St.meld. nr. 44 (1999-2000)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 2000 og fisket etter avtalene i 1998 og 1999

Til innholdsfortegnelse

3 Dei ulike fiskeriavtalene for 2000

I tråd med det avtaleverket som det er gjort greie for i St meld nr 49 (1994-95) og i tråd med seinare inngåtte rammeavtaler (fempartsavtala om norsk vårgytande sild og «Smottholsavtala»), fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land. Dei viktigaste forhandlingane for 2000 er førte med Russland, EU, Færøyane, Grønland og Island. Det er også ført forhandlingar med EU, på vegner av Danmark og Sverige, om reguleringstiltaka i Skagerrak og Kattegat. I tillegg har Noreg ført forhandlingar med Polen og EU (på vegner av Sverige), og trepartsdrøftingar med Island og Grønland om regulering av lodda i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen. Noreg har også deltatt i dei årlege møta i dei regionale fiskeriorganisasjonane NAFO og NEAFC. Noreg har deltatt i IWCs årsmøte.

Som medlem i CCAMLR er Noreg representert på organisasjonen sine møter. Noreg tek også del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonane ICCAT og SEAFO.

3.1 Det førebuande arbeidet

Noreg er medlem i Det internasjonale havforskingsrådet, ICES (International Council for the Exploration of the Sea). ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gir regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og nasjonalstatane langsmed Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av det marine miljøet og dei marine ressursane. ICES har ein rådgjevande komité for fiskeriforvaltning, ACFM (Advisory Committee on Fisheries Management). ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årleg råd om fangstmengd for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren. Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES.

Figur 3.1 viser dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving.

Figur 3.1 ICES - fiskeristatistiske områder

Figur 3.1 ICES - fiskeristatistiske områder

Fiskeridepartementet utnemner forhandlingsdelegasjonar med representantar frå Fiskeridepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet, Utanriksdepartementet, Norges Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund og Fiskerinæringens Landsforening.

Før dei årlege forhandlingane med andre land om forvaltningsspørsmål startar, held Fiskeridepartementet konsultasjonar med dei berørte institusjonane og organisasjonane i næringa. På desse møta blir det gjort greie for tilrådingane frå ICES, og opplegget for forhandlingane med dei enkelte landa blir drøfta. Her blir grunnlaget lagt for kva som skal vere instruksen for forhandlingsdelegasjonen. Denne instruksen blir endeleg klarert av fiskeriministeren. Dersom særlege omsyn talar for det, rådfører fiskeriministeren seg med resten av Regjeringa.

3.2 Kvoteavtalene for 2000

Avtaler om gjensidige fangstkvotar

Noreg - Russland

Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona rundt Svalbard. År om anna er det mogleg å fiske torsk også i internasjonalt farvatn.

I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar for fellesbestandane i Barentshavet (norsk arktisk torsk, norsk arktisk hyse og lodde). Partane avtaler også fordelinga av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland, blir kvotane for norsk arktisk torsk og norsk arktisk hyse fordelte med 50 % til kvar av partane. Tredjelandskvoten av norsk arktisk torsk og hyse blir fordelt med 60 % til Noregs økonomiske sone og 40 % til Russlands økonomiske sone (RØS). Avtala opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på desse bestandane i den andre parten si sone. Loddebestanden er fordelt med 60 % til Noreg og 40 % til Russland. Avtala inneber også kvotebyte på eksklusive, nasjonale fiskebestandar.

Kvoteavtala mellom Noreg og Russland blei underskriven i Murmansk 19. november 1999, jamfør vedlegg 1: protokoll frå den 28. sesjon i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen.

For 2000 har Noreg og Russland fastsett ein TAC for norsk arktisk torsk på 390.000 tonn, medrekna 40.000 tonn murmansktorsk. I tillegg kjem 40.000 tonn norsk kysttorsk. Dette er ein reduksjon samanlikna med 1999, då totalkvoten var på 480.000 tonn. Det er avsett ein kvote til tredjeland på 55.200 tonn. Av dette kan 15.600 tonn fiskast i fiskevernsona ved Svalbard. Resten av kvoten til tredjeland er fordelt med 23.000 tonn til NØS og 16.600 tonn til RØS. Russland har overført 6.000 tonn norsk arktisk torsk til Noreg i 2000. Etter overføringa er den samla norske kvoten for norsk arktisk torsk på 193.400 tonn, medrekna dei 40.000 tonna norsk kysttorsk. Den samla russiske torskekvoten, medrekna 40.000 tonn murmansktorsk, er på 181.400 tonn.

Partane er samde om å be ICES revidere bestandsberekningane for torsk i lys av resultatane frå forskningstokta vinteren og våren 2000.

For norsk arktisk hyse har Noreg og Russland sett ein totalkvote på 62.000 tonn. Dette er ein reduksjon frå 78.000 tonn i 1999. Av denne er det avsett ein kvote til tredjeland på 3.200 tonn, som er delt med 1.920 tonn til NØS og 1.280 tonn til RØS. Russland har overført 4.000 tonn norsk arktisk hyse til Noreg i 2000. Etter overføring er den norske kvoten på 33.400 tonn og den russiske på 25.400 tonn.

For å sikre ei optimal utnytting av torske- og hysebestandane nord for 62° N slik at ein unngår å fiske ungfisk, har Noreg tradisjonelt gitt Russland adgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noregs økonomiske sone. Av omsyn til balansen i kvoteavtala er Noreg og Russland for 2000 samde om lik adgang til å fiske torsk og hyse i partane sine soner. I 2000 kan såleis Russland fiske 140.000 tonn torsk og 20.000 tonn hyse av sine kvotar i Noregs økonomiske sone. Noreg har høve til å fiske det same kvantumet torsk og hyse i Russlands økonomiske sone.

Det har ikkje vore fiska lodde i Barentshavet sidan vinteren 1993. I følgje Det internasjonale havforskningsrådet er loddebestanden no innanfor sikre biologiske grenser. Det blei opna opp for eit eksperimentelt fiske av lodde innanfor ein kvote på 80.000 tonn i 1999. For 2000 blei det fastsett ein kvote på 435.000. Den norske andelen er på 261.000 tonn og den russiske på 174.000 tonn. Fiskeridepartementet har for 2000 bestemt at norske leveransar av konsumlodde skal vere avgrensa til 50.000 tonn. Leveransar av samfengt lodde som i hovudsak er retta mot konsum i Russland, er ikkje medrekna i dette konsumkvantumet.

Når det gjeld russisk fiske på eksklusive norske bestandar i 2000, er Russland tildelt ein kvote på 2.000 tonn snabeluer (Sebastes mentella) for eit direkte fiske. Det er forbod mot eit direkte fiske av uer nord om 70° N. Russland har likevel adgang til eit direkte fiske som ledd i ei vitskapleg kartlegging av uerbestanden. Vidare har Russland ein kvote på 1.500 tonn samla av vanleg uer (Sebastes marinus) og snabeluer som bifangst, 2.500 tonn sei som bifangst ved fiske av torsk og hyse og 2.000 tonn steinbit for eit direkte fiske og som bifangst. I tillegg kan Russland drive eit prøvefiske avgrensa til 750 tonn reker i fiskerisona ved Jan Mayen og dessutan 50.000 tonn kolmule i same sona og i eit nærmare avgrensa område i Noregs økonomiske sone. Dette er dei same kvotane som for 1999.

I lys av bestandssituasjonen for blåkveite vil Russland vidareføre forbodet mot eit direkte fiske etter blåkveite i si sone i 2000. Med unntak av eit avgrensa tradisjonelt kystfiske med konvensjonell reiskap, vil det også i område under norsk fiskerijurisdiksjon vere forbod mot eit direkte fiske etter blåkveite i 2000.

Når det gjeld norsk fiske på eksklusive russiske bestandar i 2000, har Noreg fått desse kvotane i russisk økonomisk sone: 3.000 tonn reker, 1.500 tonn steinbit, 1.000 tonn flyndre og 500 tonn andre bestandar. I tillegg tillet Russland at Noreg driv eit forsøksfiske etter haneskjell i russisk sone, på vilkår som skal drøftast nærmare. Dette er same kvotar som i 1999.

Russland kan fiske 3.000 tonn bifangst av bestandar som ikkje er kvoteregulerte i Noregs økonomiske sone. Noreg kan fiske kvotane på 1.500 tonn steinbit og 1.000 tonn flyndre i et direkte fiske og som bifangst. Kvoten på 500 tonn ikkje kvoteregulerte bestandar gjeld bifangst i russisk sone under fiske på kvoteregulerte bestandar.

På slutten av 60-talet sette Russland, på eksperimentelt grunnlag, ut kongekrabbe (Paralithodes camtchatica) i Barentshavet. Krabben kjem opphavleg frå Okhotskhavet. Etter utsetjinga har krabbebestanden auka og sidan 1979 har ein funne kongekrabbe også i norske farvatn. På møte i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen blei det gjort vedtak om å vidareføre forbodet mot kommersielt fiske etter kongekrabbe. Som ledd i det pågåande forskingssamarbeidet på bestanden, kan partane ta 37.500 eksemplar kvar hausten 2000/vinteren 2001. Den framtidige forvaltninga av kongekrabbe, skal drøftast i eit særskilt utvalg under fiskerikommisjonen i samarbeid med forskarane.

Innanfor ramma av fiskerikommisjonen blir det kvart år nedsett ei felles arbeidsgruppe for å drøfte reguleringstiltak for selfangsten. Russland kan fange 2.500 vaksne dyr av grønlandssel og 2.800 vaksne dyr av klappmyss i Vesterisen. Noreg kan ta ein kvote i Austisen på 5.000 grønlandssel. Kvotane er medrekna årsungar.

Innanfor ramma av Den blanda norrsk-russiske fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. I 1992 blei partane samde om å innleie eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål under fiskerikommisjonen. I 1993 blei dei samde om å sette ned eit Permanent utvalg for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren. Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom dei to landa si kystvakt og kontrollmyndigheiter, medrekna utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata. Samarbeidet i Det permanente utvalget for forvaltnings- og kontrollspørsmål skal vidareførast i 2000. Blant dei sakene som har høg prioritet er samarbeidet om eit pilotprosjekt om satellittsporing av norske og russiske fiskefartøy. På grunnlag av ei evaluering av resultata frå dette prosjektet, skal Det permanente utvalget kome med ein plan for innføring av satellittsporing av fiskefartøy i dei to landa sine økonomiske soner. Innan det neste regulære møtet i fiskerikommisjonen skal utvalget utarbeide eit forslag til harmoniserte reglar om mellom anna maskevidde, minstemål og innblanding av fisk under minstemålet i torskefisket.

Partane er også samde om at når dei inngår kvoteavtaler med tredjeland, skal desse landa forplikte seg til å avgrense sitt fiske til dei kvotar som er tildelt av kyststatane, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noregs eller Russlands fiskerijurisdiksjonsområde. Det skal også i 2000 gjennomførast ein aktiv kontroll med tredjeland sitt fiske i Barentshavet, slik at fisket blir stansa når dei tildelte kvotane er oppfiska.

Noreg - EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)

Strukturen i avtalene

På grunnlag av rammeavtala med EU om fiskeri, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtaler om Noregs og EUs fiske i Nordsjøen, Noregs fiske vest av Dei britiske øyane samt EU sitt fiske i Noregs økonomiske sone i Barentshavet. Noreg blir også tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtala inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar om å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, mellom anna ved årleg å fastsette største tillatne fangstmengd for desse bestandane. Det har frå 1979 vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen. Partane kom i 1997 fram til ei avtale om fast fordeling av totalkvotane for nordsjøsild.

Eit anna element i kvoteavtala er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane. Nivået og omfanget av kvotebytet er grovt sett ei vidareføring av eit tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng også av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane.

Utfordringar i fiskerisamarbeidet

Noreg og EU har i løpet av dei siste tjue åra hatt eit nært samarbeid om ressursforvaltning. Arbeidet har gitt resultat, men det er framleis område der det trengst felles tiltak for å betre fiskeriforvaltninga.

Noreg og EU blei i 1997 samde om ei avtale om forvaltning og fordeling av nordsjøsild. Avtala som blei iverksett 1. januar 1998, løyste eitt av dei tyngste problemkompleksa i fiskerisamarbeidet med EU. Noreg har etter avtala ein fast andel på 29 % av totalkvoten for sild i Nordsjøen, mens EU har 71 %. Avtala har som siktemål å sikre eit rasjonelt beskatningsmønster og stabile uttak. Ho inneber også forvaltningsmålsettingar og set grensar for fiskedødeligheitsnivå på dei ulike bestandskomponentane, samt det lavaste akseptable nivået på gytebestanden (jamfør anneks V i vedlegg 2). Forskarane i ICES har gjennom offisielle tal vist at det over tid blei fiska store mengder ungsild i Nordsjøen. Det er i det heile særs uheldig å fiske ungsild fordi denne silda skal rekruttere til den vaksne, fiskbare delen av sildebestanden (gytebestanden). Fisket av ungsild medverkar til å utsette veksten i gytebestanden av nordsjøsild. Eit særleg viktig element i silderegimet er derfor at ungsildfisket no vil bli redusert og kontrollert.

Noreg er både innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet og i andre fora som Nordsjøkonferansen i Bergen i mars 1997, i ein prosess med EU i spørsmålet om dei langsiktige tiltaka i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Det har vore ein tidkrevjande prosess - frå einsidige norske tilførslar i dei årlege kvoteavtalene om behovet for å endre beskatningsmønstret i Nordsjøen - til eit meir forpliktande samarbeid for å finne løysingar på problema. Det er innanfor ramma av den bilaterale fiskeriavtala at Noreg og EU kan treffe dei tiltaka som må til for å gjenopprette balansen i Nordsjøen. Samstundes er det viktig ikkje å tape av syne at dei tiltaka som skal gjelde for fellesbestandane i Nordsjøen berre kan få gjennomslag når det er semje om dei mellom Noreg og EU. EU sine reguleringar i småsildfisket som blei iverksett i 1996 og som seinare er førte vidare, må ein kunne ta til inntekt for at det er politisk vilje til endringar i gamle forvaltningsmønster.

I dei meir langsiktige prosessane må ein fokusere på dei ulike fisketeknikkane som blir brukte, på behovet for meir selektiv reiskap og på berekraftige forvaltningsstrategiar. Uttaket av fisk må skje på ein måte som gjer at vi tar opp den store fisken og lar småfisken unnsleppe, for å vekse seg større.

I ein rapport som blei utarbeidd i tilknytning til Nordsjøkonferansen i Bergen, blir det peikt på at når det til dømes gjeld torsk, har det ikkje vore store avvik mellom rådgjevinga frå havforskarane, dei fastsette kvotane og dei rapporterte landingane. Likevel har den faktiske fiskedødelegheita vore mykje høgare enn forutsett. Årsaka til dette er feilrapporterte eller urapporterte fangstar og landingar og utkast av fisk. Dette tyder på at det også må iverksettast effektive kontolltiltak slik at regelverket blir følgt og fangstmeldingane blir korrekte. I arbeidet med å betre forvaltninga i Nordsjøen er Noreg og EU samde om at det er viktig at avrekninga av fangstar skal skje med like metodar og etter like kriterier. Dette vil sikre ei rasjonell forvaltning og motverke at det skjer ei konkurransevriding mellom partane. I denne samanhangen vil Noreg og EU vidareføre eit samarbeid om veiing av fangstar, vanntrekk og omrekningsfaktorar.

Utkast av fisk utgjer eit særleg og samansett problem. Utkast skjer ofte i samanhang med at ein tar opp fisk som det ikkje er att kvote på, fisken er under gjeldande minstemål eller han er fiska i strid med gjeldande bifangstreglar. I tillegg blir det ofte fiska meir enn naudsynt, for å kunne velgje ut den økonomisk sett mest verdfulle fisken («highgrading»). Resten blir kasta ut, og dette undergrev dei fastsette forvaltningstiltaka. Den fisken som blir kasta ut inngår ikkje som ein del av fangststatistikken, sjølv om han døyr når han blir kasta ut. Når fisken ikkje blir tatt i land eller registrert som fangst, blir det naturleg nok eit stort avvik mellom registrert fiskedødelegheit og faktisk dødelegheit.

Som kjent praktiserer EU eit utkastpåbod. På ministerkonferansen i Bergen blei det oppnådd prinsipiell semje om at eit utkastforbod er eitt mogleg tiltak i forvaltninga. Eit heilt naudsynt første skritt for å rette på situasjonen i Nordsjøen, er å få betre oversikt over dei mengdene fisk som blir kasta overbord. EU var villig til å gjennomgå dei økologiske og økonomiske verknadene av og fordelane med å innføre eit forbod. Spørsmålet om beskatingsmønster er igjen sett på dagsordenen i den bilaterale avtala for 2000.

På ministerkonferansen var det også semje om behovet for liknande kontrolltiltak som dei Noreg og EU allereie er samde om i den bilaterale kvoteavtala: skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket i Nordsjøen, utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusive fiskeaktivitet frå tredjeland, utveksling av observatørar med omsyn til kontroll og overvaking, og satellittovervaking av fiskefartøy. Ei anna viktig målsetting er å harmonisere dei tekniske fiskerireguleringane og kontrollføresegnene. Oppfølginga av desse tiltaka har og vil framleis ha sin naturlege plass i den bilaterale kvoteavtala med EU.

Fiskerisamarbeidet med EU er både omfattande og komplisert og derfor ikkje alltid konfliktlaust. Dette gjeld ikkje minst forvaltninga av makrell.

Noreg og EU har dei seinaste åra samarbeidd om å få på plass eit forvaltningsregime for makrell. I denne prosessen har partane også innleidd eit samarbeid om spørsmål av teknisk karakter, og dei har fastsett ein felles forvaltningsstrategi for makrellen. Også Færøyane, som no er akseptert som kyststat til makrellen av Noreg og EU, er blitt trekne med i arbeidet med det nye forvaltningsregimet, og det er på dette grunnlaget inngått ei eiga avtale mellom dei tre kyststatane om forvaltninga av makrellen i 2000. I trepartsforhandlingane blei partane samde om ein kvote til Færøyane av totalkvoten på 560.000 tonn, mens fordelinga mellom Noreg og EU framleis er gjenstand for bilaterale forhandlingar mellom Noreg og EU.

2000-avtala

Etter to forhandlingsrundar underteikna Noreg og EU, i Brussel 2. desember 1999, ei kvoteavtale for 2000, jamfør vedlegg 2.

Bestandsgrunnlaget for konsumfellesbestandane i Nordsjøen, har lenge gitt grunn til uro. Noreg og EU har derfor dei seinaste åra forvalta makrell, raudspette og sild etter fleirårige forvaltningsstrategiar. Partane var i avtalen for 1999 samde om å nedsette ei arbeidsgruppe med sikte på å kome med forslag til tiltak for å betre situasjonen for desse bestandane, basert på føre var prinsippet. På bakgrunn av arbeidet i gruppa har Noreg og EU for 2000 vedtatt forvaltningsstrategiar for sei, torsk, hyse og raudspette, som fastlegg bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar (jamfør anneksa I - IV i vedlegg 2). Arbeidsgruppa skal i 2000 kome med forslag til langtidsstrategiar for forvaltninga av kviting i Nordsjøen. Noreg og EU har avtalt å fortsette å forvalte nordsjøsilda etter prinsippa som er nedfelte i sildeavtala frå 1997. I avtala for 2000 er partane samde om å vidareføre arbeidet med å etablere eit nytt forvaltningsregime for makrell.

Kontroll med uttaket av fisk skal fortsatt stå sentralt i arbeidet med å få i stand ei betre forvaltning av dei felles fiskebestandane i Nordsjøen. I denne samanhangen er partane samde om at det er viktig i 2000 å vidareføre det arbeidet som allereie er påbegynt for å kome fram til harmoniserte kriterium og metodar for avrekning av fangstar.

Som ledd i samarbeidet om ressurskontroll har Noreg og EU vedtatt å innføre gjensidig satellittsporing av fiskefartøy som fisker i partane sine soner, frå 1. januar 2000. For å sikre ei praktisk gjennomføring av satellittsporing inngjekk Noreg og EU 28. januar 2000 ei eiga avtale om dei tekniske parametra for sporing av fiskefartøy.

Noreg har allereie inngått kontrollavtaler med enkelte medlemsland i EU, så som Danmark, Irland, Nederland, Skottland og Sverige. Ei kontrollavtale med Storbritannia blei inngått i februar 1999. Denne avtala erstattar og utfyller kontrollavtalen mellom Noreg og Skottland, som blei inngått i 1994. Vidare blei det i juli 1999 inngått ei kontrollavtale mellom Noreg og Frankrike.

Følgjande kvotar er fastsett for fellesbestandane i Nordsjøen i 2000, sjå tabell 3.1:

Tabell 3.1 Kvotar på fellesbestandar i Nordsjøen i 2000 (tonn)

Fiskeslag TAC Kvote til Noreg Kvote til EU
Torsk 81.000 7.770 73.230
Hyse 73.000 9.090 63.910
Sei 85.000 44.200 40.800
Kviting 30.000 3.000 27.000
Raudspette 97.000 2.790 94.210
Makrell 69.725 45.240 22.620
Sild 265.000 76.850 188.150

I lys av bestandssituasjonen og behovet for ei bærekraftig forvalting, jamfør det som er sagt ovanfor om forvaltningsstrategiar, er partane for 2000 samde om vesentlege reduksjonar i kvotenivåa for torsk, hyse, sei og kviting samanlikna med 1999, mens raudspettekvoten er gjenstand for ein mindre reduksjon. Noreg har overført mindre kvantum til EU frå dei norske kvotane av torsk, hyse og raudspette. Makrellkvoten i Nordsjøen er auka noko frå 1999 til 2000. Totalkvoten for sild er uendra. Det er sett ein bifangstkvote på 36.000 tonn sild i EUs fiske etter andre artar i Nordsjøen i 2000. Partane har høve til å fiske delar av dei enkelte kvotane i den andre parten si økonomiske sone i Nordsjøen.

Totalkvoten for makrell er i 2000 sett til 542.545 tonn mot 484.615 i 1999. 69.725 tonn kan bli fiska i Nordsjøen og Skagerrak, 124.710 tonn i norsk økonomisk sone nord om 62° N og i internasjonalt farvatn og 348.110 tonn kan bli fiska i EUs jurisdiksjonsområde. Den norske makrellkvoten er etter avtala med EU på 169.950 tonn.

Etter avtala kan Noreg og EU fiske følgjande kvantum fisk på andre fellesbestandar i 2000 (tonn), sjå tabell 3.2:

Tabell 3.2 Kvantum på andre fellesbestandar i 2000 (tonn)

Fiskeslag Kvote til Noreg i EU-sona Kvotar til EU i norsk sone
Augepål 20.000 50.000
Tobis 30.000 150.000
Kolmule 222.000 1.000
Blålange 1.000
Lange 11.000
Brosme 5.000
Kombinert kvote 600
Pigghå 600
Brugdelever 100
Håbrann 200
Reker 100 900
Hestmakrell 1.600
Andre artar 5.000 11.000

Avtala inneheld detaljerte føresegner om kvar desse kvotane kan fiskast og føresegner om kva andre artar og mengder som kan inngå i fisket på dei enkelte kvotane. I lys av bestandssituasjonen for torsk, hyse og sei i Barentshavet, er EU sine kvotar nord om 62° N i 2000 vesentleg reduserte. Også EU sin kvote for reker i norske farvatn er mindre enn i 1999. Avtala for 2000 inneber på tross av dette at norske fiskarar opprettheld banklinekvoten på 17.000 tonn, mens kolmulekvoten berre er redusert med 13.000 tonn. Den norske brislingkvoten er imidlertid vesentleg redusert mens det er gjort mindre reduksjonar i den norske kvoten for hestmakrell og den kombinerte kvoten.

EU er tildelt følgjande kvotar på eksklusive norske bestandar nord om 62° N i 2000 (tonn), sjå tabell 3.3:

Tabell 3.3 Kvotar på eksklusive norske bestandar nord for 62° N i 2000 (tonn)

Fiskeslag Kvote
Norsk arktisk torsk 16.150
Norsk arktisk hyse 1.360
Sei 3.000
Uer 1.800
Blåkveite (bifangst) 100
Anna (bifangst) 450

Reduksjonen i torsk- og hysekvoten frå 1999 til 2000 er som vist til ovanfor, ein følgje av bestandssituasjonen for desse artane. I tillegg til den uerkvoten som går fram av tabellen, har EU sidan 1986 då Portugal og Spania blei medlemer i EU, fått eit tilleggskvantum uer. I brevvekslinga av 2. mai 1992 om utvekling av det bilaterale fiskerisamarbeidet, pliktar Noreg å gje EU, på permanent basis, ein uerkvote som representerer eit tilleggskvantum i høve til den uerkvoten EU blei tildelt som følgje av Spanias og Portugals tiltredelse. Dette kvantumet er i 2000 på samla 1.500 tonn. Uerkvotane kan berre takast som bifangst nord om 70° N.

Noreg er i 2000 tildelt desse kvotane på eksklusive EU-bestandar (inkludert bestandar i grønlandske farvatn) (tonn), sjå tabell 3.4:

Tabell 3.4 Kvotane på eksklusive EU-bestandar (inkludert bestandar i grønlandske farvatn) (tonn)

Fiskeslag Kvote
Brisling (EU-sona) 5.000
Blåkveite (EU-sona) 950
Reker (Grønlands sone) 2.500
Blåkveite (Grønlands sone) 1.925
Uer (Grønlands sone) 1.000
Kveite (Grønlands sone) 400
Skolest og isgalt (Grønlands sone) 1.000
Lodde (Grønlands sone) 6.700

Dei kommersielt viktige kvotane for reker, uer og kveite ved Grønland er uendra frå 1999 til 2000. Dei øvrige kvotane er reduserte som følgje av reduksjonen i EU sine kvotar for torsk, hyse og sei i Barentshavet. Loddekvoten er redusert frå 10.000 tonn i 1999 til 5.000 tonn i 2000. Den norske kvoten sild vest av 4° V er fallen bort.

Noreg og EU inngjekk 13. mai 1995 ei lisensavtale. Avtala fastset talet på fartøy frå EU som kan delta i dei ulike fiskeria i NØS. Det er inga avgrensing i talet på norske fartøy som kan tildelast lisens i EUs farvatn. Avtala er vidareført i 2000.

Noreg - Færøyane

Dei årlege avtalene mellom Noreg og Færøyane opnar for eit gjensidig fiske i partane sine soner. I forhandlingane med Færøyane blir det lagt vekt på at det skal vere nokolunde balanse i det gjensidige fisket.

Kvoteavtala mellom Noreg og Færøyane for 2000 blei inngått i Oslo 11. desember 1999. Etter avtala er Færøyane tildelt kvotar i Noregs økonomiske sone, i fiskerisona ved Jan Mayen og i fiskevernsona ved Svalbard.

I NØS nord om 62° N har Færøyane i 2000 høve til å fiske 1.700 tonn norsk arktisk torsk, 280 tonn norsk arktisk hyse, 150 tonn sei og 30 tonn andre artar (uer og blåkveite). Dette er ein reduksjon i torske- og hysekvotane samanlikna med i 1999. Seikvoten er gjort om frå ein rein bifangstkvote til ein kvote også for direkte fiske, men kvoten må også dekkje bifangst i fisket etter torsk og hyse. Færøyane har fått ein kvote på 1.650 tonn makrell. Dette er ein reduksjon av makrellkvoten samanlikna med 1999. Makrellkvoten kan også bli fiska i Nordsjøen nord om 57° 301/2 N. Færøyane er tildelt inntil 2.000 tonn kolmule som forsøksfiske i eit nærmare avgrensa område. Dette er ei halvering av kvoten frå 1999. Eit nytt element i avtala samanlikna med 1999, er opprettinga av ein loddekvote på 5.000 tonn. På grunn av bestandssituasjonen har det ikkje blitt fiska lodde i Barentshavet dei siste åra. Færøyane har derfor ikkje vært tildelt loddekvote. I tidlegare år har imidlertid lodde inngått i det årlege kvotebytet mellom partane.

I avtala for 2000 har Noreg gitt Færøyane tilgjenge til å fiske inntil 6.535 tonn makrell i NØS nord om 57° 301/2 N av den nasjonale færøyske kvoten avtalt i trepartsforhandlingane mellom EU, Færøyane og Noreg.

I dei årlege avtalene mellom Færøyane og Russland får Færøyane kvotar mellom anna på nokre av dei artane som er nemt ovanfor. For å sikre ei rasjonell utnytting av kvotane har Noreg i ei rekkje år gitt Færøyane høve til å fiske delar av dei kvotane dei har fått av Russland, i Noregs økonomiske sone. I 2000 kan Færøyane gjennom denne ordninga fiske 2.600 tonn norsk arktisk torsk, 450 tonn norsk arktisk hyse og 200 tonn andre artar (uer, sei og blåkveite) i Noregs økonomiske sone nord om 62° N. Etter at det no er opna opp for eit loddefiske, kan Færøyane også overføre eit kvantum på 5.000 tonn lodde tildelt av Russland for eit fiske i NØS nord om 62° N i 2000. Overføringane frå russisk til norsk sone inngår i balansereknskapen for kvoteutvekslinga mellom partane. Overføringa av kvotar frå russisk sone til fiske i NØS, skjer etter russisk aksept. Kvotane kan ikkje takast i fiskevernsona ved Svalbard.

Av den samla kvoten på 30 tonn andre artar tildelt frå Noreg og 200 tonn andre artar tildelt frå Russland, er det berre høve til å fiske 150 tonn uer. Blåkveite og uer kan berre takast som bifangst. I fisket etter andre artar kan bifangsten av blåkveite ikkje overstige 5% og for uer ikkje over 25 % av samla vekt i kvar enkelt fangst og av landa fangst.

I kvoteavtala pliktar Færøyane å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar dei er tildelt av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor norsk eller russisk fiskerijurisdiksjonsområde.

I fiskerisona ved Jan Mayen er Færøyane tildelt ein kvote på 500 tonn kolmule og 150 tonn reker som prøvefiske utanfor 4. n. mil. Begge kvotane er reduserte samanlikna med 1999.

I Noregs økonomiske sone sør om 62° N er Færøyane tildelt 25.000 tonn augepål, tobis, kolmule og brisling. Av dette kan 2.000 tonn vere brisling. Kvoten omfattar også bifangst av andre artar, utanom sei og sild. Vidare kan færøyske fartøy fiske 1.400 tonn sei og 1.200 tonn sild. Med unntak frå sild er dei nemte kvotane reduserte samanlikna med 1999. Kvotane omfattar også bifangst i andre fiskeri. Færøyane kan også fiske 300 tonn håbrann/pigghå og 3.000 tonn hestmakrell. Desse kvotane kan også bli fiska nord om 62° N. Hestmakrellkvoten er halvert samanlikna med 1999.

Når det gjeld fiskevernsona ved Svalbard, skal Færøyane avgrense sitt fiske til maksimum 808 tonn norsk arktisk torsk og inntil 194 tonn andre artar, vesentleg uer og blåkveite, som berre kan takast som bifangst og etter same reglar som ved fiske i NØS nord om 62° N. Den færøyske torskekvoten blir fastsett etter dei same prinsippa som gjeld for utrekninga av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona. Som følgje av reduksjonen i TAC for torsk er denne kvoten redusert i 2000 samanlikna med 1999. Færøyane pliktar å avgrense det færøyske rekefisket i fiskevernsona ved Svalbard i samsvar med gjeldande norske forskrifter.

I Færøyanes økonomiske sone er Noreg i 2000 tildelt ein kvote på 5.000 tonn botnfisk av artane lange, brosme, sei og blålange. Dette er ei vidareføring av kvoten frå 1999. Innanfor botnfiskkvoten må kvantumet sei ikkje overstige 1.000 tonn. Kvoten på 5.000 tonn botnfisk omfattar 1.200 tonn bifangst av andre artar. Det er ein føresetnad at fisket skal drivast med seigarn eller bankline. Seikvoten kan likevel bli fiska med trål. Deltakinga i dette fisket er avgrensa til maksimalt 12 fartøy samstundes. Ut over dette kan eitt fartøy drive forsøksfiske med teiner. Dei lisensierte fartøya kan fiske i eit nærmare angitt område (Færøybanken) i inntil 10 dagar kvar tur, likevel ikkje ut over 30 dagar i løpet av 2000.

I færøysk sone er Noreg i tillegg tildelt ein kvote på 300 tonn pigghå/håbrann som prøvefiske, 4.000 tonn makrell, 42.000 tonn kolmule og 100 tonn brugdelever. Den norske makrellkvoten i færøysk sone er redusert frå 1999, mens kolmulekvoten er noko auka. Noreg kan i tillegg drive eit direkte prøvefiske med garn på 75 tonn blåkveite og 100 tonn breiflabb. Hestmakrellkvoten er redusert frå 2.500 tonn i 1999 til 1.250 tonn i 2000.

Med referanse til trepartsavtala om makrell mellom Noreg, EU og Færøyane av 19. november 1999, var partane samde om at alt fiske etter nordaust-atlantisk makrell bør vere gjenstand for felles forvaltning og såleis inngå i totalkvoten for partane sine jurisdiksjonsområde (den såkalla referanse-TAC). Det var også semje om å føre vidare samarbeidet om å få på plass ei regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn i regi av NEAFC, som er akseptabelt for alle medlemane i NEAFC.

Med referanse til avtala av 21. august 1996 om kontrollsamarbeid, var det semje om at partane skal samarbeide for å sikre at landingar frå færøyske og norske fiskefartøy blir effektivt kontrollerte, uansett kor fangstane blir landa, og at det er samsvar mellom fangstgrunnlaget og landa fangstar.

Partane skal samarbeide om å gjennomføre eit pilotprosjekt om satellittsporing, i tråd med avtala inngått 18. november 1999 mellom Noreg og Færøyane. Basert på resultata frå pilotprosjektet kan partane vurdere om det skal innførast sattellittsporing av fiskefartøy i deira soner.

Noreg - Grønland

Det har vore forhandla fram årlege fiskeriavtaler mellom Noreg og Grønland sidan 1991. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite og kveite av størst verd. I tillegg til desse kvotane får Noreg blåkveite frå EU i grønlandske farvatn. Norske fiskarar utnyttar kvotane på blåkveite godt. For grønlandske fiskarar er kvotetildelinga av norsk arktisk torsk svært viktig. Det har til no ikkje vore noko interesse for å utnytte den grønlandske konsumfiskkvoten i Nordsjøen.

Etter protokollen av 7. januar 2000 kan grønlandske fiskarar i 2000 ta følgjande kvantum i norske jurisdiksjonsområde:

I NØS nord om 62° N: 1.700 tonn norsk arktisk torsk, 280 tonn norsk arktisk hyse, 700 tonn sei og inntil 150 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Torskekvoten kan også fiskast i fiskevernsonen ved Svalbard.

Dei grønlandske kvotane for 2000 for torsk og hyse nord om 62° N, inneber ein reduksjon samanlikna med i 1999. Som ein del av avtala kan Grønland som ei prøveordning fiske delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland, i Noregs økonomiske sone nord om 62° N, under føresetnad av russisk aksept av ei slik ordning. Seikvoten nord om 62° N kan nyttast til eit direkte fiske og til bifangst i Grønlands samla torskefiske i norsk sone i Barentshavet.

Bifangst av blåkveite kan ikkje overstige 5 % ombord ved avslutning av fisket i farvatn nord for 62° N underlagt norsk fiskerijurisdiksjon. Det er likevel tillate å ha inntil 10 % blåkveite i det enkelte hal. Bifangst av uer kan ikkje overstige 25 % i det enkelte hal.

I avtala har grønlandske myndigheiter til liks med dei færøyske, plikta seg til å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artar og kvotar som Grønland blir tildelt av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noregs og Russlands jurisdiksjonsområde.

I NØS sør om 62° N: 1.000 tonn torsk, hyse, sei og annan botnfisk. Av denne kvoten kan Grønland fiske maksimalt 855 tonn sei og maksimalt 200 tonn torsk.

Noreg er tildelt følgjande kvantum i Grønlands sone:

  • Ved Vestgrønland: 600 tonn blåkveite. Ved fiske etter blåkveite ved Vestgrønland i 2000, kan trålfiske berre finne stad sør for 64° 301/2 N og med inntil 6 trålarar i sona samstundes.

  • Ved Austgrønland: 200 tonn blåkveite, 100 tonn uer (oceansk type) og 364 tonn kveite

  • Ved Vest- og Austgrønland: 950 tonn torsk.

Dette er, med unntak frå kveitekvoten, ei vidareføring av kvotenivåa frå 1999 på trass av at dei grønlandske kvotane av torsk og hyse i Barentshavet er reduserte som konsekvens av reduksjonane i totalkvotane for desse artane. Kveitekvoten er redusert frå 400 tonn til 364 tonn.

Grønlandske myndigheiter innførte forbod mot trålfiske etter blåkveite i grønlandske farvatn frå 1. januar 1996. Det er sidan 1996 likevel gjort unntak frå forbodet, slik at Noreg og andre land kan drive eit trålfiske på inntil 85 % av sine blåkveitekvotar med trål. Unntaket gjeld også dei blåkveitekvotane Noreg får av EU i grønlandske farvatn.

Avtala inneheld føresegner om utøvinga av fisket.

Det var semje om at partane skal konsultere kvarandre for å vurdere om det er mogleg å inngå ei avtale om kontrollsamarbeid og om det er mogleg å iverksetje eit pilotprosjekt om satellittsporing av fiskefartøy ved fiske i partane sine soner.

Noreg - Island.

Gjennom den trilaterale avtala av 15. mai 1999 mellom Noreg, Island og Russland om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet (Smottholsavtala), greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet (Smottholsavtala er gitt ei omtale i St meld nr 49 (1998 - 1999)). Den bilaterale avtala mellom Noreg og Island også av 15. mai 1999, regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg.

Etter den bilaterale avtala kan Island i 2000 fiske 3.630 tonn norsk arktisk torsk i NØS nord om 62° N. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket, på 30 %. Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Islands økonomiske sone (IØS). Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst, mens loddekvoten varierer årleg i takt med utviklinga i totalkvoten for norsk arktisk torsk. For 2000 er loddekvoten sett til 13.870 tonn.

Avtaler som fastset totalkvotar med fast fordeling av kvotane

Om loddebestanden ved Island - Grønland - Jan Mayen

Ei trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen blei første gongen underskriven 12. juni 1989. Denne rammeavtala om reguleringane i loddefisket er blitt reforhandla tre gonger, 25. juni 1992, 29. juni 1994 og 18. juni 1998. Dei mest sentrale elementa i desse avtalene omhandlar kva andelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i dei andre partane sine soner kvar loddesesong.

Siste trepartsavtala har ei varigheit på tre år og kan etter dette forlengjast med to år om gongen. Noregs andel er på 8 % av totalkvoten, Island har 81 % og Grønland 11 %. Noreg kan fritt fiske lodde i grønlandske farvatn. I Island si økonomiske sone kan norske fiskarar ta inntil 35 % av den norske kvoten fram til 15. februar kvar sesong.

Den endelege totalkvoten blei sett til 1.000.000 tonn loddesesongen 1999/2000.

Noreg har ein kvote på 107.000 tonn lodde, inklusive 10.000 tonn tildelt av EU for kalendaråret 1999 og 17.000 tonn tildelt av Island for eit fiske fram til 15. februar 2000 (jamfør den bilaterale avtala mellom Noreg og Island for 1999).

Noreg - EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)

Dei årlege avtalene om fisket i Skagerrak/Kattegat blir inngått på grunnlag av trepartsavtala av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. EU forhandlar på vegner av Danmark og Sverige.

Avtala fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Fordelinga av totalkvotane er basert på tradisjonelt fiskemønster i området. Fordelingsmønstret har vore stabilt. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.

Etter to forhandlingsrundar blei Noreg og EU 2. desember 1999 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2000.

Følgjande kvotar gjeld for 2000 (tonn):

Tabell 3.5 Kvotar for 2000 (tonn)

Fiskeslag TAC Kvote til Noreg Kvote til EU
Torsk 11.600 380 11.220
Hyse 4.450 190 4.260
Kviting 4.000 70 3.930
Raudspette 11.200 220 10.980
Reker 9.100 4.240 4.860
Sild 80.000 10.670 69.330
Brisling 50.000 3.750 46.250

Totalkvoten for torsk er sterkt redusert. Det same gjeld kvoten for kviting, som er halvert samanlikna med 1999. Også kvotane for hyse og reker er noko reduserte frå i fjor. Kvotane for raudspette, sild og brisling er dei same som i 1999.

Etter den tosidige fiskeriavtala mellom Noreg og EU kan visse norske fartøy fiske delar av den norske makrell- og seikvoten avsett for Nordsjøen, også i Skagerrak. Etter same avtala kan svenske fiskarar ta eit kvantum på 1.865 tonn makrell i Skagerrak og i EU-sona av Nordsjøen i 2000.

Det skjer ei utveksling mellom sildebestandane i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat. I fleire år har det vore eit problem at det blei fiska store mengder ungsild frå nordsjøsildbestanden i ulike fiskeri med småmaska reiskap i Skagerrak. Reguleringane av sildefisket i Skagerrak følgjer av reguleringstiltaka for sild i Nordsjøen. Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 21.000 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2000.

Avtaler om einsidige fangstkvotar

Noreg - EU (Sverige)

Strukturen i avtala med Sverige har vore stabil og det har såleis ikkje blitt opna opp for nye fiskeri. Utnyttingsgraden for dei enkelte kvotane er god og det er stor interesse for kvotane av konsumfisk, makrell, reker og sild.

Kvoteavtala om svensk fiske i norsk del av Nordsjøen i 2000 blei underskriven av Noreg og EU i Brussel 2. desember 1999.

Svenske fiskarar fekk følgjande kvotar i norske farvatn i 2000:

I NØS sør for 62° N: 380 tonn torsk, 710 tonn hyse, 880 tonn sei, 190 tonn samanlagt av lyr og kviting, 130 tonn reker, 850 tonn sild, 240 tonn makrell, 800 tonn industrifisk (av denne kvoten kan inntil 400 tonn vere hestmakrell) og andre fiskeslag på eit tradisjonelt nivå. Avtala inneber relativt kraftige reduksjonar i kvotane for torsk og sei. Det gjer avgrensa reduksjonar i hyse- og rekekvotane. Resten av kvotane er vidareførte samanlikna med 1999.

Noreg - Polen

Tildelingane til Polen omfattar ein avgrensa kvote på konsumfiskartar i Nordsjøen og eit mindre kvantum kolmule ved Jan Mayen og i Noregs økonomiske sone nord om 62° N. Dei polske kvotane er i løpet av åra reduserte i takt med den negative utviklinga i konsumfiskbestandane i Nordsjøen. Det er hovudsakleg fisket i Nordsjøen som er av interesse for polske fiskarar, og då særleg fisket etter sei. Kvotane i Nordsjøen har til vanleg blitt godt utnytta, mens kolmulekvotane ikkje blir utnytta. Dette gjeld også for polsk fiske i 1999.

Kvoteavtala med Polen blei underskriven i Oslo 21. januar 2000. Polske fiskarar kan etter avtala ta følgjande kvanta fisk i norske jurisdiksjonsområde i 2000:

  • I NØS nord om 62° N: 3.000 tonn kolmule og 100 tonn bifangst av andre artar.

  • I NØS sør om 62° N: 825 tonn torsk, hyse, kviting og sei. Av dette kvantumet kan maksimum 750 tonn utgjere sei og maksimum 75 tonn bifangst av torsk, hyse og kviting.

  • I fiskerisonen rundt Jan Mayen: 5.000 tonn kolmule

Samlevoten i Nordsjøen er redusert noko som resultat av at totalkvoten for sei i Nordsjøen blei redusert i 2000 samanlikna med i 1999.

Avtala inneheld ei formulering om at kvotetildelingane til Polen i norske farvatn er avhengige av at polsk fiske i Svalbardsona skal avgrensast i samsvar med den biologiske bestandssituasjonen og behovet for ei rasjonell forvaltning av dei ulike fiskebestandane i området. Polen pliktar også ikkje å fiske norsk arktisk torsk i Barentshavet utanom dei kvotane som er fastsett for bestanden.

Når det gjeld fisket etter norsk arktisk torsk i fiskevernsona rundt Svalbard, er den polske kvoten fastsett etter dei same prinsippa som gjeld for berekninga av kvotane til andre land som har hatt eit tradisjonelt torskefiske i sona. I samsvar med dette kan Polen i 2000 fiske eit kvantum norsk arktisk torsk i Svalbardsona på 1.209 tonn basert på ein totalkvote av torsk på 390.000 tonn. Dette er ein reduksjon frå 1999. Denne tildelinga til Polen går utanom kvoteavtala og fisket blir regulert etter ei årleg norsk forskrift om regulering av torskefisket i fiskevernsona ved Svalbard.

Partane var samde om å ta kontakt i 2000 for å få i stand eit nærmare samarbeid om eit pilotprosjekt om satellittovervaking.

Anna fleirsidig fiskerisamarbeid

NAFO

Noreg har kvoterettar i NAFOs reguleringsområde på 9,26 % av torskekvoten i underområde 3M og 30 % av totalkvoten for lodde i 3NO. Vidare kan Noreg fiske på ein mindre felleskvote av blåkveite i område 3. Noreg har sidan 1993 fiska reker i 3M (Flemish Cap). Nytt av året er at det er opna opp for eit rekefiske i 3L. Alle medlemslanda kan fiske på denne kvoten.

Figur 3.2 viser NAFOs reguleringsområde.

Figur 3.2 NAFOs reguleringsområde

Figur 3.2 NAFOs reguleringsområde

Grunna den dårlege bestandssituasjonen for torsk i 3 M er det sett forbod mot direkte fiske av torsk i 2000. Det er også forbod mot eit direkte fiske av lodde i NAFO-området. Rekebestanden ved Flemish Cap er ikkje kvoteregulert, men blir regulert med innsatsbegrensningar (antal fartøy og fiskedøgn). Island har som einaste medlem i NAFO reservert seg mot vedtaket og har i 2000 sett ein autonom kvote på 9.300 tonn. Norske fartøy kan samanlagt fiske i 1.985 fiskedøgn i 2000. 32 norske fartøy kan delta. Det blei sett ein totalkvote på 6.000 tonn reker i 3 L i 2000. Kvoten er fordelt med 5.000 tonn til Canada og 1.000 tonn til dei resterande NAFO-medlemane. Dette gjer ein kvote til Noreg i 3L på 67 tonn i 2000. Fordelinga av kvoten mellom kanadisk sone og internasjonalt farvatn og mellom partane skal vere gjenstand for nærmare drøftingar i 2001.

Det blei med verknad frå 1. januar 1996 sett krav om 100 % observatørdekning ved fiske i NAFOs reguleringsområde. Vidare blei det sett i gong eit pilotprosjekt med krav om 35 % dekning med omsyn til satellittsporing. Noreg har sett krav om 100 % observatørdekning og 100 % satelittsporing på sine fartøy. På NAFOs årsmøte i 1998 blei det gjort vedtak om at det skal krevjast 100 % satelittovervaking og 100 % observatørdekning i fisket i NAFOs reguleringsområde, seinast innan 1. januar 2001.

Det ble i 1998 sett i gong arbeid i ulike arbeidsgrupper i NAFO. Desse gruppene har i 1999 arbeidd med spørsmål tilknytt prinsipp for kvotefordeling og fartøyleie, føre var prinsippet, openheit /observatørstatus for «Non Governmental Organizations/NGO1/2er» og tvisteløysingsmekanismar (norsk formannskap). Arbeidet med observatørstatus for «NGO1/2er» blei avslutta på NAFO»s årsmøte i 1999. Arbeidet med å finne løysingar på spørsmålet om kvotefordeling og fartøyleie skal gjenopptakast i mars 2000. Det er naudsynt med ytterlegare konsultasjonar i resten av arbeidsgruppene og i faste underkomitear også i 2000. Dette gjeld til dømes arbeidet i Standing Committee on Fishing Activities of Non-Contracting Parties in the Regulatory Area/Komiteen som drøftar ikkje-medlemer sitt fiske i konvensjonsområdet, der Noreg har hatt ei aktiv rolle. Det blei på årsmøtet frå norsk side sett fram eit forslag til svartelisting av fartøy som har drive eit uregulert fiske på bestandar som er forvalta av NAFO.

NEAFC

NEAFC sitt myndigheitsområde er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor 200-milssonene. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor 200 n. mil, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part dersom vedkomande part ønskjer det, og støttar at eit reguleringstiltak blir sett i verk. Av bestandane i Nordaust-Atlanteren, som har eit utbreiingsområde som også omfattar opne hav, er mellom anna kolmule, makrell, uer og norsk vårgytande sild.

Figur 3.3 viser NEAFCs konvensjonsområde.

Figur 3.3 NEAFCs konvensjonsområde

Figur 3.3 NEAFCs konvensjonsområde

NEAFC har for 2000 fastsett ein totalkvote for kolmule på 650.000 tonn. Dette er same totalkvoten som i 1999. Kvoten er ikkje fordelt mellom medlemslanda. Ein arbeidsgruppe om kolmule i NEAFC-regi starta eit arbeid om den framtidige reguleringa av kolmule bestanden. Drøftinga av forvaltninga av bestanden foregår nå i forhandlingar mellom dei fem kyststatane EU, Færøyane, Grønland, Island og Noreg.

NEAFC gjorde i 1996 første gongen vedtak om eit avgrensa uttak på oceanisk uer i Irmingerhavet. Det er sett ein totalkvote for uerfisket i 2000 på 120.000 tonn. Dette er ein reduksjon av kvoten i 1999, som var på 153.000 tonn. Island har reservert seg mot denne reguleringa i NEAFC. Etter vedtaket i NEAFC har Noreg ein kvote på 4.586 tonn uer i Irmingerhavet i 2000.

NEAFC har gjort vedtak om at fangsten av norsk vårgytande sild i områda utanfor nasjonal jurisdiksjon, skal avgrensast til 102.000 tonn i 2000. Dette er ei vidareføring av reguleringa i internasjonalt farvatn i 1999. Kvoten er samansett av kvotar kyststatane også kan fiske i eigne jurisdiksjonsområde, pluss ein kvote på 2.000 tonn til Polen. Kvantumet på 102.000 tonn utgjer ein del av den totalkvoten for norsk vårgytande sild i 2000, som blei vedtatt av EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland i Torshavn 20. oktober 1999, sjå omtale nedanfor.

NEAFC har sett ein totalkvote på 50.000 tonn makrell i Smotthavet i 2000. Denne makrellkvoten er fastsett i samsvar med dei reguleringane dei tre kyststatane Noreg, Færøyane og EU er samde om i 2000. Kvoten er fordelt slik: Russland: 28.000 tonn, Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland), EU og Noreg: ein samlekvote på 17.000 tonn, Island: 2.500 tonn, Polen 1.500 tonn og samarbeidande land utanfor NEAFC: 1.000 tonn. Av samlekvoten til Danmark, EU og Noreg på 17.000 tonn, er Færøyane etter trepartsavtala om makrell mellom Noreg, Færøyane og EU, tildelt eit kvantum på 10.680 tonn. Den resterande delen av kvoten er ikkje delt mellom Noreg og EU. Russland sin kvote skal gradvis reduserast til 20.000 tonn i 2001. Dei russiske kvotekutta skal overførast til Danmark, EU og Noreg sin samlekvote av makrell i internasjonalt farvatn. Russland og Island har reservert seg mot denne reguleringa i 2000.

Regulering av norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren

Ei avtale inngått mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island blei underskriven i Torshavn 20. oktober 1999. Partane fastsette ein totalkvote på 1.252.000 tonn i 2000. Innanfor denne totalkvoten skal fisket til dei fem partane samla avgrensast til 1.250.000 tonn i 2000, fordelt med 104.800 tonn til EU, 68.270 tonn til Færøyane, 194.230 til Island, 712.500 tonn til Noreg og 170.200 tonn til Russland. Dette er ein reduksjon i uttaket av sild samanlikna med i 1999 då kvoten for dei fem partane var på 1.302.000 tonn.

På møtet i Torshavn var partane vidare samde om ein ny forvaltningsstrategi for norsk vårgytande sild frå og med 2001. Denne er basert på føre var prinsippet og tar sikte på å hindre eit nytt samanbrot i sildebestanden. Eit hovudelement i strategien er at ein bind seg til å leggje til grunn lave nivå for fiskedødeligheit i forvaltninga av silda.

I samband med protokollen har Noreg inngått bilaterale avtaler med EU, Færøyane, Island og Russland om løyve til å fiske i partane sine fiskerisoner:

EU kan fiske 33.700 tonn sild i NØS nord om 62° N eller i fiskerisona rundt Jan Mayen. Av dette kvantumet kan inntil 25.000 tonn bli fiska i NØS nord om 62° N. Noreg kan fiske 8.700 tonn sild i EU-farvatn nord om 62° N.

Færøyane kan fiske inntil 30.800 tonn sild av sin kvote i NØS nord om 62° N eller i fiskerisona ved Jan Mayen. Av dette kvantumet kan maksimalt 25.000 tonn bli fiska i NØS nord om 62° N. Etter avtala kan norske fiskarar fiske 30.800 tonn sild i færøysk sone i 2000.

Noreg skal overføre 1.900 tonn av sin sildekvote til Færøyane.

Island kan fiske 194.200 tonn sild i fiskerisonen ved Jan Mayen eller i NØS nord om 62° N. Maksimum 8.700 tonn av dette kvantumet kan bli fiska i NØS nord om 62° N. Norske fartøy kan fiske 138.500 tonn sild i Islands økonomiske sone.

Russland kan fiske 125.000 tonn sild i NØS nord om 62° N og 10.600 tonn i fiskerisona rundt Jan Mayen. Russland vil avgi 1.900 tonn sild av sin kvote til Noreg.

IWC

Den internasjonale hvalfangstkommisjonen har vedtatt moratorium for fangst av vågekval. Noreg har reservert seg mot moratoriet og har for 2000 autonomt sett ein norsk kvote på 655 dyr. Forskarane i IWC har utvekla spesielle prosedyrar for vurderinga av dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Den norske kvoten er basert på desse prosedyrane.

CCAMLR

CCAMLR-kommisjonen vedtar årleg anbefalingar av totalkvotar for dei ulike artane i kommisjonen sitt område, som utgjer det meste av Sørishavet. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemene. I utgangspunktet er det såleis ope for eit «olympisk» fiske, men til ein viss grad blir kvotane fordelte etter avtale mellom dei statane som driv det konkrete fisket.

Norske fartøy fiskar for tida ikkje i dette området, men norske interesser kan stå bak noko av fisket i kommisjonen sitt område. Noreg fastsette den 13. mars 1998 ei forskrift om regulering av fiske med norske fartøy i Antarktis (CCAMLR-området). Forskrifta gjeld for norske statsborgarar og personar bosett i Noreg og som driv fiske med norske fartøy i havområda på den sørlege halvkula, som er underlagt konvensjonen av 20. mai 1980 for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. Det er forbod mot å drive fiske utan at det er innhenta tillating frå norske styresmakter.

Noreg deltok på CCAMLRs årsmøte i 1999. Av sentrale spørsmål som blei drøfta var det uregulerte fisket etter Patagonsk tannfisk innanfor dei økonomiske sonene og uregulert fiske på det opne hav innanfor konvensjonsområdet. Fisket blir utøvd både av fartøy som fører flagg til CCAMLR-medlemer og fartøy under bekvemeligheitsflagg. Det er no tekn som tyder på at det uregulerte fisket er i minking. Noreg presenterte eit dokument som gjorde greie for det norske systemet for «svartelisting» av fartøy som har drive uregulert fiske innanfor forvaltningsområdet til regionale fiskeriorganisasjonar. Dette innspelet skal handsamast i CCAMLR i 2000. Det er innført eit fangstdokumentasjonssystem for å vise at Patagonsk tannfisk som blir importert til eit medlem av organisasjonen, er tatt i samsvar med CCAMLR»s regelverk eller tatt utanfor CCAMLR-området. Også ikkje-medlemer av CCAMLR kan delta i ordninga. Noreg sette i verk dette systemet tidleg i 2000. Noreg har ikkje meldt frå om noko fiske i 2000 for Patagonsk tannfisk.

ICCAT

Noreg er ikkje medlem av organisasjonen ICCAT, men deltok som observatør på årsmøtet i 1999 og på møte i ICCATs arbeidsgruppe om kriterum for allokering av bestandane i reguleringsområdet. Bakgrunnen for norsk deltaking er at det er tekn som tyder på at makrellstørja kan ta opp att sitt gamle beitevandringsmønster og bli å finne i norske farvatn. Noreg hadde som kjent eit omfattande fiske etter makrellstørje på femti- og sekstitalet. Det norske fisket tok slut i 1986.

Det er vedtatt ein totalkvote på 29.500 tonn for makrellstørje i Nord-Atlanteren og Middelhavet i 2000. Av denne TAC er det avsett eit kvantum på 2.291 tonn til ikkje-medlemer. Allokeringa av totalkvoten er basert på dei aktuelle medlemsstatane sine fangstar rapportert til ICCAT åra 1993/1994, valfritt kva år som blir lagt til grunn. Noreg har ikkje rapportert fangstar til ICCAT desse åra og får derfor ikkje allokert kvote.

Det blei avholdt eit møte i arbeidsgruppa om kriterium for allokering av bestandane i reguleringsområdet i april. Noreg deltok som observatør. Årsmøtet i 2000 finn stad i Marokko medio november. Norsk deltaking er ikkje avgjort.

SEAFO

Kyststatane Sør-Afrika, Namibia, Angola og Storbritannia (på vegner av St. Helena) har tatt initiativ til å etablere ein regional fiskeriforvaltningsorganisasjon for det sørlege Atlanterhavet. Organisasjonen skal ha ansvar for forvaltninga av fiskeressursane i området, både såkalla vandrande og stasjonære bestandar.

Det er halde fleire møte mellom interesserte partar, mellom anna har Noreg deltatt. I desse møta har man arbeidd med ein konvensjonstekst for organisasjonen. Eit nytt møte skal haldast i 2000. Da tar ein sikte mot å fullføre arbeidet med konvensjonsteksten.

Det er ikkje bestemt om Noreg skal bli medlem i SEAFO.

Til dokumentets forside