St.meld. nr. 45 (1999-2000)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 1999

Til innhaldsliste

2 Regelverket for eksportkontrollen

Utanriksdepartementet har ansvaret for kontrollen med eksport av forsvarsmateriell, fleirbruksvarer, 1

teknologi og tenester. Kontrollen vert utøvd på grunnlag av eksportkontroll-lova, forskrifter, retningsliner og kontroll-lister.

Lovgrunnlaget

Kontrollen med eksporten av forsvarsmateriell og fleirbruksvarer vert utøvd med heimel i eksportkontroll-lova (Lov av 18. desember 1987 nr. 93 om kontroll med eksport av strategiske varer, tjenester og teknologi m.v.). Denne lova omfattar all eksportregulering for strategiske varer og teknologi som kan vere viktige for andre lands utvikling, produksjon eller bruk av produkt til militære føremål, eller som direkte kan tene til å utvikle eit lands militære evne. Slike varer, tenester eller teknologi må ikkje utførast frå norsk tollområde utan særskilt løyve frå Utanriksdepartementet. Dei aktuelle varene og teknologislaga er omtala i kontroll-listene (liste I for forsvarsmateriell og liste II for fleirbruksvarer).

Lova set òg forbod mot at personar som bur eller har opphald i Noreg og norske verksemder, stiftingar og samanslutningar utan særskilt løyve driv handel med, formidlar eller på annan måte bistår ved sal av forsvarsmateriell frå eit framandt land til eit anna.

Departementet har eit lovheimla krav på å få framlagt alle opplysningar som vert rekna som nødvendige for å kunne behandle ein søknad om eksportlisens. Ein slik rett til innhenting av informasjon har sitt motstykke i føresegner i lova om teieplikt.

Dersom forholdet ikkje vert ramma av strengare straffebod, vert brot på eksportkontroll-lova straffa med bøter eller fengsel inntil fem år eller begge delar. Dersom lova er broten av ein som handla på vegner av eit selskap med avgrensa ansvar, eit kommandittselskap eller anna samanslutning eller ei stifting, kan føretaket bøteleggjast.

Det er utferda to forskrifter i medhald av denne lova: Forskrift av 10. januar 1989 som gjev nærare reglar om gjennomføringa av eksportreguleringa, og Forskrift av 10. mars 1989 med tillegg av 28. februar 1992 som set forbod mot eksport av tungtvatn, med visse atterhald. Forskrifta om eksportreguleringa vart endra i 1999 med tilføying av ein ny paragraf (§ 13) om tilbakekalling av lisens dersom grunnlaget for innvillinga er vorte vesentleg endra. Det er òg gjort endringar av språkleg presiserande karakter med omsyn til kontrollen med teknologi og tenester. Forskrifta finst i vedlegg 1.

For gjennomføring av bindande vedtak i Tryggingsrådet i FN om fullstendig eller delvis handelsembargo mot visse land vert det utferda forskrifter med heimel i Lov av 7. juni 1968 nr. 4 om gjennomføring av bindende vedtak av De Forente Nasjoners Sikkerhetsråd. På denne måten vert vedtak i Tryggingsrådet gjorde til norsk rett.

Kontroll-listene

Forsvarsprodukta i denne meldinga er spesifiserte på kontroll-liste I. Fleirbruksvarer er spesifiserte på kontroll-liste II. For utførsel av varer på desse kontroll-listene vert det krevd utførslelisens frå Utanriksdepartementet. Det er krav om skriftleg løyve for overføring av teknologi eller tenester til utanlandsk kunde i tilknytning til produkt på varelistene. Dette kravet gjeld enten tenesta skjer i Noreg eller i utlandet.

Anna lisensplikt. Særlege unntak

I tillegg til lisensplikta for varer, teknologi og tenester spesifiserte i varelistene som er nemnde ovanfor, er det reglar i forskriftene som i spesielle situasjonar tek sikte på å fange opp varer som ikkje er spesifiserte i varelistene. Det finst to såkalla «altomfattande» klausular i forskriftene (sjå § 1 f. og g. i vedlegg 1):

Den eine klausulen seier at ved utførsle til militær bruk til område der det er krig eller krig trugar eller til land der det er borgarkrig, er alle varer, teknologi og tenester lisenspliktige sjølv om dei ikkje er omfatta av listene. Den andre klausulen gjev heimel for å kreve lisens for alle varer, teknologi og tenester sjølv om dei ikkje er omfatta av Utanriksdepartementet sine lister i tilfelle der eksportøren er kjend med at dette på nokon måte kan verta brukt i samband med utvikling, produksjon, vedlikehald, lagring, deteksjon, identifikasjon eller destruksjon av kjernevåpen, kjemiske eller biologiske våpen. Tilsvarande reglar gjeld i samband med utvikling, produksjon, vedlikehald eller lagring av missilar som kan levere slike våpen.

Eit særleg unntak frå den allmenne lisensplikta gjeld utførsle av forsvarsmateriell eigd av Forsvarsdepartementet. Slikt materiell kan utførast til NATO-land utan framlegging av utførslelisens. Det er likevel eit vilkår at det ved kvar sending vert lagt fram erklæring for Tollvesenet frå Forsvarsdepartementet som stadfester at sendinga går til eit land tilslutta NATO. Vidare kan eige flymateriell som Luftforsvarets Forsyningskommando sender til land tilslutta NATO for reparasjon, utførast utan lisens. Militært materiell som tilhøyrer amerikanske styresmakter, kan òg utførast utan framlegging av utførslelisens eller utførsledeklarasjon. For kvar sending skal det leggjast fram ei erklæring frå Forsvarsdepartementet om at sendinga omfattar militært materiell tilhøyrande amerikanske styresmakter.

Utanriksdepartementets retningsliner

Utanriksdepartementets retningsliner for behandling av søknader om eksport av våpen, militært materiell, samt teknologi og tenester for militære formål (vedlegg 2) vart offentleggjorde 28. februar 1992 for å gjere det lettare for norske eksportørar å vurdere utsiktene til å få utførsleløyve.

Utgangspunktet for eksportkontrollen er regjeringserklæringa av 11. mars 1959 som slår fast at «det skal ved avgjørelsen legges vekt på de utenriks- og innenrikspolitiske vurderinger, og hovedsynspunktet bør være at Norge ikke vil tillate salg av våpen og ammunisjon til områder hvor det er krig eller krig truer, eller til land hvor det er borgerkrig.» I vedtak same dagen tok Stortinget «til etterretning den erklæring Statsministeren på vegne av Regjeringen har lagt frem. Stortinget vil sterkt understreke at eksport av våpen og ammunisjon fra Norge bare må skje etter en omhyggelig vurdering av de uten- og innenrikspolitiske forhold i vedkommende område. Denne vurderingen må etter Stortingets mening være avgjørende for om eksport skal finne sted».

Retningslinene gjer greie for kva Utanriksdepartementet legg vekt på i vurderinga av mottakarar av forsvarsmateriell frå Noreg. I det norske regelverket er det ikkje lister over mottakarland. I staden vert det brukt tre landgrupper. Landgruppe 1 er dei nordiske landa og NATO-medlemslanda, og nokre andre land som etter ei grundig vurdering kan godkjennast som mottakarar av våpen og ammunisjon. Landgruppe 2 er land som Noreg på grunn av regelverket ikkje kan eksportere forsvarsmateriell til. Dette er land Tryggingsrådet i FN etter vedtak har innført sanksjonar mot eller land som ligg i eit område der det er krig eller krig trugar, land der det er borgarkrig eller land kor ein etter ei noggrann vurdering av dei utan- og innanrikspolitiske tilhøva i vedkomande område kjem til at eksport av forsvarsmateriell ikkje bør finne stad. Landgruppe 3 består av land som Noreg ikkje sel våpen eller ammunisjon til, men som etter særskild vurdering kan motta anna militært materiell.

Kategori A-materiell er våpen og ammunisjon, forutan anna materiell som vesentleg vil kunne påvirke dei militære styrketilhøva ut over nærområda; kategori B er anna militært materiell. Landgruppe 1 kan få både A og B-materiell, medan landgruppe 3 er dei landa som berre får B-materiell. Retningslinene krev at eksportlisens berre kan gjevast for kategori A-materiell (våpen og ammunisjon) dersom kunden er eller opptrer på vegner av forsvarsmakta i mottakarlandet. Dokumentasjon må godtgjere dette.

Del-leveransar og fleirnasjonale produkt

Retningslinene tek omsyn til at eksporten kan gjelde ulike føremål, til dømes samarbeids- og utviklingsprosjekt, tenester eller teknologioverføringar. Produkta kan ha sjølvstendig funksjon eller vere del-leveransar. Med deler meiner ein varer som ikkje har nokon sjølvstendig funksjon. Slike varer kan vere til dømes elektronikk-komponentar, metallhylser, eller programvare. For del-leveransar skal søknaden i utgangspunktet behandlast på same måte som ved eksport av sluttproduktet. Men retningslinene opnar for at krav om norsk kontroll med sluttbrukar kan fråvikast i unntakstilfelle. Det gjeld m.a. ved samarbeidsavtalar som er godkjende av norske styresmakter, jf. retningslinene, kap. VII, 2. I så fall må det ferdige produktet ikkje framstå som norsk.

Unntak frå hovedregelen om norsk kontroll med sluttbrukaren kan òg gjerast på visse vilkår dersom produktet er resultat av eit fleirnasjonalt samarbeid. Retningslinene gjev i Kap. III om samarbeids- og utviklingsprosjekt rom for at det ferdige produktet i slikt samarbeid kan eksporterast etter samarbeidslandets reglar dersom produktet ikkje framstår som norsk. Men i retningslinene frå 1992 vart det ikkje tenkt på at produkt kan ha fleirnasjonal karakter. Auka integrasjon i forsvarsindustrien og nærare internasjonalt samarbeid om utvikling og produksjon av forsvarsmateriell skapte nye utfordringar for eksportkontrollen. I 1998 vart det difor teke inn eit nytt kapittel IV som gjev reglar for handsaminga av fleirnasjonale produkt:

«Ved samarbeidsprosjekter som er av en slik art at det ferdige produkt fremstår med flernasjonal identitet kan produksjonslandets eksportkontroll-regler legges til grunn ved eksport til tredjeland. I forbindelse med godkjenningen av samarbeidsprosjektet skal eksportvilkårene for det ferdige produkt til tredjeland avtales mellom de berørte lands myndigheter.»

Fotnotar

1.

Sivile produkt som kan brukast militært.