St.meld. nr. 44 (1999-2000)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 2000 og fisket etter avtalene i 1998 og 1999

Til innholdsfortegnelse

5 Fiske etter avtalene i 1998 og 1999

I omtala av fisket etter avtalene for 1998 og 1999 har ein lagt hovudvekt på i kva grad Noreg og dei partane som blir tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane.

Først blir norske kvotar i andre statar sine soner og utnyttinga av desse presenterte, jamfør punkt 5.1 nedanfor. Deretter, i punkt 5.2, blir andre statar sine kvotar i norske område og utnyttinga av desse kvotane presenterte. Kommentarane med omsyn på kvoteutnytting omfattar berre åra 1998 og 1999.

I det følgjande blir omgrepet «fellesforvaltning» nytta om ein del sentrale artar. Fellesforvaltning tyder at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtalt å forvalte ein art saman fordi arten opptrer i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane blir avtalt totalkvote for arten, og TAC blir fordelt på dei aktuelle avtalepartane.

5.1 Norsk utnytting av kvotar

I avsnitt 5.1 og 5.2 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalene, med eventuelle oppdateringar. Med mindre noko anna er sagt er fangsttala baserte på kva fartøya har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda, anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i 3. land, dvs. styresmaktene i kyststaten (dette er hovudregelen). Desse tala kan avvike frå dei tala i sluttsetelstatistikken som viser utlossa kvanta i motsetnad til dei kvanta som er rapporterte frå fiskefelta. Symbolet (-) i tabellane tyder anten ingen fangst eller ingen kvote.

5.1.1 Noreg - Russland

5.1.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning for artane torsk, hyse og lodde. Noregs kvotar (etter overføringar til 3. land) og fangstar 1 av desse bestandane går fram av tabell 5.1. Delar av dei norske kvotane for desse bestandane kan fiskast i russisk økonomisk sone, sjå tabell 5.2.

Tabell 5.1 Oversikt over norske kvotar etter overføring til 3. land) og fangst på fellesbestandane i Barentshavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
Torsk313.000236.500311.312243.849
Hyse166.00041.00075.31747.866
Lodde-48.000-50.036

1 5.000 tonn kysthyse som årleg er reservert for norske fartøy er ikkje inkludert i hysekvoten.

I tillegg til dei bilateralt avtalte kvotane av torsk og hyse, kjøpte norske reiarlag torsk og hyse frå Russland både i 1998 og 1999. I 1998 utgjorde kvotekjøpet frå Russland 17.000 tonn torsk og 3.000 tonn hyse, og i 1999 17.200 tonn torsk og 2.600 tonn hyse. Det blei også tatt fangstar av torsk og hyse til forsking. Både fangstar på kvotar kjøpt frå Russland og forskingsfangst er inkluderte i fangsttala. Når desse tilhøva blir tatt omsyn til, blir det tilsynelatande overfisket av hyse i 1998 og 1999 redusert til berre eit mindre kvantum.

Tabell 5.2 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

Omrde/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
RØS:
Torsk150.000150.00018.7936.163
Hyse25.00025.0004.4642.412
Haneskjel----
Reker3.0003.0002.021329
Grønlandssel5.0005.000832
Lodde-32.000--
Bifangstkvote.0003.0001.856179

5.1.1.2 Kommentarar til oversikta

Av fangstane nord om 62° N fiska Noreg i 1998 6,0 % av torskefangstane og 5,9 % av hysefangstane i RØS. Tilsvarande tal for 1999 var 3,1 % for torsk og 5,9 % for hyse. Noreg tar altså relativt små fangstar av torsk og hyse i RØS, sett i høve til dei totale norske fangstane.

Noreg sin haneskjelkvote var ikkje talfesta i 1998 og 1999. Fisket skal vere eit prøvefiske i eit nærmare avgrensa område. Vilkåra for dette fisket skal avtalast nærmare mellom Noreg og Russland. Slike vilkår blei ikkje fastlagde i 1998 og 1999.

I 1998 var 30 reketrålarar med i fisket etter reker i RØS, mens berre 7 fartøy deltok i 1999.

5.1.2 Noreg - EU

5.1.2.1 Fellesbestandane

Noreg og EU har felles forvaltning for artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell sør for 62° N. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EU si sone av Nordsjøen (sjå tabell 5.4).

Tabell 5.3 Norske kvotar (etter overføringar til EU og 3. land) og fangstar1 på fellesbestandene i Nordsjøen

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
Torsk14.11011.7705.7498.717
Hyse23.05014.1203.0103.923
Sei45.44052.20049.56755.574
Kviting6.0004.4006479
Raudspette3.0903.3751.004971
Makrell112.180112.180103.710106.710
Nordsjøsild71.91074.80070.90870.175

1 Desse fangstane er foreløpig statistikkfrå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

Kvotane og fangstane av sei og makrell omfatta Skagerrak i tillegg til Nordsjøen.

Noreg sine kvotar av sei, makrell og sild blei godt utnytta dei to åra. Dei store makrellfangstane må sjåast i samanhang med at Noreg hadde høve til å overføre makrellkvotar tildelt i andre område, til fiske i Nordsjøen (ICES område IVa). Inntil 60.000 tonn av makrellkvoten nord om 62° N kunne såleis fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen både i 1998 og 1999. Likeins kunne makrellkvoten vest av 4° V på 12.020 tonn både i 1998 og i 1999, fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen. Dette forklarer også den låge utnyttinga av Noreg sin makrellkvote vest av 4° V (sjå tabell 5.4).

Noreg fiskar også norsk vårgytande sild (NVG-sild) i Nordsjøen i perioden januar - mai. Totaltala i Nordsjøen for alle sortar sild for åra 1998 og 1999 er 97.620 tonn og 102.796 tonn.

Makrell- og sildekvotane blir fordelte mellom ringnotfartøya, trålarane og kystfartøya. Fangsttala inneheld ikkje norske bifangstar frå industritrålfisket. Bifangstane varierer frå år til år i storleik og art. Frå sluten av 1980-talet har sild utgjort det største innslaget av bifangst i leveransane til oppmaling.

5.1.2.2 Norske kvotar i EU sine farvatn (EUF), og inkludert kvotane tildelt Noreg frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar

Noreg fekk tildelt kvotar av blåkveite og kveite for fiske i grønlandsk sone både av EU og Grønland. For desse artane gjer ein den føresetnaden at EU-kvoten først blir utnytta. Noreg nyttar desse kvotane i så stor grad, at med denne føresetnaden blir talet for fangst av blåkveite lik kvotetala slik dei fremgår av tabell 5.4. Eventuelle fangstar ut over EU-kvotane blir avrekna mot Noreg sine kvotar tildelt av Grønland (sjå tabell 5.6).

For fellesbestandane merka (*) avtaler EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

Tabell 5.4 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i EU sine farvatn og tildelte kvotar frå EU i Grønlandske farvatn

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
EUF, NORDSJØEN:
Torsk*14.80012.5101.4582.628
Hyse*15.00010.000529639
Sei*45.00050.00018.20213.021
Kviting*6.0004.4002119
Raudspette*3.0903.375634537
Makrell*40.40040.400-330
Sild*50.00050.00027.12425.420
Augepål20.00020.000--
Tobis30.00030.0006.09029.255
Brisling19.00019.00016.90019.008
Reke100100-1
Hestmakrell5.0002.000365690
Andre artar5.0005.0003.5384.119
EUF, V 4° V:
Makrell12.02012.020--
Sild3.0002.4002.056810
Kolmule245.000235.000246.581212.670
Blålange3.0003.00027122
Lange13.00013.0009.4328.234
Brosme7.0007.0002.9663.194
Pigghå60060001
Brugde (lever)100100--
Håbrann2002001111
Kombinert kvote1.400-
Blåkveite1.5001.0559331.151
Andre artar3.0003.000699550
EUGRL, VESTGRØNLAND:
Blåkveite1.0009501.000950
Kveite200200-9
Skolest/Isgalt80080015
EUGRL, AUSTGRØNLAND:
Reker2.5002.5001.3091.137
Blåkveite1.1501.3001.1501.065
Kveite200200200200
Uer1.0001.0008141.000
Lodde16.00010.00065.900110.800

1 I følgje trepartsavtalen kan norske fartøy fiske fritt i Grønlands sone innafor den norske loddekvoten. Fangsttalet er totalfangst i Grønlands sone. For nærmare informasjon sjå punkt 5.1.6. og tabell 5.8.

5.1.2.3 Kommentarar til oversikten

Augepål/tobis: I den delen av Nordsjøen som omfattar EU-farvatn kunne norske fartøy til saman fiske 50.000 tonn av industriartane augepål (inkludert uunngåeleg fangst av hestmakrell), kolmule og tobis i både 1998 og 1999. Det er den norske industritrålarflåten (omlag 60 - 70 fartøy) som fiskar på denne kvoten. Inntil 10.000 tonn augepål kunne fiskast i EU-farvatn vest av 4° V både i 1998 og 1999. Dette skulle avreknast den samla industrikvoten for augepål, kolmule og tobis på 50.000 tonn. Det blei ikkje fiska augepål vest av 4° V, korkje i 1998 eller 1999.

Norske fartøy kunne i tillegg fiske på desse artane utan avgrensingar i norsk økonomisk sone. Samla fiska dei norske industritrålarane 27.600 tonn augepål og 342.900 tonn tobis i Nordsjøen i 1998. Tilsvarande tal for 1999 var 51.000 tonn augepål og 187.600 tonn tobis. 1998-kvantumet av tobis var uvanleg stort. Fisket i EU-sona utgjorde altså for begge desse artane berre ein liten del av totalfangsten av tobis, medan det ikkje blei fiska augepål i EU-sona av norske fiskarar.

Kolmule: Av Noregs kolmulekvote vest av 4° V kunne opptil 40.000 tonn fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa) både i 1998 og 1999. Innanfor den samla kolmulekvoten kunne norske fartøy fiske inntil 9.000 tonn vassild både i 1998 og 1999. I tillegg fiska norske fartøy desse åra kolmule i internasjonalt farvatn vest av dei britiske øyane og i færøysk sone. I følgje norske sluttseteltal fiska dei norske fartøya totalt 571.125 tonn i 1998 og 534.196 tonn i 1999 i desse områda. Av dei 47 fartøya som har kolmuletrålkonsesjon deltok 43 fartøy både i 1998 og 1999.

Blålange/lange/brosme: Det var høve til å overføre 2.000 tonn mellom kvotane for lange, brosme og blålange. Desse kvotane kunne berre fiskast med line vest av 4° V (ICES område Vb, VI og VII).

I fisket med line vest av 4° V kunne norske fartøy ha bifangst av andre fiskeslag med inntil 25 % til kvar tid. Bifangsten kunne likevel overstige 25 % i dei første 24 timane etter starten av fiske på eit fiskefelt. Den totale bifangsten av andre fiskeslag var avgrensa til 3.000 tonn.

Blålange, lange, brosme, pigghå, brugde (lever) og håbrann kunne også fiskast i Nordsjøen (ICES område IV) i 1998 og 1999.

Kombinert kvote vest av 4° V: Kvoten galdt linefiske etter havmus, mora mora, skjellbrosme, isgalt, skolest og andre artar.

Andre artar (Nordsjøen): Kvoten omfattar fiske på artar der det ikkje er fastsett kvotar for Noreg i EU sine farvatn. Eit unntak er sjøtunge som norske fartøy ikkje har høve til å driva eit direkte fiske på.

Sild vest av 4° V: Kvoten var reservert for den norske ringnotflåten. I følgje sluttsetelstatistikken deltok 57 fartøy i 1998 mot 39 fartøy i 1999.

Blåkveitekvoten kunne fiskast i EU sine farvatn nord for 62° N og vest av 4° V. Fisket vest av 4° V kunne berre utøvast med line. Tala frå EU viste at norske fartøy i 1998 hadde fiska 933 tonn, og 1.151 tonn i 1999.

Loddefisket ved Jan Mayen/Island/ Grønland blir nærmare omtalt i punkt 5.1.6.

5.1.3 Noreg - Færøyane

Tabell 5.5 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i færøysk sone (FS)

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
FS:
Lange3.6004.0002.7042.348
Brosme--1.4821.573
Sei1.5001.0005477
Blålange--5586
Blåkveite1007510584
Håbrann/Pigghå300300--
Breiflabb1001000,71,0
Makrell9.6009.600--
Hestmakrell-2.500--
Kolmule36.00039.00037.32539.180
Brugde (lever)100100--
Andre artar--2.067973

5.1.3.1 Kommentarar til oversikten

Botnfiskkvoten: I 1998 hadde Noreg ein botnfiskkvote for lange, brosme, sei og blålange på til saman 5.100 tonn i færøysk sone, herav maksimalt 1.500 tonn sei. I 1999 hadde Noreg ein kvote på 5.000 tonn, herav maksimalt 1.000 tonn sei. I tabell 5.5. står botnfiskkvoten oppført under lange og sei. Kvoten for botnfisk omfatta også bifangst av andre botnfiskartar, til saman opp til 1.200 tonn både for 1998 og for 1999. Fisket kunne drivast med seigarn og bankline, men sei kunne også fiskast med trål.

Norske fartøy hadde høve til å fiske 100 tonn blåkveite og 100 tonn breiflabb i 1998, og 75 tonn blåkveite og 100 tonn breiflabb i 1999 med garn i eit prøvefiske i færøysk sone. Eit fartøy var med i prøvefisket etter blåkveite både i 1998 og i 1999. I 1998 blei det tatt 105 tonn blåkveite i eit direkte fiske mot 75 tonn i 1999. Det resterande kvantumet er bifangst i fisket etter botnfisk.

Samla blei det fiska 5.102 tonn botnfisk i færøysk sone i 1998 og 5.057 tonn i 1999. Fangsten av blåkveite og breiflabb er ikkje med i desse fangsttala. I både 1998 og 1999 var 30 norske fartøy med i fiske på botnfiskkvoten i færøysk sone.

Fisket etter håbrann/pigghå var eit prøvefiske i 1998 og 1999. Norske fartøy starta ikkje eit slikt fiske.

Kolmule: Norske ringnotfartøy plar fiske kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen, det vil seie i april/mai. Utbreiinga og førekomstane av kolmule i færøysk sone varierer frå år til år. Norske fartøy fiska 37.325 tonn kolmule i 1998 og 39.180 tonn i 1999.

5.1.4 Noreg - Grønland

Tabell 5.6 Oversikt over Noregs kvotar og fangstar i grønlandsk sone

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
Vestgrønland:
Blåkveite600600404449
Austgrønland:
Blåkveite2002008-
Kveite40040015222
Uer100100-194
Vestgrønland og Austgrønland:
Torsk95095021

5.1.4.1 Kommentarar til oversikten

Fisket etter blåkveite med trål ved Vestgrønland måtte skje sør om 64° 30' N og med ei avgrensing på 6 fartøy i fiske samstundes i sona. Likeins kunne berre 85% av blåkveitekvotane fiskast med trål. Det deltok 4 trålarar og 1 linefartøy i fisket i 1998, medan det var 4 trålarar og 1 linefartøy med i fisket i 1999.

I fisket etter blåkveite ved Austgrønland deltok 8 linefartøy og 4 trålarar i 1998, mens 5 linefartøy og 4 trålarar deltok i 1999.

I 1998 var det 19 reketrålarar som tilfredsstilte krava til deltaking i dette fisket ved Austgrønland (kvoten er tildelt av EU, jamfør tabell 5.4), medan 18 reketrålarar tilfredsstilte krava i 1999. Maksimalt 15 fartøy kunne fiske etter reker samstundes i grønlandsk sone. 11 fartøy deltok i rekefisket i 1998 mot 10 fartøy i 1999.

I 1999 fiska Noreg 1.194 tonn uer av ein kvote på 1.100 tonn (samansett av 1.000 tonn uer tildelt Noreg for eit fiske i grønlandsk sone etter den bilaterale avtala med EU og 100 tonn frå Grønland), noko som var ei betre utnytting av kvoten enn i 1998. (Sjå også norske fangstar i Irmingerhavet, punkt 5.1.9).

I fisket etter kveite ved Austgrønland er det berre høve til å fiske med line. I 1998 fiska 8 linefartøy, og i 1999 fiska 11 linefartøy. 3 av desse linefartøy fekk både for 1998 og 1999 ein høgare fartøykvote fordi deira fiske var innretta mot kveite.

I dei siste åra har det ikkje vore mogleg å utnytte torskekvoten som følgje av den dårlege bestandssituasjonen for torsk ved Grønland (Aust- og Vestgrønland). Når situasjonen for bestanden betrar seg, vil dette kunne bli ein viktig kvote for norske fartøy. Noreg hadde også høve til å ha inntil 10 % samla bifangst av andre artar.

5.1.5 Noreg - Island, om fisket etter botnfisk ved Island, og fisket etter lodde

Tabell 5.7 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar.

ArtKvotar (tonn) 1999Fangstar (tonn) 1999
Brosme, lange, blålange500497
Blåkveite-1
Kveite-8
Uer-9
Anna-89
Lodde17.00016.0811

1 Fangsttala er frå Norges Sildesalgslag.

5.1.5.1 Kommentar til oversikten

I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy også høve til å ha inntil 25 % bifangst av andre artar. Kvoten på 17.000 tonn lodde er inkludert i den norske kvoten for loddesesongen 1999/2000.

5.1.6 Noreg - Grønland - Island, om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen

I 1998 blei fisket opna 15. juli. I 1999 starta loddesesongen 20. juni. I følgje den gjeldande trepartsavtala for lodde er det ikkje tillate for norske fartøy å drive fiske etter 15. februar i den islandske sona. Både i 1998/1999 og 1999/2000 blei det fiska både om somaren og vinteren i motsetnad til sesongen 1997/1998.

Tabell 5.8 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i dei to loddesesongane 1998/1999 og 1999/2000.

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998/19991999/20001998/19991999/2000
Lodde112.000107.000102.39438.149

5.1.6.1 Kommentarar til oversikten

1998/1999 sesongen: Noreg hadde ein førebels kvote frå starten av sesongen på (946.667 2x12% 3)+16.000 (frå EU) = 129.600 tonn. Seinare blei endeleg TAC for 1998/1999 sett til 1.200.000 tonn. Endeleg norsk kvote etter trepartsavtalen for sesongen 1998/99 blei då på 96.000 tonn. I tillegg kom 16.000 tonn fra Noreg-EU avtala, slik at samla norsk kvote var på 112.000 tonn.

1999/2000 sesongen: Noreg hadde ein førebels kvote frå starten av sesongen på 129.800 tonn ((856.667 tonn x 12%) + 10.000 tonn (EU) + 17.000 tonn («Smottholavtala»)). Endeleg TAC for 1999/2000 blei seinare fastsett til 1.000.000 tonn. Endeleg norsk kvote etter trepartsavtalen for sesongen 1999/2000 blei då 80.000 tonn. I tillegg kjem 17.000 tonn frå «Smottholavtala» og 10.000 tonn frå Noreg-EU avtalen. Samla norsk kvote blei då 107.000 tonn.

Til saman blei det fiska 102.598 tonn i sesongen 1998/99 av totalt 80 konsesjonspliktige ringnotfartøy. Dei tilsvarande tala for 1999/2000 sesongen var 38.149 tonn. Totalt var det då 53 deltakende konsesjonspliktige ringnotfartøy.

17.000 tonn frå «Smottholavtala» gjeld kalenderåret 1999.Det same gjeld EU-kvoten på 10.000 tonn. Trepartsavtalen gjeld sesongen 1999/2000. På bakgrunn av dette er det postulert at det først blir fiska på Islandselementet, så EU-kvoten og til sist kvoten etter trepartsavtalen.

5.1.7 Noreg - EU (Sverige - Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat.

Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei øvrige artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.9 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar1

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
Torsk650620305345
Hyse290225188168
Sei--395-
Kviting2801451615
Rauspette2202205966
Sild10.67010.67010.557-
Makrell--922572
Brisling3.0003.7501.200192
Reker6.1306.1306.5153.985

1 Fangsttala er førebels tall frå sluttseddelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

5.1.7.1 Kommentarar til oversikten

Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker og sild.

Fangstane av torsk i tabellen omfattar berre fiske utanfor grunnlinja. I 1998 blei det fiska 975 tonn innanfor grunnlinja, mens det tilsvarande talet for 1999 var 788 tonn.

For sei og makrell blei kvotane fastsette i den bilaterale kvoteavtala mellom Noreg og EU. I 1998 og 1999 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3.000 tonn makrell i Skagerrak. Det var norske kystfartøy som fiska makrell i Skagerrak.

I 1998 blei sildekvoten delt med 3.000 tonn til kystgruppa og det resterande kvantumet til ringnotgruppa. Same fordelinga galdt i 1999.

Brisling blei fiska av kystbrislingflåten, mens rekekvoten blei fiska av kystreketrålarane.

5.1.8 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet.

Tabell 5.10 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
Torsk185--
Lodde----
Reker--1.3152.974

5.1.8.1 Kommentarar til oversikten

Det har ikkje vore fastsett loddekvote i NAFO-underområde 3NO sidan 1992. Då hadde Noreg ein loddekvote på 9.000 tonn i 3NO. Det har også dei seinaste åra vore forbod mot torskefiske.

Rekefisket i NAFO tok til våren 1993, då norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap har utvikla seg til å bli eit viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sidan av fisket ved Grønland. Dette til tross for at fangstkvantumet er redusert samanlikna med fangstnivået dei første åra etter at dette fisket tok til. Rekefisket blei innsatsregulert i 1996, og Noreg hadde i 1998 og 1999 ein kvote på 1.985 fangstdøgn med 32 fartøy. Totalt fiska 2 reketrålarar i 1998 og 1999, noko som er ein monaleg reduksjon frå åra 1993-1995, då det deltok mellom 15 og 27 fartøy. Tabell 5.10 viser likevel at fangstane auka mykje frå 1998 til 1999, noko som skuldast både betre fangstrate og lengre tid i fisket.

5.1.9 Norsk fiske i Irmingerhavet.

Tabell 5.11 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
Uer6.0006.0007582.988

5.1.9.1 Kommentarar til oversikten

Fisket etter uer i Irmingerhavet var ikkje kvoteregulert før 1996. Av TAC i 1998 på 153.000 fekk Noreg 6.000 tonn, samt overføringar på 1.100 tonn frå andre avtalepartar. I 1998 deltok tre fartøy i uerfisket, mens fire fartøy var med i 1999.

5.1.10 Norsk vårgytande sild - Fempartsavtala

Frå og med 1997 blei firepartsavtala frå 1996 (Færøyane, Island, Russland og Noreg) utvida ved at EU også blei delaktig i prosessen med å fastsetje totalkvote, fordele denne og delta i fisket saman med dei fire andre partane. Avtalen frå 1997 blir kalt fempartsavtala.

Tabell 5.12 Oversikt over kvotar og fangstar1 i fempartsavtala

NasjonKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
EU109.000109.00091.66594.792
Færøyane71.00071.00068.64956.090
Island202.000202.000200.022203.749
Noreg741.000741.000743.000744.875
Russland177.000177.000128.357157.329
Totalt1.300.0001.300.0001.233.6911.256.835

1 Fangsttala er innhenta frå NEAFC.

Tabell 5.13 Oversikt over fangstar av norsk vårgytande sild i ulike soner i 1998

Nasjon(a)1EUFærøyaneIslandJan MayenNoregTotalt
EU37.64128.3983.265-4.95817.40391.665
Færøyane6.2711.24012.86816.4459.16822.65768.649
Island22.338-64.81926.59879.3576.910200.022
Noreg2.629-979-2.846736.546743.000
Russland4.467-5.502--118.388128.357
Totalt73.34629.63887.43343.04396.329901.9041.231.693

1 Definert som internasjonalt havområde

Tabell 5.14 Oversikt over fangstar av norsk vårgytande sild i ulike soner i 1999

Nasjon(a)EUFærøyaneIslandJan MayenNoregTotalt
EU31.88736.3221.31413.41811.85194.792
Færøyane14.0182901.4959.06110.78220.44456.090
Island29.787--180173.782-203.749
Noreg5.878---870738.127744.875
Russland20.544-8559003.974131.056157.329
Totalt102.11436.6123.66410.141202.826901.4781.256.835

5.1.10.1 Kommentarar til oversikten:

Det norske fisket etter norsk vårgytande sild i 1998 gjekk i hovudsak føre seg i norsk økonomisk sone, men det blei tatt vel 2.600 tonn i internasjonalt havområde, i overkant av 970 tonn i færøysk sone og vel 2.800 tonn i Jan Mayen sona. Noreg har i dei siste åra nytta kvoten sin fullt ut. I tillegg til å fiske i norsk sone i 1999, fiska norske fartøy 870 tonn ved Jan Mayen og knapt 5.900 tonn i internasjonalt havområde.

Det russiske fisket etter norsk vårgytande sild føregjekk i hovudsak i norsk økonomisk sone i 1998 og 1999. I 1998 fiska Russland dessutan 4.400 tonn i internasjonalt havområde og 5.500 tonn i færøysk sone mot 20.500 tonn og 855 tonn i dei same områda i 1999. Russland har ikkje nytta kvoten sin fullt ut.

Island fiska i 1998 nesten 7.000 tonn nvg-sild i norsk økonomisk sone, mens islandske fartøy ikkje fiska i NØS i 1999. Island fiska mindre i internasjonalt havområde i 1998 enn i 1999. I følgje innrapporterte tal til norske styresmaktar auka dei islandske fangstane i Jan Mayen sona frå vel 84.000 tonn i 1998 til vel 186.000 tonn i 1999. I 1999 fiska islandske fartøy 180 tonn i si eiga sone.

Det færøyske fisket har føregått i dei fleste sonene i 1998 og 1999. Færøyske fartøy fiska bortimot heile sin kvote både i 1998 og 1999.

EU fiska ikkje heile kvoten korkje i 1998 eller 1999. Fartøy frå EU har drive fiske i alle sonene utanom den islandske sonen både i 1998 og 1999.

5.1.11 Norsk fangst av vågekval

Totalkvoten i 1998 blei fastsett til 671 dyr. Desse blei fordelt på følgjande geografiske område: Barentshavet, Jan Mayen, Svalbard, Vestfjorden og Nordsjøen. Talet på deltakande fartøy har dei siste åra lege rundt 33-34. Totalkvoten for 1999 var 753 dyr. Fangstane utgjorde respektivt 624 dyr i 1998 og 589 dyr i 1999.

5.2 Utanlandsk utnytting av kvotar i norske jurisdiksjonsområde i 1998 og 1999

5.2.1 Russland - Noreg

5.2.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har som nemnt felles forvaltning for artane torsk, hyse og lodde. Følgjande oversikt for 1998 og 1999 viser Russland sine kvotar og fangstar av desse artane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til 3. land. Russisk forskingsfangst framgår ikkje av tala.

Tabell 5.15 Russiske kvotar og fangstar1 på fellesbestandane i Barentshavet, etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
Torsk301.000184.500244.115210.374
Hyse58.00033.00020.55930.520
Lodde-32.000-32.485

1 Tala er førebels tal rapporterte frå russiske styresmakter til norske styresmakter.

Tabell 5.16 Oversikt over Russland sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
NØS N 62° N:
Torsk150.000150.00043.92261.556
Hyse25.00025.0007.0007.381
Sei3.5002.5003.7013.070
Blåkveite--446791
Steinbit2.0002.0001.3952.204
Uer750750646662
Snabeluer3.0502.7503.1531.856
Kolmule50.00050.00015.45716.770
Lodde-32.000-4.615
Sild141.500130.000121.767131.456
Andre artar3.0003.0004961.148
Fiskerisonen ved Jan Mayen:
Reker750750--
Sild11.00011.000-4.075

5.2.1.2 Kommentarar til oversikten

Russland sin kvote av torsk i NØS blir nytta godt. Av kvoten i 1998 blei 29,3 % fiska, tilsvarande tal for 1999 var 41,0 %.

Russland hadde ei utnytting av sin kvote av hyse i NØS på 28 % i 1998 og på 29,5 % i 1999.

Kvotane for sei, steinbit og uer er bifangstkvotar.

Kolmulekvoten kan også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen. I 1999 fiska Russland 163 tonn kolmule i fiskerisona ved Jan Mayen.

Russland utnytta kvotane for norsk vårgytande sild i norsk sone fullt ut i 1999 i motsetnad til i 1998.

Kvoten av andre artar for 1998 og 1999 er ikkje spesifisert.

5.2.2 EU - Noreg

5.2.2.1 Fellesbestandane

I Nordsjøen har Noreg og EU som nemnt felles forvaltning for artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EU sine kvotar for konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 5.18. EU sine kvotar og fangstar 4 av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til 3. land i 1998 og 1999 var følgjande:

Tabell 5.17 EU sine kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen etter overføring frå Noreg til EU og før overføring til tredjeland

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
Torsk125.200119.890123.43879.462
Hyse91.05073.68072.55761.046
Sei46.56052.80046.76347.774
Kviting54.00039.60023.65726.333
Raudspette83.91098.62574.97083.494
Makrell20.19020.19021.49232.647
Sild180.340188.150161.839178.303

Kvotane omfattar Nordsjøen og Skagerrak. EU nytta i 1998 kvotane av sei og makrell fullt ut. I 1999 blei makrellkvoten fullt utnytta. Også sei- og sildekvotane blei godt utnytta. EU sine fangstar av makrell blir kommentert i punkt 5.2.2.2.

Tabell 5.18 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
NØS, N 62° N:
Torsk27.08019.87021.31018.306
Hyse2.5001.7002.0381.160
Sei4.0003.1004.1163.262
Blåkveite100100181141
Uer1.7501.750481451
Snabeluer1.7501.750324317
Makrell12.02012.020--
Andre artar70070026990
NØS, Nordsjøen1:
Torsk*60.49060.45025.12615.609
Hyse*61.90050.75015.81114.448
Sei*46.12051.10018.45521.295
Kviting*25.19025.1901.0921.216
Raudspette*40.00040.0005.6685.053
Makrell*20.43020.43024.38123.889
Sild*50.85050.85025.53115.895
Augepål50.80050.80018.86316.628
Kolmule--43.58544.369
Tobis150.000150.000124.76815.574
Reke1.2651.265623933
Andre arter11.19011.1908.9318.923
Fiskerisonen ved Jan Mayen:
Kolmule1.0001.000--

1 EU sine kvotar i norsk jurisdiksjonsområde, her Nordsjøen, er både i 1998 og i 1999 sett saman frå to kvoteavtaler, nemleg avtale mellom EU-Noreg og avtale mellom Sverige-Noreg for å kunne samanlikna kvotane med fangsttala i tabell 5.17. Avtala mellom Sverige og Noreg er dessutan presentert under punkt 5.2.7.

Som nemnt i punkt 5.1.2.2 om norske kvotar på fellesbestandane merka (*) i EU-sona syner tabell 5.18 på tilsvarande måte kor mykje EU og Noreg er samde om at EU-fartøy kan fiske i NØS.

5.2.2.2 Kommentarar til oversikten

Frå og med 1998 har EU ein kvote av torsk nord om 62° N som tilsvarer 4,14% av TAC for norsk-arktisk torsk.

EU sin makrellkvote nord om 62° N kunne også fiskast sør om 62° N i ICES-område IVa i 1998 og 1999. Dette forklarer avvika mellom kvotetal og fangsttal for Nordsjøen.

EU sin kvote av blåkveite og samlekvoten for andre artar nord for 62° N er bifangstkvotar.

I begge åra har EU nytta torsk-, sei-, hyse- og blåkveitekvotane nord om 62° N svært godt.

EU sine fangstar i NØS sør for 62° N som andel av EU sine samla fangstar utgjer i 1998 og 1999 følgjande prosentar, for torsk 20 % og 20 %, for hyse 22 % og 24 %, for sei 39 % og 45 %, for kviting 5 % og 5 % og for raudspette 8 % og 6 %.

EU sin samla makrellkvote i NØS var 32.210 tonn i 1998 og i 1999. EU utnytta 76 % av denne kvoten i 1998 og 74 % i 1999.

EU sine fangstar av sild i NØS i Nordsjøen av samla fangstar utgjer 18 % i 1998 og 17 % i 1999.

Augepålkvoten gjeld augepål og kolmule. Ved fiske etter augepål/kolmule og/eller tobis kan den einskilde kvoten overskridast med inntil 40.000 tonn under føresetnad av at samla fangst av augepål/kolmule og tobis ikkje overstig 200.000 tonn. EU si utnytting av industrikvoten på 200.000 tonn var respektive 94 % i 1998 og 38 % i 1999.

EU hadde ei utnytting på 80 % av kvoten andre artar i Nordsjøen både i 1998 og 1999.

5.2.3 Færøyane - Noreg

Tabell 5.19 Oversikt over Færøyane sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
NØS, N 62° N:
Torsk4.1005.3024.1155.302
Hyse800397788397
Sei-179366179
Blåkveite--3791
Uer570-9837
Kolmule1.0004.000--
Lodde----
Makrell3.9503.950--
Andre artar2502002287
NØS, Nordsjøen:
Sei1.3801.7711.3041.201
Sild9001.200847844
Augepål29.00029.0005.7042.438
Makrell--4.1394.174
Hestmakrell5.0006.000-1.065
Håbrann/pigghå300300--
Andre artar--261668
Fiskerisonen ved Jan Mayen:
Kolmule1.0001.000--

5.2.3.1 Kommentarar til oversikten

Færøyane sine kvotar av torsk, hyse og uer nord om 62° N var samansett av kvotane frå Noreg og tildelingar frå Russland. Etter avtale med Noreg kan delar av dei russiske kvotane fiskast i NØS. I 1998 utgjorde kvotane frå Noreg 2.600 tonn torsk, 550 tonn hyse og 250 tonn andre artar, medan kvotane frå Noreg representerte 2.000 tonn torsk, 350 tonn hyse og 200 tonn andre artar i 1999. Differansen mellom kvotane i oversikten i tabell 5.19 og kvotane frå Noreg representerer altså det kvantum Færøyane kunne fiske av russisk tildelte kvotar i NØS.

Makrellkvoten til Færøyane kunne også fiskast i NØS i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa). I praksis har kvoten dei siste åra vore fiska i Nordsjøen.

Færøyane sin seikvote sør for 62° N inkluderer bifangst av sei i andre fiskeri. Det same gjeld for sildekvoten. Augepålkvoten på 29.000 tonn både i 1998 og i 1999, omfattar også tobis, kolmule og maksimalt inntil 2.000 tonn brisling. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule og tobis samla under augepål. Færøyane fiska ikkje brisling i NØS i 1998, men tok 450 tonn i 1999. Augepålkvoten dekkjer også bifangst av andre artar bortsett frå sei og sild.

Kvotane på 6.000 tonn hestmakrell og 300 tonn håbrann/pigghå kan også fiskast nord for 62°N.

Både i 1998 og 1999 har Færøyane fiska kvotane av torsk og av hyse i NØS nord om 62° N. Makrellkvoten blei oppfiska både i 1998 og i 1999. Seikvotane i Nordsjøen blei nytta fullt ut i 1998, medan det gjenstod ein del av kvoten for 1999.

5.2.4 Grønland - Noreg

Tabell 5.20 Oversikt over Grønland sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
NØS, N 62° N:
Torsk3.62012.4303.7592.181
Hyse550350641252
Sei700655
Andre artar520850495742
NØS, Nordsjøen:
Torsk200200--
Sei800800--
Andre artar---

1 Av dei 3.620 tonn er det inkludert ei overføring på 1.000 tonn torsk og hyse (samla) frå Russland.

5.2.4.1 Kommentarar til oversikten

I NØS nord om 62° N har Grønland nytta torske- og hysekvotane omlag fullt ut i 1999, mens desse kvotane blei overfiska noko i 1998.

Torsk, hyse, sei og annan botnfisk i Nordsjøen: I NØS sør for 62° N hadde Grønland i 1998 og 1999 ein kvote på 1.000 tonn torsk, hyse og sei samla. Av dette kunne torsk utgjere maksimalt 200 tonn. Grønland har ikkje fiska i Noregs økonomiske sone av Nordsjøen i 1998 eller i 1999.

5.2.5 Island - Noreg

Island fekk ein torskekvote på 4.450 tonn i NØS nord for 62° N i 1999 etter at «Smottholavtala» blei inngått våren 1999.

Tabell 5.21 Oversikt over Island sine kvotar og fangstar i 1999.

ArtKvotar (tonn) 1999Fangstar (tonn) 1999
Torsk4.4501.931
Hyse-9
Sei-146
Anna-58

5.2.6 EU (Sverige - Danmark) - Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan fiskast berre i Skagerrak. For dei øvrige artane gjeld kvotane både Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.22 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
Torsk19.35018.38014.3689.515
Hyse6.7105.1753.7821.213
Kviting14.9207.855111134
Raudspette10.98010.9806.3266.281
Sild69.33069.33069.07458.293
Brisling37.00046.25028.87030.559
Reker7.0307.0304.9993.249

5.2.6.1 Kommentarar til oversikten

Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har også andre EU-land mindre kvotar. Til dømes har Nederland raudspettekvote i Skagerrak.

Dei fleste artane er godt utnytta. Til dømes nytta EU 74 % av torskekvoten i 1998 og 52 % i 1999, 56 % av hysekvoten i 1998 og 23 % i 1999, 58 % av raudspettekvoten i 1998 og i 1999, 99 % av sildekvoten i 1998 og 84 % i 1999, og 78 % av brislingkvoten i 1998 og 66 % i 1999. I 1998 nytta EU 71 % av rekekvoten i Skagerrak/Kattegat og 46 % av denne kvoten er nytta i 1999.

På autonomt grunnlag kvoteregulerer EU også andre bestandar enn dei som det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat. Desse er tunge, lysing og sjøkreps.

5.2.7 Sverige - Noreg

Tabell 5.23 Oversikt over Sverige sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
NØS, Nordsjøen:
Torsk490540504547
Hyse900750434677
Sei1.1201.1001.3911.572
Kviting1901907061
Augepål8008001.096452
Makrell2402402.3712.093
Sild8508501.483891
Reke185185185178
Andre artar--174342

5.2.7.1 Kommentarar til oversikten

I oversikten er fangstane av kviting og lyr samla under kviting. Fangstane av lyr utgjorde 70 tonn i 1998 og 61 tonn i 1999. Altså har svenskane ikkje fiska kviting dei to siste åra. Augepålkvoten til Sverige omfattar også annan industrifisk (kolmule, tobis, brisling og hestmakrell), av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under augepål. Med unntak for hestmakrell har svenske fartøy fiska svært lite industrifisk i NØS. I 1998 fiska svenske fartøy 1.089 tonn tobis og i 1999 fiska dei 448 tonn. Svenske fartøy fiska ikkje hestmakrell i NØS i 1998, men fiska 97 tonn i 1999.

I samband med at Sverige blei medlem i EU frå 1. januar 1995, fekk svenske fartøy høve til å fiske i NØS i Nordsjøen på EU sine kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtalen mellom EU og Sverige. Sverige sine kvotar tildelt av EU forklarer kvifor Sverige tilsynelatande har overfiska nokre av kvotane som er presenterte i tabell 5.23.

I hovudsak er det svenske fisket konsentrert om kvotane sine av torsk, sei, makrell, sild og reke.

5.2.8 Polen - Noreg

Tabell 5.24 Oversikt over Polen sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1998199919981999
NØS, N 62° N:
Kolmule3.0003.000--
Andre artar100100--
NØS, Nordsjøen:
Torsk-2419
Sei800865823862
Andre artar80853247
Fiskerisonen ved Jan Mayen:
Kolmule5.0005.000--

5.2.8.1 Kommentarar til oversikten

Kvoten av andre artar nord for 62° N gjeld bifangst i fiske etter kolmule.

Frå og med 1995 blei Polen sitt kvotearrangement i Nordsjøen endra. Botnfiskkvoten blei da omgjort til ein seikvote, der det var tillate med inntil 10 % bifangst av andre artar i fisket etter sei.

Polske fartøy er primært interesserte i sei. Polakkane har utnytta seikvoten godt både i 1998 og 1999. Det var eit visst overfiske av seikvoten i 1998.

Fotnoter

1.

Desse fangstane er frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

2.

Førebels TAC.

3.

Den norske kvoten ved inngangen til sesongen er 12% av førebels TAC, og endeleg norsk kvote er 8% av endeleg TAC.

4.

Fangsttala er frå EU-kommisjonen.

Til forsiden