St.meld. nr. 45 (1999-2000)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 1999

Til innhaldsliste

7 Eksporten av forsvarsmateriell frå Noreg i 1999

Denne årlege oversikta over eksporten av forsvarsmateriell er basert på innrapporterte sal av varer, teknologi og tenester nemde i Utanriksdepartementets kontroll-liste I. Det er ikkje teke med opplysningar om mellombels utførsle av varer i norsk eige for reparasjon eller demonstrasjon, eller om verdien av varer som vert returnerte til utanlandsk eigar etter reparasjon i Noreg. Verdien av dei utførte produkta kjem fram i dei kvartalsvise rapportane frå eksportbedriftene til Utanriksdepartementet. Verdiane i desse rapportane kan avvike frå verdiane på lisensane, m.a. fordi lisensane kan vere gyldige for eit lengre tidsrom enn eit kvartal, eller ikkje vert nytta fullt ut.

Eksporten av forsvarsmateriell og tenester er framstilt i sju tabellar:

Tabell 7.1; oversyn over land som har motteke forsvarsmateriell frå Noreg etter varegruppene i liste I

Tabell 7.2; eksport av forsvarsmateriell fordelt på varegruppene i liste I

Tabell 7.3; eksport av forsvarsmateriell fordelt på land

Tabell 7.4; utførte tenester knytte til liste I

Tabell 7.5; utførte reparasjonar i Noreg av forsvarsmateriell for utanlandsk oppdragsgjevar

Tabell 7.6; eksport av forsvarsmateriell fordelt på regionar

Tabell 7.7; samanlikning av eksporten i åra 1996-99

Den samla eksporten av forsvarsmateriell i 1999 var om lag 1,3 milliardar kroner. Dei seinaste åra har verdien vore vel 1,1 milliardar.

NATO-landa og dei nordiske landa er dei største mottakarane av forsvarsmateriell frå Noreg, med om lag 75 prosent. Kategori A-materiell (våpen og ammunisjon) vert i hovudsak levert til NATO-allierte og nordiske land. I tillegg har Australia, Brasil, Chile, Irland, Japan, Latvia, New Zealand, Singapore, Sveits, Sør-Korea og Thailand teke imot A-materiell. NATO-landa og dei nordiske landa var også dei største mottakarane av kategori B-materiell (anna militært materiell) i 1999. I tillegg er slikt materiell levert til Argentina, Austerrike, Bulgaria, Dei sameinte arabiske emirata, Egypt, Litauen, Oman, Saudi-Arabia og Taiwan. Det er òg levert noko materiell til FN-styrkar.

Merknader til tabellane

Tabell 7.1 syner dei landa som har motteke forsvarsmateriell frå Noreg, fordelt på varegruppene i liste I.

Tabell 7.2 syner eksport av forsvarsmateriell fordelt på varegruppene i liste I. Som i åra 1996-1998 var størsteparten av eksporten delar og komponentar, deretter ammunisjon, sprengstoff og elektronisk utstyr. Utstyr med sjølvstendig funksjon utgjorde en særs liten del av det totale omfanget.

Tabell 7.3 syner eksport av kategori A- og B-materiell fordelt på land. Sverige og Sambandstatane var største mottakarar i 1999. Ein auke på om lag 165 millionar i høve til tala for 1998 kan forklårast med auka eksport til Sverige og med nokre større einskild-leveransar. Delar og komponentar representerer største delen av eksporten.

Tabell 7.4 syner tenester knytt til forsvarsmateriell for utanlandske oppdragsgjevarar. Sverige var største kjøpar av tenester, følgd av Tyskland og Finland. Tilsaman var desse landa største kjøpare med ca. 85 %.

Tabell 7.5 syner utførte reparasjonar i Noreg av forsvarsmateriell for utanlandsk oppdragsgjevar. Sverige var òg største kjøpar av reparasjonar i Noreg, fylgd av Sambandsstatane, Finland, Frankrike og Nederland. Tilsaman utgjorde desse landa ca. 80%.

Som det går fram av regionoversikta i tabell 7.6, gjekk tre firedelar av eksporten til NATO-land og nordiske land. Det relativt høge talet på B-materiell til Afrika skuldast ein leveranse av sambandsutstyr til Egypt. Mønsteret for hovudmottakarar er ikkje vesentleg endra i høve til tidlegare år.

Tabell 7.7 syner den totale verdien av eksporten i åra 1996-1999, fordelt på kategori A- og B-materiell, tenester, samt reparasjonar utført i Noreg for utanlandske oppdragsgjevarar. Som det går fram, auka eksportverdien av kategori A-materiell frå 1996 til 1999 med omlag 60 millionar kroner, mens auken i forhold til 1998 var om lag 100 millionar. Eksporten av kategori B-materiell auka med vel 180 millionar kroner frå 1996 til 1999. I denne perioden var det variasjonar i eksporten av B-materiell. Auken frå 1996 til 1997 var om lag 180 millionar, og frå 1997 til 1998 fall eksporten av B-materiell med om lag 80 millionar. Eksporten i 1999 var om lag den same som i 1997.

Verdien på utførte tenester auka frå 1996 til 1998 med om lag 26 millionar, men frå 1998 til 1999 fall den igjen med om lag 25 millionar.

Ein hadde ikkje tal for utførte reparasjonar i 1996, men frå 1997 til 1999 auka verdien med om lag 30 millionar.

Totalt sett har mønsteret i eksporten av forsvarsmateriell frå Noreg i åra 1996-1999 ikkje endra seg vesentleg.

32 bedrifter rapporterte om eksport av forsvarmateriell i 1999. I åra 1996-1998 har mellom 25 og 33 bedrifter rapportert om slik eksport kvart år.

Tabell 7.1 - Oversyn over land som har motteke forsvarsmateriell frå Noreg etter varegruppene i liste I

Varegruppe Mottakarland
1. Handvåpen m.v. for militært eller anna føremål. Canada, Danmark, Finland, Italia, Latvia, Sambandsstatene, Storbritannia, Sverige, Tyskland.
2. Artilleri m.v. Ingen.
3. Missilsystem, bomber, rakettar, torpedoar, land- og sjøminer, handgranatar. Ingen.
4. Eldleiingsutstyr, søkjarutstyr, utstyr for handsaming m.v. av utstyr i gruppe 1-3. Australia, Canada, Frankrike, Sverige.
5. ABC-våpen m.v. Ingen.
6. Ammunisjon, sprengstoff m.v. Australia, Belgia, Brasil, Canada, Chile, Danmark, Den tsjekkiske republikk, Finland, Frankrike, Hellas, Irland, Italia, Nederland, New Zealand, Portugal, Sambandsstatane, Singapore, Spania, Storbritannia, Sveits, Sverige, Sør-Korea, Thailand, Tyskland.
7. Elektronisk utstyr m.v., ikkje nemt under pkt. 4. Argentina, Austerrike, Canada, Chile, Dei sameinte arabiske emirata, Den tsjekkiske republikk, Egypt, Finland, Frankrike, Irland, Italia, Japan, Litauen, Nederland, Oman, Saudi-Arabia, Sambandsstatane, Spania, Storbritannia, Sveits, Sverige, Taiwan, Thailand, Tyskland.
8. Fartøy m.v. Ingen
9. Luftfartøy og romfartøy, spesielt konstruert eller modifisert for militært føremål. Ingen.
10. Beltebilar, amfibiebilar og andre køyretøy spesielt konstruerte eller modifiserte for militært føremål, med unntak av uarmerte og uvæpna køyretøy konstruerte for køyring på veg; stridsvogner, militære bergingsvogner. Ingen.
11. Verne- og redningsutstyr m.v. Ingen.
12. Hangarar, tilfluktsrom og andre bygningar spesielt konstruerte eller modifiserte for militært føremål. Ingen.
13. Kamuflasjemateriell. Ingen.
14. Fotomateriell. Ingen.
15. Intendanturmateriell spesielt utvikla eller modifisert for militært føremål. Ingen.
16. Materiell spesielt konstruert eller modifisert for opplæring i bruk eller vedlikehald av produkt under 1-15 ovanfor. Dei sameinte arabiske emirata, Tyskland.
17. Komponentar, delar, delsystem og tilleggsutstyr spesielt konstruerte eller modifiserte for produkt under 1-16 ovanfor. Australia, Belgia, Bulgaria, Canada, Danmark, Finland, Frankrike, Hellas, Italia, Japan, FN/Libanon, Luxemburg, Nederland, Sambandsstatane, Singapore, Storbritannia, Sveits, Sverige, Sør-Korea, Tyrkia, Tyskland.
18. Programvare. Ingen.
19. Materiale, maskiner, verktøy m.v. Frankrike, Sverige, Tyskland.
20. Teknologi spesielt knytta til produkt under 1-19 ovanfor. Danmark, Sverige.

Tabell 7.2 Eksport av forsvarsmateriell fordelt på varegruppene i liste I (i tusen kroner)

Varegruppe Sum
1. Handvåpen m.v. for militært eller anna føremål 497
2. Artilleri m.v. 0
3. Missilsystem, bomber, rakettar, torpedoar, land- og sjøminer, handgranatar 0
4. Eldleiingsutstyr, søkjarutstyr, utstyr for handsaming m.v. av utstyr i gruppe 1.-3. 25 645
5. ABC-våpen m.v. 0
6. Ammunisjon, sprengstoff m.v. 383 793
7. Elektronisk utstyr m.v., ikkje nemt under pkt. 4 288 563
8. Fartøy m.v. 0
9. Luftfartøy og romfartøy, spesielt konstruert eller modifisert for militært føremål 0
10. Beltebilar, amfibiebilar og andre køyretøy spesielt konstruerte eller modifiserte for militært føremål, med unntak av uarmerte og uvæpna køyretøy konstruerte for køyring på veg; stridsvogner, militære bergingsvogner 0
11. Verne- og redningsutstyr m.v. 0
12. Hangarar, tilfluktsrom og andre bygningar spesielt konstruerte eller modifiserte for militært føremål 0
13. Kamuflasjemateriell 0
14. Fotomateriell 0
15. Intendanturmateriell spesielt utvikla eller modifisert for militært føremål 0
16. Materiell spesielt konstruert eller modifisert for opplæring i bruk eller vedlikehald av produkt under 1-15 ovanfor 34 297
17. Komponentar, delar, delsystem og tilleggsutstyr spesielt konstruerte eller modifiserte for produkt under 1-16 ovanfor 490 270
18. Programvare 0
19. Materiale, maskiner, verktøy m.v. 1 311
20. Teknologi spesielt knytta til produkt under 1-19 ovanfor 3 070
Sum 1 227 446

Tabell 7.3 Eksport av forsvarsmateriell fordelt på land (i tusen kroner)

Land Kategori A Kategori B Totalt
Australia 36 891 17 875 54 766
Belgia 421 1 665 2 086
Brasil 196 0 196
Canada 31 714 235 31 949
Chile 465 476 941
Den tsjekkiske republikk 1 209 249 1 458
Danmark 3 436 3 932 7 368
Finland 2 241 6 964 9 205
Frankrike 55 012 20 964 75 976
Hellas 22 530 393 22 923
Irland 110 69 179
Italia 27 137 2 214 29 351
Japan 197 1 391 1 588
Latvia 21 0 21
Luxembourg 70 45 115
Nederland 2 331 5 264 7 595
New Zealand 63 24 87
Portugal 23 0 23
Sambandsstatane 124 398 108 029 232 427
Singapore 234 2 813 3 047
Spania 14 175 0 14 175
Storbritannia 37 660 17 805 55 465
Sveits 33 981 53 34 034
Sverige 134 571 228 212 362 783
Sør-Korea 306 84 390
Thailand 1 014 8 402 9 416
Tyskland 53 055 11 578 64 633
Land som berre har motteke materiell i kategori B:
Argentina 0 42 42
Austerrike 0 212 212
Bulgaria 0 43 43
Dei sameinte arabiske emirata 0 36 344 36 344
Egypt 0 153 254 153 254
FN-styrkar (i Libanon) 0 197 197
Litauen 0 40 40
Oman 0 522 522
Saudi-Arabia 0 1 647 1 647
Taiwan 1 0 12 934 12 934
Tyrkia 0 14 14
Sum 583 461 643 985 1 227 446

1 Sonar til patruljefartøy for tollvesenet

Tabell 7.4 Tenester utførte for utanlandsk oppdragsgjevar (i tusen kroner)

Land Posisjon i liste I Totalt
Finland 3 3 508
Tyskland 6 3 862
Storbritannia 6, 8 1 762
Sambandsstatane 6, 8 351
Sverige 6, 8 6 947
Taiwan 1 8 770
Sum 17 200

1 Klassifiseringsteneste knytt til patruljefartøy for politi

Tabell 7.5 Reparasjonar i Noreg for utanlandske oppdragsgjevarar (i tusen kroner)

Land Posisjon i liste I Totalt
Austerrike 7 6
Belgia 1, 17 8
Canada 7, 17 132
Danmark 1, 7, 17 509
Dei sameinte arabiske emirata 7 793
Finland 2, 6, 7 2 698
Frankrike 6, 7, 17 5 798
Hellas 17 124
Italia 1 4
Japan 7 41
Nederland 17 2 448
Sambandsstatane 6, 7, 17, 19 7 000
Spania 6, 7, 17 219
Storbritannia 7, 17 476
Sveits 6, 7, 17 956
Sverige 1, 4, 7, 17 27 948
Tyrkia 1 17 6 339
Tyskland 1, 17 182
Sum 55 681

1 Eksporten galdt reparasjonar av forsvarsmateriell som Noreg leverte til Tyrkia på 1970-tallet

Tabell 7.6 Eksport av forsvarsmateriell, tenester og reparasjonar, fordelt på regionar (i tusen kroner)

Region Totalt
NATO-land 574 772
Øvrige Norden 413 089
Øvrige Europa 35 491
Latin-Amerika 1 179
Australia og New Zealand 54 853
Asia 67 689
Afrika 153 254
Sum 1 300 327

Tabell 7.7 . Eksporten av forsvarsmateriell og utførte tenester og reparasjonar i åra 1996-1999 (i tusen kroner)

1996 1997 1998 1999
A-materiell 523 288 418 643 481 220 583 461
B-materiell 462 056 641 339 558 351 643 985
Tenester 16 065 29 040 42 138 17 200
Reparasjonar - 26 074 53 582 55 681
Sum 1 001 4091 1 115 096 1 135 291 1 300 327

1 Beløpet er utan reparasjonar

Oversyn over bedrifter som har rapportert om eksport av forsvarsmateriell (kategori A- og B-materiell) i 1999:

AME AS

ARC AS

Bakelittfabrikken AS

Bandak AS

Det norske Veritas AS

Dyno Industrier ASA, Defence Products (nå Dyno ASA)

Dynoplast Stjørdal (nå Polimoon AS)

Ericsson Radar AS

Exide Sønnak AS

Hägglunds Moelv AS

Kongsberg Defence and Aerospace AS

Kongsberg Ericsson Communications ANS

Kongsberg Norcontrol Systems AS

Kongsberg Protech AS

Kongsberg Simrad AS

Krico Norway AS

Kværner Eureka AS

Nammo Raufoss AS

Natech AS

Nera AS

Propartner AS

A/S Scan Matric

Scana Electronics AS

Simrad Optronics ASA

Sonec Kongsberg AS

Thomson-CSF Norcom AS

Thomson-CSF Nortech AS

Ticon Composites AS

Trelleborg Viking AS

Vinghøgs Mek. Verksted AS

Volvo Aero Norge AS

Våpensmia AS