St.meld. nr. 44 (1999-2000)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 2000 og fisket etter avtalene i 1998 og 1999

Til innholdsfortegnelse

1 Samandrag

Totalkvoten for torsk i Barentshavet er redusert frå 480.000 tonn i 1999 til 390.000 tonn i 2000, grunna utviklinga i den norsk arktiske torskebestanden. Også totalkvoten for hyse blei redusert i 2000. Bestandssituasjonen for blåkveite førte til at det heller ikkje i 2000 blei opna opp for eit direkte fiske etter blåkveite. Loddebestanden er i følgje Det internasjonale havforskningsrådet innanfor trygge biologiske grenser, og det er sett ein kvote på 435.000 tonn lodde i Barentshavet i 2000. Den norske kvoten er på 261.000 tonn. Leveransane av konsumlodde er avgrensa til 50.000 tonn. Leveransar av samfengt lodde, som i hovudsak er retta mot konsum i Russland, er ikkje medrekna i dette konsumkvantumet. Av omsyn til bestandssituasjonen for uer er det også i 2000 sett forbod mot eit direkte fiske etter uer i områda nord for 70° N. Eit avgrensa russisk uerfiske er unntatt frå forbodet, som ledd i den vitskaplege kartlegginga av uerbestandane. Det er også for 2000 forbod mot eit kommersielt fiske etter kongekrabbe.

Ei høgt prioritert oppgåve i samarbeidet om forvaltnings- og kontrollspørsmål mellom Noreg og Russland, er eit pilotprosjekt om satellittsporing. På grunnlag av erfaringane frå dette prosjektet skal det leggjast fram ein plan for innføring av satellittsporing av russiske og norske fartøy under fiske i dei to partane sine økonomiske soner. Ei anna sentral oppgåve omfattar forslag om harmonisering av reglane om mellom anna maskevidde, minstemål og innblanding av fisk under minstemålet i torskefisket.

Noreg og EU blei i 1997 samde om å setje i verk eit nytt silderegime i Nordsjøen med verknad frå 1. januar 1998. Dette løyste eit av dei tyngste problemkompleksa i fiskerisamarbeidet mellom Noreg og EU. Etter avtala har Noreg ein andel på 29 % mens EU har ein andel på 71 % av totalkvoten for sild, som i 2000 er sett til 265.000 tonn. Dette er ei vidareføring av totalkvoten frå 1999. Det nye sildearrangementet inneheld forvaltningsmålsettingar og tiltaksgrenser som grunnlag for kvotefastsetting. Som ein konsekvens av det nye silderegimet er det også i 2000 sett sterke avgrensingar i uttaket av ungsild.

For å betre situasjonen for konsumfellesbestandane i Nordsjøen har Noreg og EU for 2000 vedtatt langsiktige forvaltningsstrategiar basert på føre var prinsippet for sei, torsk, hyse og raudspette. Ei arbeidsgruppe skal innan dei regulære forhandlingane om kvotar i år 2001, kome med forslag om ein langtidsstrategi for kviting.

Totalkvotane for torsk, hyse, sei og kviting blei i tråd med anbefalinga frå havforskarane redusert vesentleg i 2000 samanlikna med i 1999.

Det blei i 1999 inngått bilaterale kontrollavtaler med Storbritannia og Frankrike. Noreg og EU har vedtatt å innføre gjensidig satellittsporing av fiskefartøy som fiskar i partane sine soner frå 1. januar 2000. Ei avtale ble inngått mellom Noreg og EU i januar 2000 for å sikre den praktiske gjennomføringa av satellittsporinga.

Færøyane er no akseptert som kyststat til makrellen av Noreg og EU. Det er inngått ei avtale mellom dei tre kyststatane om forvaltninga av makrellen i 2000. Denne avtala inneber at det er sett ein såkalla referanse-TAC i 2000 på 560.000 tonn makrell. I trepartsforhandlingane blei partane samde om ein kvote til Færøyane. Fordelinga mellom Noreg og EU er framleis gjenstand for bilaterale forhandlingar mellom Noreg og EU.

Det vil i 2000 foregå eit gjensidig fiske av fartøy frå Noreg og Island, i tråd med den trilaterale avtala av 15. mai 1999 mellom Noreg, Island og Russland.

EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk vårgytande sild i 2000 på 1.252.000 tonn. Innanfor denne kvoten er fisket for dei fem landa avgrensa til 1.250.000 tonn. Den norske kvoten er på 712.500 tonn. I samband med avtala er det inngått bilaterale avtaler med dei andre partane om gjensidig løyve til å fiske i dei ulike økonomiske sonene. På møtet i Torshavn var partane vidare samde om ein ny forvaltningsstrategi for norsk vårgytande sild frå og med 2001. Denne er basert på føre var prinsippet og tar sikte på å hindre eit nytt samanbrot i sildebestanden.

NEAFC har sett ein kvote på 102.000 tonn norsk vårgytande sild (nvg-sild) for områda utanfor nasjonal jurisdiksjon. Kvoten er ein del av det totale uttaket av norsk vårgytande sild på 1.252.000 tonn som er fastsett for 2000. Det er sett ein totalkvote for kolmule på 650.000 tonn i 2000. Kvoten er ikkje fordelt mellom medlemslanda i NEAFC. Ein arbeidsgruppe i NEAFC starta i 1999 arbeid om den framtidige reguleringa av kolmulebestanden. Drøftinga av forvaltninga av kolmulebestanden foregår nå i fempartsforhandlingar mellom kyststatane Grønland, Island, Færøyane, EU og Noreg. Uerkvoten i Irmingerhavet blei sett til 120.000 tonn. Noreg sin uerkvote er på 4.586 tonn. NEAFC har vedtatt ein totalkvote i internasjonalt farvatn i Norskehavet («Smotthavet») på 50.000 tonn makrell. Denne makrellkvoten er fastsett i samsvar med dei reguleringane dei tre kyststatane Noreg, Færøyane og EU er samde om i 2000. Russlands makrellkvote skal reduserast fram til og med 2001. Dei russiske kvotekutta skal gradvis overførast til den kvoten Noreg, EU og Færøyane samla disponerer i internasjonalt farvatn.

Noreg har vore representert i ulike møte i fleirnasjonale organisasjonar som CCAMLR, ICCAT og SEAFO, jamfør omtale nedanfor.

Rekefisket frå land som tradisjonelt har fiska reker i fiskevernsona ved Svalbard er regulert med fiskedøgn og tal på fartøy. Dei landa som kan fiske reker i fiskevernsona er Canada, Estland, Litauen, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg og Russland.

Dei norske fartøya har nytta kvotane på fellesbestandane torsk og hyse nord om 62° N godt i 1998, desse kvotane blei også nytta fullt ut i 1999. I tillegg til Noreg sine ordinære kvotar på torsk og hyse nord om 62° N, har norske reiarlag kjøpt kvotar på desse artane frå Russland både i 1998 og 1999.

I Nordsjøen blei dei norske kvotane på fellesbestandane makrell og sild oppfiska i 1998 og 1999. Seikvoten blei også godt utnytta begge åra, mens kvotane på dei andre konsumfellesbestandane ikkje blei utnytta i same høge grad.

Den norske kolmuleflåten fiska svært mykje kolmule i internasjonalt område både i 1998 og i 1999. Tilsaman blei det i 1998 fiska 240.000 tonn kolmule i internasjonalt område, eit kvantum langt utover det som har vore vanleg i tidlegare år. I 1999 rapporterte norske fartøy inn 217.000 tonn kolmule frå internasjonalt område. I 1998 utnytta norske fartøy kolmulekvotane i EU-sona og Færøy-sona fullt ut, mens dei i 1999 tok 213.000 tonn av ein norsk kvote på 235.000 tonn kolmule i EU-sona og heile kvoten på 39.000 tonn i Færøy-sona. Norske fartøy fiskar tradisjonelt kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen.

Norske linefartøy utnytta omlag 62 % av botnfiskkvotane av lange og brosme i EU sine farvatn i 1998, mens utnyttingsgraden var omlag 67 % i 1999.

I færøyske farvatn har norske fartøy fiska mest lange og brosme innanfor botnfiskkvoten. Utnyttingsgraden var høg både i 1998 og i 1999.

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalene med Grønland og dei bilaterale avtalene mellom Noreg og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, kveite og reker av stor verd. Kvotane av blåkveite og kveite blir godt utnytta. Rekekvotane blei ikkje fullt utnytta korkje i 1998 eller 1999.

I sesongane 1998/99 og 1999/00 har dei norske fartøyane ikkje fiska heile den norske loddekvoten i områda ved Grønland, Island og Jan Mayen.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 1998 og 1999.

Sidan våren 1993 har norske fartøy fiska reker i NAFO-området på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap har historisk ikkje vore kvoteregulert, men med verknad frå 1996 blei det inngått ei internasjonal avtale om å regulere talet på fartøy som kan delta i fisket og det samla talet på døgn som fartøya kan fiske. Den norske deltakinga i 1998 og 1999 er monaleg redusert i høve til 1996. Rekefisket ved Flemish Cap er likevel eit viktig potensielt driftsalternativ for rekeflåten, særleg er dette tilfelle for Grønlandsrekeflåten.

I tillegg til fisket innanfor kvoteavtaler med andre land, har norske fartøy sidan 1990 fiska uer i internasjonalt område i Irmingerhavet. Dette fisket nådde ein topp i 1992 og 1993 med omlag 14.600 tonn begge åra, men er sidan redusert til i overkant av 750 tonn i 1998. I 1999 auka fangstane igjen til omlag 3.000 tonn. Med verknad frå 1996 blei det inngått ei internasjonal multilateral avtale for fiske i området og Noreg blei etter denne avtala tildelt ein kvote på 6.000 tonn både i 1998 og 1999.

Av dei fem avtalepartnarane var det berre Noreg som fiska heile kvoten sin av norsk vårgytande sild i 1998 og 1999. Fangsten fordelt på soner viser at norsk økonomisk sone er området med desidert størst fangst både i 1998 og 1999.

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62° N er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området. Unntaket er Island som i sin første sesong etter «Smotthol»-avtalen tredde i kraft, berre fiska 1.931 tonn torsk av ein kvote på 4.450 tonn.

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på konsumfiskartar, sild, makrell og industrifisk som tobis, augepål, kolmule, hestmakrell og brisling. EU si utnytting av makrellkvoten i norsk sone av Nordsjøen i 1998 og 1999 var god. EU har dessutan nytta kvotane godt av torsk, hyse og sei i norsk område av Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak var også gjennomgåande høg for EU (Sverige og Danmark).

I motsetnad til dei siste føregåande åra blei Færøyane sin seikvote i Nordsjøen omlag nytta fullt ut i 1998. I 1999 fiska Færøyane omlag 2/3 av seikvoten sin. I høve til kvotane sine har Færøyane fiska mykje sild og makrell i Nordsjøen i 1998 og 1999.

Grønland har sidan inngåinga av kvoteavtala i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen. Det er ikkje registrert grønlandsk fiske korkje i 1998 eller 1999.

I hovudsak utnyttar Sverige godt dei svenske bilaterale torske-, sei-, makrell-, silde- og rekekvotane sine i norsk sone av Nordsjøen. Sverige utnytta industrifiskkvotane fullt ut i 1998 og 1999.

Polen har tradisjonelt nytta seikvoten sin godt.

Til forsiden