St.meld. nr. 45 (1999-2000)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 1999

Til innhaldsliste

3 Utanriksdepartementets saksbehandling

Noreg har eit strengt regelverk for eksport av forsvarsmateriell. I samsvar med regjeringserklæring og stortingsvedtak av 11. mars 1959 og retningslinene av 28. februar 1992 gjennomfører Utanriksdepartementet ei grundig behandling av kvar einskild søknad om utførsleløyve. Ei avgjerd om å utferda eksportløyve for våpen og ammunisjon skal mellom anna baserast på ei noggrann vurdering av dei utan- og innanrikspolitike tilhøva i vedkommande område. Utanriksdepartementets vurdering av tilhøva omfattar ei vurdering av ei rekkje politiske spørsmål, mellom desse spørsmål knytta til demokratiske rettar og respekt for grunnleggjande menneskerettar. Noreg har slutta seg til EU sin atferdskodeks for våpeneksport. Prinsippa i EU-kodeksen vert handheva innanfor det norske regelverket, som på nokre punkt er strengare enn EU-kodeksen. Ved vurderinga av den einskilde søknad vert det lagt vekt på kva slag materiell det er tale om og korleis det kan brukast i mottakarlandet.

I 1999 vart det innvilga omlag 800 lisensar for utførsle av forsvarsmateriell. Dette talet har vore stabilt i fleire år.

Mottakarar av forsvarsmateriell

I dei årlege stortingsmeldingane vert det gjeve fullstendige opplysningar over dei landa Noreg har eksportert forsvarsmateriell til. Oversyna i stortingsmeldingane inneber inga plikt til i framtida å innvilge nye utførsleløyve til dei same landa. Det er den politiske vurderinga i det einskilde tilfellet på det aktuelle tidspunktet som er avgjerande for om utførsleløyve skal gjevast.

Dei største mottakarane av norsk forsvarsmateriell er NATO-land og dei nordiske landa. Utførsleløyve til desse landa krev normalt ikkje vurderingar av den politiske situasjonen i landet. Eit unntak har vore Tyrkia. Som fylgje av invasjonen i Nord-Irak våren 1995 og på grunn av den politiske situasjon i landet, vart det ikkje innvilga lisensar for nytt militært materiell. Etter ny vurdering og klare forpliktingar frå den tyrkiske regjeringa si side om vidare tiltak for å betre tilhøva for menneskerettane i landet, vart det i desember 1999 vedteke å gje løyve til utførsle av nye Penguin sjømålsmissilar til det tyrkiske sjøforsvaret. Leveransane vil finne stad i dei næraste åra.

I samsvar med retningslinene skal våpen og ammunisjon berre leverast til statlege styresmakter. Det vert gjort unntak frå denne regelen dersom utstyret skal brukast av FN-styrkar, til dømes ved minerydding eller ved fredsbevarande operasjonar.

Regelverket stiller ikkje krav om innhenting av løyve frå Utanriksdepartementet for marknadsføring. Men slik verksemd er ofte så langsiktig og ressurskrevjande at bedriftene søkjer om førehandstilsegn om lisens. Utanriksdepartementet behandlar slike søknader på same måte som om det gjalt konkret lisens, i samsvar med retningslinene. Førehandstilsegner vert gjevne med ei presisering av at spørsmålet om seinare løyve til faktisk eksport til det aktuelle landet vil måtte vurderast i lys av situasjonen på det tidspunktet ein søknad ligg føre.

Dokumentasjonskrav og sluttbrukarkontroll

Det er ei viktig oppgåve for Utanriksdepartementet å vurdere om dokumentasjonen som følgjer med ein søknad om utførsleløyve er tilstrekkeleg til å godtgjere sluttbrukar. Saksbehandlinga skal sikre at det ligg føre tilfredsstillande dokumentasjon før utførsleløyve vert innvilga. Kravet til dokumentasjon vil vere avhengig av mottakar og kva slag vare det gjeld.

Dokumentasjon kan vere sluttbrukarerklæring der mottakar erklærer at vedkommande er brukar/mottakar av materiellet, opplyser kvar det skal installerast/brukast, og at det ikkje skal seljast vidare utan etter samtykke frå det opprinnelege sendarlandet. I visse tilfelle kan ein krevje at sluttbrukarerklæringa skal vere stadfesta av styresmakt. I tilfelle der ein kjenner godt til kjøparen kan faktura, kjøpekontrakt, eller ordrestadfesting på produktet frå kjøpar/mottakar vere tilstrekkeleg. Når det gjeld innsatsvarer som krut og sprengstoff eller komponentar frå Noreg, trengst det kundeerklæring som stadfester at materiellet i sin heilskap skal nyttast i importøren sin eigen produksjon, at det ikkje vil verta eksportert vidare separat og at det vil inngå i eit ferdig produkt som ikkje framstår som norsk. Importsertifikat stadfesta av styresmakt skal sikre at importøren ved eventuell re-eksport handlar i samsvar med reglane i importlandet.

Det finn stad ei internasjonal utveksling av opplysningar om og synspunkt på kva dokumentasjonskrav som bør stillast. Såleis kan ein kome fram til meir einsarta standardar og prosedyrar for utveksling av dokument for mellom anna å avverge ulovleg våpenhandel. Betre internasjonal samordning kan òg sikre mest mogeleg like rammevilkår. Frå norsk side støttar ein dette arbeidet.

Oppfølgingsleveransar

Forsvarsmateriell har ofte ei levetid på fleire tiår. Det vil gjennom ein nokså lang periode vere nødvendig å vedlikehalde, reparere og skifte ut komponentar ved slitasje av materiellet. I visse tilfelle er framtidig vedlikehald og levering av reservedelar til det leverte materiellet ein del av kontraktsomfanget. Oppfølgingsleveransar er normalt ikkje noko problem for praktiseringa av retningslinene. Av omsyn til truverdet til norske leverandørar har norske styresmakter i visse tilfelle sett det som rett å gje løyve til oppfølgingsleveransar, sjølv om det ikkje har vore aktuelt å levere nytt forsvarsmateriell til vedkommande land. Denne problemstillinga har i dei seinare åra vore aktuell i samband med reservedelar til sjømålsmissilar til Tyrkia då det i ein periode berre vart levert reservedelar og gjort nødvendig vedlikehald av eldre utstyr, men ikkje innvilga løyve for utførsle av nytt materiell.

Samarbeid med andre styresmakter

Ved vurdering av tekniske spørsmål knytte til produkt eller teknologi kan Forsvarets forskingsinstitutt verte rådspurt. Dersom søknaden om eksport rører ved viktige forsvarsspørsmål eller materiellsamarbeid med andre land, skal kommentarar innhentast frå Forsvarsdepartementet. Nærings- og handelsdepartementet skal verta rådspurt dersom ein søknad om eksport rører ved viktige norske næringsinteresser.

Kontrollrutinar ved eksport

Utanriksdepartementet har som mål å betre og effektivisere kontrollen med eksporten av forsvarsmateriell og strategiske fleirbruksvarer. Til dette trengst eit nært samarbeid med Toll- og avgiftsdirektoratet (Tollvesenet) som er ansvarleg for den faktiske kontrollen med all eksport frå norsk tollområde. Tollvesenet kan kontrollere at det ligg føre gyldig lisens ved utførsle av lisenspliktige varer og at utførslen er i samsvar med opplysningane på lisensen. Tollvesenet tek sjølv initiativ til kontrollar på tollstadene. I tillegg kan Utanriksdepartementet be om kontroll i spesielle tilfelle. Med hjelp av representantar frå Utanriksdepartementet har Tollvesenet i 1999 ved fleire høve gjennomført stikkprøver.

Det er etablert ei kontaktgruppe der representantar frå Utanriksdepartementet, Tollvesenet, Politiets overvakingsteneste og FFI møtest for å drøfte faglege spørsmål og planleggje kontrollverksemda. Samarbeidet medfører ofte kontakt mellom dei ulike etatane i det daglege kontrollarbeidet. Revisorar frå Tollvesenet skal ved gjennomgang av rekneskapen for bedrifter også kontrollere dokument i tilknyting til konkret eksport bedriftene har gjennomført. I 1999 vart det ikkje registrert nevneverdige merknader i dei bedriftene som vart kontrollerte.

Som resultat av informasjonsutvekslinga i dei multilaterale eksportkontrollregima har Utanriksdepartementet etablert ein database over utanlandske importørar og brukarar som det knyter seg uvisse til i spreiingssamanheng. Denne databasen er òg tilgjengeleg for Tollvesenet, slik at planlagd utførsle til desse mottakarane kan oppdagast og undersøkjast nærare. Databasen vert fortløpande oppdatert.

Eit effektivt eksportkontrollsystem krev nært samarbeid mellom Utanriksdepartementet og eksportørane. Årlege orienteringsmøte for eksportørane og møte med representantar for einskilde føretak skal sikre at kontakten er god og at naudsynt informasjon når fram begge vegar. Omfattande informasjon om eksportkontrollen er lagd ut på internett (ODIN).