St.meld. nr. 44 (1999-2000)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 2000 og fisket etter avtalene i 1998 og 1999

Til innholdsfortegnelse

2 Innleiing

Utvidinga av nasjonal fiskerijurisdiksjon til 200 nautiske mil på slutten av syttitalet, førte til ein overgang frå fleirsidige forhandlingar innan ramma av NEAFC (Northeast Atlantic Fisheries Commission/Kommisjonen for fiske i Det nordaustlege Atlanterhavet) til tosidige forhandlingar mellom dei kyststatane som saman har suverene rettar til fiskebestandane. Dette inneber at såkalla tredjeland som ikkje har kyststatsrettar i det aktuelle området, ikkje tek del i avgjerder om forvaltninga av bestandane, slik dei gjorde tidlegare.

Ved Regjeringa si erklæring av 26. september 1974 blei hovudlinene i fiskeripolitikken dregne opp. Ved opprettinga av økonomiske soner i tråd med det nye havrettsregimet, ønskte Regjeringa å medverke til at nyordningane i fiskeria i verda ikkje skulle verke forstyrrande på forholdet til andre land. Den norske fiskeripolitikken skulle gjennomførast i kontakt og forhandlingar med dei landa som blei berørte av dei norske utvidingstiltaka. Regjeringa freista såleis å kome fram til ordningar med desse landa, som bygde på byterelasjonar, nedtrapping av fiske over tid eller som tok omsyn til særlege interesser og vilkår.

Ein omfattande andel av norsk fiske (målt i vekt) skjer på bestandar som vi deler med andre land. Dette var bakgrunnen for at Regjeringa forhandla fram rammeavtaler som både gav fiskekvotar til dei landa som utvidinga til 200 n. mils økonomisk sone fekk verknad for frå 1. januar 1977, og som tok vare på tradisjonelle norske fiskeinteresser i dei økonomiske sonene til andre land.

Etter FN's havrettskonvensjon av 10. desember 1982, har kyststatane suverene rettar til å utnytte ressursane i havet innanfor dei økonomiske sonene. Dei kyststatane som deler ein eller fleire fiskebestandar skal samarbeide om regulering og vern av bestandane. Kyststatane har ei plikt til å fremje ei forsvarleg ressursforvaltning som samstundes skal ta omsyn til dei økonomiske behova til kystbefolkninga. Norske styresmakter legg vekt på dette når den norske fiskeripolitikken blir utforma. I tråd med dette fører Noreg årleg to- og fleirsidige forhandlingar med ei rekkje land om forvaltning og vern av fiskebestandar, om gjensidig fangstløyve- og fiskekvotar, og om einsidig løyve for nokre land sine fiskarar til å fiske i dei norske 200-mils sonene. FN-avtala om fiske på det opne hav forpliktar også til samarbeid om forsvarleg forvaltning av vandrande og langt migrerande bestandar. Noreg har derfor i aukande grad og på ulikt sett tatt del i samarbeidet i ulike relevante internasjonale organisasjonar.

Noreg har inngått ulike typar fiskeriavtaler (rammeavtaler) som opnar for utanlandsk fiske i norske havområde, jamfør St meld nr 49 (1994-95). Det er inngått avtaler om gjensidige fangstrettar med Russland, EU, Færøyane, Grønland og Island. Målet med desse avtalene er å opprette ein rimeleg balanse i det gjensidige fisket mellom avtalepartane. Sidan det er nødvendig med felles innsats for å sikre ei effektiv forvaltning av fiskeartar som vandrar over sonegrensene, inneheld fiskeriavtalene med EU og Russland også reglar om samarbeid om forvaltninga av dei felles bestandane i Nordsjøen og Barentshavet.

Noreg inngjekk i 1966 ei trepartsavtale med Danmark og Sverige om reguleringane i Skagerrak og det nordlege Kattegat. Etter at Sverige blei medlem av EU frå og med 1996, er denne avtala gjenstand for bilaterale forhandlingar mellom Noreg og EU. Det er inngått ei trepartsavtale med Island og Grønland/Danmark om loddefisket i områda mellom Island, Grønland og Jan Mayen, og ei trepartsavtale mellom Noreg, Russland og Island om gjensidig fiske. Noreg og Island har i henhald til trepartsavtala med Russland, forhandla fram ein bilateral protokoll om gjensidige fiskerettar.

Noreg har inngått avtaler med Sverige og Finland, som opnar opp for eit einsidig fiske i Noregs økonomiske sone (nabolandsavtaler). Finsk sildefiske opphøyrde då Noreg oppretta 200 mils økonomisk sone. Avtala har etter den tid ikkje hatt noko praktisk verd fordi ho ikkje har hatt noko innhald i form av kvotar. Avtala med Sverige blir etter 1996 framforhandla bilateralt mellom Noreg og EU.

Det er inngått ei avtale som gir Polen einsidig høve til å fiske i norske soner. Då avtala blei inngått var det ein føresetnad at kvotane skulle reduserast over ein viss periode fram til utgangen av 1980. Deretter kan norske styresmakter tildele kvotar til Polen på såkalla overskotsbestandar. Liknande avtaler blei også inngått med Portugal og Spania og med tidlegare DDR. DDR-avtala var verksam fram til staten blei innlemma i Forbundsrepublikken Tyskland i 1990. Avtalene med Portugal og Spania galdt fram til 1986, då desse landa blei medlemer i EU.

Det er inngått ei avtale med Canada, som opnar for norsk fiske på overskotsbestandar i den kanadiske økonomiske sona. Avtala har ikkje noko praktisk verd for norske fiskarar fordi det ikkje har vore noko overskot å dele ut kvotar på.

Noreg og Canada underteikna 30. juni 1995 ei avtale om bevaring og handheving på fiskeriområdet, jamfør Ot prp nr 3 (1995-96).

Stortinget ga 11. juni 1996 samtykke til ratifikasjon av FNs havrettskonvensjon av 10. desember 1982 og FN-konvensjonen av 4. desember 1995 om fiske på det opne hav, som supplerer FNs havrettskonvensjon av 10. desember 1982.

Noreg er medlem av den regionale fiskeriorganisasjonen NAFO (Northwest Atlantic Fisheries Organization/Den nordvest-atlantiske fiskerikommisjonen), som fastset kvotar i internasjonalt område utanfor den kanadiske økonomiske sona og i NEAFC, som set kvotar for uer (oceanisk type) i Irmingerhavet, norsk vårgytande sild og makrell i konvensjonsområdet utanfor kyststatane sine jurisdiksjonsområde og for kolmule.

Noreg er medlem i IWC (The International Whaling Commission/Den internasjonale kvalfangstkommisjonen), som skal verne kvalbestandar mot overbeskatning og sørge for ei ordna utvikling av kvalfangstnæringa. Vidare er Noreg saman med Færøyane, Grønland og Island medlem av NAMMCO (The North Atlantic Marine Mammal Commission/Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen), som blei oppretta i 1992. Kommisjonen treff beslutningar om sjøpattedyrbestandar i det nordatlatiske området med særskild fokus på forvaltninga av småkval og sel.

Noreg er medlem av CCAMLR (Convention for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources/Konvensjonen for bevaring av levende marine ressurser i Antarktis), som regulerer fisket i omlag heile Sørishavet.

Noreg har dei to siste åra vore observatør på årsmøta i ICCAT (International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas/Kommisjonen for forvaltning av atlantisk tunfisk). ICCATs primære funksjon er bevaring og forvaltning av tunfisk og tunfiskliknande artar i Atlanteren og Middelhavet.

Noreg deltar i møte for å etablere ein regional fiskeriforvaltningsorganisasjon for det sørlege Atlanterhav. SEAFO (South East Atlantic Fisheries Organization/Den søraust-atlantiske fiskeriorganisasjonen) skal ha ansvaret for forvaltning av fiskeressursane i området, både dei såkalla vandrande- og stasjonære bestandane.

2.1 Oppretting av dei økonomiske sonene

Ved kgl. res. av 17. desember 1976 blei Noregs økonomiske sone på 200 nautiske mil oppretta med verknad frå 1. januar 1977. Den økonomiske sona omfattar inntil vidare havområda som ligg opp til det norske fastlandet.

Vidare blei det ved kgl.res. av 3. juni 1977 oppretta ei fiskevernsone på 200 nautiske mil rundt Svalbard med verknad frå 15. juni 1977. Ved kgl.res. av 23. mai 1980 blei ei fiskerisone på 200 nautiske mil rundt Jan Mayen oppretta med verknad frå 29. mai 1980.

Figur 2.1 viser dei ulike sonene under norsk jurisdiksjon og dei internasjonale havområda «Smottholet» i Barentshavet og «Smotthavet» i Norskehavet.

Figur 2.1 Soner

Figur 2.1 Soner

2.2 Regulering av utanlandsk fiske i norske jurisdiksjonsområde

Det er eit generelt forbod mot fiske i Noregs økonomiske sone og i fiskerisona rundt Jan Mayen for fiskarar som ikkje er norske statsborgarar. Regjeringa kan likevel fastsetje forskrifter som opnar for eit regulert og avgrensa utanlandsk fiske i samsvar med dei fiskeriavtalene som er inngått med andre land.

I forskrift av 13. mai 1977 om utlendingers fiske og fangst i Norges økonomiske sone, er det fastsett detaljerte reglar for utøvinga av fiske. Det er krav om lisens for utanlandske fartøy som skal fiske i norsk sone, for å sikre at fangstinnsatsen er i samsvar med dei tildelte kvotane og for å gjere ein effektiv kontroll mogleg. Utanlandske fartøy skal sende fangstrapportar til norske styresmakter kvar veke.

I forskrift av 23. desember 1980 om utlendingers fiske og fangst i fiskerisonen ved Jan Mayen, er det fastsett detaljerte reglar for utanlandsk fiske i fiskerisona rundt Jan Mayen. Dette regelverket er i hovudsak samanfallande med reglane for utanlandsk fiske i Noregs økonomiske sone.

Forskrifter for fiskevernsona ved Svalbard er sette i verk på ikkje-diskriminerande grunnlag overfor både norske og utanlandske fartøy. Det er fastsett forskrifter for rapportering av fangstar, bruk av reiskap, reglar om minstemål og område med forbod mot fangst for å verne om ungfisken. Frå 1986 er det fastsett årlege kvotereguleringar i fiskevernesona for fiske etter norsk arktisk torsk. Frå og med 1995 har det av omsyn til bestandssituasjonen, vore fastsett forbod mot fiske etter blåkveite, sild, lodde og uer (frå 1997). I forskrifter av 19. juli 1996 blei rekefisket ved Svalbard regulert med innsatsbegrensningar. Etter forskriftene kan berre nasjonar som har drive eit tradisjonelt fiske etter reker ved Svalbard, delta i dette fisket med eit avgrensa antal fartøy (Canada, Estland, Litauen, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg, Russland). For å motverke at rekefisket ekspanderer, blei rekefisket frå 1997 for dei aktuelle landa, også regulert med fiskedøgn.

Til forsiden