering av kjernevåpen, samt ei amerikansk-russisk tekst om bilaterale kjernevåpenforhandlingar.

3.4 Regionale konfliktar

3.4.1 Afrika

I Den demokratiske republikken Kongo (DR Kongo, tidligare Zaire) tok ein breitt samansett allianse under leiing av Laurent Kabila makta i mai 1997. Tilhøvet til FN og det internasjonale samfunnet etter maktovertakinga har vore prega av usemje om undersøkingar av det ein meiner er grove brot på menneskerettane. Som følgje av innvendingar frå Kabila-regjeringa har Menneskerettskommisjonen sin delegasjon til DR Kongo enno ikkje byrja på arbeidet sitt. Generalsekretæren søkte å omgå Kabilas innvendingar ved å lansere ein eigen menneskerettsdelegasjon for DR Kongo med ei anna samansetning. Også denne delegasjonen vart avvist av Kabila-regjeringa sine talsmenn, noko som skapte eit vanskeleg politisk problem for FN og det internasjonale samfunnet i tilhøvet til det nye regimet. Generalsekretæren utnemnde i juli 1997 briten Robin Kinloch til sin spesialrepresentant for DR Kongo. På grunn av det vanskelege tilhøvet mellom FN og den kongolesiske regjeringa har spesialrepresentanten ikkje byrja arbeidet sitt.

Desse problema synest å reflektere ein sviktande tillit til FN og FNs høgkommissær for flyktningar - UNHCR - som ein upartisk aktør i området kring dei store sjøane, særleg i DR Kongo og Rwanda. Dette rører ved ein fundamental føresetnad for organisasjonen sitt arbeid, og for tryggleiken for dei FN-tilsette i felten. Tillitskrisa er difor eit alvorleg problem som ein må finne ei løysing på over tid og i samarbeid med landa i regionen.

Borgarkrigen i Rwanda utvikla seg i 1994 til eit dramatisk folkemord på tutsiar og moderate hutuar. FN-styrken UNAMIR viste seg ute av stand til å hindre folkemordet, og delar av styrken var også trekt ut som følgje av at FN-soldatar hadde vorte drepne. UNAMIR vart trekt ut av Rwanda i mars 1996, og FN-nærveret vart redusert til eit politisk kontor i Kigali. Situasjonen i landet er framleis svært spent, særleg i nordvest, der valdshandlingane har auka i 1997. Etter personellutskiftingar ser krigsforbrytartribunalet for Rwanda ut til å vera betre rusta til å gjennomføre eit rettferdig rettsoppgjer etter folkemordet. Ei anna viktig oppgåve består i å reintegrere dei mange flyktningane som i 1996 og 1997 har kome att frå DR Kongo. I det norske innlegget i debatten om Rwanda-tribunalet vart det gjeve uttrykk for at ein frå norsk side følgjer nøye med i utviklinga ved domstolen. Ein helsa velkomen dei tiltaka som har vorte iverksette for å avhjelpe dei administrative manglane som vart påpeikte i ein revisjonsrapport frå FNs avdeling for interntilsyn i 1997. Det vart samtidig påpeikt at det stod att fleire forhold som det måtte gjerast noko med, mellom anna den urimeleg lange varetektstida i påvente av rettssaker.

Samtidig pågår det eit internt rettsoppgjer i Rwanda. Over 130 000 personar sit fengsla mistenkte for å vera delaktige i folkemord. Rettsoppgjeret har også her trekt i langdrag, og berre eit fåtal personar har vorte dømde.

Etter tutsien Pierre Buyoyas statskupp i juli 1996 har det vore borgarkrigsliknande tilstandar i Burundi . Valdshandlingane har auka i 1997. Dei regionale sanksjonane har ikkje hatt den verknaden som var tilsikta. I store delar av 1997 har det vore stillstand i fredsprosessen (den såkalla Arusha-prosessen), som vert leidd av tidlegare president i Tanzania, Julius Nyerere. Buyoya-regjeringa meiner at Nyerere ikkje er upartisk, noko som mellom anna har samanheng med eit forverra tilhøve mellom Burundi og Tanzania.

I opptakta til presidentvala i Kongo, Brazzaville , braut det i juni 1997 ut væpna samanstøytar mellom styrkar lojale mot den sitjande presidenten Lissouba og den tidlegare presidenten Sassou Nguesso. Planane for ein FN-leidd fredstryggjande operasjon vart ikkje realiserte, og i oktober vart det klart at Sassou Nguesso hadde teke makta i landet. FNs innsats er no konsentrert om humanitære oppgåver og bistand til oppattbygging. Generalsekretærens spesialutsending, ambassadør Mohammed Sahnoun, vart i desember 1997 gjord til spesialutsending for heile Afrika, engasjert på oppdragsbasis. Det særlege ansvaret for området kring Dei store sjøane vart overteke av ambassadør Bernhau Dinka, som også representerer FNs naudhjelpskoordinator (ERC) i det same området.

Fredsprosessen i Angola stoppa opp då motstandsrørsla UNITA nekta å akseptere nederlaget i dei første frie vala i landet i 1992. Ein ny fredsavtale vart inngått i Lusaka i 1994. FNs fredstryggjande operasjon UNAVEM III vart i juni 1997 erstatta av observatørstyrken MONUA. Noreg har delteke med militære observatørar i begge desse operasjonane. Ein milestolpe vart nådd i april ved innsetjinga av ei samlingsregjering med medlemmer frå både UNITA og MPLA. Etter dette følgde likevel ein fase med auka spenning mellom partane og stillstand i fredsprosessen, særleg når det galdt oppfyllinga av UNITA sine plikter. Ei medverkande årsak til dette var at balansen mellom partane vart skipla som følgje av omveltingane i nabolandet Zaire. Tryggingsrådet innførte sanksjonar mot UNITA i november 1997 for å tvinge fram oppfylling av UNITAs plikter etter Lusaka-avtalen. Det var ei viss positiv utvikling mot slutten av året, og partane vart i januar 1998 samde om ein ny timeplan for sluttføring av fredsprosessen innan utgangen av februar. FNs observatørstyrke i landet er no i ferd med å reduserast. Størstedelen av dei militære komponentane skal trekkjast ut innan 1. juli 1998. Samtidig er det vedteke å auka talet på sivilt politi i operasjonen. FNs framtidige nærvere i Angola er framleis til diskusjon.

Mandatet for MONUA vart siste gongen forlengd til utgangen av april 1998. I løpet av mandatperioden vil Tryggingsrådet ta stilling til endringar i MONUAs innretting, mellom anna framlegg om å redusere talet på militærobservatørar og auke talet på sivilt politi.

Reintegrering i det sivile samfunnet av titusenvis av unge soldatar utan anna erfaring enn frå væpna konfliktar er ei av dei mest kritiske utfordringane ein står overfor i Angola. Noreg har på denne bakgrunn gjeve omfattande bidrag til FN-program for demobilisering og reintegrering av soldatar. Ei anna avgjerande utfordring for atterreisinga av Angola er ryddinga av dei omlag 10 millionar minene som ligg spreidde over heile landet. Noreg har difor over tid støtta mineryddingsarbeidet med store beløp.

Etter fem års blodig borgarkrig vart det i mars 1996 halde demokratiske val i Sierra Leone . Den nye regjeringa innleidde fredsforhandlingar med opprørsrørsla RUF (Revolutionary United Front). I slutten av 1996 vart det underskrive ein fredsavtale i Abidjan. Men i mai 1997 tok ein junta under leiing av Johnny Koromah makta ved eit militærkupp. Kuppet vart eintydig fordømt av FN og Organisasjonen for afrikansk einskap. Den vestafrikanske samanslutninga ECOWAS vedtok vidtgåande regionale sanksjonar mot regimet. Tryggingsrådet vedtok FN-sanksjonar og gav den regionale fredstryggjande styrken ECOMOG fullmakt til å handheve desse. ECOWAS kom i oktober fram til semje om ein ny fredsavtale, og som følgje av denne vart tidlegare president Kabbah sett inn att i embetet sitt i mars 1998. Det vert vurdert om det skal opprettast ein fredstryggjande operasjon til å overvake gjennomføringa av den nye avtalen.

ECOWAS greip i 1990 inn i borgarkrigen i Liberia mellom anna ved å opprette den regionale fredstryggjande styrken ECOMOG. Etter ei våpenkvile inngått i 1993 oppretta Tryggingsrådet FNs observatørstyrke i Liberia (UNOMIL) til støtte for ECOMOG. Dette var det første dømet på eit slikt samarbeid mellom FN og regionale organisasjonar. Men kamphandlingar mellom fraksjonane og brotne våpenkviler prega situasjonen fram til partane på ny forplikta seg til fredsprosessen i august 1996. Som følgje av dette vart det i juli 1997 halde frie val i Liberia, med klar siger for Charles Taylor som resultat. Observatørstyrken UNOMIL vart trekt ut i september og erstatta av eit politisk kontor i Monrovia.

Då Taylor vart innsett som president i august, kunngjorde han eit program med vekt på nasjonal forsoning, demokratisering, menneskerettar og økonomiske reformer. Det er for tidleg å seie om president Taylors regjering vil makte å leve opp til dette programmet. Overgrep mot pressa og andre alvorlege menneskerettsbrot har funne stad. Den forsyningsmessige og økonomiske situasjonen i landet gjev grunn til uro, og det er ikkje gjort noko for å byrje heimsending av dei omlag 600 000 flyktningane frå Liberia som no er i nabolanda.

Den sentralafrikanske republikken vart i 1996 ramma av omfattande sosial uro og væpna samanstøytar utløyst av opprør i landets væpna styrkar. Det fransk-afrikanske toppmøtet vedtok i januar 1997 å opprette ein interafrikansk fredstryggjande styrke (MISAB) for å overvake gjennomføringa av ei fredsløysing. Tryggingsrådet vedtok i august 1997 eit FN-mandat for styrken, på grunnlag av kapittel VII. Generalsekretærens rapport til Tryggingsrådet i januar 1998 konkluderer med at det er ein monaleg risiko for utbrot av nye valdshandlingar dersom det internasjonale nærveret ikkje held fram. President Patassé har i eit brev til Generalsekretæren bede om eit slikt internasjonalt nærvere, og samtidig plikta seg til å gjennomføre dei uteståande delane av Bangui-avtalane. På dette grunnlaget vedtok Tryggingsrådet i mars 1998 å opprette ein FN-operasjon i Den sentralafrikanske republikken (MINURCA). Styrken på 1 350 mann skal vera operativ frå 15. april 1998, og har førebels eit mandat for tre månader. Mandatet gjev både militære, politimessige og politiske oppgåver til operasjonen, som skal leiast av ein spesialrepresentant for Generalsekretæren

Vest-Sahara-spørsmålet vart lagd fram for Tryggingsrådet i 1975 i samband med påstandar om at Marokko prøvde å innlemme delar av området (tidlegare Spansk Sahara) i sitt eige territorium. I 1991 vedtok Tryggingsrådet å opprette ein FN-operasjon til gjennomføring av ei folkeavrøysting om kva status området skulle ha i framtida (MINURSO). Den tidlegare amerikanske utanriksministeren James Baker vart i april 1997 utnemnd til Generalsekretærens representant og har ført samtalar med partane i konflikten. Dette har ført til semje om å ta opp att prosessen som skal avgjera kven som skal ha stemmerett i ei folkerøysting om kva status området skal ha i framtida. I november la Generalsekretæren fram ein timeplan for gjennomføringa av den opphavlege såkalla løysingsplanen. Timeplanen tidfester oppattakinga av identifikasjonsprosessen, repatriering av flyktningar, opptrapping av MINURSO og tilbaketrekking av partane sine eigne styrkar - og legg til grunn at folkerøystinga skal kunne haldast i desember 1998. Noreg deltek i MINURSO med to polititenestemenn.

FN trekte seg ut av Somalia i 1994, og utviklinga i landet vert no følgd frå eit politisk kontor i Nairobi. Arbeidet med sikte på ei politisk løysing for Somalia pågår i første rekkje i regional regi, med Organisasjonen for tørke og utvikling på Afrikas horn (IGAD), Organisasjonen for afrikansk einskap (OAU), Den arabiske ligaen, Egypt og Etiopia som sentrale aktørar. I byrjinga av januar 1997 vart dei fleste av fraksjonsleiarane samde om å opprette eit nasjonalt råd (National Salvation Council), som skal førebu danninga av ei mellombels regjering. Ein vesentleg mangel ved denne prosessen var at to av fraksjonane, mellom dei den viktige Aidid-fraksjonen, ikkje har delteke i forhandlingane. Prosessen har ikkje vist den forventa framdrifta i 1997. Generalsekretæren utnemnde i juli 1997 tidlegare visegeneralsekretær Kittani til spesialutsending for Somalia. Denne utnemninga imøtekom eit lenge uttrykt ønske frå Egypt og dei andre afrikanske rådsmedlemmene om ei opptrapping av FN sitt engasjement i Somalia. Fraksjonsleiarane kom i desember fram til semje om ein fredsplan i Kairo, men det er for tidleg å seie kva konkrete resultat denne vil gje.

3.4.2 Midtausten

Dei to siste åra har vore prega av store vanskar i fredsprosessen i Midtausten , og dette har sett sitt preg på handsaminga av Midtausten-sakene i FN. Det israelske vedtaket våren 1997 om å setje i gang eit jødisk bustadbyggingsprosjekt i det okkuperte Aust-Jerusalem vart først handsama i Tryggingsrådet. Etter to amerikanske veto mot resolusjonar i Rådet vart saka drøfta på ein eigen spesialsesjon i Generalforsamlinga, som både i april, juli, november (og mars 1998) vedtok resolusjonar der vedtaket vart fordømt. Noreg avstod ved den første, men stemde til liks med andre vestlege land (med unntak av USA) for dei neste i lys av manglande israelsk vilje til å følgje opp FNs vedtak.

Den vanskelege situasjonen i fredsprosessen førte til at det under den 52. generalforsamlinga ikkje lukkast å koma fram til semje om den såkalla «positive» resolusjonen, som sidan 1993 har vore vedteken etter forslag frå Noreg, Russland og USA med støtte både frå israelsk og arabisk side. Resolusjonen har vore eit uttrykk for verdssamfunnets støtte til fredsprosessen i Midtausten. I lys av manglande semje valde dei tre hovudframleggsstillarane å trekkje resolusjonsutkastet tilbake.

Eit palestinsk/arabisk framlegg om å oppgradere statusen til den palestinske observatørdelegasjonen til FN, vart særleg på vestleg side sett på som svært problematisk. Eit slikt vedtak ville ha gjeve palestinarane rett til å delta i Generalforsamlinga på line med medlemsstatar, med unntak av stemmerett og rett til å fremja kandidatar. Etter at framleggsstillarane tapte ei prosedyreavrøysting i saka, valde dei å be om utsetjing av realitetshandsaminga, og det er venta vidare drøftingar om spørsmålet i løpet av våren 1998.

Det var elles ikkje særleg store endringar i dei mange resolusjonane som tradisjonelt vert vedtekne om situasjonen i Midtausten og Palestinaspørsmålet. Noreg let som tidlegare vere å røyste på resolusjonen om palestinarane sin rett til sjølvstyre, men ga uttrykk for prinsipiell stønad i si stemmeforklaring. Vurderinga var at ein berre kan koma fram til endeleg status for palestinarane gjennom forhandlingar mellom partane i samsvar med prinsipperklæringa mellom Israel og PLO. Alle EU-land og mellom andre Russland stemde for. Israel og USA stemde mot.

Noreg deltek framleis i FNs fredstryggjande operasjon i Sør-Libanon, UNIFIL, og er framleis ein av dei største troppebidragsytarane sjølv om den norske kontingenten er noko redusert i høve til tidlegare. Den norske styrken bestod ved siste årsskifte av 614 personar, og Noreg var då den tredje største troppebidragsytaren. Noreg deltek også i observatørstyrken UNTSO, som vart oppretta i 1948 for å overvake våpenkvila mellom Israel og nabostatane.

Iraks samarbeid med FNs spesialkommisjon, UNSCOM, som har til oppgåve å overvake avskaffinga av irakiske masseøydeleggingsvåpen, var i heile 1997 prega av manglande oppfølging frå irakisk side. Dette førde til at tilhøvet mellom Irak og FN vart tilspissa mot slutten av året

Tryggingsrådet sin gjennomgang av UNSCOMs rapportar i 1997 stadfesta tidligare vedtak om at Irak hadde til gode å oppfylle vilkåra for å få oppheva dei økonomiske sanksjonane som vart innførde etter den irakiske invasjonen av Kuwait i 1990, Tryggingsrådet forlengde i desember 1997 den såkalla «olje-for-mat»-mekanismen som vart oppretta ved resolusjon 986 (1995) for å hjelpe på den humanitære situasjonen i Irak i påvente av at sanksjonane skulle verta oppheva. Resolusjonen tillèt eit avgrensa irakisk oljesal til innkjøp av humanitære varer og medisinar for distribusjon i Irak under FNs kontroll. Noreg er engasjert i arbeidet med humanitært personell i felten.

3.4.3 Mellom-Amerika og Karibia

Fredsprosessen i Guatemala vart i løpet av 1996 ført fram til ein endeleg fredsavtale. Konflikten hadde vart i 36 år og kravd om lag 150 000 menneskeliv. FNs operasjon i Guatemala, MINUGUA, som har til oppgåve å overvake gjennomføringa av fredsavtalane i Guatemala har stått sentralt i gjennomføringa av fredsavtalen og delavtalane om sosiale og økonomiske aspekt, konstitusjonell reform og reform av valsystemet, og våpenkvile. Mellom anna var utvidinga av MINUGUA med militære observatørar i tre månader i 1997 viktig i demobiliseringa av geriljaen.

MINUGUAs mandat skulle gå ut 31. mars 1998. Etter ønske frå Guatemala prøvde vennelanda (Noreg, Mexico, Spania, Venezuela, Colombia og USA) å koma fram til semje om forlenging av mandatet til 31. desember 1999. Dette ville falle saman med timeplanen for gjennomføringa av fredsavtalane. Likevel gjorde interne, budsjettmessige omsyn det umogleg for USA å godta dette. Generalforsamlinga forlengde difor MINUGUAs mandat fram til 31. desember 1998. Vennelanda føreset at det vil la seg gjera å forlengje mandatet med ytterlegare eitt år under den 53. Generalforsamlinga. Noreg har gjeve store bidrag til fredsprosessen både bilateralt og multilateralt.

Etter utgangen av mandatet for MINUSAL i april 1996 vart FNs nærvere i El Salvador for oppfølging og gjennomføring av fredsavtalane sterkt redusert. I 1997 hadde FN ei støtteeining som bestod av to internasjonale og to lokalt tilsette i El Salvador. For 1998 er dette redusert til ein internasjonalt og ein lokalt tilsett. Støtteeininga vil avslutte verksemda si 31. juni 1998. Hovudoppgåva i denne siste fasen er fullføring av landoverføringsprosjekta. Drifta skjer i samarbeid med UNDP sin lokale representasjon.

FNs fredstryggjande operasjon på Haiti vart ytterlegare redusert i 1997. Mandatet til FNs overgangsoperasjon (UNTMIH) gjekk ut 30. november 1997. Etter oppmoding frå Haitis president om vidare internasjonal støtte vedtok Tryggingsrådet å opprette ein internasjonal sivil politioperasjon (MIPONUH) med mandat til og med 30. november 1998. I tillegg har FN i samarbeid med Organisasjonen av amerikanske statar ein sivil operasjon, MICIVIH, som hjelper til med atterreisinga på Haiti. Generalforsamlinga har forlengt MICIVIHs mandat fram til 31. desember 1998. Også UNDP deltek aktivt i arbeidet for fred og tryggleik på Haiti.

3.4.4 Balkan

FNs engasjement på Balkan vart monaleg redusert då den NATO-leidde IFOR-styrken (seinare SFOR-styrken) overtok ansvaret for den fredstryggjande operasjonen i Bosnia etter at Dayton-avtalen vart inngått i desember 1995. UNPROFOR hadde då vore med på å sikre humanitære hjelpesendingar til sivilbefolkninga i Bosnia sidan 1992, og hadde sommaren 1995 vakse til å bli den største FN-operasjonen nokon gong med eit personell på ca. 50 000.

FN er likevel sterkt inne på den sivile sida i Bosnia-Hercegovina. Tryggingsrådet vedtok i desember 1995 å opprette eit FN-kontor (UNMIBH) og ein FN-politistyrke (IPTF) på ca. 2 000 personar som mellom anna overvaker og rettleier dei lokale politistyrkane. FNs aktivitetar i Bosnia omfattar elles samordning av minerydding og anna arbeid som vert utført av FN-organisasjonar og Verdsbanken. UMIBH vart i 1997 leidd av ambassadør Kai Eide som Generalsekretærens spesialrepresentant i Bosnia. Rådet vedtok i desember 1997 å forlengje UNMIBH, inklusive IPTF, til juni 1998, som er det tidspunktet det løpande SFOR-mandatet også går ut. Særleg frå amerikansk side vart det i denne samanhengen lagt vekt på at ei ytterlegare forlenging av mandatet til FN-kontoret og politistyrken først kunne vurderast når det var klart kva slags oppfølgingsstyrke SFOR vil få når mandatet går ut.

Under ein open debatt om Bosnia-Hercegovina som vart arrangert i tilknyting til mandatdrøftingane i Tryggingsrådet, vart det gjeve uttrykk for brei støtte til arbeidet til FN-kontoret og politistyrken. Det var også brei semje om at eit framleis sivilt FN-nærvere er avhengig av ei tilfredsstillande tryggleiksordning til oppfølging av SFOR i juni 1998. I det norske innlegget understreka ein til liks med ei rekkje andre land, at partane sjølv hadde eit ansvar for gjennomføringa av fredsavtalen, og bistand og assistanse til Bosnia framover ville vera avhengig av partane sin vilje til å gjennomføre denne. I arbeidet for å få til fred og forsoning i Bosnia er Domstolen for det tidlegare Jugoslavia eit viktig instrument. Jugoslavia-domstolen fekk ein relativt stor auke (30 prosent) i budsjettet sitt under handsaminga av domstolen sitt arbeid i Generalforsamlinga.

Vidare har FN ansvaret for politiovervakinga i dei områda i Aust-Slavonia som har ein serbisk minoritet. FNs fredstryggjande styrke og sivile politi i Aust-Slavonia (UNTAES) er frå 15. januar 1998 vidareført gjennom ein sivil operasjon som består av ei støttegruppe på 180 sivile politifolk (UNPSG), som skal halde fram med politiovervaking i Aust-Slavonia til september 1998. Denne politistyrken har som særleg oppgåve å overvake kroatisk politi, særleg i samband med heimvending av fordrivne personar, og dessutan drive visse opplæringstiltak. Styrken vert leidd av nordmannen Halvor Hartz, og det norske sivilpolitielementet frå UNTAES er vidareført i UNPSG.

FN har sidan 1992 oppretthalde ein militær observatørdelegasjon på Prevlaka-halvøya, som er eit av dei attståande problemområda i tilhøvet mellom Kroatia og Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ). Operasjonen (UNMOP) består av 28 observatørar, og ein av desse er ein nordmann. Mandatet er forlengd til 15. juli 1998.

Generalforsamlinga har dei seinare åra vald å ikkje handsame saklistepunktet om situasjonen i Kroatia. Vedtaket i år inneber i røynda at saka vart teken av saklista.

I Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia (FYROM) er det utplassert ein preventiv nordisk-amerikansk FN-styrke som hittil har medverka til å hindre ei spreiing av konflikten sørover på Balkan. Styrken, UNPREDEP, bestod opphavleg av ca. 1 100 nordiske og amerikanske soldatar, men vart frå oktober 1997 redusert med 350 mann. Styrken har vore ein viktig stabiliseringsfaktor i landet. Tryggingsrådet vedtok i desember 1997 å forlengje mandatet for ein siste gong fram til august 1998 med ei gradvis utfasing av attståande personell.

Noreg har stilt styrkar til rådvelde sidan FN-operasjonane i eks-Jugoslavia starta. Deltakinga er vidareført i Bosnia med ca. 780 soldatar i SFOR og 24 politifolk i IPTF. Noreg deltek vidare med 43 soldatar i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og 19 politifolk i Aust-Slavonia. I tillegg kjem ein omfattande humanitær innsats.

Tryggingsrådet har i 1997 jamleg handsama situasjonen på Balkan og forlengt mandata for dei ulike operasjonane. Sanksjonane mot Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ), som består av Serbia og Montenegro, vart oppheva i oktober 1996. Men medlemmene i Rådet kunne ikkje semjast om å etterkoma FRJs krav om automatisk å overta Jugoslavias medlemskap i FN eller om å la FRJ få delta i FNs arbeid. Dette var hovudsakleg på grunn av motstand frå USA, som ønskjer å presse serbarane til å gje Kosovo sjølvstyre og å samarbeide med krigsforbrytartribunalet.

Tryggingsrådet godkjende i mars 1997 ein multinasjonal styrke for Albania som omfatta bruk av makt for å gje personellet vern og rørslefridom med heimel i kap. VII i FN-pakta. Styrken ble leidd av Italia. I den kritiske situasjonen som hadde utvikla seg i landet, med omfattande uro, kamphandlingar og lovlause tilstandar, skulle styrken etter oppmoding frå albanske styremakter tryggje den internasjonale humanitære bistanden til landet og dessutan medverke til å opprette naudsynt ro og orden for gjennomføring av internasjonalt overvaka val. Styrken bestod av over 7 000 personar, alle frå europeiske land og over halvparten frå Italia. Danmark var det einaste nordiske landet som deltok. Operasjonen var i hovudsak vellukka, og etter at valet var gjennomført i juni, vart styrken trekt ut i august.

Det er verdt å merke seg at Kina i utgangspunktet var kritisk innstilt til ein FN-godkjend multinasjonal styrke for Albania og viste til at det dreidde seg om ein rein intern konflikt. Med den grunngjevinga at albanske styremakter hadde bede om ein slik styrke, la Kina likevel ikkje ned veto mot vedtaket i Tryggingsrådet, men markerte stillinga si ved å avstå på resolusjonen.

3.4.5 Kaukasus og Sentral-Asia

FNs engasjement i konfliktane i dei tidlegare sovjetrepublikkane i Kaukasus og Sentral-Asia omfattar støtte til fredsinnsatsen i regi av Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) og Samveldet av uavhengige statar, og til utplassering av militære observatørar. Russland er aktivt involvert i konflikthandteringa. Tryggingsrådet gav ved forlenginga av operasjonen i Georgia (UNOMIG) uttrykk for djup uro over den manglande framgangen i den politiske prosessen mellom den georgiske regjeringa og dei abkhasiske separatistleiarane. Saman med Russland, som har teke ei leiande rolle i fredsprosessen, har Generalsekretærens spesialutsending søkt å få partane med på ei løysing om Abkhasias politiske status innan Georgias grenser. President Sjevardnadse har tilbode provinsen føderal status, men abkhasiske leiarar insisterer på ein union av sjølvstendige statar. Tryggingsrådet støttar Generalsekretæren i at FNs rolle i fredsprosessen bør styrkjast.

I Nagorno-Karabakh har FN overlate ansvaret for fredsprosessen til OSSE, som rapporterer jamleg til Tryggingsrådet.

Ved gjennomgangen av operasjonen i Tadsjikistan har Tryggingsrådet gjort mandatforlenging avhengig av at regjeringa og opposisjonen vidarefører våpenkvila og prosessen med sikte på nasjonal forsoning. FN heldt 24.-25. november 1997 ein gjevarlandskonferanse for Tadsjikistan i Wien med deltaking av president I. Rakhmanov og leiaren for opposisjonen, S. A. Nuri. Konferansen fekk inn USD 56 millionar. Noreg deltok og gav USD 500.000.

Den raske frammarsj til Talibanrørsla i Afghanistan gav støyten til ei konsolidering av ein militær opposisjon i nord. Alliansen rommar Talibans viktigaste etniske og religiøse motstandarar, tadsjikar, usbekar og shiamuslimar (Khalili). Kampane og frontlina har sidan gått fram og tilbake i store delar av 1997. Taliban kontrollerer omlag to tredelar av territoriet.

I juli 1997 utnemnde Generalsekretæren den algeriske diplomaten Lakhdar Brahimi som mellombels spesialutsending i eit forsøk på å gje prosessen ny framdrift. Brahimi har ført samtalar med partane og med dei regionale aktørane, men har så langt konkludert med at ei løysing på konflikten krev at partane sjølve og dei regionale aktørane er innstilte på dette.

Menneskerettssituasjonen under Talibanstyret, særleg situasjonen for kvinner og jenter, har gjeve særleg grunn til uro. Taliban har nedlagt forbod mot at kvinner og jenter skal arbeide eller gå på skule utanfor heimen. Yrkesforbodet har ramma det humanitære hjelpearbeidet, som i stor grad har vore drive med hjelp frå lokalt tilsette kvinner. Generalsekretæren sende i oktober 1997 ein eigen delegasjon under leiing av spesialrådgjevaren sin for kvinnespørsmål, Angela King, til Afghanistan for å ta opp situasjonen for kvinner.

Noreg har over tid ytt bistand til Afghanistan, mellom anna i form av naudproviant, minerydding, hjelp til flyktningar og utdannings- og helsetiltak. I desember 1997 leidde Noreg, ved statssekretær Leiv Lunde, eit møte i gjevarlandsgruppa for Afghanistan (Afghanistan Donor Support Group) i New York. Føremålet med møtet var å få til betre samordning av den internasjonale bistanden til Afghanistan, mellom anna betre samarbeid mellom gjevarlanda og FN. Spørsmålet om Afghanistans fullmakter har vore lagt fram for FNs fullmaktskomité, der Noreg har vore medlem under den 52. Generalforsamlinga. Komiteen vedtok å utsetje spørsmålet. Dette inneber at den avsette Rabbani-regjeringa sin representant framleis representerer Afghanistan i FN.

3.4.6 Søraust-Asia

I juli 1997 gjennomførte Kambodsjas andrestatsminister Hun Sen eit kupp der han avsette førstestatsminister prins Ranariddh og sette han under tiltale for landssvik. Prins Ranariddh og mange av tilhengarane hans gjekk i eksil. Gjennom meklingsinnsats frå Generalsekretæren si side er det i prinsippet oppnådd semje om at Ranariddhs tilhengarar skal kunne vende trygt tilbake, og at det skal gjennomførast parlamentsval i 1998 som føresett, under overvaking frå FN si side. Valtidspunktet har vorte utsett frå mai til juli 1998. Det rår framleis uvisse omkring korleis dette opplegget skal kunne gjennomførast på ein fullgod måte. Som følgje av kuppet vedtok Fullmaktskomiteen å la Kambodsjas sete i Generalforsamlinga stå tomt inntil vidare.

3.5 Fredstryggjande operasjonar og preventivt diplomati

FNs fredstryggjande operasjonar har minka kraftig i omfang sidan 1995. Talet på militært personell tilknytt operasjonane var på det høgaste ca. 80 000. Per 31. desember 1997 var det tilsvarande talet om lag 11 750. Sivilt politi talde på same tidspunkt om lag 3 130. Noreg deltok per 31. desember 1997 med 681 militært personell i 7 av FNs totalt 15 fredstryggjande operasjonar, i tillegg til ca. 780 i NATO-operasjonen SFOR i Bosnia-Hercegovina. Norsk sivilt politi deltok ved årsskiftet 97/98 med 45 personar i 3 av dei 7 operasjonane der FN har slikt personell. Dei samla utgiftene til FNs fredstryggjande operasjonar er for 1997 kostnadsrekna til ca. USD 1 milliard, ein nedgang på USD 300 millionar frå 1996.

Generalsekretæren la i 1992 fram rapporten Agenda for fred, som omhandla dei mange nye problemstillingane i samband med FNs arbeid med førebygging og løysing av konfliktar. I 1995 kom ein oppfølgingsrapport om same emnet. Desse rapportane frå Generalsekretæren har i stor grad lagt premissane for å vidareutvikle FNs rolle på dette området. Nye typar konfliktar, ofte interne og borgarkrigsliknande, er eit viktig tema i denne samanhengen. Behovet for styrkt planlegging og samordning, ikkje minst fordi FN-operasjonane ofte har ein stor humanitær dimensjon, er også eit sentralt spørsmål. Det blir slått fast at FNs evne til preventivt diplomati og til rask reaksjon i krisesituasjonar må styrkast.

Generalforsamlinga handsama desse rapportane i fire tematiske undergrupper: samordning, sanksjonar, fredsbyggjande arbeid etter konfliktar, og preventivt diplomati og fredsskaping. Undergruppa som utarbeidde retningsliner for samordning av FNs fredsarbeid, vart leidd av den norske FN-ambassadøren.

Undergruppene for samordning og sanksjonar kom før avslutninga av den 50. generalforsamlinga i 1996 fram til førebels omsamde tekster. I dei to andre gruppene var utviklingslanda og industrilanda framleis usamde på ein del viktige punkt. Det lukkast ikkje å koma fram til semje i løpet av den 51. generalforsamlinga, og før denne vart avslutta i september 1997 vart dei to omsamde tekstene vedtekne. Det vidare konseptuelle arbeidet på dei to andre områda vart i røynda lagt til sides inntil vidare.

Allment kan ein seie at usemja i stor grad har vore om korleis ein skal forstå prinsippet om ikkje-innblanding i statars indre tilhøve. Utviklingslanda har vore sterkt skeptiske til at det internasjonale samfunnet skal ha rett til og ansvar for å gripe inn i konfliktar utan samtykke frå partane. Dette betyr også at dei er meir tilbakehaldne når det gjeld bruk av tvangsmiddel allment, til dømes sanksjonar. Utviklingslanda ser gjerne at Generalforsamlinga si rolle i desse spørsmåla vert styrka, sjølv om ingen i og for seg nektar for Tryggingsrådets spesielle rolle og ansvar.

Etter vedtaket i den 51. generalforsamlinga om å utvide talet på medlemmer i Spesialkomiteen for fredstryggjande operasjonar deltok Noreg i komiteens sesjon våren 1997 for første gong som fullt medlem. Den 52. generalforsamlinga handsama som vanleg rapporten frå Spesialkomiteen. På norsk side understreka ein kor viktig det er å halde fast ved FNs overordna ansvar for å oppretthalde fred og tryggleik, samtidig som ein la vekt på arbeidet med å utvikle samarbeidet mellom FN og regionale organisasjonar. Særleg viktig er det å medverke til å styrkje den fredstryggjande kapasiteten i Afrika.

Etter eit norsk initiativ i den 51. generalforsamlinga vart det våren 1997 oppretta eit Fond for preventiv handling, som stiller auka ressursar til rådvelde for Generalsekretæren for å styrkje innsatsen med å førebyggje potensielle konfliktar. Noreg har gjeve USD 4 millionar til fondet, som no er på totalt USD 5 millionar.

3.6 Økonomi- og utviklingsspørsmål

Debatten i 2. komité om dei økonomiske spørsmåla under haustsesjonen føregjekk i tradisjonelle former, der G-77 særleg sette søkjelyset på den vedvarande fattigdomsutviklinga i utviklingsland, særleg i Afrika. Vidare understreka dei kor viktig det var at dei industrialiserte landa oppfylte målsetjinga om 0,7 prosent av bruttonasjonalproduktet til utviklingshjelp. I innlegga sine nemnde dei fleste utviklingslanda kor viktig gjeldslette var, og at det var naudsynt med overføringar av teknologi og auka finansielle ressursar. Frå vestleg side vart det lagt vekt på nyare gjeldsslettetiltak, sosiale sider og miljøaspekt i utviklingsarbeidet, og behovet for eit meir samordna utviklingsarbeid i FN-systemet.

Arbeidet med økonomiske og sosiale spørsmål var elles prega av forhandlingar om oppfølging av dei globale FN-konferansane og framlegg om ulike høgnivåmøte eller nye konferansar. Frå vestleg side stilte ein seg kritisk til omfanget av desse oppfølgingsprosessane, medan G-77 vurderte dette som naudsynt for å halde utviklingsspørsmål på saklista.

Ein utbreidd mistillit mellom G-77 og dei vestlege landa om fleire viktige saker gjorde sitt til å vanskeleggjera og forlengje forhandlingane om enkelte resolusjonar. Striden sto særleg om sentrale omgrep frå verdskonferansen om miljø og utvikling i Rio. Utviklingslanda ønskte å knytte saman omgrepa «vedvarande økonomisk vekst» og «berekraftig utvikling», noko særlig USA sette seg imot. Forslaga frå utviklingslanda vart sett på som utvatning av omgrepet frå Rio-konferansen. Resultatet vart til sist eit noko tvetydig kompromiss, der begge omgrepa blir brukte, men knytta til tolkingar i samsvar med relevante generalforsamlingsresolusjonar og vedtak i FN-konferansar.

Det vart mellom anna vedteke å halde ein spesialsesjon for oppfølging av Kairo-konferansen om befolkningsspørsmål (30. juni - 2. juli 1999), ein spesialsesjon i 2001 for oppfølging av Den internasjonale busetjingskonferansen (Habitat II), og å halde ein konferanse for tiårsgjennomgangen av programmet for dei minst utvikla landa (MUL). Det vart elles vedteke resolusjonar om handel og utvikling, kvinner og utvikling, utviklingslanda si gjeldskrise, palestinsk suverenitet over dei okkuperte områda, og FN-systemet sine operasjonelle aktivitetar.

Det vart vedteke ein resolusjon om internasjonal migrasjon der behovet for ytterlegare kunnskap om spørsmålet vart understreka. Dette vart det også lagt vekt på i det norske innlegget. Vidare understreka ein verdien av andre regionale og mellomfolkelege prosessar som er retta mot ei betre forståing av og løysingar på problem i samband med migrasjon. Det vart vedteke at punktet skal takast opp att på den 54. generalforsamlinga, og då vil ein også drøfte spørsmålet om å halde ein internasjonal konferanse om temaet.

G-77 la denne gongen fram eit forslag om å halde ein FN-konferanse om finansiering. OECD-landa var samde om å gå inn for eit høgnivå møte snarare enn ein konferanse, mellom anna på bakgrunn av dei omfattande diskusjonane av spørsmålet som allereie har funne stad i og utanfor FN-systemet. Dette og dei mange foreslåtte høgnivåmøta for dei neste tre åra gjorde at desse forhandlingane vart mellom dei vanskelegaste i 2. komité denne sesjonen. Ei open haldning frå G-77 til at ein eventuell konferanse skulle ha eit breiare tema enn utviklingsfinansiering, og ei tilsvarande haldning frå dei vestlege landa i spørsmålet om å halde ein konferanse, medverka likevel etter kvart til ein konstruktiv forhandlingsatmosfære. Ein kom til sist fram til ein resolusjon som definerte ein førebuingsprosess til ein dialog om finansiering av utvikling, der ein mellom anna skal ta stilling til kva form, omfang og innhald denne dialogen skal få. Frå norsk side støtta ein aktivt EUs forsøk på å forhandle fram ei kort prosedyreorientert tekst som i størst mogleg grad sikrar at ein høgnivådialog får ei grundig førebuing. Ein arbeidde også for å få inn tekst som gjev sekretariatet ei rolle i førebuingane, mellom anna knytt til ein heilskapleg dokumentasjon av relevante prosessar for temaet.

3.7 Miljø- og ressursspørsmål

3.7.1 Spesialsesjonen for gjennomgang av Agenda 21

Generalforsamlinga møttest til sin 19. spesialsesjon (UNGASS 19) i New York 23. - 28. juni 1997 for å markere femårsjubileet for Rio-konferansen om miljø og utvikling (UNCED) i 1992, gjera opp status for dei pliktene statane hadde påteke seg i Rio de Janeiro, og stake opp kursen vidare. Den norske delegasjonen vart leidd av statsminister Thorbjørn Jagland med miljøvernminister Thorbjørn Berntsen som nestleiar.

I det norske hovudinnlegget minna statsminister Jagland dei rike landa om at den gamle målsetjinga deira om å bruke 0,7 prosent av BNP til utviklingshjelp framleis er langt frå oppfylt. Han peikte på faren for at utviklingslanda overtek den forureinande delen av industrilanda sin industri, og gav tilsegn om eit ekstraordinært bidrag på 100 millionar kroner til fremjing av utvikling av miljøteknologi.

Mellom dei emna som gjekk mest att i plenumsdebatten frå i-landa si side, kan nemnast klimagassutslepp og tiltak for å sikre skogane. Dei fleste utviklingslanda la størst vekt på finansiering og teknologioverføring.

Spesialsesjonen viste klart at det ikkje finst noka global politisk semje om å sameine vekst og miljøomsyn, og mykje tid og krefter gjekk med til å forsvare det som hadde vorte oppnådd i Rio, i staden for å få statane til å påta seg nye plikter og føre prosessen vidare. Sjølve kjerneomgrepet «berekraftig utvikling» måtte forsvarast i staden for å freiste å få eit meir operativt og forsterka innhald av omgrepet. Utviklingslanda oppfatta for ein stor del påtrykk om miljøkrav som avgrensingar i retten til økonomisk vekst, og i tråd med dette ønskte dei å erstatte «berekraftig utvikling» med uttrykk som «vedvarande økonomisk vekst» og liknande. Dette er eit mønster som går att i nesten alle aktuelle globale fora. Ein kan frykte at dei ulike miljøkonvensjonane etter kvart får så breie unntak for utviklingsland at desse overtek miljøskadeleg verksemd etter kvart som industrilanda innfører strengare reglar.

På den andre sida fekk spesialsesjonen vedteke eit fokusert og handlingsorientert arbeidsprogram for dei fem neste åra for FN-kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD) og ei rekkje tilrådingar til medlemslanda i FN. Saman med vedtaket om å setje i verk mellomstatlege prosessar på områda ferskvatn, skog og energi, gjer dette at ein likevel kan karakterisere resultatet av UNGASS som akseptabelt.

3.7.2 Andre miljø- og ressursspørsmål

Debatten om miljøspørsmål på den 52. generalforsamlinga var i stor grad prega av prosedyreresolusjonar. Den viktigaste årsaka til dette er at i ei rekkje av miljøprosessane har ein lukkast i å forhandle fram konvensjonar eller konferansar om ørkenspreiing, klima, biologisk mangfald og berekraftig utvikling i små øystatar. Debattane og forhandlingane finn då stad og realitetsavgjerdene vert tekne i dei respektive partskonferansane eller mellomstatlege komiteane.

I det norske innlegget om spesialsesjonen for gjennomgang av Agenda 21 (UNGASS 19) gav ein uttrykk for at ein var noko vonbroten over utfallet, men ein understreka samtidig at spesialsesjonen også hadde sine positive sider. Vidare vart det peikt på at hovudansvaret for oppfølging og gjennomføring av Agenda 21 ligg hjå dei einskilde medlemslanda. Hovudtonen i debatten om spesialsesjonen var negativ, og G-77-landa la skulda på «nord» for at spesialsesjonen ikkje vart vellukka. Fleire delegasjonar framheva likevel som positivt dei framstega ein har gjort i handsaminga av skogspørsmålet og den vedtekne fokuseringa på ferskvassressursar under det komande møtet i kommisjonen for berekraftig utvikling. Den negative stemninga og polariseringa mellom nord og sør førte også til at resolusjonsforhandlingane under dette punktet braut saman. G-77 la fram eit forslag som i hovudsak tok opp att utvalde delar av sluttdokumentet frå spesialsesjonen. Frå vestleg side hadde ein tidleg stilt spørsmål ved behovet for at Generalforsamlinga berre nokre månader etter spesialsesjonen skulle vedta ein ny resolusjon og ein understreka vidare at ein slik resolusjon i så fall burde vera svært kort og prosedyreorientert. Dette vart møtt med svært lita forståing frå G-77, og etter nokre få forhandlingsrundar vedtok dei å trekkje resolusjonsutkastet tilbake. G-77 skulda «nord» for å vise manglande samarbeidsvilje, og at dette, til liks med spesialsesjonen, var nok eit døme på at dei industrilanda ikkje ville stå ved pliktene sine. Alle delegasjonar frå «nord», medrekna Noreg, sa seg leie for G-77 si avgjerd, og ein stilte seg meir enn villig til å forhandle vidare på G-77 si tekst eller ei eventuell rein prosedyremessig formannstekst. Resultatet vart at ein vedtok å behalde temaet på saklista også for neste generalforsamling.

FNs ørkenspreiingskonvensjon tredde i kraft 26. desember 1996, og det første partsmøtet vart halde i Roma 29. september - 10. oktober 1997. Under debatten i Generalforsamlinga heldt ein frå norsk side eit innlegg der ein helsa velkomen at den første partskonferansen var halden og dei vedtak ein der hadde gjort. Ein la vidare vekt på behovet for auka bistand til dei aller fattigaste, særleg kvinner, mellom anna ved satsing på landbruksopplæring og andre former for utdanning. Det vart vist til at ein frå norsk side legg vekt på at ressursane til gjennomføring av konvensjonen blir auka og samordna betre.

Generalforsamlinga vedtok prosedyremessige resolusjonar om konvensjonen for biologisk mangfald, klimakonvensjonen, konferansen om berekraftig utvikling i små utviklingsøystatar og ein resolusjon om naturfenomenet «El Niño».

3.8 Sterkare samordning av FNs naudhjelp

Som under tidlegare generalforsamlingar vart spørsmål knytt til samordning av naudhjelp og naudhjelp knytt til situasjonen i einskildland og regionar handsama samla i plenum. I debatten under dette punktet på saklista ønskte Noreg og ei rekkje andre delegasjonar velkomen Generalsekretærens utnemning av Sergio de Mello som ny naudhjelpskoordinator (ERC). Noreg, til liks med ein del andre delegasjonar, la i innlegget sitt vekt på kor viktig Generalsekretærens reforminitiativ er på det humanitære området. Behovet for å styrkje samordninga av FN-systemet si humanitære hjelp vart understreka, og i den samanhengen ønskte ein frå norsk side velkomen tiltak for å styrkje Inter Agency Standing Committee, som er det organet som skal styrkja samordninga av humanitære aktivitetar og samordna den humanitære appellprosessen når det gjeld ressursmobilisering. I tillegg til FN-organisasjonar deltek også frivillige organisasjonar i IASC. På vestleg side gjekk ein inn for at det nye kontoret til ERC får tilført personell frå andre delar av systemet for å sikre kompetanse og reell samordning. Som i tidlegare debattar tok gjevarlanda til orde for at ein større del av finansieringa av nødhjelpskoordinatorens kontor (OCHA) måtte koma over FNs regulære budsjett. G-77-landa understreka at finansieringa av humanitær støtte ikkje måtte gå ut over langsiktig utviklingshjelp. Generalsekretærens framlegg om å styrkje medlemslanda si styring og oversikt gjennom å opprette ein humanitær sesjon i ECOSOC-møta fekk brei støtte i debatten.

I det norske innlegget uttrykte ein sterk uro over auken i valdelege åtak på humanitært hjelpepersonell. Ein understreka at alle partar er ansvarlege for å sikre at hjelp når fram til dei som lid naud, og å garantere tryggleiken til hjelpepersonellet i dette arbeidet. Eit resolusjonsutkast fra EU om dette spørsmålet vart seinare vedteke med konsensus. Statane blei i denne oppfordra til å garantere tryggleiken for FN-personell og anna hjelpepersonell. Vidare vart statane oppmoda om å slutte seg til konvensjonen om tryggleik for FN og personell knytta til FN. Generalsekretæren vart beden om å følgje opp med ein rekkje tiltak fram til konvensjonen trer i kraft.

Det vart med konsensus vedteke ei rekkje resolusjonar om bistand til spesifikke land og prosessar, til dømes Den demokratiske republikken Kongo, El Salvador, Libanon, Liberia, Tadsjikistan, Montserrat, Djibouti, Somalia, den semipalatinske regionen i Kasakstan, det palestinske folket, Afghanistan og internasjonalt samarbeid i samband med Tsjernobyl-katastrofen.

Resolusjonen om hjelp til Sudan vart, som under den 51. generalforsamlinga, vedteken gjennom ei avrøysting. Denne resolusjonen har i aukande grad vorte politisert. Det er tydeleg at Sudan ønskjer å nytta resolusjonen til å få Generalforsamlinga si støtte til den politiske prosessen i landet, og at ein ønskjer stor grad av nasjonal kontroll om det humanitære hjelpearbeidet som finn stad. Dette er uakseptabelt for dei vestlege landa, og resolusjonen kom såleis opp til avrøysting. Dei fleste gjevarlanda, også Noreg, stemde mot. Frå norsk side heldt ein stemmeforklaring der ein sa seg lei for at det ikkje hadde vore mogleg å oppnå konsensus. Ein viste til at «Operation Lifeline Sudan» må operere i samsvar med trepartsavtalen frå 1994, og ein understreka vidare behovet for sikker og uhindra tilgang for humanitært personell.

3.9 Menneskerettsspørsmål

Tendensen til auka polarisering omkring menneskerettsspørsmål mellom landa i nord og enkelte land i sør frå den 51. generalforsamlinga vart sterkare på generalforsamlinga sist haust. Vanskelege forhandlingar om ein resolusjon om retten til utvikling og ein resolusjon om markeringa av 50-årsjubileet for Menneskerettserklæringa viste dette. Under forhandlingane om retten til utvikling søkte fleire land, mellom andre Cuba, Kina og Iran, å svekke relevansen av Menneskerettserklæringa. Når det gjaldt femtiårsjubileet ønskte dei same landa å leggje mest vekt på økonomiske spørsmål. Men i dette spørsmålet greidde ein å koma fram til konsensus.

Forhandlingane om resolusjonsframlegget om retten til utvikling braut saman. Resolusjonen vart lagd fram av Colombia på vegner av den alliansefrie rørsla og vart vedteken med 104-12-33. Noreg stemde mot og heldt stemmeforklaring på vegner av dei nordiske landa, Storbritannia og Nederland, som også stemde mot resolusjonen. I stemmeforklaringa vart det peikt på at resolusjon i år inneheld nye element som svekkjer menneskerettstilnærminga til utvikling, mellom anna ved å innføre problemstillingar som hører heime i økonomiske fora. Samtidig vart det slege fast kor stor vekt dei nordiske landa, Storbritannia og Nederland legg på utviklingsspørsmål, mellom anna ved å vise til den utviklingshjelpa landa yter.

Handsaminga av landresolusjonane gjekk i hovudsak som venta. Det vart stemt over resolusjonsframlegga om menneskerettssituasjonen i Iran, Irak, Nigeria, Sudan, det tidlegare Jugoslavia, Kosovo og på Cuba. Noreg var medframleggsstillar til desse, med unntak av Kosovo-resolusjonen. Resolusjonane om Burma, Afghanistan, Kambodsja, Haiti og Rwanda vart alle, som i fjor, vedtekne utan avrøysting. Til liks med i fjor vart teksta om Burma for svak til at Noreg fann det rett å gå med som medframleggsstillar.

Noregs innlegg om menneskerettar omtala mellom anna 50-årsjubileet for Verdserklæringa om menneskerettane, opprettinga av ein mellomfolkeleg krigsforbrytardomstol, urfolks rettar og dødsstraff. Ein gav vidare støtte til den nyutnemnde Høgkommissæren for menneskerettar, Mary Robinson. Menneskerettsbrot i Burma, Algerie, Kina, Nigeria, Den demokratiske republikken Kongo, Rwanda, Iran, Afghanistan, Colombia, det tidlegare Jugoslavia og på Cuba vart tekne opp.

Noreg fremja resolusjonsframlegg om internt fordrivne og om status for konvensjonane om sivile og politiske rettar og om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Begge resolusjonane vart vedtekne utan avrøysting. Danmark heldt eit felles nordisk innlegg om urfolksspørsmål, og Noreg var medframleggsstillar til resolusjonen om urfolkstiåret.

Under saklistepunktet om barns rettar heldt Noreg innlegg der ein la vekt på verdien av Barnekonvensjonen, viste til barnearbeidskonferansen i Oslo i oktober 1997 og tok opp problema knytt til barn i væpna konfliktar. Samleresolusjonen om barns rettar vart vedteken utan avrøysting. Noreg var medframleggsstillar. I resolusjonen vert Generalsekretæren sin nyutnemnde spesialrepresentant for barn i væpna konfliktar beden om å sende årlege rapportar til Generalforsamlinga og Menneskerettskommisjonen. Resolusjonen spegla elles av tema i Barnekonvensjonen.

3.10 Flyktningspørsmål

Under saklistepunktet om flyktningar tok Noreg opp spørsmål som vern av flyktningar og internt fordrivne, repatriering av flyktningar og atterreising av område øydelagte av konfliktar. I det norske innlegget uttrykte ein sterk uro over den auka tendensen til at statar set til sides prinsipp om vern av flyktningar og andre humanitære prinsipp, jamfør situasjonen i området kring dei store sjøane i Sentral-Afrika. I denne samanhengen vart tryggleiken til internasjonalt hjelpepersonell i konfliktsituasjonar også teken opp.

Finland la på vegner av dei nordiske landa fram ein resolusjon til støtte for FNs høgkommissær for flyktningar. På grunnlag av alvorlege overgrep mot flyktningar fordømde resolusjonen alle trugsmål mot flyktningar og asylsøkjarar sin personlege tryggleik og oppmoda statane til å respektera dei verneprinsippane som ligg i menneskerettslege og humanitære normar. Resolusjonen samla mange medframleggsstillarar og vart vedteken med konsensus. Det lét seg likevel ikkje gjera å oppnå sterkare språk enn tidlegare med omsyn til dei ovannemnde prinsipielle spørsmåla.

Noreg stod som medframleggsstillar til ein resolusjon framlagd av Russland om oppfølging av konferansen om flyktningar og internt fordrivne i SUS-landa.

3.11 Kvinnespørsmål og oppfølging av Kvinnekonferansen i Beijing

I det norske innlegget om kvinnespørsmål vart det fokusert på kvinnene sine menneskerettar, vald mot kvinner, handel med kvinner og tortur. Ein oppmoda land til å trekkje reservasjonane dei hadde til Konvensjonen om å avskaffe alle former for diskriminering av kvinner.

Eit nederlandsk framlegg til resolusjon om tradisjonar som er skadelege for helsa til kvinner og jenter møtte overraskande lite motstand og vart vedteken med konsensus. Resolusjonen omhandlar mellom anna omskjering av kvinner. Noreg var medframleggsstillar. Det var stor usemje om arveretten til kvinner, som vart handsama i resolusjonen om kvinner på landsbygda.

Det vart vedteke at det i år 2000 skal arrangerast eit FN-møte på høgt nivå for å evaluere arbeidet med kvinnespørsmål etter Kvinnekonferansen i Beijing. Møtet vil også vurdere korleis dei strategiane for å fremje kvinners stilling som vart vedtekne på kvinnekonferansen i Nairobi i 1985 er blitt sett ut i livet.

Noreg fremja ein resolusjon til støtte for FNs utviklingsfond for kvinner (UNIFEM). Han vart vedteken utan avrøysting.

3.12 Sosiale spørsmål

Under handsaminga av sosiale spørsmål heldt Noreg innlegg om ungdomsspørsmål. Innlegget vart, som vanleg, halde av ungdomsdelegaten. Innlegget tok mellom anna opp ungdomsdeltaking i FN-systemet, ungdommen sitt miljøengasjement og konferansen for ungdomsministrar, som skal haldast i Portugal i august 1998. Noreg var medframleggsstillar til resolusjonar om ungdom, om funksjonshemma og om oppfølginga av Det sosiale toppmøtet. Det vil bli halde ein spesialsesjon om oppfølginga av toppmøtet i år 2000, og den første førebuande sesjonen finn stad i mai 1998.

3.13 Finansielle- og administrative spørsmål

3.13.1 FNs økonomiske situasjon

FN har eit budsjett på om lag USD 1,3 milliardar i året, litt i underkant av det norske bistandsbudsjettet. Det har ikkje vore realvekst i budsjettet sidan 1986. Etter krav frå Den amerikanske kongressen vart det vedteke ein reell nedgang i budsjettet for toårsperioden 1996-97, og det blir til og med ein nominell nedgang for 1998-99. Talet på tilsette har gått ned frå 12 000 i 1986 til 9 000 i dag, og ytterlegare 500 stillingar skal vekk innan utgangen av 1999. FNs situasjon er prega av ei stadig alvorlegare økonomisk krise, der medlemslanda no skuldar FN over USD 2 milliardar i ubetalte bidrag. Store delar av året må FN låne inn midlar frå dei fredstryggjande operasjonane til den daglege drifta, noko som blir vanskelegare etter kvart som desse operasjonane minkar i omfang og får mindre budsjett.

Dei fredstryggjande operasjonane har sine eigne budsjett. Dei steig kraftig frå 1989 til 1994 og fall deretter brått. På sitt høgaste var budsjettet for dei fredstryggjande operasjonane i tre gonger så stort som av det regulære budsjettet. I 1996 fall det til USD 1,3 milliardar, og i 1997 kom det ned til om lag USD 1 milliard. I 1998 ventar ein at budsjettet for dei fredstryggjande operasjonane vil å gå ned til under 800 millionar dollar.

Ved utgangen av 1997 skulda USA FN 1,4 milliardar dollar, ein sum som tilsvarar over 60 prosent av medlemslanda si samla bidragsgjeld. Ukraina skulda samtidig 250 millionar dollar og Russland 200 millionar dollar. Gjennomsnittleg er eit tjuetal medlemsland til kvar tid meir enn to år på etterskot med bidragsbetalinga til FN, slik at dei mister stemmeretten i Generalforsamlinga. FN er teknisk sett konkurs, og held hjula i gang berre takk vere troppebidragsytarane sitt tålmod, ved at desse avstår frå å krevje snarleg refusjon av utgiftene sine. Troppebidragsytarane gir på sett og vis eit ufrivillig og rentefritt lån til USA og dei andre store skuldnarane. Eit særskilt problem er det at USA hevdar å skulde USD 410 millionar mindre enn etter FNs reglar, på bakgrunn av ulike vedtak i Kongressen.

I denne samanhengen var ei viktig hending på den 52. generalforsamlinga at Kongressen i USA valde å ikkje handsame eit framlegg utarbeidd av Senatet og administrasjonen til delvis betaling av USA si gjeld til FN. Generalsekretæren sa då at FN kan få eit alvorleg likviditetsproblem, og at han ikkje lenger kunne garantere dei troppebidragsytande landa refusjon av utgiftene deira til mannskap og materiell.

Den økonomiske krisa hindrar framleis FN i å utføre pålagde oppgåver, men sekretariatet har klart å halde størstedelen av verksemda oppe ved å minske drifts- og vedlikehaldskostnadene til eit lågmål og ved å halde over 10 prosent av stillingane ledige. Dersom dollarkursen skulle falle i løpet av budsjettperioden 1998-99, vil det bli vanskeleg å unngå nedskjering eller utsetjing av FN-verksemd som er vedteken. Dette vil kunne føre til store politiske motsetningar i Generalforsamlinga.

Dersom det skulle vise seg at Den amerikanske kongressen ikkje går med på betaling av USA si bidragsgjeld eller stiller uakseptable vilkår, står FN overfor ein fundamentalt endra situasjon. Det vil då bli vanskelegare for «dei gode betalarane» å halde fram å forskotere USA si gjeld. Den amerikanske utanriksministeren sa i byrjinga av 1998 at å gjera opp USA si bidragsgjeld til FN var hennar høgaste prioriterte oppgåve i det nye året.

3.13.2 Budsjettet for 1998 - 99

Generalsekretærens budsjettframlegg for 1998-99 var grunna på prioriteringane i FN sin langtidsplan for perioden 1998-2001 og var på USD 2,583 milliardar - litt mindre enn for førre toårsperiode. Det vart samtidig lagt opp til å minske staben ytterlegare, frå om lag 9 000 stillingar til 8 500 ved utgangen av perioden. Den amerikanske kongressen vedtok hausten 1997 at FN måtte spare inn ytterlegare USD 50 millionar, elles måtte USA halde tilbake halvparten av komande års bidrag. Etter vanskelege og svært langvarige forhandlingar lukkast det å få vedteke budsjettet med ein totalsum på USD 2,532 milliardar.

Hovudskiljelinene i debatten om budsjettet gjekk mellom utviklingslanda som meinte dei føreslegne nedskjeringane vil svekke FN si evne til å utføre pålagde oppgåver, og vestlege land som meinte nedskjeringane var akseptable og naudsynte for å medverke til ein meir effektiv og fokusert organisasjon. Noreg heldt sitt eige hovudinnlegg der ein støtta budsjettframlegget, men understreka at fleire sentrale verksemder og stillingar som i dag vert finansierte gjennom frivillige bidrag, i større grad bør dekkjast av FNs ordinære budsjett. Dette gjeld mellom anna FNs fredstryggjande verksemd og arbeidet med samordning av humanitær hjelp.

Under gjennomgangen av dei ulike delane av budsjettet heldt Noreg eige delinnlegg om budsjettkapitlet for FNs avdeling for internkontroll (OIOS). Innlegget uttrykte støtte til den personellmessige styrkinga av OIOS som vart føreslege av Generalsekretæren, og framheva organet si rolle i arbeidet for å betre drifta og unngå misferd i organisasjonen. Noreg heldt også eige delinnlegg om behovet for å styrkje avdelinga for fredstryggjande operasjonar (DPKO) med fast tilsett personale.

Utviklingslanda kunne ikkje godkjenne teksta i det dokumentet som omhandla budsjettmessige følgjer av Generalsekretærens reformpakke, og hevda at delar av teksta ikkje var i tråd med FNs langtidsplan for perioden 1998-2001. Dette galdt mellom anna Generalsekretæren sitt framlegg om at menneskerettar skulle vera eit sektorkryssande tema, og andre politisk ømtolige formuleringar. I resolusjonen om budsjettet er det difor gjort visse endringar i teksta for å få ho på line med språkbruken i langtidsplanen. Dei vestlege landa tolkar vedtaket slik at det ikkje hindrar Generalsekretæren - i eigenskap av øvste administrative leiar av organisasjonen - frå å opptre som om menneskerettar er eit overgripande tema.

Generalforsamlinga vedtok separate og markant auka budsjett for FNs krigsforbrytardomstolar for 1998. Tribunalet for det tidlegare Jugoslavia fekk ein budsjettvekst på over 30 prosent, og Rwanda-tribunalet over 40 prosent. Den store auken har delvis bakgrunn i at stillingar som i dag er fylte med gratispersonell skal omdannast til regulære stillingar. Men det er også snakk om ei reell opptrapping av verksemda, under dette bygginga av eit nytt rettslokale ved domstolen for det tidlegare Jugoslavia. Noreg heldt sitt eige innlegg om finansiering av domstolane der ein streka under at desse treng tilstrekkelege ressursar til å kunne nå eit godt resultat.

Noreg stod tilslutta EUs innlegg om FNs personalpolitikk. Innlegget støtta vidare utvikling av prestasjonslønn og personalvurdering, og meir familievennlege ordningar som omfattar velferdspermisjon og farspermisjon. Noreg heldt vidare sitt eige innlegg om FNs felles lønns- og tenestesystem, der ein mellom anna minna om at FN-tilsette har dårlegare vilkår enn dei som er tilsette i Bretton Woods-institusjonane. Det kan etter norsk syn vera ønskjeleg med eit meir fleksibelt lønnssystem, som gjer det mogleg for FN å konkurrere om dei beste folka.

3.13.3 FNs bidragsskala

FN vedtek ein ny skala for medlemslanda sine bidrag til organisasjonen kvart tredje år. Metodologien som skalaen bygger på, er etter kvart vorten eit ugjennomtrengjeleg villniss av føresegner. Dette gjev mange urimelege utslag. Til dømes betaler Kina berre 0,9 prosent av FNs utgifter, medan Noreg betaler 0,6 prosent. Det er særleg Japan, oljeland og andre utviklingsland med rask økonomisk vekst som hauster fordelar av metodologien slik han er no, medan dei austeuropeiske landa klart vert ilikna for høge bidrag i høve til betalingsevna.

Frå dei vestlege landa si side har det vore eit krav gjennom heile 1990-talet å få til ei grunnleggjande reform av bidragsskalaen, for å gjera han rimeleg, enkel, pårekneleg, sjølvjusterande og felles for det regulære budsjettet og dei fredstryggjande operasjonane. Men forhandlingane om bidragsskalaen er prega av manglande generøsitet og sans for proporsjonar, og det synest å gå nasjonal prestisje i arbeidet med å minske sitt eige lands bidrag så langt råd er.

Noreg leidde forhandlingane om grunnlaget for ein ny bidragsskala for 1998 - 2000 både på haustsesjonen i den 51. generalforsamlinga og på den vidareførte sesjonen. Tilhøva låg likevel ikkje til rette for å oppnå konsensus om dei retningslinene som FNs bidragskomité skulle få. Eit fleirtal av medlemslanda ønskte tydelegvis ikkje endringar i skalaen.

USA var sterkt oppteken av å få senka taket i bidragsskalaen frå 25 til 20 prosent og arbeidde ivrig for å få dette til frå byrjinga av 1997. Det amerikanske senatets framlegg til delvis oppgjer av USA si gjeld over ein treårsperiode stilte som vilkår at ei slik senking vart vedteken av FN. Kongressen si vegring i denne saka førte den amerikanske FN-delegasjonen ut på sidelina midt i forhandlingane om bidragsskalaen, og det herska etter kvart ei antiamerikansk stemning mellom fleirtalet av medlemslanda i Generalforsamlinga sin 5. komité som handsamar FNs administrasjon og budsjett. USA måtte difor heilt gje opp kravet om ei senking av taket til 20 prosent. I det norske innlegget tidleg i sesjonen vart det sagt at FN burde vurdere fordelar og ulemper ved å senke taket, men berre i samanheng med oppgjer av uteståande gjeld til FN.

Etter svært vanskelege forhandlingar kunne Generalforsamlinga to dager før julaftan vedta ein bidragsskala for 1998 - 2000. Metodologien som ligg til grunn for skalaen, gjer han ikkje enklare å forstå, men inneheld visse mindre reformer, nokre av dei særleg positive for små statar. Bruken av nyare økonomisk statistikk fører også til ein del justeringar: Kinas del stig frå 0,75 til 0,90 prosent, og Noregs del stig frå 0,56 til 0,60 prosent.

Etter eit initiativ frå USA, som både Noreg og EU støtta, vart det teke inn ein såkalla revisjonsklausul i vedtaket om bidragsskala. Her vert Generalforsamlinga pålagd før utgangen av den 52. sesjonen, dvs. innan 7. september 1998, å be bidragskomiteen studere skalametodologien i lys av framkomne opplysningar. Denne klausulen held døra open for at USA kan få diskutert spørsmålet om senking av taket i det fagorganet som har rett til å koma med framlegg om bidragsskalaen til Generalforsamlinga. Noreg stod tilslutta ei stemmeforklaring om bidragsskalaen frå EU i plenum, der EU sa at ein berre kunne gå med på ei eventuell revurdering av skalaen, dersom USA i mellomtida har innbetalt eller gjeve bindande tilsegn om betaling av ein større del av gjelda.

FNs bidragsskala vert også lagt til grunn for dei skalaene som særorganisasjonane i FN-familien nyttar, men med ei viss tilpassing.

3.13.4 Utfasing av gratis personell

FN har i ei årrekkje nytta seg av arbeidskraft innlånt frå medlemsland utan kostnad for organisasjonen, såkalla gratispersonell. Omfanget auka sterkt då FN på byrjinga av 1990-talet opplevde ein enorm vekst i dei fredstryggjande operasjonane. Heile 25 prosent av staben i FNs avdeling for fredstryggjande operasjonar er i dag gratis innlånt personell. Også ved krigsforbrytardomstolane finst det ein god del slikt personell. Noreg har sidan 1996 lånt ut 6 offiserar til gratis teneste i FN-sekretariatet og endå fleire ekspertar til domstolane.

Bruken av gratispersonell i FN har i ei tid vore ei ømtolig sak. Utviklingslanda har meir og meir gått imot bruken av denne typen personell fordi dei meiner ordninga holer ut det internasjonale tenestemannskorpset og favoriserer dei rike landa. Ordninga kan føre til at desse får ein større del av FN-tilsette enn dei har krav på. Dermed får dei rike landa ein utilbørleg innverknad på FNs arbeid, meiner motstandarane, samtidig som FN-pakta si føresegn om rimeleg geografisk fordeling av stillingar vert sett til sides.

Generalsekretæren gjekk i sin andre reformpakke sommaren 1997 inn for ei gradvis utfasing av noverande gratispersonell i FN-teneste. I september 1997 vedtok den 51. generalforsamlinga på vidareført sesjon resolusjon 51/243 om utfasing av heile ordninga med gratispersonell og pålegg Generalsekretæren å føre opp alle stillingar i budsjettet. Resolusjonen gjev han høve til å bruke gratispersonell berre i følgjande tilfelle:

  • For å tilføre ekspertise som ikkje finst i organisasjonen, til heilt spesielle funksjonar og i eit avgrensa og spesifisert tidsrom, etter at budsjettet er vedteke.

  • For mellombelse og presserande oppgåver i samband med nye eller utvida mandat, medan ein ventar på vedtak i Generalforsamlinga om nivået på ressursane til å utføre slike mandat.

Resolusjonen omfattar ikkje juniorekspertar eller ekspertar stilt til rådvelde for FN for å utføre faglege bistandsaktivitetar. I praksis gjeld det også visse unntak for fredstryggjande operasjonar, humanitær hjelp og krigsforbrytartribunala for Rwanda og det tidlegare Jugoslavia.

3.13.5 Tilsyn og kontroll

Noreg deltok aktivt i handsaminga på haustsesjonen av rapportane frå FNs revisorråd, årsrapporten frå FNs avdeling for internkontroll (OIOS) og dei to siste årsrapportane frå FNs inspektørgruppe (JIU). Det vart halde eigne norske innlegg om alle tre saksfelta. Noreg deltok også aktivt i forhandlingane våren og hausten 1997 om styrking av alle kontrollmekanismane i FN - mellom anna ei utviding av talet på medlemmer i Den rådgjevande komiteen for administrasjons- og budsjettspørsmål (ACABQ). USA gjorde framlegg om ei slik utviding etter at landet for første gong vart utestengt frå medlemskap i ACABQ ved val hausten 1996. Den amerikanske kongressen stilte krav om at USA måtte koma med i ACABQ for at ein del av USA si bidragsgjeld skulle bli betalt.

Desse forhandlingane førte likevel ikkje til noko på grunn av motstand frå G-77 og frustrasjon over den amerikanske haldninga. Handsaminga av saka vart suspendert etter framlegg frå Danmark.

Etter norsk syn er det skapt ein struktur av organ for revisjon, tilsyn og inspeksjon ved FN som no fungerer godt og samordna. Sjølv om kontrollspørsmål og krav om meir effektiv ressursbruk no får større merksemd i og utanfor FN, er det likevel eit problem at oppfølginga av Revisorrådet sine tidlegare tilrådingar i beste fall framleis vert ujamn.

Styrking av kontrollfunksjonen på landnivå er framleis viktig, også ved avviklinga av FN-operasjonar. Etter norsk syn treng FN-systemet ei betre samordning på landnivå på ei rekkje område, ikkje minst oppfølginga av revisjonsfunn. I denne samanhengen går Noreg inn for at Revisorrådet sine rapportar for kvar rekneskapsperiode skal handsamast under eitt av FN-systemet sin administrative samordningskomité (ACC).

Når det gjeld UNHCR spesielt, medfører organisasjonen si omfattande feltverksemd spesielle utfordringar for kontrollfunksjonen. Revisorrådet peikar på misferd i felten som samarbeidspartnarane har gjort seg skuldige i. Ut frå det store omfanget som verksemda har, har Noreg støtta omfattande bruk av private organisasjonar i gjennomføringa av UNHCRs program. Noreg har også hjelpt UNHCR i arbeidet med å betre innsyn, ansvar og revisjon hjå desse. Frå norsk side meiner ein at UNHCR i det store og heile er ein veldriven organisasjon.

Noreg gav honnør til den tredje årsrapporten frå OIOS, som stadfestar at det interne kontrollorganet har fått godt fotfeste i FN. OIOS gjer sitt til at det vert spart store summar ved å påvise ineffektivitet og sløseri, tilrå administrative betringar, undersøkje misferd, krevje tilbakebetalingar og opptre førebyggjande og avskrekkande. Noreg støtta også OIOS-rapporten sitt syn på behovet for betre desentralisering og delegering i FN-sekretariatet, og oppmuntra til å halde fram innsatsen for å forenkle alle reglane og reglementa som vanskeleggjer personaladministrasjon og forvaltning av finansielle ressursar i FN.

I innlegget om FNs inspektørgruppe (JIU) gav Noreg honnør til dei framstega som er gjorde dei to siste åra for å styrkje relevansen av JIUs verksemd for dagens FN, og for å betre samarbeidet med andre tilsynsorgan. Ein sa vidare at JIU bør få større fridom til å velje utgreiarstaben sin, som spelar ei nøkkelrolle for inspektørane. Når det gjeld JIUs gjennomslagskraft, hevda Noreg at denne ville bli større dersom ein konsentrerte innsatsen og produserte færre rapportar.

3.14 Juridiske spørsmål

Juridiske spørsmål vert delvis drøfta direkte i plenum og delvis med føregåande handsaming i 6. komité, som er hovudkomiteen for folkerettslege spørsmål. Alle resolusjonar om juridiske spørsmål ved årets sesjon vart vedtekne med konsensus.

3.14.1 Opprettinga av ein fast, mellomfolkeleg straffedomstol

Eit sentralt tema for Generalforsamlinga si 6. komité under årets generalforsamling var oppretting av ein fast mellomfolkeleg straffedomstol. Det var brei semje om at domstolen må fokusere på dei mest alvorlege internasjonale brotsverka, mellom anna folkemord, brotsverk mot menneskja og alvorlege krigsbrotsverk. Ein del land ville også ta med aggresjonsbrotsverk. Ein innser likevel at definisjonen av aggresjon er vanskeleg og i tillegg nært knytt til spørsmålet om domstolen sitt tilhøve til Tryggingsrådet i FN, noko som er eit anna førebels uavklart spørsmål. Dei fleste statane, mellom anna Noreg, har gått inn for at domstolen sin klagar må ha høve til å ta opp saker på eige initiativ og at domstolen kan handsama saker utan særskild samtykke frå dei statane sakene gjeld etter at dei har slutta seg til ein konvensjon om å opprette domstolen. Nokre land har likevel klare reservasjonar på desse punkta. Vidare uttrykte Noreg glede over at fleire og fleire statar tek del i det førebuande arbeidet. Dette vert sett på som viktig i høve til legitimiteten til domstolen. Generalforsamlinga vedtok å be FNs generalsekretær innkalle til ein diplomatkonferanse i Roma 15. juni - 17. juli 1998 for å forhandle fram ein traktat om oppretting av ein slik domstol. Noreg er ein av pådrivarstatane i førebuingane til konferansen og uttrykte i innlegget glede over at fleire og fleire statar deltek, sidan legitimiteten til domstolen føreset brei oppslutnad.

3.14.2 Havrettsspørsmål

FN-avtalen om fiske på ope hav, som supplerer FNs havrettkonvensjon av 1982, vart vedteken i 1995. Etter ein fase prega av regelutvikling og kodifisering er arbeidet med havrettsspørsmål difor inne i ein konsolideringsfase, der det er ei sentral målsetjing å sikre så stor oppslutning som råd om Konvensjonen og Avtalen om fiske på ope hav. Per 11. februar 1998 er 123 statar part i Havrettskonvensjonen. Avtalen om fiske på ope hav vil tre i kraft når han er ratifisert av 30 statar. Per 1. april 1998 har 16 statar, mellom desse Noreg, ratifisert avtalen. Noreg understreka i eit nasjonalt innlegg under debatten at fisket på ein del artar på ope hav i visse tilfelle er så alarmerande at ein ikkje kan vente til FN-avtalen trer i kraft med å få uregulert fiske under kontroll. Noreg vektlegg difor verdien av å innarbeide prinsipp i avtalen i regionale fiskeriforvaltningsordningar.

Vidare vart det frå norsk side peikt på at føresegnene i Havrettskonvensjonen vil få følgjer for mange mellomfolkelege organisasjonar. I denne samanhengen er det viktig å sikre ei einsarta rettsutvikling. Dette vil stille nasjonalstatar og FN-sekretariatet overfor store utfordringar når det gjeld samordning på dette feltet.

Generalforsamlinga handsama også i år tre hovudresolusjonar om havrettsspørsmål, ein generell resolusjon og to resolusjonar som omhandlar fiskerispørsmål. Den eine av fiskeriresolusjonane omhandlar spørsmål knytt til fiske på ope hav, særleg tiltak retta mot å minske overfiske. Resolusjonen understrekar verdien av å minske slikt fiske, mellom anna ved å la Avtalen om fiske på ope hav gjelde mellombels. Den andre omhandlar uautorisert fiske i soner under nasjonal jurisdiksjon, bifangst, utkast og bruk av såkalla kjempedrivgarn. Begge resolusjonane understrekar at det er viktig at prinsippa for ei meir berekraftig forvaltning av fiskeriressursane får brei oppslutning, og forhandlinga av tekstene i år var prega av større grad av semje om desse prinsippa enn tidlegare. Begge resolusjonane vart vedtekne med konsensus.

3.14.3 Andre juridiske spørsmål

Generalforsmlinga vedtok ein konvensjon om tiltak mot terroristbombing med bakgrunn i eit framlegg til tekst frå ein ad hoc-komité som vart nedsett på førre generalforsamling etter framlegg frå USA. Det amerikanske initiativet må mellom anna sjåast i samanheng med særlege tiltak retta mot terrorisme etter bombeattentatet mot den føderale bygninga i Oklahoma i 1996. Etter hard tautrekking i Generalforsamlinga, der spørsmålet om bruk av konvensjonen på militære styrkar stod sentralt, vart resolusjonen vedteken ved konsensus.

I debatten om internasjonal terrorisme vart alle typar terrorhandlingar fordømde, og det vart oppmoda til meir mellomfolkeleg samarbeid for å motarbeide problemet. Debatten framheva likevel også usemja om innhaldet i omgrepet terrorisme, mellom anna i høve til legitim frigjeringskamp. Den allmenne resolusjonen om terrorisme stadfesta den «handlingsplanen» det vart lagt opp til i resolusjonen i fjor, der utarbeidinga av først ein konvensjon om kjernefysisk terrorisme og deretter ein allmenn konvensjon om terrorisme vil halde fram i regi av ein ad hoc-komité. I debatten stod Noreg tilslutta EU sitt innlegg. Noreg gav i ei stemmeforklaring etter at resolusjonen hadde vorte vedteken, der ein gav uttrykk for at ein ikkje støtta arbeidet for å opprette ein konvensjon som søkjer å gje ein allmenn definisjon av terrorisme.

I 1999 er det hundre år sidan den første mellomfolkelege fredskonferansen i Haag, og året markerer dessutan avslutninga av FNs folkerettstiår (1991-99). Generalforsamlinga inviterte til markering av hendingane mellom anna gjennom ein serie møte og konferansar som ein kan kalle den tredje mellomfolkelege fredskonferansen.

Folkerettskommisjonen, som er eit ekspertorgan oppretta av Generalforsamlinga i 1947, la på den 52. generalforsamlinga fram eit utkast til ei erklæring om statssuksesjon - eit spørsmål som reiser seg for eksempel når ein stat vert delt opp i fleire nye statar - og følgjene av dette for innbyggjarane sitt statsborgarskap. Det fellesnordiske innlegget under dette punktet uttrykte nøgd med resultatet av kommisjonen sitt arbeid, særleg med omsyn til dei involverte statane si plikt til å unngå at nokon vert statslause. Kommisjonen la vidare fram tolv paragrafar som inneheldt førebelse konklusjonar om reservasjonar til multilaterale traktatar, mellom anna menneskerettskonvensjonar. Det nordiske innlegget, stilte mellom anna spørsmål ved kva mekanismar som burde tre i kraft dersom ein reservasjon som ikkje kan godtakast, ikkje blir trekt tilbake. Kommisjonen kom vidare med framlegg til handsaming av spørsmålet om handtering av reservasjonar til multilaterale konvensjonar, mellom anna menneskerettskonvensjonar.

Noreg var vidare medframleggsstillar til to resolusjonar vedtekne av Generalforsamlinga om FNs kommisjon for mellomfolkeleg handelsrett (UNCITRAL), der det mellom anna vart uttrykt nøgd med at Folkerettskommisjonen hadde ferdigstilt ei modellov for handsaming av tverrnasjonal insolvens.

3.15 Deltaking av frivillige organisasjonar

Under dei store FN-konferansane på 1990-talet vart det innført ein praksis med rett for frivillige organisasjonar til å delta i førebuingane, gjennomføringa og oppfølginga utan omsyn til om organisasjonane hadde samrådsstatus i høve til FNs økonomiske og sosiale råd (ECOSOC) eller ikkje. Etter Rio-konferansen vart det difor i 1993 innleidd eit arbeid med å revidere dei eksisterande, meir restriktive retningslinene frå 1968 om FN sitt tilhøve til dei frivillige organisasjonane. Dette arbeidet vart sluttført i ECOSOC sommaren 1996, og det vart vedteke nye retningsliner. Det vil likevel framleis vera behov for å gjera unntak frå reglane, slik at frivillige organisasjonar kan halde fram med å følgje arbeidet i dei funksjonelle kommisjonane med omsyn til oppfølging av konferansane, fram til dei mange organisasjonane det her gjeld, kan få ordna det formelle tilhøvet sitt til ECOSOC. Det vart også vedteke at Generalforsamlinga skal sjå nærare på dei frivillige organisasjonane sitt tilhøve til FN-systemet allment - også utanfor ECOSOC sitt virkefelt og dei store FN-konferansane. Dette arbeidet har vore vanskeleg. Under Generalforsamlinga i år prøvde ei rekkje land som ønskjer at dei frivillige organisasjonane skal delta meir, mellom anna Noreg, å fremja ein resolusjon for å få til dette. Dette lukkast likevel ikkje på grunn av motstand frå land som vanlegvis har ei restriktiv haldning til folkeleg deltaking og frivillige organisasjonar, mellom andre Egypt, Cuba, Kina og Algerie. Ein vart difor ståande att med eit minstevedtak om å be Generalsekretæren utarbeide ein rapport om frivillige organisasjonar og FN-systemet. Rapporten vil bli vurdert under den 53. generalforsamlinga.

Til forsida av dokumentet